Cecilie Berger og John Henrik Staveland-Sæter Utekontakten i Stord kommune Rustrender i Stord kommune Vår 2011 Hovudfunn: - Auka bruk og tilgang på cannabis - Gradvis auke i illegal bruk av og tilgang på Subutex - Utjamning i bruken av Rivotril - Stabilisering for fleire andre rusmiddel
Forord Utekontakten presenterer her den 11. Føre Var- rapporten frå Stord kommune. Gjennom seks år har me no følgt med på kva som har vore gjeldande innan rusmiddelbruk i kommunen, og ein kan sjå på utviklinga av tendensar og trendar. Ved hjelp av informasjon frå svært ulike kjelder, har me med Føre Var funne ein reiskap til å samla og analysera spreidd informasjon. Denne informasjonen får me stadig tilbakemeldingar på er nyttig, og det gledar oss at arbeidet me legg i denne rapporten har ein verdi også for andre. Me vil takka alle som har bidrege med innspel til rapporten! Juli 2011 John Henrik Staveland-Sæter og Cecilie Berger Utekontakten Stord kommune
Innhald Innleiing 2 Kjelder 3 Behandling av data 4 Funn Føre Var vår 2011 5 Rustrendar i Bergen 9 Oppsummering 10 Appendiks 12 Takk til... 16 Litteratur 16
Innleiing Kva er Føre Var? Føre Var er systematisk overvaking av rustrender i Stord kommune. Systemet er utarbeidd av Stiftelsen Bergensklinikkene (Kompetansesenter rus - region vest Bergen), og er blitt brukt i Stord kommune sidan 2005. Gjennom Føre Var er me i stand til å gje ein rask og påliteleg identifikasjon, overvaking og rapportering av lokale trendar og tendensar når det gjeld rusmiddelbruk. Hovudmålet med denne typen rapportering, er å forkorta tidsspennet frå nye rusmiddeltrendar oppstår ute i miljøa, til informasjonen om dette når fagmiljøet i kommunen. På den måten kan ein jobba meir målretta ved å vera betre førebudd i arbeidet med rusrelaterte problem. For å forkorta dette tidsspennet, er det viktig at Føre Var vert gjennomført regelmessig. Utekontakten har sidan 2005/06 utgitt to rapportar i året 1. Nokre av rusmidla me rapporterar om vert ikkje eigentleg definert som rusmiddel, men er medisinar som kan misbrukast. Difor er også denne bruken interessant for Føre Var. Funna i denne rapporten er baserte på data frå oktober 2010 til mars 2011. Eventuell auke og nedgang reknar me ut frå perioden før, frå april 2010 til september 2010, for å få fram tendensar innan rusmiddelbruken på Stord. Når det gjeld alkohol, har me valt å samanlikna med sesong, då me veit at årstid spelar inn i bruksmønsteret for alkohol. Målsetjing Målsetjinga for Føre Var i Stord kommune er å innhenta påliteleg og oppdatert data om rusvanar innan ulike miljø. Det vi ynskjer å kartleggja er: - Bruk av nye rusmiddel - Endringar i bruk av etablerte rusmiddel - Endring i tilgang på ulike rusmiddel Fordelar med Føre Var Det fins mykje kunnskap om den lokale russituasjonen blant ulike instansar og personar i kommunen. Mykje av denne kunnskapen er ofte låst, då det ikkje er noko system for å dela denne informasjonen. Ved å samla og systematisera denne informasjonen, og få den inn i eit heilskapeleg bilete, kan ein betre vera føre var. Når ein får fram relevant informasjon på eit tidleg tidspunkt, kan fagfolk gjera evidensbaserte vedtak, og raskare setja i gong meir effektive tiltak. Framgangsmåte Det er Utekontakten i Stord kommune som har gjennomført undersøkinga og som står bak denne rapporten. Me har samla inn kvalitative og kvantitative data, dvs. data frå salsstatistikkar, beslagsdata og informasjon frå eit handplukka trendpanel. Opplysningane me har fått, er analysert og kvalitetssikra ved å samanlikna, og gje ulik vekting på ulike kjelder (sjå Appendiks, s14). 1) Fram til vår 2008 var Føre Var-rapportane eit samarbeid mellom SLT og Utekontakten 2 F ø r e V a r - V å r 2 0 1 1
Kjelde Fig. 1. Kjeldeoversikt Føre var rapport vår 2011 Sekundærdata Media Trendpanel Trendpanel kallar me dei me får informasjon frå innan tre ulike arenaer i Stordsamfunnet; Profesjonelle, Uteliv og Miljø. Med arena miljø meinar me personar i miljø der rus tidleg vert oppdaga og/eller brukt. Uteliv består av personar som jobbar i/driv utestader, og med god kjennskap til utelivsarenaen. Den profesjonelle arena består av fagfolk som jobbar innan eller i tett kontakt med rusfeltet her på Stord. Trendpanelet består denne gong av til saman 23 personar. Desse personane har vore plukka ut med tanke på deira ekspertkunnskap frå innsida av rusmiljø i kommunen både når det gjeld brukstrendar og tilgang. Informantane som utgjer trendpanelet er anonymiserte i rapporten. Me har nytta både spørjeskjema, fokusgrupper og ein-til-ein-intervju i innhentinga av data frå trendpanelet. Ei anna viktig kjelde i Føre Var er statistiske data. Dette er data som vert innhenta og rapportert regelmessig. For å kunna bruka denne informasjonen, må data vera tilgjengelege, nøyaktige, relevante og R u s t r e n d e r i S t o r d k o m m u n e 3
kunna rapportera innan vår rappoteringstid. Me har i denne rapporten brukt 13 kjelder for statistiske data: Kripos - tal på og storleik på beslag Tollvesenet - tal på og storleik på beslag Politiet - drukkenskapsarrestar og promillekøyring Tre lokale apotek salstal utvalde medikament, sprøyter og kanylar Vinmonopolet - salstal frå Stord Alkoholsal frå to serveringsstadar Salstal for alkohol frå to daglegvarebutikkar Oppslag i pressa, frå nettavisene til Bladet Sunnhordland og Haugesunds Avis. Behandling av data Nesten ingen av datakjeldene som blir brukt til rapporten er direkte samanliknbare. Men det er nyttig å plassera dei ved sida av kvarandre for å prøva å sjå mønster, samanhengar og motsetnader. Dei ulike kjeldene er vekta ulikt på bakgrunn av at me meinar nokre kjelder gjev eit meir korrekt bilete på det faktiske livet enn andre. Vinmonopolet og daglegvarebutikkane er til dømes vekta høgt i høve til det å kunna gje indikasjonar på bruksmønster av alkohol (for nærare detaljar sjå Appendiks, s13).dei statistiske data frå både Politiet, Kripos, tollvesenet og apoteka inneheld relativt små tal og må difor tolkast med varsemd. Stord er ein forholdsvis liten stad, og tala vil vera små frå desse kjeldene. Få personar vil kunne ha stor innverknad på statistikkane. Om til dømes eit medikament blir skrive ut i større mengder til eit par personar, vil dette kunna gjera store utslag i apotektala. På same måte kan få personar gå igjen i politiet sine tal. Vidare vil talet på politiet og tollvesenet sine beslag variera i høve til bemanning, aktivitet og satsingsområde. Kripos er rekneskapsførar for beslagstal frå både lokalt politi og tollvesenet. Grunna ulik rapporteringstid vel me likevel å bruka både Kripos og tollvesenet som kjelder til denne utgåva av Føre Var. Funn frå media ser me på som mindre pålitelege, og desse er følgjeleg lågt vekta. Me trur likevel at desse funna kan vera med å gje ein indikasjon på endringar, og har difor valt å teke dei med. Sjølv om tala me får frå dei ulike kjeldene kan vera både små og til tider sensitive, ser me det som interessant å bruka alle desse data. Samla kan dei vera med på å gje et bilete av korleis situasjonen er. 4 F ø r e V a r - V å r 2 0 1 1
Funn Føre Var vår 2011 Auka bruk og tilgang på cannabis - Cannabis er det rusmiddelet som trendpanelet rapporterer som mest vanleg, ved sida av alkohol. - Både tollvesenet og Kripos melder om gradvis auke i beslag av cannabis denne perioden. - Media har hatt få oppslag om cannabis/ hasj siste periode. - Trendpanelet rapporterer om høg tilgang på cannabis, og auke i bruk. Dei fleste som rusar seg fast, nyttar cannabis som ein del av den daglege kosten. Cannabis er alltid med blir sagt av fleire innanfor dei ulike gruppene. - Cannabis blir av somme i miljøgruppa skildra som ufarleg, medan trendpanelet i gruppa profesjonelle og til dels uteliv ser andre sider. Dei ufarlege stoffa er dei som gjev størst helsemessige- og sosiale problem, seier ein av dei profesjonelle, og visar mellom anna til paranoia, angst, depresjon og sosial mistilpassing. Fig. 2. Aggregert differanse for cannabis. Trend frå Føre Var Stord 2005-2011 Gradvis auke i illegal bruk av og tilgang på Subutex Subutex er eit syntetisk opioid som brukast i substitusjonsbehandling ved opiatavhengighet/ legemiddelassistert rehabilitering (LAR). Subutex blir illegalt brukt som rusmiddel, ofte i kombinasjon med andre rusmiddel. - Apoteka har varierande rapportar om Subutex-sal. Eine staden har det auka veldig, andre staden gått kraftig ned, og tredje staden er det inga endring. R u s t r e n d e r i S t o r d k o m m u n e 5
Oppsummert ligg det totale salet gjerne på det same. - Kripos har låge tal i sine data, men dei visar ein gradvis nedgang. - Hovudtyngda av trendpanelet, innan både miljø, profesjonelle og uteliv har kjennskap til Subutex som rusmiddel. Dei som rapporterer frå arena profesjonelle og miljø melder gradvis auke i både bruk og tilgang på Subutex. Det blir sagt at utanlandsk Subutex, både illegal og legalt innført, er lett å få tak i. - Subutex blir gjerne kalla Sub. Kostar ca. 300 per tablett. Subutex blir ved illegal bruk oftast injisert, men blir også lagt under tunga eller sniffa. Utjamning i bruken av Rivotril Rivotril er eit legemiddel med verkestoffet klonazepam. Rivotril blir brukt til behandling av epilepsi, men blir i aukande grad brukt som rusmiddel fordi det mellom anna vil kunne forsterke effekten av opioidar og alkohol. Denne perioden ser me samla sett ein liten nedgang i bruk og tilgang på Rivotril. Kjeldene er nokså usamde her, og dei fleste i trendpanelet har kjennskap til Rivotril. Trendpanelet hevdar tilgang og bruk av medikamentet framleis aukar. - Alle tre apoteka har nedgang i sal av utskriven Rivotril. - Kripos og tollvesenet har små tal, men melder om gradvis nedgang. - Trendpanelet melder om gradvis aukande tilgang på og bruk av Rivotril. Her er det personar frå arena miljø og profesjonelle som rapporterer. Dei seier Rivotril er veldig lett å få tak i, og at forbruket er høgt. Rivotril blir ikkje identifisert av utelivsarenaen. - Rivotril blir av eit fleirtal i trendpanelet rapportert som eit av dei mest brukte rusmiddela. Rivotril blir ofte kombinert med andre rusmiddel, til dømes alkohol, hasj og/eller amfetamin. - Det blir av fleire i trendpanelet sagt at langvarig bruk av Rivotril kan verke inn på den fysiske og psykiske helsa. Angst og depresjonar, samt aggresjon blir nemnt som biverknader av utstrakt Rivotrilbruk. - Prisen ligg på mellom 35 og 50 kroner per tablett, avhengig av antalet ein kjøper om gongen. - Rivotril frå utlandet kan vera billigare, men det blir rapportert at denne også kan vera mindre rein og forutsigbar. - Kallenamn på Rivotril kan vera rivo, rivara, slitara. Andre rusmiddel I perioden frå oktober 2010 til mars 2011 ser me at situasjonen for fleire rusmiddel som me i tidlegare rapportar har rapportert auke på, har stabilisert seg. Nokre medikament har hatt ein tilbakegang denne perioden samanlikna med perioden frå april til september 2010. I Føre Var- rapporten for hausten 6 F ø r e V a r - V å r 2 0 1 1
2010 vart det rapportert om auka bruk av og tilgang på heroin og ein gradvis aukande brukstrend og tilgang på amfetamin. Frå oktober 2010 til mars 2011 har det vorte registrert ein liten nedgang i bruk og tilgang på amfetamin. Når det gjeld heroin har det ikkje vore registrert endring i bruk og tilgang denne perioden. PMMA (ParaMetoksyMetAmfetamin) I den førre Føre Var- rapporten vart det registrert bruk av PMMA (ParaMetoksyMetAmfetamin) for fyrste gong. PMMA er eit stimulerande hallusinogen som liknar på amfetamin og ecstasy, men som blir rekna som langt meir giftig. I denne perioden rapporterar trendpanelet om ei gradvis auke i bruk og tilgang på PMMA på Stord. - Dei i trendpanelet i gruppa miljø som kjenner til bruk av PMMA rapporterar om inga endring denne perioden. I gruppa profesjonelle rapporterer dei som kjenner til stoffet om auke i bruk og tilgang. - Vanlegaste inntaksmåte er injisering. PMMA vert også sniffa eller innteke gjennom munnen. - Farlig dop på Stord (HA), var overskrifta på ei nyhendesak knytt til PMMA. R u s t r e n d e r i S t o r d k o m m u n e 7
Amfetamin Amfetamin og metamfetamin er sentralstimulerande stoff, noko som inneber at det undertrykker søvnbehov og stimulerar hjarte- og karsystemet. Metamfetamin er kjemisk nært i slekt med amfetamin (www.fhi.no). I denne rapporten har me valt å ikkje skilje mellom amfetamin og metamfetamin. - Kripos rapporterar om nedgang i mengde beslaglagt amfetamin frå oktober 2010 til mars 2011. Antal beslag har også hatt ein nedgang denne perioden. - Det har vore få medieoppslag om amfetamin denne perioden. Det har vore nedgang i antal medieoppslag samanlikna med førre periode. - Eit fleirtal av personane i trendpanelet innan gruppa profesjonelle rapporterar om inga endring i både bruk og tilgang på amfetamin, sjølv om nokre har rapportert om auka tilgang og nokre har rapportert om gradvis auke i bruk. - Trendpanelet innan gruppa miljø rapporterar i hovudsak om inga endring i bruk og tilgang på amfetamin, sjølv om nokre har peika på gradvis auke i bruk medan andre har rapportert om nedgang. - Amfetamin blir omtalt som eit av dei mest brukte rusmidla på Stord. Amfetamin blir ofte kombinert med andre rusmiddel, som alkohol, cannabis, Rivotril, heroin og/eller Subutex. - Det har kome tilbakemeldingar på at amfetaminen har blitt reinare det siste halve året. - Amf, fart, joggesko, speed blir brukt som kallenamn på amfetamin. Heroin - Trendpanelet innan gruppa miljø rapporterar i hovudsak om inga endring i bruk og tilgang på heroin. Nokre har rapportert om gradvis nedgang i bruk og tilgang medan andre har rapportert om gradvis auke i bruk. - Eit fleirtal av informantane innan gruppa profesjonelle rapporterar om inga endring både i bruk av og tilgang på heroin. - Det har vore ein liten auke i mengde beslaglagt heroin, men nedgang i antal beslag det siste halve året i fylgje Kripos. Talmaterialet her er lite. - Heroin blir gjerne brukt i kombinasjon med andre rusmiddel, som amfetamin. - Smekk, hest, h, minus og nedøve blir brukt som kallenamn på heroin. - Prisen for eit gram heroin ligg på 700,- Alkohol Hovudtyngda av trendpanelet melder om alkohol som det mest brukte rusmiddelet på Stord. Alkoholsal og -forbruk visar seg å svinga frå sommar- til vintersesong. Me ser det difor naturleg å samanlikna sesong mot sesong i tillegg til periode mot periode når det gjeld alkohol. 8 F ø r e V a r - V å r 2 0 1 1
- Alkoholsalet frå utestadane har vore stabilt i høve førre periode. Salstal frå Vinmonopolet syner at alkoholsalet har vore stabilt sidan førre periode, medan det har vore ein liten nedgang sidan førre sesong. Tal frå alkoholsal ifrå butikkane syner at det har vore nedgang både i høve sesong og periode. - I følgje trendpanelet er det liten eller inga endring i bruk av eller tilgang på alkohol denne perioden. Innan gruppa profesjonelle har nokre peika på ei gradvis auke i bruk av alkohol blant rusmisbrukarar. Heimebrent er framleis så godt som ikkje-eksisterande på Stord, i følgje trendpanelet. - Tollvesenet har auke i beslaglagt mengde alkohol og har fleire beslag i denne perioden samanlikna med førre periode. - Det har vore færre avisoppslag om alkohol det siste halve året. Talmaterialet her er lite. Vi drikker mer enn nok alkohol (HA) og Rusa kvinne på ein snurr (Shl.) er døme på overskrifter knytt til alkohol siste periode. - Tal frå Politiet på Stord syner at det har vore ei auke i antal ordensforstyrringar ( 350,1.og2.ledd) og ein nedgang i saker som omhandlar promillekøyring ( 22.1). - I følgje trendpanelet innan arenaen profesjonelle er misbruk av alkohol det som i størst grad gjev sosiale og helsemessige problem. Alkohol blir ofte kombinert med fleire andre typar rusmiddel og medikament. Rustrendar i Bergen Me har også i denne rapporten valt å seie noko om rustrendar i Bergen. Det me her presenterar er basert på hovudfunn frå den siste Føre Var- rapporten, som Kompetansesenter rus region vest Bergen ved Stiftelsen Bergensklinikkene gav ut i juni 2011. I den siste Føre Var- rapporten frå Bergen vert det rapportert om auke i tilgang på og bruk av Subutex. Sjølv om det har vore ein nokolunde stabil trend for Subutex frå 2007 til 2011, har det vore aukande tilgang på og bruk av dette medikamentet det siste halve året i Bergen. Trendpanelet rapporterte om auke i både bruk og tilgang og politi og fengsel hadde auke i beslag av Subutex. Salstal frå apotek syner likevel ein nedgang i sal av Subutex for denne perioden (Føre Var, Bergen 01/11). Tilgangen på heroin, amfetamin og cannabis har auka dei siste seks månadane i Bergen. Sjølv om det har vore auka tilgang på desse stoffa har det ikkje vore vesentleg endring i bruk. Når det gjeld cannabis syner langtidstrenden ei tydeleg auke frå 2002 til 2011. Situasjonen for amfetamin har vore meir stabil frå 2008, men i perioden frå oktober 2010 til mars 2011 har det vore auka tilgang på dette rusmiddelet i Bergen. Også tilgangen på heroin har auka det siste halve året. Langtidstrenden for heroin i Bergen var stabil frå 2002 til 2006, men har vore aukande frå 2007. Det vert rapportert om nedgang i alkoholbruken i Bergen frå oktober 2010 til mars 2011. Alkohol har hatt ein aukande trend frå 2002 til 2008, men har sidan våren 2009 vore forholdsvis stabil. Det siste halve året har det altså vore nedgang i bruk og ingen endring i tilgang på alkohol. For dei fleste andre rusmiddel som ikkje er nemnt her har situasjonen vore stabil i vinterhalvåret. R u s t r e n d e r i S t o r d k o m m u n e 9
Oppsummering Det siste halve året har det vore ein relativt stabil situasjon når det gjeld bruk av og tilgang på fleire rusmiddel, som me i tidlegare rapportar har rapportert auke på. Amfetamin har dei siste åra hatt ein aukande brukstrend. I denne perioden ser me ei stabilisering av situasjonen for amfetamin og jamvel ein liten nedgang i bruk og tilgang. Amfetamin blir likevel omtalt som eit av dei mest brukte rusmidla på Stord. I førre periode rapporterte me om auka bruk av og tilgang på heroin. I denne perioden rapporterar eit fleirtal av kjeldene i trendpanelet om inga endring i bruk og tilgang på dette rusmiddelet. Også for fleire av medikamenta, som me våren 2010 rapporterte om auke i bruk av og tilgang på, ser me no ein liten tilbakegang. I den førre Føre Var- rapporten kunne me rapportere om ei stabilisering i bruken av nokre av desse medikamenta. Eit medikament me sist periode registrerte nedgang på var Xanor. Denne nedgangen ser ut til å halde fram også denne perioden. Også Valium, Vival, Stesolid, Suboxone og metadon har ein liten tilbakegang denne perioden. Når det gjeld Sobril, Dolcontin, flunitrazepam og Temgesic har det ikkje vore vesentleg endring i bruk og tilgang samanlikna med hausten 2010. Det blir i trendpanelet fasthalde at misbruk av ulike benzodiazepiner er utstrakt, og at sjølvmedisinering av ulike psykiske vanskar er sentralt. Cannabis har hatt ein aukande trend sidan 2005 på Stord. Auken i bruk av cannabis held fram også denne perioden. Også tilgangen på cannabis har auka i følgje trendpanelet. Cannabis er det rusmiddelet som trendpanelet rapporterar å vere mest vanleg ved sidan av alkohol. Denne perioden ser me også ein auke i den illegale bruken av Subutex og auka tilgang på dette medikamentet. Rivotril er eit legemiddel som blir brukt til behandling av epilepsi, men som i aukande grad har blitt nytta som rusmiddel fordi det mellom anna kan forsterke effekten av alkohol og opioidar. Me har i tidlegare rapportar meldt om auke i bruk og tilgang på dette medikamentet. I perioden frå oktober 2010 til mars 2011 visar våre funn ei utjamning i bruken av Rivotril. Likevel hevdar trendpanelet at den illegale bruken av dette medikamentet aukar. Fleire kjelder har hevda at det har vore stor innførsel av Rivotril frå utlandet det siste halve året. Då apoteka har hatt nedgang i salet av Rivotril, kan ein kanskje konkludere med at auken trendpanelet refererer til i stor grad er knytt til marknaden av utanlandske medikament som er innført illegalt. Dette kan sjå ut til å gjelde for Subutex også. Alkohol er det mest brukte rusmiddelet på Stord. Alkoholbruken har vore ganske stabil samanlikna med førre periode. Det har ikkje vore vesentlege endringar i alkoholsalet samanlikna med førre periode, sjølv om det er registrert nedgang i salet av alkoholhaldig drikke frå butikk. Samanlikna med førre sesong har det hos hovudvekta av kjeldene vorte registrert nedgang i salet av alkohol. Dette kan gjerne relaterast til ein rolegare aktivitet på arbeidsmarknaden i kommunen i vinter. 10 F ø r e V a r - V å r 2 0 1 1
PMMA er eit forholdsvis nytt rusmiddel, som me berre har hatt registrering av i dei to siste rapportane. Det kan tenkjast at auken me no ser skuldast at fleire no har høyrt om det, og at dei då rapporterer det som aukande. I løpet av siste periode har me registrert fleire andre rusmiddel som me ikkje har høyrt om på Stord tidlegare. JWH-08, som også blir kalla kjemisk hasj eller kunstig cannabis, er eit av desse. Det har kome tilbakemeldingar på at nokre strør det over tobakken og røyker det, og at dette er eit stoff som er lett å overdosere. MDMA er eit anna nytt rusmiddel, som liknar amfetamin. Stoffet skal visstnok gje seinare verknad enn amfetamin. Dette kan vera svært farleg, då brukarar gjerne inntek ny dose, og sjansen for overdosering aukar. Me har også høyrt om fleire tilfeller av bruk av barbiedop siste periode. Dette er eit stoff som gjev huden mørk brunfarge og som minskar matlysta, derav namnet. Ein kjenner i lita grad til biverknadene av dette stoffet. Likevel kjenner me til at fleire ungdomar har liberale haldningar til barbiedopet. Det vil vera viktig å ha augene opne også for desse nye stoffa/ rusmidla, slik at ein på best mogleg måte kan rette innsatsen mot aktuelle problemområde i arbeidet med rusrelaterte spørsmål i kommunen. R u s t r e n d e r i S t o r d k o m m u n e 11
Appendiks Skalaforklaring I tabell 1 har vi brukt følgjande skala for å identifisera endringar i løpet av dei siste seks månadane for kvart rusmiddel, og verdien er rutinedata gjeve i tabellane og analysetabellane. Skala for beslagsdata, salstal apotek og media 1 = sterk auke dvs. frå +75% og oppover 2 = gradvis auke dvs. mellom +25% til +74% 3 = inga endring dvs. mellom +24% til 12% 4 = gradvis nedgang dvs. mellom 13 til 37% 5 = sterk nedgang dvs. frå 38% og nedover Skala for data om alkoholsal 1 = sterk auke dvs. frå +11% og oppover 2 = gradvis auke dvs. mellom +5% til +10% 3 = inga endring dvs. mellom +4% til - 4% 4 = gradvis nedgang dvs. mellom -5% til -10% 5 = sterk nedgang dvs. frå -11% og nedover Skala for nøkkelinformantar 1 = gjennomsnittet ligg frå 2,3 og oppover 2 = gjennomsnittet ligg mellom 2,4 og 2,6 3 = gjennomsnittet ligg mellom 2,7 og 3,3 4 = gjennomsnittet ligg mellom 3,4 og 3,6 5 = gjennomsnittet ligg frå 3,7 og nedover Skala for talmateriale under 5 Når talet er 5 eller mindre vert dette indikert med teiknet * bak oppgjeven tendens. Når talmaterialet er under 5, blir ikkje sterk/svak brukt (1 eller 5), men berre inga endring eller gradvis auke/nedgang (2*, 3*, 4*). Dersom talmaterialet går frå 0 til 0, blir dette indikert medteiknet - og ikkje med 3*. Endrast talmaterialet berre med 1, gjev dette inga endring = 3*. Endrast talmaterialet med 2, gjev dette anten ei gradvis auke = 2*, eller ein gradvis nedgang = 4*. 12 F ø r e V a r - V å r 2 0 1 1
Talet 1 visar at det er ei sterk auke, medan talet 2 indikerar at det er ei gradvis auke. Der det ikkje føreligg endring visast dette med talet 3. Talet 4 visar at det er ein gradvis nedgang, medan 5 markerar at det er ein sterk nedgang. Teiknet * brukar me der det føreligg eit lite tal eller nummer, til dømes dersom det dreiar seg om små beslag. Ulike skalaer er brukt for å identifisera endringar for kvart enkelt rusmiddel og gje dei ein verdi i løpet av dei siste seks månadane. Me nyttar ein meir sensitiv skala der talmaterialet er lite. Analysetabellen nedanfor er ikkje vekta. Rusmiddel Tabell 1: Samanfatting av statistiske data, informasjon frå trendpanel og media i høve til rustrendar Leirvik Apotek Apotek 1 Stord Apotek 1 Heiane Toll mengde Toll beslag Kripos mengde Anabole steroider 1 3* 2* 3* 3* 3 3 Alkohol 1 2 3 3 5 5 3 4* 3 1 Cannabis 2* 2* 3 2 4* 2 1 Amfetamin 5 4* 4* 3 3 Ecstasy 4* 4* 3* 3 3 Kokain 3 3 PMMA 3* 2 2 Delis Kripos beslag Osvald Rema Heiane Rema Bjelland Vinmonopolet Media Informantar Brukstrend GHB/GBL 4* 3 3 Heroin 2* 4* 3* 3 3 Metadon 2 5 3* 3* 3 3 Subutex 3 5 1 4* 4* 2 2 Subuxone 3 5 3 3 Temgesic 5 5 1 2 3 Xanor 1 5 5 4* 3* 3 3 Valium 3 5 4 4* 4* 3 3 Vival 3 5 3 2* 3* 3 3 Rohyp/Flunip 3 5 1 4* 4* 3* 3* Dolcontin 3 4 1 3* 3* 3* 4 3 Rivotril 4 5 4 4* 3* 5 4* 4* 2 2 Stesolid 3 5 3 3 3 Sobril 2* 3* 3 3 Vekting X3 X3 X3 X2 X2 X2 X2 X2 X2 X3 X3 X4 X1 X4 X4 Informantar tilgang 1 = sterk auke 2 = gradvis auke 3 = inga endring 4 = gradvis nedgang 5 = sterk nedgang * = visar at det er snakk om svært små tal R u s t r e n d e r i S t o r d k o m m u n e 13
Vekting av kjeldene Informasjonskjeldene vert kategorisert og vekta avhengig av kor pålitelege dei er i høve til å indikera rusbruk og tilgang. Størst vekt (gonger fire) er gjeve alkoholsal frå Vinmonopolet og informasjon frå nøkkelinformantar. Desse data gjev relativt gode indikasjonar på faktisk bruk og tilgang. Nest størst vekt (gonger tre) er salsdata frå apotek og Rema 1000 Medium vekt (gonger to) er gjeve til beslagsdata frå tollvesenet og Kripos og alkoholsal frå utestadane. Minst vekt (gonger ein) er gjeve media og låge førekomstar av funn, uavhengig av kjeldeopphav (dette gjeld dei som er markert med stjerne i tabellen). Endringane me gjengir, er førre periode (april - september 2010) samanlikna med den siste perioden (oktober 2010 mars 2011). Analysetabellane inneheld verdiar på ein skala frå 1 til 5, og tala angir ulike tendensar for kvart rusmiddel i løpet av de siste seks månadane. 14 F ø r e V a r - V å r 2 0 1 1
Samandrag av verdiar - ikkje vekta og vekta for spesifikke rusmiddel For å identifisera forskjellige mønster blant dei forskjellige rusmiddel, samanfattar tabellen nedanfor verdiane når dei ikkje er vekta og etter at dei er vekta. Tabell 2: Samandrag av verdiar Rusmiddel IKKJE VEKTA VEKTA SUM 1 2 3 4 5 1 2 3 4 5 + - Anabole steroider 1 1 5 2 1 11 5 0 5 DIFFERANSE Alkohol 2 1 4 1 2 6 2 12 1 6 14 13 1 Cannabis 1 4 1 1 4 8 2 1 16 1 15 Amfetamin 2 2 1 8 2 2 0 6-6 Ecstasy 3 2 9 2 0 2-2 Kokain 2 8 0 0 0 PMMA 2 1 8 1 8 0 8 GHB/GBL 2 1 8 1 0 1-1 Heroin 1 3 1 1 9 1 1 1 0 Metadon 1 4 1 3 10 3 3 6-3 Subutex 1 2 1 2 1 3 8 3 2 3 14 8 6 Subuxone 3 1 11 3 0 6-6 Temgesic 1 1 1 2 3 4 4 6 10 12-2 Xanor 1 3 1 2 3 9 1 6 6 13-7 Valium 3 3 1 11 5 3 0 11-11 Rohypnol/flunipam 1 3 2 1 3 5 2 3 6 8-2 Dolcontin 1 5 2 3 10 7 6 7-1 Rivotril 2 1 5 2 8 1 9 5 8 19-11 Stesolid 4 1 14 3 0 6-6 Vival 1 5 1 1 15 3 1 6-5 Sobril 1 3 1 3 1 0 1 Utrekning av differanse For å identifisera forskjellige mønster blant dei forskjellige rusmiddel, samanfattar tabellen nedanfor verdiane når dei ikkje er vekta og etter at dei er vekta. R u s t r e n d e r i S t o r d k o m m u n e 15
Takk til...... Alle i trendpanelet... Bergensklinikkene... Vitusapotek Leirvik, ved Hege Kvalnes... Apotek 1, ved Steinar Vik Apotek 1 Heiane, ved Einar Fjelldal... Rema 1000 Heiane, ved John Ståle Eldøy... Rema 1000 Bjelland, ved Eivind Birkeland... Vinmonopolet, ved Jens Nordahl... Kripos... Politiet på Stord... Tollvesenet... Utestadane Tapperiet, Delis, Frugård, Osvald Vaktvesenet... Prosjektkopi Vest Litteratur Flesland, L. & Knoff, R.V.. (2011) Føre Var rapport, nr. 1, 2011. Stiftelsen Bergensklinikkene Mounteney, J. og Leirvåg, S.-E. (2007). Føre Var: Kartlegging av rustrender, Manual, 2007. Stiftelsen Bergensklinikkene www.fhi.no 16 F ø r e V a r - V å r 2 0 1 1
Nokre fakta Cannabis (Frå www.bergensklinikkene.no og www.fhi.no) Cannabis er fellesnamnet på hasj, marihuana og cannabisolje. Preparata stammar frå planta Cannabis sativa, eller indisk hamp. I cannabis fins det kjemiske stoff, cannabinoider som gjev rusverknad. Det viktigaste er tetrahydrocannabinol (THC). - Cannabis, og då fyrst og fremst hasjisj, er det mest brukte illegale narkotiske stoffet i Noreg. - Den vanlegaste inntaksmåten for cannabis er røyking. - Hasj som blir røykt, gjev frå seg ei markant søtleg lukt. - Verknaden av cannabis er, som ved andre rusmiddel, sterkt avhengig av brukaren sin personlegdom, forventningar og miljø, samt rusdosa. Rusen kan gjere brukaren avslappa og pratsam, og forsterkar ofte sansane. Hyppige latteranfall kan førekome. Rusen svekkar den kritiske sansen. Cannabis gjev både dempande og svakt hallusinogene symptom, noko som inneber endra oppfatning av røynda. Ruseffekten inntrer allereie kort tid etter at røyken er inhalert, med ein topp etter ca. 20-30 minutt. Brukaren får som oftast auka puls, raude auge, tørr munn, samt auka matlyst. Svekking av koordinasjon, konsentrasjon og reaksjonsevne er påvist opptil 24 timer etter inntak. Rusen kan også føre til svimmelheit og trøyttleik. Vidare kan korttidsminnet og tidsoppfatninga verte forstyrra. Akutte depresjonar, angst eller forfylgingsførestellingar kan også førekome. Brukt saman med andre narkotiske stoff og/eller alkohol kan verknadane verte forsterka. - Når det gjeld langtidsverknader vil røyking av cannabis truleg redusere kroppen sitt immunforsvar, og kan påverke hormonbalansen. Langvarig bruk aukar risikoen for angst- og depresjonsreaksjonar og kan utløyse psykosar hjå disponerte individ. Kopi av heile rapporten kan ein få ved å venda seg til Utekontakten, Stord kommune, Tlf. 53 49 66 44 / utekontakten@stord.kommune.no
ten Utekontakten, Stord kommune tlf. 53 49 66 44 utekontakten@stord.kommune.no Prosjektkopi Vest AS