INFO SLIPPEN No. 1/ 2014 Opel er ikkje berre Rekord, Ascona og Insignia Motoclub 500 Super Sport 1928. Snop! Innhald: -Referat frå årsmøtet 2013 -Årsmelding 2013 -Rekneskap for 2013 -Aktivitetar 2014
Referat frå årsmøtet 22. november 2013. Tid og stad: Fredag 22.11. klokka 19:00, Headstone MC sine lokale, Skutvika, Ålesund. Tilstades var: Arild Gravdehaug (s), Geir Eide(s), Atle Morsund(s), Nina Jones(s), Torgeir Båtnes(s), Terje Slåtten, Bjørn Nybø, Lars Røsok, Oddbjørn Vågnes, John Nygård, Jørn Høydal, Torgeir Vatnehol, Roar Indergård, Steinar Sjøholt, Tor Arild Malin, Bernhard Øyangen, Geir Rønnestad, Runar Sæthre, Øystein Helgesen, Roy Andreassen, Rolf Johansen (s)=styremedlem 1) Godkjenning av innkalling: Dei frammøtte hadde høve til å komme med innvendingar til møteinnkallinga, men slike kom ikkje og møtet vart sett 19:20. 2) Val av ordstyrar: Arild Gravdehaug 3) Val av referatskrivar: Torgeir Båtnes 4) Årsmelding: Årsmelding frå formannen vart opplest av møteleiar. Ingen kommentarar frå årsmøtet. Årsmeldinga ligg ved referatet. 5) Reknskap: Reknskapet vart lagt fram slik som det ligg ved dette referatet. Inntekter på om lag 50.000,- er frå Vårskjelven, kontingent og julebordet. Utgifter er om lag 53.000,- : Vårskjelven (omlag 25.000,-), 10% av verdier (telt, vogn etc..) er avskreve (totalt 8723,-), leige datasystemer (nettside), julebord (mat), premier (Vårskjelven). Totalt eit driftsunderskot medrekna avskrivingar på 2709,38. Kontantar i kassa er 15.502,- og på bok er der 6.604,98. Reknskapet vart godkjent av årsmøtet. 6) Val av nytt styre: Desse verva var på val: Formann, Kasserar og Treffansvarleg. Valnemnda har arbeidd med saka, og har spurt sitjande kasserar om å ta ei periode til, og det sa han seg viljug til. Valnemnda har arbeidd med saka, og har spurt sitjande treffansvarleg om å ta ei periode til, og det sa ho seg viljug til. Valnemnda har spurt sitjande formann om å ta ei periode til, og det sa han seg viljug til. Årsmøtet si innstilling til dei verva i styret som er på val er: * Formann : Arild Gravdehaug valperiode 1 år * Kasserar : Geir Eide valperiode 2 år * Treffansvarleg : Nina Jones valperiode 1 år Årsmøtet si innstilling for formann, kasserar og treffansvarleg vart einstemmig innklappa. Atle Morsund held fram som heimesideansvarleg/pressetalsmann. Ny valkomité for 2014 vert Jørn Høydal og Bjørn Nybø. 7) Aktivitetar/Fredagsmøta 2014, sjå vedlagt liste. Innkomne saker: 8) -Avklaring kring klubben si rolle i høve runde dagar og andre markeringar for medlemmar. Spørsmål om kven som skal honorerast? Skal alle få merksemd? Årsmøtet meinar at i nokre spesielle høve kan det vere greit å vise ei merksemd, og overlet til styret å avgjere i kva tilfelle ei merksemd er påkrevd. Styret vil også ha info og tips om føreståande runde dagar, bortgangne etc. fra medlemmane. 9) -Kiosk/sekreteriatvogna er dårleg, sal eller reparasjon? Forslag: Bodvogna er eigna for jordbærsal, annonserast lokalt for sal i Valldal før Vårskjelven, visning på Vårskjelven 2014 for interreserte. Viss ikkje dette lykkast, so tek ein ny vurdering på årsmøtet 2014. 10) Eventuelt: Kontingenten aukast? Nei, ikkje no. Vi avventar moderklubben for å sjå om dei aukar for å dekke lokalavdelingane. Årsmøtet vart so heva klokka 20:30, og vi gjorde oss klar til å innta årets julebord.
Styret for 2014: Formann: Skrivar: Kasserar: Treffansvarleg: Pressetalsmann: Arild Perry Gravdehaug Selneset 6393Tomrefjord tel. 952 50 534 a.p.gravdehaug@xi.no Torgeir Båtnes Aurhølå 18A 6036 Mauseidvåg tel. 957 80 975 tbaat@hotmail.com Geir Eide Valle 6260 Skodje tel. 702 76 005 mob. 941 48 609 geira2@mimer.no Nina Jones Tuenesvegen 15 6006 Ålesund tel. 920 80 973 Atle Morsund Ola Fladmarksveg 6 6412 Molde tel. 712 76 043 mob. 408 43 772 atle@morsund.no Opel Raketenmotorrad når Rekordar skal ryke Til slutt gjer vi medlemmane merksame på: -Medlemskontingent 2014 Denne er kroner 100, og må betalast inn v.hj. av giroblankett lagt ved denne forsendinga. De som ikkje har betalt for 2013 vert oppmoda om å betale vedlagt purring omgåande. Frist for innbetaling er sett til: 31. Mars 2014. Vi i styret ynskjer dykk alle ei God Jul og eit velsigna, innhaldsrikt Godt Nytt År! Opel Kraftwerke! Der Reaktor! Roter Alarm!
Reknskap 2013 for NVMC avd. Sunnmøre