Risiko og sårbarheit (ROS) analyse Plannamn: Detaljregulering for deler av Reset, gbnr. 56/90, 235 Utført av: Iselin Heggheim Dato: 08.08.2018 Sist revidert: 08.08.2018 Innhald Risiko og sårbarheit (ROS) analyse... 0 1. Innleiing... 1 2. Analyse... 3 3. Risikomatrise... 5 4. Kommentar til analysen... 6 5. Oppsummering... 8 Kjelder... 9 0
1. Innleiing Kommunen har eit ansvar for å sikre forsvarleg bruk og vern av areal og bygningar, jf. 4-3 i Plan- og bygningslova. Ved endring av arealbruk skal aktuelle risikofaktorar bli vurderte, og tema som treng nærare utgreiing bli omtalt. Alle tilhøve knytt til risiko- og sårbarheit, som kan ha innverknad på om området er egna til utbyggingsføremålet, er vurdert i eigen tabell. Vidare er det synleggjort kva eventuelle tiltak som er naudsynt for å oppnå ein akseptabel risiko. Det er ein føresetnad av det skal gjennomførast avbøtande tiltak for alle tilhøve der det er påvist ein reell risiko for liv, helse og materielle verdiar. I omtalen av sannsyn ligg følgjande til grunn: a) For flaumfare skal gjentaksintervalla i 7-2 i byggteknisk forskrift (TEK17) leggjast til grunn (største nominelle årlege sannsyn 1/20, 1/200 eller 1/1000). b) For skred-/flaumskredfare skal gjentaksintervalla i 7-3 i byggteknisk forskrift (TEK17) leggjast til grunn (største nominelle årlege sannsyn 1/100, 1/1000 eller 1/5000). Vurdering av sannsyn for uønskte hendingar er delt i: Grad av sannsyn Markering av grad (S) Kommentar Lite sannsynleg (1) Hending ikkje kjend frå tilsvarande situasjon Mindre sannsynleg (2) Kan skje Ganske sannsynleg (3) Kan skje av og til Svært sannsynleg (4) Kan skje ofte Vurdering av konsekvens av uønskte hendingar er delt i: Grad av konsekvens Markering av grad (K) Kommentar Ufarleg (1) Ingen person- eller materiellskader Ei viss fare (2) Få/små person- eller materiellskader Farleg (3) Person- eller materiellskade som krev handsaming Kritisk (4) Alvorleg person- eller materiellskade Katastrofalt (5) Varig personskade eller død, uoppretteleg materiellskade 1
Ut frå sannsyn og konsekvens blir ei hending plassert inn i risikomatrise: Konsekvens: 1 Ufarleg 2 Ei viss fare 3 Farleg 4 Kritisk 5 Katastrofalt Sannsyn: 4 Svært sannsynleg 3 Ganske sannsynleg 2 Mindre sannsynleg 1 Lite sannsynleg Raude felt: Tiltak naudsynt, i utgangspunktet ikkje akseptabelt. Gule felt: Tiltak må vurderast. Grøne felt: Ikkje signifikant risiko, men avbøtande tiltak kan vurderast. Tiltak som reduserer sannsyn vert vurdert først. Dersom dette ikkje gir effekt eller er mogleg å gjennomføre, skal ein vurdere tiltak som reduserer konsekvensane. 2
2. Analyse Uønskt hending Aktuelt? Sannsyn (1-4) Konsekvens (1-5) Samla risiko Kommentar/tiltak Natur- og miljøforhold Er området utsett for, eller kan planen/tiltaket medføre risiko eller auka påkjenningar for: 1. Snø- eller steinskred/sprang 2. Flodbølger som følgje av skred 3. Kvikkleire eller anna ustabilitet NVE atlas viser at området ligg utanfor fare- og aktsemdsområde. Deler av område er under marin grense. NVE atlas viser at området ligg utanfor faresone for kvikkleire. 4. Flaum/flauskred Ja 2 2 4 Deler av området ligg i aktsemdsområde for flaum i NVE atlas. 5. Overvatn Ja 3 2 6 Utbygging gir fleire tette flater. Forventa auke i nedbør vil føre til meir overvatn. 6. Radon Ja 2 2 4 Miljødirektoratet viser radon vurdert frå moderat til lav. 7. Skog-/lyngbrann 8. Stormflo Ja 1 4 4 Planområdet er lokalisert ved kysten. Deler av området ligg i NVE Atlas sitt aktsemdsområde for flaum. 9. Vind Ja 1 4 4 Området ligg ved kysten i eit vêrhardt område. 10. Sårbar flora 11. Verneområde 12. Vassdragsområde 13. Kulturminne/-miljø Verksemdrisiko 3
Er det i området: 14. Anlegg/verksemder som kan utgjere ein risiko 15. Lager med farlege stoff (væsker, gassar, eksplosiv m.v) Medfører planen/tiltaket: 16. Anlegg/verksemder som kan utgjere ein risiko 17. Lagring av farlege stoff (væsker, gassar, eksplosiv m.v) 18. Auka risiko eller andre påkjenningar for sårbare bygg, infrastruktur, aktivitetar Forureining Er det i området: 19. Fare for akutt forureining 20. Permanent forureining 21. Støy og støv (industri, trafikk m.v) 22. Forureina grunn 23. Høgspentlinjer/kablar 24. Anlegg for avfallsbehandling Medfører planen/tiltaket: 25. Fare for akutt forureining 26. Fare for permanent forureining 27. Støy og støv 28. Høgspentlinjer 29. Anlegg for avfallsbehandling Beredskap Er det i området: 30. God tilkomst for utrykkingskøyretøy 31. Tilstrekkeleg sløkkekapasitet Medfører planen/tiltaket: 32. Behov for nye/auka beredskapstiltak (brann, helse m.v) Infrastruktur Ja Ja Er området utsett for, eller kan planen/tiltaket medføre auka risiko for: Brannkum i nærleiken. 4
33. Trafikkulykker 34. Manglande kapasitet i kraftforsyninga 35. Manglande kapasitet i tele-/dataforsyninga 36. Manglande kapasitet i VAsystem Andre forhold 37. Fare for sabotasje/terror 38. Fare for annan kriminalitet 39. Vatn med fare for usikker is 40. Terrengformasjonar som utgjer spesiell fare (stup, skrentar m.v) 41. Gruver, opne sjakter, steintippar m.v. Tabell 1 - Sjekkliste for ROS-analyse, Detaljregulering for deler av Reset, gbnr. 56/90, 23 Avklara med SFE Nett. Ja 1 3 3 Området er prega av bratte skråningar ned mot sjøen. 3. Risikomatrise Konsekvens: 1 Ufarleg 2 Ei viss fare 3 Farleg 4 Kritisk 5 Katastrofalt Sannsyn: 4 Svært 8.Stormflo sannsynleg 9.Vind 3 Ganske 5.Overvatn sannsynleg 2 Mindre 6.Radon sannsynleg 4.Flaum/flaumskred 1 Lite sannsynleg 40.Terrengform. 5
4. Kommentar til analysen Pkt. 4 Flaum/flaumskred: NVE atlas viser at deler av planområdet ligg i aktsemdsområde for flaum. Planen regulerer dette området til grønstruktur, med etablering av tursti. Bygningar skal ikkje plasserast i aktsemdområdet, og det vert med dette ikkje naudsynt med ytterlege tiltak. Figur 1 - Aktsemdsområde for flaum. NVE atlas Pkt. 5 Overvatn: Klimaframskrivingar gir ei forventa nedbørsauke på 15-20 % i perioden fram mot 2100. Utbygging av planområdet gir fleire tette overflater, som igjen vil føre til ei auke i mengda overvatn som må drenerast vekk. Føresegnene sett krav om at dreneringssystem for harde flater skal dimensjonerast ut i frå den forventa nedbørsmengda fram mot 2100. Detaljane må løysast i samband med byggesak, og løysinga må vere i tråd med gjeldande lovverk og planføresegne. Figur 2 - Forventa nedbørsauke. Stadtlandet ligg i ei sone med forventa auke på 15-20 %. Miljøstatus.no/kart Pkt. 6 Radon: Aktsemdkart for radon viser verdien i grunn til å liggje mellom moderat lav. Byggteknisk forskrift sett krav til førebyggande tiltak mot radon. Tilhøva er såleis avklart i overordna lovverk, og det er ikkje naudsynt med ytterlege tiltak i samband med reguleringa. 6
Figur 3 - Aktsemdsområde for radon. Miljødirektoratet.no sine kart over grunnforureining Pkt. 8 Stormflo: Selje er ein kystkommune, og må derfor forvente ei høgare havnivå i framtida. Havnivåstigninga vil medføre stormflo og bølgjer som vil strekke seg lenger inn i landet enn det gjer i dag. Planområdet ligg ved kystlinja, og er derfor særleg utsett. Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (dsb) sin rettleiar «Havnivåstigning og stormflo», viser korleis ein kan rekne ut den forventa påverknaden i framtida. Rettleiaren tar utgangspunkt i teknisk forskrift sine sikkerheitsklassar for flaum og stormflo og tall frå rapporten «Sea level change for Norway past and present obsevations and projections to 2100». Utrekningar: Figur 4 - Talverdiane frå dsb sin rettleiar (Havnivåstigning og stormflo). Sikkerheitsklasse F1 (20-års flaum): 156 cm + 75 cm 4 cm = 227 cm 230 cm. Sikkerheitsklasse F2 (200-års flaum): 169 cm + 75 cm 4 cm = 240 cm. Sikkerheitsklasse F3 (1000-års flaum): 177 cm + 75 cm 4 cm = 248 cm 250 cm. NB! Bølgjepåverknad er ikkje inkludert i utrekninga. Utrekningane viser at det vil vere ei forventa auke i havnivå på om lag 2,5 meter. Planområdet er prega av jamt over bratte skråningar ned mot havet, som medfører at kote +3 ikkje vil ligge over planens byggegrense på 40 meter. Føresegnene sikrar at oppføring av bygningar i industriområdet skal skje innanfor byggegrensene vist på plankartet. 7
Pkt. 9 Vind: Planområdet grensar til Stadthavet og vil vere utsett for mykje vind. Føresegnene sett krav om at konstruksjonar skal prosjekterast med omsyn til vindpåverknad. Pkt. 40 Terrengformasjonar som utgjer spesiell fare: Planområdet er prega av bratte skråningar ned mot sjøen, både mot nord og mot vest. Der skråningane utgjer ein fare for ferdsel og trafikk, skal det sikrast med gjerde og/eller rekkverk. Ved bratte skråningar langs turvegen skal det etablerast rekkverk. 5. Oppsummering Konsekvens: 1 Ufarleg 2 Ei viss fare 3 Farleg 4 Kritisk 5 Katastrofalt Sannsyn: 4 Svært sannsynleg 8, 9 3 Ganske sannsynleg 5 2 Mindre sannsynleg 4, 6 1 Lite sannsynleg 40 Hendingar i raude felt: Ingen hendingar i raude felt. Hendingar i gule felt: Pkt. 5 Overvatn Tiltak: Krav i føresegnene om at dreneringssystem skal dimensjonerast etter forventa auke i nedbørsmengd. Pkt. 8 Stormflo Tiltak: Byggegrense ligg ovanfor forventa kotenivå for havnivåstigning og stormflo. Pkt. 9 Vind Tiltak: Konstruksjonar må prosjekterast med omsyn til vindpåverknad. Hendingar i grøne felt: Pkt. 4 Flaum/flaumskred Tiltak: Aktsemdsområde for flaum ligg utanfor byggegrense. Pkt. 6 Radon Tiltak: Utføring i samsvar med Plan- og bygningslova og tilhøyrande forskrifter. 8
Pkt. 40 Terrengformasjonar Tiltak: Krav om etablering av gjerde og/eller rekkverk i føresegnene. Kjelder NVE atlas https://atlas.nve.no/ Forventa nedbørsauke 2100 https://miljostatus.no/kart Miljødirektoratet sine grunnforureiningskart https://grunnforurensning.miljodirektoratet.no/ 9