vikaskarven lokalavis for Vik i Øygarden



Like dokumenter
Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Til deg som bur i fosterheim år

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Teknikk og konsentrasjon viktigast

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA


Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

«Ny Giv» med gjetarhund

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Sandeid skule SFO Årsplan

Brukarrettleiing E-post lesar

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Notat om historie og kulturlandskap

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Jon Fosse. For seint. Libretto

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Kom skal vi klippe sauen

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

6. trinn. Veke 24 Navn:

mmm...med SMAK på timeplanen

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:



Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Informasjon til elevane

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

IKT-kompetanse for øvingsskular

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Månadsbrev for Rosa september 2014

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Møteprotokoll for møte i

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Elevundersøkinga 2016

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen

Kva er økologisk matproduksjon?

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Samansette tekster og Sjanger og stil

Lønnsundersøkinga for 2014

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Transkript:

vikaskarven lokalavis for Vik i Øygarden 23. mars 2014 Nr. 1 14. årgong Utgjevar: Vik grendalag www.vikaskarven.net Skapte historie Ein mann frå Vik deltok i grunnlovsprosessen i 1814. Side 2 Lite håp for vatna Ruth Berit pusser opp 150 år gamalt hus Både Stegeviksvatnet og Norlavatnet er infisert av algar. Side 4 Side 6-7 Ole Monsen bygde store delar av Vik Entrepenøren Ole M. Vik sto bak mange grunnmurar og ikkje minst moloen på Vik. Side 5

2 Som ein av to menn frå Manger prestegjeld, vart ein vikamann vald til å vera med og bestemma kven som skulle sendast til Eidsvoll. I Manger prestegjeld var det fire sokn: Tre av kyrkjene var på Radøyna (Manger, Bø (no kalla Hordabø) og Sæbø); den fjerde var på Herdla, som Vik sokna til. Prestegjelda var på første halvdel av 1800-talet store. Grensene for soknet var dei same som for heradskommunen som besto til 1964. Ole Andersson Vik var sonen til Inger, som har gjeve namn til ei av slektene på Vik. Han var fødd hausten 1763, og altså 50 år våren 1814. At han var ein dugande mann, er det fleire ting som syner: Han var det som i ei folketeljing vart kalla kongeleg losformann; oftare var tittelen losoldermann brukt. Det var noko meir enn å berre vera los. Losoldermannen var ein administrator som ikkje sjølv utførte losinga. Kunne lesa og skriva Han måtte kunna lesa og skriva. Det var den gongen ikkje vanleg i alle fall ikkje det siste. Kor mange som kunne lesa for 200 år sidan, er me ikkje sikre på, men BARNDOMSHEIMEN: Harald Vik framfor Pålestøvo der han vaks opp. Vikamann involvert i grunnlovsarbeidet at det var få som kunne skriva, er sikkert. Lensmannen på den tida, som også var av bondeætt, hadde ei dårleg øvd skrivehand. Ole var stødigare, det ser me på dokumentet som her er avbilda. Pennen er ført med ei trena hand som er van med å skriva. Bøker var ikkje vanleg å eiga på den tida, men i skiftet etter Ole ser me at han åtte eit eksemplar av biskop Johan Nordahl Brun sine talar. Visste at 1814 var spesielt Folket var klar over at det skjedde noko spesielt våren 1814, som korkje dei sjølve eller forfedrane hadde vore med på. Dei må ha fortstått alvoret då dei fekk opplest orda frå tronarvingen Kristian Fredrik (som seinare vart vald til norsk konge på Eidsvoll) i kyrkja 18. mars. Manger var hovudkyrkja, og det er difor ikkje uventa at det var der det skjedde. Men truleg var det ikkje vanleg at folk frå Vik reiste til denne kyrkja. Det syner at det hadde skjedd ei kunngjering. Valet av Ole Vik og Johannes J. Myking var ikkje lettsindig. Dei skulle representera folket i rådstova i Bergen då representantane frå heile fylket samlast ti dagar seinare, 28. mars. Dei hadde hastverk denne våren. Riksforsamlinga byrja 13 dagar etter forsamlinga i Bergen, den 10. april. Dei tre eidsvollsmennene frå Søndre Bergenhus amt (Hordaland utanom Bergen) var alle frå indre strok: sorenskrivaren i Hardanger, soknepresten på Voss og ein gardbrukar frå same staden. Få fekk reisa til Eidsvoll Det er utifrå talet på delegatar usannsynleg at Ole hadde fått reisa til Eidsvoll berre ein av dei tre var av vanlege folk, to av tre var embetsmenn. Men me skjøner at det av geografiske grunnar uansett ikkje var realistisk. Det kan altså sikkert seiast at folk på Vik vart godt informerte om det som skjedde våren 1814. Men det FULLMAKT: Eidsvollsfullmakta frå Manger som dei tre hadde med seg til riksforsamlinga. Ole Andersson Wiig underteikna til venstre for midten blant signaturane nedst på sida. Han brukte tittelen Lods Oldermand (losoldermann). hadde vore interessant å vita kva dei fekk greie på etter at Ole sitt oppdrag var over. Grunnloven vart kunngjort på eit overordentleg ting for Manger, Herdla og Bø 15. august. Det var dagen etter våpenkvila mellom Noreg og Sverige (Mossekonvensjonen), som hadde slått fast unionen med svenskane og gjorde det truleg at Grunnloven ikkje kom til å tre i kraft. Konven- sjonen vart kunngjort på hausttinget i oktober, og 4. november er datoen på den reviderte grunnloven, som i hovudtrekk vart den som vart laga på Eidsvoll. Kva bøndene i Herdla meinte om at kongen no budde i Stockholm og ikkje i København, skulle me gjerne ha visst. Ole hadde sikkert ei meining om det, opplyst og engasjert som han var.

3 Bygging av jonsokbålet Du kan levera pallar og brennbart trevirke til jonsokbålet som Vik grendalag lagar til på moloen frå 14. juni. Bålsjef Johnny Dåvøy reknar med at det i år som i fjor berre vert levert brennbart materiale. Påskefrukost på bedehuset Det vert tradisjonen tru påskefrukost på Vik bedehus skjærtorsdag 17. april klokka 10.00. Alle er hjarteleg velkomne! KREATIVE TVILLINGAR: Alexander Torsvik (til v.) går på skule i Wales. Broren Joakim går på Askøy. Kombinerer skule og musikk Tvillingparet Alexander og Joakim Torsvik (17) har vald ulike utdanningsvegar, men begge er levande interesserte i musikk. Musikkinteressa har dei arva frå bestefaren Anton Torsvik. Alexander spelar tuba i Toftøy skulekorps og Rong Brassband, medan Joakim likar gitaren best. Heime i kjellarstova i Knappen har dei arva bestefar Anton sitt trekkspel og ei velbrukt fele som oldefaren Anders brukte mange gonger i ulike samkome på Toftøy. Fela har fått ein sentral plass i kjellarstova, og dei skulle gjerne lært seg å spele fele og. Alexander går andre år på ein vidaregåande skule i Cardiff i Wales. Etter ein hard opptaksprøve vart KIWI mini pris han teken ut som ein av tre elevar frå skulane i Hordaland. Dei andre to elevane er frå Bergen. Me var med fylkesordføraren i Hordaland og tente den norske julegrana i Cardiff. Dette var stas for oss hordalendingar, fortel Alexander. Cardiff er vennskapsby med Hordaland fylkeskommune, og har ei befolkning på om lag 320 000. Stiller krav til elevane Skulen eg går på heiter Whitchurch High School. Det er ein offentleg skule med 2400 elevar. I klassen min går det 25 elevar, men heile 500 på same klassetrinn. Alexander likar best realfag og musikk, og nyttar fritida til å spela i korps i Cardiff. Undervisninga der borte er litt annleis enn heime. Elevane har ikkje datamaskiner i klasserommet, me har som regel to lærarar som underviser i ein klokketime og me øygarden elektriske as må vera konsentrerte når undervisninga pågår. Det meste av læringa skjer i klasserommet, og det er ikkje mykje lekser. Desto viktigare er det å vera konsentrert og få med seg det som foregår i klasserommet. Når skuleåret er slutt til sommaren skal Alexander fortsetja på tredje året på Sotra vidaregåande skule. Interessert i data Joakim interesserer seg for IKT og elektronikk. Han går andre året på Askøy vidaregåande skule. Ingen av dei har bestemt seg heilt for kva yrke dei vil jobba med. No gjeld det å suga til seg mest mogleg lærdom dei neste åra, smiler tvillingbrørne. Tlf. 5638 9424 Epost: post@oygarden-elektriske.no Toftøy størst i Øygarden Med 1288 innbyggjarar er Toftøy no den største krinsen i Øygarden kommune, ifølgje tal frå 1. januar i år. Rong er nest størst med 1254 innbyggjarar. Toftøy (74), Rong (16), Blomvåg (42), Breivik (10) og Alvheim (10) opplever alle netto befolkningsauke i forhold til i fjor. Krinsane Hatten (-5), Bakken (-2) og Hernar (-1) har nedgang i folketalet frå i fjor til i år. Totalt auka folketalet i Øygarden med 144 personar frå 2013 til 2014. No bur det 4704 personar i kommunen. Tente varde for grunnlova Søndag 16.februar presis kl. 2014 om kvelden vart bålet tent på Mildeshaugen på Vik. Vardebrenninga markerte at det var 200 år sidan Grunnloven vart vedtekten av riksforsamlinga på Eidsvoll. Denne søndagskvelden var det óg Vardebrenning i andre kommunar vest for Bergen. Det var liten oppslutning rundt vardebrenninga frå toftøyfolket. På Turøyvarden, derimot, var det stor frammøte. Der møtte over 100 personar opp.

4 Ubrukelege vatn i all overskueleg framtid Stegeviksvatnet kan ikkje drikkast, og Norlavatnet bør ein ikkje bada i. Årsaka er at begge vatna er forgifta med algar. Både Norlavatnet og Stegeviksvatnet (biletet) har fått blågrønalgar. Me veit ikkje korleis algane har kome i vatna, og kan difor heller ikkje seia noko om når eller om dei vil forsvinna, seier Jon Ivar Friborg, leiar for teknisk etat i Øygarden kommune. Toftøy er ei øy med mange vatn som bebuarane har nytt godt av. Stegeviksvatnet har bydd på drikkevatn, og Norlavatnet har vore ein favorittstad for badelystne folk på fine sommardagar. Men naturen har gjort det slik at begge vatna no er forgifta. I 2011 kom det såkalla blågrønalgar i vatna. Storfe har døydd Desse algane er ifølgje Store norske leksikon vanlege i heile verda, både i ferskt og salt vatn. Nokre arter av blågrønnalgen er giftproduserande, og storfe har døydd som følgje av at dei har drukke vatn med slike algar i. Algane kan også tilsetja jordaktig lukt og smak til vatnet, noko som er eit problem for drikkevatn. Kommunen tek jamnleg prøvar av spesielt Stegeviksvatnet som er drikkevatn, og ein har førebels ikkje funne bevis på at algane er giftige. Grunnen til at ein ikkje lenger brukar vatnet som drikkevatn, og at ein vert frårådd å bada i Norlavatnet er at ein ønskjer å vera føre var. Me veit ikkje når algane er giftige eller om dei kan verta det. Men dette er eventuelt gift som ikkje kan kokast vekk, men som må reinsast vekk. Og anlegget tilknytt Stegeviksvatnet har ikkje det som trengs for å reinsa vatn med blågrønalgar, seier Friborg. Om nokon skulle bada i Norlavatnet er det ikkje sikkert at dei vert sjuke, men om det er gift i algane, kan det gå gale. Difor rårådar me bading. Når me eventuelt kan endra det rådet, er uråd å seia. Då må me ha målingar tatt over tid som tilseier at det er trygt, held den tekniske sjefen fram. Kommunen har nytta seg av ekspertise frå mellom anna Mattilsynet og andre konsulentar for å finna ut av situasjonen med algane, men førebels veit ein ikkje korleis algane har infisert Norlavatnet og Stegeviksvatet. Det pussige er også at desse to vatna ikkje med m me ed 1000m 100 000 0m m 2 salgsflate i Rong Senter - Ei rein og skjær handleglede ved havgapet havgapet! Fiskk - og ferskvarespesialisten f k l Fristende frukt og grønt Innholdsrik betjent ostedisk Nydelige nystekte bakervarer Velsmakende varm mat Herlig salat - og fruktbar Måndag Ope måndag- -fredag fredag kl.8-22, 8-21,Laurdag laurdag kl.9-20 9-20 Bank i Butikk EUROSPAR Rong tlf. 56 38 71 40 lbod Opningsti heng saman, og slik må ha fått algane kvar for seg. Byggjer nytt anlegg Det er ikkje aktuelt å bruka Stegeviksvatnet som drikkevatn att før ein har fleire målingar som viser at algane er vekke. Inntil vidare vil difor folk på Toftøy få vatn frå Blomvåg vassverk som hentar vatn frå Steinsvatnet. Men også her har det som kjent vore problem. Mykje humus (biomasse) gjorde at vatnet vart for farga til at det var akseptabelt. Det høge fargetalet gjorde at desinfeksjonen vart redusert, og difor måtte folk ein periode koka vatnet. I februar fekk kommunen på plass nye og kraftigare UVlys som desinfiserer også ved mykje farge. Men om ikkje lenge kan folk rekna med ei endå tryggare vassforsyning. 1. september neste år vil eit Stort utval av godbiter fra vårt kjøkken Moderne bilverksted m EU/kontroll Reparasjon av alle bilmerker V askehall Kaffiavtale Gass BLOM SERVICESENTER AS 5331 RONG - tlf. 56 38 72 80 Godkjent bilverksted nybygd Blomvåg vassverk stå ferdig som skal forsyna heile søre Øygarden. Dette er budsjettert til 42 millionar kroner pluss moms. Då reknar me med å levera vatn som er utan smak, lukt eller farge, slik det skal vera, seier Friborg. Om det skulle koma blågrønalgar også i Blomvåg, vil det nye reinseanlegget vera i stand til å takla det. For at innbyggjarane skal ha ekstra tryggleik skal vassforsyninga for søre Øygarden koplast saman med Alvheim vassverk som også vert utvida. I tillegg skal ein kopla seg på vassystemet i Fjell kommune, og det finst også reservevatn som kan nyttast i ein krisesituasjon. Etter situasjonen med algane på Toftøy og det farga vatnet i Blomvåg, har me sett at det kan gå gale, ganske fort. Så det er godt å vera førebudde. Snitter Koldtbord Varmmat Baguettar Koldttallerken Rong Catering a/s Tlf.: 56 38 74 54

5 blandemaskin ombord, som ruva godt då dei for avgarde sjøvegen til nye prosjekt. Entrepenøren som bygde Vik Molokaien er Ole sitt verk Ole følgde med på den teknologiske utviklinga og fanga opp nye ting og ideear som han gjorde bruk av. Mineboren og smia skifta han ut med boremaskin då den kom på marknaden i slutten av 50- åra. Timar og dagar stod han bøygd over borehammaren med høgt støynivå som etter kvart svekka høyrsla. Det største prosjektet han gjenomførde var då han leia arbeidet med molokaien aust i Vikavågen i 1968 saman med nokre andre frå Vik. Han henta jernbaneskjener frå NSB i Bergen og frakta dei til Vik med «Skarsund», sveisa konstruksjonen saman på kryss og tvers og laga betongdekke som vart til kai og veg langs fjellsida. Ole Monsen hadde mange jern i elden, og han hadde arbeidsdagar og arbeidsvilkår som var langt frå krava i dagens arbeidsmiljølov. Ole M. Vik var den eldste av dei seks borna til Randina og Mons i Karistova, som er omtalt på dei to neste sidene. Dei som vaks opp på Vik på 50-60-talet hugsar godt Ole Monsen, som han vart kalla. Fann alltid løysing Ole hadde eit klokt hovud og ein sterk kropp med store og flittige arbeidshender. Han kombinerte kunnskap og arbeid, og hadde innsikt i det han gjorde, spesielt innafor bygg- og anleggsbransjen. Men det var nær sagt ikkje den ting han ikkje fann løysing på. Det fans neppe nokon på Vik som ikkje hadde Ole som bygningsmann. Hustomtar, grunnmurar, vegar og anna anleggsarbeid viser fottrykket etter han. Etter kvart som husa fekk innlagt vatn, kloakk og køyreveg, var det Ole som vart tilkalla. Han kunne det meste, og var kort og godt uunværlig for bygda på den tida. Var eit arbeidsjern Eit særtrekk med Ole var at han ikkje brukte mange ord eller mykje papir når han konstruerte tiltak han skulle løysa. Men han såg fort løysinga for seg, og lagra «prosjektet» i hovudet før han gjekk i gong. Han var ein mann som ikkje strødde om seg med fakter og høgrøysta tale, men arbeidde i det stille. Folket i bygda fekk stor tillit til han fordi han alltid fann den enkle og billegaste løysinga. Han var utolmodig. Arbeidet måtte gå fort unna. Slik sparde han oppdragsgjevaren for pengar. Det var ikkje berre på Vik Ole Monsen vart etterspurd. I nabobygdene Misje, Turøy, Toft og Torsvik vil ein finna varige spor etter denne arbeidsmannen. Saman med broren Monrad for dei i ein liten motorbåt som folk kalla «Blanno», fordi dei ofte hadde med ei betong- Sprengde møka Dei fleste i Ole sin generasjon var fiskarar, men det vart Ole aldri. Rett nok var han med «Sigra» og «Emly» på vinterfiske i fleire år for å spe litt på inntekta, men han likte seg betre som bygningsmann og skytebas med dynamitt og småstein rundt seg. Fritid hadde han ikkje, og han brukte heller ikkje kveldane på butikken med «dykjing», slik dei fleste mannfolka på Vik gjorde på den tida. Småbruket med dyra i fjøset krov sitt. Ole vart tilkalla til fjøsa omkring både ved fødsel og slakt,. Jorda gjødsla han ved å fyra ein dynamittgubbe i frosen kumøkk so skiten fauk. Ole var heilt fram til helsa svikta trufast på bedehuset. Han døydde 11. juni 2003, nær 89 år gamal. ENTREPRENØR Jostein Oen as 5337 RONG Mobil 920 88 415 482 50 447 30 år 1981 2011 GRAVING SPRENGING TRANSPORT Toftøy Nærmiljøutval -arbeider for eit triveleg og godt nærmiljø for alle på Toftøy

6 Gebursdag Set i stand det elds 85 år Mons Andreas Vik 15. mai 1929 80 år Ingvald Martin Vik 19. mai 1934 65 år Gudrun Vik 9. april 1949 Nils Magne Birkeland 11. april 1949 55 år Bjarte Kjell Landro 20. april 1959 Britt Kari Torsvik 2. april 1959 50 år Anders Toft 28. april 1964 Morten Torsvik 30. april 1964 40 år Ingvill Vik 2. april 1974 Peder Elias Vik 5. april 1974 Evy Njøten Vik 28. mai 1974 35 år Arne Morten Vik 20. april 1979 20 år Maria Vik 21. april 1994 10 år Stian Vik 18. mars 2004 Simon Romarheim Vik 4. april 2004 Død Marie Skråmestø fødd Vik fødd 15. januar 1933 død 19. januar 2014 Karistova er truleg det eldste huset på Vik. Dei siste åra har huset vorte sett i stand att. Karistova vart bygt i 1860-61, og var ein del av det gamle klyngetunet på Sjoleitet Tofthaugen. Fram til 1918 sto husa på Vik i ei klyngje i området der bedehuset står no, før dei vart flytta rundt om kring på garden. Karistova står derimot der ho alltid har stått. Det er truleg det eldste bustadhuset på Vik. Huset er eit typisk vestlandshus med to stover og ope kjøken nede, to lemar og gang oppe. I tillegg er det ei svøl i sør, og ein stup i vest. Dei mest omfattande endringane i huset har kome etter krigen. Då kom straumen, og utover i 1950-70-åra vart grua på kjøkenet fjerna, og kjøken og gang var delt. Utedoen vart bytt ut med innandørs vassklosett, og bad med varmekablar i golvet. Alle veggar og tak vart kledde med plater og tapet, og belegg på golva. Folket I følgje Bygdeboka for Vik i Øygarden (ref.), var Karistova den gamle Larsestova, og dei første 25 åra budde Larsefolket i huset. Ole Olson Vik (f.1859) var den av brødrene frå Larsefolket som overtok br. nr. 5, altså Karistova. I 1887 gifta Ole seg med Kari Monsdotter Toft. Huset og etterkomarane deira, fekk namn etter henne: Karistova og Karifolket. Dottera Randina gifta seg med Mons Andreas Olai Martinusson Gulbrandsøy i 1913, og dei seks borna Ole Martin (1914), Kristoffer Gjertin (1916), tvillingane Ragna og Monrad (1917), Kathinka Paulina (1921) og Martinus Rasmus (1927), vaks opp i huset. Då Mons døydde i 1956, fekk Ragna og Kathinka skøyte på Karistova. Randina budde i huset saman med Ragna, og seinare flytta også Kathinka inn. Dei budde alle i huset livet ut. I 2006 overtok Ruth Berit Vik (dotter til Ole Martin) og mannen, Gunnar Holst, huset. Gudsfrykt og nøysemd har prega dei tidlegare generasjonane av Karifolket. Ragna kombinerte stor kreativitet med engasjement for misjonen, og dreiv Gutten i fleire tiår. Ho rosemalte og snekra, fiska og røykte laks. Kulturpris og Kongens fortenestemedalje i sølv fekk ho for si formidling og arbeid for andre. Det er mange som opp gjennom åra har gått inn og ut av Karistova, og som har budd der i periodar. Familien Ryland (søster til Mons som budde i Bergen) var mykje i Karistova før, under og etter krigen. Kristoffer og familien budde på søre lemen om somrane i mange år. Når det var fullt i huset, kokte og åt Karifolket sjølv i svølo. Storfamilien feira jul i Karistova i mange år framover til 1980 talet, og det var ei særskild atmosfære i huset i førjulstida. Rehabiliteringa Dei nye eigarane overtok Karistova med eit ynskje om å ta vare på huset for framtida. Dette er ikkje eit restaureringsprosjekt, men eit arbeid med mål om å finna fram til det som kan bevarast, og å fornya det som er naudsynt. Det har diverre vorte mykje av det siste. Miten har øydelagt det meste av det opphavlige treverket som ikkje er tømmerveggar. Det tek tid å riva det gamle og å byggja opp nytt. Men arbeidet går framover, og det er gledeleg å sjå kvart rom som vert ferdig. Karistova er meir enn hundreogfemti år gamal, og eit hus med sjel og historie det er vel verd å ta vare på. Av Ruth Berit Vik (på biletet)

ldste huset på Vik 7 Stor julegåve til Vik-Gedeo Ein privatperson på Austlandet har gitt ei stor gåve på 30.000 kroner til VikGedeo-prosjektet. Gåva fullfinansierer vasstanken til internatet som kom på plass i haust. Vik-Gedeo er eit jenteinternat i Etiopia med plass til 48 jenter. Vik Gedeo-prosjektet ønskjer å gi jentene frå Gedeofolket i Etiopia sjansen til å ta utdanning. Oddbjørg Vik og Gerd Lillian Vik, som starta dette bistandsarbeidet, kunne opna det andre internatet i haust. På bygdetreffkvelden, som grendalaget hadde sist haust, vart det gitt ei stor gåve til prosjektet. I februar i år var det Vik-Gedeo kveld på bedehuset. 70 personar møtte fram og det vart seld lodd for 32.500 kr. Velukka loppemarknad Det var stor oppslutnad om loppemarknaden som Toftøy skulekorps hadde på Toftøy skule 8. og 9. mars. Thora Vik, som er sjef for loppemarknaden, var svært nøgd med det økonomiske resultatet på over 50.000 kroner. Dette kjem godt med i ein slunken kasse, seier ho. Ikkje la skit liggja att! Altfor mange hundeeigarar ryddar ikkje skikkeleg opp etter hundane sine. Det er uakseptabelt at skit ligg att på vegar eller skogsstiar. Spesielt ille er det når folk pakkar skiten inn i svarte posar, for så å kasta desse frå seg i naturen.

Returadresse: Vikaskarven Norvald Vik 5337 Rong 8 Stor fangst på breiflabb Fiskaren og pensjonisten Per B. Vik har fått mykje breiflabb i år. Garna han brukar for å fiska breiflabb har store masker. Dei gode fiskeplassane er på djupet i Hjeltefjorden, frå Vikaneset til Vindeneskvarven. Dei største breiflabbane han har fått i år har ei vekt på om lag 50 kg. Det er berre bakparten på fisken som er fiskekjøt, og det vert sett på som delikatesse. Denne delen av fisken utgjer om lag 40 prosent av vekta. Prisen på breiflabb er mellom 80100 kr. pr. kg. I år har eg hatt eit fint fiske, seier Per. Kor mykje han har drege inn i båten i løpet av året, vil han halda for seg sjølv. Vikaskarven Redaktør: Øystein Vik I redaksjonen: Norvald Vik Ottar Vik Internett og e-post: www.vikaskarven.net oystein.vik@gmail.com Fire nummer pr. år. Trykkeri: Bodoni AS Framtidas nett har kome til Vik Utbygginga av fibernett på Vik og i Knappen gir folk fart på internett som hittil ikkje har vore mogleg i bygdene våre. BKK er i full gong med å leggja til rette for fiber til internett, TV og telefon på Vik og i Knappen. I Knappen og delar av Vik er kabelen lagt i grøft, resten vert luftstrekk. Trass i at heile vegstrekningar har vore gravd opp for å leggja fiberen i grøft, har arbeidet vore raskt og effektivt og til liten sjenanse. Det er stor oppslutnad frå alle husstandar om å får innlagt fiber. Heile 90 prosent har teikna seg som abonnentar hos BKK. Når det nye nettet er kopla opp, vil det verta betre kapasitet og stabilitet på PC- TV- og telefonsamband. Vi formidlar blomster til innland og utland Rong Senter Telefon:56 38 92 65 Postboks 107, 5331 Rong