Norsk 3 (studieprogramkode: HN3) (Norsk 301 og 302) Studiet går over to semester 30 studiepoeng Godkjent av Avdelingsleiar Dato: 01.08.2005 Endra av Eystein Arntzen, avdelingsleiar Dato: våren 2006
Innhald INNHALD.....2 MÅLGRUPPE OG OPPTAKSKRAV...3 OMFANG AV STUDIET...3 MÅL FOR STUDIET...3 INNHALD OG STRUKTUR I STUDIET*...3 ORGANISERING, ARBEIDS- OG UNDERVISNINGSFORMER...4 TILHØVET MELLOM TEORI OG PRAKSIS...4 VURDERINGSFORMER...4 PENSUM- /LITTERATURLISTE...5 EMNEBESKRIVING...6
Målgruppe og opptakskrav a. Målgruppe Allmennlærarstudentar som vil fordjupe seg i norsk i 3. eller 4. studieåret Studentar som tek Norsk 2 og 3 som ei årseining Andre som har grunnfag eller tilsvarande frå før b. Opptakskrav Studieeininga Norsk 3 krev Norsk 1 + 2 eller tilsvarande. Ein kan ta Norsk 3 samstundes med Norsk 2, men ein vil ikkje få utskrift av karakterane frå Norsk 3 før ein har bestått Norsk 2. Omfang av studiet a. Som ein del av Allmennlærarutdanninga, som ein del av ein bachelorgrad, eller som Studiets vidareutdanning i norsk. nivå Fagplanen for Norsk 3 (30 studiepoeng) byggjer på Rammeplan for norsk i 4-årig allmennlærarutdanning, fastsett av FUD våren 2003. Fagplanen må saman med Rammeplan for 4-årig allmennlærarutdanning sjåast som ein heilskap der rammene og måla for studieeininga er fastsette. Studentar som har godkjent eksamen i Norsk 1 og Norsk 2, kan ta denne studieeininga som ei halvårseining. Studentar som har eksamen i Norsk 1, kan ta Norsk 2 og Norsk 3 samla som ei årseining Mål for studiet a) Studiet kvalifiserer for: Målet med studiet i Norsk 3 er å gi studentane brei fagleg basis for å undervise i norsk i grunnskolen og i den vidaregåande skolen. Studiet tek vidare sikte på å utvikle ein solid norsklæraridentitet hos den einskilde studenten gjennom fordjuping i språk og litteratur. Innhald og struktur i studiet* a) Emne * Se eigne emnebeskrivingar Hovudemne: Norsk 3 er bygd opp av dei to emna Norsk 301 og 302, kvart på 15 studiepoeng. Innhaldet i emnestudia på Norsk 301 og 302 vil kunne variere frå år til år, men ein vil heile tida prøve å sjå norsk i eit internasjonalt perspektiv. Val av emne vil bli presentert for studentane i god tid før studieåret byrjar. Delemne: I samband med Norsk 301 og 302 vil studentane arbeide med grunnleggjande vitskapsteoretiske problemstillingar, og det blir arrangert eit seminar i vitskapsteori og vitskapleg skriving. f) Internasjonalt aspekt I Norsk 3 legg ein vekt på det nordiske perspektivet, og ein prøver derfor å få til ein studietur til eit av dei nordiske landa.
Organisering, arbeids- og undervisningsformer a. Organisering og arbeidsformer Studiet er i stor grad organisert etter prosessorienterte og prosjektbaserte prinsipp. Eigen aktivitet frå studentane si side står i fokus, og lærarane ved studiet fungerer som rettleiarar og rådgjevarar. Men studentane vil også møte nytt fagstoff gjennom meir tradisjonell undervisning. c) Arbeidskrav jf. emnebeskrivinga for Norsk 301 og 302. Tilhøvet mellom teori og praksis a) Tilhøvet mellom teori og praksis (tilhøvet mellom komponentene) For allmennlærarstudentar gjeld eigen praksisplan. b. Omfang og plassering av praksisdelen Jf. praksisplanen for allmennlærarutdanninga. Vurderingsformer 1. Vurdering undervegs jf 13 Eksamensforskriften (2004) Det er viktig at studentane får tilbakemelding på innsatsen sin undervegs i studiet, og i arbeidet med fagoppgåvene vil studenten gjennom samtalar med faglærar kunne finne ut om læringsmåla blir nådde. 2. Sluttvurdering Jf. emneplanen for dei ulike modulane d) Karaktersystem Prestasjonen på dei to emne på Norsk3 blir vurdert ut frå ein karakterskala frå A til F. Eksamensresultata på dei to emna blir ikkje slegne saman til ein samla karakter for Norsk 3. Pensum- /litteraturliste a) Pensum/lærestoff (minimum tema/omfang/referanselitteratur) Jf. emneplanane Norsk 301 og 302. b) Litteraturliste sist oppdatert Dato:
Emnebeskriving 1. Kode 2. Namn på emnet 3. Kategori LA301NOR Norsk 301: Litteratur, 15 stp Dette er eitt av to emne på Norsk 3 4. Forkunnskapar Jf. punkt "Målgruppe og opptakskrav" i studieplanen for Norsk 3 5. Tid: (når undervisninga skjer) (blokk/ semester/år/ ) Haustsemesteret 6. Mål (kunnskaps-, dugleik- og haldningsmål) Jf. punkt "Mål for studiet" i studieplanen for Norsk 3 7. Innhald/oppbygging Norsk 301 er ein litterær modul som er bygd opp av tre delar: studium av litteraturvitskapeleg teori og metode emnestudium i litteratur individuell, sjølvvald oppgåve i litteratur. Innhaldet i denne oppgåva skal normalt vere knytt til innhaldet i det litterære emnestudiet. Det faglege innhaldet i denne modulen vil kunne variere frå studieår til studieår. 8. Organisering, undervisnings- og læringsformer Studiet er i stor grad organisert etter prosessorienterte og prosjektbaserte prinsipp. Eigen aktivitet frå studentane si side står i fokus, og lærarane ved studiet fungerer som rettleiarar og rådgjevarar. Men studentane vil også møte nytt fagstoff gjennom meir tradisjonell undervisning. 9. Praksis Jf. punkt "Forholdet mellom teori og praksis" i Studieplanen for Norsk 3. 10. Arbeidskrav For å kunne framstille seg til eksamen må ein: få godkjent emnet for fagoppgåva innan dei fastsette fristane levere fagoppgåva til rett tid, og ein må også ha teke imot den rettleiinga som høyrer med til arbeidet med oppgåva levere og få godkjent pensumlista innan dei fastsette fristane Dei eksakte datoane for desse ulike fristane vil bli kunngjort ved semesterstart.
Eksamen på Norsk 301 består av to delar: 11. Vurdering a) Ei individuelle fagoppgåve med eit omfang på ca 20 sider med skriftstorleik 12 punkt, linjeavstand 1½. Målforma er valfri, men kandidaten må bruke ulike målformer på Norsk 301 og 302. b) Munnleg prøve. Ved eksaminasjonen kan kandidaten bli prøvd i alle delar av pensum, i tillegg til innhaldet i fagoppgåva. Den samla prestasjonen på den skriflege oppgåva og den munnlege prøva blir vurdert av ein intern og ein ekstern sensor ut frå karakterskalaen A-F. I vurderinga vil ein leggje vekt på både det faglege innhaldet og den språklege framstillinga, og dersom kvaliteten på språkleg framstilling eller fagleg innhald ikkje er over eit minstemål, vil prestasjonen bli vurdert til F. 12. Litteratur / pensum Kandidatane skal setje saman eit individuelt pensum. Kriteria for denne lista vil bli presentert ved studiestart.
Emnebeskriving 1. Kode 2. Namn på emnet 3. Kategori LA302NOR Norsk 302: Språk, 15 stp Dette er eitt av to emne på Norsk 3 4. Forkunnskapar Jf. punkt "Målgruppe og opptakskrav" i studieplanen for Norsk 3 5. Tid: (når undervisninga skjer) (blokk/ semester/år/ ) Vårsemesteret 6. Mål (kunnskaps-, dugleik- og haldningsmål) Jf punkt "Mål for studiet" i studieplanen for Norsk 3 7. Innhald/oppbygging Norsk 302 er ein språkleg modul som er bygd opp av tre delar: studium av språkteori og metode emnestudium i språk ei individuell, sjølvvald oppgåve i språk. Innhaldet i denne oppgåva skal normalt vere knytt til innhaldet i det språklege emnestudiet. Det faglege innhaldet i denne modulen vil kunne variere frå studieår til studieår. 8. Organisering, undervisnings- og læringsformer Studiet er i stor grad organisert etter prosessorienterte og prosjektbaserte prinsipp. Eigen aktivitet frå studentane si side står i fokus, og lærarane ved studiet fungerer som rettleiarar og rådgjevarar. Men studentane vil også møte nytt fagstoff gjennom meir tradisjonell undervisning. 9. Praksis Jf. punkt "Forholdet mellom teori og praksis" i Studieplanen for Norsk 3 10. Arbeidskrav For å kunne framstille seg til eksamen, må ein: få godkjent emne for fagoppgåva innan dei fastsette fristane levere fagoppgåva til rett tid, og ein må også ha teke imot den rettleiinga som høyrer med til arbeidet med oppgåva levere og få godkjent pensumlista innan dei fastsette fristane Dei eksakte datoane for desse ulike fristane vil bli kunngjort ved semesterstart.
Eksamen på Norsk 302 består av to delar: 11. Vurdering a) Ei individuelle fagoppgåve med eit omfang på ca 20 sider med skriftstorleik 12 punkt, linjeavstand 1½. Målforma er valfri, men kandidaten må bruke ulike målformer på Norsk 301 og 302. b) Munnleg prøve. Ved eksaminasjonen kan kandidaten bli prøvd i alle delar av pensum, i tillegg til innhaldet i fagoppgåva. Den samla prestasjonen på den skriflege oppgåva og den munnlege prøva blir vurdert av ein intern og ein ekstern sensor ut frå karakterskalaen A-F. I vurderinga vil ein leggje vekt på både det faglege innhaldet og den språklege framstillinga, og dersom kvaliteten på språkleg framstilling eller fagleg innhald ikkje er over eit minstemål, vil prestasjonen bli vurdert til F. 12. Litteratur / pensum Kandidatane skal setje saman eit individuelt pensum. Kriteria for denne lista vil bli presentert ved studiestart.