Program for 2015-2019

Like dokumenter
Politisk program for Jølster KrF

Eit trygt og godt lokalsamfunn

Hemsedal KRF Program

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Kommunestyrevalet Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF

Høyanger KrF. Menneskeverd i sentrum

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Utkast til program Meland Høgre 2015

Bilde: Colorbox. Bokn KrF Menneskeverd i sentrum INFORMASJON

Program OVERORDNA MÅL OG GRUNNSYN

Program OSTERØY HØGRE

Programmet til Jølster Arbeidarparti byggjer på dei sosialdemokratiske prinsippa om FRIDOM LIKEVERD SOLIDARITET

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

MELAND SENTERPARTI Arbeidsprogram

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Os KrF INFORMASJON // Foto: Øyvind Ganesh Eknes, Jakob Enerhaug

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Ei samla bygd. Sogndal Arbeidarparti sitt kommuneprogram

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

Kommunedelplan for oppvekst

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Eit liberalt Sund. «Mennesket er viktigare enn systemet. Venstre prioriterer folk først.»

Partiprogram for Osterøy Sosialistisk Venstreparti

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Frivilligpolitisk plattform

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

VALPROGRAM LEIKANGER SENTERPARTI

KrF byggjer sin politikk på eit kristent verdigrunnlag og ein kristendemokratisk ideologi.

Program for Bømlo Venstre

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

Kommunestyrevalget i Tysvær 2003

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Program for Masfjorden Venstre

Velferd i fellesskap. Stig Holmstrøm. Ordførarkandidat

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Sykkelbyavtale for regionsenteret Straume (Fjell kommune)

Tilrettelegging av nærings- og byggjeareal er avgjerdande for å oppnå vekst.

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

Program for. Årdal Venstre

Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt.

Ei god framtid for alle!

Program for. Sykkylven Venstre

[Skriv her] Program Hjartdal SP HEILE HJARTDAL. sp.no/hjartdal. sp.no/hjartdal

Program for. Seljord Venstre

Arbeidsprogram

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

MASFJORDEN. Foto: Gettyimages. Kommunen og innbyggjarane våre

Strategiplan for Apoteka Vest HF

framtida. På lag med Tysvær Venstre

Program for. Nesset Venstre. for perioden _Programmal 2011 A5 8s.indd 1

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

PROGRAMMET VÅRT Suldal Arbeidarparti

Ål Venstre. Ål Venstre

MARIT AKSNES AASE - ORDFØRARKANDIDAT

ETNE VENSTRE

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Til veljarane i Tysnes

KOMMUNEVALET 2015 LINDÅS SENTERPARTI

SOGN driftig raus ekte

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

Politisk program. Førde Kristeleg Folkeparti partiprogram

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

Dei andre områda me satsar på vil gå fram av programmet vårt.

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

Kommunereforma - eit val mellom to alternativ

Fjell Venstre. Program

Kommunevalprogram. Vik Senterparti

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Innstilling frå rådmannen: Levekårskomiteen sluttar seg til framlegg til uttale slik det går fram av saksutgreiinga.

Meland Senterparti. - eit klokt val. senterpartiet.no/meland. Arbeidsprogram

Sandeid skule SFO Årsplan

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Valprogram Sel SV

Ulvik Arbeiderparti Program

kommunevalprogram for nesset venstre i perioden Venstre setter deg og dine behov i sentrum. Sammen bygger vi Nesset.

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

Kommunedelplan for oppvekst

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting

Saman for eit varmare samfunn

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

SULDAL VENSTRE. Ulike menneske treng ulike løysingar for å ha eit godt liv. Venstre tenkjer FOLK FØRST.

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Frivilligpolitisk plattform

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

10/60-14/N-211//AMS

«Nordhordland kommune»

Dette vil vi arbeide for i Bremanger AP

Transkript:

2015-2019 www.fjellkrf.no Program for 2015-2019 INFORMASJON // Foto: Øyvind Ganesh Eknes / www.ganeshfoto.no Fjell KrF

Fjell KrF ynskjer at Fjell skal vere ein kommune med gode oppvekstvilkår for barn og unge trygge og gode arbeidsplassar omsorg for dei som treng det mest verdig alderdom I eit godt samfunn vert heile mennesket teke på alvor, fysisk, psykisk og åndeleg. Ved sidan av gode heimar, barnehagar, skular og arbeidsplassar, trur vi at stader for rekreasjon, mosjon, idrett, kultur og gode fellesskap gir innbyggjarane viktige bidrag til dette. KrF vil støtte dette, og vi vil ta vare på og styrkje det som gjer den kristne arven relevant i samfunnet og for den einskilde. KrF vil arbeide for at kommunen vår skal verte eit framtidsretta og bærekraftig samfunn. Vi ser for oss at Kystbyen på Straume og senteret på Ågotnes i samspel med bygdene må bli bærebjelkane i dette. KrF meinar at vi mellom anna må leggje til rette for arbeid, rekreasjon og livsutfalding i nærleiken av der folk bur. Vi treng kontakt med omverda, og i dette må kollektive og individuelle behov for transport og kommunikasjon byggjast på ein god måte. Det nye Sotrasambandet vil verta ein viktig kanal i dette. I framtida må vi ha ein billig og effektiv kollektivtransport med godt tilrettelagte parkeringsområde for sykkel og bil, i nærleiken av godt plasserte kollektivknutepunkt. For mjuke trafikantar må vi legge til rette for sikre og effektive sykkeltrasear og fortausløysingar.

Heim, skule og oppvekst Familien er ein grunnleggjande byggjestein i samfunnet. Vi vil sikre kvalifisert hjelp til heimar og einskildpersonar som treng det og slik leggje til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge. Skulen i Fjell skal ha god kvalitet og vere open og byggje vidare på den kristne kulturarven. å vidareføra arbeidet mot mobbing i barnehagane og skulane å styrke skulehelsetenesta og miljøarbeidet på skulane å gje dei tilsette i skulane og barnehagane høve til oppdatering og vidareutdanning eit godt samarbeid mellom skulen og kyrkja å evaluere og styrkja SFO-tilbodet fridom og fleksibilitet for familiar med små born, med vidareføring av kommunal kontantstøtte og innføring av to barnehageopptak i året oppgradering av bygningsmassen i dei kommunale skulane og barnehagane å skapa gode vilkår for eksisterande og nye friskular at det blir økonomisk likebehandling av kommunale SFO og SFO som vert drive av private aktørar at kulturskulen får gode og tenlege vilkår å ta vare på den gode balansen mellom private og offentlege barnehagar og sikra gode og føreseielege økonomiske tilhøve for desse å sikra barnehagetilbodet i Nordre Fjell, både ved godkjenning av ny privat barnehage og utbygging av den kommunale barnehagen å støtta rusfrie lågterskeltilbod for ungdom, m.a.ved å styrka og vidareutvikla drifta av Basecamp å sikra vidareføring av Homestart Familiekontakten

Kyrkje og kristenliv Kristen tru og kristne verdiar har prega samfunnet vårt gjennom tusen år. Den norske kyrkja, saman med dei forskjellige trussamfunn og organisasjonar, spelar framleis ei viktig rolle i lokalt samfunnsliv. Den kristne kulturarven må vere grunnlaget for den vidare samfunnsutviklinga. å gje kyrkjene og organisasjonane gode arbeidsvilkår å vidareføre stønaden til det frivillige barne- og ungdomsarbeidet i kyrkjene og bedehusa å sikre vedlikehaldet av kyrkjene å sikre vedlikehaldet gravplassane i kommunen og auke kapasiteten i Nordre Fjell 4. kandidat Steinar M. Heggen 3. kandidat Helge Nilsen 2. kandidat Kristin Brennhaug Ordførarkandidat Odd Bjarne Skogestad

Helse, sosial og omsorg Noreg er eit av dei beste landa i verda å bu i. Samstundes ser vi at mange har bruk for hjelp og støtte i ulike livssituasjonar. Vi trur at det gode samfunnet, med store og små fellesskap, vert skapt i eit samspel mellom det einskilde mennesket og familien og offentlig, privat og frivillig verksemd. Det beste grunnlaget for alt slikt arbeid er den kristne nestekjærleiken og respekt for menneskeverdet. I tråd med alkohollova sitt formål vil KrF arbeide for å redusera dei samfunnsmessige og individuelle skadeverknadane av alkoholbruk å sikra gode heimebaserte tenester innan eldreomsorga og vidareføre programmet «Sjef i eige liv» å anerkjenne og betre vilkåra for dei pårørande sitt omsorgsarbeid å sikra god drift og bemanning ved institusjonane for sjuke og eldre at planane om eit Lokalmedisinsk senter vert realisert å styrkja barnevernet å sikra at born og unge med psykiske vanskar får kvalifisert hjelp å sikra at behovet for bustader og avlastningsplassar for funksjonshemma er dekka, og at dei får naudsynt hjelp og tilsyn å følge opp kommunen sin boligsosiale plan, og sikra bustader for alle personar i kommunen å fremja ein rusfri livsstil og arbeide for at Handlingsplan for rusomsorg vert sett i verk å føra ein effektiv kontroll med alkoholomsetjinga og bruka strenge sanksjonar for brot på Alkohollova at det ikkje vert servert alkohol ved tilstelningar der kommunen er vertskap, i kommunale bygg og på idrettsarenaer i kommunen. å vidareutvikle helsestasjonen for ungdom at flyktningar og asylsøkjarar framleis vert integrert på ein god måte i lokalsamfunnet

Natur og miljø KrF legg vekt på ein god miljøpolitikk som tek omsyn til komande generasjonar. Også lokalt må vi ta ansvar for klimautfordringane. Naturområder i Fjell må både vernast og gjerast tilgjengelege for dei som bur i kommunen. Vi har eit forvaltaransvar. at viktige kulturminne og kulturlandskap vert registrert og teke vare på å leggje til rette og vedlikehalde kommunale badeplassar, friområde, turstiar og rasteplassar å kartlegge og arbeide for vern og pleie av attraktive rekreasjons, natur og friluftsområde nær sentrale bustadområde. Særleg nemner vi område på nordre del av Litle Sotra. å vidareutvikle tur- og rekreasjonsområde i kommunen og gjere det mest mogeleg tilgjengeleg for rørslehemma ei endring av trafikkmønsteret slik at fleire vel å reise kollektivt, m.a. ved å arbeide for fleire bussavgangar og god innfartsparkering for bil og sykkel ved kollektive knutepunkt å stille krav om at det vert anlagt ladepunkt for El-bilar ved større utbyggingar

Bustadbygging og samferdsel Vi treng gode og føremålstenlege transportløysingar, av omsyn til både busetnad og næringsliv. Vi treng eit transportsystem som er bærekraftig for framtida. Derfor ynskjer KrF ei offensiv satsing på kollektivtrafikken. Vi vil arbeide for eit tenleg busstilbod i heile kommunen. god framdrift i arbeidet med å få til nytt Sotrasamband, med gode løysingar for kollektivtransport at området mellom rådhuset og senterområdet blir regulert for gode og bærekraftige formål at kollektivtilbodet i kommunen og ut av kommunen vert styrka å leggje tilrette for bustadbygging i heile kommunen i tråd med ny arealplan å leggje til rette for at unge kan koma seg inn på bustadmarknaden å få fleire sykkelstiar i kommunen at det blir lagt til rette for bil- og sykkelparkering ved kollektive knutepunkt auka trafikktryggleik for mjuke trafikantar, særleg i bustadområde og på skulevegar oppfølging og rullering av trafikksikringsplanen vere ein pådrivar for at det blir utarbeid ein heilhetleg Samfunnsplan for kommunen

Økonomi KrF vil føre ein politikk som medverkar til ein ansvarleg økonomisk utvikling i kommunen. Vi vil medverke til, og ta ansvar for ein god og realistisk bruk av dei offentlege midla. ei økonomisk forvalting som set oss i stand til å møta framtidige utfordringar ei ansvarleg prioritering i bruk av skattepengane

Arbeid og næring KrF vil medverke til god næringsutvikling i kommunen. ei vidareutvikling av Ågotnes som kommunesenter II at gode jordbruksareal vert tekne vare på at Vindeneskvarven må utviklast på ein varsam måte i tråd med den nye arealplanen regulering av nord-sørsambandet må gjerast slik at arbeidet med gjennomføring av prosjektet kan starta så snart som råd er at butikkane kan vere opne seks dagar i veka, men stengt på sundagen, slik at folk flest kan ha ein felles fridag som m.a. kan nyttast til gudstenester og møter, sosiale aktivitetar, samvær med familie og vener og fritidsaktiviteter

Frivillighet Mange menneske har på forskjellige måtar eit frivillig engasjement. Det kan vere i kulturarbeid, i idrett eller i kyrkje eller anna kristeleg arbeid. Vi ser og at mange av dei kommunale tenestene i stadig sterkere grad gjer seg bruk av frivillige innsats. KrF ynskjer å synliggjere og verdsette alt frivillig arbeid. å legge til rette for og støtte frivillige leiarar som ynskjer meir kompetanse i dei oppgåvene dei står i at det utarbeides ein heilskapeleg frivillighetsplan for kommunen Framtidig kommunestruktur Regjeringa og Stortinget har gjeve klåre signal om at det blir til dels store endringar i kommunestrukturen i åra framover. Fjell KrF vil ta desse signala på alvor og ynskjer at det blir forhandla med nabokommunane med tanke på danning av ein ny kommune her vest.

Menneskeverdet, forvaltaransvaret og nestekjærleiken er grunnleggande prinsipp for Kristeleg Folkeparti sin politikk: MENNESKEVERDET fordi alle menneske har lik verdi og ikkje skal krenkast FORVALTARANSVARET fordi vi er sett til å forvalte naturen og ressursane på ein måte som er til beste for alle menneske og komande generasjonar NESTEKJÆRLEIKEN fordi vi skal gjere det vi kan for at våre medmenneske skal ha det best mogeleg.

Følg oss på fjellkrf.no og facebook.com/fjellkrf Fjell