Ny vekst i Eid: Folk først!

Like dokumenter
Handlingsprogram

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

Kommunestyrevalet Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Program for Bømlo Venstre

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Program OSTERØY HØGRE

SOGN driftig raus ekte

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Program for. Sykkylven Venstre

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

Ei god framtid for alle!

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Referat frå folkemøta:

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Politisk program for Jølster KrF

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Sandeid skule SFO Årsplan

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Folk først. program for Gloppen Venstre for perioden

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

«Nordhordland kommune»

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Velkomen til Mork barnehage

Auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Styrke samarbeidet mellom stat, fylkeskommune og kommune. Prosjektkoordinator Ny Giv Sissel Espe

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Partiprogram for Osterøy Sosialistisk Venstreparti

Forslag til Ungdommens fylkesting februar 2016

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Ørskog kommune - Sunnmørsperla ved Storfjorden -

Ål Venstre. Ål Venstre

Prosjekt: Velferdsteknologi og automasjon Eid omsorgssenter. Pilotprosjekt i Nasjonalt program for Leverandørutvikling

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Referat og meldingar Drøftingssaker til rådet for eldre og funksjonshemma til møtet

folk først Britt Giske Andersen andrekandidat for Venstre i Møre og Romsdal Olbjørn Kvernberg tredjekandidat for Pål Farstad førstekandidat for

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

ETNE VENSTRE

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Program for. Nesset Venstre. for perioden _Programmal 2011 A5 8s.indd 1

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

STYRESAK: DATO: 3. desember 2015 SAKSHANDSAMAR: Mona Høgli SAKA GJELD: Omdømemåling 2015 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat

Vågsøy Arbeidarparti Program

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Ullensvang herad Eldrerådet. Møteprotokoll

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Transkript:

Eid Venstre: Program 2011-15 Ny vekst i Eid: Folk først! www.eid.venstre.no 1

Innhald 1. Eit Nordfjord med vekstkraft våre visjonar for ein sterkare region...4 1.1 VARM VELFERD NÅR DU TRENG DET i NORDFJORD...4 1.2 SKULE FOR KUNNSKAP OG LIKE MULIGHETER i NORDFJORD...4 1.3 MILJØ OG ENERGI i NORDFJORD...4 1.4 EIT KREATIVT OG VERDISKAPANDE NORDFJORD...4 2. Eit Eid som ønsker velkomen til framtida - våre visjonar for Eidasamfunnet...5 2.1 VARM VELFERD NÅR DU TRENG DET i EID...5 2.2 SKULE FOR KUNNSKAP OG LIKE MULIGHEITER i EID...5 2.3 MILJØ OG TRIVSEL i EID...5 2.4 EIT KREATIVT OG VERDISKAPANDE EID...5 3. Slik vil Venstre arbeide for deg...6 3.1 OPENHEIT...6 3.2 BREI DELTAKING...6 3.3 UAVHENGIG AV SÆRINTERESSER...6 3.4 REGIONALT BLIKK...6 4. Om Venstre og våre kandidatar i Eid...7 4.1 Om Venstre...7 4.2 Våre kandidatar til kommunevalet i Eid 2011...7 2

Ny vekst i Eid Folk først! Vi i Venstre trur på framtida. Vi trur tida er inne for å sleppe nye krefter til som kan skape vekst og optimisme i Eid og Nordfjord. Ei røyst til Venstre er ei røyst for ny vekst i Eid, med ein sterkare og tettare samanknytt region rundt oss. Venstre vil ha lokalsamfunn der folk styrer si eiga framtid og er «med på laget», ikkje berre er passive tilskodarar til ei samfunnsutvikling fjernstyrt frå Oslo. Venstre set folk først! Eid Venstre 3

1. Eit Nordfjord med vekstkraft våre visjonar for ein sterkare region Nordfjord har dei siste åra kome på etterskot i viktige saker for utviklinga av regionen som sjukehus, samferdslesatsing, statlege arbeidsplassar, kraftlinjer med meir. Slik kan det ikkje halde fram. Venstre vil vere garantisten for at Eid går i front for samarbeid i Nordfjord, med klare mål, felles strategi og slagkraft som ein samla region. Eid Venstre har følgjande visjonar for Nordfjord i 2021 - ti år frå i dag Bussrutene er gjennomgåande i Nordfjord og ut av regionen til mellom anna Volda/Ålesund og Førde/Sogndal. Det er òg innført hyppige hurtigbåtruter på strekninga Stavanger-Bergen-Måløy- Ålesund-Trondheim som resultat av fullføringa av Stad skipstunnel, og etablert effektive og fleksible flyrutetilbod. Sandane Lufthamn må få flyavgangar som imøtekjem behova i regionen. 1.3.2 LÅGUTSLEPPSAMFUNNET: I 2021 er Nordfjord leiande i Noreg i tilpassinga til det moderne lågutsleppssamfunnet. Ved gjennomgåande tiltak heilt frå hushaldnings- og individnivået opp til kommunalt og regionalt nivå, har Nordfjord tilpassa seg dei nye krava til reduserte klimagassutslepp og til krava om drift og produksjon bygd på attvinning og fornybare ressursar. 1.1 VARM VELFERD NÅR DU TRENG DET i NORDFJORD 1.1.1 SJUKEHUSET: I 2021 er Nordfjord sjukehus eit sterkt, framtidsretta sjukehus med fullverdige akuttfunksjonar og fødeavdeling. Sjukehuset har avdeling for indremedisin og ei ortopediavdeling i landstoppen, det har vorte endå sterkare innan psykiatri og rusbehandling og har det fått tilført nye spesialitetar. Sjukehuset er organisert med ei eiga leiing som hindrar uønskt fjernstyring og oppstykking av tenestene. 1.1.2 FOLK FØRST-PAKKEN: I 2021 har Nordfjord-kommunane innført ein felles folk først-pakke der vi i fellesskap gir betre tilbod enn i dag til dei som treng det mest. Denne pakken inkluderer mellom anna felles satsingar innan barnevernet, ruskonsulenttenesta og PPT-tenesta. Det er òg regional koordinering på eit inkluderande arbeidsliv, og eit sterkt nettverk av arbeidsmarknadsbedrifter for dei som treng utprøving, tilrettelegging og oppfølging for å kome ut i arbeid. 1.2 SKULE FOR KUNNSKAP OG LIKE MULIGHETER i NORDFJORD 1.2.1 VIDAREGÅANDE UTDANNING: I 2021 er dei vidaregåande skulane i Nordfjord samla i ein felles utdanningsregion der dei vidaregåande skulane på Sandane, Måløy, Stryn og Nordfjordeid har eit koordinert tilbod med eit behovstilpassa, komplett tilbod innan både studiespesialisering og yrkesfag. Alle dei vidaregåande skulane har kvar for seg fullverdige tilbod innan studiespesialiserande steg 1, og det er ei naturleg arbeidsdeling på dei vidare klassestega. Dei vidaregåande skulane er føregangsskular på innføringa av ny teknologi som til dømes videokonferanse og digitale klasserom. Dette har gjeve betre samarbeid mellom skulane og har auka kvaliteten på undervisninga ved å dra inn relevant kompetanse frå heile verda. 1.2.2 HØGSKULEUTDANNING: I 2021 er det bygd opp eit styrkt fagskuletilbod og nye høgskuleutdanningar i Nordfjord basert på kompetansemiljøa ved dei vidaregåande skulane, og som resultat av regionalt samarbeid i Nordfjord om å løfte i flokk. 1.3 MILJØ OG ENERGI i NORDFJORD 1.3.1 KOLLEKTIVTILBOD: I 2021 er det innført «timeekspress» med buss med avgang kvar time mellom alle større sentra i Nordfjord. 4 1.4 EIT KREATIVT OG VERDISKAPANDE NORDFJORD 1.4.1 STØRRE OG STERKARE KOMMUNAR: I 2021 er Nordfjord samla som ein felles samarbeidsregion med større kommunar enn i dag. Nordfjord har fått tildelt mange nye oppgåver frå både staten og fylkeskommunen. Dei nye storkommunane har vesentleg meir makt og innverknad på regionale prioriteringar innan til dømes helsesektor, samferdsie, næringsutvikling og utdanning. 1.4.2 FELLES NÆRINGSUTVIKLING: I 2021 jobbar heile Nordfjord saman om næringsutvikling, med eit sterkt felles næringsutviklingsselskap og eit nettverk av næringshagar/investormiljø for grunderar. Dette gjer at Nordfjord står sterkt som ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion med ein felles profil ut til innbyggjarar, pendlarar og tilflyttarar. Samarbeidet har ført til stor auke i nyetableringar i næringslivet, både større selskap og av mindre aktørar. Særskilt står Nordfjord sterkt nasjonalt innan rein og fornybar energi, med stor eigenproduksjon av kraft og stor eksport av teknologi og kunnskap. 1.4.3 SAMFERDSLEPAKKEN: I 2021 har Nordfjord fått gjennomført fleire av dei prioriterte storprosjekta i regionen ut frå den såkalla Samferdslepakke Nordfjord. I denne pakken står mellom anna Stad skipstunnel, RV 15 Strynefjellet, E39/Nordfjordkryssinga, Kystvegen/45-minuttsregionen og RV60. Det er teke i bruk spleiselag, brukarfinansiering og andre kreative finansieringsformer i tillegg til tung offentleg satsing for å oppnå desse måla raskt. 1.4.4 INNFLYTTA ARBEIDSPLASSAR: I 2021 har Nordfjord fått innflytta og etablert 200 nye, statlege arbeidsplassar, fordelte utover i regionen ut frå styrkane til dei ulike sentra. Nordfjord har fleire sterke offentlege kompetansemiljø med regional og nasjonal tyngde, til dømes innanfor helse, fiskeri- og kystforvalting og energi. 1.4.5 KULTURKORTET: I 2021 er det innført ei ordning med eit felles «kulturkort» for alle innbyggjarar med adresse i Nordfjord. Kortet inkluderer dei fleste kulturinstitusjonane i Nordfjord, inkludert musea, og sikrar felles profilering der kulturkortet gjev rabattar og medlemsfordelar for innbyggjarane.

2. Eit Eid som ønsker velkomen til framtida våre visjonar for Eidasamfunnet Eid er ein fantastisk kommune å bu i. Likevel har folkeauken stoppa opp. Langt fleire flyttar bort frå kommunen enn det er ungdommar og unge vaksne som flyttar inn. Venstre vil ha ny vekst i Eid! Då må vi satse langt sterkare på næringsutvikling, god skule og attraktive arbeidsplassar og eit endå betre lokalsamfunn for unge og gamle å bu i. Venstre vil: 2.1 VARM VELFERD NÅR DU TRENG DET i EID 2.1.1 NYTT OMSORGSSENTER/HELSEHUS: Arbeide for å realisere eit nytt omsorgssenter i Eid. Venstre vil at senteret skal vere eit mest mogleg samla «helsehus» som gir helse- og omsorgstenester frå vogge til grav, og utfordre staten til å bidra sterkare til finansieringa av eit slikt heilskapleg «helsehus-prosjekt» som del av innføringa av samhandlingsreforma. 2.1.2 DAGSENTER: Opprette eit samla senter for dagaktivitetar for alle som treng det i Eid (funksjonshemma, rusavhengige, menneske med psykiske problem og andre). Senteret må tilby arbeidstrening, aktivitetstilbod med meir, og må utviklast i nært samarbeid med frivillige krefter 2.1.3 BETRE HEIMETENESTER: Styrke heimetenestene og innføre vaktmeisterteneste for eldre/funksjonshemma slik at fleire kan bu lenger heime 2.2 SKULE FOR KUNNSKAP OG LIKE MULIGHEITER i EID 2.2.1 KVALITET I SKULEN: Prioritere kvalitet i skulen i Eid. Auke ressursane til undervisning (timeressursar) og satse sterkare på m a vidareutdanning av lærarar. 2.2.2 GYMSAL OG FLEIRBRUKSHALL: Få raskt på plass ny gymsal ved Nordfjordeid skule, og arbeide for å byggje ein ny fleirbrukshall på sikt. Finne varige, trygge løysingar på dagens uoversiktlege trafikksituasjon i Skulevegen. 2.2.3 KULTUR- OG FRIVILLIGLØFT: Satse sterkt på kultur og frivilligheit i Eid. Auke satsinga på kulturskulen og stø sterkare opp om frivillige lag/organisasjonar i kommunen. 2.3.2 SENTRUMSPLAN: Få ein samla sentrumsplan for Eid, for å sikre best mulig utnytting av areala i Nordfjordeid sentrum og skape eit attraktivt sentrum. 2.3.3 STYRKT UNGDOMSTILBOD: Samle og styrke ungdomstilbodet i Eid (kyrkjetunet, miljøkoordinator ved Eid vgs mm) Samarbeide nært med Ungdomsrådet om ungdomstilbod på kveld og i helger, og arbeide for å få på plass ei ordning med utekontakt. 2.3.4 FAMILIEPAKKE: Innføre ein «Familiepakke» for Eid: Babysymjing, «open barnehage», symjeopplæring i barnehagane, open idrettshall søndagar og utvida opningstider i symjehallen Nært samarbeid med Frivilligsentralen i utforminga av ein samla «Familiepakke». 2.4 EIT KREATIVT OG VERDISKAPANDE EID 2.4.1 GRUNDERLØFT: Offensiv satsing på næringsutvikling og grunderar, i nært samarbeid med regionen rundt. Profilere Eid som del av ein grunder- og teknologiregion, og auke tilgangen på næringsareal i Eid. 2.4.2 JA-KOMMUNE: Eid skal vere ein «ja-kommune» for folk utanfrå: Alle skal vere velkomne til Eid og bli tatt godt imot, m a gjennom ein eigen velkomstpakke til nye innbyggarar. Innvandrarar og flyktningar skal raskt få norskopplæring og raskt kome i arbeid så sant det er mulig. 2.4.3 KULTURFOND: Eid Venstre har som mål å byggje opp eit eige «kulturfond» for Eid, i samarbeid med private aktørar 2.4.4 OPNE BYGDER FOR INNFLYTTARAR: Ha attraktive, byggeklare tomter i alle krinsar. Samarbeide med bygdelaga om å gjere tome hus og småbruk tilgjengelege for innflyttarar, og sjå positivt på nybygg i tilknyting til gardsbruk 2.4.5 REISELIV OG KULTURBASERT NÆRINGSLIV: Tilrettelegge for auka satsing på reiseliv og kulturbasert næringsutvikling i Eid 2.4.6 NEI TIL EIGEDOMSSKATT UTAN FOLKERØYSTING: Eid Venstre vil ikkje støtte innføring av eigedomsskatt utan at det blir halde ei eiga folkerøysting om saka, der evt. innføring av eigedomsskatt er tidsavgrensa og knytt opp mot større investeringsprosjekt av nytte for heile kommunen som elles ikkje kan realiserast 2.3 MILJØ OG TRIVSEL i EID 2.3.1 MILJØKOMMUNE: Eid skal vere ein føregangskommune på energi, miljø og folkehelse. Satse på elbilar i kommunale tenester, få på plass «bysyklar» og nettverk av sykkelruter i Eid, og få bygd ut samanhengande gang- og sykkelveg Hjelle-Stårheim. 5

3. Slik vil Venstre arbeide for deg I politikken er ofte partia og politikarane si arbeidsform like viktig som standpunkt i enkeltsaker. Dette vil vi skal kjenneteikne Venstre sitt arbeid i Eid i 2011-15: 3.1 OPENHEIT Venstre vil stå for openheit. Alle skal ha tilgang til informasjon som ligg til grunn for politiske vegval. Avgjerder skal ikkje fattast i lukka rom der «nokon har snakka saman». Kommunen skal drive eit aktivt informasjonsarbeid. Alle møte i kommunale råd og utval bør nettoverførast. Ordførar bør jamnleg ha «ope kontor»/utekontor for innbyggarane både i sentrum og rundt i bygdene, og bruke Facebook og andre sosiale media aktivt for å spreie informasjon og få folk i tale. 3.2 BREI DELTAKING Venstre vil ha brei deltaking i politiske prosessar. Alle har noko å bidra med! Vi vil ha politikarar i Eid som lyttar på argument for og mot og lærer av innspel utanfrå og av kvarandre. Politiske saker skal leggast fram på eit enkelt, ubyråkratisk språk. Kommunalt tilsette skal ha ytringsfridom til å fortelje om korleis dei opplever sin arbeidskvardag og korleis dei ser på viktige saker som berører dei. 3.3 UAVHENGIG AV SÆRINTERESSER Venstre vil vere uavhengige av særinteresser og vil alltid forsøke å legge fellesskapet sitt beste til grunn. Vi er økonomisk uavhengige og ikkje «kjøpt og betalt» av fagforeningar eller næringslivsinteresser. Vi vil lytte til alle. 3.4 REGIONALT BLIKK Venstre vil vere opptatt av meir enn Eid. Vi skal vere like engasjerte i å stø opp om viktige saker for nabokommunane rundt oss som t d kommunane i Ytre Nordfjord har vore i å stø opp om sjukehuset på Eid. Vekst i nabokommunane er bra for Eid, og omvendt. Nabokommunar som slåst mot kvarandre, må høyre fortida til. 6

4. Om Venstre og våre kandidatar i Eid 4.1 Om Venstre Venstre er Noregs einaste liberale parti. Vi vil gje fridom til den enkelte, samtidig som vi skal ta vare på fellesskapet, miljøet og dei svakaste i samfunnet. Vi vil sleppe kreativitet og skaparkraft laus. Vi trur på grunderånd, entreprenørskap, frivillig innsats og dugnadsånd for å skape eit godt samfunn for alle. Venstre meiner for mykje makt i Noreg i dag er samla hos ein sentralstyrt stat i Oslo. Eid Venstre vil ta makta tilbake til lokalsamfunna. Då må vi samle Nordfjord til ein sterkare region, som saman kan bygge framtidas felles samfunn med Eid som eit viktig knutepunkt. Venstre er eit parti med stolte tradisjonar i Eid i over 100 år. Dei siste 20 åra har det vore to Venstre-ordførarar i Eid: Kjell Nøstdal (1991-93) og Gunvald Ludvigsen (2003-05). 4.2 Våre kandidatar til kommunevalet i Eid 2011 1 Alfred Bjørlo 1972 Dagleg leiar 2 Brit Moa 1950 Butikksjef 3 Arild Nøstdal 1978 Psykiatrisk sjukepleiar 4 Inge Adelsten Engebretsen 1971 Frisør 5 Per Arild Alsaker 1971 Miljøterapeut 6 Kirsti Ohrvik Olsen 1969 Helsefagarbeidar 7 Edgar Flo 1976 Sjølvstendig næringsdrivande 8 Ådne Sølvberg 1960 Snikkar 9 Pål Tore Jacobsen 1958 Elektrikar 10 Kathrine Berg 1973 Gullsmed 11 Vidar Rasmussen 1946 Lærar 12 Hilde Henriksen 1953 Bioingeniør 13 Stein Åke Berteig 1974 Gartnar 14 Anne Britt Andersen 1956 Lektor 15 Steinar Engeland 1961 Grafisk designer 16 Liv Marit Øvstebø 1952 Lærar 17 Webjørn Moa 1948 Lensmann 18 Sylvia Hammersvik 1949 Sosionom 19 Eivind Bjørke 1968 Lensmannsbetjent 20 Svanhild Otterøy Lothe 1944 Guide 21 Jon-Reidar Eikås 1958 Tannlege 22 Kari Lothe 1956 Kontorsjef 23 Sveinung Rotevatn 1987 Student 24 Siri Nordnes 1978 Førskulelærar 25 Geir Moldestad 1977 Fysioterapeut 26 Linda Gotteberg 1968 Helsesøster 27 Steinar Furnes 1981 Lektor 28 Jorunn Breiteig 1963 Sosionom 29 Roald Antonsen 1944 Butikkeigar 30 Grete Dahl Sandven 1953 Helsesøster 31 Oddbjørn Melheim 1987 Student 32 Unn Elin Carlsen 1965 Musikklærar 33 Arne Steen Bjørlo 1947 Rørleggar 34 Siv Langøen Rotevatn 1958 Fysioterapeut 35 Gunvald Ludvigsen 1949 Administrasjonssjef www.eid.venstre.no 7