Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking 2011. Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr 7 2011



Like dokumenter
Spørjeundersøking om sentrumsområde

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

Innbyggarundersøking i Nordhordland kommunestruktur

Kartlegging av befolkninga sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12b

Kompetansebehov Spørjeundersøking blant bedrifter i Hordaland Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr


Reisevanekartlegging i Hordaland fylkeskommune Fylkesbygget og Skyss.

Rekruttering til naturbruk i vidaregåande skule

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Evaluering av NSSU AUD- rapport nr. 2-11

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Kartlegging av verksemder sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12a

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn


Til deg som bur i fosterheim år

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Kartlegging av ufrivillig deltid i Hordaland fylkeskommune. Spørjeundersøking blant tilsette i Hordaland fylkeskommune AUD-rapport nr.

Intranett Spørjeundersøking i DOT Hordaland Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Kartlegging av verksemder som søkjer driftstilskot frå Hordaland fylkeskomme

FLYTTING TIL OG FRÅ BYKLE

Læringsarena 14. juni 2013

av pilotprosjektet Psykologteamet «Bedre balanse mellom tilbud og etterspørsel av Regionalt utviklingsprosjekt

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Sysselsette (arbeidsplassar i Nordhordland)

Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Gulen. 26.september 2013

Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Q1 Eg er : 1 / 21. Ungdom i Stordal sitt syn på kommunereforma m.m. Besvart: 44 Hoppet over: 0. Gut. Jente 0% 10% 20% 30% 40% 50% 60% 70% 80% 90% 100%

Flytting til Hardanger

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

IKT-kompetanse for øvingsskular

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Ka vil DU velje? - hjelp til å g jere det rette yrkesvalet

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Informasjon til elevane

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Innbyggarundersøking om kommunereform i Lindås, Radøy og Fedje

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Oppsummering frå verkstad på Hardanger Ungdomsting 2015

Presentasjon av resultat frå Ungdataundersøkinga

Kantineundersøking i vidaregåande skuler

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Synspunkt på prioriteringar innan kultur og idrett i Hordaland. Kunnskapsgrunnlag for regional kulturplan AUD-rapport nr

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

Innbyggarundersøking om kommunereform i Lindås, Radøy og Fedje

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Evaluering av Senter for yrkesrettleiing

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Internasjonale aktivitetar i kommunane i Hordaland Spørjeundersøking Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Bruk av IKT i skulen Spørjeundersøking AUD-rapport nr Mai 2009

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Vidaregåandeelevar i Sogn og Fjordane. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Varsling av kritikkverdige forhold i Hordaland fylkeskommune. AUD- rapport nr November 2009

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

Vidaregåandeelevar i Førde kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Vidaregåandeelevar i Gloppen kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Kva er økologisk matproduksjon?

Rådgjevarkonferansen 2009

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Kunnskapsløftet i vidaregåande opplæring Struktur, innhald og fleksibilitet

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

EVALUERINGSRAPPORT FRAMTIDSFYLKET KARRIEREMESSER 2015

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Rumenske og norske studentars bruk av bibliotek og ressursar.

Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Modalen, Radøy og Solund

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

SPØRJEGRUPPE: HORNINDAL SKULE KLASSE

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Transkript:

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking 2011 Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr 7 2011 1

2 Metode Undersøkinga er utført av Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) på oppdrag frå Regionalavdelinga i Hordaland fylkeskommune og i samarbeid med Nordhordland handverk- og industrilag. Datainnsamlinga vart gjort elektronisk. Det vart sendt ut spørjeskjema på e-post til alle elevane i 2. trinn ved dei to vidaregåande skolane i regionen (Knarvik vgs. og Austrheim vgs.) Totalt fekk 418 elevar tilsendt spørjeskjema og 215 av desse har svara på undersøkinga. Det tilsvarar ein svarprosent på 51 %. Der det er aktuelt vert resultata frå undersøkinga samanlikna med resultata frå ei liknande undersøking: Ung i Buskerud (2010). Utvalet i denne undersøkinga er ungdommar i alderen 15-22, altså større aldersspenn enn i vår undersøking. Spørsmåla i dei to undersøkingane er ikkje stilt identisk, men det kan likevel vere interessant å samanlikne resultata

3 Bakgrunnsopplysingar Heimkommune: Utdanningsprogram: Austrheim Bergen Fedje Gulen Lindås Masfjorden 5 % 15 % 0 % 0 % 34 % 7 % Studiespesialiserande Studiespes. med formgjevingsfag Bygg og anleggsteknikk Design og handverk Elektrofag Helse-og sosialfag Service og samferdsel 32 % 6% 8 % 8 % 8% 11 % 9 % Meland 21 % Teknikk og industriell produksjon 18 % Modalen Radøy Solund 0 % 13 % 0 % Kjønn: Gut 50% Anna 5 % Jente 50 %

4 Val av utdanning Kor viktig er følgjande når du vel utdanning? 1,0 1,5 2,0 2,5 3,0 3,5 4,0 4,5 5,0 5,5 6,0 At eg har interesse for fagområdet/yrket 5,5 At eg får brukt evnene mine/det som eg er god til 5,3 Anna 4,8 At eg kan få ein godt betalt jobb 4,7 At eg kan få jobb i det private næringsliv 3,1 At eg kan bu heime under utdanninga 3,1 At eg kan få jobb i Nordhordland 2,7 At utdanninga er kort 2,5 Svarskala:1= Ikkje viktig 6= Svært viktig

5 Val av utdanning Den viktigaste faktoren ved val av utdanning er at ein har interesse for fagområdet/yrket (5,5 i gjennomsnitt). Deretter følgjer at eg får brukt evnene mine/det som eg er god til (5,3). I undersøkinga Ung i Buskerud oppgjev ungdommane at spennende arbeidsoppgåver som den viktigaste faktoren ved val av yrke. Det å kunne få jobb i det private næringsliv er viktigare for gutane (3,5) enn for jentene (2,9) i vår undersøking. At utdanninga er kort, er det forholdet ved val av utdanning som er minst viktig ( (2,5). Kort utdanning er heller ikkje spesielt viktig for ungdommane i Buskerud.

Høgare utdanning 6 Kva type høgare utdanning har du i så fall mest lyst til å ta: 0 % 5 % 10 % 15 % 20 % 25 % 30 % 35 % 40 % Helse- og sosialfag 13 % Historie, samfunnsfag, jus, økonomi, administrasjon, etc. 10 % Lærarutdanningar og utdanningar i pedagogikk 8 % Ingeniørfag, naturvitskap, primærnæringsfag, samferdsel, sikkerheitsfag, etc. 35 % Anna 8 % Har ikkje bestemt meg enno 26 %

7 Høgare utdanning 47 % meiner at det er svært sannsynleg at dei kjem til å ta høgare utdanning. 74 % av elevane meiner at det er mer sannsynleg enn usannsynleg at dei kjem til å ta høgare utdanning etter fullført vidaregåande skule. Det gjeld i større grad jenter (81%) enn gutar (67%). Heile 35 % av ungdommane svarar at dei ønskjer å ta høgare utdanning innan ingeniørfag, naturvitenskap, primærnæringsfag, samferdsel, sikkerheitsfag. Tal frå samordna opptak (2011) syner at delen av alle søkjarar som har realfag og ingeniørfag som førsteval er om lag 13%. Blant gutane i vår undersøking er delen som har mest lyst å ta denne type utdanning heile 54 %. Tilsvarande del blant jenter er 18 %. I undersøking frå Buskerud er kommunikasjon, idrett og økonomi dei faga flest interesserer seg for. Blant jentene er det flest som ønskjer seg ei utdanning innan helse og sosialfag (20 %). Også i undersøkinga frå Buskerud er helse det faget flest jenter interesserer seg for. Ein stor del av elevane (26%) har ikkje bestemt seg enno. Denne delen er om lag like stor blant gutar og jenter.

Arbeidsmarknaden i Nordhordland 8 Trur du at du kan få jobb i Nordhordland med den utdanninga du har tenkt å ta? 35 % 30 % 25 % 23 % 20 % 18 % 17 % 17 % 15 % 10 % 9 % 9 % 6 % 5 % 0 % 1 - Svært usannsynleg 2 3 4 5 6 - Svært sannsynleg Ikkje sikker

9 Arbeidsmarknaden i Nordhordland 58 % av elevane trur at dei kan få jobb i Nordhordland med den utdanninga dei har tenkt å ta. Det er ein relativt stor del, 17 %, som svarar at dei er usikker på dette spørsmålet. Gutane (4,4 i gjennomsnitt) trur i større grad enn jentene (3,8) at dei vil få jobb i regionen med den utdanninga dei planlegg å ta. Det er også ein tendens til at dei som går på yrkesfag i større grad trur dei vil få jobb i regionen (4,4) enn dei som går på studiespesialiserande (3,7).

Arbeidsmarknaden i Nordhordland 10 Ta stilling til følgjande påstandar: 1,0 1,5 2,0 2,5 3,0 3,5 4,0 4,5 5,0 5,5 6,0 Eg har fått lite informasjon om kva type utdanning bedriftene i Nordhordland treng i framtida 4,0 Det er for få ulike type jobbar å velje mellom i næringslivet i Nordhordland 3,6 Det er lett å etablere eiga verksemd i Nordhordland 3,0 Eg veit godt kva type utdanning bedriftene i Nordhordland er ute etter 3,0

Arbeidsmarknaden i Nordhordland 11 Ungdommane vart i undersøkinga presentert for ei rekkje påstandar om arbeidsmarknaden i Nordhordland. Her kjem det fram at dei har behov for meir informasjon og kunnskap om kva type utdanning bedriftene i regionen er ute etter. Dei er mest einige i påstanden Eg har fått for lite informasjon om kva type utdanning i bedriftene i Nordhordland treng i framtida (4,0 i gjennomsnitt), og minst einige i påstanden Eg veit godt kva type utdanning bedriftene i Nordhordland er ute etter (3,0). Dei som går på yrkesfag veit i større grad kva for utdanning bedriftene er ute etter (3,2) enn dei som går på studiespesialiserande (2,4) Figuren viser også at ungdommane meiner det er relativt vanskeleg å etablere eiga verksemd i Nordhordland. Påstanden Det er lett å etablere eiga verksemd i Nordhordland får 3,0 i gjennomsnitt.

Bustad 12 Det er eit godt tilbod av boliger tilpassa ungdom i Nordhordland 2,6 Eg trur eg kjem til å flytte frå Nordhordland etter eg er ferdig med vidaregåande skule* 3,5 1,0 1,5 2,0 2,5 3,0 3,5 4,0 4,5 5,0 5,5 6,0 *Spørsmålet er berre stilt til elevar frå Nordhordland

13 Bustad Elevane vart bedne om ta stilling til to påstandar knytt til bustad. Eit viktig funn her er at dei ikkje er nøgd med tilbodet av boliger tilpassa ungdom. Påstanden Det er eit godt tilbod av boliger tilpassa ungdom i Nordhordland får berre 2,6 i snitt, noko som er godt under midten av skalaen. Når det gjeld påstanden Eg trur eg kjem til å flytte frå Nordhordland etter eg er ferdig med vidaregåande er det om lag like mange som seier at dei heilt sikker vil flytte (12%) som det er som seier at dei heilt sikkert ikkje vil flytte (13%). Påstanden får 3,5 i gjennomsnitt, noko som er akkurat midt på skalaen. Det er ein større del av jentene (3,8) som trur dei kjem til å flytte etter vidaregåande, enn av gutane (3,1). Det er og ein større del av dei som går på studiespesialiserande som trur dei kjem til å flytte (4,1) enn blant dei som går på yrkesfag (3,1).

Attraktivitet - Nordhordland 14 Ein god bolig 4,3 5,1 Gode oppveksttilhøve for barn 4,5 4,9 Relevant jobb 3,8 4,8 At det finst fleire relevante jobbar innan mitt felt 3,6 4,5 Godt servicetilbod (butikkar etc.) 4,1 4,5 Relevant jobb til partnar 3,9 4,4 Gode moglegheiter for friluftsliv 4,3 4,5 Godt utbygd kollektivtilbod 3,5 4,1 At vennene mine bur der 3,9 4,2 Godt kulturtilbod At det bur folk som er like som meg der 3,9 3,8 3,8 4,0 Viktigheit Moglegheit 1,0 1,5 2,0 2,5 3,0 3,5 4,0 4,5 5,0 5,5

15 Attraktivitet - Nordhordland Elevane har vurdert kor viktig ulike forhold er ved val av bustad, når ein skal etablere seg. Dei har også vurdert kor gode moglegheitene er for dei same forholda i Nordhordland. Ein god bolig er det forholdet som vert vurdert som viktigast (5,1 i snitt), etterfølgt at gode oppveksttilhøve for barn (4,9) og relevant jobb (4,8). At det bur folk som er like som meg der, er den minst viktige faktoren (3,8). Gode oppveksttilhøve for barn og gode moglegheiter for friluftsliv er dei to forholda som Nordhordland skårar høgast på. Dårlegast skår får regionen på godt utbygd kollektivtilbod (3,5). I Ung i Buskerud er det også moglegheiter for friluftsliv som kjem best ut når ungdommane vurderer heimkommunen sin. Både når det gjeld bolig og arbeidsmarknaden er det eit relativt stor sprik mellom kor viktig elevane synest forholdet er, og korleis dei vurderer moglegheitene i Nordhordland: - God bolig (viktigheit: 5,1 moglegheit: 4,3) - Relevant jobb (viktigheit: 4,8 moglegheit: 3,8) - Fleire relevante jobbar (viktigheit: 4,5 moglegheit: 3,6)

16 Attraktivitet - Nordhordland Når det gjeld moglegheitene på arbeidsmarknaden har vi sett tidlegare at elevane har behov for meir informasjon. Dette kan påverke korleis dei vurderer moglegheitene i dag. Det er ein generell tendens til at dei som sjølve er frå Nordhordland vurderer moglegheitene i Nordhordland som betre enn dei som er frå Bergen og andre kommunar. Skilnaden er størst når det gjeld At vennene mine bur her (Nordhordland: 4,5, Bergen og andre kommunar 3,3) I undersøkinga Ung i Buskerud er det jobbmoglegheiter som oppfattast som det viktigaste kriteriet for val av bustad i framtida. Deretter følgjer sosialt miljø og oppvekstmiljøet for barn/ungdom. Bolig var ikkje inkludert i denne undersøkinga. Både jobb og oppveksttilhøve er på topp tre i vår undersøking, så resultata er langt på veg samanfallande.

Attraktivitet - Nordhordland 17 Kor sannsynleg trur du det er at du kjem til busette deg i Nordhordland når du er ferdig med utdanning/skal etablere deg? 50 % 45 % 40 % 35 % 30 % 25 % 27 % 25 % 20 % 17 % 18 % 15 % 13 % 10 % 5 % 0 % Svært sannsynleg Ganske sannsynleg Ganske usannsynleg Svært usannsynleg Ikkje sikker

18 Attraktivitet - Nordhordland Til saman 44 % seier at det er svært eller ganske sannsynleg at dei vil busette seg i Nordhordland når dei skal etablere seg. Til saman 31 % seier at dei sannsynlegvis ikkje vil busette seg i regionen. Ein relativt stor del 25 %, har ikke bestemt seg enno. Det er ein større del av dei som kjem frå Nordhordland som trur at dei vil busette seg her (52 %) enn blant dei som kjem frå Bergen og andre kommunar (13 %). Ei undersøking AUD gjennomførte i i 2008 viste at av dei som gjekk ut av ungdomsskolane i Hardanger i 1993, budde 44 % i regionen då dei var 31 år gamle.

19 Attraktivitet - Nordhordland Kvifor bu i Nordhordland: Har vakse opp i regionen (ønskjer at eigne barn skal få same oppvekst) Trivst i Nordhordland Familie og venar bur her Gode jobbmoglegheiter Avstand til Bergen Jeg er født og oppvokst her, og det er her jeg har røttene mine og alle vennene mine. jeg liker å bo i Nordhordland fordi det ikke er for lite, og ikke for stort Kvifor ikkje bu i Nordhordland: Trivst ikkje i Nordhordland Liker ikkje staden Dårlege jobbmoglegheiter Dårleg kollektivtilbod Eg synes det er dårlige skoler, dårlige butikker, dårlig miljø blant ungdom og mest av alt; null busser

Reiseveg til Bergen 20 Dersom du kjem til å busetje deg i Nordhordland når du er ferdig med utdanning/skal etablere deg, vil reiseveg til Bergen sentrum ha noko å seie for kor i Nordhordland du ønskjer å bu? 70 % 60 % 57 % 50 % 40 % 30 % 20 % 22 % 22 % 10 % 0 % Ja Nei Ikkje sikker

Reiseveg til Bergen 21 Kor lang kan då reisevegen til Bergen sentrum vere? 50 % 45 % 45 % 45 % 40 % 35 % 30 % 25 % 20 % 15 % 10 % 7 % 5 % 0 % 2 % 1 % Inntil 30 minutt er ok Inntil 1 time er ok Inntil 1,5 time er ok Meir enn 1,5 time er ok Ikkje sikker

22 Reiseveg til Bergen Nesten 60 % seier at reiseveg til Bergen vil spele inn på kor i Nordhordland dei eventuelt vil busette seg. Det er ein like stor del som ikkje meiner at reiseveg til Bergen spelar inn, som det er som er usikker (22 %). Lengda på reisevegen til Bergen er også viktig for ungdommane frå Nordhordland. Det er like mange (45 %) som meiner at inntil 30 minutter er akseptabel reiseveg, som det er som meiner at inntil ein time er akseptabel reiseveg. Meir enn ein time er det svært få som meiner er akseptabel reiseveg til Bergen.

Tilhøring 23 1,0 1,5 2,0 2,5 3,0 3,5 4,0 4,5 5,0 5,5 6,0 Eg er stolt over å kome frå Nordhordland 4,4 Eg er stolt over kommunen eg kjem frå 4,2 Eg kjenner at eg høyrer til i Nordhordland 4,3 Eg kjenner at eg høyrer til i kommunen eg kjem frå 4,1 Eg er stolt over strilekulturen i Nordhordland 4,2 Figuren viser berre elevar frå Nordhordlandskommunane

24 Tilhøring Ungdommane føler ei relativ sterkt geografisk tilhøring. Det er små skilnader på i kva grad dei er stolt over/kjenner at dei høyrer til i kommunen dei kjem frå vs. regionen Nordhordland. Ungdommane er litt meir stolte over å kome frå Nordhordland (4,4) enn over kommunen dei kjem frå (4,2). Dei seier og at dei kjenner at dei høyrer til i Nordhordland i litt større grad (4,3) enn i kommunen dei kjem frå (4,1) Påstanden Eg er stolt over strilekulturen i Nordhordland får 4,2 i snitt av ungdommane.

Tilhøring 25 Vil du definere deg sjølv som stril? 60 % 50 % 50 % 40 % 30 % 31 % 20 % 17 % 10 % 0 % Ja Nei Ikkje sikker Figuren viser berre elevar frå Nordhordlandskommunane

Tilhøring 26 Ta stilling til følgjande påstand: Eg er stolt av å vere stril 70 % 60 % 61 % 50 % 40 % 30 % 20 % 21 % 10 % 0 % 11 % 4 % 3 % 1 % 1- Heilt ueinig 2 3 4 5 6 - Heilt einig Figuren viser berre elevar frå Nordhordlandskommunane

27 Tilhøring 50 % av elevane som er frå Nordhordland definerer seg som stril. 31% definerer seg ikkje som stril, medan 17% er usikker. Dei som definerer seg som stril vart spurde om i kva grad dei er stolte av å vere det. Heile 61% seier seg heilt einig i påstanden Eg er stolt av å vere stril. I snitt får påstanden 5,3. Gutane er meir stolte av å vere stril (5,7) enn jentene (4,8).

Kommunestruktur 28 Meiner du at talet kommunar i Nordhordland er for høgt, passe eller for lågt? 80 % 70 % 70 % 60 % 50 % 40 % 30 % 20 % 20 % 10 % 8 % 2 % 0 % For høgt Passe For lågt Ikkje sikker

29 Kommunestruktur Det er berre 8 % av ungdommane som meiner at talet på kommunar i regionen er for høgt. Den største delen, 70%, meiner at talet på kommunar er passe slik som det er i dag. Ein relativt stor del, 20 %, har ikkje gjort seg opp noko meining i denne saka.

Kommunestruktur 30 Dersom det vert foreslått å slå din heimkommune saman med ein eller fleire nabokommunar, vil du støtte ei slik samanslåing? 60 % 51 % 50 % 40 % 34 % 30 % 20 % 15 % 10 % 0 % Ja Nei Ikkje sikker

31 Kommunestruktur Det er berre 15 % av ungdommane som i utgangspunktet støttar ei kommunesamanslåing som involverer deira eigen heimkommune. 51 % er mot, medan 34 % er usikker. Motstanden mot kommunesamanslåing er større enn støtta i alle kommunane. Det er ein noko større del av gutane som er positiv til kommunesamanslåing (18%) enn av jentene (12%).

32 Tilbod Tilbod innan trening/idrett 3,7 4,2 Kafé/restaurant 2,9 3,3 Kulturtilbod 3,3 3,3 Utval av anna servicetilbod 3,2 3,6 Utval av butikkar 3,2 3,7 Knarvik Nordhordland 1,0 1,5 2,0 2,5 3,0 3,5 4,0 4,5 5,0 5,5

33 Tilbod Tilboda innan trening og idrett er det elevane er mest nøgde med, både i Knarvik (4,2) og i Nordhordland elles (3,7). I Knarvik er dei mest misnøgde med kafé/restaurant - og kulturtilbodet (3,3 for begge). I Nordhordland elles er dei mest misnøgde med kafé/restauranttilbodet (2,9). Når det gjeld senterfunksjonane i Nordhordland utanom Knarvik, vert dei vurderte som under middels på alle område med unntak av trening og idrett (3,7).

34 Knarvik som regionssenter Kommentarar oppsummert: Ungdommane ønskjer seg fleire butikkar som rettar seg mot ungdom, særskilt klesbutikkar Dei er negative til parkeringsavgift i senteret Ungdommane er kritisk til senteret sin utsjånad Det er et bra senter, men ser ikke så fint ut utenfra. De skulle tenkt mer på utvendigheten nå for tiden. Er ikke akkurat noe man kan være stolt over, men når du kommer deg inn i senteret ser det finere ut! I forhold til butikker, så er det ikke så mange som er tilpasset ungdom En kjedebutikk som HM, bikbok,only,vero moda, hadde vert bra

35 Kva er best med Nordhordland? Kommentarar oppsummert: Fin natur Nært Bergen, men likevel landleg Luftig Godt miljø God arbeidsmarknad Stille og rolig, en plass man kan slappe av og allikevel komme seg til byen om en trenger det i blant Det hyggelige folket, freden og roen, gode turmuligheter, en god skole i Knarvik Vgs, et godt bibliotek og den gode følelsen man får når man kommer over Nordhordlandsbroen etter å ha vært en tur til byen

36 Hovudfunn Den viktigaste faktoren ved val av utdanning er at ein har interesse for fagområdet/yrket. Over 70 % av elevane trur at det er sannsynleg at dei kjem til å ta høgare utdanning etter vidaregåande. Dette gjeld i noko større grad jenter enn gutar. 35 % ønskjer å ta utdanning innan ingeniørfag, naturvitenskap, primærnæringsfag, samferdsel, sikkerheitsfag. Dette er høgare enn for landet elles. Særleg gutane ønskjer denne type utdanning. Over halvparten trur dei kan få jobb i Nordhordland med den utdanninga dei har tenkt å ta. Dette gjeld i større grad gutar enn jenter. Ungdommane meiner sjølve at dei har fått for lite informasjon om kva type utdanning bedriftene i regionen treng i framtida. Dei er ikkje nøgd med tilbodet av boliger tilpassa ungdom i regionen. Det er fleire jenter enn gutar som trur dei kjem til å flytte etter vidaregåande.

37 Hovudfunn Dei viktigaste faktorane ved val av bustad, er ein god bolig, gode oppveksttilhøve for barn og relevant jobb. Av desse skårar Nordhordland best på oppveksttilhøve. 44 % av elevane trur dei kjem til å etablere seg i Nordhordland. Dei er stolte av, og kjenner tilhøring til både kommunen og regionen. Om lag halvparten av elevane frå Nordhordland definerer seg som stril. Delen er større blant gutar enn jenter. Ungdommane er i liten grad positive til kommunesamanslåing i regionen. Når det gjeld Knarvik som regionsenter er elevane mest nøgde med tilbodet innan trening/idrett, og minst nøgde med kafé/restaurant og kulturtilbodet. Også når det gjeld Nordhordland utanom Knarvik, er det tilbodet innan trening/idrett det ungdommane er mest nøgde med.