FORVENT MYKJE, FÅ MEIR!



Like dokumenter
FORVENT MYKJE, FÅ MEIR!

Til deg som bur i fosterheim år

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

mmm...med SMAK på timeplanen

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.


Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Informasjon til elevane

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Velkommen til DUGNAD!

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Frå novelle til teikneserie


SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Søknadsinfo:

Valdres vidaregåande skule

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Månadsbrev for Rosa september 2014

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Månadsplan for Hare November

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Valfag Ulstein ungdomsskule 2018/19

Elevundersøkinga 2016

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Velkomen som konfirmant!

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

6. trinn. Veke 24 Navn:

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Velkomen som konfirmant

OK, seier Hilde og låser.

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Trudvang skule og fysisk aktivitet

Informasjonshefte Tuv barnehage

Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på!

Spørjeundersøking om sentrumsområde

KROPPSØVING LUSTER UNGDOMSSKULE Ved graden av måloppnåing er det naturleg å vurdere : styrke, spenst, hurtigheit, uthald og ballteknikk.

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Refleksjon og skriving

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

6-åringar på skuleveg

Velkome åt bygda vår!

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Jon Fosse. For seint. Libretto

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Samansette tekster og Sjanger og stil

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Om å høyre meir enn dei fleste

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Juvet Landskapshotell

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Valfag Ulstein ungdomsskule 2017/18

Respekt på Rommetveit skule

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Oppsummering trivselsundersøking våren 2016

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Internasjonal vidaregåande skule

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Transkript:

FORVENT MYKJE, FÅ MEIR! Magasin for Sunnmøre Folkehøgskule Skuleåret 2016-2017

Forvent mykje, få meir Sunnmøre Folkehøgskule ligg i hjartet av Sunnmøre. Hav, fjordar, strender og Sunnmørsalpar er våre næraste naboar. Det er difor klatrarar, reklamefolk, dykkarar, skifolk, kunstnarar, friluftsfolk og folkehøgskuleelevar kjem reisande hit frå fjern og nær. Dei vil oppleve noko vilt, vakkert og ekte. Sunnmøre Folkehøgskule er mykje meir enn berre flott og mektig natur. Vi har også stor breidde i fagtilbodet vårt, mellom anna friluftsliv, ballidrett, musikk, dans, film, reiseliv og internasjonal linje. Dette gir eit mangfald av elevar frå mange ulike land. Slagordet vårt er «Forvent mykje, få meir». Det beste med eit år på folkehøgskule kan ikkje dokumenterast med ord og bilder. Dette magasinet gir berre ein liten smakebit. Du må oppleve det for å forstå det. Du må vere her for å få det. Velkomen til oss! Helsing Arnt Ole Grimstad Rektor sunnmøre folkehøgskule skuleåret 2016 2017

NORGES FINASTE FOLKEHØGSKULE? les meir på s.24 sunnmøre vs verda REISER s. 9 Stort utval i linjer oversikt side 10-19 NY LINJE! FILM.friluftsliv s.12 innhald 2 4 forvent mykje, få meir Edelsteinen 5 tru og tvil 6 #sunnmorefhs 8 sunnmøre vs verda 10 musikk.friluftsliv.cuba 11 dans.cuba 12 film.friluftsliv 13 global.safari 14 idrett.ball.sør-afrika 15 golf.idrett.sør-afrika 16 multisport.sør-afrika 17 sjøsnøsurf.hawaii 18 butrening.aktivitet 19 leiartrening / internasjonal linje 20 på tvers mykje meir enn linjefag 22 når eitt år ikkje er nok 23 supert å bu i lag 24 norges finaste folkehøgskule? 25 her bur du 26 norges mest fornøgde elevar Redaksjon Ansvarleg redaktør: Arnt Ole Grimstad Redaksjon: Øystein Vegge, Bodil Muren Voldsund og Asle Geir Widnes Johansen Design: Osberget AS Opplag: 1500 Kontaktinformasjon Sunnmøre Folkehøgskule Varleitevegen 7, 6065 Ulsteinvik Tlf. 7000 9600, post@sunnmore.fhs.no www.sunnmore.fhs.no facebook.com/sunnmorefolkehogskule #sunnmorefhs Sunnmøre Folkehøgskule er eigd av KFUK-KFUM 3

EDELSTEINEN Edelsteinen er unik, slitesterk og vakker. Den kan slipast og formast. Vår logo fortel noko om dette. Vi ynskjer å vere ein stad der du føler deg heime. Der komfortsona di blir utfordra og du samstundes kjenner deg verdsatt og unik. «Denne skulen er ein heim, og denne heimen er ein skule». Desse orda er henta frå skulen sine over 100 år gamle ordensreglar, og gjeld den dag i dag. Du er kanskje vekke frå heimstaden for fyrste gong. Vi ynskjer deg velkomen heim til oss på Sunnmøre. Tidlegare elevar som besøker skulen snakkar om kor godt det er å «kome heim». Sunnmøre Folkehøgskule legg til rette for at akkurat du skal få utforske og utfalde deg i eit aktivt og trygt miljø. Vi legg vekt på eit rusfritt miljø og har null-tolleranse for bruk av rusmidler. Skuleåret vil handle om fart og kvile, skjemt og alvor, ettertanke og spontan galskap, samtaler og aktivitet. Skulen er eigd av KFUK-KFUM og ynskjer å ta vare på det heile mennesket med kropp, sjel og ånd. Verdiar som ærligdom, respekt og kjærleik skal prege både undervisning, fritid og internatliv. På Sunnmøre Folkehøgskule har vi ein visjon: «Vi skal få utrulege ting til å skje». Dette opplever vi kvart år på ulikt vis. Vi håper du har lyst til å vere med å «få utrulege ting til å skje». sunnmøre folkehøgskule skuleåret 2016 2017

tru og tvil Sunnmøre Folkehøgskule er eigd av KFUK-KFUM. Det er ein kristen barne- og ungdomsorganisasjon som har over 19.000 medlemmer rundt om i landet. KFUK-KFUM er ein del av YWCA (Young Womens Christian Association), som er det største kvinnenettverket i verda, og YMCA (Young Mens Christian Association), som er den største ungdomsbevegelsen i verda. Her i landet er KFUK-KFUM fyrst og fremst kjend for Ten Sing-kor, idrettslag og speidargrupper. Slagordet til KFUK-KFUM er Ver deg sjølv, stå opp for andre, noko du får vere med å verkeleggjere gjennom solidaritetsprosjektet til skulen. Sunnmøre Folkehøgskule formidlar eit kristent verdisett. Skulen har likevel elevar med ulik bakgrunn og ulike meiningar omkring kristne spørsmål. For nokre er det naturleg å vere med på skulen sine kristne tilbod på fritida. Andre ynskjer ikke å ta del i dei. Det blir ditt val når du kjem hit. I mellomtida kan du lese kva Sigurd, Lars og Kjartan meiner om verdiane skulen bygger på. sigurd om eit år på ein kristen skule Eg valde bevisst å gå på ein kristen skule. Eg har mange gode erfaringar frå ulike KFUK-KFUM-arrangement og trur skulemiljøet har godt av å vere bygd på kristne verdiar. Det forsterkar målet mitt om at eit folkehøgskuleår skal være eit annleis år. For meg sto valet mellom dei tre KFUK-KFUM-skulane Rønningen, Valdres og Sunnmøre, men valde denne skulen fyrst og fremst på grunn av linjetilbod og nærleiken til Sunnmørsalpane. lars om eit år på ein kristen skule Jeg var skeptisk til å gå på en kristen skole, ettersom jeg er direkte motstander av all religion. Selv om det nemnes ord om tro jevnlig så er det alltid i forbindelse med verdispørsmål som jeg som ikke-troende kan forholde meg til og ha interesse av å diskutere. Vi som ikke velger å ta del i frivillige religiøse arrangement føler oss aldri utenfor. kjartan om eit år på ein rusfri skule Et år på ein rusfri skule er slett ingen ulempe. Jeg valgte helt bevisst ein kristen skule. Jeg hadde lyst til å bli kjent med folk på ein annen måte - uten situasjoner der alkohol var inne i bildet. Til nå har jeg erfart at vi kan slippe oss løs og vere oss selv, uten å vere påvirket av rusmiddel. Det er utrolig hvor gøy en kan ha det på en folkehøgskole. Jeg vet ikke helt hvordan det er på andre folkehøgskoler, men jeg er glad jeg kom til Sunnmøre. Her fyller vi tida med elevkvelder, miljøaktiviteter og trening, og har det veldig sosialt døgnet rundt. 5

@martinej94 @ingbjeris @karinefoss @noravalen #sunnmorefhs magiske augneblikk @kviste @justoyvin På Instagram finn du meir enn 1000 bilete frå livet på skulen dei siste par åra. Vi har plukka ut nokre av dei for å gje ein smakebit om kva som ventar. Men hugs: Du må oppleve det for å forstå det. Du må vere her for å få det. @olemartink @olemartingronmyrs @justoyvin @ingridskarland @justoyvin @mkjeldsen @mkjeldsen @katlei95 @kristerlerberg @tirilfjell sunnmøre folkehøgskule skuleåret 2016 2017

@sunnmorefhsinsp @sunnmorefhsinsp @sigmagel @justoyvin @helenesola @mandsem @elinhaberg @mandsem @jstanum @justoyvin @justoyvin @karinefoss @olemartink @kviste @ingbjeris @sunnmorefhsinsp @tordegutt @justoyvin @ingbjeris @isakadsero 7

sunnmøre folkehøgskule skuleåret 2016 2017

sunnmøre vs verda Å oppleve andre kulturarer ein viktig del av eit folkehøgskuleår. På turane får du uendeleg inntrykk av lydar, smakar og mennesker. På den måten gir reiser meining og glede og ein ekstra dimensjon i skuleåret. I november skal vi forlate haustmørket og kulda her heime. Då reiser dei ulike linjene til ulike reisemål med sine heilt spesielle særpreg. Filmlinja vil kunne velje reisemål sjølve. Cuba - Dans.Cuba og Musikk.Friluftsliv.Cuba Cuba er heftige rytmer, salsa, tropisk klima, krittkvite strender og ei reise tilbake i tid. Eit annleis land med ei spesiell historie og eit heilt unikt samfunn der tida har stått meir eller mindre stille i 60 år. Sør-Afrika - Idrett.Ball.Sør-Afrika, Multisport.Sør-Afrika, Golf.Idrett.Sør-Afrika og Global.Safari Cape Town i Sør-Afrika er ein fantastisk miks av folkeliv og musikk. Nokre dagar bur du hos vertsfamilie og deltek i gateprosjekt. Andre dagar er det mellom anna aktivitetar som fallskjermhopp, golf, safari og verdas høgste strikkhopp på 217 meter. Tanzania - Global.Safari På turen til Tanzania kjem du tett på afrikansk kultur, natur og folkeliv. Her får du innblikk og opplevingar ein vanlegvis ikkje får sjå som turist. Turen vert avslutta med dagar på krydderøya Zanzibar med nokre av dei vakraste strendene i verda! Hawaii - Sjø.Snø.Surf Hawaii er meir enn ei tropisk paradisøy med asurblått hav, palmesus og Waikiki Beach. Det er også ein stad for surfing på strendene der surfinga ein gong starta. I tillegg vil du oppleve snorkling, dykking og luftige fjellturar på kvasse vulkanar opp mot 3000 meters høgde. Reisemålet for Butrening.Aktivitet vert bestemt etter skulestart ut frå føresetnadane til elevgruppa. 9

MUSIKK.friluftsliv.cuba Denne linja er ein suveren miks av mykje musikk iblanda det beste av friluftsliv. Med sporty og aktive bandfolk og songarar, gir musikklinja muligheit for sterke musikkopplevingar. Samstundes vil du oppleve Sunnmørsnaturen på sitt aller beste. I Cuba vil du på kvart gatehjørne bli fanga av rytmene frå musikkkaféar og livlege nattklubbar. Tilbake i øvingslokala dannast det ulike husband og på klubbscena er det intimkonsertar, miljøcafé og jamsessions. På musikalframsyninga spelar og syng du for til saman 2500 tilhøyrarar. I det splitter nye studioet lærer du meir om opptak, miksing, effektar og låtproduksjon. I Logic kan du prøve deg som DJ, lage mashups og produsere eigne ting basert på samples og loops. Skuleåret avsluttast med CD-innspeling av eigneproduserte låtar. linjeinnhald CD-produksjon Huskonsertar Musikkcafè Musikal Studioarbeid Opptak i Logic Miksing/Mastring Analog/digital miksar Låtproduksjon Rytmelære Band Arrangering Komponering Samspel Sangteknikk Besifring piano/gitar Musikkteori Klatring Toppturar Kajakk Ski/brett Sykkel Følg linja på Instagram #musikksunnmorefhs Følg linja på Spotify sufh musikk sunnmøre folkehøgskule skuleåret 2016 2017

dans.cuba Du har dansa funk i tre timar allereie. Terping av trinn og nye bevegelsar. Sveitten og sminka renn nedover ansiktet og du kjenner det i hele kroppen. Du får uttrykt noko viktig gjennom dansen. For det er dette dans handlar om; å kommunisere utan ord. Det er eit kroppsspråk du vil merke på skuleturen til Cuba. Der vil du være omgitt av rytmer, musikk, salsa og danseglede frå du står opp til du legg deg. Tilbake i dansesalen er dagane fylt med jazz, hip-hop, moderne og samtidsdans. Musikal og danseforestillingar vil vere store fellesopplevingar. Andre veker har du prosjekt med musikklinja, filmcrew og fotoshoots. På linjetur til London tek du danseklassar og er innom store oppsettingar og små dansescener. Heime på Sunnmøre vil den fantastiske naturen bli brukt både som scene og som inspirasjon til nye prosjekt. linjeinnhald Samtidsdans/moderne Jazz Funk/Hip Hop Intro klassisk ballett Improvisasjon Koreografi Scenografi Dansehistorie Salsa Yoga Cheerleading Danseklasser i London Danseprosjekter Forestillinger Musikal Dansens Dag Følg linja på Instagram #danssunnmorefhs 11

film.friluftsliv Den eine dagen står du i laussnøen på Strandafjellet Skisenter og flyg ei drone. Då får omgrepet fugleperspektiv eit nytt innhald. Ein annan dag låner du dykkerutstyr og hoppar i havet med ein av landets beste undervassfotografar. Over deg leikar surfarane seg. Under deg symjar fiskestimar i glasklart vatn. Vel heime fortset prosessen frå opptak til redigering og ferdig film. Så er du klar igjen. Klar for nye oppdrag. Klar for å lage ein musikkvideo eller ein fleirkameraproduksjon av ei danseforestilling. Klar for å lage dokumentar om reiser til spanande stadar på Sunnmøre eller ute i verda. På Film.Friluftsliv blir du ikkje berre ein betre filmskapar, du får óg eit samansatt folkehøgskuleår med storslåtte turar og opplegg saman med dei andre linjene. linjeinnhald Fiksjon og dokumentar Reklame og action Drone Undervassfilming Timelapse Animasjon/design Final Cut pro X Adobe After Effects Fotografering Kameraføring/steadycam Kamerateknikk/lyssetting Fleirkameraproduksjon ny linje i 2016! sunnmøre folkehøgskule skuleåret 2016 2017

global.safari Global betyr altomfattande og Safari betyr reise. Du får møte mange interessante menneske i alle aldrar, og spennande kulturar i Aust- og Sør-Afrika og Midtausten. I Tanzania får du med deg soloppgang over løver og giraffar, og på Zanzibar får du eit kultursjokk i fargar i møte med korallrev, sandbankar og turkisfarga hav. På Robben Island i Sør-Afrika besøkjer du fengselscella til Nelson Mandela, og i Midtausten møter du folk som framleis arbeider for rettferd og fred. Heime i Norge får du det beste av folkehøgskulelivet og det beste av naturen på Sunnmøre. Det vert eit år der du er mykje på tur, men likevel er kanskje den viktigaste reisa inni deg sjølv. Følg linja på Instagram #globalsafari linjeinnhald Tanzania Sør-Afrika Israel & Palestina Safari Tanzania Zanzibar Cape Town Robben Island Jerusalem & Betlehem Globale spørsmål Reiseforberedelse Solidaritets- og fredsarbeid Kultur & kommunikasjon Refleksjon & diskusjon Sang, musikk & dans Møte med barn og unge Vertsfamilie Langsomt friluftsliv Landsbyliv & byliv YWCA & YMCA Idrettsaktivitet Guida turar Bading i Dødehavet Ekstremsport i Sør-Afrika (ind. betaling) 13

idrett.ball.sør-afrika For nokre er det vanskeleg å sitte i ro. Dei vil helst vere i aktivitet - med eller uten ball. Enten det er i gymsalen, kunstgrasbana, treningssenteret eller på tur. I Sør-Afrika møter vi mennesker og aktivitetar som gir høg puls og bankande hjerte - enten det er i eit strikkhopp på 217 meter eller i møte med «Homeless Soccer»-prosjektet blant fattige i Cape Town. I løpet av året vil du kjenne den gode kjensla av å sette spor i urørt puddersnø. Spenninga når paraglideren får luft eller bølga tek tak i surfebrettet. Smerta over ei litt for hard takling eller når ei paintballkule treff deg i ryggen. Gleda over eit perfekt treff på ballen på fotballbana. Ikkje berre i 2 x 45 minutt, men eit heilt år. Eit heilt år med samhald, gode lagkameratar og sterke opplevingar. linjeinnhald Sør-Afrika Fotball Volleyball/beachvolley Golf Handball Treningsstudio Paragliding testdag Ski/snowboard Langrenn Surfing på Stad Kajakk Squash/badminton Klatring Skøyter/ishockey Stup/svømming Frisbeegolf Go-kart Paintball Leirdueskyting Topptur Sunnmørsalpane Kampsport Strikkhopp 217 m Homeless soccer Ulike prosjekt Cape Town ATV/Zipline Cricket/touchrugby Følg linja på Instagram #idrettballsunnmorefhs sunnmøre folkehøgskule skuleåret 2016 2017

Golf. Idrett.Sør-Afrika Denne linja har ingen hole in one -garanti. I staden kjem vi med ein all in one -lovnad. For her speler du ikkje golf heile året. Utanfor golfsesongen vil ballspel og ski/snowboard dominere, medan aktiviteter som surfing, paragliding og paintball spriter opp kvardagen og klassemiljøet. Sør-Afrika tilbyr fantastiske golfbaner, golfundervisning for barn i townships og mulegheit for adrenalinkick med strikkhopp eller dykking med kvithai. På Sunnmøre Golfklubb vil både den etablerte golfar og nybyrjaren få god instruksjon av ein lærar med 4,5 i handicap og klubben sin PGA-pro. Vi spelar på ulike banar på Sunnmøre og Sør-Afrika og dreg på treningsleir til Portugal. På Sunnmøre Golfklubb har du gratis spelerett. Den ligg berre eit langt utslag frå skulen. linjeinnhald Sunnmøre Golfklubb Golf i Cape Town Treningsleir Portugal «Veien til golf»-kurs PGA-pro frå New Zealand Svinganalyse Slagspel-turnering Stableford-turnering Senk handicappet ditt «Golf-extreme» Svingtrening Next level Volleyball Fotball Ski/snowboard/langrenn Treningssenter Surfing Paragliding testdag Stup/svømming Paintball Golf prosjekt - townships Leirdueskyting Vintersport Frisbeegolf ATV/ziplines Følg linja på Instagram #golfidrettsørafrika 15

Multisport.sør-afrika Gjennom sportsprega friluftsliv vert du komfortabel utanfor komfortsona. Du ferdast i mektige Sunnmørsalper, klatrer Bladet i Molladalen og jaktar puddersnø og urørte fjellsider i kvasse vestlandfjell. Du måler krefter med storhavet på eit surfebrett i Hoddevika eller på vannski bak RIB-båten inn vakre Hjørundfjorden. I Sør-Afrika er det tid for ATV, fallskjermhopp, terrengsykling, zipline, surfing og verdas høgaste strikkhopp. Rundt leirbålet heime finn du ei eiga ro og deler dagens oppturar og nedturar med gode klassekameratar. På bålet blir middagen tilberedt og du sovnar mett, sliten og tilfreds i ein sovepose under stjernehimmelen. I morgon ventar ein ny fullspekka dag. linjeinnhald Klatring Elv-/grotteklatring Terrengsykling Surfing Toppturar på ski Ski/snowboard Strikkhopp Haidykk «Pudderjakt» Via Ferrrata Skredkurs Langrenn Toppturar i Sunnmørsalpane Sykkelekspedisjon Trollstigen «Oppdrag Hjørundfjorden» Fallskjermhopp Vannski/kajakk/snorkling Strandafjellet Skisenter Snøholetur Squash Snøskuter/firhjuling Curling RIB-turar Bålsamtaler Følg linja på Instagram #multisportsunnmorefhs sunnmøre folkehøgskule skuleåret 2016 2017

SJØSNØSURF.hawaii Vestlandet byr på eit hav av freistingar. Her kan det vere skikkelig uver og det kan blåse nordavind fra alle kantar. Heldigvis! Då er du i ditt rette element. Det merkar du når du surfar di fyrste grøne bølgje i Hoddevika eller på Hawaii. Den gløymer du aldri. Du er óg i ditt rette element når du tek på deg våtdrakta og dykker ned i ei ny verd. Ei verd av klart vatn, fargerike manetar, fiskestimar og nysgjerrige selar. På vindfulle dagar får du friske opplevingar i kajakk eller i båt. Med eller utan segl. Og på godversdagar ser du kvitkledde Sunnmørsalpar stupe rett ned i fjorden. Det danner vakre kulisser for Oppdrag Hjørundfjorden og skiglede i urørte fjellsider. Turen til Hawaii er ein toukers roadtrip med hiking, natur, fossar, surfing, bålprat og eit flott turfellesskap. Det er på slike dagar du tenker: Himmel og hav for eit år det skal bli! linjeinnhald Linjetur Hawaii Surfing Segling/regatta Topptur Kajakkekspedisjon «Møte med det ukjente» «Oppdrag Hjørundfjorden» 10-kamp Fridykking basseng/ute Strandafjellet Skisenter Snøholetur Bålprat Pudderjakt Elvevandring Ski/Snowboard Fisketur Sunnmørsalpane Klippehopping Solodøgn Vannski/Wakeboard Fjelltur Fuglefjellet på Runde Langrenn Dollsteinhola Følg linja på Instagram #sjøsnøsurf 17

Butrening.Aktivitet Det er godt å ha ekstra støtte når du skal prøve noko nytt i kvardagen. For nokon kan det vere å ta kontakt med andre, å gjere daglege aktivitetar eller å reise. For andre kan det vere å få meir sjølvtillit. På Butrening.Aktivitet får du tilpassa undervisning i trygge omgjevnader. Her trenar du på å bu åleine, delta i aktivitetar og å vere saman med andre ungdommar. linjeinnhald Friluftsliv Mat/helse Turplanlegging Veiledningssamtalar Fotobok Nettvett/telefonbruk Scenetrening Personleg økonomi Musikk Drama/stemmebruk Maling/snekring Personleg hygiene Filmlaging Konfliktløysing Rom-/klevask Bedriftsbesøk Utanlandstur Innsamlingsaksjon Museumsbesøk Skuleutveksling Følg linja på Instagram #butreningaktivtetsunnmorefhs sunnmøre folkehøgskule skuleåret 2016 2017

leiartrening Du har kanskje slått det fast allereie: Det held ikkje med éit år på folkehøgskule. Du vil ha meir! Du vil vere andreårselev - eller stipendiat som det blir kalla i folkehøgskulen. Dette er eit år med fokus på teoretisk leiartrening og praksis som vegleiar. Som ven og rettleiar kjem du tett på elevar og tilsette. Du vil få medansvar for det sosiale skulemiljøet og får oppgåver knytt opp mot den praktiske skulekvardagen. Av den grunn betaler du ikkje skulepengar. På denne linja vil søkjarane bli intervjuaa og det er begrensa plassar. Personlegdomsteorier Leiarstilar Teambygging Organisasjonskultur Prestasjonspsykologi Konflikthåntering Kommunikasjon Miljøarbeid Internasjonal linje Internasjonal linje er eit halvtårskurs som har base på skulen. Du vil jobbe med eit lokalt utgangspunkt og eit globalt perspektiv. Halvtårskurset er lagt opp som ei god blanding av praktiske erfaringar, foredrag og refleksjonar i grupper. Gjennom året på internasjonal linje vil du ha praksisplass hjå KFUK-KFUM og Kirkens Nødhjelp samt lokale aktørar på Sunnmøre. Linja opnar også opp for eit møte med norsk kultur og natur der du får ta del i fellesopplevingar med andre elevar i den storslåtte sunnmørsnaturen. Religionsforståing Dialog Konfliktløysning Kulturmøter Internasjonal politikk Utvikling Bistand Etisk handel Menneskerettar Klimautfordringar 19

PÅ TVERS MYKJE MEIR ENN LINJEFAG Du søkjer deg inn på eit linjefag, og brukar mykje av tida di der. Når året er omme kan det likevel vere fellesopplevingar, undervisning og turar på tvers av linjene som sit sterkast igjen. Her vil du oppleve meir enn du trudde var mogleg då du starta skuleåret. MUSIKAL Kvart år skaper elevar og lærarar ved skulen ein musikal. I to veker legg vi all anna undervisning til side, og jobbar kun med den. Her kan du utfalde deg, anten du drøymer om å stå på scena eller arbeide med lyd og lys. Kvart år ser nærare 2500 personar oppsetninga i kulturhuset Sjøborg. Sist skuleår sette elevane opp Ronja Røverdatter. Tidlegare år har mellom anna Rockeulven, Grease, Annie, Fame, Løvenes Konge, High School Musical, Happy Feet og Jungelboken stått på programmet. VALFAG I løpet av skuleåret kan du velge fritt mellom 25-30 valfag. Du vel to av dei på haustsemesteret og to nye etter jul. Du bestem sjølv om du vil at valfaga skal supplerer linjefaget ditt eller om du vil ha fag som utfordrar deg på heilt nye områder. Valfaga kan variere noko fra år til år, men dei siste par åra har vi mellom anna tilbydd desse faga: barista, segling/friluftsliv, klatring, golf, vokalgruppe, kreativ foto, dans, teatersport, fotball, snikkar, sykkel, diakoni, gruppeinstruktør/aerobic, piano, friluftsliv, kor, maling, mat på bål, fiks, gitar, volleyball, band, turn, longboard, hybelmat, redesign, film, styrketrening og knivlaging. Du finn meir info om valfaga på www.sunnmore.fhs.no sunnmøre folkehøgskule skuleåret 2016 2017

SOLIDARITETSPROSJEKTET Kvart år samlar vi inn penger til eit solidaritetsprosjekt. Skuleåret 2015-2016 er målsettinga å få inn 500.000 kroner. Hovuddelen av desse midlane skal gå til eit arbeid vi driv i Ilula i Tanzania saman med Ilula Orphan Program og Ilula YMCA. Her samarbeider vi mellom anna om ein «folkehøgskule». Dette er ikkje ein vanleg folkehøgskule i norsk forstand, men ein bolig for foreldrelause jenter som ikkje har annan stad å bu. SKIVEKA I mars reiser heile skulen til vinterfjellet. For mange er dette eit stort høgdepunkt. På dagtid køyrer vi ski eller snowboard og går langrenn. På kveldstid er det brettspel og underhaldning på programmet. Dette er ei veke som er over så alt for fort! I tillegg til prosjektet i Ilula samlar vi også inn pengar til eit «Homeless Soccer»-prosjekt i Cape Town i Sør-Afrika. Dette prosjektet vert dreven saman med ei lokal KFUK- KFUM-gruppe. Elevkveldar og andre miljøaktivitetar Fellestur til Runde og Geiranger Seminar og fellesfag Valfag og frivillige kurs 21

Når eitt år ikkje er nok Vi skal vere eit bindeledd mellom lærar og elev. Vi skal lære bort og vere forbilde. Samtidig kan elevane kome til oss om det er noko. Vi har vore gjennom eit år her allereie. Det fortel dei to stipendiatane Ingvil Sønnesyn Berg (19) frå Larvik og Lars Kristian Ruud (20) frå Ørje. Dei har bak seg eit år på Sunnmøre Folkehøgskule. Men så fekk dei lyst til å vere der eit år til, no gjennom stipendiatordninga for leiartrening. Dei er dermed to av elleve elevar i stipendiatgruppa og oppgåva er kort fortalt å vere ein slags hjelpelærar i skulekvardagen. Lærarane er flinke til å gi oss oppgåver og å utfordre oss, fortel Ingvil. Ho opplevde det veldig positivt at ho, saman med ein annan stipendiat, fekk ansvaret for ein overnattingstur til Borgarøya. Både elevar og lærarar opplevde turen som triveleg og samanspleisande. Ingvil likar å sjå smila og gleda i auga på elevar som med eitt meistrar ei utfordring. Det er veldig motiverande. Vi må pushe elevane litt for å få dei til å stå fram og seie kva dei meinar. I tillegg er det kjekt å kjenne at eg sjølv utviklar meg. Det å leie ei gruppe fyrste gongen, og å få positive tilbakemeldingar frå deltakarane, det gjer ekstra godt, fortel ho. -Kva er dei største utfordringane de møter? Det er mykje å gjere, mykje planlegging. Så gjeld det å finne den rette balansen mellom det å vere leiar og elev. Det dreier seg om respekt kontra det å vere kompis, påpeiker Lars Kristian. Kvifor valde du å bli stipendiat? Eg gjekk her i fjor og elskar folkehøgskulelivet. Og så er eg er veldig glad i friluftsliv. Den kombinasjonen traff meg midt i hjartet. Dessutan har eg vore leiar i ein del samanhengar og har likt det. Eg trivst med leiartrening, og ynskjer å bidra til at elevane får oppleve eit like godt år som eg hadde. Det å sjå at folk blir betre på ting, lykkast og får sjølvkjensle - det er sterke opplevingar, seier Lars Kristian. Forholdet til lærarane er veldig bra. Dei tek vare på oss og backar oss opp. Dei viser at dei set stor pris på oss, og det kjennest godt. Vi føler verkeleg at vi gjer nytte for oss her på skulen, avsluttar Ingvil og Lars Kristian. les meir om leiartrening på side 19 sunnmøre folkehøgskule skuleåret 2016 2017

Supert å bu i lag Det første møtet med romkameraten? Eg såg med ein gong at dette var ein person det ikkje ville bli vanskeleg å bli kjent med. Skulen har truffe godt med romfordelinga, synest eg. Det seier Eirik Oden Evertsen (19) frå Larvik og nikkar mot romkameraten Mathias Andsem (21) frå Arendal. Dei såg kvarandre for første gong då dei møttest på rommet dei skulle dele. No nyt dei internatlivet og er fulle av lovord om kvarandre. Det er husmora som står for romplasseringa av elevane. Då vi kom, var alt avgjort. Vi har vore heldige. Vi er veldig like og deler dei same verdiane, smiler dei to. Har skulen drive kartlegging? Det kan nesten sjå slik ut. Vi er begge to ryddige. Vi likar å ha orden på eigne saker, og når det fungerer så fint, kjennest det bra, seier Eirik og Mathias. Korleis er det å dele rom med nokon de ikkje kjenner frå før? Eg synest det er fint å bu saman med ein person. Då er du ikkje åleine, seier Eirik, og Mathias legg til: Eg er enig. Det er også mogleg å trekkje seg tilbake på rommet for å få vere litt åleine. Vi er flinke til å gjere avtalar om det. Det vi ikkje er like på, er leggetid. Då må vi ta opp korleis vi kan gjere dette mest mogleg omsynsfullt. Det har gått fint. Det er viktig å snakke saman og ta opp ting før det blir eit irritasjonsmoment. Kva konflikt kan oppstå når ein deler rom? Den største konflikta kan oppstå er dersom den eine er eit ordensmenneske og den andre ein rotekopp. Men det har altså ordna seg fint for oss, seier dei to romkameratane. Kva med rydding og vask? Kvar fredag har vi vask, og då tek vi heile rommet saman. Skulen har sett av ein time. Då set elevane på musikk, opnar dørene på romma og har det rett så sosialt. Kva er det beste ved å bu slik? Kanskje at det blir ein person du blir ekstra godt kjend med, og som du innimellom kan prate litt djupare med. Det er veldig greitt å kunne gjere det. Det treng ikkje vere den personen du heng mest i lag med på fritida. Vi to heng ikkje for mykje med kvarandre. Vi går heller ikkje på same linje, og det er eit smart trekk av skulen, konkluderer Eirik og Mathias. 23

Norges finaste folkehøgskule? Det beste med eit år ved Sunnmøre Folkehøgskule er alle dei kjekke folka. Men det skadar sjølvsagt ikkje at vi held til i eit tidligare SAS-hotell. Våren 2015 stod ei ny musikkavdeling med studio, eit nytt kapell og fleire nye klasserom klar til bruk. Det er ikkje så rart vi kallar oss Norges finaste folkehøgskule. I det daglege merkar du det på ei rekke område. Ein av fordelane er at heile skulen er under eit tak. Det betyr at du kan gå frå rommet ditt til matsal og klasserom utan å ta på ytterklede. Og klasseromma er ikkje slik du kjenner dei fra vidaregåande skule. Her er det amfi, auditorium, salar og konferanserom som gir skulekvardagen det lille ekstra. I internatfløya bur du på store enkelt- eller dobbeltrom med eige bad og dusj og med ei fantastisk utsikt over havet. På kvar etasje er det trådlaust nettverk, tv-rom og servicestasjonar med vaskemaskinar og tørketromlar. I kjellaren er det ei elevstove med mellom anna scene, biljard og bordtennis. Her er det også eit internatkjøken med komfyr og oppvaskmaskin til fri disposisjon. På tunet finn du skulen sin gymsal. Og vegg-i-vegg med den er det eit treningssenter du kan nytte gratis. Det er ein del av Aktiv-kjeda og inneheld ein spinningssal, dansesal og to squashbaner i tillegg til vanlege vekter og apparat for styrketrening. Du kan og delta gratis på gruppetimar på eit anna treningssenter som kjeda har i Ulsteinvik. Utanfor tunet har vi lysløype som gir flotte forhold for å sykle, gå og jogge. Vi har eiga trakkemaskin, og på vinteren lagar vi skispor i lysløypa så fort det kjem snø. Fem minutters gange frå skulen ligg både innendørs og utendørs kunstgrasbane og ein splitter ny fotballstadion. I tilknytning til stadion er det også ein ny friidrettshall, der det vart arrangert innendørs-nm i mars 2015. Er du glad i golf, er Sunnmøre Golfklubb sin ni-holsbane berre ein kort sykkeltur unna. Her har du gratis spelerett om du er elev på Golf.Idrett.Sør-Afrika. sunnmøre folkehøgskule skuleåret 2016 2017

Her bur du molde Skulen ligg fem minutt fra Ulsteinvik sentrum. Ulsteinvik by har ca 8000 innbyggarar og er kanskje mest kjent for skipsindustrien og fotballaget Hødd. Byen vart i 2012 kåra til landets mest attraktive tettstad og er eit handelssenter for ein region på drøye 25 000 mennesker. SUFH ålesund Sunnmøre Folkehøgskule ligg om lag fem minutts køyretur frå sentrum. Her finn du kjøpesenter, nytt kulturhus med kino og konsertsal, bowling, ulike kaféar/ spisestadar og ellers det det du treng. Skulle du sakne noko, ligg Ålesund berre ein liten time unna. hoddevik/stadt volda stranda geiranger 45 minutt med buss og hurtigbåt frå Ålesund sentrum 30 minutt med buss frå Ørsta/Volda lufthamn, Hovden 45 minutt med buss og hurtigbåt frå Ålesund lufthamn, Vigra Opptak frå 1. feb 2016 Heimesida vår sunnmore.fhs.no gir deg utfyllande informasjon om økonomi, linjetilbod, turar m.m. Om du vil følgje med oss i det daglege, finn du skulen og dei ulike linjene på Facebook. Opptaket startar 1.februar, og du kan søke heilt fram til skulestart i august. Erfaring viser at nokre linjer blir raskt fylt opp så det er lurt å vere tidleg ute med søknaden. 25

Norges mest fornøgde elevar! Norske folkehøgskuleelevar er landets mest fornøgde elevar! Dette er ikkje ein påstand frå ein høgt gira folkehøgskuletilsett, men det er slått fast tre år på rad i ei stor undersøking. I undersøkinga frå analysebyrået EPSI kjem det fram at norske folkehøgskular skårer klart høgare enn universitet og høgskular på spørsmål om kor tilfredse elevane er med studiet sitt. Spesielt opplevinga av engasjerte personale, spanande studiereiser og godt undervisningsopplegg vert trekt fram som moglege forklaringar på desse resultata. Sunnmøre Folkehøgskule har i år for fyrste gong vore med i undersøkinga. Heilt ferske tal viser at vi har enno meir tilfredse elevar enn gjennomsnittet for folkehøgskulane. For der skuleslaget som heilhet har ein indeksskåre på 76,2 - noko som altså er høgast i landet - er dei tilsvarande tala frå våre elevar heile 86,8. Også tal frå studentum.no tyder på at elevane på Sunnmøre Folkehøgskule er tilfredse med skulekvardagen. Nettstaden baserer seg på omtaler frå tidlegare elevar som har vurdert skulen ut frå ulike kriteriar. Resultata viser at 100 prosent av dei anbefaler skulen vidare til andre. Gjennomsnittsskåren ligg på 4,8 på ein skala frå 1-5. Høgare er det nesten vanskeleg å kome. På neste side kan du lese nokre utdrag frå elevtekstar plukka frå studentum.no. Dei og mange andre finn du på: sunnmore.fhs.no >> kontakt >> studentum sunnmøre folkehøgskule skuleåret 2016 2017

SUFH ER faktisk Norges beste folkehøyskole. Med en fantastisk beliggenhet i Ulsteinvik, og et tidligere SAS-hotell som bygg, er det lite som kan måle seg med denne skolen. De ansatte på skolen er en utrolig bra og morsom flokk med dyktige mennesker. Man merker at de trives på jobb og sammen med hverandre noe som betyr enormt mye for miljøet ellers på skolen. Jeg kan ikke gjøre annet enn å anbefale Sunnmøre Folkehøyskole på det varmeste. Du vil få det beste året i ditt liv! Uten tvil! Sara Om du vil at ditt folkehøgskole år skal være best mulig. Velg SUFH verdens beste folkehøgskole! Mari Skolen er fin, linja er super og utenlandsturene er konge. Hans Sunnmøre folkehøyskole er ikke bare en folkehøyskole, det er et hjem. Jeg unner alle det! Linn Sunnmøre folkehøgskole er ikke en veldig stor skole, man blir kjent med alle, og det er veldig sosialt mellom linjene. Du vokser veldig på dette året samtidig som du mestrer utfordringer og får venner og minner for livet. Skikkelig bra utnyttet friår! Merethe Sykt bra skole! Jeg har hatt mitt beste år på denne skolen. Hver dag er helg! Stine Sunnmøre folkehøyskole har alt. Velger du SUFH, kan jeg GARANTERE deg at du ikke vil angre. Tomine SUFH er virkelig en skole du ikke vil gå glipp av. Her er det mange kjekke lærere, og du vil få mange nye venner for livet. Thu Latterlig bra folkehøgskole! Selve skolen har en utmerket beliggenhet ved siden av både fjellet og havet, så her er det noe for alle. Linjefagene er episke og valgfag og annet går på kryss og tvers, så du vil bli kjent med absolutt alle på skolen, noe som fører til tidenes miljø. Du vil stortrives uansett hvilken linje du velger! Jørgen Hurra! Sunnmøre Folkehøgskule er virkelig fantastisk! Jeg vil anbefale deg SUFH på det aller sterkeste! Ruth Cecilie Er du i tvil om hva du skal gjøre? Velg folkehøgskule, og blant alle folkehøgskuler, velg Sunnmøre! Jeg kan nærmest garantere at det blir det beste året i ditt liv! Knut Erik Å gå på Sunnmøre Folkehøgskule er det beste valget jeg noen gang har tatt. Til nå det beste året i livet mitt :) Karine På Sunnmøre Folkehøyskole får du kontakter, venner og bestevenner fra hele landet. SØK! Du kommer ikke til å angre! Lars Kristian Fine turer, mye utfordringer og utrolig bra lærere! Ingrid Lærerstaben på Sufh er helt fantastisk. De har veldig godt miljø, noe som smitter over på elevene. Med treningssenteret som nærmeste nabo, og gratis medlemskap er det ikke vanskelig å holde seg i form i løpet av året! Rett ved skolen er det også en lysløype som egner seg godt for joggeturer, gåturer og skiturer på vinterstid. Sunnmøre har Norges flottaste natur, og den får du virkelig oppleve her. Miljøet blant elevene er fantastisk. Her blir du godtatt som du er, og det er alltid noe kjekt som skjer på kveldstid og fritid. Med utenlandsturer, fellestur og andre felles arrangement er det lett å knytte gode vennskap med flotte medelever. Om du vil at ditt folkehøgskole år skal være best mulig, velg SUFH - verdens beste folkehøgskole! Mari 27

neste år er det din tur! Opptak frå 1. februar 2016 Søk allereie i dag på www.sunnmore.fhs.no