TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER Revidert av kommunestyret 22.06.09
Saksnr. Dok.nr Arkivkode Avd/Sek/Saksh Dykkar ref. 08/1437 9554/09 000 FSK/PER/STDA 1 OM RETNINGSLINENE...3 1.0 KVA ER ETIKK 3 1.1 FØREMÅL 3 1.2 OMFANG 3 1.3 VERKNADSTID OG RULLERING 3 1.4 ANSVAR 3 2 GRUNNPRINSIPP:...4 2.1 OMSYN TIL INNBYGGJARANE 4 2.2 OMSYN TIL KOMMUNEN SITT OMDØMME 4 3 UNDERPUNKT...4 3.1 LOJALITET 4 3.2 HANDSAMING AV KOMMUNEN SINE EIGEDELAR OG MIDLAR 4 3.3 INNKJØP 4 3.4 OPEN HANDSAMING 5 3.5 YTRINGSFRIDOM FOR TILSETTE 5 3.6 INFORMASJONSANSVAR PÅ VEGNE AV KOMMUNEN 5 3.7 HABILITET 5 3.8 PERSONALMESSIGE TILHØVE 6 3.9 VERV OG STILLING UTANFOR KOMMUNEN 6 3.10 MYNDE/FULLMAKTER 6 3.11 GÅVER OG ANDRE FØREMONER 6 ANNA RELEVANT REGELVERK...7 Side: 2
1 Om retningslinene 1.0 Kva er etikk Etikk er å opptre ærleg og riktig i høve til eit verdigrunnlag. Dette verdigrunnlaget er med andre ord utgangspunktet for samfunnet sitt syn på kva som er akseptabel framferd. Ei etisk korrekt framferd vil føra med seg at den einskilde politikar og tilsette: - føl godkjende reglar og retningsliner - gjev rett og fullstendig informasjon - utøver mynde med forstand - ikkje blandar private/eigne interesser inn i saker der ein utøver mynde for kommunen - arbeider for kommunen sine mål til beste for innbyggjarane. 1.1 Føremål Føremålet med dei etiske retningslinene er å skapa tryggleik og eit felles grunnlag for dei verdival som må gjerast i kommunen si teneste. Dei etiske retningslinene bør føra til at me unngår uheldige tilhøve som t.d. korrupsjon, ulik handsaming, forfordeling, misbruk av fellesskapet sine verdiar. Retningslinene skal verka til å styrkja innbyggjarane sin tillit til politiske organ og tilsette i Tysnes kommune. 1.2 Omfang Dei etiske retningslinene gjeld folkevalde og tilsette i Tysnes kommune. Retningslinene gjeld og dei som utfører fast oppdrag på vegne av Tysnes kommune. 1.3 Verknadstid og rullering Dei etiske retningslinene gjeld så lenge det ikkje ligg positivt vedtak om at dei ikkje skal gjelda. Dei etiske retningslinene vert tekne opp ved inngangen til ny kommunestyreperiode. Kommunestyret vurderer då behovet for rullering av retningslinene. 1.4 Ansvar Leiarar på alle nivå har eit særskilt ansvar for å følgja opp at medarbeidarane er kjende med kommunen sine etiske retningsliner. Side: 3
2 Grunnprinsipp: 2.1 Omsyn til innbyggjarane Den einskilde skal ta omsyn til innbyggjarane sine interesser, streva for lik handsaming og opptre med respekt i møte med den einskilde innbyggjar. 2.2 Omsyn til kommunen sitt omdømme Den einskilde skal utføra sine oppgåver og opptre på ein forsvarleg måte slik at ein ikkje skadar kommunen sitt omdømme. 3 Underpunkt 3.1 Lojalitet Den einskilde skal følgja rettslege reglar, etiske retningsliner, politiske- og administrative pålegg som gjeld i verksemda. Den einskilde sin lojalitet fører ikkje til plikt til å følgja pålegg om å gjera noko ulovleg eller noko som er i strid med etiske retningsliner. Den einskilde har plikt til å gje melding om tilhøve i strid med lov eller etiske retningsliner etter retningslinene for intern varsling. 3.2 Handsaming av kommunen sine eigedelar og midlar Den einskilde skal verka til å ta vare på kommunen sine ressursar på ein økonomisk forsvarleg måte, og skal ikkje misbruka eller sløsa med kommunen sine midlar. Kommunen sitt utstyr skal berre nyttast i kommunen si teneste, bruk utanfor tenesta skal vera avtalt og einkvar slik avtale skal vera open for ålmenta sin kontroll. Ei rasjonell og effektiv handsaming av kommunale midlar og eigedelar skal alltid vegast opp mot dei etiske grunnprinsippa i pkt 2.1 og 2.2. 3.3 Innkjøp Innkjøp skal gjerast i samsvar med innkjøpsrutiner for Tysnes kommune og lov om offentlege anskaffingar. Kommunen sine innkjøpsrutinar skal avspegla samfunnsansvar og ikkje understøtta sosial dumping, forureining eller andre uønskte samfunnskonsekvensar. Side: 4
3.4 Open handsaming Forvalting og politiske prosessar skal vera opne og gje innsyn, slik at ålmenta kan gjera seg kjend med kva kommunen driv med og korleis dei skjøttar sine oppgåver. - Møter skal vera opne for alle og berre lukkast når det er pålagt i lov eller strengt naudsynt av andre grunnar. - Vedtak om lukking skal skje i ope møte og vedtak skal protokollførast med vising til aktuell lovheimel. - Personalsaker skal handsamast i lukka møte i den grad dei vedkjem den einskilde arbeidstakar sitt tilsetjingstilhøve. - Dokument som er underlagt teieplikt kan utleverast dersom aktuelle opplysingar kan takast ut eller skjermast på anna måte. - Saklister til møte i politiske utval skal setjast opp i god til og offentleggjerast på same tid som saklista vert sendt utvalsmedlemmene. - Ved lysing av leiarstillingar skal det gjevast informasjon i lysinga om at namn på søkjarar vert gjort offentleg kjent. Prinsippet vil kunne avvikast i særskilde høve. Fortruleg informasjon må respekterast og ikkje misbrukast. 3.5 Ytringsfridom for tilsette Kommunalt tilsette har rett til å uttala seg offentleg om kommunen si verksemd, så framt det ikkje er i strid med lovpålagt teieplikt. Tilsette som nyttar retten til å uttala seg innan eige fagområde skal seia ifrå om at det handlar om personlege ytringar, det skal ikkje nyttast stillingstittel, brevlogo, faks, kommunen sin e- post eller tilsvarande. Alle tilsette skal lojalt gjennomføra kommunale vedtak, men kan også etter at vedtak er gjort kunna påtala kritikkverdige tilhøve eller utilsikta konsekvensar. Påtale av kritikkverdige tilhøve skal følgja retningsliner for intern varsling. Ytringsfridom må vurderast særskilt i høve til lojalitetsplikt for leiarar som vert oppfatta å snakka på vegne av verksemda, eller som har informasjonsansvar for verksemda. 3.6 Informasjonsansvar på vegne av kommunen Tysnes kommune skal leggja til rette for at innbyggjarane får mest mogleg utfyllande informasjon om kommunen si verksemd. Alle tilsette kan gje faktaopplysningar om eige arbeidsfelt så framt desse ikkje vert omfatta av lovfesta teieplikt. Ordførar, varaordførar og rådmann har generell fullmakt til å gje opplysningar om alt som gjeld kommunen sitt verkeområde. 3.7 Habilitet Side: 5
Folkevalde og tilsette skal opptre på ein måte som ikkje er eigna å svekkja tilliten til at dei er upartiske. Dersom personlege interesser kan påverka avgjerdsla i ei sak, eller dersom andre kan ha grunn til å tru at slike interesser kan påverka, skal ein ta dette opp. 3.8 Personalmessige tilhøve Tysnes kommune har vedteke å innføra registrering av styreverv, økonomiske interesser og liknande for medlemer av kommunestyret, rådmann, etatsjefar og økonomisjef. Tilsette kan ikkje utan løyve frå arbeidsgjevar ta anna løna arbeid som vil vera av eit slikt omfang at det kan gå ut over arbeidsytinga i kommunen. Det same gjeld ekstraarbeid som kan svekkja innbyggjarane si tillit til ei upartisk handsaming. 3.9 Verv og stilling utanfor kommunen Det vil vera i strid med avtaleverk og ulovfesta rettsprinsipp å vurdera slektskap eller relasjon ved tilsetjing. Det bør likevel tilstrebast at tilsette med nære relasjonar ikkje arbeider ved same avdeling. Dette gjeld særskilt i eit over-/underordna forhold. 3.10 Mynde/fullmakter Det mynde eller dei fullmakter den einskilde har gjennom tillitsverv eller stilling må nyttast til beste for innbyggjarane og i samsvar med kommunen sine mål, og ikkje for eiga vinning eller for å fremja personlege interesser. Mynde må brukast med særleg varsemd ovanfor den som har små ressursar og vanskeleg kan hevda rettane sine. 3.11 Gåver og andre føremoner Folkevalde og tilsette i kommunen skal unngå personlege fordelar som kan koma til å påverka handlingar, saksførebuing eller vedtak. Ein må takka nei til følgjande: - materielle gåver. Dette gjeld likevel ikkje gåver av verdi under kr. 300,-, som reklamemateriell, blomar o.l. - personlege rabattordningar i samband med den verksemda ein utfører for kommunen. I den grad ein skal kunna nyta godt av slike ordningar, skal desse vera tilgjengelege for alle medarbeidarane i kommunen og vera tufta på eit kundeforhold kommunen allereie har. - å få dekka reise og opphaldsutgifter av andre enn kommunen, utan at dette er nærare avklart med rådmannen. Moderate former for gjestmilde og representasjon kan høyra med ved samarbeid og informasjonsutveksling. Omfanget av slik merksemd må likevel ikkje utvikla seg slik at avgjerdsprosessen vert påverka, eller andre kan få grunn til å tru at ei slik påverking skjer. Side: 6
Ved testamentariske disposisjonar til fordel for folkevalde eller tilsette eller tilbod om slike, samt gåver som har verdi over kr. 300,-, skal det takast kontakt med næraste overordna. Mottekne gåver skal returnerast rette vedkomande saman med eit skriv som gjer greie for kommunen sine reglar om dette. Folkevalde eller tilsette skal heller ikkje gje tilbod om gåver eller andre føremoner, som er eigna til, eller er meint å påverka mottakaren sine handlingar. Anna relevant regelverk Utover krav gjeve i lov, sedvane eller sentrale føresegner er følgjande lokale reglement særskild aktuelle: Lokale reglement: Reglement for styrevervregistering, vedteke av Tysnes kommunestyre 18.12.07. Retningsliner for intern varsling av kritikkverdige tilhøve, vedteke i Tysnes kommunestyre 18.12.07. Reglement for Tysnes kommune si finansforvaltning, vedteke i Tysnes kommunestyre 15.10.02. Side: 7