KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014 1
INTRODUKSJON AV VERKSEMDA Ågotnes skule ligg på Ågotnes, og er ein av seksten skular i Fjell kommune i Hordaland fylke. Skulen er ein middels stor barneskule om lag ein halv times køyretur frå Bergen. Vi ligg tett på CCB-basen med ei stor mengd ulike verksemder og tilsette. Ågotnes-området har stor tilflytting av folk, og elevtalet på skulen er aukande. Vi har i dag 295 elevar. Skulen sin visjon er «Ågotnes skule ein god stad å vera, ein god stad å læra». Med denne visjonen ynskjer vi å vise at det er viktig for oss å gje elevane trygghet og trivsel for å skape eit godt læringsmiljø, der elevane får utvikle sitt potensial. PROGRAMERKLÆRING 1. april 2003 tråtte dei nye endringane i Opplæringslova i kraft. I lova vert det psykososiale miljøet omtala spesielt. Der vert det slått fast at alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring jfr. Opplæringslova 9a-1. Det vert vidare understreka at skulane aktivt og systematisk må arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø der den enkelte elev kan oppleve tryggleik og sosial tilhøyr, jfr. Opplæringslova 9a-3 fyrste ledd. Dette gjev viktige føringar for korleis arbeidet på dette området skal gjennomførast ved Ågotnes skule. Som rektor vil eg aktivt og systematisk arbeide for at Ågotnes skule skal vere ein skule kor alle tilsette, elevar og foreldre skal samarbeide om å motverke krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme. Bodskapen til dei som held på med denne typen åtferd, skal vere heilt klar: Vi tillét ikkje denne type åtferd på Ågotnes skule, og vi vil arbeide for å førebyggje og hindre at dette skal skje. SKILDRING AV KVALITETSSIKRINGSSYSTEMET Ågotnes skule er pålagt å ha internkontroll, jfr. Opplæringslova 9a-4. Skulen har difor utvikla denne kvalitetsplanen som skildrar skulen si kvalitetssikring på det psykososiale området. Planen skildrar dei systematiske tiltaka som skal gjennomførast for å sikre kvalitet, dei ressursane som må vere til stades og rekkefølgja av aktivitetane. Hovudfundamenta i dette arbeidet er Olweusprogrammet og System for kvalitetssikring av Olweusprogrammet. Kvalitetssikringssystemet dekkjer alle punkta i Olweusprogrammet mot mobbing og antisosial åtferd. 2
HOVUDKOMPONENTANE I SYSTEM FOR KVALITETSSIKRING System for kvalitetssikring av Olweusprogrammet har to hovudfundament: Olweusprogrammet mot mobbing og antisosial åtferd og Olweus-standard. Det inneheld og ei aktivitetskjerne med ei kvalitetssløyfe og ein kvalitetsplan. Det er utvikla prosedyrar for kritiske situasjonar der mobbing skjer eller der det er mistanke om mobbing. I tillegg er skulen sine planlagde og systematiske kvalitetssikringsaktivitetar delt inn i sjekklister, referat, skjema og prosedyrar. Det som praktiserast i samband med kvalitetssikringa, vil verte skriftleg dokumentert. For handtering av avvik er det klare og eintydige rutinar, og det vert dokumentert kva som vert gjort for å fylgje opp avvik. Kvart år vil det bli føreteke ein gjennomgang av heile kvalitetssikringssystemet for å fastslå om aktivitetane og praksis er i tråd med det som er planlagt. Denne kvalitetsrevisjon dannar grunnlag for vår sertifisering som Olweus-skule. GJENNOMFØRING AV KVALITETSSIKRINGSSYSTEMET Med utgangspunkt i Ågotnes skule sine primæroppgåver, er det lagt opp til at skulen sitt kvalitetssikringssystem skal ha hovudfokus på rapportering, oppfølging, evaluering og utvikling. Det vert lagt opp til rutinar som er meiningsfulle for involverte partar og som stimulerer til forbetring og utvikling. Ansvarsforholda i kvalitetssikringssystemet kan oppsummerast i følgjande punkt: Skuleigar har gjennom 13-10 i Opplæringslova ansvar for å sikre at krava i kapittel 9a vert ivaretatt på den einskilde skule. Rektor/skuleleiing har hovudansvaret for kvalitetssikringsarbeidet ved Ågotnes skule, jfr. Opplæringslova 9a-4. Rektor/skuleleiing har ansvar for ei forsvarleg forvaltningspraksis ved å registrere saker og fatte enkeltvedtak slik lova krev. Saka skal oppbevarast i skulen sitt elevarkiv. Rektor har ansvar for å rapportere om kvalitetssikringsarbeidet til Skulemiljøutvalet. Skulemiljøutvalet har ein rådgjevande funksjon ovanfor rektor i alt skulemiljøarbeid. Alle i personalet har plikt til å undersøke og rapportere til skulen si leiing ved mistanke om krenkjande åtferd med ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme og å gripe inn og stoppe når denne type åtferd skjer jfr. Opplæringslova 9a-3 er hovudansvarleg for å rapportere til rektor/skuleleiinga og å sette i verk planlagde førebyggjande tiltak. Elevane skal delta som samarbeidspartnarar i kvalitetssikringsarbeidet, jfr. Opplæringslova 9a-5. 3
OVERSIKT OVER RAPPORTERINGSANSVAR OG BESLUTNINGSANSVAR Aktivitet Ansvar for rapportering Tidspunkt Rektor Ved slutten av skuleåret Sjekkliste kontaktlærar Desember og april Referat Olweusmøte Rett etter gjennomførte Sjekkliste personalmøte haust Rektor Rett etter gjennomførte Sjekkliste personalmøte vår Rektor Rett etter gjennomførte Referat samtalegrupper Nøkkelperson/teamleiar Rett etter gjennomførte Referat stormøte i gymsal Koordinator/Rektor Rett etter gjennomført møte Referat introduksjonskurs Instruktør Rett etter gjennomført kurs Referat nettverk Instruktør Rett etter gjennomført nettverk Sjekkliste elevråd for elevrådet Rett etter gjennomførte Referat møte i elevråd for elevrådet Rett etter gjennomførte Melding om avvik Den som oppdagar avviket Straks Avvikshandsaming Rektor Kontinuerleg Sakshandsaming kapittel 9a Rektor Kontinuerleg Ved Ågotnes skule er det oppretta skulemiljøutval, jfr. Opplæringslova 11-1a. Eit godt fungerande skulemiljøutval er viktig for at arbeidet med å skape eit godt arbeidsmiljø for elevane skal lukkast. Det skal bidra til å skape orden i forholdet mellom skule og heim ved at det vert oppretta klare linjer for samarbeidet. Det er eit mål at skulemiljøutvalet skal utøve innflytelse gjennom å vere ein utviklingspartner i skulemiljøarbeidet og kvalitetssikre rutinar og prosedyrar. I skulemiljøutvalet ved Ågotnes skule er elevane, foreldre, dei tilsette, skuleleiinga og kommunen representerte. Skulemiljøutvalet er sett saman slik at representantane for elevane og foreldra til saman er i fleirtal. Elevane er den primære gruppa i skulen si verksemd, og deira læringsutbyte er avhengig av eit godt læringsmiljø. Elevrådet har minst 2 representantar i skulemiljøutvalet. Elevane vert tatt med i planlegging og gjennomføring av det systematiske arbeidet ved skulen, jfr. 9a-5 om elevdeltaking i skulemiljøarbeidet. Som elevrådsrepresentantar eller elevrepresentantar i skulemiljøutvalet, skal elevane ha anledning til å påverke og bidra i dette arbeidet. 4
Det er svært viktig å sikre trygg sakshandsaming. Ågotnes skule har rutinar for å kvalitetssikre alle oppmodingar på dette området, og dei vil verte handsama i tråd med reglane om enkeltvedtak i Forvaltningslova. Oppmoding vert registrert på eige skjema, førebels svar vert gjeven viss ei oppmoding ikkje kan svarast på i løpet av ein månad etter at den er motteke og enkeltvedtak vert fatta så snart som mogeleg i tråd med reglane i Forvaltningslova. Enkeltvedtak om elevar sitt skulemiljø kan klagast inn til Fylkesmannen. Alle sakene skal oppbevarast i skulen sitt elevarkiv. VEDLEGG TIL KVALITETSPLANEN 1. Prosedyrar i arbeid med mobbesaker. 2. Sanksjonsstege. 3. Årshjul for Olweus-arbeidet (internt for skulen sine tilsette). 4. Malar for dokumentasjon (internt for skulen sine tilsette). 5
PROSEDYRAR I ARBEID MED SAKER DER DET FØREKJEM KRENKJANDE ORD ELLER HANDLINGAR SOM MOBBING, DISKRIMINERING, VALD ELLER RASISME A. SITUASJONAR DER DET ER MISTANKE OM MOBBING Mistanke 1. Oppmoding frå foreldre og/eller elev. 2. Lærar eller andre tilsette mistenkjer at ein elev vert mobba. NB! Rektor skal varslast. Undersøking (fristar i høve reglar om enkeltvedtak i Forvaltningslova 11a) Fokusert observasjon i friminutt og i klasse (av kontaktlærar eller andre tilsette): observasjon skal vere skriftleg. har samtaler med foreldre/føresette til den mobbeutsette for å få meir informasjon. lager sosiogram for klassen. har korte intervju med involverte elevar, eventuelt i kombinasjon med skriftleg arbeid. tek opp temaet trivsel på Olweusmøta. I spesielle tilfelle: o o Be elev/føresette føre logg for å få konkret informasjon (ta kopi av eventuell digital trakassering) Skulen ber om bistand frå PPT, Rettleiarteamet eller skulen sin instruktør. Vedtak/tiltak Skulen konkluderer snarast og seinast innan 3 veker: 1. Mobbing: det vert skrive eit enkeltvedtak med tilhøyrande tiltaksplan, sjå pkt. B (hugs: eit enkeltvedtak er personleg det må difor skrivast individuelle enkeltvedtak for alle partar) 2. Ikkje mobbing: saka vert lagt bort, men det skal skrivast eit enkeltvedtak dersom oppmodinga kom frå foreldre og/eller elev. Dersom skulen treng lengre tid enn forvaltningslova 11a tilseier, skal det sendast ut eit førebels svar med grunngjeving. Vald og mobbing skal alltid rapporterast til leiinga på skulen. 6
B. SITUASJONAR DER EIN VEIT DET FØREKJEM MOBBING 1. Stopp mobbinga straks Dei vaksne skal straks gripe inn og stoppe mobbinga. Gjer greie for kva ein har sett/veit ikkje opne for diskusjon. Vurder situasjonen: skjerm den som er mobbeutsett både på skulen og på heimvegen frå skulen. NB! Rektor skal varslast. 2. Gjennomfør samtalar med dei som er involvert i mobbinga eller ein annan vaksen har ein samtale med den mobbeutsette: Gjer greie for kva som skal skje vidare. Den mobbeutsette får fortelje om mobbinga og kven som står bak dersom han/ho er klar for det. Trygge omgjevnader, ei trygg ramme og ei trygg form er viktige stikkord for denne samtalen. 3. Følg opp saka Følg opp med nye møte med mobbarane og den mobbeutsette heilt til ein er sikker på at mobbinga har stoppa. Informer resten av kollegiet slik at dei kan følgje med i friminutta. Vald og mobbing skal alltid rapporterast til leiinga på skulen. Alvorleg konfronterande samtale med den/dei som mobbar: Samtal med ein om gongen. Ha med ein annan vaksen (eventuelt rektor). Forklar kva som skal skje vidare. Skriv eit kort referat frå samtalen. Hovudpunkt for den konfronterande samtalen (sjå eige pkt.) 4. Sanksjonar 5. Dokumentasjon 6. Oppbevaring av Viss mobbinga ikkje stoppar skal ein ta i bruk sanksjonar. Skulen skal ha utarbeida ein sanksjonsstege (heimla i ordensreglementet). Alt arbeid som vert gjort i mobbesaker skal dokumenterast. Det skal skrivast referat frå arbeid som er gjort. elevopplysningar Referat/annan dokumentasjon angåande enkeltelevar skal leggjast i elevmappa. Klassedokumentasjon skal òg oppbevarast i skulen sitt arkiv. 7
SANKSJONSSTEGE (der det førekjem mobbing) 7 Skifte av skule 6 Skifte klasse permanent 5 Skifte klasse i ein periode 4 Bortvising frå enkelttimar eller ein heil dag 3 Haldast inne i friminutt med tilsyn 2 Tilsyn i friminutt 1 Samtale med føresette Stoppsamtale med elev Første steg vert gjennomført fleire gonger i prosessen. 8
ÅRSHJUL FOR OLWEUSARBEIDET Månad Kva Ansvarleg Dokumentasjon August Personalmøte for alle tilsette 1 (planleggingsdag) Koordinator/ skuleleiing Sjekkliste for personalmøte haust Inspeksjonsplan gjennomgått og revidert Klassemøte 1 September Klassemøte 2 Mobbing som tema på elevrådsmøte 1 Pedagogisk samtalegruppe Klasseforeldremøte Innføringskurs for nytilsette Skuleleiing elevråd Nøkkelpersonar (Koordinator, teamleiar) Olweus-instruktør Referat elevråd Referat samtalegruppe Referat innføringskurs Nettverk for koordinatorar/ Nøkkelpersonar 1 Presentasjon av Olweus-undersøkinga for foreldre Stormøte i gymsal Klassemøte 3 Oktober Klassemøte 4 Kontaktmøte/ Vurderingssamtale Klassemøte 5 November Klassemøte 6 Pedagogisk samtalegruppe Stormøte i gymsal Klassemøte 7 Desember Klassemøte 8 Olweus-instruktør Skuleleiing Koordinator/rektor Nøkkelpersonar (Koordinator, teamleiar) Koordinator/Rektor Referat nettverk Referat stormøte Avkryssing vurderingsskjema Referat samtalegruppe Referat stormøte Klassemøte 9 9
Januar Klassemøte 10 Mobbing som tema på elevrådsmøte 2 Pedagogisk samtalegruppe Nettverk for koordinatorar/ Nøkkelpersonar 2 Klassemøte 11 Februar Klassemøte 12 Personalmøte for alle tilsette 2 (planleggingsdag) Stormøte i gymsal Klassemøte 13 Mars Klassemøte 14 Pedagogisk samtalegruppe Klassemøte 15 April Klassemøte 16 Kontaktmøte/ Vurderingssamtale Stormøte i gymsal Olweus-undersøkinga om mobbing Klassemøte 17 Mai Klassemøte 18 Pedagogisk samtalegruppe Revisjonsmøte/ oppfølgingsmøte Klassemøte 19 Juni Klassemøte 20 Klassemøte 21 elevråd Nøkkelpersonar (Koordinator, teamleiar) Olweus-instruktør Koordinator/ skuleleiing Koordinator/Rektor Nøkkelpersonar (Koordinator, teamleiar) Koordinator/Rektor Koordinator Nøkkelpersonar (Koordinator, teamleiar) Olweus-instruktør Referat elevrådsmøte Referat samtalegruppe Referat nettverk Sjekkliste for personalmøte vår Referat stormøte Referat samtalegruppe Avkryssing vurderingsskjema Referat stormøte Referat samtalegruppe Rapport I tillegg skal mobbing vere eit fast tema på dei faste elevsamtalane. fyller ut ei sjekkliste som dokumentasjon på slutten av kvart skuleår. 10