«Framtid for fjorden?»



Like dokumenter
Førdefjordfolket helsar Finnmark! Kautokeino 1.-3.nov 2013

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Gruver og miljø. Lars Haltbrekken, leder i Naturvernforbundet

Ei næring med betydelige miljøutfordringer

Tilgangsrettighetar i episerver

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

Reguleringsplan for Engebøfjellet i Naustdal og Askvoll kommunar behov for tilleggsinformasjon

Miljøgifter. -opprydding før 2020 eller ødelegger nye utslipp planen? Lars Haltbrekken, leder i Naturvernforbundet På Miljøgiftkonferansen 2014

Sjødeponi er en godt utredet løsning

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Sydvaranger juni Gruvedrift framtidsnæring eller naturrasering?

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Gruvedrift framtidsnæring eller naturrasering?

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

Nytt HFK Intranett

Møteprotokoll for møte i

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

5 stk flotte bustadtomter til sals

Brukarrettleiing E-post lesar

Til deg som bur i fosterheim år

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Sandeid skule SFO Årsplan

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Bergverksdrift i vår tid

Juvet Landskapshotell

Gull, gråstein og grums

Brukarrettleiing. epolitiker

SkuleMjølk Brukarrettleiing føresette

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Farleg avfall i Nordhordland

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Frå novelle til teikneserie

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Gruvedrift framtidsnæring eller naturrasering?

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Lotteri- og stiftingstilsynet

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Samansette tekster og Sjanger og stil

Ute av syne, ute av sinn Sjøen som avfallsplass for gruvenæringa

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Gruvene kjem og kva gjør Naturvernforbundet med det? Innlegg av Svein Lund på Nord-Noregs-samling i Bodø

Hemsedal KRF Program

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Kommentar frå Naturvernforbundet vedrørande blåsesand i Ulsteinvik

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Informasjonshefte Tuv barnehage

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Arrangører: Norges Fiskarlag og Norsk Bergindustri. Scandic Bergen Airport Hotell, september 2011

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

/

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

Rettleiar til Partiportalen for Fylkesparti

5. Soknerådsmøte mai Referat

Gull, gråstein og grums + gruve.info Presentasjon for Naturvernforbundet Rana

Bergverk en ny renessanse? Jeg skal snakke om

Psykologisk førstehjelp i skulen

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

Havbruk. Bygg. Industri. Landbruk. Turid Lande Solheim, Marine Harvest. Svein Bjarte Veastad og Frank Søllesvik, Kvinnherad Bygg

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Mellom bakkar og berg. Felles oppsummering

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Teknikk og konsentrasjon viktigast

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

2. generasjons distriktsbasert reiseliv noen funn og perspektiver

Eit samarbeid for framtida

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

TILBUDSSTRUKTUR FOR FAGSKOLANE I HORDALAND - TEKNISK FAGSKOLE 2013/14

Gruvedrift framtidsnæring eller naturrasering? Mads Løkeland Førde

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Avdeling for regional planlegging

6. trinn. Veke 24 Navn:

PC-ORDNINGA I DEN VIDAREGÅANDE SKULEN

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Transkript:

F J O R D A K S J O N E N F J O R D A K S J O N E N Velkommen til «Framtid for fjorden?» Vevring laurdag 1.juni kl 12.00 1. «Fjordfiskarens Festbord»: sjømat, apellar, kultur 2. Fagseminar; Miljø og samfunnsøkonomisk perspektiv på Engebøsaka og gruveavfall i fjorden 3. Førdefjorddebatten, Politikarpanel; Fjorden som avfallsplass? Høyr politikarane, før du stemmer i haust!

Dei reine, fiskerike, norske fjordane representerer evige og sjølvfornyande verdiar om rett forvalta. Kjølege og friske fjordar er grunnlag for villaksen, for ei rekkje andre fiskeslag og marine artar, som viktige gyte- og oppvekstplassar. Fjordane er eit grunnlag for Norge som ein av dei fremste sjømatnasjonane i verda. Fjordane er unike, internasjonale naturfenomen, og er to gonger valt til fremste reisemål i verda. Fjordane er grunnlag for næring, arbeidsplassar og busetjing. Korleis sikre desse verdiane også for framtidige generasjonar? No ynskjer gruvenæringa å bruke dei verdskjende norske fjordane som utsleppstad for hundrevis av millionar tonn kjemikalieblanda gruveslam, og Mineralstrategien som regjeringa nyleg la fram, opnar for utslepp til fjord, men seier samstundes at norsk mineralnæring skal være blant den fremste i verda på miljø. Er det realisme i dette, eller vert Norge miljøversting? Internasjonalt lovverk og praksis tilseier ivaretaking av dei marine ressursane - største matfatet i verda, som dertil er sjølvfornyande. Kun 3 land i verda, utanom Norge, har framleis aktive utslepp av gruveavfall til sjø: Papua New Guinea, Tyrkia og Indonesia. Papua New Guinea sende i januar 2013 lovreform på høyring: Skal vi forby dumping av gruveavfall i sjø? Tyrkia avviklar sjødeponi omkring 2019. Skal Norge og Indonesia snart verte åleine i verda om å tillate utslepp av gruveavfall i sjø?

Program: «Framtid for fjorden?» Politikarane kjem sjøvegen til stor mottaking på kaia: Kl 12.00 Fjordfiskarens festbord. Smak sjømatrettar, ausa frå Førdefjorden. Apellar: Johs B Thue, skribent, professor i historie. Natur og Ungdom Kultur: Magne Furuholmen; musikk til lydhornet Decibel. Thea Hjelmeland: My fjord Oddvar Torsheim: La fjorden leve -nett. Kunstutstillingar m.m. Kl 13.00 Fagseminar: Miljø og samfunnsøkonomisk perspektiv på Engebøsaka og utslepp av gruveavfall i fjorden. Gruvenæring mineraleventyr eller naturrasering? V/ Lars Haltbrekken, leiar i Naturvernforbundet Bergindustrien si rolle i berekraftig framtid. v/ Elisabeth Gammelsæter, generalsekretær i Norsk Bergindustri Kva tåler ein fjord? Om økosystemet i Førdefjorden, inkl spekkhoggarane. V/ Jan Helge Fosså, havforskar ved Havforskingsinstituttet Viser Nordic Mining sitt rutilprosjekt samfunnsøkonomisk lønsemd? V/ Finn Førsund, professor i samfunnsøkonomi UIO Eksistens og sameksistens; Byggjer minerala samfunn? V/ Kjerstin Uhre, arkitekt, PhD stipendiat avd for urbanismestudier, Arkitekthøyskolen Oslo Norge, fremste sjømatnasjon i verda; kan gruveutslepp og fiskeri gå i lag? V / Jan Henrik Sandberg, Norges Fiskarlag Kl 16.00-18.00 Førdefjorddebatten. Politikarpanel; Skal gruveindustrien få bruke fjordane som avfallsplass for gruveavfall? Kl 19.00 Festkveld: Visjonar. Mat, drikke, dikt og musikk. F J O R D A K S J O N E N F J O R D A K S J O N E N

Kl 16.00-18.00 Førdefjorddebatten: Politikarpanel Det er Stortingsval i år, høyr politikarane før du stemmer: Skal gruveindustrien få bruke fjordane som avfallsplass for gruveavfall? Korleis sikre dei reine, fiskerike fjordane, som Førdefjorden for framtida, samt Noregs omdøme som sjømat-, reiseliv- og miljønasjon? Skal alt av mineral hentast ut i vår tid, kva med komande generasjonar? Kva med nullvisjon for gruveavfall, ved bruk og tilbakefylling? Kl 19.00 Festkveld: Visjonar. Mat, drikke, dikt og musikk. Arr: Vedlegg: biletpresentasjon og lekkjer. F J O R D A K S J O N E N F J O R D A K S J O N E N

Sjå biletpresentasjon v / fotograf Wim Lassche; Vevring og Førdefjorden: http://vimeo.com/40552488 *Vevring, den internasjonalt kjende kunstbygda, ligg ved foten av Engebøfjellet. Første og siste bilete syner utsikta oppe frå Engebøfjellet, rett ned på ei levande bygd, med hus og heimar, barnehage, skule, kyrkje, butikk, hamn, badestrender, fiskeplassar og ei rekkje kulturminne berre nokre hundre meter frå eit omsøkt storskala, ope dagbrot. Ikkje gruve, men dagbrot, fordi det er billegast og gjev mest avkasting for investorane. *Alle bilete frå Førdefjorden, er frå området der det er søkt utslepp av mellom anna fleire hundre millionar tonn kjemikalieblanda gruveslam, 11 tonn kvart minutt, dag og natt i 50 år. I dag er der eit yrande liv, torsk og kveite gyt, nise og spekkhoggarar bryt bylgjene, oter, hegre og havørn finn sitt rike matfat; slik fjordfolket også har gjort det til alle tider. *Kva vil støy, støv, sprengingar frå ope dagbrot, og dumping av fleire hundre millionar tonn kjemikalieblanda gruveslam gjere med folk, natur og eksisterande naturbaserte næringar? *Er det samfunnsøkonomisk lønsemd i gruvedrift basert på, ikkje dei beste for samfunnet, men dei billegaste løysingar for investorane? Lekkjer: Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe: http://www.fjordaksjonen.org/ Kunstbygda Vevring: http://www.vevringutstillinga.no/ F J O R D A K S J O N E N F J O R D A K SJONEN