ERICA LÖFSTRÖM: SEX, MUSIKK OG VOLD

Like dokumenter
ERICA LÖFSTRÖM: SEX, MUSIKK OG VOLD

Last ned Just kids - Patti Smith. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Just kids Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Tor Arve Røssland. Oslo

Last ned Den mørke porten - Lars Mæhle. Last ned

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Til deg som bur i fosterheim år

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

AKTUELL NYNORSK LITTERATUR FOR SKULEN B A R N E L I T T E R A T U R E N O V E R L E V E M Å H A N V E R E B E S T

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Bokbad på BERGSLAGEN. Litteraturseminar på Sunde Kyst- og Litteratursenter

Last ned Fredrikke Marie Qvam - Magnhild Folkvord. Last ned

Frå novelle til teikneserie

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Jon Fosse. For seint. Libretto

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Uprisen: med hjartet i vurderingskriteria

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

OK, seier Hilde og låser.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Med tre spesialitetar i kofferten

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

liv Livet er ikkje lett å skjøne. Det er høgst underleg.

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Refleksjon og skriving

Ny, norsk nynorsklitteratur (og gjendikting)

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking


Samansette tekster og Sjanger og stil

Månadsplan for Hare November

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

Kva er økologisk matproduksjon?

Kom skal vi klippe sauen

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Det Norske Samlaget Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Tor Arve Røssland. Oslo

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Månadsbrev for Rosa september 2014

Psykologisk førstehjelp i skulen

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Birger og bestefar På bytur til Stavanger


2016 Det Norske Samlaget

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

1982 Det Norske Samlaget Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2010 ISBN

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE

Demens i familien. Demenskonferansen mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund. Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Eksamensoppgåver V07/ Eksamensoppgaver V07

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Rom ved havet, rom i byen

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Hermann Starheimsæter. Der nåden finst. Roman

Vel nynorsk for barnet ditt!

443NDA-V NOR0215 Norsk sidemål 10. årstrinn, skriftlig

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

SAMLING I FASTETIDA Frå og med Maria bodskapsdag

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Brannsår, rus eller friheit?

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Av en født forbryters dagbok

Transkript:

Vårlista 2013 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR: ERICA LÖFSTRÖM: SEX, MUSIKK OG VOLD Beatrice studerer journalistikk i Stockholm. Ho er rotlaus, einsam, utprøvande, seksuell og eteforstyrra. Og ho hatar alt. Mest hatar ho seg sjølv. Den unge kvinna ber på ei destruktiv kraft, men svart humor og eit skarpt blikk på både seg sjølv og verda har redda ho frå undergang til no. Beatrice flyktar inn i ein tilstand der grensene blir stadig meir perifere. Ei verd ho kan stå ut med. Ei verd der ho kan flykte frå skulda, frå seg sjølv. Ei verd av sex, musikk og vold. Sex, musikk og vold er ei sterk og uredd skildring av ei ung kvinne og hennar ferd gjennom helvete mot psykiatrien, med fokus på forholdet hennar til eigen kropp og andre sine, med utslag i anoreksi og sjølvdestruktivitet. Erica Löfström (f. 1978) debuterer med romanen Sex, musikk og vold. Ho er frå Sverige, men bur og arbeider i Trondheim. ROMAN ISBN: 9788252181586 Pris ca kr. 369,- Utg. mai 1

KARIN MOE: VIRKELIGHETEN Karin Moe er tilbake som skjønnlitterær forfattar, med ein todelt konseptroman, ein del på bokmål og ein på nynorsk. Vi følgjer først eit sprikande kjærastepar og ein hund. Det er hunden som fortel, og såleis lèt oss møte skapningar på randen av språk og i barbariets randsone. Privat, personleg og offentleg er stikkord her. Den andre delen, lagt til 2031, er eit notat over Norsk ordbok, og er ein ufrivillig humoristisk dystopi som skildrar verkelegheita etter den store språkreforma eller den globale språkavlæringa. Karin Moe (f. 1945) er forfattar og litteraturkritikar. Ho debuterte med tekstsamlinga Kjønnskrift (1980), og har i seinare bøker markert seg som ein av dei mest eksperimenterande forfattararane i landet. Her er impulsar både frå postmodernisme, feministisk litteraturkritikk og moderne psykoanalytisk teori. ROMAN ISBN: 9788252182804 Pris ca kr. 349,- Utg. mai SIGRID MERETHE HANSSEN: SOFIA Ein forfattar reiser til ein gresk kystby for å skrive ei ny bok. I byen møter ho den døvstumne Sofia, som arbeider på ein kafé i nabolaget. Ho blir tiltrekt av denne kvinna, som opptar stadig større plass i skrivinga hennar. Forfattaren skjønar at Sofia er illegal flykting, og mistenker etter kvart at ho er i stor fare. Då ho ein dag viser seg å vere sporlaust forsvunne, smuldrar verda til forfattaren opp. Er ho den einaste som kan hjelpe Sofia, og korleis skal ho klare dette? Og er hennar lengsel etter å beskytte Sofia helst eit uttrykk for hennar eiga hjelpeløyse? Sigrid Merethe Hanssens første roman handlar om flukt på ulike plan, om galskap og om grensene mellom fiksjon og verkelegheit. Sigrid Merethe Hanssen (f. 1966) debuterte i 2007 med novellesamlinga Sprang, og har seinare gitt ut novellesamlinga Ingen heime og barneboka Detektiv Smartbart og sabotasjen på badet. Hanssen bur på Finnsnes i Troms. ROMAN ISBN: 9788252180701 Pris ca kr. 359,- Utg. mars 2

KRIM: KROKEN & KOLDEN: DØDEN KJEM MED BUSSEN Ein buss med ein død passasjer ombord kjem til Vågå. I Lom stig ei mystisk kvinne av ein annan buss. Fleire i bygda døyr ein brutal, brå død. Lensmann Sylfest Seljestad og betjent Jørgen Vold må løyse ei vanskeleg sak som har djupe røter i fortida. Kroken & Kolden er Vigdis Kroken, journalist og Ragnhild Kolden, bokhandlar. Begge er frå Lom. Ragnhild Kolden debuterte hausten 2010 med romanen I krig og kjærleik. I 2011 kom første bok i serien med krimbøker frå Lom, Evig skal døden vera. Om Evig skal døden vera: Dette er vårens beste norske kri.m Sjarmerende bygdekrim med gode karakterer. Torbjørn Lysebo Ekelund, Dagbladet KRIM ISBN: 9788252182798 Pris ca kr. 299,- Utg. mars 3

ein framifrå observatør Sofie Braut, Stavanger Aftenblad LARS MÆHLE: DEN MØRKE PORTEN Ein mann blir drepen på brutalt vis i ein kyrkjeruin, same stad som psykologen Karsten Scheel blei funnen myrda fem år tilbake. Ina Grieg, Scheels kollega og hemmelege elskar, blir inkludert i etterforskingsteamet. Kjensla av at ho er med i teamet på nåde, gjer at Ina Grieg finn uortodokse metodar for å få etterforskinga framover. Hennar gamle venn og mentor, den pensjonerte psykologprofessoren Trygve Winther, viser seg å bli til stor hjelp. Snart blir det klart at dei står ovafor ein seriedrapsmann besett av hemn. Og Ina må kjempe mot fleire demonar i jakta på fienden, ikkje minst sine eigne. Lars Mæhle (f. 1971 på Sunndalsøra) debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia (2002), seinare filmatisert med stor suksess som Keeper n til Liverpool. Mæhle har skrive ei rekkje bøker for barn og ungdom, m.a. den prislønte fantasyromanen Landet under isen (2009). Om Korea. Noveller om kjærleik (2011): Lars Mæhle er en varm skildrer av det gjenkjennelige. Ellen Sofie Lauritzen, Dagsavisen KRIM ISBN: 9788252180824 Pris ca kr. 369,- Utg. mars 4

OMSETT: MARTIN JOENSEN: FISKARMENN Færøysk klassikar Símun er ein hardtarbeidande fiskar om bord på sluppen Ørnen i mellomkrigstida. Forholda om bord er miserable, samhaldet dårleg og rivaliseringa sterk: Símun såg straks han sette foten om bord, at mellom denne mannen og han kom det til å bli harde tak. Dette var ein mann som ikkje gav seg før ein av dei låg der. Joensen skildrar framveksten av den færøyske klassekampen; opprøret mot rike reiarar og kjøpmenn som ikkje berre eig dei materielle verdiane, men også sjølve arbeidskarane og -jentene på land. Martin Joensens Fiskarmenn (1946) er ein klassikar i den færøyske litteraturen. Beskrivelserne af livet ombord på færøske fiskeskibe er fremragende, og giver en besk afsløring af samfundets hierakiske opbygning. Jógvan Isaksen, Færøsk litteratur (Kbh. 1993) Martin Joensen (1902 1966) debuterte med den første færøyske kollektivromanen, Fiskimenn (Fiskarmenn), i 1946. Martin Joensen har saman med dei internasjonalt meir kjente forfattarane William Heinesen og Heðin Brú ein sentral plass i færøysk litteratur. Lars Moa har omsett om lag 16 bøker frå færøysk til norsk, og har blant anna blitt heidra for dette arbeidet med Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts pris, for arbeidet med å styrke sambandet mellom Noreg og Færøyane. Frå færøysk ved Lars Moa. ROMAN ISBN: 9788252180909 Pris ca kr. 279,- Utg. april 5

ESSAY, LYRIKK, DRAMA: ODD ERIK FÆREVÅG: DAGANE GRÅ Debutboka til Odd Eirik Færevåg dreier seg om tapserfaringar, i barndom og vaksenliv. Om ein liten son som dør, og som bringar fram minna om ei syster som eingong forsvann. Den mørke tematikken blir boren fram av eit overskot, eit leikande språk, eit språk som jobbar seg ut av sorga. Samlinga blir ein hyllest til dei som står rundt: foreldre, kjærast, barn og venner. Odd Eirik Færevåg (f. 1976) kjem frå Røvær. Han bur i Haugesund og arbeider som lærar. LYRIKK ISBN: 9788252182835 Pris ca kr. 259,- Utg. juni 6

JON FOSSE: STEIN TIL STEIN. 39 DIKT OG 1 SALME Det er i år ti år sidan Fosse sist gav ut ei tradisjonell diktsamling. Fosse karakteriserer den nye samlinga som ei kravlaus lita samling. Boka inneheld dikt, men òg ei salme, Nattsalme, som har fått plass i den nye salmeboka. FARGAR AV GAMLE BÅTAR Fargar av gamle båtar og av ein diger torsk glinsande i sola på dekket over den blenkjande sjøen blandar seg med lyden av gitar og ei jente som dansar mørkret innover og innover til der det opnar seg viltert på ein kai ved fjorden der nokre vestlendingar står og preikar om byen på hi sida fjorden som berre forsvann slik berre ein by på Vestlandet vel kan forsvinna (for Rolf Sagen) Jon Fosse (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste norske forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp over heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar både i inn- og utland, og er av kritikarar blitt omtalt som det 21. hundreårets Beckett. LYRIKK ISBN: 9788252183412 Pris ca kr. 269,- Utg. januar 7

JUVENAL: SATIRAR Den romerske forfattaren Juvenal (ca. 55 138 e. Kr.) skreiv unike satiredikt som skulle få stor betydning for seinare europeiske satirikarar. Juvenal klarar på ein underhaldande måte å fange storheita, grumset og den levande energien i kvardagslivet til romarane. Satirane hans visar fram ei fascinerande og umiddelbart gjenkjenneleg verd av prostituerte, spåmenn, alkoholiserte politikarar og sleipe advokatar. Her er skildringar av forfengelegheita, nytesjuka og maktmisbruken blant dei rike og adelege, men Juvenal gjer òg narr av "oppkomlingane": frigjevne slavar som hadde vorte rike og prøvde å gjera det nye tilværet sitt så luksuriøst som mogleg. Gjendiktinga er ved Torgeir Bygstad, som også har skrive eit forord og kommentarar til satirane. LYRIKK ISBN: 9788252180718 Pris ca kr. 269,- Utg. februar RAINER MARIA RILKE: SONETTANE TIL ORFEUS livet og døden. Sonettane til Orfeus er eit av hovudverka i moderne poesi. Syklusen blei skrive som gravmonument over venninna til Rilkes dotter, og går attende til Orfeus, den mytiske songaren frå Thrakia. Orfeus var lyrespelaren som kunne fortrylle både ville dyr, bekkar og steinar med songen sin. Han hadde også mulegheita til å bringe si elska Eurydike attende frå dødsriket. Vilkåret var at han ikkje såg seg attende før ho sette foten blant dei levande. Men Orfeus kunne ikkje la vere å sjå seg tilbake og mista dermed Eurydike for alltid. Rilke bruker den greske Orfeus-myten og gir samstundes ein moderne, eksistensiell tolking av Åsmund Bjørnstad står for denne gjendiktinga, og har supplert den med kommentarar. Boka gjengir også den tyske teksten. LYRIKK ISBN: 9788252182422 Pris ca kr. 269,- Utg. mai 8

PATTI SMITH: SANKA ULL Sanka ull er ei intens lita perle av ei minnebok. Med glimt attende til barndommens mystiske og magiske verd og til den tidlege ungdommens uskyld og usikkerheit. Boka rommar essensen av det Patti Smith kan som poet og skribent: gi ord til det for lengst gløymte, fange det flyktigaste tankespinn og mane fram hjartegripande scener. Ei lita bok, men berre av format og omfang. For den strevar høgt og veks i fylde for lesaren, som får sine eigne minnebilde oppvekt og fletta inn. Gjendikta av Ingrid Z. Aanestad. Patti Smith (fødd 1946) er ei legende i den amerikanske musikkhistoria. Ho er vokalist, låtskrivar, poet og artist og hadde stor påverknad på pønkrock-rørsla gjennom debutalbumet sitt, Horses, frå 1975. LYRIKK ISBN: 9788252181968 Pris ca kr. 269,- Utg. mai TERJE TØRRISPLASS: GLENNE I Terje Tørrisplass' andre diktbok blir vi tatt med til djupe søkk og høge fjell i eit diktarsinn. Den livslange, tette relasjonen til naturen står sentralt, gjennom arbeid, jakt og vandring. Men også relasjonar til dei som gjekk tapt, ein bror, ein kamerat og ein kjærast. Kvart dikt er livsfragment som til saman skapar ein heilskap, dikta representerer skilsetjande hendingar og blir ståande som "glenner" for erkjenning og forståing. Terje Tørrisplass (f. 1957) bur på Bromma i Hallingdal og er skogsarbeidar. Han debuterte med diktsamlinga Eg bygger ikkje byar i 2010. LYRIKK ISBN: 9788252182828 Pris ca kr. 269,- Utg. mars 9

POCKET: Dette er novellenes Rolls-Royce Ane Farsethås, Dagens Næringsliv FRODE GRYTTEN: ROM VED HAVET, ROM I BYEN Denne novellesamlinga er som ein ekskursjon inn i kjærleiken. Frode Grytten har spora opp ti rom ulike stader på kloden rom der folk finn kvarandre eller går under, der dei øydelegg kvarandre eller elskar med stille kraft. Når Grytten går inn i desse romma, er det for å finne ut meir om kva som gjer oss til menneske. Det handlar om å gå, om å bli og om å stanse rett framfor katastrofen. På vakkert vis skildrar Grytten det vi allereie hadde ein mistanke om: Hjartet er ein einsam jeger. NOVELLER ISBN: 9788252182842 Pris ca kr. 149,- Utg. mars FRODE GRYTTEN: DANS SOM EN SOMMERFUGL, STIKK SOM EN BIE Denne boka inneheld tolv noveller om mannsrolla i alle fasettar, og vi møter for det meste unge gutar i overgangen mellom barn og vaksen, i deira ofte sterke møte med verkelegheita. Tittelen viser til boksaren Muhammad Alis motto, og i fleire av forteljingane er boksing tema. Med stor varheit viser Grytten gutesinnet som vil vere barskt, men som inst inne er ømt og sårbart. NOVELLER ISBN: 9788252182859 Pris ca kr. 149,- Utg. mars 10

FRODE GRYTTEN: POPSONGAR melanokoli. 24 timar, 24 stader, 24 songar, 24 historier. Musikken dannar eit bakteppe for desse oftast triste, av og til tragikomiske, men alltid djupt menneskelege lagnadene. Her er jenta som er forbanna over kor opptatt mora er av Britney Spears, kona som med si "drømmekraft" er unormalt oppslukt av Tom Jones, mannen som vil drukne bikkja si fordi han meiner hunden har øydelagt samlivet med kona. Mange av tekstene handlar om kjærleik som er på veg - til å bli noko meir, eller til å bli borte, som ikkje blir noko av, og dei viser korleis kjærleiken også fører med seg hat, sorg, smerte og Det er en håndfull bøker jeg skulle ønske jeg kunne blande ut i grunnvannet slik at absolutt alle er nødt til å få dem med seg. Popsongar er en av dem. Terje Thorsen, Dagbladet Frode Grytten skiver lekende lett, de korte tekstene har i blant en hitlåts suggesjon og rytme i seg. Anne Cathrine Straume, NRK NOVELLER ISBN: 9788252182866 Pris ca kr. 149,- Utg. mars FRODE GRYTTEN: LANGDISTANSESVØMMAR Noveller om motorvegar, snarvegar, bygdevegar og dei magiske vegane som kan føre ein langt, langt vekk. Parallelt med dramatisk og hardkokt stil og mjukare taktar. NOVELLER ISBN: 9788252182873 Pris ca kr. 149,- Utg. mars 11

JAN ROAR LEIKVOLL: BOVARA Eventyrleg roman frå klostermiljø Frrok er gartnar i klosteret ved landsbyen Bovara, men blir ståande einsam når vennen Flori forlet han for å arbeide med ei bok i tårnet. Samstundes kjem ei prostituert jente på flukt og bankar å døra l klosteret. Frrok gøymer henne i kjellaren, og oppdagar med eitt at han har makt over liv og død. Bovara er ein eventyrleg roman om makt, svik og kjærleik. Jan Roar Leikvoll har blitt samanlikna med internasjonale forfattarar som Cormac McCarthy, og hans kompromisslause og kritikarroste forfattarskap er blant dei mest spennande her til lands. Jan Roar Leikvoll (f. 1974) debuterte med romanen Eit vintereventyr i 2008, som blei følgt opp av Fiolinane (2010). Leikvoll er frå Frekhaug i Nordhordland og har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland. ROMAN ISBN: 9788252182903 Pris ca kr. 149,- Utg. mars INGELIN RØSSLAND: KIRSEBÆRSNØ Under den storslagne førtiårsfesten Cathrine har laga for mannen sin, blir ho brått klar over at det finst ein ubalanse i forholdet. Og mens ho står på trappa utanfor festlokalet og frys, kjem det ein som ser henne. Ein viljefast, svensk dyrlege som seier det rett ut: Jag vill stjäla dig från din man. Handlinga i Kirsebærsnø utspeler seg i vakre Hardanger, med blømande frukttre, ei kjær bestemor som ligg for døden og eit gammalt hus som skaper strid i familien. Cathrine er midt i sitt livs største drama: Vil ho orka å stå imot freistinga, når det er så enkelt å gi etter? Ingelin Røssland (f. 1976) har jobba som journalist i fleire aviser og i NRK. Ho har fått ei rekkje prisar for ungdomsbøkene sine og blitt omsett til fleire språk. Kirsebærsnø er den første romanen hennar for vaksne. ROMAN ISBN: 9788252182910 Pris ca kr. 149,- Utg. februar 12

BARN OG UNGDOM: PEIKEBØKER: ROTRAUT SUSANNE BERNER: ÅRET RUNDT I VRIMLEBY Dei fire årstidene i Vrimleby er no samla i ei bok! Ein sikker vinnar blant foreldre og barn som er glad i vrimlebilde og vrimlebøker. Vrimleby er store bøker i stiv papp som skildrar byen i kvardag og fest. Her er årstidene i alle sine fargar, krydra med spennande detaljar. Bli med til vedunderlege Vrimleby! PEIKEBOK ISBN: 9788252182651 Pris ca kr. 279,- Utg. februar BILETBØKER 2-6 ÅR: ANNA R. FOLKESTAD: UNNI OG GUNNI GJER DET FINT Tredje bok i sjarmerande småbokserie Unni og Gunni ser på kvarandre - Det er på ein måte litt tomt her, seier Unni. - Einig, seier Gunni. - Me gjer det fint! ropar Unni. Pingvinane Unni og Gunni er to gode venner som likar forandring. Dei er ikkje redde for å setje i gang med nye prosjekt, og finn alltid ei løysing på utfordringane dei møter under vegs. Serien om Unni og Gunni inneheld tre enkeltbøker som også utgjer ei samanhengande historie. Frå 2-år. Anna R. Folkestad (f. 1983) debuterte i 2011 med biletboka Henrik And, som kom på russisk i 2012. BILETBOK ISBN: 9788252181623 Pris ca kr. 149,- I sal 13

MARIT LAJORD OG LINE HALSNES (ill.): OLAVA OG BESTEFAR Varmt og vakkert om livet, døden og bestefar Olava er 7 år, bestefar Ola er 70. Dei gjer fine ting saman, og bestefar lærer Olava å ro. Men så blir han sjuk, så sjuk som berre gamle blir. Historia om Olava og bestefar fangar samspelet mellom barn og besteforeldre på ein varm og jordnær måte, og formidlar opplevinga av sorg og avskjed gjennom synsvinkelen til barnet. Med Line Halsnes vakre illustrasjonar inviterer boka til fine samtaler om liv og død og slekters gang. Marit Lajord (f. 1991) er debutant. Ho har gått på forfattarutdanninga i Bø, studerer jus og skriv for ungdom på nettstaden Framtida.no 6-9 år. BILETBOK ISBN: 9788252180404 Pris ca kr. 229,- Utg. mars 2-5 år. OLOF OG LENA LANDSTRÖM: POM OG PIM Nye venner frå skaparane av Bø og Bæ! Skaparane av bøkene om Benny og Bø og Bæ er tilbake med to nye barnebokfigurar: Pom og Pim. To gode venner som av og til har veldig uflaks. Men så blir det noko fint av det likevel! Ei enkel og klassisk historie om hell i uhell, ein ny klassikar som kom på svensk hausten 2012 og alt er omsett til fleire språk. BILETBOK ISBN: 9788252182712 Pris ca kr. 179,- I sal 14

RUTH LILLEGRAVEN OG INGER LANDSEM: MARI OG MAGNUS FÅR KATT Tredje bok i sjarmerande småbarnsserie I den tredje boka om Mari og Magnus får dei oppfylt ein stor draum: Dei får ein kattunge! Tippi er den finaste pusen i verda, og dei lover å passe godt på ho. Men så ein dag gløymer dei å lukke døra når dei går ut for å leike med Jonas! Den enkle historia rommar store kjensler og dramatikk, og ender heldigvis godt. Ei bok som vil sjarmere og engasjere små lesarar! Les også Mari og Magnus flyttar inn Mari og Magnus og smokketjuven Ruth Lillegraven (f. 1978) debuterte med den kritikarroste diktsamlinga Store stygge dikt i 2005. Bøkene om Mari og Magnus er dei første barnebøkene hennar. Inger Landsem (f. 1950) har illustrert ei lang rekkje barnebøker og skulebøker. Ho jobbar òg som biletkunstnar og har mange utstillingar bak seg. BILETBOK ISBN: 9788252182606 Pris ca kr. 159,- Utg. mars GYRID AXE ØVSTENG OG PER RAGNAR MØKLEBY (ill.): FØRSTEMAMMA PÅ MARS Kor er mamma om ho ikkje er heime? På Mars, kanskje? Jenta i denne forteljinga har mange forklaringar på kvar mamma er, den eine forklaringa meir fantastifull enn den andre. Men innarst inne veit ho sanninga: mamma er på sjukehus. Dette er ei levande og energisk forteljing om det å ha ein forelder som ikkje er frisk. Tekst og bilde er nøye samanvevd; der orda ikkje fortel, tar biletet og gjerne teikneserien over. Gyrid Axe Øvsteng (f. 1974) er forfattar og dramatikar frå Vågå. Ho debuterte skjønnlitterært med biletboka Finn! i 2009. BILETBOK ISBN: 9788252182484 Pris ca kr. 229,- Utg. mai 15

10-12 ÅR: ROBERT MUCHAMORE: SLÅTT UT Bok nr. sju i den bestseljande agentserien CHERUB Då eit M15-oppdrag går katastofalt gale, treng James Adams alt han har lært for å komme seg levande ut av Russland. I mellomtida er søstera, Lauren, ute på sitt første solooppdrag. Ho skal prøve å gå undercover i en brutal operasjon knytt til menneskehandel. Og når James endeleg kjem heim, finn han ut at marerittet berre så vidt har begynt Dette er den sjuande CHERUB-boka. Serien har både vunne litterære prisar og blitt ein internasjonal suksess. Les også Rekrutten, Kokainkongen, Flukta, Drapet, Heilag galskap og Mennesket og dyret. Rekrutten finst òg som grafisk roman. Robert Muchamore (f. 1972) jobba som privatetterforskar i mange år, men slutta då bøkene hans gjorde suksess. Han er no utgitt på over tjue språk, og har selt fleire millionar bøker. 9-13 ÅR ISBN: 9788252175479 Pris ca kr. 189,- Utg. mars 16

FANTASY: LENE KAABERBØL: KIMÆRAS HEMN (nn) KIMÆRAS HEVN (bm) Bok tre i ny og spennande fantasyserie! "Er han død?" Clara tør nesten ikkje spørje, for det er hennar eigen villven Katt det gjeld. Livet hans heng i ein spindelvevtynn tråd, og viss Clara vil redde han, må ho følgje eit spor som fører henne rett i klørne på dødsfienden Kimæra... Kimæras hemn er tredje boka i serien om Clara, kjærleiken hennar til dyr og kampen for å overleve som villheks i ei verd der magi ikkje akkurat er barnemat. Les også dei to første bøkene i serien, Eldprøva (kåra til beste barnebok av danske barn i 2012) og Viridians blod. Bøkene i Villheks-serien kjem ut både på nynorsk og bokmål. Lene Kaaberbøl (f. 1960) starta karriera si som forfattar i ein alder av 15 år. Sidan den gong har ho skrive ei rekkje bøker, og er i dag forfattar på heiltid. Kaaberbøl har tidlegare utgitt serien om Skammarens barn, og ho har blant anna vunne Disney-prisen for W.I.T.C.H-serien. FANTASY ISBN: 9788252182255 (nn) 9788252182262 (bm) Pris ca kr. 179,- Utg. januar 17

UNGDOM: SUNNIVA RELLING BERG: BEINA I GITAREN Intens og mørk oppfølgjar til Bragenominerte Utfor Bo er 17 og gir faen. Men i sommarferien blir ho kjent med Hans, som ho blir dratt mot, men ikkje vil innrømme at ho vil ha. Dei motstridande kjenslene blir ikkje lettare når ho møter Karianne, den altfor sympatiske og snille kjærasten hans. Vi følgjer Bo gjennom eit år frå sommar til sommar, gjennom tilbakeblikk til barndomen ho er på veg ut av, og gjennom famlande forsøk på å finne sin plass i verda og i forholdet til Hans. Beina i gitaren er ei sterk, kompleks og velskriven historie om identitet og sterke kjensler. Sunniva Relling Berg (f. 1988) kjem frå Ålesund og bur i Bergen. UNGDOM ISBN: 9788252182927 Pris ca kr. 249,- Utg. april TOR ARVE RØSSLAND: SVARTE-MATHILDA III Siste boka i lesaranes favorittgrøssar-serie Elisabeth og Gry drar til Venezia for å finne ut kva som skjedde med bibliotekaren Viggo. Kva var han på sporet av då han døydde? Samtidig blir lesaren tatt med til 1500-talets Venezia, der brørne de Gallo startar produksjon av spegel. Dei blir både ofre og reiskap for dei demoniske kreftene som seinare skal heimsøkje Hardanger på 1800-talet og notidas Bergen. Her får lesarane som har følgt Svarte-Mathilda frå spegel til spegel endeleg vite den grufulle starten på historia. Eller går den kanskje enda lenger bakover i tid? Den tredje boka om Svarte-Mathilda er mørkare og skumlare enn dei to første, som har blitt lesarfavorittar og nominert til Uprisen. Frå 11 år. UNGDOM ISBN: 9788252183016 Pris ca kr. 249,- Utg. april 18

POCKET, BARN OG UNGDOM: ANNE VIKEN: ELISE OG MYSTERIET MED DEI DØDE HESTANE Spennande om hestar og dyrlegedraumen Då onkel Kalle får sommarjobb som veterinær i den bortgøymde Tordenbygda, reiser tretten år gamle Elise frå byen for å vere med som assistent. Der treffer ho den pensjonerte veterinæren Gamle- Mathias og verdas galnaste prest. Elise er forferdeleg glad i hestar, og finn fort ut at dei kvite hestane i Tordenbygda ikkje er som andre hestar. Ingen veit kvar dei kjem frå. Og livet som veterinær er mykje farlegare enn Elise hadde førestilt seg. Elise og mysteriet med dei døde hestane er ei spennande og energifylt historie som tar dyrlegedraumen på alvor. Anne Viken er sjølv utdanna veterinær, og kjennskapen og kjærleiken til både dyra og yrket er sterkt til stades i romanen. Denne historia er midt i blinken for hesteinteresserte og dyreglade frå 10 år og oppover. 9-13 ÅR ISBN: 9788252183511 Pris ca kr. 149,- Utg. februar 19

AINA BASSO: INN I ELDEN Historisk ungdomsroman med hekseprosessane i Finnmark som dramatisk bakteppe I tiåra frå 1620 og utover blei i alt 80 trollkvinner dømde til døden på bålet i Finnmark. I denne romanen møter vi to unge jenter som hamnar på kvar si side i denne utrulege og skremmande delen av norsk historie. Romanen har to parallelle forteljarar, den velståande Dorothe frå København og den fattige Elen, som er dotter av ei klok kone i Finnmark. 16 år gammal blir Dorothe gifta bort til ein mykje eldre mann og drar med han til Vardø, der Dorothes og Elens liv kryssast på dramatisk vis. Gjennom dei to like gamle, men svært ulike jentene, får vi ei levande og poetisk skildring av å vere på veg inn i vaksenverda, og av ei fjern fortid med både parallellar og sterke kontrastar til vår eiga tid. UNGDOM ISBN: 9788252183580 Pris ca kr. 149,- Utg. februar LARS MÆHLE: FUCK OFF I LOVE YOU Spennande og tankjevekkande roman om val og vold Vemund er ein vanleg 16-åring. Likevel viklar han seg inn i eit usunt miljø rundt eit treningssenter. Kvifor? Leiaren i gruppa, Two-Face, er ein fascinerande, men skremmande skikkelse. Han avgjer alle viktige vegval med myntkast: På den eine sida av mynten står det «I Love You». Da blir valet godt. På den andre sida står det «Fuck Off». Da blir handlinga vond Fuck Off I Love You er ei sterk og spennande forteljing som tar opp viktige spørsmål: Kor mykje kan vi styre livet vårt? Kva gjer vi ut frå fri vilje? Og kva blir bestemt ut frå faktorar vi ikkje kan rå over? Nominert til Uprisen 2013! UNGDOM ISBN: xxx Pris ca kr. 149,- Utg. 20

FAKTA OG DOKUMENTAR: MAGNHILD FOLKVORD: FREDRIKKE MARIE QVAM. RABALDERMENNESKE OG POLITISK GENI Fredrikke Marie Qvam (1843-1938) var ein av dei heilt sentrale strategane i kampen for full kvinneleg stemmerett. Som leiar for fleire kvinneorganisasjonar stod ho i spissen for kvinnestemmerettskampen på slutten av 1800-talet. Målet vart nådd i 1913, men det sette ikkje på nokon måte punktum for Qvam sitt politiske og organisatoriske engasjement. Qvam vart ikkje utan grunn kalla Korridorenes Dronning, og ho påverka gjerne landets leiande menn ved å gå gjennom konene deira. Sjølv var Fredrikke Marie Qvam gift med Ole Anton Qvam, ein sentral Venstre-politikar. Mykje sjukdom, to barn som døydde tidleg, ein son som døydde av tuberkulose 25 år gammal, og eit dødfødd barn sette eit sterkt preg på livet hennar. Magnhild Folkvord (f. 1945) er utdanna adjunkt. Ho har sidan 1999 arbeidd som journalist i Klassekampen. I 2008 gav ho ut boka Sekstimarsdagen den neste store velferdsreforma? i samarbeid med Ebba Wergeland. BIOGRAFI ISBN: 9788252183009 Pris ca kr. 399,- Utg. april 21

KRISTIN FRIDTUN: NYNORSK FOR DUMMIES Nynorsk for dummies er skriven for dei som ikkje kan så mykje om nynorsk, men som vil lære litt. Eller: Ho er skriven for dei som ikkje vil lære nynorsk, men som må lære det. Kristin Fridtun var sjølv bokmålselev i tjukkaste bokmålsland. På ungdomsskulen hadde ho ein norsklærar som sa: «Nynorsk er ikkje vanskeleg.» Fridtun trudde ikkje på henne. Seinare måtte Fridtun bite i graset og vedgå at læraren hadde rett. Den nynorske jungelen er ikkje så stor og skummel som mange trur! Fridtun syner veg på morosamt, enkelt og underhaldande vis. Ho stiller spørsmål som: Er Ivar Aasen rota til alt vondt? Ho knuser mytar om nynorsken og Aasen, og gir ei enkel og uvanleg god innføring i nynorsk språkføring og grammatikk. Kristin Fridtun (f. 1987) har master i norrøn filologi. Ho er oppvaksen med bokmål, men skifta til nynorsk i 2006. Fridtun er fast spaltist i Dag og Tid, og har vore bidragsytar i ymse tidsskrift og bøker. Ho kjem frå Elverum, men er busett i Bergen. Fridtun gav i 2011 ut boka Norsk etymologisk oppkok. SPRÅK ISBN: 9788252183160 Pris ca kr. 249,- Utg. mai 22

ARE KALVØ: NY GRUNNLOV Den norske grunnlova blei laga for nesten to hundre år sidan av ein gjeng ureinslige menn på seminar på Eidsvoll. Are Kalvø meinte han måtte kunne gjere ein betre jobb, og reiste ut i landet for å lage ei ny grunnlov, som bygger på det folk i dag meiner. Resultatet blei ei ny og sjølvsagt mykje betre grunnlov, men òg ein tv-serie som dokumenterer arbeidet, som blir vist på NRK i år med tittelen Riksforsamlinga. Boka inneheld den nye grunnlova, historia om korleis grunnlova blei til, men òg mange ulike slags forsøk - nokre av dei direkte tøvete - på å finne ut kva folk i dag eigentlig meiner om til dømes likskap, demokrati, monarki, religion og ytringsfridom. Boka inneheld fleire vitsar og søkte teoriar og er illustrert med ganske overraskande fotos. Are Kalvø (f. 1969) kjem frå Stranda og er ein av verdas største nynorsk-humoristar. Dette har han dokumentert gjennom ein lang karriere som forfattar, radioprogramleiar, avisspaltist og stå-opp-komikar. HUMOR ISBN: 9788252182934 Pris ca kr. 299,- Utg. februar 23

JANNE NYGÅRD OG VEBJØRN STURE: KVA SKAL VI MED SIDEMÅL? Kvifor må elevar lære både nynorsk og bokmål? Denne pamfletten går rett inn i det vanskelege og viktige ordskiftet om sidemål. Dei unge forfattarane legg fram ein god og grundig argumentasjon for kvifor opplæring i begge dei norske språka er viktig, både for den enkelte og samfunnet. Er norskundervisninga god nok? Og korleis burde norskfaget eigentleg sjå ut? Les om fordelane med å lære både nynorsk og bokmål, og korleis vi kan lukkast med det. Med bidragsytarar som Øystein Vangsnes, Gunnar Skirbekk og Eli Bjørhusdal tek pamfletten føre seg både den faglege og den politiske sida ved spørsmålet. Denne boka er både for dei som berre vil ha svar på kvifor vi har sidemål i skulen og for dei som leitar etter harde fakta og gjennomtenkte resonnement. Vebjørn Sture (1987) er møbelsnikkar og leiar i Norsk Målungdom. Janne Nygård (1989) er student, redaksjonssekretær i Syn og Segn og nestleiar i Noregs Mållag. SPRÅK ISBN: 9788252183085 Pris ca kr. 99,- Utg. februar 24

SAKPROSA, POCKET: ASTRID SVERRESDOTTER DYPVIK: DET VAR DDR. FORTELJINGAR OM EIT NEDLAGT LAND Kamp om historia 3. oktober 1990 vart DDR lagt ned og Tyskland samla. Denne boka byr på forteljingar om det som vart att etter DDR. Her møter du folk med merkelege, opprørande og triste historier. Alt frå stasimedarbeidarar og leiande personar i kommunistpartiet, til menneske som vart offer for eit brutalt diktatur. Alle desse historiene har sin plass i den store forteljinga om DDR. Med nærgåande portrett teiknar Astrid S. Dypvik eit levande bilete av republikken og korleis han gjekk i oppløysing hausten 1989. Med Astrid Sverresdotter Dypviks Det var DDR har vi fått noe så sært som en norskskrevet bok av internasjonalt format dette er en bok som garantert lar seg eksportere, og som er verdt det. Jon Rognlien, Dagbladet Journalisten Astrid Sverresdotter skriver drivende godt om DDRskjebner, og får det til å føles relevant også for et norsk publikum. Knut Hoem, NRK Astrid Sverresdotter Dypvik (f. 1977) er journalist og historikar. I dag er ho tilsett i Nationen, men ho har tidlegare arbeidd i både Morgenbladet, Klassekampen og Dag og Tid. HISTORIE ISBN: 9788252182996 Pris ca kr. 169,- Utg. mars 25

PATTI SMITH: JUST KIDS Året er 1967. Eit tilfeldig møte i Brooklyn fører to unge menneske inn på ein livsveg med kunst og lidenskap. Patti Smith ville bli poet og kunstnar, og Robert Mapplethorpe ville utfordre fotokunsten. Saman reiste dei på kryss og tvers av byen, frå Coney Island til 42nd Street, og etter kvart til det berømte runde bordet på nattklubben Max s Kansas City, der Andy Warhol heldt hoff. I 1969 slo paret seg ned på Chelsea Hotel. Just Kids er ei varm og inderleg kjærleiksforteljing, men boka er også eit unikt tidsdokument frå kunstlivet i New York på byrjinga av 70-talet, med folk som Sam Shepard, Janis Joplin, Jim Morrison, Andy Warhol, Bob Dylan og William Burroughs. Til norsk ved Brit Bildøen. Intense historier holdes i sjakk med stilsikker skrivekunst (...) Brit Bildøens oversettelse fanger opp det sobre og formelt nedtonede i Smiths memoarbok. Susanne Hedemann Hiorth, Dagens Næringsliv Just Kids er et lekent, kraftfullt lite mesterverk av en bok fra en av våre største punkrockere, om tiden før berømmelsen. Ikke forbeholdt Patti Smith-fans. Thea Marie Dolva, Fædrelandsvennen Patti Smith (fødd 1946) er ei legende i den amerikanske musikkhistoria. Ho er vokalist, låtskrivar, poet og artist og hadde stor påverknad på pønkrock-rørsla gjennom debutalbumet sitt, Horses, frå 1975. Ho er blitt kalla «pønkens gudmor». BIOGRAFI ISBN: 9788252182897 Pris ca kr. 149,- Utg. februar 26