KULTURBÅTEN M/S NYBAKK BLIR AMBASSADØR FOR GULATINGET TUSENÅRSSTADEN FOR SOGN OG FJORDANE



Like dokumenter
Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Forslag frå fylkesrådmannen

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

Strategi for utvikling av Gulatinget

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Gulatinget. Vestlandsmakt gjennom 400 år

Styremøte i Sogn og Fjordane Sau og geit april på Quality Hotell Sogndal

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Til deg som bur i fosterheim år

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

MØTEPROTOKOLL. Os eldreråd. Møtestad: Rådhuset, rom 326 Møtedato: Frå: til

Stemnehandboka for NKSF

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Møteprotokoll for møte i

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Eit samarbeid for framtida

IKT-kompetanse for øvingsskular

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Midsund kommune Arkivsak: - Arkiv: 144 Saksbeh: Dato:

For at ungar/eldre skal bli godt kjende med oss har kun nokre elevar vore utplasserte til no nye kjem til etter nyår.

Frå novelle til teikneserie

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Rapport konferanse og tilhørande studietur til Hamamatsu, Japan

Kommentar frå Naturvernforbundet vedrørande blåsesand i Ulsteinvik

Månadsbrev for ROSA mars 2015


Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Velkomen til Mork barnehage

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

REFERAT: Svalbardtur 28. februar 3. mars 2017

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti. Ugilde Sak Følgjande varamedlem møtte

Styremøte og opplegg for styret i Regionalt Forskingsfond Vestlandet

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Månadsbrev for Rosa september 2014

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

Brødsbrytelsen - Nattverden

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

MEDLEMSINFO. august 2009

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Samferdsle og universell utforming i Sogn og Fjordane

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

6. trinn. Veke 24 Navn:

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Den nye seksjon for applikasjonar

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

26/10 Godkjenning av protokoll frå møte og telefonmøter og

Egil Christophersen til minne.

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Med god informasjon i bagasjen

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

Samansette tekster og Sjanger og stil

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

Hei alle sjøstjerneforeldre

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Transkript:

KULTURBÅTEN M/S NYBAKK BLIR AMBASSADØR FOR GULATINGET TUSENÅRSSTADEN FOR SOGN OG FJORDANE Veteranfiskebåten M/S Nybakk frå Raudeberg i Vågsøy kommune blir sendebod for Gulatinget Tusenårsstaden for Sogn og Fjordane. Dette vart konklusjonen då representantar for Tusenårsstaden Gulatinget og M/S Nybakks venneforening sette kvarandre i stemne på Guløy førre fredag. - Vi har vore i dialog om samarbeid i eit års tid og er no blitt samde om ramma for det vidare samarbeidet, seier Espen Selvik frå Gulatinget og Per Kåre Nybakk frå M/S Nybakks venneforening. Møtet og oppsummeringa i Gulen førre fredag markerer både slutten på året kulturtokt i vesterled med M/S Nybakk - og starten på eit nytt hektisk år med planlegging og førebuing. For oss er dette utrulig stort og ærerikt oppdrag, seier Per Kåre Nybakk i M/S Nybakks venneforening.

Nærmare om planane for neste år Neste år er planen å gå vestover med M/S Nybakk tidleg i juni og returnere til Gulatingsdagen 28. juni. Alle tingstadane som vart etablert etter mønster frå Gulatinget skal vitjast, like til Isle of Man og Dublin, seier Per Kåre Nybakk. Vi kjem til å reise vestover med offisielle gåver og helsingar frå Gulatinget, og vi planlegg å kome heim til markeringa på Gulatingsdagen med gåver og helsingar frå dei ulike tingstadane i vest. Kulturtoktet i 2014 blir ein del av den storstilte markeringa av grunnlovsjubileet på tusenårsstaden i Gulen, forklarar leiar for Tusenårsstaden Gulatinget Espen Selvik. Frå soga veit vi at 28 juni var Gulatingsdagen då dei møttest til tingsamling og neste år er målet vårt er å markere dette gjennom eit rikhaldig kulturelt og fagleg program. At Nybakk skapar blest om Gulatinget i vesterled og kjem til markeringa i Gulen med helsingar og kulturelle innslag frå tingstadane i vest passar svært godt inn i opplegget vårt. Det passar også godt inn i arbeidet i det nordatlantiske tingstadnettverket med å vidareføre samarbeidet mellom tingstadane. - Gjengen bak M/S Nybakk har demonstrert at dei kan levere kystkultur på eit høgt nivå. Dei er samstundes autentiske og litt vikingar, seier Espen Selvik. Gjennom samarbeidet så langt er eg blitt overtydd om at dei både er seriøse og vil gjennomføre det dei har sagt dei skal gjere. For Tusenårsstaden Gulatinget blir dette samarbeidet ein stor ressurs for å utvikle levande kontaktar i vest. Dette er eit av dei langsiktige prosjekta som Tusenårstaden Gulatinget arbeider med, seier Selvik. ---

Årets kulturtokt med M/S Nybakk Årets kulturtokt med M/S Nybakk starta med torgdagen i Bergen 8. juni. Dagen etter gjekk turen til Nordsjøfartmuseet i Tælavåg som også er ein viktig partnar for oss. Frå Tælavåg gjekk turen til Orknøyane, Dingwall og Hebridane via Caledoniakanalen. Turen gjennom det skotske innlandet var ein ny og spesiell oppleving. På vegen heim frå Hebridane besøkte vi Shetland. På oppdrag frå Gulatinget oppsøkte M/S Nybakk venneforening representantar for tingstadane på Orknøyane og Shetland og i Dingwall ved Inverness, fortel Per Kåre Nybakk. - I år handla desse møta om å knyte kontaktar og presentere tankane vi har for neste år. Vi har møtt stor interesse og begeistring for planane våre. På Hebridane og øya Skye har vi også fått melding om at også dei gjerne vil vere med på opplegget til neste år, sjølv om dei ikkje har vore aktive i tingprosjektet til no. Vi har gledd oss veldig til å kome heim til Gulen med desse nyhenda, fordel ein entusiastisk Per Kåre Nybakk.

Litt bakgrunnsinformasjon om M/S Nybakk venneforening M/S Nybakks Venner har som ansvarleg eigar av veteranfiskebåten M/S Nybakk drive kulturutveksling med Orknøyene og Shetland sidan M/S Nybakk igjen vart sjødyktig igjen i 2008, etter tusenvis av arbeidstimar. Båten har vore seks gongar til Shetland og tre gongar til Orknøyane etter restaureringa. På 1960 og 1970 talet dreiv båten havfiske i områda ved Shetland, Orknøyane, Hebridane og Færøyane. Dette er ein veteranfiskebåt bygd i tre som står i ein over tusenårig tradisjon av bruksbåtar. Båten vart bygt i 1961 og er det siste spesialbygde havfiskefartyet i tre som framleis er i drift. Vi har framleis ein del kystfiskebåtar i tre, men på storhavet er det no stålbåtane som har overtatt hegemoniet. Sogn og Fjordane fylkeskommune har fleire gongar gitt uttrykk for at dei meiner M/S Nybakk, som er verna av Riksantikvaren, er eit viktig kulturminne. Ved å samarbeide med museum utanlands og lokale utstillarar tek Nybakk med seg både den lokale og norske kulturen ut, og bidreg såleis aktivt til å synleggjere Sogn og Fjordane. At M/S Nybakk venneforening har gjort båten sjødyktig igjen etter mange dugnadstimar meiner fylkeskommunen er beundringsverdig og uttrykk for sann interesse og engasjement kring viktige saker. For andre året på rad har M/S Nybakk i år ein utstilling frå Museet på Orknøyane om bord. Dei har alt tinga på å få vere med på å lange ein tingutstilling til neste år. Dette er litt av kjernen i opplegget vårt her ombord, forklarer Nybakk. Vi vil gjerne reise vestover og vise kva vi har i Noreg. Men for oss er det like viktig å kome heim med noko som samarbeidspartnarane i vest våre ynskjer å viser fram til eit større publikum.

Fleire opplysingar om årets kulturtokt, M/S Nybakk og aktivitetane til M/S Nybakks venneforening finn ein på heimesida www.msnybakk.no Litt bakgrunnsinformasjon om Tusenårsstaden Gulatinget Etableringa av Tusenårsstaden Gulatinget var eit samarbeid mellom Gulen kommune og Sogn og Fjordane Fylkeskommune i samband med markeringa av overgangen til nytt årtusen. Tusenårsstadane i Noreg skal "...ha nasjonal kulturell og miljømessig verdi som peikar ut over det enkelte fylke. Dei skal vere møteplassar for samhandling, kulturopplevingar og utfalding. Dei skal byggje vidare på våre eigne historiske verdier og kulturelle verdier, hente inspirasjon frå andre kulturar og representere verdier for framtida" (Stortingsproposisjon nr. 55, 1997-98). Tusenårsstaden Gulatinget står mellom anna sentralt i arbeidet med å utvikle eit nordatlantisk tingstadnettverk. Ein viktig oppgåve for prosjektet er å knyte Gulatinget opp mot andre tingstader i Nordatlanteren. Det vart difor tidleg teke kontakt med administrasjonen knytt til andre tingstader for å danne eit nettverk. Desse landa er i dag medlemmar av Nordatlantisk Tingstad Nettverk: Noreg, Island, Isle of Man, Skotland, Shetland, Orknøyane og Færøyane. Fleir opplysingar om Tusenårstaden Gulatinget finn ein på heimesida www.gulatinget.no Kontaktpersonar Espen Selvik: +47 409 24 700 (Tusenårsstaden Gulatinget) Per Kåre Nybakk: +47 913 56 815 (M/S Nybakks venneforening)