Statens vegvesen Referat Dato: 29.01.2018 Tid: 08:30-11:30 Referent: Ellen Marie Hundvebakke Sakshandsamar/telefon: Kjell Hagesæter/97675165 Vår dato: 30.01.2018 Vår referanse: 18/22768-1 Nordhordlandspakken - kontaktutvalsmøte nr. 1 Møte nr: 1 Stad: Statens vegvesen, Nygårdsgaten 112 Møteleiar: Til stades: Forfall: Håkon Rasmussen Hordaland Fylkeskommune (HFK): Håkon Rasmussen, John Martin Jacobsen, Jon-Rune Smørdal Regionrådet i Nordhordland: Øyvind Oddekalv, Rune Heradstveit Statens vegvesen (SVV): Grethe Vikane, Kirsti Arnesen, Kristian Bauge, Kjell Hagesæter, Svein Rosseland, Hege Løtveit (delar av møtet), Ellen Marie Hundvebakke Håvard Mørch Hunskaar Kopi til: 1. Innleiing Møteleiar opna møtet med ein presentasjonsrunde, og stadfesta at kontaktutvalet for Nordhordlandspakken er oppretta i samsvar med Stortinget sitt vedtak, jf. Prop S. 164, heretter kalla «Prop. S». Prop. S er kontaktutvalet sitt styrande dokument, og vedtak skal fattast i samsvar med det.
2 2. Organisering 2.1 Roller og ansvar vart omtalt. 2.2 Møtefrekvens: Det blei sendt ut ein møteplan i forkant av møtet. Det blei bestemt at denne skal følgjast. I tillegg vert det eit møte i november. Neste møte blir 13.03 med tilhøyrande synfaring. Prosjektet kallar inn til møta. 3. Mandat til kontaktutvalet Forslag til mandat vart sendt ut i forkant av møtet. Dette mandatet er utarbeida av HFK og er tenkt brukt som mal i alle framtidige bompengepakkar. Nordhordlandspakken er den første pakken dette vert tatt i bruk. Hovudpunkta i mandatet vart gjennomgått, diskutert og kommentert. Mandatet er kontaktutvalet si tolking av Prop. S, og skal vere ei tydeleggjering av retningslinjene for styring av Nordhordlandspakken. Kontaktutvalet skal styre etter den økonomiske ramma som er gitt i Prop. S. Prosjekta er satt opp i ei prioriteringsliste, og fagleg og politisk grunnlag er viktig når ein skal diskutere denne lista. Dei statlege midlane i pakken vart omtalt, der prosjekta dei tilhøyrar må startast når midlane kjem, uavhengig av kor langt ein er kome i prioriteringslista. Vidare saksgang: Ein representant frå kvar av aktørane i kontaktutvalet arbeider fram eit endeleg forslag til mandat. Desse representantane er Rune Heradstveit (Nordhordlandsrådet), Jon Rune Smørdal (HFK) og Kjell Hagesæter (SVV). Det er ei målsetjing å vedta mandatet i neste møte. 4. HMS Prosjektleiar orienterte kort om HMS-arbeidet til Statens vegvesen. Dette arbeidet er prioritert først i SVV sin byggherrestrategi. Det vil bli utarbeida ein SHA-plan for alle prosjekt.. Dette er ein av dei styrande dokumenta for prosjekt. Risikoanalysen i SHA-planen er eit av dei viktigaste punkta. Kontaktutvalet føreset at prosjekta i Nordhordlandspakken vert styrt på ein forsvarleg måte. HMS skal rapporterast på overordna nivå i møta. 5. Bompengeselskapet/Bomstasjonar 5.1.Bompengeselskap Bompengeselskapet Ferde er oppretta. Det skal signerast tre avtalar mellom Ferde og Vegdirektoratet. - Bompengeavtale - Prosjektavtale - Finansieringsavtale Den første er signert, mens dei to andre er under arbeid. Før alle tre avtalane er på plass, er ikkje Ferde bompengeselskap for Nordhordlandspakken. Dersom det skulle skje at avtalane ikkje kjem på
3 plass tidsnok i forhold til utlysing av dei første entreprisane, kan løysinga vere at det fylkeskommunale bidraget kjem tidligare. Fylkeskommunen må i tilfelle gjere vedtak på dette. Det har tidlegare vore diskutert at det skulle opprettast eit midlertidig bompengeselskap, men dette er ikkje lenger aktuelt då Ferde kjem på plass. Bompengeselskapet har ikkje møteplikt i kontaktutvalsmøta, men vil møte ved behov. Ferde skal rapportere økonomi i samsvar med Prop. S. HFK 5.2.Bomstasjonar Prosjektleiar presenterte status på arbeidet med bomstasjonane. Det skal etablerast 5 bomstasjonar i forbindelse med oppstart av Nordhordlandspakken. 1. Avramping/påramping på Flatøy (to bomsnitt) 2. E39 Flatøy 3. E39 Mundalsberget 4. Fv565 Marås-Soltveit på Radøy, ny veg. 5. Fv57 Isdalstø Det er planlagt at desse skal kome i drift seinast frå april 2019. Bomstasjon 4 skal settast opp på ny Fylkesveg og er planlagt å kome i drift i 2021. Det blei stilt spørsmål til lekkasje på bomstasjon 4. Svv opplyser om at det tidlegare er gjort ei vurdering av dette i trafikkanalysen, og lekkasjen er vurdert til mindre kritisk. Ved bomstasjon 3 i Mundalsberget har prosjektet sett i gong med ein reguleringsplanprosess. Reguleringsplanen er forventa godkjend i juni 2018.
4 6. Prosjekter som må avklares (omfang og oppstart) 6.1 1 Fv. 565 Marås-Soltveit Prosjektleiar presenterte dette prosjektet og dei fem prosjekta som er nemnt under. Det er planlagt veg på 7,5km med tilhøyrande g/s-veg frå Kjeset- Soltveit. Denne blir tilrettelagt for landbrukstrafikk. Kostnadsramma for dette prosjektet er 371 mill (2017), mens anslag frå 22.02.17 viser 641 mill (2017). Årsaka til denne kostnadsauken er at det no er gjort grundigare grunnundersøkingar og undersøkingar av fjell. Det er mykje meir lausmassar og steinkvaliteten er dårleg, så det må kjøpast inn stein til overbygning. I Statens vegvesen sine handbøker er det krav til ein viss kvalitet til stein som skal brukast til overbygning. Planansvarlig presenterte ulike kuttforslag (kostnad og mål) som er vurdert for å få ned kostnaden på prosjektet Kuttforslaga og målet med prosjektet blei drøfta, og det blei førebels konkludert i møtet med at det kan vere aktuelt å kutte vegstrekninga frå Marås til Tømmervelteplass (ca 1950m). Eventuelt kutt av g/s-veg vil bli konkludert i seinare kontaktutvalsmøte. Kontaktutvalet ba om at G/S-tilbodet i området vert vurdert grundigare til neste møte. Kva konsekvens vil det få å fjerne G/S-veg på nyvegen? Kan det vere aktuelt å etablera G/S-veg langs eksisterande veg over Sletta. Prosjektet avklarar med Radøy kommune om korleis dette handterast ift. gjeldande reguleringsplan. Planansvarlig/ prosjektleiar neste møte neste møte 6.2 4B Fv. 564 Undergang Holme Trafikksikring Kulverten er eit rekkefølgjekrav i samband med bygging av butikk på Holme. Kostnad i Prop. S: 16 mill. (2017) Det skal i tillegg byggast eit fortau på 250m som eit spleiselag med kommunen. Bevilga 1 mill. (2018) frå HFK til dette arbeidet. Prosjektet utarbeider ei prosjektbestilling. Anslag er planlagt gjennomført mars/april 2018. Planlagt byggestart 2018/2019. 6.3 8 Fv. 565 Rammetiltak Austrheim Trafikksikring Austrheim kommune vil prioritere gangbru av tre over fv565. Kostnad i Prop. S: 11 mill. (2017). Anslag er planlagt gjennomført hausten 2018. Planlagt byggestart 2018/2019. snarast snarast
5 6.4 9 Fv. 570 Rammetiltak Masfjorden Trafikksikring Masfjorden kommune vil prioritere 9 ulike tiltak på fv570. Planen vidare er gjennomføre eit kostnadsoverslag på alle tiltaka. Kommunen må prioritere utifrå det, innanfor kostnaden som er gitt i Prop. S på 33 mill. Planlagt byggestart i 2019. snarast 6.5 10 Fv. 423 Rammetiltak Fedje Trafikksikring Fedje kommune vil prioritere 13 ulike tiltak på fv423, innanfor kostnaden som er gitt i Prop. S på 2 mill. Planlagt byggestart hausten 2018. 6.6 11 Fv. 569 Rammetiltak Modalen Trafikksikring Modalen kommune vil prioritere 11 ulike tiltak på fv569, innanfor kostnaden som er gitt i Prop. S på 2 mill. Planlagt byggestart i 2019. snarast snarast
6 7. Økonomi Økonomirapportering av prosjekta i pakken vart omtalt. Dette vert sak på neste møte. Prosjektet utarbeider ein oversikt over økonomien for kvart einskild prosjekt med forbruk så langt og forventa forbruk dei neste åra. Ein tar også med usikkerheten for kvart prosjekt. 8. Framdriftsplan 8.1 Overordna framdriftsplan Prosjektleiar presenterte ein overordna framdriftsplan. Prosjekt nr. 1, 4B, 8, 9, 10 og 11 ligg fremst i planlegging og oppstart. 9. Prosjektbestilling Prosjektet skal utarbeide ei prosjektbestilling for kvart prosjekt i Nordhordlandspakken. Bestillinga skal godkjennast av kontaktutvalet. 10. Anna 10.1 Klage til ESA Aksjonsgruppa «NEI til bompengar» i Nordhordland har sendt inn ein klage til ESA. Dette med bakgrunn i Eurovignett-direktivet. Dette direktivet omhandlar kost/nytte-prinsippet, og gjeld for tunge køyretøy. Det dei poengtera i klagen er at bomstasjonane blir oppsett på E39, men få av prosjekta i Nordhordlandspakken er tilknytta E39. Svv opplyser om at dei berekningane som er gjort på bakgrunn av klagen, viser at vi oppfyller Eurovignett-direktivet. 10.2 eroom: Prosjektet opprettar eroom for kontaktutvalet. Der blir det lagt ut møteinnkallingar, møtereferat, prosjektbestilling og andre aktuelle dokument. 10.3 Offentleggjering av dokument: Pressen får delta på møter dersom de ønsker det. Referatet blir godkjent offentleggjort etter det neste møtet. Dokumenta som blir delt mellom medlemmane i kontaktutvalet, er pr. definisjon offentlege. 10.4 Nettside: https://www.vegvesen.no/vegprosjekter/nordhordlandspakken/delprosje kter/delprosjekter 11. Status på alle prosjekt Det vart berre gitt status på prosjekt nr. 1, 4B, 8, 9, 10 og 11.