Jon Peder Vestad. Avdeling for mediefag Høgskulen i Volda 6100 VOLDA 24.2. 2011. Syn på framlegget til ny nynorskrettskriving



Like dokumenter
Viktige prinsipp for ei god normering av nynorsken

Opprettingar i utgreiinga om nynorskrettskrivinga (versjonen frå )

Til deg som bur i fosterheim år

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

2012-reforma for nynorsk ikkje berre grammatikk og ordformer, men også eit verdival? Aud Søyland, tidlegare sekretær for Riise-nemnda

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Høyringssvar frå Språkverkstaden til rettskrivingsnemnda for nynorsk

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Denne minigrammatikken tar for seg nokre av hovudreglane for nynorsk.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Aurland kommune Rådmannen

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Månadsbrev for Rosa september 2014

REFERAT FRÅ HØYRINGSMØTE OM NY NYNORSK RETTSKRIVING, I SPRÅKRÅDET 21. FEBRUAR 2011

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Tilråding om ny rettskriving for nynorsk


Saksbehandling kva er no det?

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 242 Arkivsaksnr.: 08/768-1

Vel nynorsk for barnet ditt!

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Informasjonshefte Tuv barnehage

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Nynorsk i nordisk perspektiv

NY RETTSKRIVING FOR 2000-TALET

Nynorsk i staten. Reglar og råd

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

Å utforske nynorsk gjennom skjønnlitteratur

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar.

Samtalestatistikk 1. halvår Hjelpelinja for speleavhengige

mmm...med SMAK på timeplanen

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Brødsbrytelsen - Nattverden

SÆRUTSKRIFT. GODKJENNING AV ENDRING AV KOMMUNEDELPLAN FOR EIKEN HEIEMARK, LANDDALEN.

ehandel og lokalt næringsliv

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Frå novelle til teikneserie

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Prioritert løysing for språksamlingane og Norsk Ordbok

13. Radio og fjernsyn

Dialektrøkt i NRK. Nynorsk

Valdres vidaregåande skule

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

10 tips for å skrive betre nynorsk Tips til eksamen i norsk. Marita Aksnes og Åsmund Ådnøy, mai 2015

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

NYNORSK GRAMMATIKK FOR MINORITETSSPRÅKLEGE Forklaring med arbeidsoppgåver. Birgitte Fondevik Grimstad og Hilde Osdal Høgskulen i Volda 2007

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Brukarrettleiing E-post lesar

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Ti tips for betre nynorsk Marita Aksnes Eksamensarrangement på Sølvberget, 23. mai 2016

SØKNAD OM UTVIDING AV BANDTVANGSTIDA FOR HUND I HEMSEDAL - HEMSEDAL SAU OG GEIT/HEMSEDAL SANKELAG

Brukarrettleiing. epolitiker

Stemnehandboka for NKSF

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Bachelor i bibliotek- og informasjonsvitenskap

FRÅSEGN - REGULERINGSPLAN VORLANDSVÅGEN, BØMLO KOMMUNE.

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Tale, Ivar Aasen-stemnet

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Velkommen til DUGNAD!

Transkript:

Jon Peder Vestad Avdeling for mediefag Høgskulen i Volda 6100 VOLDA 24.2. 2011 Syn på framlegget til ny nynorskrettskriving Bakgrunn Det er prisverdig og på tide at nynorskrettskrivinga får ein revisjon. I innstillinga som er lagt fram, ser eg mye godt, men på enkelte punkt meiner eg at innstillinga vender seg meir vestover enn framover. Dette innspelet skriv eg som forskar og lektor i mediespråk, og sjølvsagt som engasjert nynorskbrukar. Sia 1995 har eg vore lektor i mediespråk ved Høgskulen i Volda, og frå 2000 til dags dato har eg vore nynorskkonsulent for NRK. Eg har forska på nynorsk språkbruk i nyheitssendingar i NRK frå 1960 til 1998 og undersøkt haldningar til nynorsk hos journalistar som bruker nynorsk i etermedia. Funna frå nyheitssendingane sende eg til nemnda som arbeidde med revidering av nynorsk i 2002, men eg er ikkje sikker på om medlemmene fekk denne dokumentasjonen. Eg gjorde også Språkrådet merksam på innspelet mitt frå 2002 da den nye omgangen med revidering tok til, og bad om at dette vart gjort tilgjengeleg for medlemmene i dagens nemnd. Eg legg ved funn som viser avvik frå nynorsknorma eg har funne i materialet mitt, og kan au sende utfyllande informasjon om dette og språkhaldningane. Generelle merknader Av sakspapira ser eg at nynorsk etermediespråk ikkje i det heile finst i materialet som er gått gjennom, heller ikkje talt og skriven nynorsk frå ein såpass viktig institusjon som NRK. Gjennom NRK blir heile landet nådd med nynorsk, kvar dag. Ja, ingen annan norsk institusjon spreier nynorsk som NRK gjer, nynorsk med ulik klang og formval. Det er elles uklart for meg om nynorsk i austnorske aviser som GD og Valdres finst i materielet. Vidare er faktisk språkbruk i tekstar som ikkje treng vere normerte, som i tekstmeldingar, bloggar, diskusjonsforum, brev osv. også fråverande. Derimot er nynorskbruk hos forfattarar attende til mellomkrigstida med i korpuset. I det heile synest eg materialet verkar noko baktungt. Nynorsken skal normerast uavhengig av bokmålet, og det støttar eg. Den nye rettskrivinga skal vare i mange år, og bør ta omsyn til utviklingstrekk som vi ser i dag. Ein fare kan vere at ein gjer bokmålet til ein usynleg normeringsinstans, der enkelte former som er like bokmålsformer kan bli vurderte som resultat av bokmålspåverking. Dersom bokmål blir ein usynleg faktor i normeringa av nynorsken, er det i dobbel forstand ei negativ haldning til normeringsspørsmålet. Det kan vere lett å oversjå at bokmålslike former er utbreidde i område der skriftspråket helst er nynorsk og at språk - som oppfatninga av rett og gale endrar seg. Sia nynorsk og bokmål er målformer av same språket, er det vidare naturleg at mye er likt. Det kan ikkje vere slik at ein prøver å demme opp mot bokmålet ved å fjerne bokmålslike skrivemåtar som f. eks. heilt sia 1959-rettskrivinga har vore ein del av den offisielle rettskrivingsnorma. I arbeidet med denne innstillinga har eg ikkje sett til bokmålet.

Når nynorsk språkbruk skil seg frå nynorsknorma, er det ikkje utan vidare slik at "feilen" ligg hos brukarane. Det kan vere norma som bør justerast. Eg finn au grunn til å nemne at jamstelte, valfrie former er hovudformer, og meiner at ein må vere svært varsam med å ta ut slike hovudformer. Det er også mitt syn at enkelte klammeformer bør oppjusterast til å bli hovudformer, slik Nynorsk Pressekontor har gjort i sine tilrådingar i oppslagsverket NPKspråket. Vidare er nok relativt få funn av somme jamstelte former og klammeformer avhengig av det korpuset ein har arbeidd med. Eg minner her om at nynorsken i NRK manglar. Den som les innstillinga grundig, oppdagar at argumentasjonen for og mot enkelte skrivemåtar varierer. Somme gonger blir det lagt vekt på talemålsgrunnlaget, andre gonger på det som blir kalla nynorsktradisjonen. Eitt eksempel er at sjølv om former med an i ord som utanfor er minst utbreidd i talemåla, skal dei mest utbreidde formene, dvs. med a (utafor) ut. Somme stader manglar grunngjevinga, som når hjerte blir fjerna utan vidare. Sluttord Nynorskrettskrivinga er avhengig av å bli respektert av brukarane for å kunne fungere godt. Brukarane er dei som er tilsette i det offentlege og ein institusjon som NRK til dømes kan alle private (medie)bedrifter skrive akkurat som dei vil. Vedtak som ikkje blir respekterte, kan undergrave norma. Ein slik respekt oppnår ein mellom anna ved at nynorsken inneheld ord og former som kjennest viktige for brukarane - også i nynorsk tale -, at brukarane identifiserer seg med norma og at norma følest naturleg for menneske i dag. Nynorsken må vere grei å forstå, funksjonell og på mange punkt spegle det språklege mangfaldet i landet vårt. Noko valfridom skal nynorsken derfor innehalde, og det ser eg også av innstillinga. Dessverre er det ein del former som likevel, og uforståeleg for meg, blir fjerna. Det gjeld blant anna mykje brukte former som bare, dø, flom, gjømme, hjerte, rør, sia, skole, trøtt, tåle, utafor, medan ei marginal form som spjut (spyd) blir ståande. Etter å ha arbeidd med nynorsk hos profesjonelle språkbrukarar i så mange år, meiner eg å ha innsyn i kva som kan skape vanskar i nynorsken og kva nynorskreglar som ofte ikkje blir følgde. Det bør vere ei god rettesnor i sluttarbeidet med nynorskrettskrivinga å teikne kartet nøyare etter landskapet. Lykke til! Vennleg helsing Jon Peder Vestad

Syn på dei ti spørsmåla frå høringsbrevet 1. Usikker (-leg/-lig) 2. Einig (stilling) 3. Einig (leggje/legge). 4. Ueinig (drøyme osv. som eineformer) 5. Einig (ramme) 6. Einig (valfri samsvarsbøying) 7. Ueinig (dykk) 8. Ueinig (skole, bare) 9. Ueinig (klyvd infinitiv) 10. Einig (i-mål). Meiningar om punkt i sjølve innstillinga Det som står med feit skrift i kursiv, ser eg på som spesielt viktig. 2.1.1. Skole, bar og bare må stå. Hjerte må oppgraderast og stå. Holdning (+ holde osv.) må stå. Male må oppgraderast og stå. Ljod kan gå ut (marginal form). Mogeleg må ut. Skole må stå. Dråpe, tåle, tålmod må oppgraderast og stå. Spjot må ut (marginal form). Hyrne må ut (marginal form). Tunn kan stå (jf. turr som står). Øksen bør gå ut. Fjære, fjære og tjære kan gå ut. 2.1.2. Flom, flomme må oppgraderast og stå. Drøm, drømme, strøm, flømme osv. (heile denne lista) må oppgraderast og stå. Høre, kjøre, mø, øre osv. (heile denne lista) må stå. Trøst, trøste må stå. Dø må oppgraderast og stå (jf. også dødeleg som blir ståande). 2.2.1. Koppar må stå, kopar kan eventuelt gå ut. Grissgrendt må stå (jf. grissen, som står). 2.2.2. Mod går ut. Ratt står, jf. (tidt/titt). Lisle står (jf. esle/etle mfl.) 2.4.1. Brede går ut. Hemse går ut.

Malme går ut. Slett går ut. 2.4.2. Eigenleg går ut. Einaste må stå. Eksis må stå. Gjøre, gjørst må stå. Koss må stå. Openbare må stå. Råte og råtne kjem inn. Sia må stå. Skruve/skruve må stå. 3.1.6. Hjerte må oppgraderast og stå. Øre må oppgraderast og stå. 3.1.11 Midlet og sentra må stå saman med m.a. mørkret og teatret (jf. t.d. Teatret Vårt). 3.1.14. Muskedundre må stå (brukt om stor kvinne). Sausenebbe går ut. 3.1.15. Glømsle må oppgraderast og stå, glømsel inn. Gjømsle må oppgraderast og stå, gjømsel inn ( leike gjømsel ). Hørsel må stå. Kjørsel må stå. 3.1.19. Eg synest det er fint at nemnda opnar for at ein tek for seg kjønn på dialekt osv. På dette punktet strir nynorskreglane mot talemål, språkkjensle og praksis hos mange. Ord på lekt og ekt (respekt) kan fyrst som sist få valfritt hokjønn, det same gjeld annonse, brosjyre, fase, kontakt og kontrakt. Eg reagerer elles på at det står at ein del importord ofte får feil kjønn. Det er like sannsynleg at det er nynorsknorma som kjennest feil her, og ein kan vurdere om det er hankjønnsbøyinga som etter kvart skal ut i ein del tilfelle. 3.2.1. Opa (fem.) kan inn (nytt). 3.2.2. Underst må stå. 3.2.3. Alle former som har valfrie former med -an- og -a- må bli ståande (heimafrå, innafor osv.). (Argumentasjonen på side 139 for an- som eineform er svært svak!)

3.2.4 Eg minner om at leg er utbreidd i den talte varianten av nynorsk og i mange nynorsknære talemål. Vendt (og vende) må oppgraderast og stå. 3.3.2. Hennes må oppgraderast og stå. 3.4.5a. Skadd må stå. 3.4.5c. Formene ba, ga, sto må stå. (Argumentasjonen mot desse formene på side 168 er svak! Det er korkje framtidsretta eller forenklande å forby naturlege, utbreidde former.) 3.4.6b. Formene fikk og gikk må stå. 3.4.7. NB! Dette punktet er vanskeleg å forstå, det manglar ei liste over dei verba det gjeld. Det vil vere forenklande at alle verb med v/g/d/m får valfri te-ending: nemnte, ringte, stengte osv. 3.4.9. Arbeidar/arbeida må inn. Bytte/byttar/bytta må inn. Dekkar/dekka må inn (jf. svekkar). Knytar/knyta må inn. Limar/lima må stå. Styrkar/styrka må inn. Vedlegg 1: Allmenning bør også ha valfritt hokjønn. Jon Peder Vestad

TILLEGG FRÅ GRANSKING AV NYNORSKBRUK I NRK: Eg listar her opp språkfunn frå det materialet eg har analysert frå nynorsk brukt i nyheitssendingar i NRK frå 1960-1970, 1982-84 og 1998. Dette er altså former som er brukte av journalistar med nynorsk arbeidsspråk i NRK. Språkdrag som er funne i minst to av periodane: Ordformer: Bare, bilde, nå, ennå (så vanleg at det ikkje vart registrert), mye (ikkje registrert sia det var hovudform), noe, noen, sia (ikkje registrert sia det var hovudform) Ulike drag ved verbbøyinga: Kløyvd infinitiv (vanleg hos austlendingane i materialet) Manglande samsvarsbøying (svært vanleg) Blanda verbbøying (ulike tider): endte, innrømma, kalt, leia, reduserar, snakker, verner, skadar, svekka, styrka Langformer av sterke verb: øydeleggjer, finner Bøyingsformer av enkeltverb: gikk; gjør, gjøre, offentleggjøre; frigjøringshæren; tar, tatt, opptatt, deltar J-lause former: j-lause substantiv: innsetting, rekke, røykeføresegner, røykeføresegnene, røykelova, røyrleggarane, sysselsettinga j-lause verb: besøke, bygge, dekke, legge/legga, ligge, mistenker, planlegge, sittande, spøker, svekke, svekka (perf.), styrka (perf.), søker, tenkast, tenker, tilsette, undersøke, ville Adjektiv/adverb på lig: alvorlig, deilige, dårlig, dårligare, folkelige, hyggelig, høgtidelig, kongelige, kristelige, naturlig, nylig, personlig, tilbørlig, trulig, ungdommelige, umulig, vanlige, vanskelig, umoglig, verkelig, vestlige, åndelig -ar/ane-ending i visse hankjønnsord: bustadar, gjestane, gongar, sekkar, utestadane, veggane Funn frå ein av dei to siste periodane (utval): a) Verb: avga, ba, dødde, fenge, gjeng, he (hev), ryme (rømmer), skreme (skremmer) b) Andre ordklasser: borna, koffår (korfor), koss, muleg/umulig, some (somme) Jon Peder Vestad