MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN



Like dokumenter
Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Hei alle sjøstjerneforeldre

Månadsbrev for Blå, april 2016

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Månedsbrev april 2015

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Månadsbrev for Blå, november 2015

Til deg som bur i fosterheim år

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

MÅNADSBREV FOR OKTOBER AVD GLIMMER

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Leikande, glade barn og natur hand i hand

Månedsbrev Bikuben mai 2016

I APRIL HAR VI: IKT:

MÅNADSPLAN GRANAT- oktober 2019

Då har august månad fyke forbi i stor fart med tilvenning av nye barn, og for dei barna som har gått her før. Etter ein lang sommarferie så treng dei

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Plassebakken Barnehage

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Informasjonshefte Tuv barnehage

Månadsplan for Hare November

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

6. trinn. Veke 24 Navn:

Plassebakken Barnehage

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

Kom skal vi klippe sauen

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Månedsbrev Bikuben oktober 2016

Månadsbrev for Februar

PRAKSISKONTRAKT. Eg har også jobba eit halvt år som nattevakt og halvannan år på dagtid på avlastningsbolig for barn med ulike behov.

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS.

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

For at ungar/eldre skal bli godt kjende med oss har kun nokre elevar vore utplasserte til no nye kjem til etter nyår.

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Bjørnehiet SFO - informasjon

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Februar. Oranje gruppe Jobbar vidare med «spinnerane» sine og det som skal bli ei utstilling. Grøn og oransje. Skogatufto barnehage

Velkommen til nytt barnehageår!

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

Veke Fredag Offentleg høgtidsdag. 18 Barnehagen er stengd. Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag

OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE

Tilbakeblikk på mars:

Månadsbrev for juni avdeling Glimmer

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

OK, seier Hilde og låser.

mmm...med SMAK på timeplanen

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

«Ny Giv» med gjetarhund

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år

MÅNADSPLAN GRANAT- juni og juli 2019

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Månaden som kjem

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

MÅNADSBREV FOR SEPTEMBER:

MÅNADSPLAN FOR MAI RØDKLØVER. Veke Måndag 02 Tysdag 03 Onsdag 04 Torsdag 05 Fredag Hipp Hurra for Emilia n 5 år 7 Mai!

INFORMASJON om førestellinga:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Månedsbrev Bikuben april 2016

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!


LUNDE OG ONARHEIM BARNEHAGE 2015/ En god start på livet

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Transkript:

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN Oppsummering/ evaluering av månaden Også denne månaden har me vore mykje ute. Prøver å komma oss ut to gonger i løpet av dagen om veret er nokon lunde ok. Det er mykje sykling no på våren, så dei minste syklane har me flytta på framsida slik at det er lettare å ha kontroll på dei små. Greitt at dei ikkje syklar der dei store rasar rundt. Turar har det og blitt, Grindane, ballbingen, Gåpnaberget Den dagen me var i Gåpnaberget opplevde me som ein ekstra fin tur for både dei vaksne og barna. Barna var kjempeflinke til å gå i til tider utfordrande underlag. Litt bæring innimellom, og ei hand måtte til, men alle klarde seg stort sett åleine. Me skar av nokre greiner av ei bjørk på veg oppover, hang eit glas under så sevja kunne renne oppi. Sevja henta me dagen etter, og då var mange klare til å gå vidare oppover berga. Sevja fekk dei smaka til fruktmåltidet, det fall i smak hjå enkelte og ikkje for nokon. Me vaksne tykte det smakte lett sukra vatn. Folkeakademiet var her ein dag og hadde teaterframsyning for heile barnehagen i aulaen. Eventyret om Dei tre Bukkane Bruse var utgangspunktet, men det var knytt opp mot andre dyr, gardsliv og folkemusikk eit møte med dyra på garden og musikkarven vår. Flott at så mange tok seg tid på ein så flott dag å møta på foreldremøtet. Håpar at de tykte det var informativt og nyttig. Språkutvikling «Bravobarna» har hatt besøk av ei dame frå høgskulen som gjorde ein kjapp kartlegging av dei. Om de foreldra får vite noko resultat av dette veit me ikkje. Lena var med alle etter tur, så alle var trygge på det dei skulle gjere og det verka for at dei tykte det var kjekt. Det har vore ein voldsom auke i barna sin evne til å forstå det som blir sagt, og å kunne kommunisere sjølve. Barna snakkar meir og meir, ordforrådet har auka dramatisk for dei aller fleste. Det blir lettare for barna å tydeleggjera eigne behov no når ein kan nytta seg av språket betre. Dei har mykje dei skal sei, noko er framleis heilt uforståeleg for andre, men etter kvart kan både barn og vaksne henga med i historiane. Veldig kjekt når me kan føra ein samtale, der dei lurer på mange ting, har eigne meiningar, og prøver å vere meir sjølvstendige. Leik Leik betyr lyst og glede. Å leika er moro, og ofte byrjar dei å leike så fort dei kjem inn i barnehagen, ikkje alle som har tid til å ete frukost med ein gong. Stor utvikling på leikefronten sidan me starta opp att i haust. Masse samleik, og dei snakkar masse saman om kva dei skal gjere. Kjekt å høyre at dei spør etter kvarandre når dei kjem om morgongen og elles i løpet av dagen. For tida er det og lange togbaner som blir bygde, mange som

Turar/fysiskaktivitet/mat tykkjer det er stas. Dokkevognene og dokkene blir og flittig brukt. Dokkene blir pakka fint nedi med tepper og puter før dei får seg ein trilletur. Eller dei fyller dei til randen med bilar og andre leiker for så å rase rundt. Det hender ofte at me vaksne må sette vekk vognene då det til tider går hardt utover andre barn og vaksne sine legger. Ute i barnehagen er trehjulssyklane blitt meir handterbare i løpet av vinteren. Mange likar fart og spenning så huskene blir og flittig brukt. 2015 er friluftslivets år. I dette valet ligg det eit ynskje om at fleire av oss skal gå ut i naturen og finna glede ved å opphalde oss der, gjerne saman. Samfunnet ynskjer oss ei betre helse. Me i barnehagen skal gjennom barnehagelova gi barna opplevingar som gjer at dei blir kjende med og glad i naturen og lære dei å ta vare på den. Så vårt fokus framover i vår vil vere å komme oss ut, og ut på tur for å oppleve alt som skjer rundt oss. Me har faste turdagar saman med Rosa, det er fredag i oddetalsveke, og måndag i partal. Me har valt dei dagane for at det ikkje skal kollidere med avdelingsmøter, og for at alle dei store skal få vere med. Me dreg og på spontane turar utanom, då ofte berre med deler av barnegruppa. Nokre av turane blir etter vegen, men me vil og gå turar der barna får moglegheit til å krabbe og klatre på ulike underlag og i meir ulendt terreng. Det gir i tillegg til motoriske utfordringar, og opplevingar for andre sansar. Inne har me vore ein del i aulaen. Der får dei varierte utfordingar og opplevingar knytt til eigen kropp saman med utstyr som ballar, ribbevegg, klatrevegg osv. Mål og innhald for kommande månad Fokuset for månaden er å vere ute. Me skal på besøk til besteforeldra til Mats fredag 8.5 for å sjå på lamma. Elles har me høyrt at det er komme føl i Svangstu, så ein dag det er ute vil må stad å sjå. Ute i barnehagen vil me og vere mykje, no for tida er det veldig mykje å sjå rett utanfor portane med gravemaskiner og lastebilar, så det blir nokre lange stunder på gjerdet i løpet av dagen. Mange av barna er komme på det stadiet der dei vil klare sjølve. Me ser at dei meistrar fleire finmotoriske aktivitetar, som å kle av og på seg, smørje skiva osv. Det er viktig at me vaksne gir dei moglegheita for å prøve og for å klare sjølve. Gebursdagar: Ariam 2 år 16.05.

Ting å hugse på o Barnehagen stengd: 14.5 - Kristi himmelfartsdag 15.5 - Planleggingsdag 25.5-2. pinsedag o Solkrem (smør dei heime før bhg) o Tynnare utekle o Drikkeflasker Anna informasjon De har kanskje sett at det er komme ei ny jente på Grøn, ho heiter Angelique og er to år. Ho har ein storebror på skulen og ein bror som er fire år og går på Turkis. Det har vore tilfeller av vannkoppar på Grøn. Greitt å vita om det dukkar opp prikkar på andre barn. Vårsleppet er 13.5. Då kjem nokre damer frå Helselaget og lagar mat til oss, og er med oss ute denne dagen. Det blir ingen plan over juni. Veke: Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag 19 Fjøsbesøk 20 Tur Vårslepp Bhg stengd Bhg stengd 21 Feirar ARIAM 2 ÅR!! Foreldrekaffi 14.30-15.30 22 Bhg stengd Varmmat Tur