Kommunestyrevalet 2015. Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF



Like dokumenter
Politisk program for Jølster KrF

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Program for. Sykkylven Venstre

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Barnehageplan for Vinje kommune

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Ei god framtid for alle!

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

Program OSTERØY HØGRE

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Sandeid skule SFO Årsplan

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Kvar står vi og kvar går vi når det gjeld idrett og fysisk aktivitet i Fjell?

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Partiprogram for Osterøy Sosialistisk Venstreparti

Os KrF INFORMASJON // Foto: Øyvind Ganesh Eknes, Jakob Enerhaug

Hemsedal KRF Program

Forfall meldt frå følgjande medl.: Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Gunnbjørg Ågotnes Chris. Aksnes Birger Kaland. H Frp

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

10/60-14/N-211//AMS

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Frivilligpolitisk plattform

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

Luster KrF. Politisk program for

Høyanger KrF. Menneskeverd i sentrum

«Nordhordland kommune»

Dei andre områda me satsar på vil gå fram av programmet vårt.

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Bustadområde i sentrum. Vurdering

ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

av ordførar Arne Vinje Vinje kommune Servicekonferansen, 29. oktober 2010

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

KrF byggjer sin politikk på eit kristent verdigrunnlag og ein kristendemokratisk ideologi.

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Forstudie Næringshage i Vinje

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Plan for Liabygda SFO

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

SAKSFRAMLEGG EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING. Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651

Utkast til program Meland Høgre 2015

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Arbeidsreglement. Tilsetjing. Arbeidsavtale. Legeattest

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Styrke samarbeidet mellom stat, fylkeskommune og kommune. Prosjektkoordinator Ny Giv Sissel Espe

Politisk program. Førde Kristeleg Folkeparti partiprogram

1. Ja til ein debatt om sidemålsundervisninga

Til veljarane i Tysnes

ROS-analyse i kommuneplan

Eit liberalt Sund. «Mennesket er viktigare enn systemet. Venstre prioriterer folk først.»

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Program for Bømlo Venstre

hoppid.no - Nyheiter Gründeråret 2015 Vårens mobiliseringsdugnad er i gang:

SULDAL VENSTRE. Ulike menneske treng ulike løysingar for å ha eit godt liv. Venstre tenkjer FOLK FØRST.

Kl 09:00: Gudrun Einbu frå Skyss presenterer deira ynskje om innspel til justeringar i busstilbodet.

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

11 Eg i arbeidslivet

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Transkript:

Kommunestyrevalet 2015 Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF

Hyllestad KrF går til kommunevalet med et sterkt ynskje om å kunna bidra aktivt i kommunepolitikken i fireårsbolken 2015 2019. Me ynskjer å stimulera til eit levande engasjement, til at ein framleis skal ha bærekraftige og levande bygdelag, samt at det offentlege servicetilbodet skal vera godt og tenleg for alle innbyggjarar uansett alder og livssituasjon. Me ynskjer å arbeida for at Hyllestad kommune vert ein meir attraktiv kommune, der innbyggjarane kan trivast, at det finst tomteland, trygge arbeidsplassar og at det er rom for nyskaping og kreativitet. Me vil i fireårsbolken ha spesielt fokus på desse tre kjerneområda: Unge/eldre Det frivillige arbeidet skapar sosiale møtestader. Dette arbeidet står sentralt når det gjeld å skapa eit godt, trygt og inkluderande samfunn. KrF vil vere med å leggje til rette for slikt arbeid blant unge og eldre. Dette gjennom støtte til eksisterande frivillige organisasjonar og nye initiativ til slikt arbeid. KrF ynskjer at ungdom i Hyllestad skal ha ei god ungdomstid i eit trygt, positivt og inkluderande miljø. KrF vil arbeide for at det vert oppretta ein barne og ungdomskontakt i 50-100 % stilling som skal drive utadretta arbeid, og delta aktivt i alle ungdomsmiljø. KrF ynskjer at klubbane, laga og organisasjonane som driv ungdomsarbeid, får tilfredsstillande oppfylging gjennom økonomisk støtte og gjennom ungdomskontakten. KrF vil arbeida for rusfrie soner ( sjå under Omsorg/tenestetilbod ), noko me trur vil tryggja oppveksten til både born og unge. KrF vil arbeida for eit større aktivitetstilbod for eldre. Det er viktig at dei eldre får ein verdig alderdom. Me trur mange eldre ynskjer å gjera meir ut av kvardagen enn dei i dag har høve til. Det er viktig at dei eldre og deira organisasjonar vert teke med på råd når beslutningar om deira aktivitetstilbod skal fattast. KrF ser det som svært viktig at det vert bygd ein fleirbrukshall i Hyllestad. Dette for å stimulere til eit auka aktivitetstilbod for unge og eldre. Fleirbrukshallen skal kunne tilby eit så allsidig og godt tilbod som mogleg, innafor gjevne økonomiske rammer. Næring/miljø Arbeidsplassar, skule og nærmiljø er viktige faktorar for at folk vil bu i kommunen vår. Me har ein kommune med stort potensiale når det gjeld ferie og fritid. Fjell, skog og sjø er berre få steg unna. Etter arbeid og skule er dette også viktige faktorar for trivsel. Hyllestad kommune ligg sentralt plassert, med korte avstandar både til sentra i eige fylke og til Bergen. KrF ynskjer å bygge vidare på noverande skule, SFO tilbod og barnehagestruktur i kommunen. Dette er viktige funksjonar for sysselsetting og trivsel. KrF ser det også som viktig, og vil arbeide for, å oppretthalde fokus og satsing på kulturskulearbeidet i kommunen. Det er vidare viktig å leggja tilhøva til rette slik at det lokale næringslivet får best mogleg kommunal drahjelp. KrF ynskjer å stimulera til etablering av nye arbeidsplassar, og aktivt støtte dei eksisterande,

med tilrettelegging innafor økonomisk forsvarlege rammer. Etter 2015 vil Hyllestad ikkje lenger ha fordel av å vere omstillingskommune, og KrF ser at kommune og næringslivs- organisasjonar framover må ha eit tett og godt samarbeid, slik at ein vidare kan dra nytte av det gode arbeidet som er gjort innan omstilling dei siste åra. KrF vil vere med å tilrettelegge for bustadbygging der folk vil bu. Sjølvsagt i samarbeid med grunneigarar og verneinteresser. KrF ynskjer at Hyllestad kommune skal vera ein pådrivar i miljøarbeid. Det må ryddast opp i miljøproblema rundt omkring i bygdene. Det er viktig med samarbeid mellom nærings-, miljø- og verneinteresser. KrF ynskjer, i samarbeid med lokale og regionale bedrifter, å utvikle betre renovasjonsløysingar med fokus på kjeldesortering og komposteringsløysingar. Det er viktig at vi alle tek ansvar for dei miljøproblema / utfordringane vi i dag står framfor, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. KrF ynskjer eit aktivt landbruk med gode rammevilkår for næringa. Den produktive jorda må takast vare på, målsetjinga må vera å auka andelen av produktiv jord i kommunen. Å ta vare på produktiv jord er ei prioritert oppgåve også på verdsbasis. Reduksjon i jordbruks-arbeidsplassar gjev også ofte reduksjon i andre arbeidsplassar. KrF ynskjer å vere ein pådrivar slik at Hyllestad kommune kan vere ein aktiv medspelar i arbeidet for å få til vidare industriutvikling på Lutelandet. KrF ynskjer å bidra aktivt til vidare utvikling av kvernsteinsparken og dei unike kulturminna knytta til denne stolte historia. Dette i samarbeid med dei organisasjonar og det statlege og interkommunale samarbeid som alt er etablert, og som bør kunne vidare utviklast. KrF vil arbeida for ei vidare utbetring og sikring av vegnettet i kommunen, og for at aktuelle tenesteytarar skal kunne tilby eit godt kollektivtilbod lokalt. KrF ynskjer ei auka satsing på vegnettet som knyter oss opp mot E39. KrF ynskjer å prioritere rydding av lauvskog m.m., for å opne opp landskapsbiletet sett frå vegen, for slik å gjere det endå meir attraktivt for både turistar, andre besøkande og eigne innbyggarar å ferdast i den flotte kommunen vår. KrF ynskjer å arbeide aktivt for å få til ei auka satsing på breibandsutbygging, ei styrking av mobilnettet og vidare utbygging for fiber. KrF ser dette arbeidet som særs viktig for å sikre og bidra til ei lettare næringsetablering i sentra og bygdene våre. KrF vil jobbe aktivt for at vi lokalt skal ha ein best mogleg oppdatert internettportal som syner alle dei gode tilbod og tenesteytingar vi har i kommunen, synleggjere lag og organisasjonar og deira aktivitetar på ein god måte, samt næringslivet og øvrige privatpersonar sitt arbeid i og utanfor kommunen. Omsorg/tenestetilbod Hyllestad kommune skal vera ein positiv og modig kommune. God oppfylging må prioriterast når nokon tek kontakt med kommunen. Me må og vera modige, slik at me torer å satsa sjølv om det ikkje er heilt risikofritt. Me må vera offensive og satse på kompetanseutvikling hjå organisasjon og tilsette. KrF ynskjer at Hyllestad skal framstå som ein god, open og inkluderande kommune for innbyggarar, besøkande og tilsette i kommunen.

KrF vil arbeida for at lokaldemokratiet vert styrka ved å mellom anna invitera alle interesserte til Opne høyringar minst ein gong i året, gjerne i forkant av eit kommunestyremøte, eller i forkant av kommunestyret si handsaming av særs viktige saker. KrF ynskjer å sette fokus på ein positiv kommune, ein kommune der innbyggarane trivst og der vi alle arbeider aktivt for ei positiv marknadsføring av eigen kommune utad og innad. KrF ynskjer å ta vare på innflyttarar til kommunen, slik at dei føler seg inkluderte. Ei betre fadderordning bør kunne etablerast i samarbeid med lag, næringsliv og privatpersonar. Det er viktig at vi er positive til å ta imot vår del av nye landsmenn som treng ein plass å bu, og til å gje borna deira gode oppvekstvilkår. Vi i KrF ynskjer at Hyllestad skal vere ein slik kommune. Gjennom etablering av eit betre nettverk og ei styrka tilrettelegging vil ein raskare kunne involvere innflyttarar i det kommunale og private tenestetilbodet i kommunen. Dette også med fokus på kva område dei sjølve kan bidra med innanfor sin eigen kunnskap / kapasitet i det frivillige arbeidet. Vi trur at særleg nye innbyggarar i kommunen både har eit sterkt ynskje og vilje til aktivt å ta del i frivillig arbeid, for slik å verte best mogleg integrert og kjend i lokalsamfunnet vårt. KrF ynskjer også å knyte dette arbeidet opp mot ei etablering av stillingsressurs som barne- og ungdomskontakt i kommunen. KrF vil arbeide aktivt for at kyrkja må få nok rammeoverføringar til si drift, slik at det vert løyvd naudsynte midlar for påkravd opprusting av kyrkjebygga og kyrkjegardane. Ein vil frå KrF si side arbeide aktivt for at kyrkja i Hyllestad skal ha vekst og utviklingsvilkår tilpassa eit moderne samfunn i utvikling. KrF er bevisst på den viktige rolla som kyrkjebygga og kyrkjegardane i lokalsamfunnet representerer. KrF ynskjer å arbeida for ei haldningsendring til alkohol gjennom å definera 8 rusfrie soner; og med det oppmoda til eit såkalla punktavhald, der ein erkjenner at det finst situasjonar der bruk av alkohol kan vere særleg uheldig. Dei åtte sonene er: Trafikk Graviditet Båt - og badeliv Idrett og friluftsliv Samvær med born og unge Konfliktar Arbeidsliv Sorg og depresjonar Å jobba med å få til eit punktavhald er eit primær førebyggjande tiltak som truleg vil forhindra rusproblem og verka helsefremjande, både på kort og lang sikt. KrF ynskjer å styrkja foreldrerolla, dette er og eit viktig tiltak i rusomsorga. KrF vil arbeide aktivt for å oppretthalde dei gode heimetenestene vi har i kommunen. KrF ynskjer å styrkje psykiatritenesta og arbeide for eit godt tilbod til dei funksjonshemma. Det er viktig å ha fokus på førebyggande arbeid og god tilrettelegging for ulike aktivitetar som sikrar ein betre og meir positiv kvardag for dei som treng til ekstra ressursar. I dette arbeidet ser vi byggjinga av ein ny fleirbrukshall i Hyllestad som eit særs viktig bidrag.

Det er i dag sett i gang eit breidt arbeid for å avklare mogleg framtidig endring av gjeldande kommunestruktur. KrF har ikkje landa endeleg på kven vi bør slå oss saman med i Hyllestad, men vi er klare på at vi ikkje ser for oss at Hyllestad kan stå åleine. Vi trur at rammevilkåra for kommunane vil endre seg med kommunereforma, og har ikkje tru på at det går å rekne seg fram til kva inntektssystemet vil gje oss om 20 år med så mange usikre faktorar som det no er. Uansett modell må det vere eit krav som ligg i botnen: det skal vere like tenestetilbod til alle uansett kvar ein bur. KrF vil arbeida for at dei kristne verdiane som landet og kommunen vår er tufta på, framleis skal vera ein viktig grunnverdi i alt arbeid. Me vil det skal vera naturleg å syna si kristne tru, samstundes som me vil ha respekt for andre livssyn. Stiller denne lista til kommunevalet 2015-2019. 1.- Ivar Systad 72 år Leirvik 2.- Ingunn Sognnes 55 år Leirvik 3.- Linda Ølmheim 46 år Sørbøvåg 4.- Steinar Urnes 70 år Leirvik 5.- Paul Jarle Skivenesvåg 49 år Sørbøvåg 6.- Annfrid M. Åsmul 64 år Sørbøvåg 7.- Jørn Ole Systad 26 år Leirvik 8.- Henning Øystein Espeland 45 år Leirvik 9.- Arne Morten Hofsøy 49 år Leirvik 10.- Kirsten G. Ryland 54 år Sørbøvåg Menneskeverd i sentrum. Stem Hyllestad KrF ved valet 2015!