Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar



Like dokumenter
Uttalelser Sak: GF10/12

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

MØTEBOK Tysnes kommune

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Styresak. Styresak 11/05 Styremøte I føretaksmøte 17. januar 2005 blei det gjort følgjande endringar i vedtektene til Helse Vest RHF:

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

20/15 Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning Forslag til forskriftsendring - heving av minsteareal i daa for hjort

Forslag frå fylkesrådmannen

Oppgradering av eksisterende boligmasse. Husbankens økonomiske verkemidlar v/ Sigbjørn Spurkeland, Husbanken vest

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

egevinst Bakgrunn: Dei har kalla tilnærminga egevinst

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Radiologi i Noreg. - fylkesvis fordeling av radiologiske undersøkingar per StrålevernRapport 2006:6B

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Bustønad Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter

Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans Myklebust Sigrunn Lundestad Arnfinn Brekke

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

Sensurveiledning til skriftlig eksamen i Matematikk 1, 1-7

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Framtidige behov for hjelpemiddel

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

Finansiering av søknaden

Tilgangskontroll i arbeidslivet

BARNEOMBODET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandlar: Dato: 13/ Ane Gjerde 11. desember 2013

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

1. Mål med samhandlingsreforma

«Ny Giv» med gjetarhund

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Høringsuttalelse Høring - Fagerbergutvalgets utredning NOU 2011:6 Et åpnere forskningssystem - KD Kunnskapsdepartementet

Lov om ansvar for skade som motorvogner gjer (bilansvarslova).

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

RETNINGSLINJER FOR TRANSPORTTENESTA FOR FUNKSJONSHEMMA I MØRE OG ROMSDAL. GJELDANDE FRÅ 1. NOVEMBER 2003.

Til deg som bur i fosterheim år

Merknadar til NOU 2011:15 Rom for alle

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Kva er økologisk matproduksjon?

Aust-Agder Venstre og Vest-Agder Venstre v/fylkessekretær Jan Kløvstad Kongens gate Kristiansand. Førde, 14.

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Konsesjonsfritak ved kjøp av fast eigedom - eigafråsegn

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

TEVLINGSREGEL FOR NORGESKUNNSKAP

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Handlingsplan for universell utforming ved Høgskolen i Lillehammer

BUSTADGRUPPA. Sluttrapport. 28 mai 2015

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Vurdering av allianse og alternativ

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Transkript:

Dato: 29.02.2012 Ansvarlig: TSH Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar Unge funksjonshemmede takkar for høvet til å kommentera departementet sitt framlegg til endring i Teknisk forskrift. I dette høyringsbrevet vil me fyrst gjera reie for vårt primære synspunkt, som er at endringane som er føreslåtte bør avvisast. Me vil grunngje kvifor det beste er å stilla dei same tilgjengelegheitskrava til studentbustadar som til andre bustadar, og kvifor dei økonomiske konsekvensane av dette kravet vil vera langt mindre enn dei som argumenterer for unnataket hevdar. Etter det vil me argumentera for vårt subsidiære standpunkt, som er eit mindre omfattande, og meir konsekvent utforma unnatak. Dette framlegget vil sikra at rullestolbrukarar og andre som er avhengige av tilgjengelege bygningar får høve til å besøka vener som er busett på studenthyblar, samstundes som krava blir mindre omfattande enn med den gjeldande forskrifta. Me vil punktvis gjera reie for skilnadane mellom vårt unntaksframlegg og framlegget frå departementet. Me vil ikkje legga stor vekt på å drøfta kor vidt framlegget om at det er 80% av bustadane som skal få unntak er satt på rett nivå. Naturleg nok vil dei negative verknadane for deltaking og likestilling bli mindre jo mindre del av studentbustadmassen som blir unnateke, men det sentrale er å sikra ein best muleg standard som gjeld for alle bustadane. DELTAKING OG LIKESTILLING Unge funksjonshemmede er glade for at regjeringa har satsa på eit meir tilgjengeleg samfunn, og har utarbeida ein eigen handlingsplan med eit mål om eit universelt utforma Noreg innan 2025. Sentralt i argumentasjonen for eit tilgjengeleg samfunn, og ein tilgjengeleg bustadmasse, er at det ikkje berre handlar om kven som skal bu i bustadane, men om at rullestolbrukarar og andre som har ulike former for rørslehemmingar skal ha høve til å delta i samfunnet på lik line med andre, gjennom å besøka vener og familie. I argumentasjonen for unnataket i høyringsbrevet legg departementet vekt på at sidan butida i studentbustadar er avgrensa, er behovet for tilgjengelegheit mindre. I den offentlege debatten har det blitt argumentert med at sidan gamle folk ikkje skal bu i studentbustadar, er det mindre viktig at dei oppfyller krava til tilgjenge i TEK10. Desse argumenta ser vekk frå at tilgjenge ikkje berre handlar om kven som bur der, men om mulegheiten til å sosial deltaking gjennom å besøka vener og kjende. Særleg tidleg i studentløpet bur ein stor del av studentane i studentbustadar som vil bli omfatta av unntaket. I denne delen av utdanningsløpet blir det knytt mange viktige sosiale kontaktar. Det skjer på campus, men òg på private festar og andre samlingar.

For at studentar med ulike former for nedsett funksjonsevne og kroniske sjukdommar skal ha høve til å delta aktivt i dette, må studentbustadane vera tilgjengelege for dei. Det er muleg å skilja mellom to ulike former for sosial interaksjon på som blir påverka av framlegget. For det fyrste gjeld det besøk av lite sensitiv karakter. Dette er til dømes deltaking på festar kor det er fleire folk, eller besøk kor ein ikkje snakkar om noko ein ikkje vil at uvedkommande skal høyra. Desse besøka kan gjennomførast i fellesrom som ikkje er omfatta av unntaket (der desse fellesromma i det heile teke finst). For det andre er det besøk som er sensitivt og private. Dette kan til dømes vera om ein besøker kjærasten sin, og ynskjer å ha privatliv, eller om ein skal føra samtalar med nokon som ein ikkje ynskjer at andre som bur i etasjen og har tilgjenge til fellesrommet, skal høyra. Desse besøka kan ikkje gjennomførast i fellesrom, men føreset at sjølve bueiningane er tilgjengelege. For at denne forma for sosial interaksjon skal kunne gjennomførast, må sjølve bueiningane vera tilgjengelege. IKKJE BESØKSSTANDARD Det har i den offentlege debatten blitt hevda at det føreslåtte unnataket sikrar ein såkalla besøksstandard, altså at det gjer det muleg for personar som er avhengige av tilgjengelege bustadar å besøka vener som bur i studentbustadane, sjølv om det er lempa på dei ordinære krava til tilgjengelegheit. Dette ser òg ut til å vera intensjonen bak framlegget i det nye 1-2 sjette ledd bokstav B om eit likestilt toalett i kvar etasje. Kravet til tilgjengelege i fellesareal blir òg halde oppe, ifylje departementet sitt høyringsbrev. Det er særleg kombinasjonen av to tilhøve som gjer at det føreslåtte unnataket ikkje sikrar mulegheitene til å besøka vener busette i studentbustadane. For det fyrste er krava til tilgjengelegheit til sjølv bueiningene i stor grad fjerna. Det visest mellom anna til unnataket frå 12-7 andre og tredje ledd og 12-8 fyrste ledd. Desse unnataka gjer at det ikkje blir muleg for ein rullestolbrukar å komma seg inn i sjølve bustaden. Nye 1-2 sjette ledd bokstav b gjer at unnataket frå 12-9 (tilgjengeleg bad og toalett) er foreinelege med intensjonen om ein besøksstandard, men det hjelper ikkje så lenge sjølve bueiningen ikkje er tilgjengeleg. For det andre er det i mange av bustadtypane som er inkludert i unnataket ingen fellesareal som er meint for varig opphald. I ein etasje kor det er dublettar, parleiligheiter eller familieleiligheiter vil det vanlegvis ikkje vera nokon fellesareal som kjøken, stove eller kombinert kjøken og stove. Grunnen til det er at desse funksjonane blir dekka inne i sjølve bueiningene. I desse etasjane er gangen det einaste fellesromet. Resten av arealet er dekka av bueininger. Med departementet sitt framlegg til unnatak vil det i desse etasjane berre vera det felles, tilgjengelege toalettet som er brukbare for rullestolbrukarar. Det vil korkje vera rom eigna for vanleg sosial interaksjon eller sensitiv sosial interaksjon.

I lys av dette meiner Unge funksjonshemmede at den føreslåtte løysinga ikkje ivaretek mulegheitene til å besøka vener busett i studentbyar. ORDNINGA MED FELLES BESØKSTOALETT Unge funksjonshemmede er skeptiske til den føreslåtte løysinga med felles besøkstoalett. Det er sjølvsagt betre enn ingen tilgjengelege toalett i etasjen, men sikrar ikkje ein likeverdig bruk i tråd med intensjonane bak universell utforming. Med universell utforming meinast at hovudløysinga i dei fysiske omgjevnadane skal utformast sånn at ho kan nyttast av flest muleg. Eit eige besøkstoalett er ikkje noko hovudløysing. Vidare er det grunn til å frykta at denne type besøkstoalett på gangen i ein studentby lett kan bli mykje brukt i samband med festar, både til vanlege toalettbesøk og andre aktivitetar. Unge funksjonshemmede stiller seg tvilande til om eit sånt toalett vil halda ein høg hygienisk standard og opplevast likestilt i bruken. Eit toalett på gangen når dei ulike bueiningane har eigne toalett vil fungera annleis enn eit vanleg fellestoalett som det er ei ein del studentbustadar. KOSTNADANE BLIR OVERDRIVNE I argumentasjonen frå mellom andre studentorganisasjonar og studentsamskipnadar for unnataket blir det hevda at tilgjengelegeheitskrava aukar kostnadsnivået med rundt 150 000 kr pr bueining. Dette talet, som er henta frå ein rapport frå Studentsamskipnadsrådet, er misvisande. Talet er eit resultat av ei oppsamling av alle ekstrakostnadar knytt til nye kvalitetskrav stilt i TEK10 og andre nyare forskrifter som regulerer byggeprosessen. I fylgje rapporten sjølv står energieffektivitetskrava for over ein tredjedel av ekstrakostnadane og heiskravet for rundt ein fjerdedel. I tillegg dekkar andre krav over 15% av kostnadsveksten. Dei krava til tilgjenge knytt til snusirklar og areals som unnataket frå departementet delvis omfattar, står berre for rundt 22 000 kr, rundt 18 % av ekstrakostnadane. Sidan unnataket berre gjeld nokre av desse krava (ein del bustadtypar, samt fellesareal er ikkje omfatta), og det må byggast tilgjengeleg besøkstoalett på gangen, blir innsparinga klart mindre enn desse 22 000 kronene. Innsparinga pr bueining med unnataket som departementet skisserer vil difor bli langt mindre enn dei summane som er omtala i den offentlege debatten om framlegget. Om dei offentlege kvalitetskrava som heis og energieffektivitet medfører sterkt auka kostnadar burde dette løysast gjennom utvida kostnadsrame for studentbustadar, ikkje gjennom å svekka krava til tilgjenge, som uansett berre vil gje ei mindre innsparing. Kostnadsramma for studentbustadar er pr i dag på 700 000 kr. Om denne blir auka med 25 000 kr, vil det fjerna behovet for dette unnataket heilt. Tilskotsdelen er i dag på rundt ein tredjedel av kostnadsramma. Å auka denne med 10 000 kr pr bueining vil eventuelt kosta ti millionar for dei 1000 studentbustadane som blir bygde kvart år. OM STORLEIK OG STANDARD Det blir argumentert med at krava til tilgjenge gjer studentbustadane større enn naudsynt. Det kan vera krevjande å utforma ein studentbustad som oppfyller krava til tilgjenge og er så liten som dei minste av dagens bustadar er. Samstundes veit me at studentar etterspør litt større bustadar. Mange av dei minste studentbustadane blir utover i studieåret fråflytta og ståande tomme.

Studentar er dessutan ikkje berre unge folk rundt 20 år. Gjennomsnittsalderen for norske studentar er 28 år. Mange studentar har småbarn. Desse vil ha god nytte av studentbustadar kor det er praktisk muleg å ha ei barnevogn, og kor det er plass til eit stellebord på badet. Dette viser òg at studentsamskipnadane uansett vil trenga studentbustadar som er større enn dei aller minste. Behovet for eit unnatak er difor ikkje så sterkt som det blir hevda. FARE FOR UTHOLING AV REGELVERKET Unge funksjonshemmede har merka seg at deler av byggenæringa over lengre tid har køyrt eit hardt løp mot krava til tilgjenge i TEK10. Fram til no har departementet og heile regjeringa på eksemplarisk vis stått mot desse krava. Når regjeringa fyrst firar på dei generelle prinsippa om tilgjenge for ein type bustadar meint for unge menneske, fryktar Unge funksjonshemmede at det vil komma nye framlegg til andre unnatak for såkalla ungdomsbustadar. Det kan vera basert på storleik, talet på rom, eller andre kriterier. Resultatet av dette vil bli at det blir vanskelegera for unge med nedsett funksjonsevne å finna seg ein passande bustad å etablera seg i, og vanskelegare å kunne besøka vener. Me set pris på at det føreslåtte unnataket er såpass presist avgrensa, men fryktar likevel at det vil oppmoda sterke krefter til å føreslå andre unntak. I lys av at det føreslåtte unnataket ikkje sikrar mulegheitene til å sosial deltaking eller likestilt bruk, og uansett ikkje vil gje store økonomiske innsparingar, meiner Unge funksjonshemmede at framlegget bør avvisast. Dei same krava til tilgjenge som blir stilt til andre bustadar, bør òg stillast til studentbustadar. SEKUNDÆRT SYNSPUNKT: EIT ALTERNATIVT UNNATAK SOM SIKRAR VISSE BESØKSMULEGHEITER Unge funksjonshemmede håpar at departementet lyttar til våre synspunkt, og let vera å fira på krava til tilgjenge i studentbustadane. Skulle departementet likevel ynskja å lempa på krava, meiner me at unnataket bør utformast på ein måte som i større grad enn i framlegget som ligg føre sikrar mulegheitene til sosial deltaking for alle. Unge funksjonshemmede føreslår difor eit alternativt unnatak, som ei subsidiær løysing. Intensjonen med dette framlegget er å sikra mulegheiter til å besøka vener som er busett på studenthyblar. Framlegget vil ikkje ivareta mulegheiter til intimt og privat samvèr like godt som gjeldande forskrift, men vil gje betre høve til vanlege visittar enn i framlegget frå departementet. Framlegget skil mellom studentbustadar som er knytt til felles opphaldsrom som oppfyllar krava til tilgjenge, og dei som ikkje er det. Med felles opphaldsrom meiner ein her felles stove eller kjøken, tilsvarande det som eksisterer på mange tradisjonelle studentbustadar. Her kan besøk av ikkje-sensitiv karakter gjennomførast i fellesromma, og ein kan difor leva med svakare krav til tilgjenge til sjølve bueiningene. For studentbustadar som ikkje er knytt til denne type fellesrom er tilgjenge til dei private romma i bueininga ein føresetnad for at det skal vera muleg å gjennomføra besøk. Det gjeld både besøk av sensitiv karakter og besøk av ikkje-sensitiv karakter.

I departementet sitt framlegg er berre bufellesskap for to personar, hybelleiligheiter, samt par- og familieleiligheiter, omfatta. I det alternative unnataket som me her føreslår, er alle studentbustadar omfatta. Det avgjerande for krava til tilgjenge er ikkje kor mange som bur i bufellesskapet, men korleis mulegheitene er for å gjennomføra besøk. For bueininger som ikkje er tilknytt felles opphaldsrom i same etasje som er eigna for varig opphald og oppfyller dei generelle krava til tilgjenge etter TEK10 føreslår me fyljande: I: 12-7 andre og tredje ledd (Inngangsplanet, rom), 12-8 fyrste ledd (entre): Kravet blir ståande. Det er ein føresetnad for at det skal vera muleg å komma seg inn i bueinheten til dei ein besøkar. II: 12-10 andre ledd (oppbevaringsplass) kan vera omfatta av unnataket for 80% av alle studentbustadar, då det ikkje er viktig for mulegheiten til å komma på besøk. III: 12-11 tredje ledd (balkong) er mindre viktig å oppretthalde enn punkt 1. IV: 12-21 tredje ledd (skilt, betjening) kan vera omfatta av unnataket, då ein føreset at det ved besøk er andre tilstades som kan hjelpa til. Me stiller oss likevel undrande til om det er noko serleg økonomisk vinst ved å unnta bustadane frå dette kravet. V: 12-9 fyrste ledd (Toalett). Dette kan vera omfatta av unnataket, så sant ledd b i departementets framlegg til ny 1-2 blir vedteke. Då det i mange av desse bustadane i utgangspunktet ikkje er noko toalett på gangen vil det i mange tilfelle likevel vera eit ope spørsmål om ein «sparar» areal ved å bygga eit tilgjengeleg ekstratoalett på gangen samanlikna med å bygga toalett i dei ulike bueiningene som oppfyller 12-9 fyrste ledd. For studentbustadar som er tilknytt felles opphaldsrom som er eigna for varig opphald og oppfyller dei generelle krava til tilgjenge etter TEK10 kan unnataket som departementet føreslår bli ståande. Unge funksjonshemmede vil igjen understreka at dette er vårt subsidiære framlegg. Framlegget ivaretek ikkje omsyna til studentar med nedsett funksjonsevne like godt som dagens regelverk, mellom anna blir det vanskelegare å gjennomføra sensitive besøk enn med dagens regelverk. Me meiner likevel at framlegget i større grad enn departementet sitt sikrar mulegheitene til sosial deltaking for denne gruppa. Ta gjerne kontakt for fleire kommentarar, eller for utdjuping av vårt subsidiære framlegg. Anne Kathrine Wexels Wold Styreleiar Unge funksjonshemmede Tlf 934 23 859 Tore Syvert Haga Unge funksjonshemmede Tlf 951 37 171.