Beitepussing av setervollar i Oppdal Samandrag



Like dokumenter
Beitet sin plass i kulturlandskapet - Aktuelle tiltak i beiter

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

«Ny Giv» med gjetarhund

Kom skal vi klippe sauen

Kva er økologisk matproduksjon?

Registrering av kystlynghei. Horgo, Austevoll

VOLLASETRA I SUNNDAL

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Til deg som bur i fosterheim år

RAPPORT FRÅ 8. KLASSE GIMLE SKULE MAI 2017

LANGBAKKSETRA I SUNNDAL

DB

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Dispensasjon til oppsett av gjerde og beiting m.m. på gnr/bnr 5/1,7 i Linemyra naturreservat, Time kommune.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

TILBUDSSTRUKTUR FOR FAGSKOLANE I HORDALAND - TEKNISK FAGSKOLE 2013/14

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

mmm...med SMAK på timeplanen

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Test av prognoseverktøy for grovfôravling og -kvalitet i 2009

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Tilvekst hjå lam på fjellbeite Næringsverdi i beiteplanter

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

FAKTA. Likeverdige brökar: BrÖkar som har same verdien: 2 = 2 4 = 3 6 = 4 8 = 5

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Klimaraser. (proveniens) Treslaga våre har gjennom generasjonar tilpassa seg veksestaden. Trea har utvikla klimarasar,

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

RAPPORT OM GJENNOMFØRT PROSJEKT I FJELLANDBRUKET 2014 BEITEBRUK I FJELLANDBRUKET. Steingrim Horvli, leder Oppdal sau og geit, ønskte velkommen

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Bruk av beite. Vegard Urset, Avlssjef. Teksten i plansjene er utarbeidet av Øystein Havrevold, Nortura

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Tingvoll, Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1. Viser til brev av , sak 2016/19-2

G A M A L E N G K U L T U R

Månadsbrev for Rosa september 2014

Rapport Helgjødsel i beite innhald av kopar og kobolt i beitegras

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

Jon Fosse. For seint. Libretto

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Fuglestadelva, Hå kommune

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Kulturhistoriske registreringar

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Produksjonstilskot i jordbruket - vanleg jordbruksproduksjon. Silje Anette Lyhammer Rådgjevar Landbruksavdelinga Regionale samlingar 2017

Brukarrettleiing E-post lesar

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Utbytte av ei raigras/kvitkløvereng eller engrapp/kvitkløvereng jamført med ei timotei/raudkløvereng

Mekaniske tiltak mot siv i eng og beite

Overvaking av slåttemarka i Gjuvslandslia

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Gulatingslova: Jordskifteretten

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Brukarrettleiing. epolitiker

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn

For utfyllande informasjon om nedbetalingsvilkår, sjå INNHOLD Fleksible nedbetalingsvilkår 3. Låneavtale 3

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

Avlingsregistrering i økologisk og konvensjonell eng

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Innhaldsliste KLASSE v. Sunnylven Skule, Hellesylt

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni AUD-rapport nr

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Godt vèr og dyktige bønder, gav betre økonomi for Haugalandsbonden!!!!

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT


Husdyrgjødsel Mineralgjødsel. Ragnvald Gramstad Fureneset

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Transkript:

Beitepussing av setervollar i Oppdal Samandrag

Samandrag og oppsummering av heile prosjektet Målet med prosjektet var å få meir kunnskap om beitepussing på setervollar. Kunne pussing av vollane hjelpe på problemet med store innslag av uønska vegetasjon. Kunne ulike pussestrategiar oppretthalde produktiviteten og det biologiske mangfaldet. Kunne vi finne metodar vi kunne anbefale, for å fremje desse områda som beiter. Ansvarleg for opplegg og gjennomføring av prosjektet er Oppdal Forsøks- og Driftsplanring. Prosjektet er gjennomført med økonomiske midlar frå Oppdal Bygdeallmenning, Blilyst og SMIL-midlar. Alle vollane på dei ti setrene som var med desse fire åra, var prega av for lågt beitetrykk, og med eit stort innslag av sølvbunke. Setrene ligg i Oppdal kommune i Gjevilvassdalen/Resset, Vinstradalen, Unndalen, Orkeldalen og Grytdalen. Sommaren er kort da desse setrene ligg frå 650 til 1080 meter over havet, og ein reknar at det er mindre enn 120 vekstdøgn, og over 200 dagar med snødekke der alle desse setrene ligg. Forsøka var lagt opp som eit storskala-felt, der vi samanlikna effekten av tal pussingar og av intervallet mellom dei. I tillegg til pussinga vart desse setervollane meir eller mindre beita. Forsøksplan: Registreringar Det vart gjort registrering av den botaniske samansetjinga om våren og om høsten kvart år. Ein har registrert kor stor del av arealet i dei ulike rutene, dei ulike vekstane dekkjer. (Det er ikkje forsøkt å registrere andel avling/ masse av dei.) a. Dekninga av sølvbunketuve arealet tuvene med sølvbunke dekker i ruta b. Dekning anna gras (2004/2005:alt gras utanom tuvene, 2006/2007 delt mellom anna gras og sølvbunke av det som er mellom tuvene) c. Dekning av urter Felta Ledd: Behandling: 101 Pussing vår 2004 102 Pussing vår 2004 + vår 2005 103 Pussing vår 2004 + vår 2005 + vår 2006 104 Pussing vår 2004 + vår 2006 105 Pussing vår 2004 + høst 2004 106 Pussing vår 2004 + høst 2004 + vår 2005 + høst 2005 107 Pussing høst 2004 108 Pussing høst 2004 + høst 2005 Seter/Seterdal Eigarar 1 Sjøsetra (Orkelsjøen) Gerd og Ola Røtvei 2 Hånnåbekksetra (Orkeldalen) Øyvind Aalbu Bøe/John Ola Bøe 10 Hånnåbekksetra (Orkeldalen) Eivind Såstad Mjøen 3 Vieia (Unndalen) Kristin Tande Solberg og Olaf Solberg 4 Storvollen (Unndalen) Geir Håkon og Siren Stensheim 5 Megardsetra (Vinstradalen) Randi Meland og Lars Rise 6 Grytdalen sambeitelag v/øyvind Aalbu Bøe, Tor Bøe 7 Prestsetra (Gjevilvassdalen) Olav Torve 8 Gulsengsetra (Gjevilvassdalen) Knut K. Dørum 9 Rauhovdsetra (Resset) Venche Eitun og Jørgen Slettbakk 2

Resultat I Unndalen og Orkeldalen, ligg setrene på 1000-1085 meter over havet og da over tregrensa. Fuktige vollar Vollane som var med her i fjellet var enten fuktige eller ganske tørre, men det var mykje sølvbunke på alle. Vollane der felt 1 og 2 låg, var fuktige, og her var tuvene opp mot 50 cm høge på starten. Vollane der felt 10, 3 og 4 var lagt, var tørrare og meir opplendt. Tuvene her var ikkje så store, og effekten var òg meir langvarig på dei tørre vollane. Pussinga om våren reduserte massen av tuvene mykje og utover sommaren var dei berre 10 cm høge, og besto av friske skot. På felt 1 var det beita med storfe utover høsten og tuvene vart halde nede. Pussinga hadde ført til at sølvbunken var så fersk at dyra ville ete det. Dette førte til ei auka produktivitet på arealet. På felt 2 vart det ikkje beita etter første pussinga. Langtidseffekten på desse to fuktige felta var liten, og tuvene var store att allereie utpå tidlegsommaren året etter. Med ein stor andel sølvbunketuver og fuktig mark, må ein pusse ofte skal ein halde tuvene i sjakk. Pussinga førte ikkje til at ein fekk opp anna gras på desse to felta, så frøbanken består nok i veldig stor grad av sølvbunke. På felt 1 vil fornying av enga ved pløying nok vere det mest effektive for å få stor avling. Ein kunne kanskje fått til meir langvarig eng om ein sådde ei beitefrøblanding, og byrja med pussing allereie andre sommaren. På felt 2 voks tuvene svert fort opp att, og pussing og beiting kvart år vil vere heilt nødvendig, om ein skal ha noko verdi av beite her. Tørre vollar og saubeite Felt 10 og 4 var tørrare og meir opplendt, og storleiken på tuvene var mindre enn på dei fuktigare felta ved starten. Effekten av pussinga held seg mykje lengre på ein tørr vang, og her er det lett å sjå skilnadane mellom behandlingane etter fleire år. På ledd med to og tre vårpussingar etter kvarandre, vart nedgangen i tuvene på 20-30 % dei første åra. Tuvene vert mykje mindre og her kjem det anna gras og urter opp i mellom. Delen av anna gras, har auka frå mest ingenting til opp mot 25 % på dei mest pussa ledda, og dette syner at ein bør pusse minst to år etter kvarandre i starten. Det skal nok pussast minst anna kvart år framover for å unngå at tuvene spreier seg att. Siste registreringa syner ein tendens til at effekten minkar etter år utan pussing. Arealet tuvene dekker aukar, men høgda på tuvene var halvert i høve til tuvene rundt feltet høsten 2007, og ein kunne godt sjå at dei var beita. Der det vert beita med sau, vil den beste tida for pussinga vere ei tid etter at sauene er slept av vangen på forsommaren, da får ein nytt ferskt gras til høstbeitinga. Med ei god nedbeiting da, vil pussing om høsten vere unødvendig. 3

Fynn På felt 3 var det relativt tørt, og storleiken på tuvene var noko mindre enn på felt 1 og 2. Både på dette feltet og på felt 2 fekk vi den situasjonen at det vart pussa nye områder på høsten, utan at det vart slept inn beitedyr etterpå. Når graset som var pussa berre vart liggande att som eit teppe under snøen, ikkje beita eller rota i av dyra, fekk vi overvintringsskade, her i fjellet. På felt 10 var det ein del fynn etter første pussinga, men dette åt og rota sauene i om høsten, slik at dette kom bort, og ein unngikk overvintringsskade. For å unngå fynn, bør ein unngå høstpussing når vangen skal pussast første gongen. Det bør vårpussast og beitast første året, slik at graset ikkje vert liggande som eit teppe når høsten kjem. Fynn forsvinn etter kvart, og vi såg ikkje noko av dette daugraset etter nokre år. Arealet med overvintringsskade på felt 3 vart tetta av nytt gras og urter etter kvart. I Vinstradalen ligg Megardsetra på 900 meter over havet. Dei flate partiene på vangen er fuktige og tuvene var store her på starten. Etter fleire pussingar er tuvene små, og ein ser dei blir godt beita av kyrne. Tuvene vert fort store att, men høgda er redusert ned frå 30 cm til 10-15 cm og all bladmassen er fersk fordi det blir beita. Denne effekten ser ein òg etter to år. Produktiviteten er mykje auka som effekt av pussinga. Heller ikkje her er det noko frøbank av anna gras. Setrene i Grytdalen, Gjevilvassdalen og Resset ligg 650-700 meter over havet, her er det klart større produksjon enn i fjellet. Feltet i Grytdalen, nr 6, er det fuktigaste feltet. Her er jorda så fuktig at andre planter ikkje klarer å konkurrere med sølvbunken. Pussinga kvart år gjer at det likevel vert eit bra beite av sølvbunke, når tuvene består av ferske bladar og er utan strå. Det vert beita med mjølkekyr heile sommaren og dei mjølkar bra. På felta 7, 8 og 9 fekk ein 50 % reduksjon av arealet av tuvene, etter dei første pussingane. På felt 7 er det fuktigare enn på felta 8 og 9, og effekten av pussinga avtek fortare her. Eit år etter pussinga, var arealet av tuvene omlag som da ein byrja. Mykje fukt, godt klima og for lite beitetrykk gjer at ein her må pusse minimum kvart år om ein skal halde tuvene små. På felta 8 og 9 var vollen relativt tørr, og tuvene var litt mindre her. Effekten av pussinga her var svert god, og den varte over lengre tid, fleire pussingar aukar denne effekten. På alle ledda vart tuvearealet redusert med minimum 20 % over alle åra, Arealet med urter aukar utover åra, men det vert ikkje noko meir anna gras. På desse tørre felta kan ei pussing på forsommaren vere nok til å oppretthalde eit godt beite. Fynn i dalen På felt 7 fekk ein fynn og overvintringsskade etter den først vårpussinga. Der det var høstpussa same året, unngjekk ein skadene. Beitetrykket var så lite denne sommaren at graset vart liggande som eit teppe. Pussinga om høsten, kan ha smuldra opp grasteppet litt, slik at det ikkje vart så tett og dermed unngjekk ein skade. Dette syner at den første pussinga og her i dalen, bør fyljast opp av beiting slik at ein ikkje får fynn. 4

Ein eller to kjøringar ved kvar pussing På fire felt vart det lagt ut eit ekstra ledd, der det vart kjørt to gongar ved kvar pussing om våren. Det vart kjørt att og fram og dette gjorde at tuvene vart mykje lågare. Berre på felt 4 fekk ein ei synbar langtidseffekt av dette. Oppsummering Pussinga har hatt ein heilt klar positiv effekt med omsyn til å minske tuvene og betre beitekvaliteten på vollane. Dei ferske tuvene vert beita og der det finst anna gras og urter, kjem dette meir etter kvart. Ein vert ikkje kvitt sølvbunken, men ein kan halde den i sjakk. Fuktige vollar har liten frøbank av anna gras, og det som kjem opp att mellom tuvene her, er sølvbunke. Di fuktigare marka er, di fortare veks tuvene opp att. Her er det heilt nødvendig å pusse kvar sommar i tillegg til beiting. På tørrare mark kan nok pussing annakvart år halde tuvene nede, om det i tillegg vert beita monaleg. Dei fleste vollane hadde liten frøbank av anna gras, men ein fann noko rappartar på dei tørre felta. Av urter var det helst soleie og marikåpe som kom, og desse aukar ikkje beiteverdien noko. På nokre felt auka andelen kvitkløver noko, og dette er positivt. Ulike pussestrategiar, med vår pussing, vår og høstpussing med meir har ikkje gjeve noko klart resultat. Det viktigaste er å pusse ofte nok. I dalen veks sølvbunken fortare enn i fjellet og avbeitinga vert tilsvarande dårlegare. Blada skal vere ferske for at dyra skal beite dei. Der tuvene er store trivst ikkje beitedyra, og det vert for stor andel av gamalt gras til at dyra beitar der. Dei områda som vart pussa, tok dyra fort i bruk både til beiting, og som opphaldsplass. Vi fekk trakkskade på eit felt av di dyra var der for mykje, og vi måtte pusse rundt feltet òg. Der tuvene er store vert det mykje fynn etter pussinga. Om dette får ligge slik gjennom vinteren, får ein lett overvintringskader. Ut i frå dette vil vi ikkje anbefale høstpussing første gongen, utan at det vert beita der etterpå. Sjølv med vårpussing første gongen er det viktig med beiting om sommaren for å rote opp i den fynna som vert liggande. Torhild Svisdal Mjøen Ringleiar 5