Volda Branntrygdelag



Like dokumenter
Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Jon Fosse. For seint. Libretto

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Til deg som bur i fosterheim år

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

G A M A L E N G K U L T U R

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Lønnsundersøkinga for 2014

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Notat om historie og kulturlandskap

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Brukarrettleiing E-post lesar


Tilgangskontroll i arbeidslivet

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

FOLKEMEDISIN. 1. Kan De seie at innstillinga til sjukdom og synet på det å vere hardfør har skiftet i manns minne?

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo


Kva er økologisk matproduksjon?

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Jon Fosse. Andvake. Forteljing

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

LOV FOR BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO. (Skipa 15. oktober 1899) (Lova sist endra 18. mars 2015)

Sparebankens eigardelskapital er på kr fordelt på eigenkapitalbevis pålydande kr 104 fullt innbetalt.

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei

/

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Etablering og drift av kraftselskap

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

mmm...med SMAK på timeplanen

Finansiering av søknaden

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Å dyrke rettferd. Ragnhild Henriksen

Gjeldsbøra i kommunane Møre og Romsdal

Kva kompetanse treng bonden i 2017?

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Kom skal vi klippe sauen

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

Styret har vore samansett slik i 2012 :

UTGIVELSESDAGAR AVIS. Motta korrektur på mail, godkjenn for trykk eller korriger evt. feil.

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Vedlegg 1: Heimelsoverføring og krav om deling Side 1 av 19

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Med god informasjon i bagasjen

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Transkript:

Volda Branntrygdelag 1866-1966 av Ingvard Bjåstad Dette er ein kopi av boka som vart utgjeve av Volda Branntrygdelag og trykt på Sunnmørsposten sitt Aksidenstrykkeri i 1966 Fotografia er tekne av: Johan Nerbøvik, Karl Kornberg, Martin Velle, Olav Lystad, Taftesund, Per Årviknes, Magne Flem, Bjarne Skarbøvik og Per Nesje-Nilsen. Til desse kjem fleire vi ikkje kjenner namnet på. 1

Historia om Volda Branntrygdelag 1866-1966 Føreord Den 29. september 1966 er det 100 år sidan «Voldens Brandforsikringsforening» vart skipa. Branntrygdelaget har vilja markera jubileet med å gje ut eit historisk attersyn over desse 100 åra. Soga er skriven av lektor Ingvard Bjåstad, og styret vil takka han for velgjort arbeid. Sjølv om branntrygdelaget er det sentrale emnet i framstillinga, har forfattaren teke med anna lokalhistorisk stoff for å gje eit bilete av det miljø branntrygdelaget har arbeidd i. Styret vonar at skriftet såleis vil vera eit tilskot også til soga om bygdene her i gammal og nyare tid. Styret i Volda Branntrygdelag. ellom 1830-åra og 1860-åra går det for seg eit viktig omslag innan bygdelivet. Det gjev seg uttrykk på ei heil rekkje område, men det kan vere vandt nok å påvise korleis dette omslaget bryt seg veg. Reint allment sett kan ein truleg seie at bygdefolket vann fram til ei ny vurdering av sin eigen stand. Litt etter kvart skapte dei seg ei ny oppfatning av seg sjølve som medlemer av det samfunnet dei levde i, det landet og den staten dei levde i. Sjølve den røysteretten som vart innførd etter 1814, måtte verke i den lei. Ingen fekk den tid røysterett, før han hadde stått fram på tinget og gjort ein offentleg eid til grunnlova. Eiden var ein slag politisk konfirmasjon, ein lovnad om politisk truskap mot landet og kongen. Difor kan det ikkje undre nokon, at det framherskande synet i første tredjeparten av det førre hundreåret først og fremst var nasjonalt. Særinteresser og lokale særomsyn var det lite rom for i dei små bygdene, som låg langs fjordane på søre Sunnmøre den tid. Men i 1830-åra og kringom 1840 går det for seg eit viktig omskifte, som ein kanskje rettast bør tyde som eit generasjonsskifte. Litt etter litt kjem bygdefolket sjølve aktivt med i samfunnslivet, og dei reiser sjølve nye tiltak for å fremje den materielle eller åndelege voksteren i heimegrenda eller prestegjeldet. Frå 1840- og 1850-åra av stig det fram ei rekkje nye bygde- eller bondeorganisasjonar, som vil vere med og byggje ei betre framtid for heimbygda og for seinare ætter. I røynda møter vi ikkje slike nye organisasjonar først på det materielle området. Det er på eit kristeleg og idealt grunnlag at organisasjonstanken først slår rot. I 1830- og 1840-åra finst det spreidde tiltak for å organisere ein motstand mot rusdrikkmisbruken. Frå 1846 av vert det skipa ei rekkje misjonsforeiningar, som seinare går saman i eit meir eller mindre nært samarbeid med kvarandre. Dei skipar seg saman i større distriktsorganisasjonar og tek til å halde årlege misjonsstemne. Misjonsforeiningane skaper ei folkerørsle med sterkt haugiansk innslag. Men haugianarane og misjonsvenene stod langt frå framande for tanken om materiell og økonomisk samhjelp heller. Til måtehalds- eller fråhaldsrørsla stilte haugianarane seg lenge tvilrådige; men etter kvart vart det nett dei haugianske og lågkyrkjelege krinsane, som også tok denne saka opp, og skapte organisasjonar til vern om samfunnsmoralen og edruskapen. Dei kristelege og ideale organisasjonane frå 1840-åra av var ikkje utan sidestykke på andre område, men dei var det første og tydelegaste uttrykket for at noko nytt var i emning: Bygdefolket hadde fått tru for at det kunne nytte med sams tiltak på det åndelege og ideale området. Organisasjonstanken hadde slått djupare røter. ***** Trua på praktisk og materiell samhjelp hadde gamle tradisjonar å byggje på i bygdene på Sunnmøre, og ho hadde vore stilt på ei avgjerande prøve under naudsåra og under dei tronge tidene ut gjennom første halvparten av 1800-talet. Men frå 1840-åra kan ein sjå at det vert teke opp nye former for praktisk samhjelp. Tanken var framme i dei første kommunestyra, og ein kan sjå at «Postbudet» på Ekset ofra spalteplass på nye og friviljuge former for materiell samhjelp. Det er no spørsmål om ein slag praktiske samhjelpsforeiningar innan jordbruket, som skulle stimulere jorddyrkinga og «jordforbetringa» ein slag grendalag av færre eller fleire grannar, som skulle gå saman til friviljug dugnad for kvarandre, kvar gong eit større arbeid skulle utførast, som ikkje ein bonde kunne greie med eiga hjelp. Ei rekkje slike praktiske samhjelpsforeiningar vart skipa rundt i bygdene på Søre Sunnmøre i 1840- og 1850-åra. Både på det åndelege og på det materielle området skaper bygdefolket seg nye organisasjonar, som i og for seg er uttrykk for ein sterkare vilje til samskipnad, til samverknad eller samarbeid. Og denne viljen til friviljug organisering av samfunnslivet eller arbeidslivet legg i røynda litt etter litt eitt nytt grunnlag for bygde-utviklinga i siste halvparten av 1800-talet. 2

Materielt sett heng han sikkert nok saman med at bøndene etter kvart gjekk over frå leiglendingsskapen til sjølveigarstandet. Åndeleg sett førde han vidare ein bondetradisjon, som var eldgammal og hadde vorte sett på dei hardaste prøvingar. Den som arbeider med sogestoff frå første halvparten av førre hundreåret, vert atter og atter mint om ein mørk og trugande historisk bakgrunn for denne perioden: Naudsåra. Embetsmennene dreg stadig fram denne uhyggelege bakgrunnen i breva sine, særleg når dei vender seg til allmugemannen og vil ha han med på eit eller anna nytt tiltak. Det som hadde berga folket frå den sikre undergangen «frå den øiensynligste Død og Undergang», som futen gjerne uttrykkjer det det hadde den gongen vore det ubrytelege samhaldet mellom grannar og bygdefolk, og den hjelpsemd dei hadde synt kvarandre. Det er underleg å leggje merke til korleis det alltid er nasjonale motiv, som vert henta fram, kvar gong det er spørsmål om å få bygdefolket til å halde saman, eller kvar gong det er spørsmål om å få dei til å ofre noko for eit samfunnsføremål. Slik er det i regelen heilt fram til tida kringom 1840. Trua på samhjelp og organisert samverknad er ikkje mindre i 1840-åra enn i tiåret før, men no har ho etter kvart fått ei litt anna motivering. No er det ein ny generasjon som har overteke leiinga i gardsdrifta, i bygdelivet og i bygdestyringa, og denne generasjonen ser ikkje så ofte attetter og måler hendingar og tilhøve med dei som rådde før i tida. Han ser i langt høgre grad frametter, er full av nasjonal eldhug, men vert samstundes dregen jamt sterkare, inn i dei praktiske samtidsproblema i gardsdrift, samferdsle og vegbygging, fiske og bygdestyring. Det er ein generasjon av nasjonalistar, ikkje så mykje i kraft av beisk røynsle, slik som far eller bestefar, men av tru og overtyding, og av nasjonal idealisme. Det er denne generasjonen, som for alvor tek opp feiringa av den 17. mai og hyller Henrik Wergeland. Men det er også denne generasjonen som er så levande interessert i betre måtar å dyrke jorda på, som for alvor fører inn potetdyrkinga eller diskuterer Ålesund sine framtidsutsikter som kjøpstad. Det er denne generasjonen som er interessert i å føre inn reinsdyr til høgfjella i Volda, som med interesse les artiklane i «Postbudet» om «Gjødningsarterne», «Om Maaden at opælske Potetesarter af Frø», om turnipsdyrking og mykje meir av liknande opplysningsstoff. Med særleg interesse kunne ein her lese om dei nye truskemaskinane, som no var å få, og om dei forbetringane, som Anders Vassbotn og Nils Liadal hadde fått til. I 1846 hadde Nils Liadal endåtil bygt ein truskemaskin, som ein kunne drive med vasskraft. «Hvor dette lader sig gjøre, hvor det er Anledning til at drive Tærskemaskinen ved Vand, der vil den være en hærlig Indretning. Man kan da kalde Tærskningen selvgjort Arbeide». Nils Liadal arbeidde då med ein modell, der han freista å kople ein truskemaskin saman med ein drøftemaskin, så reinsinga av kornet skulle verte heilt mekanisert. Desse nye oppfinningane, og mange andre som kunne nemnast i same samanhengen, opna i første omgang store utsikter til utvikling innan bygdelivet. I andre omgang synte det seg også her, at bøndene måtte organisere seg i truskelag, dersom dei ville gjere seg nytte av den tekniske framgangen. Nye oppfinningar skapte samstundes ei vidare organisering av ervervslivet. På mange vis grip organiseringa om seg innan husdyrhald og jordbruk. Her er det ikkje berre tale om eit organisert opplysningsarbeid ovanfrå, særleg gjennom Romsdals amts landhusholdningsselskap, men dette selskapet arbeidde også for ei indre organisering av ervervslivet. Det baud premiar til den plassmannen, som dyrka opp den største strekninga av udyrka mark til åker, helst i eit samanhangande stykke, til den som gjødsla den største strekninga minst 2 mål med fiskeavfall, blanda med myrjord, til den som bygde ei kylne («korntørkehus») etter skotsk modell, til den som bygde eit kvernhus med overvasshjul til den som slakta ein vaksen hest, salta kjøtet og brukte det til menneskeføde, til den som kunne lage dei beste og billegaste fiskekrokane o.s.b. Dette er prisoppgåver for berre eitt år. Både ovanfrå gjennom styresmaktene, offentlege institusjonar eller privatfolk, og nedanfrå gjennom eit iherdig arbeid på gardane eller ved samarbeid innan grendalaget går det for seg ei jamn og sterk utvikling, som det ikkje er lett å finne noko mål for. Bøndene skapte seg reiskapslag i ulike former, truskelag, hestealslag, okseforeiningar, sauealslag. Etter kvart kom det. nye plogar, horver, hypjeplogar og steinbukkar på gardane, og til slutt slåmaskinar, såmaskinar og truskeverk. Dei fyrste engelske sjeviotsauene kom til Sunnmøre i slutten av 1700-talet, innførde til Giske av ein godseigar der. Men lenge enno var den vanlege sauerasen den såkalla utegangarsauen, ein sauerase som etter kvart kom heilt bort ved dei iherdige freistnadene på å skape eit betre sauehald ut gjennom 1800-talet. Seinare kom det i stand eit «Felleskjøp» i Ålesund, som skulle syte for rimelege driftsmidlar for jordbruket, for billeg gjødsel, rimelege såvarer og jordbruksmaskinar. Ved fyrste augnekast kan det sjå ut som om det mangesidige arbeidet for å auke utbytet av jord og husdyr har lite med eit branntrygdelag å gjere. I røynda kjende bygdefolket denne samanhengen nær og sterk, for frå 1860-åra av vart utviklinga av bygdelivet alt meir og meir eit økonomisk spørsmål. Utviklinga kunne ikkje halde fram utan ein tilgang på kapital. Det er grunnen til at ei rekkje sparebankar vart skipa nett i 1850 og 1860-åra, blant dei også Volda og Ørsta Sp.bank. Men bankverksemda kravde trygd for dei låna folk gjerne ville ha i banken til gardkjøp eller til driftsmidlar, særleg trygd mot den vanlegaste av alle ulukker på materiell eigedom: brannulukker. Det er difor rimeleg å gå ut ifrå at opptaket til «Voldens Brandforsikringsforening» ikkje minst har gått ut ifrå den krinsen av menn som hadde med sparebanken å gjere. Kjeldene fortel ikkje nærare om korleis det var med dette; men ein kan sjå at styremøta i branntrygdelaget vart haldne i banklokalet i lange tider, og det var banken sine folk som i stor mon også sat i styret for branntrygdelaget. Trygdelaget sine pengar vart sette i sparebanken, og vart ei ny kjelde til kapitalsamling og kapitalstyrke. Også i dette tilfellet kan ein såleis tale om ei form for samyrke eller økonomisk kooperasjon. Utan å kunne seie dette for heilt visst, er det all grunn til å rekne med at både opptaket til sparebaken og til «Voldens Brandforsikringsforening» hadde gått ut i frå «Voldens Sogneselskab». Det hadde vorte skipa den 15. desember 1811, og hadde lagt ned eit stort arbeid for bygdenæringane ut gjennom hundreåret. 3

Det var fyrst Voldens sogneselskab som tok seg av arbeidet for å hjelpe fram bygdenæringane. Det var skipa kringom 1810. Etter 1837 glei arbeidet for bygdenæringane meir over til kommunestyret. Når det galdt husdyrhaldet, la kommunestyret ned eit stort arbeid for å hjelpe fram sauehaldet. På den eine sida tok ein for alvor opp kampen imot saueskabben, kanskje den verste husdyrsjukdomen i førre hundreåret. På den andre sida vedtok ein strenge reglar om kva slag dyr det skulle vere høve til å sleppe i fellesbeita. Heile formannskapsdistriktet vart inndelt i tilsynsområde, med valde tilsynsmenn på åremål innan kvart område. Det galdt både å hindre at saueskabben skulle spreie seg ved smitte, og å halde verar av dårleg rase borte frå fellesbeita. I båe tilfelle var det spørsmål om å skape eit meir verdfullt sauehald. Middelet var eit organisert vern av økonomiske interesser innan bondeyrket og innan bygdelivet. Kampen mot husdyrsjukdomane, og arbeidet for å elske fram betre husdyrrasar i det store og heile, tek ein brei plass i formannskapsprotokollane langt inn i vårt hundreår. Det vart skipa okselag og hestealslag, ein heldt husdyrutstillingar og utstillingar av jordbruksvarer. Det vart skipa synfaringar av fjøsar og buskapar, ein fekk fagfolk til å halde foredrag om jorddyrking, gjødsling, hysdyrstell, mjølkestell, husstell. I slutten av hundreåret kjem endeleg meieridrifta i gang for alvor. Det vert skipa bygdemeieri, ysteri, og fagfolk overtek arbeidet med mjølk, smør og ost. Ein viss mjølkekontroll kjem i gang, og ei betre utnytting av avdråtten, til beste for jordbruket og bondeyrket. Meieria og ysteria var kooperative bondetiltak. Innan bondenæringa og bygdelivet er dei berre eit framhald av andre samhjelpstiltak, særleg av dei kooperative handelstiltaka som vart kalla for «Forbrugsforeninger». I Volda vart det skipa ei slik forbruksforeining i 1872. 4

anken om gjensidig samhjelp på det økonomiske området slo for alvor gjennom med bygdebankane og den økonomiske verksemda dei dreiv. Men det er sikkert ikkje rett å isolere den økonomiske sida av saka frå ein heilt allmenn tendens til friviljug organisering av samfunnslivet i framgangen si teneste. Det går tydeleg fram av den kjennsgjerninga, at bygdebankane ikkje berre hadde eit reint økonomisk siktemål. Dei skulle også tene ei moralsk eller sedeleg utvikling blant folket. På den eine side skulle dei vere institusjonar, som skulle verke fremjande på sparetanken. Dei skulle vere låne- og finansieringsinstitusjonar for det økonomisk livet i bygdene, ikkje minst for bondeyrket, som no var i ferd med å frigjere seg frå den eldgamle leiglendingsskapen og heldt på å gå over til eit sjølveigar-jordbruk. For det andre skulle såleis bygdebankane tene ei utvikling av samfunnslivet som gjekk i liberalistisk lei. Dei skulle utvikle ein stand av frie, økonomiske uavhengige bønder, som etter 1837 også hadde overteke bygdestyringa i stadig aukande grad. Men for det tredje hadde skipinga av bygdebankane også ei sosial side. I stor mon skulle dei vere økonomiske institusjonar for samhjelp til sjølvhjelp. Trua på økonomisk samhjelp innan bygdelivet veks seg i det heile fram til særleg stor styrke i 1850- og 1860-åra. Kringom 1860 vigde «Postbudet» på Eksel særskilt stor merksemd til dei nye bygdebankane. Det skreiv om alle nye banktiltak, og det tok kvart år inn utdrag av rekneskapane frå dei sparebankane som då fanst. I 1864 finn vi såleis «Extrakter», både av rekneskapane for Vanylven og Syvde Sparebank og for Herøy og Rovde Sparebank. Men bladet arbeidde også for sparetanken allment sett. Ved tid og høve greip bladstyraren gjerne til pennen for å leggje inn eit godt ord for sparesemda og det fornuftige hushaldet. I 1869 fekk bladet medhald av ordføraren (det var elles Rasmus Aarflot), som i formannskapsmøtet den 4. mai tok til orde for at ein skulle gripe inn imot dei langvarige og kostesame brudlaupa. Det var inga meining i at småkårsfolk skulle halde eit stort brudefylgje med mat og drykk i tre heile dagar på rad, når dei så sårt hadde bruk for pengane sine til å setje bu for. Det var atter tale om eit organisert arbeid imot sløseriet i brudlaupa. Ordføraren gjorde framlegg om ei foreining av medlemer, som skulle forplikte seg til å avgrense brudlaupsfeiringa til eitt døger etter kyrkjevigjinga. Medlemene skulle også forplikte seg til «som Gjæst ikke at bivaane noget Bryllup ud over nævnte Tid». Liksom i så mange andre høve i slutten av førre hundreåret vart ei samfunnssak eller ei samfunnsføremål til ein slag samskipnad av medlemer, som prøvde å løyse vanskane gjennom ein moralsk forpliktande lovnad. Eit særleg tydeleg døme på denslags moralsk forpliktande samskipnader er måtehaldsforeiningane mot alkohol-misbruk, som «Postbudet» omtalar ved fleire høve. Tida hadde ei imponerande tru, både på samhaldet og på den moralske viljen i folket. Tanken med «brudlaupsforeiningane» var at dei skulle vere ei form for måtehaldsforeiningar og spareforeiningar på ei og same tid. Typisk for tida er det at ein prøver å løyse økonomiske problem på moralsk veg. I røynda var ein langt ifrå framand for tanken om økonomisk samhjelp i branntilfelle heller. Frå eldgammal tid av vart det gjeve skattefridom for brannlidne, og skatteforordninga av 13. desember 1764 gav nærare forskrifter om «Norske afbrændte Bøndergaarders Skattefrihed». Men den hjelpa dei brannlidne kunne få, var ikkje noko anna enn ei grannehjelp, delvis til oppatt-bygging av gardshusa, delvis til mat og klede til den brannlidne og huslyden hans. Ved brannskade fanst det i regelen inga organisert hjelp for privatfolk, før vi kjem fram til førre hundreåret. Annleis var det ved brannskade på offentleg eigedom. Dei einaste offentle bygningane på landsbygda i eldre tid var kyrkja og prestegarden. Vart slike hus ute for ei brannulukke, så skulle kvar kyrkje i heile stiftet vere med og yte hjelp til å byggje oppatt gudshuset eller prestegarden med 6 rdlr. Kyrkjerekneskapane i Riksarkivet frå 1659 fortel om ei rekkje slike ytingar av brannhjelp eller skadehjelp frametter til 1724. Då vart dei aller fleste kyrkjene selde til private godseigarar, som meir interesserte seg for det jordegodset og dei tiendeinntektene som låg til kvar bygdekyrkje, enn for sjølve kyrkja og kyrkjetenesta der. Bjørdalen slik han såg ut i 1890 - åra. Ei vakker rekkje med små torvtekte hus. I forgrunnen Bjørdalsbakke. 5

På Sunnmøre var det helst handelsmenn som vart kyrkje-eigarar. Dei forsømde vedlikehaldet av bygdekyrkjene med vitande og vilje, til bygdekyrkja var så forfallen at det måtte ein såkalla «hovudreparasjon» til. Då vart den eldgamle dugnads-ordninga teken i bruk. Pliktarbeid eller også verkelege ytingar i pengar vart utlikna på alle brukarar innan kyrkjesokna, eller det vart ytt hjelp til reparasjonen av andre kyrkjer i bispedømet. Vanlege privatfolk fekk inga offentleg hjelp ved ein eldsvåde, men dei kunne skaffe seg skattefridom ved eit tingsvitne, og dei hadde ein viss rett til ei grannehjelp. Den brannlidne fekk løyve til å fare rundt og be seg. Det finst mange vitne mål om brannlidne, som «gaar paa Bøigden med Kone og Børn og tigger, hva godt Folk vil hannem forunde», slik det gjeme lyder i tingboka. Frå eldgamle tider av hadde såleis dei ulukkelege eit moralsk krav dei kunne hevde andsynes grannar og bygdefolk, men dei hadde ingen juridisk rett å falle attende på. Denne moralske samhjelpstanken har aldri vore sett på ei hardare prøve enn under Naudsåra (1807 14). Då vart gjensidig hjelp mellom grannar og bygdefolk, og mellom by og land, avgjerande. I 1812 gjekk oppnemnde menn rundt til kvar manns låve og stabbur og delte det kornet som fanst, på heile prestegjeldet, utan omsyn til eigedomsretten. I det heile slo tanken om å hjelpe kvarandre og halde ubrytande saman mot alle ytre vanskar, svært djupe røter i folket kringom 1814. Det vart den tid skapt ein kapital av gjensidig offer- og samhaldsvilje, som aldri har vore større. Ettertida nytta ut denne kapitalen, når store saker stod på spel. Det var såleis samhaldet under Naudsåra som vart stilt opp som eit føredøme for folket i 1816, då ein vona så sterkt på at landet skulle få ein nasjonalbank, grunnlagd på eit friviljug bankfond. Naudsåra vert brukte i agitasjonen for økonomisk samhald og samhjelp i bygdelivet heilt fram til 1830-åra. Særskilt gjer futen og amtmannen bruk av denne agitasjonen for å få folk til å gå med på å byggje bygdemagasin innan kvart prestegjeld. Bygdemagasinet skulle vere eit økonomisk samhjelpstiltak for å sikre tilgangen på såkorn i uårstider. Ein ville så å seie «trygde» jordbruket mot uåra og såkornmangelen. I ytre Sunnmøre sette folket seg hardt imot dette tiltaket, i indre Sunnmøre vart det derimot bygt bygdemagasin i dei fleste prestegjelda. Då bygdemagasina vart nedlagde for godt leid lenger ut i hundreåret, vart kornet utselt og gjekk i mange tilfelle inn i grunnfondet til dei nye sparebankane som vart skipa etter 1850. Reint allment sett kan vi seie at det den tid gjekk for seg ein slag overgang frå praktiske former for samhjelp til økonomiske samhjelpsorganisasjonar: kooperative handelsforeiningar, felleskjøp, salslag, kooperative meieri og ysteri. Andre kooperative bondesamskipnader som okselag og hestealslag vart til å byrje med også haldne oppe på den måten at medlemene ytte får «in natura» til den som røkta avlsdyret. Seinare vart også slike bondesamskipnader reint økonomiske organisasjonar, og i våre dagar er «inseminasjonen» vorten. Skal ein døme etter «Postbudet» på Ekset, så slår tanken om økonomisk samhjelp gjennom i 1850- og 1860-åra. Bladet var særleg oppteke av dei nye bygdebankane, som no etter kvart tok til å kome i verksemd. Det tok inn årlege «Extrakter» av rekneskapane for Vanylven og Syvde Sparebank, for Herøy og Rovde Sparebank og for Aalesund Sparebank, og var også elles ein ivrig talsmann for sparetanken. I 1869 kan bladet fortelje at det hadde vorte skipa 217 sparebankar i heile landet med ein forvaltningssum på nesten 20 millionar spdir., over 5 millionar meir enn året før. Men enno større interesse legg bladet for dagen, når det gjeld andre former for økonomisk kooperasjon. Bladet tok inn ein lang artikkel av Jørgen Gjerdrum om forsikringsspørsmål i januar 1864. Forfattaren gjekk ut frå at folk allment sett no ville akseptere tanken om trygding av fast eigedom. Når folk fekk høyre etter ein brannvåde, at eigedomen ikkje hadde vore trygda, så «omtales det straks som en stor Uforsigtighed, og de fleste vil være enige om at Skaden paa det nærmeste er selvforskyldt, fordi Brandlidte har forsømt at benytte den nuværende Adgang til for en billig Penge at være betrygget imod Ulykke af lid». Men det fanst ulukker som kunne vere enno større enn ein eldsvåde. Det hende rett som det var, at folk døydde og let etter seg kone og ein stor barneflokk utan forsyrgjar. Oftast sat huslyden att i fattige kår; men ingen tok ulukka annleis enn «som en uafvendelig Skjæbnens Tilskikkelse, som har rammet Familien, og hvorimod den intet Forsvar har kunnet have». Artikkelforfattaren måtte seie seg djupt usamd i vanleg folks tankegang i dette stykket. Også ei dødsulukke hadde ei økonomisk side. Det var fullt høve til å trygde seg mot dei økonomiske fylgjene av eit dødsfall, like så vel som mot dei økonomiske fylgjene av ei brannulukke. «Livsforsikringens Princip er at opsamle en Kapital i Eierens levende Live, som udbetales ved hans Død. Dette kan gjøres ved Indskud paa een Gang, eller ved aarlige Præmier. Indskud og Præmier bestemmes efter Vedkommendes Alder og den Tid, da Forsikringen skal begynde at løbe. Livsforsikringen tilstaar Vedkommende en vis Kapital efter Døden». I det heile gjekk Gjerdrum ut frå at tanken om økonomisk trygd mot brann-ulukker no hadde vunne fram til allmenn godkjenning i dei breie lag av folket. På eit lærarmøte, som vart halde i Volda hausten 1864, var «Pensionssagen» eit av dei emna som hadde vore oppe til drøfting, og i lovene for «Søndre Søndmøre Skolelæreres Forening» handla tredje hovudavsnittet om pensjonsspørsmålet. Tydelegast kan ein sjå at trygdetanken har slått gjennom, om ein tek føre seg lysingane i «Postbudet». Frå hausten 1864 sette «Kristiania almindelige Brandforsikringsselskab» inn lysingar i bladet. Premiane i selskapet var 1/4 % av forsikringssummen for året. Agent i Volda var landhandlar O. S. Svendsen. Frå våren 1867 sette også «Trondhjems Brandforsikringsindretning» inn lysingar i bladet. Selskapet baud trygdingar på innbu, gards- og arbeidsreiskapar, avling og anna lausøyre, handelsvarer, ferdige husbygningar eller bygningar under oppføring eller reparasjon, skip, trelast, fabrikkar i bystrok eller i landdistrikta. Også for dette selskapet var O. S. Svendsen agent. Våren 1868 ofra bladet mykje spalteplass på eit tilfelle av assuransesvik mot Akershus Brandkasse. ei reint teknisk og økonomisk sak. 6

Den økonomiske bakgrunnen attom dei ulike utslaga av økonomisk samhjelp, som veks fram i 1860-åra, kan «Møringen» best fortelje om. Dette nye bladtiltaket frå Ekset kalla seg eit «Vekeblad, nærmest for Mørerne, Raumsdal og Nordfjord» og kom ut med fyrste nummeret den 7. januar 1869. Under overskrifta «Godt Mot og glædeligt Nytaar» finn vi her ei skildring av utviklinga dei siste åra. Det hadde gått for seg ei fornying av bygdelivet i det siste, en «Stræben efter Fremgang og Velvære, som ikke kan andet end glæde enhver». Forfattaren meiner folkeskulen og opplysninga har gjort mektige framsteg sidan 1860. Men enno tydelegare er den framgangen som har gått føre seg innan jordbruket. På kvar ein gard kan ein merke korleis bonden «lægger for Dagen en Lyst efter at skjøtte sin Gaards Drift paa en fornuftigere Maade. Myrer udtørres, Sten opbrydes og ryddes af Veien, Veiter graves og stensættes gjennem gammel Åger og Eng, som i Menneskeminde altid har ligget vandsyg og ufrugtbar. Gammel Åger udlægges til Eng og ny optages i Stedet. Sulteforingen afskaffes paa flere og flere Gaarde ved at mindske paa Kreaturantallet og ved Forøgelse af Fodermængden. Alt sammen glædelige Tidens Tegn, som bebuder en lysere Fremtid». Men slike ytre omskifte var likevel berre ein del av det nye, som braut seg veg i 1860-åra. Innetter var bygdefolket også i ferd med å finne fram til ein politisk interesse-fellesskap. Søren Jaabæk sin iherdige agitasjon for sparsemd innan det kommunale og offentlege livet hadde også nådd fram til Volda, men også «den jaabækske Agitation for Almuemandens større Deltagelse i de offentlige Gjøremaal». I Ørsta hadde ein i lang tid arbeidt for å få i gang ei bondevenforeining, og no var ho så smått komen i verksemd, endå protestane frå mange hald hadde vore nokså høgrøysta. Det siste møtet hadde vorte halde i Åsen i Ørsta, der ei 20 personar frå Volda også hadde teke del. Formannen, N. Kolås, hadde her lagt fram ein plan for verksemda i foreininga. Det var tanken å skipe ei hovudforeining for Volda, Ørsta og Hjørundfjorden, og ei eller fleire «Underafdelinger» i kvar sokn. Hovudforeininga skulle ha eit styre på 9 medlemer, 3 frå kvar sokn. Kvar underavdeling skulle ha 5 medlemer. Føremålet med denne bondevenforeininga «var udelukkende betegnet for at være politisk. Meningen med en Samslutten af Foreningerne i alle tre Sogne var at virke til Opnaaelse af større Enighed i alle vigtige Tilfælde, saasom Storthingsvalg og deslige». Når planen var ferdig, skulle han takast inn i «Møringen». Planen om ei bondevenforeining vekte ein hissig debatt med fleire innlegg i "Møringen» utetter våren 1869. Dei fleste var skremde av dei harde og hissige orda bondevenene brukte i den politiske debatten. Andre meinte at bondevenene møttest for å «snakke blot for at snakke», at dei slett ingen ting skjøna av det som gjekk for seg i politikken. Dei hadde «bagvendte, tildels endog foragtelige Meninger om hvad der kan og bør virkes, og hvad Maal man bør stevne imod. Det er beklageligt at såa skal være Tilfældet, og vi ville nødig tro ufordelagtigt om nogen». Verkeleg fare på ferde var det derimot, når det i agitasjonen vart brukt biletlege uttrykk, henta frå grise-slaktinga, som til dømes: «Heretter skal bøndene sjå til å elte storkarane på bordet», og det i fullt alvor. Det fanst rett nok ei djup sosial kløft mellom bonden og resten av samfunnet, men det var ei kløft som ikkje skulle gravast djupare gjennom ein hatefull politisk agitasjon i bondevenforeningar. Langs strendene finn vi mange koselege små gardar med sine varme, vajcre tun. Dette typiske Sunnmørstunet finn vi på Mekstranda. Då var det betre om ein tok opp eit arbeid for å skape skjønsemd.mellom bonden og dei høgare samfunnslaga. Også redaktøren blanda seg inni debatten om bondevenforeininga. Han måtte tyde dette tiltaket som eit gledeleg tidarteikn cm at eit meir medvite samfunnsliv tok til å kome i gang. Men han skulle ynskje at det heller vart skipa «folkeforeiningar», der alle kunne vere med, enn «bondevenforeiningar», som ville skilje ut ein einskild samfunnsklasse og skape motsetnad til resten av folket. Vi skal ikkje gå nærare inn på den agitasjonen bondevenene dreiv for bøndene sine politiske og økonomiske mål. Men det er knapt nok berre eit reint tilfelle, at denne agitasjonen gjekk for seg samstundes med at ein freista å tryggje bøndene sine økonomiske kår på enno eit nytt område. Formålsparagrafen for den bondevenforeininga som vart skipa i Ørsta, seier i 7

par.gr. l at føremålet med foreininga skal vere, «efter Ævne, paa en sindig, fornuftig og fredelig Maade at bidrage til at vække Sands og Interesse, saavel for politiske Anliggender, som saadanne, der nærmere angaae Kommunen eller Menigheden». Dette føremålet ville ein prøve å nå ved å ta føre seg allmenne samfunnsspørsmål og diskutere dei på foreiningsmøta; særleg ville ein ta opp samfunnsspørsmål som galdt kommunen og kyrkjelyden. I par.gr. 13 heiter det at styret skulle freiste å halde oppe eit samband med andre foreiningar av same slag rundt i landet, slik at bøndene innan heile nasjonen kunne vekkjast til medvit om sitt politiske ansvar, og samle seg til «en kraftig Enhed med ønskelige og velsignelsesrige Frugter». Det var likevel ein embetsmann, N. I. Gregersen, som gjorde opptak til å byggje ut enno vidare den trygdeordninga, som alt hadde vore i verksemd på søre Sunnmøre i nokre år. I mars 1869 skriv han ein lenger artikkel i «Møringen». Han tek utgangspunkt i planen for «Voldens Brandassuranceforening», som han kjende så vel til. Foreininga hadde vore i drift i nokre år, og hadde gjeve visse røynsler om korleis fcrsikringsarbeid skulle drivast. Desse røynslene kunne no takast i bruk i ei ny foreining, som skulle trygde båtar og reiskapar mot sjøskade under vårtorskefisket. Vågnaden ville verte enno større enn i eit branntrygelag, difor måtte båttrygdelaget femne om eit enno større distrikt. I fyrste omgang hadde Gregersen tenkt seg eit trygdelag mot sjøskade for heile søre Sunnmøre, og gjekk det vel i byrjinga, så rekna han med at i alle fall kommunane ute ved havet ville kome med også på nøre Sunnmøre. Til å byrje med måtte premien vere svært låg, og så lenge det nye trygdelaget enno ikkje hadde større fondsmidlar å ty til, fekk ein heller dekkje eventuelle skadar ved å likne ut ein ekstrapremie på alle medlemene. Også sorenskrivar Tambs gjekk inn for saka, men det ser ut til at Gregersen for det meste har vore åleine, både om tankane og planane. Størst utbyte hadde han av å rådføre seg med fiskarane sjølve, eller med folk som hadde særskilt god greie på fiskedrifta. Etter kvart kom han til at det ville verte vanskeleg å få til ei trygding av fiskereiskapar. Det ville verte uråd å føre skikkeleg kontroll med trygda reiskapar. Garna kunne verte så sundslitne på få dagar, at ein verditakst ville verte heilt illusorisk. Derimot fekk Gregersen medhald av dei fleste han snakka med, når det galdt båtforsikringa. Han sette fram eit førebels forslag til lover for det påtenkte trygdelaget i slutten av mars 1869. «Den væsentligste Hensigt med det er at faa saadanne Udtalelser frem, at Sågen kan blive belyst og overveiet». Framlegget hans inneheldt 6 hovudpunkt: «l. Foreningens Formaal, 2. Foreningens Indretning og Bestyrelse, 3. Forsikringen, 4. Erstatning, 5. Ligningen («Inden 15. Mai i det Aar Skaden skjer, maa en Baads Ødelæggelse være anmeldt for Direktionen, og Anmeldelsen ledsaget af fornødne Bevisligheder»), 6. Generalforsamlingen.» Innhaldet av kvart einskilt punkt tek eg her ikkje med. Det er likevel viktig å merke seg at trygdinga av båtar skulle ha ei sterk avgrensing i tid. Etter utkastet skulle trygdinga berre gjelde tidsromet frå l. januar til 30. april. Det var såleis berre under vinterstorskefisket trygdeordninga skulle gjelde, men båtane skulle også vere trygda så lenge dei låg i hamn, trass i så utrygge hamneforhold som rådde på Flø, ved Skorpa og i Kvalsundet. Lensmennene på søre Sunnmøre vart oppmoda om å sende inn pålitande oppgåver over kor mange båtar det fanst i deira tinglag, kor høgt dei ville taksere verdien på kvart båtslag, og kor mange båtar som hadde kome bort kvart av dei tre siste åra under torskefisket. Vi skal ikkje gå nærmare inn på korleis det gjekk med dette nye trygdetiltaket. Derimot skal det nemnast at det vart skipa eit felles trygdelag for skip: «Aalesund og Molde Skibsassuranceforening». Den fyrste store glansperioden for dei ulike former for trygding er likevel 1890-åra. Når det gjeld trygding mot brannskade, finst det ein særleg grunn til at folk måtte innsjå kor viktig branntrygda var for dei sjølve. Det braut ut brann i Halkjelsvik ei laurdagsnatt i byrjinga av mai 1890. Mellom kl. 2 og kl. 3 fatna det i kontor- og bakeribygget til landhandlar O. Svendsen. Kontoret låg i eit fløy-bygg attmed bakeriet. Folk la ikkje merke til brannen, før det var for seint å berge huset. Straks etter stod også krambua i lys loge. Kontoristen Vassbotn visstnok den seinare så kjende Anders Vassbotn låg saman med Alf Svendsen på ein kvist i krambubygget. Han vakna av brannlukta og høyrde samstundes skrål frå folket, som hadde samla seg nedanfor vindauga. I ein fart fekk han vekt kameraten sin. Elden var alt synleg gjennom lykleholet, og røykstriper synte seg i dørsprekka. I all hast og berre i skjorta måtte dei to unge mennene hoppe ut gjennom vindauga, utan å få med seg det minste av det dei åtte. Elden breidde seg snøgt også til dei nærmaste husa, og fem naust stod snart i lys loge. Det såg snart farleg ut også for den nærmaste tette husklyngja, der telegrafstasjonen og apoteket låg, men heldigvis var det stilt ver med berre eit veikt vinddrag i frå aust. Ein hengde opp våte segl på det nærmaste bustadhuset og reiv ned dei to nærmaste nausta, før elden fekk tak i dei. Etter kvart som meir folk vakna og strøymde til, tok dei til å bere ut varer frå krambua, og berga nokre båtar og sjøreiskapar ut or dei nausta, som alt hadde teke fyr. Klokka halv seks sundags morgonen hadde ein greidd å sløkkje elden. Av alt det som brann, var berre krambua og kontorbygninga trygda i «Norges brandkasse» for 3600 kroner. Varelageret var trygda i «Norden» for 7000 kroner. Eit naust var trygda for 80 kroner, og noko lausøyre på kontoret og i krambua for 480 kroner i «Voldens Brandforsikringsforening». «Ugebladet» skriv om denne brannulukka at ho var «et alvorligt varsko til indbyggerne i det nu såa meget og tæt bebyggede Halkjeldsvik, thi det viste sig hvor hjælpeløse man stod, trods den tilstrømmende store folkemasse, blottede som man var for ordentlige slukningsapparater». Det er ikkje utruleg at denne ulukka verka med til å gje trygdetanken ein alvorleg framskuv. Sikkert er det i alle fall at det eine trygdeselskapet etter det andre tek til å rykkje inn annonser i lokalbladet i Volda, både norske og utanlandske selskap. Men det er no oftare tale om livstrygding enn om branntrygding. Blant branntrygdelaga som teikna forsikringar i Volda, finn ein «Norden», «Vesta» og «Storebrand», forutan det lokale branntrygdelaget. Av livsforsikringsselskap er det «Idun», det amerikanske selskapet «Equitable» og folkepensjonsselskapet «Glitne»», som byd livstrygding i lokalbladet «Ugebladet». Frå 1892 finn ein her både artikkelstoff og lysingar om krøterforsikring. Både det svenske «Skandinaviska kreaturforsåkringsbolaget» og det norske selskapet «Bjørgvin», som vart stifta i 1893, baud forsikring av husdyr i 1890-åra. 8

Fleire gardar har teke vare på dei galme kvernhusa sine, og ikkje så få vart nytta under siste verdskrigen. Dette biletet er frå Aldalen. et finst fleire grunnar til at brannfaren vart ein stadig meir aktuell samfunnssak ut gjennom førre hundreåret. Saka hadde i røynda fleire ulike sider. Der folk budde saman og hadde bruk for eld til varme eller til lys, var det alltid ein viss fare for at det kunne oppstå såkalla «lauseld», at menneska kunne misse det sikre herredømet over elden, at elden vart til herre i staden for til tenar. I det mørke vinters-halvåret var menneska avhengige av elden i ein grad, som vi i våre dagar har vanskeleg for å skjøne. Elden måtte fylgje menneska på vandringane deira i fjøs, kjellar, naust og løde, lyse for dei under mangt eit arbeid ute eller inne. Reint allment sett var difor faren for lauseld svært stor, og utvegane til berging få i det gamle gardssamfunnet. Byggjemåten gjorde denne faren berre enno større. Husa stod tett saman og var langt talrikare på dei gamle gardane enn i vår tid. Det er ikkje uvanleg å finne 20 30 hus på ein litt større gard. Det kunne finnast eit par kufjøsar, og sauefjøs, grisehus, hestestall for seg. Det kunne finnast fleire løder og meir enn eitt naust, og smie, kvernhus og sommarfjøsar lenger frå gardstunet. Til dette kom det at grannane i regelen budde samla på eitt og same tunet, der bustadhus og bruksbygningar låg vegg i vegg. Reint allment sett var difor faren for lauseld svært stor dei fleste stader, før elektrisiteten overtok mange av dei funksjonane, som den opne elden hadde hatt åleine frå gammalt av. Men denne allmenne faren for lauseld har alltid rådd, og han var knapt nok særleg større i 1860-åra, enn han hadde vore før. Men derimot kan det nok hende at folk var meir merksame på eldsfåren enn dei hadde vore tidlegare. Det stod klarare for dei kva verdiar som stod på spel, om ein eldsvåde skulle bryte ut, kor økonomisk øydeleggjande ein eldsvåde i røynda var. Men i røynda kom visstnok ikkje redsla for enn eventuell brannvåde så mykje av at brannfaren hadde vorte større enn før. Det hadde sikkert meir å seie, at folk no hadde fått større verdiar å take vare på og bere ansvar for. På det økonomiske området er den indre soga om bygdelivet i førre hundreårei stor mon ei forteljing om korleis bøndene gjekk over frå leiglendingsskapen til dei personlege eigedomsretten til gard og jord, til hus og heim. Det er denne overgangen til sjølveige, som tvingar fram utskiftingane av jorda, og får bøndene til å flytte bustadhus og bruksbygningar ut frå det eldgamle fellestunet. Denne prosessen var enno ikkje på langt nær fullførd, då «Voldens Brandforsikringsforenig) vart skipa. Dei tette husklyngjene på større gardar var enno ein særskild vågnad for branntrygdelaget dei fyrste åra, og det er berre rimeleg at denne vågnader vart grundig drøfta, då trygdelaget vart skipa. I par.gr. 17 vart det vedteke, at de ikkje skulle vere høve til å trygde hus i kjøpstader, eller i det heile bygningar og lausøyre i såvorne bygningar, som låg nærmare enn 60 alner 9

frå eldsfarlege anlegg. I par.gr. 18 sette ein absolutt forbod mot å trygde noko hus for meir enn 5% av takstsummen, eller innbu i noko hus, når det låg så nær nærmaste bygning, at ein måtte rekne med at det ville verte øydelagt ved ein og same eldsvåde. Utsyn frå Melshornet. Amdalen med gardane Brautaset og Brune til venstre. Så Vassenden, Vatne og Bjørdalen med Kvennadalen lengst oppe. I forgrunnen Haugen og Krøvel. Og mitt i ligg Vatne-Vatnet. Med andre ord ville huset då verte ein del av ein større vågnad. Avstanden mellom kvar vågnad skulle i alle tilfelle vere minst 60 alner. I røynda kom såleis «Voldens Brandforsikringsforening» til å øve eit visst moralsk press på bøndene og på forsikringstakarane i det heile. Dette moralske presset skunda fram ei utvikling frå dei teigblanda bruka til dei utskifte og sjølvstendige einmannsbruka, ei utflytting frå fellestuna og ein overgang til full sjølvråderett over gard og jord. Dette er ei utvikling som heng nøye saman med overgangen til sjølveige innan jordbruket. Trygdelaget og bygdebanken var viktige reiskapar i denne utviklinga. Det er sjølvsagt ikkje lett å påvise, kor mykje desse to nye institusjonane har hatt å seie; men det er sikkert rett å rekne med, at både dei nye høva til pantelån, og høvet til å trygde dei pantsette eigedomane i høg grad har fremja bondesjølveiga og den frie utviklinga innan jordbruket. Men på den andre sida fanst det også røynlege grunnar til at folk måtte ta det alvorlegare med brannfaren i siste halvparten av førre hundreåret enn før. Særleg vart brannfaren sterkt auka då dei nye fyrstikkene kom i bruk. Den fyrste norske fyrstikkfabrikken vart grunnlagd i Kristiania i 1844, men flytta i 1860 til Nitedal etter ein brann, og fekk sidan namnet «Nitedals Tændstikfabrik». Han ligg no på Grønvold ved Oslo. Men nett i 1860-åra tok denne fabrikken til å framstelle ein ny slag fyrstikker. Det var såkalla «kalifyrstikker» eller «sikkerhetsfystikker». Dei fyrste fyrstikkene av dette slaget, som redaksjonen i «Postbudet» hadde sett, er omtala i januar 1867. Det var fyrstikker frå den svenske fyrstikkfabrikken «Lilla Edet». Det er ein interessant tidssamanheng mellom desse nye fyrstikkene og skipinga av «Voldens Brandforsikringsforening», sjølv om det ikkje let seg gjere å påvise nokon sikker årsakssamanheng. Derimot er det lett å forstå kvifor bladet på Ekset ofra så pass mykje spalteplass på brannfaren som det gjorde nett i tida kringom midten av 1860- åra. Branntrygdinga hadde fått ny aktualitet. Ein heil del spalteplass ofrar bladet også på omtalen av nye sprengstoff, som vart tekne i bruk frå slutten av 1860-åra. Særleg vart brannfaren større etter at både fyrstikkene og petroleumslampane kom i bruk. Bladet «Møringen» fortel i 1871 kor farlege desse nye lampane kunne vere. Ei brannulukke hadde nyleg funne stad ved ein eksplosjon i ein petroleumslampe. Det hadde utvikla seg gass, som hadde teke fyr og fått heile lampen til å eksplodere. Den brennande oljen hadde flote utover, og hadde sett eld på golv, vegger og tak. «Ugebladet» på Ekset gav opplysningar om korleis folk kunne verne seg mot denslags eksplosjonar. Det var farleg å setje petroleumslampar for nær vindauga eller i fri luft. Ein skulle vere varsam med å bere ein tend lampe opp gjennom ei tropp, eller lyfte han snøgt opp frå bordet, eller blåse lyset ut gjennom den øvre opninga på lampeglaset. Bladet hadde også andre gode råd å gje, som kunne hindre at eksplosjonar og brannulukker fann stad. I det heile var dei fyrste petroleumslampane frå 1860- og 1870-åra dårlege og brannfårlege. Men i 1890-åra hadde ein teke i bruk brannsikre og svært lyssterke gasspetroleumslampar, dei såkalla eksplosjonsfrie petroleumslampane. Ein slik gasslampe er omtala i «Ugebladet» på Ekset sommaren 1893. Han skulle gje nesten like klart og kvitt lys som dei elektriske lampane. I hovudsaka høyrer elektrisiteten som lyskjelde og kraftkjelde vårt hundreår til. Han kjem i stadig meir allmenn bruk frå fyrste verdskrigen av. Men dei fyrste kraftverka tok meir sikte på å syte for elektrisk lys i mange heimar, enn på å vere varmekjelder eller kraftkjelder. Det heiter enno den dag i dag «Oslo lysverker» av den grunn. Fyrst lid ut i 1920- og 1930-åra slår utnyttinga av elektrisiteten som varmekjelde og kraftkjelde jamt sterkare igjennom. I fyrste omgang er det greitt at 10

elektrisiteten i høg grad auka brannfaren. Den allsidige bruken til lys, varme, energi for motorar til ei heil rekkje nye maskinar, og den mangslungne bruken av elektrisiteten på nesten alle praktiske livsområde gjorde han til den største og farlegaste brannårsaka i det heile. Men på den andre sida finst det i vårt hundreår heller ingen brannfare, som folk er så merksame på og så varsame overfor. Ja, nett på grunn av den potensielle brannfaren elektrisiteten alltid representerer, har han skapt eit allment ynske om å verne hus og eigedom, verkstader, fabrikkar og driftsmidlar. Og dette allmenne ynsket har skapt mottiltak i form av eit effektivt brannvern og eit godt brannutstyr, både gjennom ei heil rekkje førebyggjande tiltak på teknisk veg, og gjennom ein slag forsvarsvilje mot brannfaren, som samlar alle krefter. I røynda har alt dette redusert faren for brannulukker nokså sterkt. Når brannar bryt ut i våre dagar, fører dei i dei aller færraste tilfelle til større materielle tap, og når dette likevel hender, er det nesten unntakslaust trygdeselskap som tek på seg kostnadene. tter det ein no veit, var det presten Colstrup som skipa den fyrste gjensidige bygdebrannkassa i Noreg, nemleg «Brandkasse for Nes sogn» på Romerike i 1690-åra. Norges Brandkasse eller «Landets almindelige» vart skipa i 1767, men på bygdene var det få som trygda her, bortsett frå embets- og handelsmenn. Det fyrste gjensidige branntrygdelaget i Møre og Romsdal, eller i Romsdals amt som det den gongen heitte, var «Vedø og Vestnes Brandforsikringsforening», som vart skipa i 1841. På Sunnmøre vart desse trygdelaga skipa i åra fram til 1890: Nordalen og Stranden Brandforsikringsforening............... 1859 Borgund og Skoue Brandforsikringsforening.................. 1860 Herø, Sande, Ulfsten og Vanelven Brandforsikringsindretning.... 1864 Voldens Brandforsikringsforening.......................... 1866 Hjørundfjord Brandforsikringsforening....................... 1874 Søkelven Brandforsikringsforening.......................... 1887 Haram Brandforsikringsselskab........................... 1890 11

12

Det finst ikkje nokor kjelde som fortel kven som i grunnen gjorde opptak til å få skipa eit branntrygdelag for Volda. Planen om dette tiltaket dukkar nokså uventa opp i formannskapsprotokollen den 29. august 1866, og referatet fortel berre, at etter forslag frå ordføraren vart det vedteke å halde eit representantmøte i Halkjelsvik laurdag den 29. september, der ein skulle gå gjennom ein «Plan for en Brandforsikringsforening for Voldens Præstegjeld». Men på den andre sida kjem dette tiltaket heller ikkje så uventa. Herøy og Ulstein kommunar hadde gjort opptak til eit branntrygdelag for hus i 1864, og eit liknande trygdelag hadde vorte skipa for Borgund og Skodje alt i 1860. Det var statuttane for dette trygdelaget, som vart lagde til grunn, både for trygdelaget for Herøy og Ulstein, for «Voldens Brandforsikringsforening» og også for ein del andre branntrygdelag, som seinare kom til. Det var difor desse statuttane som vart gjennomgådde og diskuterte på møtet den 29. september 1866. I det store og heile vart lovene for Borgund og Skodje branntrygdelag vedtekne utan større forandringar. Det vart straks vedteke å sende planen inn til godkjenning gjennom futen til amtmannen. Han skulle deretter trykkjast og delast ut til alle medlemer av respresentantskapet i trygdelaget. Dei skulle gjere han kjend, kvar i sin krins, og take imot innmelding i trygdelaget frå alle som ynskte medlemsskap. Dei skulle også take ein førebels takst på verdien av hus, som folk ynskte å få trygda, og sende inn sine «Optegnelser» til ordføraren. Han skulle deretter kalle saman ei generalforsamling til val av styremedlemer og revisorar for branntrygdelaget. Det er tydeleg at ein ikkje rekna med at den vedtekne planen skulle møte større innvendingar frå høgre hald. «Postbudet» tok han inn i bladet alt 13. oktober 1866, før amtmannen sine merknader enno var kjende, og då amtmannen tok stode til planen 8. november, vart det vedteke å halde fast ved han i den form han allereide hadde frå før. I hovudsaka var han fullt i samsvar med planen for Ørskog branntrygdelag, og dei paragrafane amtmannen hadde gjort merknader ved, var også i samsvar med «Akerhus Amts Brandassuranceforening». Det var trygdelag som allereide hadde ei viss røynsle å byggje på, og på det grunnlaget fann ein det forsvarleg å halde fast ved det opphavlege utkastet av 29. september 1866. Den første planen for «Voldens Brandforsikringsforening», slik «Postbudet» på Ekset tok han inn i bladet den 13. oktober, såg slik ut: «Plan for Voldens Brandforsikringsforening. l. Enhver Beboer af Voldens Præstegjeld, som med Retsvirkning kan forpligte sig, har Adgang til at indtræde i Foreningen. Foreningens Hensigt er at forbinde Medlemmerne til at være hinanden behjælpelige i Ildebrandstilfælde efter denne Plans Bestemmelser. Ogsaa udenfor Volden Boende kunne indtræde, hvis Bestyrelsen ikke tinder Vanskeligheder derved. 2. Foreningen ansees ikke traadt i Kraft, førend en Verdi af 50 000 Spdir. er antegnet til Forsikring. Den Sum, 1 hvilken hvert Medlem er antegnet, bliver den, i Forhold til hvilken ordinær og extraordinær Brandkontingent skal udredes og Brandhjælp erholdes, og udsteder Formanden til hvert Medlem en Police, hvori Forsikringssummen angives. 3. Den ordinære Brandkontingent fastsættes til 10 Skill. om Aaret for hvert 100 Spdir. af Forsikringssummen. Enhver som indtræder i Foreningen, eriægger i Indtrædelsespenge l Skill. af hver 10 Spdir., hvorfor han vil forsikre, og ansees dette som Kontingent i det Aar, for hvilket han er indtraadt. Siden eriægges Kontingenten forskudsvis inden hvert Aars Januar Maaneds Udgang. Er det Resterende ikke betalt inden 31. Marts, sendes straks Restanceliste til Lendsmanden til Udpantning. 4. Foreningens Midler indsættes snarest muligt i nærmeste authoriserede Sparebank. Er den saaledes opsparede Kapital steget til af den hele Forsikringssum, kan Generalforsamlingen bestemme Nedsættelse i den ordinære Kontingent for dem som have været Medlem i et vist Antal Aar. Er den steget til l, kan yderligere Nedsættelse bestemmes. Udgjør den opsparede Sum 5 af Forsikringssummen, kan Generalforsamlingen bestemme hvoriedes Overskuddet skal anvendes. 5. Som udtraadt af Foreningen betragtes: a. den, som har udmeldt sig, hvilket maa skje skriftligt med Vitterlighedsvidner, hvorhos tillige den erholdte Police tilbageleveres. b. Den som negter at b. modtage Valg til nogen Bestilling, som efter denne Lov kan falde paa ham, naar ikke saadant Fortald kan opgives, som Bestyrelsen tinder gyldigt. c. den, hos hvem Brandkontingenten ikke ved Udpantning kan erholdes. Tiden for Udtrædelsen regnes frå den Tid Formanden har noteret i sin Protokol, dersom man ikke er bleven enij om en anden Termin, hvilket bliver at tilføre i Protokollen. Ved Udtrædelse kan dog ingen fri sig frå den extraordinære Kontingent, som grunder sig paa nogen tidligere end Udtrædelsen indtruffen Begivenhed. 6. Skulde såa mange Medlemmer udgaa, at Forsikringssummen ikke udgjør 50 000 Spdir., kan Foreningen ophæves, hvis 2/5-Dele af de igjenstaaende Medlemmer ønsker det, og Kongen approberer Beslutningen heroin. Hvad der i dette Tilfælde bliver tilovers af den opsparede Kapital, deles mellem de daværende Medlemmer efter deres Assurancesummer, forsaavidt de have været Medlemmer i de sidste 10 Aar, for kortere Tid i Forhold. Om Bestyrelsen. 7. Foreningens ordinære Generalforsamling, hvori ethvert Medlem er stemmeberettiget, holdes hvert Aar i December Maaned paa Øiralandet i Volden. De ikke mødende Medlemmer er bundne ved de Beslutninger, som de Mødende fatter. Generalforsamlingen vælger Direktion, Kredsbestyrere og Revisorer samt deciderer Regnskabeme, der i det ordinære Møde fræmlegges med Revisionens Bemærkninger, og fatter Beslutning i de Sager, som af Direktionen forelægges. Beslutninger til Forandring af eller Tillæg til 13

denne Lov maa have 2/3 av de Mødendes Stemmer for sig og kan ikke afgjøres paa samme Generalforsamling, hvorpaa de er fremsatte oj bliver ikke gyldige uden kongelig Approbation. Til andre Beslutninger behøves kun simpel Pluralitet. 8. Direktionen bestaar af en Formand og såa mange Bestyrere, som Foreningen har Underafdelinger eller Kredse (Distrigter). Den holder i Regelen Møde maanedligt, forsaavidt det er fornødent. Den vælger mindst 4 Taxationsmænd for hver Kreds. 9. Formanden fører og bevarer Foreningens Hovedprotokoller, aflægger det aarlige Hovedregnskab, meddeler Generalforsamlingen Opiysninger om Foreningens Virksomhed, sammenkalder de fomøde Møder, og har i det Hele at varetage Foreningens Tarv. 10. Bestyrerne paaligger det, hver i sit Distrigt, at modtage Indmeldelser i Forningen, afholde Taxter, og indføre det Fornødne i Taxtprotokollen; at føre en Fortegnelse over de i Distrigtet værende Medlemmer, indkassere ordinær og extraordinær Brandkontingent, og derfor aflægge maanedligt Regnskab til Formanden. 11. Til Betryggelse for Foreningen og Understøttelse for Bestyrerne i det jævnlige Tilsyn, hvilket de bør have med at Ildstederne ere forsvarlige og mislig Omgang med ild i Tide paatales osv., skal enhver Bestyrer inddele sit Distrigt i Roder paa høist 10 forsikrede Eiendomme, og for hver af disse Roder udnævne en Tilsynsmand, som det især paaligger at føre det nævnte Tilsyn med sin Rode, samt indfordre Brandkontingenten. Hvert Aars Oktober Maaned skal Tilsynsmanden foretage en almindelig Besiktigelse af samtlige Ildsteder, og derom give Indberetning til Bestyreren. 12. Revisorerne paaligger det at auktorisere Foreningens samtlige Protokoller, at revidere Formandens Aarsregnskab saaledes, at det kan fremlægges for Generalforsamlingen til Decision. Desuden skal Første-Revisor føre en Kotrolbog, overensstemmende med Formandens Hovedbog, samt holde denne ligeløbende med Af- og Tilgang, i hvilken Hensigt han en Gang hver Maaned møder hos Formanden. Ved denne Anledning konfererer han tillige Bøgerne, og paaser at de indkomne Penge ere indsatte i Sparebanken. 13. Alle Bestillingsmænd i Foreningen vælges paa 2 Aar, og hvert Medlem er pligtigt at modtage Valg, dog ikke Gjenvalg før efter 4 Aars Forløb. Generalforsamlingen kan tilstaa Løn for Formanden og første Revisor, hvis de gjentagende modtage Gjenvalg. Om Taxter 14. Bestyreren og mindst 2 af Kredsens Taxationsmænd afholde snarest muligt efter Forlangende Taxter over det, som ønskes forsikret. Taxationsforretningen indføres straks i Kredsens Taxtprotokol, og bør ved Bygninger indeholde Forklaringer over hver enkelt Bygnings Størrelse, Afdelinger, Indretning og øvrige Beskaffenhed, og hvorvidt Murverket er taxeret, samt den satte Taxt. Ved løse Gjenstande som Kakkelovne, Løsøre, Møbler, Avling, Kreature, Redskaber med mere, blive disse opgivne klassevis eller under et af Eieren til en vis Verdi, og bliver denne anført som Forsikringssum, hvis Taxationsmændene kunne skjønne at den ikke er for høi. Forsikringssummen for hvert særskilt Medlems forsikrede Eiendele, løse og faste tilsammentagne, reduceres saaledes, at hvad der er under 100, er deleligt med 10. Overtaxter udføres af 5 blandt samtlige Bestyrere og Taxationsmænd af Formanden for Tilfældet udnævnte Mænd. Hvem af dem som skal administrere Forretningen, bestemmes ligeledes af Formanden, og Forretningen indføres i vedkommende Kredses Taxtprotokol. 15. Hvert 10. Aar eller før, naar Generalforsamlingen for enkelt Tilfælde finder det fornødent, afholdes nye Taxter over samtlige forsikrede Bygninger og andre Gjenstande, ved hvilken Leilighed alle Ildsteder eftersees, om de ere i forsvarlig Stand, og det Fornødne tilføres i Taxtprotokollen. 16. Naar nogen Forretning i Anledning Forsikring eller Brandskade skal skje hos nogen Bestillingsmand, deltaker denne ikke i Forretningen, men en anden tilkaldes. 17.Huse i Købstæder, samt Kornmøller, Kjoner («kylner»), Fabriker, eller lignende ildsfarlige Indretninger, kunne ikke antages til Forsikring, ligesaalidt som løse Gjenstande, der opbevares i disse, eller Bygninger, der ligge dem nærmere end 60 Alen. Ikke heller Krudt, rede Penge, Pretiosa («prydting, verditing»). Kunstsager eller Dokumenter. 18. Ingen Husebygninger eller deri værende Gjenstande, der ansees for at høre til en Resiko, eller have saadan Beliggenhed at de kunde befrygtes at ville forgaa ved samme Ildebrand, kunne i noget Tilfælde ansættes til et høiere Beløb end 5 Procent af Forsikringssummen, og i intet Tilfælde over 5000 Spdir. Afstanden mellem hver Resiko ansættes til 60 Alen. Om Erstatning. 19. Erstatning gives hver af Medlemmerne for det Tab han maatte lide paa de til forsikring tegnede Gjenstande, forsaavidt saadant Tab maatte opstaa af ulykkelig Ildsvaade, eller af Skade foranlediget ved Lynild, eller ved Nedrivning af Bygninger som til Ilds Standsning maatte være foretaget. Ligeledes erstattes Beskadigelse af forsikrede Gjenstande, saavel som Omkostninger ved deres Flytning og Redning, om endog den Bygning, hvor de vare, ikke virkelig angribes af Ilden, naar der var såa megen Grund til at frygte saadant, at Flytningen maatte ansees hensigtsmæssig. 20 Naar saadan Brandskade har fundet Sted, bør den Brandlidte straks derom gjøre Anmeldelse til vedkommende Bestyrer, der hastigst muligt har at indfinde sig paa Brandstedet for at foretage det Fornødne. Såa snart muligt maa han, helst i Forening med en anden af Foreningens Bestillingsmænd, foretage hvad der kan gjøres til Opdagelse af Aarsagen til Ildens Opkomst, hvorom Formanden straks maa underrettes. Deretter afholdes paa Brandstedet Taxt over de muligens tilbageværende Dele af Husene, eller andre i Ruinerne brugbare og nyttige Ting, eller udbragte og reddede Sager hvorover nøiagtig Fortegnelse optages. 14

21. For at der kan haves Rigtighed for hvad Ilden har beskadiget eller fortæret af løse Gjenstande, og hvad deres Værd er, skal Vedkommende være forpligtet til ved sine Bøger og Regnskaber, eller ved sine Folks Vidnesbyrd (om forlanges edeligt Tingsvidne), at bevise dette. Kan Beviset ikke paa denne Maade føres, tillades det Eieren (saafremt der ikke er at formode uredelig Adferd) saaledes som han ved Ed vil bekræfte, at opgive de tabte Varers Mængde og Værdi. Overstiger Skaden den forsikrede Kapital, er det Øvrige Foreningen uvedkommende. Men dersom der i den opbrændte Bygning har været flere Gjenstande af samme Art, som de der ere forsikrede, skal Skaden forholdsmæssigt fordeles paa den hele Værdi, uden Hensyn til om det Forsikrede er ræddet, eller det ikke Forsikrede. Er Effecternes Værdi for Exempel 400 Spdir., hvoraf er forsikret for 200 Spdir., og der ræddes for 100 Spdir. af den hele Værdi, erstatter Foreningen kun 3/4-Dele af det Forsikrede, eller 150 Spdir. 22. Er Brandlidte eller vedkommende Bestyrer misfornøiet med nogen af disse Taxter, forlanges Overtaxt inden 48 Timer ved skriftlig Henvendelse til Formanden. 23. Den saaledes bestemte Erstatningssum har Brandlidte Ret til at erholde af Foreningen. Dog kan Direktionen nedsætte eller endog ganske nægte Erstatningen, hvis Branden bevislig er foraarsaget ved Eierens Uforsigtighed, især hvis han af Tilsynsmanden eller andre af Foreningens Bestillingsmænd forgjseves er advaret, eller hvis Brandlidte har vist Forsømmelse med Hensyn til Forsøg paa at slukke Ilden eller rædde de forsikrede Gjenstande. Er der Grund til at antage svigagtigt Forhold frå Brandlidtes Side, paatales Sågen efter Lovgivningen. 24. Befindes den opsparede Sum utilstrækkelig til at udrede den pligtige Skadeserstatning, foretager Direktionen Ligning af extraordinær Brandkontingent. Direktionen afpasser Ligningen i saadanne Terminer, at hver Termin i Regelen bliver 10 Skill. af hvert forsikret 100 Spdir., og med 3 Maaneder mellem hver Termin. Skulde den udlignede Sum være såa stor, at der paa denne Maade vilde medgaa mer end 2 Aar, da tages enten flere Terminer aarligt, eller hver Termin sættes større. Brandhjælpen udbetales efterhaanden som dens Værdi er anskaffet i Stedet for det Afbrændte eller Beskadigede. Dog kan Direktionen bevilge 1/3-Del forskudsvis betalt. 25. Finder den Brandlidte sig i nogen Maade forurettet ved Direktionens Bestemmelser, kan han appellere til Generalforsamlingen, der enten seiv, eller ved en Udvalgt, paakjender Sågen, og denne Kjendelse er bindende for begge Parter. 26. Naar Ligning af Extraordinær Brandkontingent er bestemt, skal en Afskrift heraf for hver Kredses Vedkommende nedlægges hos Bestyreren, som sørger for at bekjendtgjøre den for Vedkommende. Er en Termin ikke betalt inden 2 Maaneder efter Forfaldstid, er den forfalden til Udpantning. 27. Er nogen forsikret Gjenstand belastet med tinglæst Hæftelse, bliver Tredjemands Ret i de i 5 og 23 omhandlede Tilfælde forbeholdt efter Bestemmelserne i Lov af 19. august 1845: Om almindelig Brandforsikrings Indretning, 3, 34 og 35. 28. I Tilfælde af Uvederhæftighed hos nogen Medlem, bliver Tabet som deraf flyder, ikke Brandlidtes Anliggende, men samtlige Medlemmers, der i såa Fald maa finde sig i Efterligning for den saaledes opstaaede Defekt. 29. Af denne Plan tildeles hvert Medlem et Exemplar. Saaledes vedtaget i Repræsentantsamling for Voldens Præstegjeld den 29. September 1866. M. A. Aarflot, for Tiden Ordfører.» Maurits A. A ar f lot Formann 1867 1868 Kaptein Gregersen Formann 1871 1872 Rasmus A ar f lo t Formann 1873 1874, 1882 1883 15

Vebjørn Svendsen Formann 1875 1876 Rasmus J. Mork Formann 1877 1881 Sivert Nossen formann 1884 1885, 1896 1897 Laurits Barstad Formann 1886 1889 Rasmus R. Halkjelsvik Formann 1892 1895 Mauritz Halkjelsvik Formann 1900 1903 L.O. Høidahl Formann 1904 1909 Anders Vassbotn Formann 1910 1912 Ola N. Klepp Formann 1913 1916 Ola R. Heitne formann 1917 1920 Ola O. Engeset forman 1921 1946 Sverre O. Engeset forman 1947-1979 Denne planen vart godkjend ved kgl. resolusjon av 9. april 1867. I juni nemnde kommunestyret i Volda opp nokre menn, som skulle gå rundt med lister og samle inn «Optegnelser» på folk som ville vere medlemer av branntrygdelaget. Desse listene skulle deretter sendast inn til ordføraren innan 14 dagar. Og endeleg vart alle medlemer, som hadde teikna seg, kalla inn til eit møte i Halkjelsvik den 17. juli 1867, der branntrygdelaget skulle «konstituere seg» og halde val på funksjonærar i fylgje 16

lovene. Det kan såleis vere eit noko uvisst val, kva for ein dag ein skal rekne for skipingsdagen, den dagen lovene vart vedtekne, den dagen dei fekk kgl. godkjenning eller konstituerindagen. Rettast er det visstnok å halde den 29. september for skipingsdagen, sjølv om det gjekk ei viss tid før trygdelaget kom i verksemd etter lovene var vedtekne. Dei listene som kom inn, gjev eit visst mål for den interessa det nye branntrygdelaget vart møtt med rundt i bygdene. Dei som hadde skrive seg på, ynskte å få trygda eigedomar for i alt 28870 spdir.; men til møtet den 17. juli var enno ikkje 10 av listene innkomne. Ein visste likevel at det hadde teikna seg så mange forsikringstakarar, at den samla trygdesummen var komen opp i minst 40 000 spdir. Det hadde såleis ikkje meldt seg så mange trygdetakarar, at ein nådde den summen som var føresetnaden i planen. Under møtet høyrer vi likevel ikkje noko om at det rådde nokon tvil om at trygdelaget skulle setjast i verksemd. I møtet vart ein tvert imot samd om å velje ein formann og eit styre, som for det fyrste skulle ta på seg å få trygdelaget i gang og leie det, i alle fall til ei generalforsamling kunne kallast saman. Til formann for branntrygdelaget valde ein Maurits A. Aarflot allereide på dette fyrste møtet, og det var difor også han som leidde det. Møteboka nemner elles ikkje noko styre, men er underskriven av Nils I. Kjølås og Arne Pedersson Driveklepp, saman med formannen. Fyrst på eit møte same hausten kan ein sjå at trygdelaget hadde fått eit fullstendig styre. VERKSEMDA KJEM I GANG orleis «Voldens Brandforsikringsforening» vart driven dei fyrste åra, veit vi ikkje stort meir om enn det planen fortel, og det vi kan slutte oss til på grunnlag av den organisasjonsforma som planen strekar opp. Det vart i grunnen formannen som fekk nesten alt å seie. I fylgje par.gr. 9 var det han som førde protokollane og hovudrekneskapen, leidde verksemda og kalla saman til møte. Ute i krinsane førde krinsstyrarane alt tilsyn med dei trygda eigedomane og kravde inn kontingenten. Både talet på krinsar og talet på poliser innan kvar krins steig nokså snøgt dei fyrste åra. Eit skjematisk oversyn kan best gje inntrykk av den voksteren som gjekk for seg innan branntrygdelaget fram til tida kringom år 1900. (Sjå neste side.) I det store og heile syner dette skjemaet ei jamn og sterk økonomisk utvikling innan laget fram til hundreårsskiftet. Framgangen var så god, at laget frå 1879 førde inn kontingentfrie vågnader. Vedtaket om dette skal nærmare omtalast nedanfor. Etter 1891 gjev ikkje rekneskapen opp særskilt kor stor del av vågnadssummen som fall på lausøyre. Det er visstnok vedtaket om kontingentfrie vågnader, som best kan forklare kvifor den samla kontingenten ikkje stig noko større etter 1879. Han held seg dei fylgjande åra på omkring 1200 1300 kroner for året, og ligg i 1890-åra for det meste på kringom 1000 kroner, i byrjinga av 1890-åra også under dette talet, og det endå talet på polisene og på krinsane er stigande i denne tida. Allment sett er grunnen til at kontingentinntektene heldt seg så lågt som dei gjorde, at både kommunestyret og styret for «Voldens Brandforsikringsforening» var prinsipielt imot høge premiar. Premiane skulle i det heile ikkje setjast høgre enn at trygdelaget kunne greie seg økonomisk. Hovudføremålet var at trygdelaget skulle tene trygdetakarane, og ikkje omvendt, og dette synet galdt ikkje berre når det var spørsmål om trygdelaget, men også når det galdt banken og den økonomiske verksemda i det heile. Likesom trygdepremiane skulle også rentefoten haldast nede på eit høveleg lågmål. I så måte gjorde kommunestyret i Volda klart greie for bygdesynet i eit skriv til futen våren 1870, etter at kommunestyret hadde fått pålegg om å gje ei fråsegn om korleis aukinga av rentefoten i 1857 hadde verka. «Loven om Rentefodens Forhøielse af 1857 vakte almindelig Misnøie inden Distriktet, idet man fandt, at Næringsveierne ikke ere af den Bekvemhed og Aarvished, at de taale en saadan Fordyrelse af Laanemidlerne». Så fylgjer det ei utførleg gjennomgåing av alle dei grunnar, som tala for at rentefoten skulle haldast så lågt som råd var: Årstal /Talet på krinsane: Talet på polisene: Samla konting. i kr.: Samla vågnad i kr.: Derav lausøye: 1867/ 9 334 296 355.480 28.380 1868/12 386 381 457.680 83.676 1869/13 465 441 529.160 90.936 1870/16 480 484 581.240 127.972 1871/16 579 546 654.912 103.540 1872/17 623 590 708.452 102.460 1873/17 670 629 754.660 104.472 1874/17 704 685 819.580 112.712 1875/17 724 719 862.020 118.620 1876/15 726 763 915.080 117.836 for Kontingentfri vågnad i kr.: 17

1877/15 816 609 1.091.064 142.160 1878/16 879 1.163 1.315.810 237.570 1879/15 879 1.210 1.477.792 287.365 338.920 1880/15 1.015 1.233 1.572.306 299.683 403.880 1881/15 1.038 1.256 1.622.858 296.411 434.980 1882/15 1.082 1.314 1.731.326 324.088 478.080 1883/15 1.107 1.334 1.787.636 332.458 513.832 1884/15 1.148 1.323 1.834.256 325.358 549.392 1885/15 1.170 1.294 1.872.612 323.238 599.672 1886/15 1.194 1.294 1.945.702 324.848 660.012 1887/15 1.207 1.303 1.997.882 335.473 702.352 1888/15 1.232 1.278 2.089.412 361.335 820.632 1889/15 1.255 1.192 2.153.382 381.441 980.652 1890/15 1.279 960 2.262.027 420.936 1.321.427 1891/16 1.300 958 2.371.862 446.045 1.429.002 1892/16 1.391 1.001 2.464 000 1.473.600 1893/16 1.334 990 2.557.459 1.577.964 1894/16 1.373 1-070 2.700.550 1.640.910 1895/16 1.398 1.076 2.795.757 1.728.144 1896/16 1.424 1.148 9.999 990 1.797.270 1897/17 1-444 1.164 3-019 990 1.861.320 1898/17 1.482 1.2R7 3.170 50R 1.916.949 1899/17 1.515 1.288 3.289-149 2.001.559 1900/17 1.531 1.341 3 408 170 2.080.278 1901/16 1.548 1.343 3.496.972 2.166.702 Den låge renteevna i jordbruket, dei sterke svingingane frå år til år i avkastinga av grunn-næringane jordbruk og fiske, den staggande innverknaden ein høg rentefot ville få på handel og omsetning, og på kredittmarknaden i det heile. Men særleg la ein stor vekt på at ein høg rentefot ville skade den økonomiske tiltaksevna i bygdelivet. Han ville hemje investeringar til jorddyrking, til driftsbygningar, til forbetringar innan jordbruk og fiske, til vidare utbygging og nye tiltak. Det er alltid det same hovudsynet som vert halde fram: Det galdt å tryggje bygdenæringane med alle midlar, og å byggje dei vidare ut, og med tanke på denne utbygginga var det uforsvarleg å setje rentefoten høgre enn 4. Når ein er kjend med dette grunnsynet, så undrar ein seg ikkje over å finne det målbore gong etter gong også innan generalforsamlinga i «Voldens Brandassuranceforening» ut gjennom førre hundreåret. Det er avgjerande for eit så viktig spørsmål som kontingentspørsmålet. Ein har heile tida freista å halde kontingenten nede på eit lågmål og skape så billege trygdevilkår som råd var. Bortsett frå mindre utvidingar ei tid etter at trygdelaget vart skipa, kan ein ikkje tale om nokor større utviding av verksemds-omrddet for trygdelaget. Det har alltid vore og er enno i dag ei bygdekasse med det føremålet å møte den trongen for trygding mot brannvådar, som naturleg melder seg i fjordbygdene på søre Sunnmøre. Vågnadsområdet har vore utvida fleire gonger, og i våre dagar ville grensa for høgste vågnad sikkert ha vore sett enno langt høgre opp, om det hadde vore høve til det. Men også her har ein halde fast ved det synet at «Voldens Brandforsikringsforening» skulle vere ei bygdekasse for landsbygda og bondeinteressene. For tettbygde strok, byar og bygdebyar fanst det andre institusjonar for branntrygd, som meir hadde spesialisert seg for denslags vågnader. Vi skal likevel sjå litt på dei spørsmåla som reiste seg i samband med kontingenten, vågnadene og verksemda i det heile frå start-året 1866 av. 18

Eit namalt bilete frå Volda,. Garden nærast er Otta-garden, der trygdelaget sitt kontor har vore sidan 1921 Frå den vakre Hjorthaug-bygda på nordsida av Auste fjorden. m kontingenten fastsette par.gr. 3 i planen, at forsikringstakarar skulle betale 10 skill. årleg for kvar 100 spdir. av trygdesummen. Særlege innmeldingspengar skulle ikkje betalast, men kvar forsikringstakar skulle betale ein vanleg årspremie, når han melde seg inn i foreininga om det no var tidleg eller seint på året, og denne årspremien skulle også gjelde som innmeldingspengar. Seinare skulle all kontingent betalast forskotsvis innan slutten av januar. Kontingenten vart visstnok fastset på grunnlag av dei røynsler andre liknande trygdelag hadde gjort. «Voldens Brandforsikringsforening» batt seg ikkje på førehand til nokor bestemt nedsetjing av kontingenten, når foreininga hadde nådd ein viss økonomisk styrke, men par.gr. 4 inneheldt vedtak som lova ei slik nedsetjing i ei eller anna form. Paragrafen lova, at når den oppsparde kapitalen foreininga rådde over, hadde nådd opp til ein 1/2 % av heile vågnadssummen, så kunne generalforsamlinga gjere vedtak om å setje ned den vanlege kontingenten for dei som hadde vore medlemer i foreininga i «et vist Antal Aar». Når den oppsparde kapitalen hadde nådd l % av den samla vågnadssummen, kunne kontingenten setjast enno lenger ned. Det kan hende at ein hadde rekna med at trygdelaget skulle nå slik ein økonomisk styrke på 10 år, at ein kunne setje ned kontingenten; men planen sa ikkje noko om det. Likevel fortel styreprotokollen at det var allmenn tru i 1876 at kontingenten skulle nedsetjast. Det var nett på den tid, då dei nye penge-einingane krone og øre skulle innførast, og denne pengeombota ville skape mykje ekstraarbeid for formannen. Difor vart det vedteke å vente enno ei tid med å setje ned kontingenten. Ei slik nedsetjing ville «forøvrigt neppe praktisk kunne besluttes, før de almindelige Omtaxter ere afholdte». Derimot vart 19

formannen pålagd, at han skulle kunngjere frå kyrkjebakkane i Ørsta og Volda kva planen føreskreiv om denne saka, og at det var berre generalforsamlinga som kunne avgjere at kontingenten skulle nedsetjast, når den oppsamla kapitalen hadde nådd 1/2% av vågnadssummen. Elles skulle ein vente med å ta stode til dette spørsmålet til generalforsamlinga 1877. Den samla vågnadssummen hadde no nådd 220 000 spdi. Den 10. oktober 1877 vart så endeleg nokre viktige vedtak gjorde, som tilpassa lovvedtaka om kontingenten til dei røynsler laget hadde gjort dei første 10 åra. Paragraf 4 vart utvida og omredigert. I staden for å gjere ei nedsetjing av årskontingenten avhengig av den økonomiske styrken trygdelaget hadde, førde ein no inn konkrete vedtak, som meir tok omsyn til trygdetakarane enn til trygdelaget. Det syner at «Voldens Brandforsikringsforening» kjende seg økonomisk sterk nok til å fylle den oppgåva, som ho opphaveleg var tiltenkt: Å tryggje det økonomiske bygdelivet fyrst og fremst. For det fyrste vart det vedteke, at kvar medlem av foreininga, som i 12 etterfylgjande år hadde betalt vanleg kontingent for ein uforandra trygdesum eller ein nedsett sum, skulle vere friteken for vanleg kontingent. Dei medlemene, som innan dei 12 siste åra hadde fått takstsummane sine oppsette, skulle framleis svare kontingent for takstauken i 12 år, liksom dei før hadde betalt kontingent for den opphavlege takstsummen; men dei kunne også få betale den samla premien for takstauken på ein gong og sidan vere frie for vidare premie. Også andre medlemer skulle ha fritt høve til å kvitte seg med den årlege kontingenten på ein gong, dersom dei ville betale inn «den bestemte og resterende Kontingent for 12 Aar». Desse vedtaka vart innførde i lovene for laget samstundes med at ein gjekk over frå skillingmynt til kronemynt. For året 1878 vart det vedteke, at alle takstar skulle setjast i kronemynt, men rekneskapen skulle enno førast i skillingmynt. Frå l. januar 1879 skulle både takstar og rekneskapar førast i kronemynt. Overgangen til kronemynt kravde då også eit nytt vedtak om kor høg kontingenten skulle vere heretter i høve til vågnaden. På generalforsamlinga den 10. oktober 1877 vart det difor vedteke å setje kontingenten til l øre pr. 10 kroner vågnad, altså 10 øre pr. 100 kroner vågnad og 40 øre pr. 400 kroner vågnad «som er 12 Skilling pr. 100 Spdir.» Ein skilling var 3 1/3 øre. Ved overgangen til kronemynt vart såleis kontingenten sett noko opp. Han hadde før vore 1/1200-part av vågnadssummen, og vart no sett til 1/1000-part. Men til vederlag for denne auken i kontingenten vart det no vedteke, at kvar medlem som hadde betalt kontingent i kronemynt i 11 år, skulle nyte same fritaking for kontigent, som før hadde vore bestemt for skillingmynt. Det tidlegare vedtaket i denne saka var frå 30. des.br. 1876, og hadde bestemt fritaking for kontingent etter ubroten medlemsskap i 12 etterfylgjande år. Det heiter likevel i styreprotokollen, at når ein sette vilkåret for kontingenten ned til 11 års ubroten medlemsskap, så var dette berre «en Bestemmelse for Overgstiden, og bliver senere nærmere at bestemme». Ei nærmare fastsetjing av kontingenten støyter vi likevel ikkje på i dei fylgjande åra. Dei fleste kontingentsaker i 1880- og 1890-åra er restansesaker, som i verste fall kunne føre til avgjerd for retten. Men med den økonomiske oppgangen i 1890- åra fylgde det jamt større vågnader for trygdelaget, vågnader som i verste fall kunne føre med seg eit økonomisk trygdeansvar for «Voldens Brandforsikringsforening, som kunne verte større enn trygdelaget hadde makt til å bere. Arbeidet med kontingent-spørsmålet vart overlate til ei nemnd, som fekk den oppgåva å revidere lovene for laget i det heile, og kontingentspørsmålet er difor omtala også i samband med denne lovrevisjonen. Men her skal det likevel nemnast at denne nemnda kom fram til at ein burde føre inn ei gradering av trygdeansvaret, og auke kontingenten for særleg høge vågnader. Ein sette ei grense ved vågnadssummar på 20 000 kroner, og gjorde framlegg om å auke kontingenten til 15 øre av kvart trygda 100 kroner over denne grensa. Kontingentsaka i 1897 heng på det nøgnaste saman med dei freistnadene på å utvide vågnadsområdet, som hadde gått for seg ut gjennom heile den fyrste viktige perioden i trygdelaget si verksemd. Inst i Dalsfjorden ligg Steinsvika og Åmelfoten. Her er ein del av Steinsvika i. vinterbunad.» 20