MENTAL HELSE SYKKYLVEN ÅRSMELDING 2013-2014 (Årsmøteperioden: 23.2.2013 4.2.2014)
Årsmelding 2013-2014 MENTAL HELSE SYKKYLVEN Styrets bereting for perioden 23. februar 2013 til 4. februar 2014: Styret i perioden har bestått av: Styreleiar Stig Ålgårdstad Nestleiar Julianne Aas Kasserar Roy Mindor Rokstad Styremedlem Tove Blindheim 1. vara medlem Roger Eriksen 2. vara medlem Sølvi Andestad 3. vara medlem Nina Hove Valkomiteen: Lillian Skare (leiar) Jofrid Ålgårdstad Helene Engeseth Andre ansvarsområde og verv: Ungdomskontakt: Nina Hove Studieleiarar: Stig Ålgårdstad og Roy Mindor Rokstad Styret sine aktivitetar Styret har hatt 10 styremøte og hatt 62 saker til behandling i perioden. Styremøte i mai vart avlyst grunna forfall, leder og kasserar hadde i staden eit arbeidsmøte. Arbeidsmiljøet i styret har vore godt og alle styremedlemar har vore involvert i arbeide med å planlegge og arrangere aktivitetar. Styret har også hatt fokus på etiske retningslinjer og hatt kurs med bruk av den etiske kortstokken. Styreleiar og kasserar har vore på kurs i søknadsskriving og tilskotsordningar i regi av Sunnmøre Regionråd. Representantar frå styret har deltatt på leiarmøta i regi av fylkeslaget og på årsmøte til fylkeslaget i 2013. Studieleiarane har jobba med planar om fleire kurs, men tidsklemma har vore ei stor hindring. Framleis er dei fleste av kursdeltakarane våre dei tillitsvalde, men det har lykkast å få med fleire medlemar og andre interesserte på nokre av kursa. Ungdomskontakt har vore aktiv på stand under Sykkylvsdagane 2013 og ved planlegginga av Sumaravslutninga 2013 på Giske. Valkomiteen har hatt eit møte i perioden i forbindelse med medlemsmøte om handlingsplan i januar 2014. 2
Arbeid med Handlingsplan 2013 Lokallaget har jobba aktivt med å realisere handlingsplanen for 2013, og har samarbeida med andre om å oppnå dette. Det meste av handlingsplanen for 2013 er gjennomført. Styret har i perioden lykkast med å aktivisere fleire medlemar til å delta i planlegging og gjennomføring av aktivitetar. Medlemstal Ved alle aktivitetar har det vert fokus på informasjon om organisasjonen vår, og oppfordring til å melde seg inn til dei som er interesserte i psykisk helse. Det er no 35 registrete medlemar på lista vi har fått. Av desse er 29 vaksne medlemar og 6 er ungdomsmedlemar. Økonomi Bortfall av det kommunale tilskotet har ført til at økonomien har vore svak til tider, og det har måtta litt ekstra innsats til for å få ting på plass. Resultatrekneskap for 2013 syner eit underskot men dette er overkomelig, og dekkast inn av eigenkapital og forventa inntekter i januar 2014. Det har vore fokus inntektsbringande arbeid utan å gi dei store resultata. Vi var uheldige med vêrgudane på slutten av året, og måtte avlyse eit arrangement som vi hadde fått tilsegn om tilskot til frå fylket. Om vi får dette tilskotet i 2014 gjenstår og sjå. Sjølv om det er røde tall for 2013 er det framleis grunnlag for vidare drift. Kurs- og opplæring Lokallaget har arrangert fleire kurs i løpet av året. Bla. planlegging av arrangement og deltaking på sosiale aktivitetar. Medlemar har også deltatt på fagkurs om autisme i regi av Fagakademiet. Vi har også starta eit hobbykurs. Medlemsmøte Det har vore 6 medlemsmøte i perioden. Alle medlemsmøta har hatt eit eige tema, og vore ope for ikkje medlemar. Tema har vore: Den gode kommune, Sumaravslutning, Etikk i praksis, Halloween, Juleavslutning og Handlingsplan 2014. 3
Temamøte Temakveld om Barn som pårørande i desember måtte dessverre avlysast grunna ekstremvêret Ivar, men vi håper å kunne arrangere den i løpet av vinter/vår 2014. Verdensdagen for psykisk helse 2013 10. oktober markerte vi Verdensdagen på Fønixhuset med mini-foredrag om årets tema: Sjå kvarandre - gjer ein forskjell! Vi hadde quiz, god mat og loddsal. I tillegg laga vi vår eigen Verdensdag plakat. BOS - Brukarorganisasjonane i Sykkylven Tysdagar er det open dag på BIS med informasjonsmateriell og likemannsarbeid. Ansvaret for at senteret er ope går på rundgang blant organisasjonane. Enkelte dagar blir det sett opp tema med aktivitetar slik som; høyrselstest, blodsukkertest osv. Vi har også markeringar av kampanjar og dagar som organisasjonane ynskjer å markera. Internasjonale dagar (FN-dagar) som høyrar naturleg inn i arbeidet til brukarorganisasjonane blir også markert. 12. oktober, på den Internasjonale Revmatikardagen arrangerte BOS ein stor konferansen på kulturhuset i samarbeid med Sykkylven kommune. Tema var Frisk? Sjuk? Nei, ein stad midt i mellom! Sosiale aktivitetar I 2013 vart det fleire lokallagstreff rundt om i fylket vårt. I mai var 5 medlemar på bowling og pizzaaftan i Valldal saman med lokallaga frå Stordal og Stranda. I august var 8 medlemar med på lokallagstreff i Stordal med quiz, god mat, kulturvanding og klatrevegg. I begynninga av oktober var 6 medlemar med til Stranda på lokallagstreff, Strandarane varta opp med storslått middag og biljardturnering. I saman med Mental Helse Giske arrangerte vi for andre året på rad sumaravslutning for alle lokallaga i fylket på Emanuelgarden på Vigra i juni. Grillmat, kaffi og kake, quiz, leik og hesteskokasting stod på programmet for dei vel 40 frammøtte. 4
Stand i sentrum 4 gongar blei standutstyr pakka fram i 2013, Sykkylvsdagane i juni, Musikkfestdagane i september, konferansen frisk sjuk og ved julehandelen i sentrum, alle i samarbeid med BOS. Under Sykkylvsdagane hadde vi quiz og gjettekonkurranse på standen i tillegg til informasjonsmateriell. Vi nytta også høve til politisk arbeid overfor partia som hadde stand under dagane, og utfordra dei til å delta i quizen vår. På Musikkfestdagane vart Verdensdagen (VD), Grasrotandelen og konferansen frisk sjuk promotert. På standen under julehandelen i slutten av november selde vi julekalenderen til Vaksne for barn saman med BOS, og hadde informasjonsmateriell. Brukarmedverknad og politisk påverknad Sidan det var Stortingsval i 2013 vart det lite politisk engasjement i lokallaget. I staden vart formidling og spreiing via sosiale medium av saker frå MH sentralt ei prioritert oppgåve. Vi delte også ut fleirspråklege brosjyre på informasjonssenteret i forkant av valet. Samarbeid mellom Rådet for funksjonshemma og brukarorganisasjonane er styrka, og brukarrepresentantane rapporterar om godt arbeid i rådet. Media arbeid, informasjon og kommunikasjon Styret har jobba aktivt for at lokallaget skal bli synleg, og bruk av media har vore ein strategi i heile perioden. Fleire arrangement har vore annonsert i lokalavisa, med plakatar rundt om i bygda, på internett og heimesida, e-post og liknande. Facebook har vorte den største arenaen for kontaktskaping og informasjonsspreiing. Når det gjeld heimesida har vi blitt vesentleg dårlegare enn vi var i 2012. Noko av grunnen er at to av våre medlemar som hadde opplæring som webredaktørar ikkje lenger er aktive medlemar, og nye redaktørar har det ikkje vore tid til å lære opp. Ved nokre av arrangementa våre har medlemar tatt på seg oppgåva med å skrive ein artikkel, men ikkje alle har fylgd opp dette ansvaret. Vi har også tatt direkte kontakt med lokalavisa for å få artiklar om arrangementa våre. Nokre av aktivitetane har også vore annonsert på Radio Storfjord gjennom samarbeid med BOS. Landsmøte 2013 Styreleiar var med på landsmøte i Tromsø som delegat for Møre og Romsdal. Å få Mental Helse Ungdom representantar inn i fylkesstyra med tale- og forslagsrett var ei av sakene han jubla for då han kom heim. 5
Representasjon i andre organisasjonar, råd og utval Styret i BOS - Brukarorganisasjonane i Sykkylven: Stig Ålgårdstad, styremedlem og Knut Fremstad, vara medlem. Fylkesstyret i Mental Helse Møre og Romsdal: Stig Ålgårdstad, 1. vara medlem. Brukarrepresentantar med tilknyting til Mental Helse Sykkylven i 2013: Rådet for funksjonshemma: Stig Ålgårdstad, rådsmedlem og Knut Fremstad, vara medlem. Brukarutval ved NAV Sykkylven: Stig Ålgårdstad, valt inn som representant frå Rådet for funksjonshemma. Prosjektgruppa for ReHabiliteringsplan i Sykkylven kommune: Stig Ålgårdstad Utfordringar, vegen vidare Å styrke økonomien må vere ei hovud oppgåve slik vi blir meir robust, og kan arrangere fleire aktivitetar. Vi har eit stort potensiale i å marknadsføre oss og aktivitetane våre betre. Annonsering er ein av dei største kostnadane ved arrangement så vi må skaffe oss gode annonse sponsorar. Å få utført ansvarsoppgåver til rett tid har også vore eit problem. Vi må bli strengare med oss sjølve på dette området og bruke prosjektplanar meir aktivt. Som representasjonslista visar er der ikkje mange namn på den, vi treng både fleire brukarrepresentantar og fleire som vil ta på seg tillitsverv. Utdanning i organisasjonskunnskap og brukarmedverknad må vere eit satsingsområde framover. Vi må også ha fokus på opplæring i lovverk og delta aktivt på fagdagar slik vi står stekt når vi skal påverke politikarane. Med helsing styret i Mental Helse Sykkylven Stig Ålgårdstad Julianne Aas Roy Mindor Rokstad Tove Blindheim Roger Eriksen Sølvi Andestad Nina Hove 6