TRYGG TRAFIKK ÅRSRAPPORT SOGN OG FJORDANE 2014 ÅRSRAPPORT TRYGG TRAFIKK SOGN OG FJORDANE

Like dokumenter
TRYGG TRAFIKK ÅRSRAPPORT SOGN OG FJORDANE 2013 ÅRSRAPPORT TRYGG TRAFIKK SOGN OG FJORDANE

TRYGG TRAFIKK ÅRSRAPPORT SØR-TRØNDELAG 2013 ÅRSRAPPORT TRYGG TRAFIKK SØR-TRØNDELAG

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

TRYGG TRAFIKK ÅRSRAPPORT SOGN OG FJORDANE 2016 ÅRSRAPPORT TRYGG TRAFIKK SOGN OG FJORDANE

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

ÅRSRAPPORT TRYGG TRAFIKK ØSTFOLD

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Trygg Trafikk Forebyggende arbeid. Trafikksikerhetsdagen 17. november2011 Lånkesentret Distriktsleder Idar Ertsås

Trygg Trafikk. Trafikksikkerhetskonferanse for kommunene i Hordaland Kari Sandberg Direktør

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

TRYGG TRAFIKK ÅRSRAPPORT FINNMARK 2013 ÅRSRAPPORT TRYGG TRAFIKK FINNMARK

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Fylkestrafikksikkerhetsutvalget (FTU) i Rogaland

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Innspel til stortingsmelding om Nasjonal transportplan (NTP)

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

TRYGG TRAFIKK ÅRSRAPPORT AUST-AGDER 2015 ÅRSRAPPORT TRYGG TRAFIKK AUST-AGDER

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

TRAFIKKTRYGGINGSPLAN FOR VIK KOMMUNE

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

TRYGG TRAFIKK ÅRSRAPPORT NORDLAND 2015 ÅRSRAPPORT TRYGG TRAFIKK NORDLAND

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2010 Invitasjon til å søke om prosjektmidlar

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

i u^: FRÅ MØTE I FYLKESTRAFIKKSIKRINGSRÅDET I HORDALAND

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Plan for overgangar. for barn og unge

Fordeling av tilskot til fagskuleutdanning innan helse- og sosialfag

Forslag frå fylkesrådmannen

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

TRYGG TRAFIKK ÅRSRAPPORT FINNMARK 2015 ÅRSRAPPORT TRYGG TRAFIKK FINNMARK

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Trafikktryggingsplan for Gaular kommune Vedteken av kommunestyret xx.xx.xxxx i sak xxx/xxx

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Dommarpåmelding Leiar dommarkomiteen i Sogn og Fjordane

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Styrke samarbeidet mellom stat, fylkeskommune og kommune. Prosjektkoordinator Ny Giv Sissel Espe

Lærande nettverk. Motivasjon, leiing og arbeidsmåtar. Ungdomstrinn i utvikling - UDIR. Claus Røynesdal. Sogn regionråd

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

TRYGG TRAFIKK ÅRSRAPPORT ØSTFOLD 2014 ÅRSRAPPORT TRYGG TRAFIKK ØSTFOLD

Sandeid skule SFO Årsplan

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

RUSFAGLEG FORUM FORUM FOR RUS OG PSYKISK HELSE

Fylkeskommunen etter forvaltningsreforma Sykkelby Nettverkssamling Region midt. Hilde Johanne Svendsen, Samferdselsavdelinga 21.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Prosjekt: Velferdsteknologi og automasjon Eid omsorgssenter. Pilotprosjekt i Nasjonalt program for Leverandørutvikling

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Høyringsbrev: Oppstart av planarbeid og utlegging av planprogram for kommunedelplan for trafikksikring

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Til deg som bur i fosterheim år

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Styremøte Sogn og Fjordane Sau og Geit på Reset

Særavtale om veiledarfunksjon for nyutdanna lærarar.

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR Innhald Kva har vi gjort i læringsnettverket... 2

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Innbyggjarundersøking Kommunereforma

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

SOGN driftig raus ekte

Finansiering av dei offentlege fagskolane

Granvin herad Sakspapir

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Rutinar for overgangen frå. barnehage til skule

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Stemnehandboka for NKSF

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Statens vegvesen. Sakshandsamar/lnnvalsnr Per Sttffen Mybrcn

Transkript:

ÅRSRAPPORT TRYGG TRAFIKK SOGN OG FJORDANE 2014

DETTE ER TRYGG TRAFIKK Trygg Trafikk er en medlemsorganisasjon som arbeider for betre trafikktryggleik for alle trafikantgrupper. Organisasjonen er landsdekkande og fungerer som eit bindeledd mellom frivillige aktørar og offentlige myndigheiter. Trygg Trafikk har eit vedtektsfesta ansvar for at trafikkopplæring og informasjon om trafikktryggleik vert gjennomført som eit ledd i ein samordna innsats mot trafikkulykker. Trygg Trafikk er både samarbeidspartnar med myndigheiter og beslutningstakarar, og pådrivar overfor dei same aktørane, både nasjonalt og lokalt. Trygg Trafikk bygger nettverk og samarbeider med medlemsorganisasjonane om politiske saker med betyding for trafikktryggleiken og skaper møteplassar. Trygg Trafikk har hovudkontor i Oslo og distriktsleiarar i alle fylker. Aktiviteten til våre distriktsleiarar vert koordinert med fylkesvise planar for trafikktryggleik. TRYGG TRAFIKKS HOVUDMÅL Trygg Trafikk har vedteke ein strategiplan for 2014-2017. Hovudmåla i strategiplanen er: Hovudmål 1: Trygg Trafikk er ein leiande aktør i arbeidet for trafikksikker oppvekst. Hovudmål 2: Trygg Trafikk påverkar beslutningstakarar til å prioritere trafikktryggleik. Hovudmål 3: Trygg Trafikk bidreg til at trafikantane tek rette val. INNHOLD Aktivitetar 2014...s.3 Pådrivar og kunnskapsformidlar...s.6 Bindeledd og møteplass... s.10 Økonomi og finansiering... s.10 Omkomne i vegtrafikken...s.11 Framtidige behov og muligheiter... s.12 Trygg Trafikk i Sogn og Fjordane...s.14 ÅRSRAPPORT SOGN OG FJORDANE 2014 REDAKTØR: Audun Heggestad DESIGN: October Design AS www.tryggtrafikk.no/sognogfjordane

AKTIVITETAR 2014 TRYGG TRAFIKK SOGN OG FJORDANE Trygg Trafikk Sogn og Fjordane er svært opptekne av livslang læring til alle trafikantgrupper. Trafikkopplæring og trafikantinformasjon er kjernesaker for organisasjonen. Vi samarbeider nært med Fylkestrafikktryggingsutvalet i Sogn og Fjordane (FTU) som er Sogn og Fjordane Fylkeskommune sitt trafikktryggingsorgan. FTU har eigen handlingsplan som Trygg Trafikk i Sogn og Fjordane har oppgåver i og som er styrande for aktivitetane til sekretariatet i fylket. KOMPETANSESENTER FOR TRAFIKKOPPLÆRING TRYGG TRAFIKK HAR FÅTT I OPPDRAG AV SAMFERDSLEDEPARTEMENTET OG VERE EIT KOMPETANSESENTER FOR TRAFIKKOPPLÆRING OG INFOR- MASJON I NOREG. KOMPETANSESENTERET SKAL RETTE SEG SPESIELT MOT SKULEVERKET. BARNEHAGE Kurs på barnehagelærarutdanninga på Høgskulen i Sogn og Fjordane. ( BLU ) Trygg Trafikk gjennomførte eit kurs med tema trafikkopplæring i for barnehagelærarutdanninga på Høgskulen i Sogn og Fjordane i Sogndal. Her er vi normalt inne om hausten på 2. året i utdanningsløpet men dette året fekk vi halde kurset på vårsemesteret på 3. året. Her var det 30 studentar frå heile landet. Disse tok med trafikk som tema når dei skulle ut i praksisperioden like etter kurset. Dette er eit betre alternativ då studentane er komne lenger i utdanninga og temaet kan dei også bruke betre i praksisperioden sin. Thomas Idem frå Trygg Trafikk var hovudførelesar. Kurset er støtta av FTU og vi fekk gode tilbakemeldingar frå deltakarane som også fekk utdelt undervisningmateriell frå Trygg Trafikk. I tillegg har vi sendt ut nyheitsbrev, informasjon om Trafikkurs på førskulelinja på Høgskulen i Sogn og Fjordane 3

Frå opninga av Trafikksikre barnehagar i Leikanger kommune. Frå venstre FTU leiar Liv Stave, ordførar Olav Lunden, skulesjef Jorunn Nyttingnes og Audun Heggestad frå Trygg Trafikk. Frå opninga av Trafikksikre barnehagar i Leikanger kommune. Godkjenningsskilt kjem på plass. sikring av barn i bil, info om Trygg Trafikk som kompetansesenter og vårt undervisningsmateriell. Fleire av barnehagane som driv med Tarkusuniverset har fått tilsendt Tarkus refleksbamsar, refleksvestar og anna materiale som sekretariatet har hatt inne. Trafikksikker barnehagar. Trygg Trafikk godkjende og sertifiserte 3 Trafikksikre barnehagar i 2014. Alle disse ligg i Leikanger kommune og har gjennom dei 4 siste åra vore pilotbarnehagar i prosjektutviklinga Trafikksikker kommune / Trafikksikker barnehage / Trafikksikker skule. For å bli godkjend Trafikksikker barnehage må barnehagen fylle kriteria til Trafikksikker barnehage og bli godkjent av Barnehagane i Leikanger er no godkjende for 3 år og har fylt kriteria for Trafikksikker barnehage. http://www.tryggtrafikk.no/tema/trafikksikkerkommune/barnehage-trafikksikker-kommune/ SKULE Kompetansekurs Trafikalt Grunnkurs Kompetansekurs for å bli godkjent som lærar for Trafikalt Grunnkurs i ungdomsskulen vart arrangert i Sogndal i mai. Kurset vart arrangert av Trygg Trafikk, Sogn regionsråd og FTU. Kursansvarlig var Høgskulen i Nord Trøndelag ( HINT). Det deltok 22 studentar frå fylket på dette kurset, og dei fleste av disse er no i gang med trafikk valfag. Trygg Trafikk som kompetansesenter gjer ungdomsskulane undervisningsopplegg og verktøy til trafikk som valfag. Opplegga er i stor grad nettbasert og gratis for skulane. Skulestart, gå opplæring I samband med skulestart sende Trygg Trafikk ut informasjonsbrosjyre om 6 åringar på skuleveg til alle skulane i fylket. I tillegg har vi også sendt ut informasjon om Trygg Trafikk sitt kompetansesenter og kva skulane kan finne der. Trygg Trafikk Sogn og Fjordane har i samarbeid med FTU tilbydt skulane gratis materiale til skulestart og opplæringsmateriell til 1.-4. klasse. Mange skular har teke imot tilbodet og brukt det. Her har vi satsa på klassesett til skulane slik at gjenbruk over fleire år er sikra. I tillegg har vi hatt eit nært samarbeid med folkehelsekoordinatorane i kommunane og folkehelserådgivarane i fylkeskommunen. Sykkel Trygg Trafikk har som kompetansesenter mykje godt materiale på sykkel og sykkelopplæring. Vi har sendt ut demonstrasjons eksemplar av sykkel materialet, og informasjon om tilbodet som ligg på våre nettsider om rettleiingar, filmar, testar mm om sykkelopplæring på dei ulike trinna i grunnskulen til alle skulane i fylket. Mange skular har også blitt viste til nettsidene våre om temaet sykkel og liknande. I tillegg har sykkel vore eit viktig tema hos lærarstudentane på Høgskulen. Nokre av studentane har brukt dette materiellet i sine praksisperiodar. Dette året er materiellet blitt testa ut på ulike skular og vi har også laga ein ny sykkelfilm som er tips for foreldre om korleis dei kan lære barna å sykle. Dette sentrale prosjektet har distriktsleiaren i Sogn og Fjordane vore med på å gjennomføre. 4

«Det er klåre kompetanse mål for trafikkopplæring i Kunnskapsløftet, slik at dette er oppgåve skulene uansett er pålagde å gjennomføre.» Ambassadørordninga Trygg Trafikk etablerte i 2009 ei ambassadørordning for trafikkopplæring i skulen. Ambassadørane er lærarar i grunnskulen. Målet er å bidra til at trafikkopplæringa vert betre og i tråd med dei nasjonale føringane i læreplanen for grunnskulen. Det er klåre kompetanse mål for trafikkopplæring i Kunnskapsløftet, slik at dette er oppgåve skulene uansett er pålagde å gjennomføre. Vi ønskjer at ambassadørane utarbeider lokale planer for trafikktryggleik, formidlar eigne erfaringar til andre, prøver ut og vidareutviklar materiell og metodar i nært samarbeid med Trygg Trafikk. I Sogn og Fjordane har vi engasjert ein ambassadør på Kaupanger skule for perioden 2013 og 3 år utover. UNGDOM Temadagar vidaregåande Trygg Trafikk har delteke på temadagar på fleire vidaregåande skular der dei har hatt trafikk som tema. Tema er promille, fart og rus. Vi har mellom anna brukt promille brillene som vart kjøpt inn. Dette er temadagar som involverer heile skulen, eller deler av skulen. I forhold til russebilane har Statens vegvesen eige opplegg til disse. Vi har også hatt temaet lærlingar og trafikktryggleik der vi har gjennomført «Real Life Auto» som er eit nettbasert trafikktryggings program for denne gruppa. Dette har vi også nytta på vidaregåande både på 1. og 2. året når vi har hatt det som tema på heile skulen eller klassen. I tillegg har vi også vist dette lærlingeopplegget på lærlingesamlingar. filmar, mini-spel, quizar, dilemaøvelsar og faktaopplysningar. Spelet tek føre seg tema rus, fart, bilbelte, økonomi/ forsikring, elektroniske hjelpemidlar i bil og sikring av last. Alle som gjennomfører og ønskjer det får en trafikksikkerheitsattest. Real life Auto retter seg mot elevar på VG2 innanfor yrkesfaglige studieprogram, lærlingar som allereie er ute i lærebedrifter og bedrifter som har lærlingar. I Sogn og Fjordane har vi samarbeid med fylkeskommunen for å spreie informasjon om opplæringsmodulen. Jentenes trafikkaksjon / Er du sikker Jentenes trafikkaksjon var ein landsomfattande trafikkaksjon som vart starta i 2007. Alle jenter som var 16 år vart invitert til og vere med i 3 år. I løpet av disse åra får jentene informasjon 5-6 gangar i året frå Trygg Trafikk, og dei får tilgang på eit lukka nettsamfunn www.jentenes.no der dei har muligheit til å utveksle idear, erfaringar og synspunkt med kvarandre. Om lag 13 % av jenter fødde i 1991, 1992, 1993, 1994, 1995, 1996 og 1997 i Sogn og Fjordane er med. For 1994 kullet er det ein auke i deltakinga til 17 % mens landsgjennomsnitt var 14 %. FTU finansierte 1994, 1995, 1996, 1997 og 1998 kullet. Dette er eit viktig tiltak for å auke tryggleiken til ungdomane våre. Tiltaket er også med og forsterkar Sei ifrå kampanjen som Statens vegvesen gjennomførte. Jentenes trafikkaksjon vert no erstatta med ein ny landsdekkande aksjon som vil bli kalla «Er du sikker» Denne er under utprøving i 4 pilotfylke og vil bli lansert i løpet av 2015. Real Life Auto dataspill mot dødsulykker Real life Auto er ein nettbasert opplæringsmondul i trafikktryggleik. Den er utforma som eit dataspel og inneheld 5

PÅDRIVAR OG KUNNSKAPSFORMIDLAR NETTSIDENE TIL TRYGG TRAFIKK ER TIL SVÆRT GOD HJELP I INFORMASJON OG KUNNSKAPS FORMIDLING VÅR. DISSE SIDENE AVLASTAR DISTRIKTSLE- IAREN MYKJE, OG VI LEDER MANGE HENVENDELSAR INN PÅ RETT PLASS. DEI LOKALE SIDENE VERT OGSÅ BRUKTE TIL Å INFORMERE OM LOKALE TILTAK SOM REFLEKS KONKURRANSAR MED MEIR. Distriktsleiaren blir ofte brukt i media i forbindelse med både førebyggande tiltak som refleks, sykkel, sykkelhjelmar samt ulykkes utvikling og ulykkes tendensar. SYKKELHJELM Trygg Trafikk sin sentrale sykkelhjelmkampanje er gjennomført i Sogn og Fjordane med mellom anna at sykkelhjelmutstillinga er oppsett på fleire studentstader på Høgskulen i Sogn og Fjordane samt på vidaregåande skule i samarbeid med fylkeskommunen og folkehelsa. I tillegg er det også tema i grunnskulen og i samband med kusa til lærarstudentane. Det har også vore tema i media i ulike samanhengar. RETT SIKRING AV BARN I BIL Trygg Trafikk har som mål at alle barn skal vere best mulig sikra i bil og buss, og vi ønskjer å skape etterspurnad etter best mulig sikring i offentlig og privat transport. Kurs om sikring av barn i bil Trygg Trafikk i samarbeid med FTU, Statens vegvesen og Politiet gjennomførte eit stort kurs / seminar om sikring av barn i bil i Førde den 9. september. Om lag 60 deltakarar deltok frå Statens vegvesen, Politiet, Helsestasjonar, frivillige organisasjonar, Fylkeskommunen ( FTU og samferdselsavd) forhandlarar for barneseter med fleire. Hovedførelesarar var forskarane Marianne Skjerven- Martinsen og Trond Boye Hansen. I tillegg hadde vi lokale innslag frå Politiet, Statens vegvesen, bilstolforhandlar og Trygg Trafikk. Dette var eit stort og godt kurs som vart gjennomført i svært godt samarbeid med nemnde organisasjonar. Tilbakemeldingane var svært positive og FTU støtta kurset økonomisk. Dette er også eit tiltak i Fylkestrafikktrygg ingsplanen. Trond Boye Hansen engasjerte stort alle kursdeltakarane på seminaret i Førde 6

Teljing Trygg Trafikk gjennomførte også teljing av barn i bil i mai/ juni der 186 barn i alderen 0-7 år vart telt. I aldersgruppa 1-3 år var 67% sikra bakover vend. Landsgjennomsnittet på disse teljingane var 43%. Kurs om sikring av barn i bil vart gjennomført på alle trafikk kursa til Trygg Trafikk og fylkessekretariatet har mange telefonar og henvendelsar på dette temaet. Her vert dei fleste spørsmåla svart på og vist til nettsidene våre. Vi har også informert og kursa våre samarbeidspartnarar om disse sidene, og både politiet og Statens vegvesen har gitt gode tilbakemeldingar og nyttar seg av disse sidene. REFLEKS Refleksdagen 2014 Den 16. oktober var den nasjonale refleksdagen i Noreg. Årets refleksdagrefleks var laga av Nikolay Aamodt med temaet «Diamant» Refleksdagen vart markert på ulike vis. Mellom anna vart det gjennomført en ad hoc aksjon på Nordfjoreid rundt skuleområdet, Eid kommune, Politiet, Statens vegvesen, Fylkeskommunen og Trygg Trafikk delte ut refleksar til fotgjengarar rundt i Eid sentrum og i skuleområdet. Frå Eid kommune stilte ordførar Alfred Bjørlo opp og var med på aksjonen. Aksjonen fekk stor media dekning og vart godt motteken. I tillegg hadde mange skular og barnehagar refleks som tema denne dagen. Refleksjakt 2014 Trygg Trafikk og FTU inviterte også i år alle 4.og 5.klassane REFLEKSDAGEN til reflekskonkurransen Den store refleksjakta 2014 15 klassar melde seg på. Elevane gjekk heim for å leite fram alle refleksar dei kunne frå klede, skuffer og skap. Klassen som vann, 4B ved Luster ungdomsskule hadde SHINE BRIGHT LIKE A DIAMOND 16. OKTOBER 2014 Bli sett. Bruk refleks. Går du uten refleks i mørket vil en bilist i 50 km/t bare ha 2 sekunder på å oppdage deg. Med refleks har bilisten 10 sekunder til rådighet. Det kan redde livet ditt. www.tryggtrafikk.no REFLEKSDAGEN 37 refleks pr. heim/elev mens snittet enda på 20 refleks pr. heim i Sogn og Fjordane. Om lag 5.000 refleksar vart samla inn av 195 elevar. Etter oppteljingane skulle elevane ta med refleksane heim og henge dei på yttertøyet til alle i husstanden. Det viser at det finst mange unytta refleksar rundt om i heimane som kan takast fram og brukast. Trygg Trafikk fekk gode tilbakemeldingar på tiltaket. Refleksteljing Trygg Trafikk har også gjennomført refleksteljingar på vaksne trafikantar i november. Der brukte 49 % av dei vaksne refleks. Landsgjennomsnitt var 29% Teljingane vart fordelt på både landeveg og tettbygde område der det var 74 % bruk på belyst landeveg mens bruken var på 42 % i sentrumsområda som er meir tettbygd. Sogn og Fjordane ligg langt over landssnittet men det er langt att til 100% bruk. Livreddanse vinterkolleksjon I tillegg har distriktsleiaren vore med i ei prosjektgruppe, utnemnd av FTU som skal prøve å få integrert refleks i vinterkolleksjon. Det er FTU som har initiert dette tiltaket, og har engasjert Farmhous til og kome med utkast på tilt- DESIGN/AD: OCTOBER DESIGN FOTO: KAI MYHRE STYLING: ODDA SHINE BRIGHT LIKE A DIAMOND Går du uten refleks i mørket vil en bilist i 50 km/t bare ha 2 sekunder på å oppdage deg. Med refleks har bilisten 10 sekunder til rådighet. Det kan redde livet ditt. 16. OKTOBER 2014 Bli sett. Bruk refleks. www.tryggtrafikk.no DESIGN/AD: OCTOBER DESIGN FOTO: KAI MYHRE STYLING: ODDA Frå refleksdagen på Nordfjoreid. Vinner av Reflekskonkuransen 2014 vart klasse 4B ved Hafslo barne og ungdomsskule. 7

«Arbeid med frivillige lag og organisasjonar krev kontinuitet og tolmodigheit då dette er eit frivillig arbeid og ein har stadig nye leiarar å forholde seg til.» 8

akspakke. Farmhous er eit kreativt senter med plassering i Stryn og tilhøyrer miljøet rundt Moods of Norway. Dette prosjektet vart presentert for samferdsleministaren i januar 2010 der prosjektgruppa og Trygg Trafikk Sogn og Fjordane var med. Departementet har støtta prosjektet med eit lite beløp, og prosjektet er blitt presentert for Trygg Trafikk sentralt som støtter prosjektet reint faglig utan direkte økonomisk støtte. Det er no kome fleire produkt i butikkane frå Moods of Norway og Rico Vero. Disse vart lansert under Oslo Fashion Week. Trygg Trafikk sentralt har som eit kompetansesenter overteke materialet og kunnskapen som prosjektet har utvikla slik at disse kan delast med andre produsentar som vil lage tilsvarande produkt. Farmhous og Moods har no fått tildelt 13 mill. frå Norsk Forskingsråd for å vidareutvikle refleks integrert i kolleksjonane. Refleks og pensjonistar. Trygg Trafikk har samarbeidt med Sogn og Fjordane pensjonistforbund der vi har tilbydt alle laga eit pedagogisk opplegg med film og informasjons ( power Pont ) opplegg, i tillegg til refleksar dersom pensjonistlaga laga eit opplegg rundt temaet refleks. Mange av laga i fylket svara på tilbodet og fekk tilsendt refleks og opplegg i tilknyting til temadagen. Trygg Trafikk eller lensmannskontora deltok på mange av disse samlingane. Opplegget vart svært godt og positivt motteke. Trygg Trafikk har også hatt refleks som tema på fleire av flyktningmottaka og hatt kontakt med fleire av flyktningkonsulentane i kommunane. TRYGG TRANSPORT TIL OG FRÅ IDRETTSARRANGEMENT OG TRENING I samarbeid med Sogn og Fjordane Fotballkrets, Statens vegvesen og Politiet har Trygg trafikk gjennom dei siste åra hatt mange aktivitetar retta mot transport i fotball- klubbane. Trygg Trafikk si oppgåve har vore mellom anna refleks til miniputtane. Dette vart også gjennomført dette året med refleksar frå FTU og Trygg Trafikk. Fotballkretsen og ein køyreskule har også hatt temamøte om trygg køyring for minibuss sjåførar i Sogndal i samband med elitekamp på Fosshaugane. Vi har også laga nye retningslinje for Trafikksikker fotballklubb og sendt ut til alle klubbane i samarbeid med Fotballkretsen og FTU. Retningslinjene til Trafikksikker fotballklubb er også lagt ut på nettsidene til Sogn og Fj. Fotballkrets. Arbeid med frivillige lag og organisasjonar krev kontinuitet og tolmodigheit då dette er eit frivillig arbeid og ein har stadig nye leiarar å forholde seg til. TRAFIKKSIKKER KOMMUNE Trygg Trafikk har utarbeidd kriteria for kva ein trafikksikker kommune er og korleis kommunane bør jobbe. I samarbeid med fylkeskommunane har disse kriteria blitt til ei godkjenningsordning. Oppfyller kommunane alle krava kan dei søkje Trygg Trafikk om tittelen Trafikksikker. Å oppnå godkjenning inneber ikkje fråvær av trafikkulykker, men at kommunen arbeider godt, målbevisst og heilskaplig med trafikktryggleik. I nokon av fylka vert det gjeve ulike tilskot til kommunane som oppnår status som Trafikksikker. Under paraplyen Trafikksikker kommune ligg det kriteria for: Trafikksikker skule Trafikksikker barnehage Trygg trafikk har informert om Trafikksikker kommune på Kommunenes sentralforbund sin strategi konferanse, eige møte med KS leiar og sekretariatet, i FTU fleire gange, på folkehelsekonferansen på Sandane og det er teke inn i FTU sin handlingsplan. Ingen kommunar, skular eller barnehagar er godkjende enno, men fleire har signalisert interesse for trafikksikker barnehage i 2014. sjå: www.trafikksikkerkommune.no Remerk Livreddande vinterkolleksjon Foto Trygg Trafikk 9

TRYGG TRAFIKK SOM BINDELEDD OG MØTEPLASS Trygg Trafikk har god kontakt med dei fylkeskommunale politikarane og er konsultativ medlem av Fylkestrafikktryggingsutvalet (FTU) i Sogn og Fjordane. Utvalet er samansett av 5 fylkestingpolitikarar og konsultative medlemmar frå Politi, UP, fylkesmannen, Statens vegvesen, Fylkeskommunen, ATL, Trygg Trafikk med fleire. Dette året har det vore normal møteaktivitet i samband med oppfølginga av Fylkeskommunen sin handlingsplan for trafikktryggleik. Utvalet var nyvalt hausten 2011 og hadde sitt første møte i februar 2012. I 2013 har FTU hatt 5 ordinære møter. I tillegg har distriktsleiaren vore med i arbeidsgruppa som arbeidde med å revidere FTU sin handlingsplan for trafikktryggleik 2014-2017. Handlingsplanen vart vedteken i fylkestinget desember 2013. Trygg Trafikk samarbeider også med folkehelsa og folkehelsekoordinatorane og har delteke på fleire resurssamlingar og møter med dei med tema om førebygging av ulykker. Vi arrangerte også ei eiga samling for kommunane sine folkehelsekoordinatorar på Sandane 16.oktober. Der vart det informert om mellom anna Trafikksikker kommune. I forhold til bilorganisasjonane har vi god kontakt med både NAF og MA, og med MA har vi samarbeidsprosjekt sykkel / refleks opplegg i grunnskulen. Dette er alternativ til sykkelfinalen. Av andre frivillige organisasjonar har vi kontakt og samarbeid med NHO Transport, Norges lastebileierforening, NHO (medlem i samferdselforum) samt Fotballkretsen, idrettslag, Fau og fleire I forhold til Politiet har vi delteke på planleggingsmøte mellom Politiet, Statens vegvesen, FTU og Trygg Trafikk. Utanom dette har vi også god kontakt i FTU samanheng. ØKONOMI OG FINANSIERING Tilskot til sekretariatet: Trygg Trafikk Sogn og Fjordane fekk eit tilskot frå fylkeskommunen på kr.175.000,- i 2014. Dette skal dekke husleiga på kr. 69.070,- reise, IT og drift av sekretariatet m.m. Tilskot til aktivitetar. Trygg Trafikk Sogn og Fj. motteke kunn tilskot frå FTU for å følge opp FTU sin handlingsplan. Desse tilskota vert utbetalt etter at aktiviteten er avslutta og regneskap er laga. Trygg Trafikk sentralt forskotterer utgiftene til disse aktivitetane, og kunn forbruket vert utbetalt. I 2014 fekk Trygg Trafikk kr.150.000 i tilskota frå FTU som vart fordelt og brukt på disse aktivitetane: Trafikksikker kommune kr. 11.626 Kurs om sikring av bar i bil kr. 50.933 Sykkelmateriell / sykkelhjelm kampanje kr. 13.368 Refleks, refleksdagen, Refleksjakta 2014 kr. 29.463 Barnehagekurs og førskule kr. 5.003 Skulestart gå opplæring kr. 11.016 Trygg Trafikk ambassadør grunnskulen kr. 15.000,00 Sum. utgifter 2013 kr.136.409 Forbruk over kr.130.000,- vart dekt av andre midlar frå Trygg Trafikk. Trygg Trafikk forskotterte og fekk løyvinga utbetalt etter innsendt rapport til sekretariatet, og har ikkje ståande ubrukte aktivitetsmidlar frå FTU. 10

OMKOMNE I VEGTRAFIKKEN Auke i dødsulykkene I fjor omkom det i Noreg 149 personer i vegtrafikken, viser tal frå Trygg Trafikk og SSB. Det er ein nedgang på 38 personar når ein samanliknar med 2012 då 187 personar omkom. Likevel var talet på trafikkdrepne større i 2014 enn i 2012. Dei siste åra har vi opplevd ein reduksjon i talet på omkomne bortsett frå 2013 då det dessverre var ein auke. Går ein tilbake til år 2000 døde 341 på norske vegar. Sidan den gang er altså talet meir enn halvert. Ulykkessituasjon i Sogn og Fjordane I 2014 mista 1 person livet mot 12 personar i 2013. Dette er det lågaste tal omkomne sidan før 1960. jf. tal frå Statistisk sentralbyrå. Trygg trafikk har funne SSB sine tal tilbake til 1960, og det lågaste tal omkomne i perioden 1960 2013 var i 2002 men 2 omkomne. 137 pesonar vart skadde i trafikken i 2014 mot 138 personar i 2013. I 2014 vart det registrert 103 politirapporterte trafikkulykker med personskader mot 102 ulykker året før. TABELL OVER DREPNE OG HARDT SKADDE I SOGN OG FJORDANE 1977-2013 KJELDE STATENS VEGVESEN / V HANS OLAV HELLESØ. 70 60 50 40 30 20 10 0 1977 1978 1979 1980 Antall mennesker 1981 1982 1983 1984 1985 1986 1987 1988 1989 1990 1991 1992 1993 1994 1995 1996 1997 1998 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 Antall drepte Antall hardt skadde 11

«Vi har ei stor utfordring i å motivere og stimulere lærarar og skuleleiarar til å få sett det rette fokus på læreplanen for grunnskulen. Her tenker vi på at trafikktrygging og trafikkopplæring har kome sterkare inn i læreplanen.» 12

FRAMTIDIGE BEHOV OG MULIGHEITER TRYGG TRAFIKK SIN AKTIVITET I FYLKET ER BASERT PÅ AT DISTRIKTS- LEIAREN OG SAMARBEIDSPARTNARANE HAR EIT STORT ENGASJEMENT. Dei samarbeidspartnarane som gjer ein god innsats saman med oss må både motiverast og pleiast. Dette kan gjerast ved å skape gode jobbrelasjonar og samtidig ta eit ansvar for å legge til rette for kompetanseutvikling til dei som måtte trenge det. I Nasjonal Transportplan 2009-2019 ligg nullvisjonen som eit grunnlag for satsinga på trafikktrygging og den legg opp til sterk nedgang på hardt skadde og drepne. Regjeringa legg i denne perioden opp til å redusere talet på hardt skadde og drepne frå 1222 i dag til 775 innan 2020. Departementet ser for seg Statens vegvesen står for 35 % av reduksjonen av trafikkulykkene, mens dei resterande 65 % av reduksjonen skal andre aktørar stå for. Disse aktørane er ifølge departementet politiet, Trygg Trafikk, fylkeskommunane, kommunane, helsesektoren, Jernbaneverket og andre frivillige organisasjonar. I planen seier det at Trygg Trafikk har eit særlig ansvar for at trafikkopplæring i barnehagar og skular, samt informasjon om trafikktryggleiken I Sogn og Fjordane vil det framleis bli lagt mykje arbeid i og vedlikehalde og vidareutvikle dei tiltaka som er i gang i skuleverket. Det blir heile tida ei utfordring for Trygg Trafikk og vidareutvikle å oppdatere det materiellet som skal seljast til skulane. Barnas Trafikklubb vart i løpet av 2010 gjort om til ein nettklubb. Utfordringa vår er og gjere dette kjent for foreldre og andre interesserte. Informasjon om dette går via skular, barnehagar og gjennom media, og aktiviteten har no auka. Vi har ei stor utfordring i å motivere og stimulere lærarar og skuleleiarar til å få sett det rette fokus på læreplanen for grunnskulen. Her tenker vi på at trafikktrygging og trafikkopplæring har kome sterkare inn i læreplanen. For å kunne nå måla må det arbeidast for å få ei systematisk opplæring. I tillegg er det viktig å få inn trafikk som valfag i ungdomsskulen. Dette vart prioritert i 2014 med å få utdanna vel 20 lærarar i ungdomsskulen slik at dei vart godkjente til å undervise og gjennomføre Trafikalt Grunnkurs. Dette vil Trygg Trafikk følgje opp i 2015 med å informere, stimulere og lage nettverksmøte for disse. Trygg Trafikk sin rolle som pådrivar vil framleis vere tilstade. Det kan tenkast at ein må ha kursendring i forhold til val av arena som det skal arbeidast på. Dette med å gå sterkare inn i planarbeidet både i kommunane og fylket vil kunne bidra til at tiltaka som ein ynskjer skal bli gjennomført kan bli sterkare synlige i planane og dermed lettare å få gjennomførde. Trygg Trafikk vil ovanfor kommunane motivere dei til å bli Trafikksikre kommune ev Trafikksikker skule eller Trafikksikker barnehage. Det er viktig at leiinga i kommunane etterspør trafikktryggleik i sin organisasjon og i sine skular og barnehaga, og at trafikktryggleik er gjennomsyra i alle ledd. Gjennom NTP er det lagt opp til at nullvisjonen skal være grunnlaget for trafikktryggingsarbeidet i Noreg. Trygg Trafikk har som mål at alle skal kunne seie kva nullvisjonen innebere, og kva dette vil bety for den enkelte trafikant og for offentlege myndigheiter. 13

EGNE NOTATER 14

TRYGG TRAFIKK I SOGN OG FJORDANE Trygg Trafikk sitt arbeid i Sogn og Fjordane er styrt av organisasjonen sin strategiplan og årlige årsplanar, samt av «Handlingsplan for trafikktryggleik i Sogn og Fjordane». Fylkessekretariatet i Sogn og Fjordane vart oppretta i 1984. Distriktsleiaren har kontorplass hjå Statens vegvesen ved vegkontoret i Leikanger, og leder Trygg Trafikk sitt arbeid i fylket. Distriktsleiaren er lønna av Trygg Trafikk, mens kontorhold og reiseutgifter vert dekka av Sogn og Fjordane fylkeskommune. Samarbeidspartnarar Viktige samarbeidspartnarar for fylkessekretariatet er Fylkestrafikktryggleiksutvalet, Politiet, Statens vegvesen, Fylkesmannen, Kommunenes Sentralforbund (KS) og Fylkeskommunen både på samferdsle og opplæring. Distriktsleder : Audun Heggestad Besøksadresse : Askedalen 4, 6863 Leikanger Kontortelefon : 57 65 57 93 Mobil : 952 37 438 E-post :heggestad@tryggtrafikk.no Innan frivillige organisasjonar er det Sogn og Fjordane fotballkrets som har vore den viktigaste samarbeidspartnaren det siste året. I tillegg til kjem sjølvsagt motororganisasjonane som NAF og MA. Vi har også mange kontaktar med foreldresamarbeidsutval (FAU), grannelag og andre organisasjonar. Vi har også samarbeid med skular ein del samarbeidsutval på desse i fylket. I tillegg er Landsforeininga for trafikkskadde (LTN) synleg fin samarbeidspartnar samt NHO. 15

TRYGG TRAFIKK SOGN OG FJORDANE Askedalen 4, 6863 Leikanger Tlf: +47 57 65 57 93 heggestad@tryggtrafikk.no www.tryggtrafikk.no TRYGG TRAFIKK Tollbugata 32 Postboks 277 Oslo Sentrum, 0103 Oslo Tlf: +47 22 40 40 40 hovedkontor@tryggtrafikk.no www.tryggtrafikk.no