RETNINGSLINJER FOR TRANSPORTTENESTA FOR FUNKSJONSHEMMA I MØRE OG ROMSDAL. GJELDANDE FRÅ 1. NOVEMBER 2003.



Like dokumenter
Søknadsskjema for reiserett transporttenesta for funksjonshemma i Møre og Romsdal

Retningslinjer for transporttenesta for funksjonshemma i Møre og Romsdal

RETNINGSLINER FOR TT ORDNINGA I SOGN OG FJORDANE GJELDANDE FRÅ 1. JANUAR 2008

Søknadsskjema for reiserett transporttenesta for funksjonshemma i Møre og Romsdal

Søkjaren fyller ut dette skjemaet. Ved manglande opplysningar blir søknaden returnert. Utfylt skjema er ikkje offentleg, jf Forvaltningslova 13

SØKNAD OM TILRETTELAGT TRANSPORT

Retningslinjer for. Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland

Retningslinjer for Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland. Gjeldande frå 1. mars 2009

TILRETTELAGT TRANSPORT I SOGN OG FJORDANE

Informasjon og søknadsblankett for arbeids- eller utdanningsreiser for funksjonshemma

PASIENTTRANSPORT REKVISISJON

Søknad om skilsmisse etter to års samlivsbrot (etter ekteskapslova 22)

SKADEMELDING LEGEMIDDELSAKER

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

TILDELING AV HELSE-OG OMSORGSTENESTER.

MØTEINNKALLING. Medlemer som kan vere ugilde i ei sak vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemer kan verte kalla inn.

Brukarkvotar i Transportordninga for funksjonshemma

GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE

Betalingsreduksjon i foreldrebetaling BARNEHAGANE I SVEIO

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Konsesjonsfritak ved kjøp av fast eigedom - eigafråsegn

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

9. juni Kontaktpersonmøtet. - litt informasjon frå trygdefag. Marita Bydal Strandenes

Inntak på særskilt grunnlag

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Bustønad Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsstyret REVIDERING AV SKYSSREGLEMENTET I MØRE OG ROMSDAL FYLKE - HØYRINGSUTTALE

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Reglar for kommunale tilskot til. næringslivet. i Åseral.

Forbrukerrådets husleiekontrakt

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

Bustadområde i sentrum. Vurdering

TT-ordninga i Møre og Romsdal endring og utvikling. Regionale møte, hausten 2013 prosjektleiar Marianne Halseth Hole

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Melding om behov for verjemål (eller endring i eksisterande verjemål)

10/60-14/N-211//AMS

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Søknad om verjemål (eller endringar i eksisterande verjemål)

Namning av vegar i Fræna Kommune

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

Orientering til skolane OM INNTAK PÅ SÆRSKILT GRUNNLAG

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Søknad om godkjenning frå fylkesmannen til å gi gaver eller arveforskot frå midlane til ein person med verje

Plan for Liabygda SFO

Høyanger kommune. Plan for tilsyn med barnehagane i

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte

Kl : Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.

Forbrukerrådets kontrakt for service og reparasjon av bil

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Arkiv A10, Barnehagane skal drivast som heildagsbarnehagar og er opne for barn i alderen 0-6 år.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

SØKNAD OM RUTELØYVE FOR SIGHTSEEINGBUSS I BERGEN SENTRUM

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Søknad om skilsmisse etter separasjon ved løyve (etter ekteskapslova 21)

Samnanger kommune VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR. Vassloppa barnehage. Dråpeslottet barnehage SAMNANGER KOMMUNE

PROTOKOLL. Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Randi Langeland Mork leiar AP Eli Kjøde Annfrid Lødemel.

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

HORDALAND FYLKESKOMMUNE

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Til deg som bur i fosterheim år

Finansiering av søknaden

1. Mål med samhandlingsreforma

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Faktatal Pr 1. oktober 2015 hadde vi slike tal drosjeløyve i drift i Møre og Romsdal:

Transportordninga for funksjonshemma - endring av retningslinjer

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

Nissedal kommune Kommunal plan for tilsyn med barnehagane i Nissedal kommune etter Barnehagelova

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

PROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Øyvind Sandvik medlem organisasjon

pressemelding og informasjonstekst til for eksempel bruk på kommunen eller legevaktens hjemmesider

Helse- og omsorgsdepartementet Høyringsnotat

SØKNAD OM HJELPETILTAK FOR BORN OG UNGE 0-18 ÅR.

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Transkript:

RETNINGSLINJER FOR TRANSPORTTENESTA FOR FUNKSJONSHEMMA I MØRE OG ROMSDAL. GJELDANDE FRÅ 1. NOVEMBER 2003. Fastsett av samferdselsutvalet i Møre og Romsdal i møte 25. november 1987, med siste endringar vedtekne i møte 15. oktober 2003. 1 Formålet med transporttenesta I St.meld. nr 92 (1984-85) "Om transport av funksjonshemmede" er funksjonshemma definert slik: "Som funksjonshemmet regnes person som ikke uten vesentlige vanskeligheter kan bruke vanlige kollektive transportmidler." Transporttenesta er meint å vere eit tilbod om drosjetransport til personar som er varig forflyttingshemma på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming. Det er ein intensjon å prioritere personar med livslang forflyttingshemming. Transporttenesta er i utgangspunktet eit tilbod om fritidsreiser, men kan nyttast til alle typar reiser med unnatak av: - reiser som blir betalt av trygdekontor. Eigendel ved slike reiser skal transportbrukar betale sjølv på lik line med andre som reiser for trygda si rekning - reiser til/frå skole - andre reiser betalt av det offentlege 2 Brukartal, brukartak Fylkeskommunen fastset eit maksimalt samla tal (%) transportbrukarar (brukartak) i høve til folketalet i fylket. Samla brukartak blir å fordele kommunevis i samsvar med fastsett fordelingsmåte. 3 Godkjenning av transportbrukarar. 3.1 Søknad, godkjenningsnemnd, godkjenningstid, klage, venteliste Kommunane godkjenner personar etter søknad på fastsett søknadsskjema og innanfor ramma av fylkeskommunen sitt fastsette brukartak. Person som er godkjend som tt-brukar i anna fylke, må søkje om ny brukargodkjenning ved flytting til Møre og Romsdal. Person som er godkjend som tt-brukar i Møre og Romsdal, men som flyttar innan fylket, treng ikkje å søkje på nytt. Brukaren blir å registrere som brukar i sin nye heimkommune. Kommunane blir oppmoda om å skipe ei godkjenningsemnd for å avgjere søknader. Godkjenningsnemnda kan t d vere samansett av kommunelege, sjukepleiesjef, sosialkurator, sosialkonsulent og representant for dei funksjonshemma sine organisasjonar. Kommunen kan be søkjar leggje fram erklæring frå til dømes lege på fastsett skjema. Slik erklæring må innehalde ei vurdering av kor vanskeleg det er å nytte kollektivt transportmiddel. Slik erklæring er å sjå på som eit hjelpemiddel ved vurdering av søkjar. Vedtak om brukargodkjenning, vedtak om avslag på brukargodkjenning og vedtak om oppheving av brukargodkjenning, er einskildvedtak med klagerett, jfr forvaltningslova. Kommunen sitt klageorgan er klageinstans. 1

I vedtak om brukargodkjenning skal opplysast følgjande: - Godkjenning gjeld i utgangspunktet for det aktuelle kalenderåret - Ny årleg søknad er ikkje naudsynt, men kommunen kan vurdere brukargodkjenninga på nytt - Godkjenning kan bli oppheva dersom brukar ikkje lenger fyller godkjenningsvilkåra, dersom godkjenningsvilkår blir endra, eller dersom annan søkjar blir priortert foran Søkjarar som oppfyller vilkåra for brukargodkjenning får vedtak om godkjenning. Dei det ikkje er mogleg å melde inn til fylkeskommunen på grunn av oppnådd brukartak, blir å plassere på venteliste for seinare innmelding. Kommuane bør etter behov halde av nokre ledige plassar for eventuell klagehandsaming. Fylkeskommunen kan i samråd med kommunane be om at alle tt-brukarar får vurdert grunnlaget for brukargodkjenning på nytt. TT-brukar som ikkje nyttar transporttenesta, eller ikkje lenger er i stand til å nytte transporttenesta, bør trekkjast ut av ordninga. 3.2 Godkjenningsvilkår, kven blir ikkje omfatta av ordninga. Funksjonshemminga skal være varig og må vare i minst 1 år for at søkjar skal kunne godkjennast. Graden av forflyttingshemming skal leggjast til grunn, ikkje type funksjonshemming eller alder. Transporttenesta er ikkje meint å vere ei erstatning for eventuelt manglande busstilbod eller til dømes lang veg til haldeplass eller avsidesliggjande bustad. Personar fast busett i kommunale eller private institusjonar/buformer med heildøgns omsorg og pleie med heimel i Lov om helsetenester i kommununane kan ikkje godkjennast. Dersom ein godkjend brukar flyttar til slik institusjon/buform fell tidlegare brukargodkjenning vekk. Unnatak gjeld personar under 67 år. Personar på korttidsopphald er ikkje å sjå som fast busett. Barn som ikkje treng transport med spesielt tilrettelagt bil er ikkje aktuelle å godkjenne før dei er i ein alder der dei som funksjonsfriske ville kunne reise kollektivt på eiga hand. Retningsgjevande alder er 10 år. 3.3 Prioritering av søkjarar 3.3.1 Ikkje skjønnsmessig vurdering. Førsteprioritet - Rullestolbrukarar og blinde skal godkjennast utan omsyn til mottak av eventuell grunnstønad til transport/stønad til eigen bil frå folketrygda. - Søkjar som er godkjend tt-brukar i anna fylke, men som flyttar til Møre og Romsdal, og som oppfyller godkjenningsvilkår 3.3.2 Skjønnsmessig prioritering - Søkjar med varig livslang forflyttingshemming skal prioriterast - Søkjar (ikkje rullestolbrukar, blind, jfr.3.3.1) som mottek grunnstønad til transport/stønad til eigen bil frå folketrygda, kan prioriterast etter søkjar utan slik stønad. - Søkjar med varig forflyttingshemming, men mest knytta til visse delar av året, kan prioriterast etter søkjar med konstant varig forflyttingshemming. 4 Ut-/innmelding av brukarar til fylkeskommunen 2

Kommunane skal 2 gonger årleg - innan den 10. i månadene mai og november opplyse kva godkjende brukarar som skal meldast ut og nye som skal meldast inn. Samstundes skal adresseendringar opplysast. Søkjarar godkjend etter førsteprioritet (jfr 3.3.1) kan innmeldast løpande utanom ordinære innmeldingstidspunkt i mai og november. Ved slik innmelding blir fastsett brukartak ikkje endra, men tal brukarar som kan godkjennast skjønnsmessig (jfr 3.3.2) blir å tilpasse til fastsett ved komande ordinære innmeldingstidspunkt. 5 Fylkeskommunalt tilskot. Fordeling av reisebeløp Fylkeskommunen fastsett eit maksimalt årleg tilskot til transporttenesta. Fastsett tilskotsramme blir å fordele ved at fylkeskommunen sender ut reisekupongar (verdikupongar) til godkjende tt-brukarar. Ordinært reisebeløp: - TT-brukarane blir inndelt i 2 soner. Brukarar i sone A bur inntil 10 km frå kommunesenter. Brukarar i sone B bur over 10 km frå kommunesenter. - TT-brukarar i sone B får eit høgare reisebeløp enn brukarar i sone A. - Rullestolbrukarar får eit høgare reisebeløp enn vanlege brukarar i si sone. Innanfor den fastsette tilskotsramma fastsett fylkeskommunen kor stort reisebeløp kvar transportbrukar i kvar sone får tilsendt. Ekstra reisebeløp: - Brukarar under 67 år kan få eit ekstra reisebeløp ved at fylkeskommunen fordelar ein mindre del av tilskotsramma (retningsgjevande inntil 10%) til dette føremålet. Fordelinga skjer på bakgrunn av skriftleg førespurnad frå den einskilde tt-brukar eller annan person på vegne av tt-brukaren. Intensjonen er innanfor tilgjengeleg tilskotsramme - å åpne for ein meir fleksibel/etterspurnadsstyrt fordeling til yngre brukarar. Fordeling vil skje etter skjønn.fylkeskommunen kan avvise å etterkome ønske om ekstra reisebeløp dersom budsjettmesssige omsyn tilseier det, eller vedkomande brukar tidlegare har motteke ekstra reisebeløp. 6 Bruk av brukarkort og reisekupongar - Fylkeskommunen sender ut brukarkort og reisekupongar til godkjende brukarar. - Brukarkort og reisekupongar er personlege og kan ikkje overdragast til andre. - Brukarkort og reisekupongar skal nyttast saman. Brukarkort skal framvisast til sjåfør saman med gyldige reisekupongar. - Tap av reisekupongar blir ikkje erstatta. - Tap av brukarkort blir erstatta ved å kontakte fylkeskommunen eller heimkommunen - Godkjend tt-tbrukar tingar transport hos drosjeeigar, drosjesentral, eller annan transportør som tek del i ordninga - Bruk av reisekupong (utfylling, betaling, eigendel) skjer som fastsett av fylkeskommunen - Brukarkort og reisekupongar kan nyttast i alle kommunane i Møre og Romsdal. - Brukarkort og reisekupongar kan nyttast utanfor Møre og Romsdal dersom transportøren aksepterer framviste brukarkort og reisekupongar - Reisekupongar kan ikkje vekslast inn. Dette er å sjå på som misbruk og kan føre til at vedkomande tt-brukar mister si brukargodkjenning 7 Oppgjer transportør - fylkeskommune - Transportør sender rekning (fastlagt skjema) vedlagt nytta reisekupongar til fylkeskommunen - Rekning skal sendast innan den 10. i kvar månad. 3

- Drosjesentralar sender samlerekning for sine transportørar. 8 Kommunalt tilskot Kommunane kan løyve kommunalt tilskot til transporttenesta utover den fylkeskommunale ramma, t d om ein ønskjer å godkjenne brukarar utover fastsett brukartal. Kommunane kan sjølve administrere slike ordningar, eller i samarbeid med fylkeskommunen søkje å finne praktiske felles ordningar. 10 Tolking av retningslinjer Spørsmål om tolking av retningslinjene blir å leggje fram for fylkeskommunen 11 Delegasjon Samferdselssjefen administrerar transporttenesta i samsvar med desse retningslinjene og etter økonomiske rammer fastsett av fylkestinget/samferdselsutvalet. Samferdselssjefen har fullmakt til å inngå avtale med andre instansar om administrasjon av delar av transporttenesta. Samferdselssjefen har fullmakt til å godkjenne mindre vesentlege fråvik frå retningslinjene. Slike fråvik må rapporterast til samferdselsutvalet. Samferdselssjefen må halde samferdselsutvalet orientert om bruken av tilskotsramma. 12 Iverksetting Desse retningslinjene trer i kraft etter vedtak av samferdselsutvalet i Møre og Romsdal. Tidlegare retningslinjer gjeldande frå 1. mai 1994 blir samstundes oppheva. 4

IKKJE OFFENTLEG FORVALTNINGSLOVA 13 (teiingsplikt) S Ø K N A D REISERETT TRANSPORTTENESTA FOR FUNKSJONSHEMMA I MØRE OG ROMSDAL NB Utfylt søknad skal sendast til kommunal godkjenningsinstans i bustadkommunen. NB Søknad må vere fullstendig utfylt. Kommunal godkjenningsinstans gjev nærare opplysningar og kan hjelpe til med utfylling av søknad. Kommunal godkjenningsinstans kan be om erklæring på eige skjema frå til dømes lege. Søkjar må sjølv betale eventuelle utgifter ved slik erklæring. Sjå elles orienteringa om transporttenesta på baksida av søknadsskjemaet. FYLL UT ETTERNAMN FORNAMN FØDT (DAG, MÅNAD, ÅR) ADRESSE POSTNUMMER/POSTSTAD TELEFON KRYSS AV FOR KVA FUNKSJONSHEMMING(AR): 1. RØRSLEHEMMA 6. REVMATIKAR 2. BLIND 7. HJARTESJUK 3. SVAKSYNT 8. LUNGESJUK 4. DØV/ STERKT TUNGHØRT 9. PSYKISK LIDING 5. PSYKISK UTVIKLINGSHEMMA 10. ANNA (OPPLYS KVA) EG NYTTAR RULLESTOL JA NEI EG NYTTAR STOKK, KRYKKJE, GÅSTOL JA NEI EG HAR GRUNNSTØNAD FRÅ TRYGDEKONTORET TIL TRANSPORT JA NEI EG HAR STØNAD FRÅ TRYGDEKONTORET TIL KJØP AV BIL JA NEI MIN EKTEFELLE/SAMBUAR HAR TRANSPORTTENESTE JA NEI MI FUNKSJONSHEMMING BLIR REDUSERT PÅ VISSE ÅRSTIDER JA* NEI * DERSOM "JA". SYNEST DE AT DET DÅ "IKKJE BLIR", "BLIR NOKO" ELLER "BLIR MYKJE" LETTARE Å REISE, TIL DØMES MED BUSS? EG REISER I DAG SLIK (KRYSS AV EITT ELLER FLEIRE ALTERNATIV): EIGEN BIL DROSJE SIT PÅ MED EKTEFELLE/SAMBUAR, ANNA FAMILIE, KJENDE BUSS HEILE ÅRET BUSS, MEN BERRE DELAR AV ÅRET AVSTAND FRÅ BUSTAD TIL NÆRASTE BUSSHALDEPLASS (METER) 5

DERSOM REISERETT BLIR INNVILGA KAN EG REISE SLIK: EG KAN REISE MED VANLEG DROSJE EG TRENG SPESIALBIL (TIL DØMES FOR RULLESTOLBRUKAR) EG KAN REISE ÅLEINE, UTAN SPESIELL HJELP EG KAN REISE ÅLEINE, MEN TRENG HJELP AV SJÅFØR EG TRENG Å REISE SAMAN MED EIGEN FØLJGEPERSON UFYLLANDE OPPLYSNINGAR OM KVIFOR DE SØKJER TRANSPORTTENESTE DATO SØKJAREN SI UNDERSKRIFT ORIENTERING TIL SØKJAR OM TRANSPORTTENESTA Transporttenesta er ei fylkeskommunal ordning, men kommunane godkjenner brukarar etter fylkeskommunale retningslinjer. I retningslinjene står det m a: Transporttenesta er meint å vere eit tilbod til funksjonshemma personar som er varig forflyttingshemma på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming. Det er ein intensjon å prioritere personar med varig livslang forflyttingshemming. Funksjonshemminga skal være varig og må vare i minst 1 år for at søkjar skal kunne godkjennast. Graden av forflyttingshemming skal elles leggjast til grunn ved vurdering av søknad, ikkje type funksjonshemming eller alder. Transporttenesta er ikkje meint å vere ei erstatning for eventuelt manglande busstilbod eller til dømes lang veg til haldeplass eller avsidesliggjande bustad. Det kan såleis godkjennast personar som ikkje kan, eller berre med store (vesentlege) vanskar kan reise med buss. Fylkeskommunen fastset kor mange personar som kan godkjennast som brukarar av transporttenesta i kvar kommune. Kommunane kan prioritete ein søkjar framfor ein annan søkjar. Søkjar kan plasserast på venteliste. Ein brukar blir godkjend for eitt år, men ny årleg søknad er ikkje naudsynt. Ein godkjend brukar kan få oppheva si brukargodkjenning, til dømes dersom annan søkjar blir prioritert foran, eller dersom retningslinjene blir endra. Kommunane melder frå til fylkeskommunen (samferdselssjefen) om kven som er godkjende brukarar av transporttenesta. Samferdselssjefen sender ut reisekupongar til godkjende brukarar. Desse reisekupongane skal nyttast ved bruk av transporttenesta. Transporttenesta er eit tilbod om "dør til dør" transport med drosje eller med småbuss spesielt utstyrt for å transportere funksjonshemma. Transporttenesta er mest eit tilbod om fritidsreiser. Transporttenesta skal ikkje nyttast ved reiser som blir betalt av andre, t d reiser til/frå lege betalt av folketrygda (trygdekontor). Eigendelen ved slike reiser skal ein betale sjølv som andre pasientar. 6

Møre og Romsdal fylkeskommune Samferdselsavdelinga IKKJE OFFENTLEG FORVALTNINGSLOVA 13 (teiingsplikt) E R K L Æ R I N G SØKNAD OM TRANSPORTTENESTE FOR FUNKSJONSHEMMA Skal nyttast som vedlegg til søknad om transportteneste for funksjonshemma Fyllast ut av til dømes lege, fysioterapeut, ergoterapeut, Utfylt erklæring skal returnerast til kommunal instans i søkjaren sin bustadkommune for handsaming. FYLL UT/KRYSS AV. SJÅ FØRST ORIENTERING PÅ BAKSIDA Etternamn søkjar Fornamn søkjar Født (dag, månad, år) Adresse Postnummer Poststad Opplys kva funksjonshemming(ar), jfr orienteringa Funksjonshemminga varar heile livet Funksjonshemminga varar i minst eitt år. Bør kontrollerast (år) Funksjonshemminga er varig og stabil heile året Funksjonshemminga er varig, men betring visse årstider (sjå neste side **) Funksjonshemminga varar under 1 år Søkjar nyttar: rullestol stokk: krykkje: gåstol: ikkje støtte: Søkjar kan forflytte seg utan særleg nedsett forflyttingsevne Søkjar kan forflytte seg med noko nedsett forflyttingsevne. Søkjar har mykje nedsett forflyttingsevne. Søkjar har særs nedsett forflyttingsevne. Kor langt kan søkjar gå (meter) utan behov for pause. Dersom over 500 meter opplys omtrentleg kor lang strekning Konsekvensar av nedsett forflyttingsevne i forhold til å kunne reise med buss. Her skal ikkje takast omsyn til eventuelt mangelfullt busstilbod eller lang avstand til haldeplass: Søkjar kan reise med buss, eventuelt med noko vanskar Søkjar kan reise med buss, men berre med store (vesentlege) vanskar * Søkjar kan ikkje reise med buss* *Søkjar kan nytte vanleg drosje treng hjelp av sjåfør treng ikkje hjelp treng spesialbil bør/må ha eigen følgjeperson Ufyllande opplysningar om funksjonshemming og nedsett forflyttingsevne. ** Ved varig funksjonshemming, men betring visse årstider, opplys i kva grad betring påverkar søkjar si forflyttingsevne. Kan t d søkjar nytte buss utan større vanskar delar av året, eller har søkjar store vanskar heile året med trong for drosje/spesialbil? 7

Stad, dato Underskrift, stempel Telefon ORIENTERING Den fylkeskommunale transporttenesta er eit tilbod til funksjonshemma om "dør til dør" transport. Kommunane godkjennar brukarar til tenesta etter fylkes-kommunale retningslinjer. Transporten blir utøvd med vanleg drosje eller med spesialbilar (småbussar t d for rullestolbrukarar). Kort om type funksjonshemmingar: Søkjarane er delt inn i rørslehemma, blind, svaksynt, døv/sterkt hørselshemma, psykisk utviklingshemma, revmatikar, hjartesjuk, lungesjuk, psykisk liding og anna funksjonshemming. Ein søkjar kan ha fleire funksjonshemmingar. Hovudgruppa brukarar av transporttenesta er rørslehemma. Kort om godkjenningskrav, utdrag frå retningslinjer Transporttenesta er meint å vere eit tilbod til funksjonshemma personar som er varig forflyttingshemma på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming. Det er ein intensjon å prioritere personar med varig livslang forflyttingshemming. Funksjonshemminga skal være varig og må vare i minst 1 år for at søkjar skal kunne godkjennast. Graden av forflyttingshemming skal elles leggjast til grunn ved vurdering av søknad, ikkje type funksjonshemming eller alder. Transporttenesta er ikkje meint å vere ei erstatning for eventuelt manglande busstilbod eller til dømes lang veg til haldeplass eller avsidesliggjande bustad. Rullestolbrukarar og blinde blir automatisk godkjend. Andre søkjarar blir vurdert skjønsmessig etter retningslinjene. Personar busett i kommunale eller private institusjonar/buformer med heildøgns omsorg og pleie med heimel i Lov om helsetenester i kommununane kan ikkje godkjennast. Unnatak gjeld personar under 67 år. Føremålet med denne erklæringa Føremålet med denne erklæringa er å få ei sakkunnig vurdering av om søkjaren grunna si funksjonshemming ikkje kan, eller berre med store (vesentlege) vanskar kan nytte buss. Erklæringa skal nyttast som vedlegg til søknad, og som grunnlag for handsaming av søknad. 8

9