Napp ut STOLPEJAKTEN ALVER 6. april - 1. november 2019 ALVER KOMMUNE Vi byggjer Alver kommune 2019
Velkomen til Stolpejakten i Alver! Me ynskjer deg velkomen til stolpejakt-sesong! Stolpejakten i Alver vert arrangert av Knarvikmila, Knarvik senter og kommunane Meland, Lindås og Radøy, som 1. januar 2020 vert slått saman til Alver kommune. Stolpejakten er eit lågterskeltilbod for alle som ønskjer å koma seg ut på tur, og du kan jakta på stolpar i mange av dei vakre turområda i det som vert Alver kommune. Fleire av stolpane er òg tilgjengelege for rullestolbrukarar og med barnevogn. Stolpejakten går føre seg både i bustadområde og i etablerte turområde, og me ber om at alle deltakarar viser omsyn på veg til stolpane og ved parkering. Bruk bossdunkar, og hugs bandtvang. Når du går på innmark, er det viktig å følgja stien. Stolpejakten har totalt 73 arrangørar i 14 av fylka i Noreg. Totalt er det over 200 kart tilgjengeleg med meir enn 60.000 unike brukarar. Det var registrert over 3 millionar stolpebesøk i 2018. Stolpejakten gjer det kjekt for heile familien å gå på tur! Stolpejakt-sesongen i Alver startar 6. april, og vert avslutta 1. november. Kvar registrerte stolpe gjev deg eitt lodd i trekninga av flotte premiar ved sesongslutt. I tillegg vert det del-premiering under KnarvikMila, søndag 1. september. Kartbrosjyren er tilgjengeleg for nedlasting på www.knarvikmila.no. Her finn du òg liste over stader du kan henta brosjyren. Besøk oss gjerne på www.knarvikmila.no, Facebook: Stolpejakten Alver og Instagram: @stolpejaktenalver. Tagg bileta med #stolpejaktenalver. Generell informasjon om Stolpejakten finn du på www.stolpejakten.no. KnarvikMila, Knarvik senter og kommunane Meland, Lindås og Radøy ønskjer alle ei flott jakt på stolpar i Alver kommune!
Stolpejakten - slik vert du med! Dei 50 stolpane er plasserte rundt i kommunane Lindås, Meland og Radøy, frå Syltneset i vest til Dyrkolbotn i aust. Plasseringa av stolpane er merka på karta på dei neste sidene. Stolpane er omlag 1,30 m høge og merka med nummer og bokstavkode. Stolpane har òg ein QR-kode som kan skannast og registrerast ved bruk av Stolpejakten sin app på smarttelefon. Svært lett Lett Middels Vanskeleg NB: Graderinga som vert nytta i Stolpejakten er ikkje den same som vert nytta i Nasjonal standard for skilting og gradering av turstiar. Kva gradering turane har etter nasjonal standard, finn du i turskildringane Registrer stolpane manuelt eller elektronisk. Stolpane kan registrerast på tre ulike måtar, og du vel sjølv kva som passar best for deg: 1. Ta med deg kartet ut på stolpejakt, finn stolpane og noter bokstavkodane du finn i tabellen på baksida av heftet. Når du kjem heim, gå til www.stolpejakten.no og registrer kodane du har funne. For å registrera elektronisk krev det ein konto. 2. Last ned appen «Stolpejakten» gratis på App Store eller Google Play til din smarttelefon og ta med telefon (og evt. kartbrosjyre) på tur. Det kan vera lurt å lasta ned app og ønska kartområde medan ein er tilknytta WIFI (Stolpejakten i Alver er eit kartområde). Skann QR-kodane på stolpane du finn med appen. Stolpar som vert registrerte med appen vert synkroniserte med heimesida når den er kopla til internett. NB: Dersom du lastar ned appen, treng du ikkje å ta med kartbrosjyren, då alle sonekarta er tilgjengelege på appen. 3. Ta med deg kartbrosjyra på stolpejakt og noter bokstavkodane du finn på stolpane i tabellen i dette heftet. Når du har funne alle stolpane (eller sesongen er over), klipper du ut tabellen og sender den til Stolpejakten/ KnarvikMila, Postboks 177, 5903 Isdalstø (hugs å merka med namn, alder og kontaktinfo). Me vil då registrera kodane for deg og syta for at du er med i trekninga av premiar. Frist for innsending er 1. november. Stolpejakt-appen finn du som har iphone i App Store, medan den er tilgjengeleg i Google Play for deg med Android smarttelefon.
46 45 16 19 17 18 31 20 21 32 22 23 Data fra kartverket, Norge Digitalt og Nordhordland digitalt 24 25 26 27
19 17 44 18 31 21 20 32 22 24 23 25 33 25 34 27 2 35 28 1 29 37 3 36 30 12 38 41 4 39 40 6 5 15 9 8 42 14 7 13 11 10
50 44 33 47 48 34 35 49 37 36 30 43 38 41 39 40 15 42 14 Data fra kartverket, Norge Digitalt og Nordhordland digitalt
Stolpane i Alver (1-50) Noter koden du finn på stolpen i dette skjemaet eller på appen St. Kode Stad St. Kode Stad 1 Storafjellet 26 Søre Hallandsvatnet 2 Skjelanger kai 27 Kvistefjellet 209 moh 3 Eldsfjellet 324 moh 28 Sæbøvågen 4 Skintveitfjellet 29 Tjorehagen 5 Brakstadfjellet 318 moh 30 Søre Peparhaugen (Peprane) 6 Tveitanipa 243 moh 31 Lyngheisenteret 7 Holmeknappen 32 Klausagarden 8 Hjertåsfjellet 174 moh 33 Kråketangen 9 Krossfjellet 287 moh 34 Vallevika 10 Elvavika 35 Håkonshaugen Seim 11 Furefjellet Dalstø 36 Vassberget 288 moh 12 Gaustadfjellet 317 moh 37 Fossavatnet 13 Storeknappen 38 Tveitavarden 14 Flatøy Hagelsundet 39 Brekkeløypa 15 Håøytoppen 40 Aksla 16 Syltneset 41 Indregardsfjellet 248 moh 17 Vågsbotn 42 Kvassnesstemma 18 Bømarka (Otertjørna) 43 Krossane Nord 401 moh 19 Rapeneset 44 Skausnøyna 363 moh 20 Lometjørna 45 Kolåsfjellet 223 moh 21 Vestnorsk utvandringssenter 46 Hellestveitnova 22 Skageneset 47 Fløyen 23 Søre Toska 48 Bjørgefjell 354 moh 24 Nesvatnet 49 Totlandsfjellet 255 moh 25 Nøttveitveten 205 moh 50 Dyrkolbotn Svært lett Lett Middels Vanskeleg
FINN STOLPAR vinn spreke premiar For kvar av stolpane du finn og registrerer, samlar du vinnarsjansar til flotte premiar. Me trekkjer ut ti heldige vinnarar som får kvar sin tursekk med flott innhald til ein verdi av 3000 kroner. Premiane er gjevne av Knarvik senter. Éin stolpe = eitt lodd, 50 stolpar = 50 lodd. Premiane vert trekte etter avslutta sesong i Stolpejakten 1. november. I tillegg vert det delpremiering under KnarvikMila 1. september. For deg som registrerer på papir: Send inn arket til Stolpejakten/KnarvikMila, Postboks 177, 5903 Isdalstø. Me vil registrera kodane for deg og syta for at du kjem med i trekninga av premiane. Frist for innsending er 1. november 2019. Hugs å merka med namn, alder og kontaktinfo. Støtte til Stolpejakten Stolpejakten er eit lågterskeltilbod som er gratis for alle deltakarar, men det er ikkje gratis å arrangera. Me vil takka alle bidragsytar som gjer det mogleg for KnarvikMila å gjennomføra dette tiltaket: Knarvik Salhusvegen Knarvik senter ALVER KOMMUNE Vi byggjer Alver kommune STOLPEJAKTEN 2019 ALVER www.knarvikmila.no