Utval Kommunestyret Møtestad: Rådhuset Møtedato: 17.03.2016 MØTEPROTOKOLL Start kl.: 13.00 Slutt kl.: 15.10 Til stades på møtet Forfall: Varamedl.: Frå adm. (evt. andre): Arne Johannessen, Stine Sandvik, Oddmund Hoel, Emma Nyløy, Knut Stokkenes, Ernst Veum, Odd Atle Stegegjerdet, Karita Nes, Geir Paulsen. Tor Bremer, Ingar Norberg, Eivind Steig, Anne Kristin Sperle, Johannes Hauge (Skjolden), Arne J Hauge, Finn Skare, Svein Tore Heltne, Per Birger Lomheim. Rådmann Jarle Skartun, politisk sekretariat v/ruud. Kyrkjeleg fellesråd v/vivian Kvam. Medlemene hadde ikkje merknad til innkalling og sakliste. Møtet var kunngjort i lokalavisa og på www.luster.kommune.no Saksnr. Tittel 17/16 16/1193 Godkjenning av møtebok SAKLISTE 18/16 16/707 Kommunalt skuleskyssreglement 19/16 16/794 Ev samanslåing av Luster ungdomsskule og Gaupne skule 20/16 16/995 Bustadområdet Verket 2 Kostnadsramme, finansiering og tomteprisar 21/16 16/1011 Næringssak - finansiering 22/16 16/1019 Renta på lån i næringsfondet til Luster kommune 23/16 16/1194 Referat- og drøftingssaker Side 1 av 6
Underskrifter: Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Møteprotokoll er sendt til: Medlemene, varamedlemer, rådmann, revisor, kontrollutvalet, biblioteka i kommunen, lokalavisene, NRK-Førde og Luster radio.
17/16 Godkjenning av møtebok Det var ikkje merknad til møteboka. Møteboka frå møtet den 25.02.16 vert godkjent. Elin Hauge og Knut Hauge vart valde til å skrive under møteboka. 18/16 Kommunalt skuleskyssreglement Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteken. Kommunestyret godkjenner kommunalt skuleskyssreglement av 03.03.16, med følgjande merknad som skal leggjast vekt på i sakshandsaminga: 1)Skuleskyss reglementet er eit dokument som føreset bruk av godt skjøn. Det er vanskeleg å forstå og akseptera at innbyggjarane som bur på same byggjefelt og har same busstopp skal verta vurdert ulikt i høve til skuleskyss.som døme på god praktisering av reglementet meiner kommunestyret at alle husstandane på Hestnes feltet får gratis skuleskyss. 2)Generelt ser det ut som tildeling av vinterskyss blir strengt vurdert. Oversikt over vegar som kan bli tildelt vinterskyss bør inn i oversikt/vedlegg til reglementet. Som døme på god praktisering av reglementet på vinterskyss bør det tildelast vinterskyss på strekninga Bukti-Høgebrui 1-7 trinn. 3)Før avslag på søknad om skyss på grunnlag av særleg farleg eller vanskeleg skuleveg og/eller vinterskyss, bør det gjennomførast synfaring på aktuell årstid og med representative forhold (snømengde etc).
19/16 Ev samanslåing av Luster ungdomsskule og Gaupne skule Framlegg frå Ap v/tor Bremer: Kommunestyret ønskjer ikkje noko samanslåing av grunnskulane i Gaupne. Framlegg frå V v/jon Ove Lomheim: Luster ungdomsskule og Gaupne skule vert å slå saman til ei driftseining. Tilrettelegging av samanslåinga vert innarbeida i vidare plan- og økonomiarbeid. Det vart fyrst røysta over framlegget frå Venstre. Framlegget fekk 1 røyst (JOL) og fall. Deretter vart formannskapet si tilråding og Arbeiderpartiet sitt framlegg sett opp mot kvarandre. Formannskapet si tilråding vart vedteken med 18 mot 7 røyster (AP). Kommunestyret utset saka om samanslåing av grunnskulane i Gaupne. Saka vert drøfta nærare i plan- og økonomiarbeidet. 20/16 Bustadområdet Verket 2 Kostnadsramme, finansiering og tomteprisar Framlegg frå Ap v/anette Stegegjerdet: Ny fyrste setning i pkt. 4: Kommunestyret viser til den bustadsosiale handlingsplanen og strekar under at tomtane på området BF5 og 6 vert lyst ut som einebustader mot den reelle sjølvbyggjarmarknaden. Formannskapet si tilråding vart vedteken med 18 mot 7 røyster (AP). 1. Kommunestyre godkjenner kostnadsramme på 16,8 million kroner for utbygging av bustadområde Verket 2. 2. Utbygginga er finansiert i budsjettet 2014-16. Inntektene frå tomtesalg er føresett lagt til fond/investeringsfond og vert nytta i finansiering av investeringsprogrammet.
3. Tomtepris/einingspris på Verket 2 vert sett slik: Område Tal tomtar/ Tomte/områdepris bueiningar BF 1, 5 og 6 6 500.000,- pr tomt. BK 1 6 1.150.000,- BK 2 12 2.300.000,- BB 1 9 1.725.000,- BB 2 9 1.725.000,- BB 3 15 2.875.000,- BB 4 9 1.725.000,- 4. Tomtane på område BF 5 og 6 vert lyst ut som einebustadar mot «sjølvbyggarmarknaden». Områda BK 1 og 2, BB 1 4 vert lyst ut kvar for seg og tilbydd byggjefirma. 21/16 Næringssak finansiering Ordføraren informerte om formannskapet si handsaming av saka, og at det i formannskapet sitt møte vart lagt fram 2 dokument. Ordføraren refererte skriv dat 17.3.16 stila til kommunestyret frå Gandrudbakken Etiketter As, (vedlagt saka). Ordføraren refererte også formannskapet si tilråding. Framlegg frå Ingar Norberg: HTL Solutions AS får eit tilskot på kr. 200.000,- HTL Solutions AS får eit næringslån på kr. 1.500.000,-. Låna vert gjeve etter vanlege vilkår for næringslån med to års rente- og avdragsfri periode, og skal deretter betalast ned over 5 år. Formannskapet si tilråding vart vedteken med 23 mot 2 røyster (IN og AJH) 1. Selskapa HTL Eigedom AS, HTL Solutions AS og Gandrudbakken Etiketter AS får ikkje innvilga finansiering frå Luster kommune. Jamfør notatet «Grunnlaget for handsaming av næringssaker i Luster kommune» oppgradert av Kommunestyret i februar 2016, samt utgreiinga i denne saka. 2. På grunn av stor konkurranse innanfor denne bransjen må kommunestyret ta dokumentet «Grunnlag for handsaming av næringssaker i Luster kommune» opp til ny handsaming, der ein ser på industri som eige punkt under 1.5. Dette fordi ein del av industrien no konkurrerer i den nasjonale marknaden.
22/16 Renta på lån i næringsfondet til Luster kommune Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteken. Kommunestyret vedtek at renta for låna i næringsfondet vert uendra. 23/16 Referat- og drøftingssaker Framlagt: Fylkesmannen, 4.3.16. Status i høve til kommunereforma. Geir Arve Sandvik spurde ordføraren om kommunen har gjort nok i saka om kommunereform i høve til at folket skal kunne ha noko å velje mellom. Ordføraren svara at det vil vere delte meiningar om dette. Innbyggjarundersøking er ikkje eit absolutt krav, men ei oppmoding. Kommunestyret valde å ikkje gå vidare med saka. Informasjon: Kyrkjeleg fellesråd v/leiar Vivian Kvam. Presentasjonen er vedlagt kommunestyret sin protokoll. Rådmannen viste til notat i formannskapet si sak 140/15 i desember 2015. Det vart ikkje gjort vedtak i saka.