Side 1 av 9 Samferdsleavdelinga Jf. adresseliste Sakshandsamar: Øystein Wilkensen E-post: Oystein.Wilkensen@sfj.no Tlf:57 65 62 74 Vår ref. Sak nr.: 12/794-1 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 6194/12 Dykkar ref. Dato Leikanger, 21.02.2012 Info regional transportplan for 2014-2023 Ifylgje plan- og bygningslova skal fylkestinget minst ein gong i valperioden utarbeide og vedta ein regional planstrategi. Dette må skje seinast eitt år etter konstituering. Føremålet med planstrategien er å setje fokus på kva planoppgåver det er viktig å arbeide med i fylket i valperioden. Kva er regional transportplan (RTP) og kvifor treng me denne? Arbeidet med regional planstrategi har vist at utarbeiding av ein RTP for bør prioriterast. På grunn av den strategiske rolla samferdsle og transport spelar for utviklinga av fylket, er dette peika på som eit heilt sentralt tema i regionalt planarbeid. Gjennom forvaltningsreforma har fylkeskommune fått ei ny og utvida rolle som ein meir heilskapleg transportpolitisk aktør. For å fylle den rolla, er det trong for å opparbeide eit godt kunnskaps- og vedtaksgrunnlag. Dette er avgjerande for at fylkeskommunen skal klare å ta eit strategisk ansvar for forvaltning av fylkesvegnettet og kollektivtransporten i fylket. I tillegg til å vere eit godt kunnskaps- og vedtaksgrunnlag for prioriteringar gjennom handlingsprogram og budsjettvedtak, vil planen vere eit grunnlag for å påverke og gje innspel til nasjonale prosessar som gjeld. Eit døme på dette er Nasjonal transportplan. Gjennom RTP vil fylkeskommunen synleggjere sine mål og krav til alle relevante delar av transportsystemet. RTP skal vere ein regional langsiktig strategiplan for transportsektoren i. RTP bør omhandle heile transportsystemet i fylket, også tema utanfor fylkeskommunen sitt ansvarsområde. Plan- og bygningslova krev at det skal utarbeidast planprogram for alle regionale planar. I desember 2011 gav fylkestinget klarsignal til å starte opp arbeid med eit planprogram for regional transportplan for. RTP-arbeidet er eit arbeid i medhald av plan- og bygningslova. fylkeskommune har i dag ein vedteken strategisk samferdsleplan frå 2010 for dei områda fylkeskommunen har eit direkte ansvar. RTP m/handlingsprogram skal erstatte strategisk samferdsleplan og handlingsprogram for fylkesvegnettet. Fylkeshuset Askedalen 2 6863 LEIKANGER Tlf.: 57 65 61 00 Faks: 57 65 61 01 Bankgiro: 3781.07.00050 postmottak.sentraladm@sfj.no www.sfj.no Org.nr.: NO 941 388 841 MVA
Organisering av planarbeidet: Side 2 av 9
Side 3 av 9 Politisk: Planstrategiutvalet: Planstrategiutvalet (Fylkesutvalet) vedtek utlegging av planprogram og planframlegg til høyring og offentleg ettersyn og tilrår endeleg vedtak til fylkestinget. Utvalet er i tillegg politisk styringsgruppe for arbeidet og følgjer arbeidet gjennom orienteringar og meldingar om arbeidet undervegs. Styringsgruppa skal gje politiske styringssignal. Politisk referansegruppe/hovudutval for samferdsle: Vil fungere som politisk referansegruppe. Hovudutvalet har høve til å følgje arbeidet gjennom orienteringar og vil kunne gje innspel og kommentarar undervegs i planprosessen. Administrativt: Administrativ styringsgruppe: Det er oppretta ei administrativ styringsgruppe for arbeidet med regional transportplan inkludert planprogram. Den administrative styringsgruppa skal koordinere det faglege arbeidet med planen ved å drøfte praktisk gjennomføring av planarbeidet, drøfting av alternativ, førebu innspel til styringsgruppa, samt invitere til og delta i ulike arrangement som skal sikre medverknad. Gruppa vert leia av nestleiaren av samferdsleavdelinga i fylkeskommunen og vil elles bestå av representantar frå næringsavdelinga, plan- og samfunnsavdelinga og samferdsleavdelinga i fylkeskommunen. I tillegg vil det vere ein representant frå Statens vegvesen. Fylkesplanteam: Fylkesplanteamet er eit samarbeidsteam for plan og strategiarbeid. Samansetninga av fylkesplanteamet speglar fylkeskommunen som organisasjon. Fylkesplanteamet bidreg til utarbeiding av arbeidsdokument knytt til regional planstrategi og RTP til planstrategiutvalet som styringsgruppe. Administrativ referansegruppe: Referansegruppa skal vere ein regional arena for å drøfte og gje innspel på strategiske problemstillingar. Denne gruppa er etablert i samband med fylkeskommunen sitt arbeid med regional planstrategi og er samansett av deltakarar frå ulike aktørgrupper. 3 aktørgrupper er etablert. I gruppene er deltakarar frå det sivile samfunn, offentlege aktørar og private aktørar som alle er viktige for samfunnsutviklinga i. Samansettinga av gruppa vil variere etter kva tema som vert teke opp til drøfting. Arbeidsgrupper/temagrupper: For å sikre fagleg tyngde i utforming av dei einskilde plantema vil fylkeskommunen opprette arbeidsgrupper eller temagrupper etter behov. Desse skal delta i produksjon av planframlegget og handlingsprogrammet innanfor sitt fagtema.
Side 4 av 9 Politisk prosess: RTP m/handlingsprogram skal fylgje normal prosess for handsaming av regionale planar etter planog bygningslova. Etter høyring og offentleg ettersyn vil innspel til planprogram bli gjennomgått og vurdert. Det reviderte planprogrammet vert deretter vedteke i planstrategiutvalet. Med utgangspunkt i planprogrammet skal det utarbeidast eit framlegg til RTP m/handlingsprogram. Kommunane vil bli inviterte til å kome med innspel til handlingsprogrammet. Planen m/handlingsprogrammet vert så lagt ut på høyring og offentleg ettersyn. Revidert RTP m/handlingsprogram vert endeleg vedteke i fylkestinget etter at høyringsinnspela er vurderte. Framdriftsplan: Framdriftsplanen for planarbeidet vert regulert av formelle krav til fristar i plan- og bygningslova, organisering av prosjektet og delegasjonsreglane i fylkeskommune. Fylkeskommunen ynskjer å ha ein endeleg vedteken regional transportplan klar i desember 2013, då handlingsprogram for fylkesvegnettet 2010 2013 (19) skulle vore rullert.
Side 5 av 9 Skisse for plantema og drøftingstema i regional transportplan: Plantema: Fylkesvegnettet Riksvegnettet Kollektivtransport Luftfart Sjøtransport Jernbane Forvaltning og finansiering Drøftingstema: Næringslivet sine interesser og behov Det offentlege sine interesser og behov Transport og busetnad Transport og klima Areal og transportplanlegging Utgreiingsbehov og spesialundersøkingar Innspel til planprogram og RTP m/handlingsprogram: Forutan dei formelle krava i plan- og bygningslova om medverknad og offentleg ettersyn av planprogram og planframlegg, ynskjer fylkeskommunen å sikre medverknad til dialog tidleg i planarbeidet. Det skal vere ein open, brei og tilgjengeleg medverknad i samfunnet og dialog med organiserte og uorganiserte interesser. Gjennom å skape engasjement kring RTP allereie før planprogrammet vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn, ynskjer me å nytte etablerte medverknadskanalar i arbeidet med planprogrammet, sjølve planen og handlingsprogrammet. Ved å inkludere og engasjere tidleg, ønskjer vi å unngå uheldige reaksjonar seint i planprosessen når vedtak allereie er fatta. I første omgang vil fylkeskommunen invitere kommunar, organisasjonar og ålmenta til å komme med innspel eller kommentarar til dei ulike plantema i regional transportplan for 2014 2023. Dei formelle høyringsrundane på framlegg til planprogram og RTP m/handlingsprogram vil komme seinare, jf. framdriftsplan. For innspel til handlingsprogram vil kommunane bli involverte når ein startar utarbeiding av framlegg til RTP m/handlingsprogram.
Side 6 av 9 Innspel/kommentarar på plantema kan innan 4.4.2012 sendast til: fylkeskommune Sentraladministrasjonen Fylkeshuset Askedalen 2 6863 LEIKANGER Eller postmottak.sentraladm@sfj.no Merk sendinga med «RTP» For meir informasjon, sjå www.sfj.no eller ta kontakt med: Ole Ingar Hæreid Nestleiar samferdsleavd. Telefon: 57 65 62 51 E-post: ole.hareid@sfj.no Øystein Wilkensen Rådgjevar samferdsleavd. Telefon: 57 65 62 74 E-post: oystein.wilkensen@sfj.no Med helsing Velaug Veum Fylkesdirektør samferdsleavd. Øystein Wilkensen rådgjevar Vedlegg: Adresseliste
Side 7 av 9 Vedlegg: Adresseliste Adresse E-post Askvoll kommune Postboks 174, 6988 Askvoll postmottak@askvoll.kommune.no Aurland kommune Vangen 1, 5745 Aurland post@aurland.kommune.no Balestrand kommune Kong Beles veg 20, 6899 Balestrand postmottak@balestrand.kommune.no Bremanger kommune Postboks 104, 6721 Svelgen post@bremanger.kommune.no Eid kommune Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid post@eid.kommune.no Fjaler kommune Postboks 54, 6961 Dale i Sunnfjord post@fjaler.kommune.no Flora kommune Markegata 51, 6900 Florø postmottak@flora.kommune.no Førde kommune Postboks 338, 6802 Førde postmottak@forde.kommune.no Gaular kommune Vadheimsvegen 15, 6973 Sande i Sunnfjord postmottak@gaular.kommune.no Gloppen kommune Grandavegen 9, 6823 Sandane post@gloppen.kommune.no Gulen kommune Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik postmottak@gulen.kommune.no Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal post@hornindal.kommune.no Hyllestad kommune Kommunehuset, 6957 Hyllestad postmottak@hyllestad.kommune.no Høyanger kommune Postboks 159, 6991 Høyanger postmottak@hoyanger.kommune.no Jølster kommune Kommunehuset, 6843 Skei i Jølster postmottak@jolster.kommune.no Leikanger kommune Skrivarvegen 7, 6863 Leikanger postmottak@leikanger.kommune.no Luster kommune 6868 Gaupne postmottak@luster.kommune.no Lærdal kommune Postboks 83, 6886 Lærdal post@laerdal.kommune.no Naustdal kommune Postboks 43, 6806 Naustdal postmottak@naustdal.kommune.no Selje kommune 6740 Selje post@selje.kommune.no Sogndal kommune Postboks 153, 6851 Sogndal postmottak@sogndal.kommune.no Solund kommune Postboks 73, 6921 Hardbakke post@solund.kommune.no Stryn kommune Tonningsgata 4, 6783 Stryn postmottak@stryn.kommune.no Vik kommune Postboks 134, 6891 Vik i Sogn post@vik.kommune.no
Side 8 av 9 Vågsøy kommune Postboks 294, 6701 Måløy Årdal kommune Postboks 40, 6881 Årdalstangen post@vagsoy.kommune.no postmottak@ardal.kommune.no Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Statens vegvesen Askedalen 4, /Region vest 6863 Leikanger Kystverket vest Postboks 1502, 6025 Ålesund Fiskeridirektoratet Postboks 185, Region vest 5804 Bergen Avinor Postboks 150, 2061 Gardermoen Jernbaneverket Postboks 4350, 2308 Hamar Postboks 636, Transportarbeiderforening 6804 Førde NHO Postboks 217, 6901 Florø Vestlandsrådet fmsfpost@fylkesmannen.no firmapost-vest@vegvesen.no post@kystverket.no postmottak@fiskeridir.no post@avinor.no postmottak@jbv.no softa@transportarbeider.no firmapost@nho.no Odd.Erik.Hansgaard@rogfk.no Firda Billag Buss Postboks 204, 6804 Førde Nettbuss Sogn billag Postboks 67, 6851 Sogndal Norled postboks 839 Sentrum, 4006 Stavanger Nettbuss Nordfjord-Ottadalen Hegrevegen 8, 6783 Stryn Fjord 1 Fylkesbaatane Strandavegen, 6900 Florø Nettbuss Møre Postboks 5153 Larsgård, 6021 Ålesund Transferd Postboks 204, 6802 Førde post@firda-billag.no sognbillag@fjord1.no post@norled.no Nordfjord-ottadalen@fjord1.no fylkesbaatane@fjord1.no more@nettbuss.no post@transferd.no Hordaland fylkeskommune Postboks 7900, 5020 Bergen Møre og Romsdal Julsundvegen 9, fylkeskommune 6404 Molde Oppland fylkeskommune Postboks 988, 2626 Lillehammer Buskerud fylkeskommune Postboks 3563, 3007 Drammen HFK@hfk.no post@mrfylke.no postmottak@oppland.org postmottak@bfk.no
Side 9 av 9 Syklistenes Landsforening, regionansvarlig Rune Gjøs, Åsdalsveien 34 B, 1166 Oslo Fabrikkveien 13, 6415 Molde Norges Handikapforbund Nord Vest Norges Blindeforbund Hans Blomgate 10, 6900 Florø Norges automobilforbund Norges lastebileierforbund Postboks 6682 Etterstad, 0609 Oslo rune.gjos@syklistene.no nhf@nhf.no sogn.og.fjordane@blindeforbundet.no post@lastebil.no NHO transport knut.mostad@ruteinfo.net v/knut Mostad Widerøes Flyveselskap Postboks 247, 8001 Bodø Airlift AS Førde Lufthavn, firmapost@airlift.no 6977 Bygstad Norges taxiforbund v/ Endre Råheim raataxi@hotmail.com Avd. Taxi transport service Sognefjordvegen 48, kontakt@tts.as 6863 Leikanger Kongelig norsk automobilklub mette@kna.no fylkeskommune Kulturavdelinga fylkeskommune Miljøkoordinator fylkeskommune Folkehelse fylkeskommune - Opplæringsavdelinga postmottak.kultur@sfj.no elisabeth.veivag.helseth@sfj.no emma.bjornsen@sfj.no Bekka.Skaasheim@sfj.no