Årsmelding 2011 www.vestlandsraadet.no
ÅRSMELDING VESTLANDSRÅDET 2011 2011 var eit viktig år for styrking av samarbeidet på Vestlandet! Det var avgjerande at vi endeleg fekk semje om å stå saman for å realisere ein god og effektiv transportkorridor langs kysten på Vestlandet ferjefri E39 frå Trondheim i nord til Kristiansand i sør. Bygging av infrastruktur bind regionane saman og gir meir robuste arbeidsmarknader òg utanfor dei større vestlandsbyane. Satsing på infrastruktur er avgjerande fordi det sikrar betre tilgang på arbeidskraft og kapital, nærleik til høgare utdanningsinstitusjonar, digital infrastruktur og gode kommunikasjonar. 2011 har òg vist oss ei finansiell verdskrise som vil gje store utfordringar i Noreg og for oss på Vestlandet. På den andre sida vil det vere klokt å bruke nedgangen i verdsøkonomien til å auke investeringane i fysisk og kunnskapsmessig infrastruktur hos oss. Det er no vi må handle! Arbeidet i Vestlandsrådet gir meining når vi står samla! Det har vi synt på mange område i 2011. Med eit nytt Vestlandsråd, som vi fekk som følgje av kommune- og fylkestingsvalet, har ein sjanse til å vise ein vil utvikle dette samarbeidet til å bli endå meir robust! Eg vil også nytte høvet til å takke Trond Ueland for godt samarbeid og ein solid innsats. Han gikk av som sekretariatsleiar for Vestlandsrådet frå nyttår, og ønskjer han lukke til vidare i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Med venleg helsing Tom Tvedt Leiar i Vestlandsrådet 2011
Vestlandsrådet - samarbeidsråd mellom fire fylkeskommunar Vestlandsrådet er eit formelt samarbeidsråd etablert av dei fire fylkeskommunane, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Dei fire fylkeskommunane på Vestlandet skal gjennom Vestlandsrådet m.a. fremje landsdelen nasjonalt og internasjonalt, koordinere den politiske innsatsen, og aktivt påverke rammevilkår for landsdelen. Møte i Vestlandsrådet Vestlandsrådet gjennomførte tre møte i 2011. Dei vart arrangert slik: 12. - 13.januar i Stavanger/Sola 14.juni i Bergen/Flesland 24.november i Stavanger/Sola Rådet handsama til saman 19 saker. Dei største sakene var oppfølging av høyring om handlingsprogram for transportpolitikk på Vestlandet, innspel til forvaltningsplan for Nordsjøen, oppstart av arbeid med ein Kinastrategi, innspel til melding om Vestlandsjordbruket, innspel til EUs regionalpolitikk 2014-2020. I tillegg startar ein arbeidet med ein ny plattform for Vestlandsrådet fram mot 2015. Møte i arbeidsutvalet (AU) AU som institusjon vart etablert i 2009 og følgjer av samarbeidsavtale og strategi for Vestlandsrådet. Dei fire fylkesordførarane utgjer AU. AU handsama 40 saker i 2011 fordelt på 4 møte. Møta vart i hovudsak gjennomført som telefonmøte, med eit par unnatak der ein møtest t.d. i samband med andre felles møte mellom fylkesordførarane. Sakene femner om eit stort register og gjeld alt frå orienteringar, førebuingar til møte i Vestlandsrådet, delegerte saker frå Vestlandsrådet til AU, og som styringsgruppe for einskildsaker/prosessar.
Nytt Vestlandsråd 2011 I samband med kommune- og fylkestingsval, vart det òg skifte av medlemmer i Vestlandsrådet. 11 av medlemmene gjekk ut som følgje av valet i 2011 og vart erstatta med nye medlemmer. Oversikt over medlemmene i Vestlandsrådet for perioden 2011-15 er plassert bak i årsrapporten. Møte, seminar og konferansar I samband med eigne arrangement m.a. i samabnd med møta i Vestlandsråde, har det òg blitt gjennomført fleire mindre seminar og tematiske presentasjonar der ein har presentert utfordringar som har særleg verdi for Vestlandet. o Felles nasjonal konferanse om Ferjefri E39 saman med Statens vegvesen/vegdirektoratet o Felles konferanse med Kystskogbruket o Oversikt over samferdslepolitiske utfordringar i samband med ny handlingsplan for transport (Statens vegvesen Region Vest, Region midt la fram tilsvarande presentasjon på møte i 2011) o Seminar om utfordringar for framtidig spesialhelseteneste på Vestlandet o Presentasjon av Stad skipstunnel o På møte i juni i Bergen fekk vi òg med oss to statsrådar, statsråd Magnhild Meltveit Kleppa, som presenterte samferdspolitiske utfordringar på Vestlandet, og statsråd Lisbeth Berg-Hansen, som orienterte om oppstart av ny melding om Norge som verdas fremste sjømatnasjon.
Utspel og innspel Vestlandsrådet har elles spelt inn fleire fråsegner og innspel til sentrale styringsmakter. M.a. kan vi nemne følgjande; o Det er i samband med ny rapport om ubåt 864 ved Fedje sendt brev til fiskeri- og kystdepartementet der ein ber om oppklaring av situasjonen og korleis ein nå går fram i saka o Det er òg sendt ut eiga fråsegn frå Vestlandrådet om ubåt 864 ved Fedje i samband med ein ny rapport frå Kystverket som konkluderer med at tildekking av ubåten er det beste alternativet. I fråsegna gjorde leiaren det tydleg overfor Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen at kvikksølvlasta tilseier at vraket må hevast og at ein helde på det opphavlege vedtaket og får heva ubåten og fjerna kvikksølvet. o Det er sendt ut eiga fråsegn frå Vestlandrådet om Sellafield-anlegget i England i samband med at ein ny rapport frå Statens Strålevern viser store miljøkonsekvensar i Noreg basert på ei hypotetisk ulykke. Det vart òg utarbeidd ei eiga pressemelding basert på dette brevet og svar frå miljøvernminister Erik Solheim. o Vestlandsrådet har sendt innspel til stortingsmelding om framtidig jordbrukspolitikk der ein gjer greie for korleis ein kan legge betre til rette for «Vestlandslandbruket» o Rådet har òg saman med Landsdelsutvalet for Nord-Norge sendt ei oppmoding til samferdsledepartementet der ein bad om fortgang i forhandlingane om nytt anbod på Kystruta (som Hurtigruta i dag er operatør for) og der ein presiserer behovet for snarleg avgjerd og at ein må halde på dagens løysing (anløpshamner og frekvens). Ferjefri E39 2011 har vore eit viktig år for arbeidet med ein ferjefri transportkorridor langs Vestlandskysten frå Trondheim til Kristiansand. Det viktigaste grunnlaget for arbeidet med denne transportkorridoren starta hausten 2010 då AU arrangerte ein pressekonferanse på Mortavika. Her peikte ein på at ein no stod samla bak eit felles krav om å få til ein ferjefri transportåre langs Vestlandskysten og at det var tid for å handle. Pressekonferansen fekk
stor merksemd i media og vart m.a. kommentert av samferdsleministeren. I 2011 vart det følgt opp på fleire måtar. Illustrasjon: Statens vegvesen Det eine var at Vestlandsrådet saman med Statens vegvesen arrangerte ein større nasjonal konferanse om Ferjefri E 39. Der deltok kommunar, byar, næringsliv, regionråd, institusjonar og andre interesserte saman med samferdsleministeren, som opna konferansen. Konferansen var samstundes ein oppstartskonferanse for Vegdirektoratet sitt «Ferjefri E39» prosjekt. Arbeidet med eit nytt handlingsprogram for transport på Vestlandet - Handlingsprogram 2012 2015. Transportplan 2007-2019 var òg ei viktig oppfølging av samferdslepolitiske tiltak på Vestlandet. Ferjefri E39 er den viktigaset einskildsaka her. Våren 2011 vart handlingsprogrammet sendt ut på ei omfattande høyringsrunde. Nærare 70 høyringspartar har bidrege med konstruktive og gode innspel til handlingsprogrammet. Eit tredje tiltak var eit eige magasin om E39 Veg til verdiskaping som Vestlandsrådet var ansvarleg for og som følgde m.a. som vedlegg til Dagens Næringsliv i desember 2011. Her var
bodskapen at Vestlandet står samla og at ein slik nasjonal transportåre er avgjerande for vekst i vest. Det kan òg nemnast at Statens vegvesen sitt Ferjefri E39 prosjekt vart offisielt starta i mars 2011. Sjølv om dette ikkje er eit prosjekt Vestlandsrådet har ansvar for, heng det likevel tett saman. Det er heller ikkje unaturleg å peike på Vestlandsrådet sitt engasjement for ein ferjefri E39 som «fødselshjelpar» for staten si satsing her. Det som likevel er interessant i denne samanhengen, er at AU det vil seie dei fire fylkesordførarane har fast plass i styringsgruppa for prosjektet. Her deltek dei likevel ikkje på vegne av Vestlandsrådet, men som fylkesordførarar for kvar sin fylkeskommune. Mandatet til prosjektet er å greie ut kva potensial ein ferjefri kyststamveg har for næringsliv og tilhøyrande bu- og arbeidsregionar, greie ut og vurdere teknologiske løysingar for fjordkryssingar, vurdere korleis tekniske anlegg kan nyttast til å utvinne kraft frå straum, bølgjer og vind, og endeleg vurdere kva type gjennomføringsstrategiar og kontraktsformer som er best eigna for eit slikt stort prosjekt. Staten vegvesen har laga ei eiga nettside om prosjektet - http://www.vegvesen.no/vegprosjekter/ferjefrie39 Hurtigladestasjonar for el-bil, «Vestlandskonferansen» og Konjunkturbarometer på Vestlandet Tre andre viktige saker som kan nemnast og som har vore handsama av AU, er eit felles prosjekt om etablering av hurtigladestasjonar for el-bilar for kvar tiande mil langs E39 frå Stavanger til Trondheim. Satsinga vert styrt av ei prosjektgruppe med representantar frå alle dei fire fylkeskommunane og vil bli realistert m.a. med hjelp frå statlege tilskot og frå kraftverksemdene våre langs kysten. Eit anna viktig oppgåve var å få til ein partnarskapsavtale der Vestlandsrådet deltek som fullverdig medlem og medarrangør av «Vestlandskonferansen». Ut på hausten 2011 vart det skreve under ein slik avtale. Det er Sparebanken Vest saman med dei frie store mediehusa Stavanger Aftenblad, Bergens Tidende, Firda og Sunnmørsposten - som partnarskap som har vore ansvarlege for konferansen. Det vart ikkje arrangert «Vestlandskonferanse» i 2011. Årets konferanse har fått tittelen «Å Vestland, vekstland - Der kompetanse genererer verdiskaping», og vert arrangert i Bergen 16.februar 2012. Eit tredje tiltak er etablering av eit konjunkturbarometer på Vestlandet Vestlandsbarometer. Barometeret er basert på dei fylkesvise og regelmessige konjunkturbarometer som vert utarbeidd på Vestlandet, sjå www.vestlandsraadet.no. Bakgrunnen er at fylka langs Vestlandskysten har mykje til felles med omsyn til næringsstruktur. NORA Nordatlantisk samarbeidsråd
Vestlandsrådet deltek saman med Landsdelsutvalet for Nord-Norge og Nord-Trøndelag (LU) i NORA, som er eit samarbeidsråd for Island, Grønland, Færøyene og KystNorge. Formelt er det Kommunal- og regionaldepartementet som nemner opp medlemmer i styret, og for 2011 har tidlegare fylkesordførar Nils R Sandal delteke. Frå juni 2011 til juni 2012 er Sandal komité leiar. Sekretariatsleiar for Vestlandsrådet har vore kontaktpunkt for samarbeidet. Mykje av arbeidet går ut på å legge til rette, rekruttere og fordele midlar til fellesprosjekt innanfor marin og maritim sektor, samferdsle, reiseliv, IKT og regionaloppgåver elles. NORA har fordelt prosjektstøtte for godt over 6 million danske kroner. I 2011 deltok fylkesordførar Tom-Christer Nilsen på ein konferanse i regi av NORA der ein drøfta strategiske utfordringar for å samarbeide tettare i NORA regionen. Vestlandsrådet yter saman med LU kr 100.000 kvar til arbeidet. Informasjon og marknadsføring www.vestlandsraadet.no Vestlandsrådet har si eiga heimeside der ein legg ut saksførebuing, protokollar, og informasjon om aktuelle saker. Utfordringa er framleis å gjere den meir synleg og kjend. Pressekonferanse på Måltidets Hus
Vestlandsrådet inviterte 12.januar 2011 til pressekonferanse Måltidets Hus (Stavanger) der ein presenterte ein ny rapport om den marine og maritime næringa på Vestlandet. Her peikte ein m.a. at det meste av verdiskapinga innan marine og maritime næringar i landet går føre seg på Vestlandet. På pressekonferansen sa leiar Vestlandsrådet Tom Tvedt, at dette gir grunn til optimisme og tru på ei berekraftig utvikling på Vestlandet. At 10 prosent av Noregs bruttonasjonalprodukt kjem frå marine og maritime næringar på Vestlandet, viser at vi kan meir enn olje og gassoppsiktsvekkande tal for den marine og maritime næringa på Vestlandet. Nye roll-upar Vi fekk utarbeidd fleire roll-upar til m.a. bruk på Ferjefri E 30 konferansen. Organisasjon Vestlandsrådet har hatt ein eigen sekretær for å følgje opp arbeidet med rådet. Sekretariatsleiar Trond Ueland avslutta sitt engasjement her ved avsluttinga av 2011 for å gå attende til fylkesadministrasjonen i Sogn og Fjordane. Stillinga vart derfor lyst ut tidleg på hausten 2011 og vi fekk over 40 søkarar til stillinga. Odd Erik Hansgaard vart tilsett, og han tek til i stillinga i februar 2012. Han får kontorstad i Stavanger og vil bli lokalisert saman med fylkesadministrasjonen i Rogaland. Trond Ueland, avsluttar som sekretariatsleiar Odd Erik Hansgaard, ny sekretariatsleiar frå 2012
Medlemmer og samansetting av Vestlandsrådet Rogaland Hordaland Fylkesordførar Janne Johnsen (H) Fylkesvara ordførar Terje Halleland (FrP) Tom Tvedt (Ap) Ellen Solheim (krf) Arne Bergsvåg (Sp) Sogn og Fjordane Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H) Fylkesvaraordførar Mona Haugland Hellenes (V) Ruth Grung (Ap) Bente Bondhus (Sp) Terje Søviknes (Frp) Møre og Romsdal Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) Fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) Noralv Distad (H) Frank Willy Djuvik (FrP) Norvall Nøringset (SV) Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) Fylkesvaraordførar Frank Sve (FrP) Helge Orten (H) Torill Melheim Gunn Berit Gjerde (V) Strand (Ap)
Foto framside: Statens vegvesen www.vestlandsraadet.no