MØTEINNKALLING Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: rådhuset Møtedato: 24.08.2010 Tid: 12.30 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 31/10 10/596 PROTOKOLL: SØKNAD OM KUTURMIDLAR - BALESTRAND FOLKEAKADEMI 32/10 10/575 PROTOKOLL: SØKNAD SOGNEFJORD I EIT NØTTESKAL - DALSFJORDEN OG GAULARFJELLET YMSE Balestrand 05.02.16 Knut U. Thue leiar
Sak 31/10 MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 31/10 Utval for plan og utvikling 24.08.2010 Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 223 Arkivsaknr.: 10/596 PROTOKOLL: SØKNAD OM KUTURMIDLAR - BALESTRAND FOLKEAKADEMI Vedlegg: Søknad frå Balestrand folkeakademi, 03.08.2010 Bakgrunn: Retningsliner for tilskot av kulturmidlar Lovheimel: SAKSOPPLYSNINGAR Balestrand folkeakademi søkjer om tilskot på kr 2000 frå kulturmidlane til delfinansiering av program med Olav Stedje på Balestrand helsetun. Det vert vist til vedlagt søknad. VURDERING Det er positivt at Folkeakademiet legg til rette for og arrangerar slike kulturarrangement som er særskild tilrettelagt for målgruppa eldre. Samla sett vil ein tilrå at det vert gjeve eit tilskot på kr 2.000 som omsøkt. Før møtet står det att kr 16.000 av kulturmidlar for 2010. Rådmannen si tilråding: Balestrand folkeakademi eit tilskot på kr 2.000 til gjennomføring av konsertarrangement som omsøkt. Tilskotet vert betalt ut i frå konto 340.38511.14701. Handsaming: Utval for plan og utvikling : Det vart røysta over rådmannen si tilråding Vedtak Balestrand folkeakademi får eit tilskot på kr 2.000 til gjennomføring av konsertarrangement som omsøkt. Tilskotet vert betalt ut i frå konto 340.38511.14701.
Samrøystes. Sak 31/10
Sak 32/10 MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 32/10 Utval for plan og utvikling 24.08.2010 Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 223 Arkivsaknr.: 10/575 PROTOKOLL: SØKNAD SOGNEFJORD I EIT NØTTESKAL - DALSFJORDEN OG GAULARFJELLET Vedlegg: Søknad datert 14.6.2010 Rapport 2009 Revisorgodkjendt rekneskap Budsjett 2010 Bakgrunn: Lovheimel: Søknad om utviklingstilskot til rundtur over Gaularfjellet SAKSOPPLYSNINGAR Det vart i 2009 etablert ein ny rundtur Bergen Askvoll Bygstad Førde Balestrand Flåm. Turen er lansert av Fjord Tours. Tilbodet har vore gjort mogeleg ved økonomisk og marknadmessig hjelp i startfasen frå eit prosjekt i regi av Reisemål Sunnfjord. Midlar frå fylkeskommunen, aktuelle kommunar og næringsliv har finansiert prosjektet. Det var lagt til grunn at tilbodet hadde behov for økonomisk støtte i om lag 3 år etter lansering. I startfasen(2009) var det nytta betydelege midlar på prosjektleiing, medan utgiftssida i budsjettet for 2010 i det vesentlege består av buss over Gaularfjellet og båt på Dalsfjorden. Askvoll, Fjaler, Førde, Gaular og Balestrand kommunar vert søkt om kr 50.000 kvar, det same som for 2009. Balestrand kommune støtta tiltaket i 2009. Følgjande vedtak vart gjort av komunestyret 16. oktober 2008: Balestrand kommune løyver kr 25.000 til delfinsnering av infrastruktur for ny rundtur Bergen-Sunnfjord-Balestrand-Flåm. Lokal reiselivsnæring vert oppmoda om å løyve tilsvarande beløp. Beløpet skal finansierast innanfor ramma som vert budsjettert til næringsutvikling for 2009. Balestrand kommune er i utgangspunktet positiv til å yte tilskot til føremålet også i 2010 og 2011. Det vert teke endeleg stilling til spørsmålet med utgangspunkt i erfaring frå første driftsår, og når søknad om dette føreligg.
Sak 32/10 Det er ein føresetnad for utbetaling av tilskot at prosjektorganisasjon er etablert og at økonomien i prosjektet er fullgodt dokumentert m.a. gjennom budsjett, tilsagn og eventuelle garantiar. I 2009 var det 1658 passasjerar som nytta bussen over Gaularfjellet. Det er grunn til å tru at dette talet for 2010 vil vere godt over 2000. Reiselivsnæringa i Balestrand opplever tiltaket som positivt. Eit anslag på tal overnattingar i Balestrand i direkte tilknyting til rundturen er om lag 350. Nokre av desse overnattingane ville truleg ha funne stad i alle høve, det er umogeleg å vite kor mange. Lokal reiselivsnæring støtta tiltaket gjenom marknadsføring av tilbodet gjennnom turistinformasjonen og bedriftene samt deltaking i finansiering av brosjyremateriell. Før dagens møte har ein kr 45.000 til disposisjon av budsjettet for støtte til næringsføremål. VURDERING Rundturen har fleire positive verknader for Balestrand: - Rundreiseturistar gir direkte overnatting og omsetning ein elles ikkje hadde fått i Balestrand - Ekstra tilbod både til fastbuande og turistar gjennom bussen over fjellet. Bussen gjev tilgang til Gaularfjellet/Fossestien for turistar som ikkje har bil. - Prosjektet bidreg til styrking/oppretthalding av Gaularfjellet som nasjonal turistveg. Ein finn det likevel rett å påpeike at oppretthalding tilbodet på lengre sikt, truleg vil krevje subsidiering i fleire år framover, sjølv om det finn stad ein betydeleg volumauke. Det kan såleis på sikt verte ei sak som må vurderast opp mot andre reiselivstiltak, dersom ein mottek søknader utover den skisserte 3-års perioden. Med bakrunn i dei positive verkander av rundturen som er skisser ovanfor, vurderer ein det slikt at Balestrand kommune bør støtte tiltaket også i 2010 i samsvar med signal som var gitt i kommunestyrevedtak i 2008. Saka vert likevel framlagt utan tilråding, då ein ikkje har teke stilling til storleiken på eventuell stønad. Rådmannen si tilråding: Balestrand kommune løyver kr til Reisemål Sunnfjord til delfinansiering av infrastruktur for rundtur Bergen-Sunnfjord-Balestrand-Flåm. Løyvinga vert finansiert over kto 310.32511.14701.
Sak 32/10 Handsaming: Utval for plan og utvikling : Utvalet kom samla fram til følgjande vedtak Vedtak Balestrand kommune løyver kr 20.000 til Reisemål Sunnfjord til delfinansiering av infrastruktur for rundtur Bergen-Sunnfjord-Balestrand-Flåm. Løyvinga vert finansiert over kto 310.32511.14701. Balestrand kommune oppmodar om at følgjande vert vurdert: At bussen frå Balestrand startar litt før slik at det vert tid til nokre stopp på turistattraksjonar td Utsikten på Gaularfjellet. Om mogeleg tilrettelegge for korrespondanse td. med ekspressbussrute Bergen- Ålesund. Det vert guiding på turen. Samrøystes.