NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen etter at nokon skal bry seg om ein. Spelet hadde urpremiere til Festspela i Bergen, Den Nationale Scene 27. mai 1995. Her: kun utdrag. INT. BUSTADEN TIL S FAMILIE Jenta står ved vindauget. Det bankar på døra. Ho går så ut gangdøra til høgre og frå gangen høyrest at ytterdøra blir opna. Ho kjem inn igjen i stova, går og set seg ned i sofaen. Litt etter kjem ein gut inn, omtrent på same alder som henne, han ber på ei veske og ein koffert. Han set frå seg veska og kofferten på golvet, tar av seg ytterjakka, legg den over ryggen på ein lenestol. Han ser mot henne. Ler kort. Bryt han av. (forsiktig, anspent) Eg fann ikkje huset Og då eg endeleg fann det og banka på døra så var det ingen som opna Eg begynte Pause Guten nikkar, går så litt rundt i stova, ser seg om. Pause Så det er her du vaks opp
då Pause. Guten går og set seg ned i ein lenestol. Ny pause. Fint her Ny pause. Men du kunne jo ha reist ut her saman med meg viss det er så fint Jenta bryt han av. Men eg har jo ikkje Du vil jo ikkje vise deg saman med meg Er ikkje nokon av foreldra dine heime Jo mor Men ho er gått for å handle Guten reiser seg opp, ser seg rundt i stova. Han bryt seg av. Så her ute vaks du opp ja Eg vil ikkje vere her Eg blir så ute av meg av å vere her Det var
Og du kunne ha brydd deg litt meir om meg Eg kan jo fø kva tid som helst Og så må eg reise trt her åleine medan du Ho bryt seg av. Guten går litt rundt og ser på tinga i stova. Eg vil ikkje vere her Ringte du mor di før du kom Eg orkar ikkje vere her Og eg skal fø og du kan jo godt bry deg litt Det var ganske fint her ute Alt er så berrt Alle knausane Lyngen Og vinden Og ute bak øyane er jo opne havet Jenta litt glad. Og huset til foreldra dine ligg fint til i ly bak ein knaus Vi kallar det for Haugen Og når det storma skikkeleg pla vi gå opp dit Då tok vinden så hardt at det var vanskeleg å halde seg på beina Kanskje vi kan gå bort dit seinare
i dag Kan vi godt Pause. Guten stiller seg opp framfor skjenken og tar opp biletet av jenta som barn. Guten ser spørjande mot jenta. Deg Jenta nikkar. Eg var ikkje noko vakkert barn Ho ler kort. Guten set frå seg bilete, går bort til vindauget, ser ut. Pause. Og det blir nok ikkje Ho bryt seg av. Guten ser mot jenta. Spørjande. Så mor di er og handlar På butikken her nede Jenta nikkar. Spørjande. Går mor di med ei krykke Det har eg jo sagt til deg så mange gonger Men du høyrer jo ddri etter same kva eg seier Då var det henne eg såg Eg køyrde forbi henne Ho gjekk nedover vegen Eg køyrde oppover Sikkert
(Spørjønde) Og far din Han er som vanleg på arbeid Kort Pause Men no kjem han sikkert snart heim Guten går bort til eit brurebilete som heng på veggen, over skjenken, ser mot det. Jenta nikkar. Kort pause (spørjande) Foreldra dine (Oppgitt) Eg skjønar ikkje at dei har brurebilete sitt framme Dei har jo berre krangla Eg hugsar heller ikkje at det hang der før Sikkert syster mi som har hengt det opp Ho vil at alt skal vere så bra Pause. Han stiller seg opp og ser mot eit anna bilete som heng på veggen. Spørjande Syster di Den eldste lkkje ho som bur heime Jenta ristar på hovudet. Pause. Og far din han er på arbeid
Pause. Men han kjem nok snart heim Han har lange dagar Og når han kjem heim er han alltid trøytt Guten nikkar. Pause. Og mor di Han bryt seg av. ho Han bryt seg av igjen. (oppgitt) Aldri høyrer du etter Du berre står der Aldri når eg fortel deg noko høyrer du vel etter Jo Han dreg det ut. Pause. Syster di Kjem ho snart heim Kan vel ikkje eg vite Ho kjem vel snart Mor di verka grei
ho Korleis kan du vite det Viss der var ho eg såg så det er ikkje noko vondt i henne Jenta tar seg til magen. Ho nikkar. Sparkar han Han ungen Trur du det er ein gut Han hipslar på skuldrane. Eg trur det er ein gut Eg har jo aldri treft familien din Ikkje eg din heller (ler) Nei då (Irritert) Men eg orkar ikkje vere her Det er jo berre for Han bryt seg av. Pause.
Kjem mor di snart Kan vel ikkje eg vite Ho står vel der nede ved butikken og pratar med nokon Ho pratar alltid med nokon Eg er litt svolten Vi skal ete når far kjem heim Er det lenge til Nei Ytterdøra blir opna, steg høyrest. Han ser mot jenta, litt redd. Nokon kjem Jenta nikkar. Spørjande. Far din Jenta trekker på skuldrene, begge ser mot gangdøra som blir opna og ei litt yngre jente, systera, kjem inn, ho nikkar mot guten. SLUTT.