SFE Nett AS Bukta 6823 SANDANE Vår dato: 04.11.2015 Vår ref.: 201504940-8 Arkiv: 611 Dykkar dato: Dykkar ref.: Sakshandsamar: Anine Mølmen Andresen 22 95 98 46/aman@nve.no Oppgradering av 66 kv leidning Øksenelvane Lunden. Oversending av løyve Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har i dag gjeve SFE Nett AS konsesjon og løyve til oreigning for å gjere endringar på og framleis drive 66 kv-leidningen Øksenelvane Lunden i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane fylke. Vedlagt følgjer NVE sine løyve. Dokumenta finst òg på www.nve.no/kraftledninger. Desse løyva kan påklagast, sjå opplysingar i konsesjonsdokumentet og oreigningsløyvet. Eventuelle klager vert sendt SFE Nett for uttale før saka vert lagt fram for Olje- og energidepartementet. Vi gjer merksam på at oreigningsløyvet fell bort dersom det ikkje er sett fram krav om skjøn innan eit år frå endeleg vedtak, jf. oreigningslova 16. Bakgrunn NVE mottok den 27.8.2015 konsesjonssøknad frå SFE Nett om reinvestering og oppgradering av ein om lag 0,6 km lang 66 kv luftleidning frå koplingsanlegget ved Øksenelvane kraftstasjon til Lunden transformatorstasjon. Strekninga omfattar dei første 0,6 km av 66 kv-leidningen Øksenelvane Nibbevatn (Kart 1, Kart 2). SFE Nett søkte i medhald av energilova. Dei søkte og om oreigningsløyve og førehandstiltreding i medhald av oreigningslova. Dei orienterte samstundes om at dei har endra namn på Øksenelvane transformatorstasjon til Lunden transformatorstasjon. E-post: nve@nve.no, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO, Telefon: 09575, Internett: www.nve.no Org.nr.: NO 970 205 039 MVA Bankkonto: 7694 05 08971 Hovedkontor Region Midt-Norge Region Nord Region Sør Region Vest Region Øst Middelthunsgate 29 Vestre Rosten 81 Kongens gate 14-18 Anton Jenssensgate 7 Naustdalsvn. 1B Vangsveien 73 Postboks 5091, Majorstuen 7075 TILLER 8514 NARVIK Postboks 2124 Postboks 53 Postboks 4223 0301 OSLO 3103 TØNSBERG 6801 FØRDE 2307 HAMAR
Side 2 Kart 1: Oversiktskart over tiltaket. Kart 2: Detaljkart over endra trasé. Kjelde: Konsesjonssøknad, SFE Nett 2015. Oppgraderinga går ut på å byte ut eksisterande line med tverrsnitt FeAl 50, med ein ny med høgare tverrsnitt, LAHF 263 (tilsvarande FeAl 150). Samstundes skal to av dei eksisterande betongmastene (mast 204.001 og mast 204.002 i Kart 2) på strekninga rivast, og erstattast av to nye master i kreosotimpregnert tre med planoppheng, stål- eller aluminiumstravers og glasisolatorarar. Dei to andre mastene på strekninga er allereie bygd med kreosotimpregnerte tremaster. Masta som ligg nærast Øksenelvane kraftverk (mast 204.001 i kart 2), skal vidare flyttast om lag 10 meter grunna nærleik til
Side 3 vegskjering. Mastehøgda på strekninga vil verte 14-18 meter. Rydde/rettsbeltet vil være på om lag 26 meter, og med unntak av ein mindre traséjustering grunna masta som vert flytta, vil leidningen gå i same trasé som tidlegare. Det vil gjennomførast mindre tiltak i Øksenelvane koplingsanlegg i medhald av gjeldande konsesjon. Det er ikkje naudsynt med tiltak i Lunden transformatorstasjon. SFE Nett grunngjev søknaden med at dagens linetverrsnitt hindrar overføringsevna mellom Øksenelvane og Lunden. Ved å fjerne denne flaskehalsen i nettet, vil ein kunne overføre overskotet frå dagens produksjon under Sandane sekundærstasjon mot Øksenelvane, og i tillegg føre produksjonen frå Øksenelvane kraftverk vidare mot Lunden. SFE Nett vurderer auka overføringskapasitet til å vere særleg føremålstenleg i perioden fram til Statnett får bygd ferdig 420 kv forbindelsen frå Ålfoten til Moskog. Det går fram av søknaden at ved å leggje produksjonsoverskotet under Sandane sekundærstasjon mot Øksenelvane og Lunden, kan overskotet transporterast vidare mot ny 420 kv stasjon i Ålfoten i staden for sørover mot Moskog. Ein slik avlasting av nettet sørover gjer det mogleg å oppheve tilkoplingsstoppen for konsesjonsgjevne nye kraftverk i nettet under Sandane. Vidare seier Kraftsystemutgreiinga 2014 for Sogn og Fjordane at dagens 66 kv leidning mellom Sandane og Øksenelvane bør erstattast med ein 132 kv leidning fram til Lunden transformatorstasjon i perioden 2020-2025. Omsøkte tiltak vil kunne gjere det mogleg å nytte dagens 66 kv leidning noko lenger, og dermed utsetje bygginga av ny 132 kv leidning til seint i perioden. NVE si handsaming av søknaden NVE sendte søknaden på høyring den 9.9.2015, og freist for å sende inn fråsegner ble sett til 9.10.2015. Følgjande aktørar fekk søknaden på høyring: Bremanger kommune, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) region vest, Firdakraft AS, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sogn og Fjordane Turlag, Statnett SF, samt dei tre grunneigarane prosjektet påverkar, Asbjørn Vik, Kristin Vik og Magne Midthjell. NVE fekk totalt tre høyringsfråsegner: frå Sogn og Fjordane turlag, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Ingen hadde spesielle merknader til, eller innvendingar mot, planane. Fylkesmannen peikte i tillegg på at dei ikkje kjende til førekomstar av spesielle artar eller naturtypar som kan ta skade av tiltaket. NVE si vurdering av konsesjonssøknaden Tekniske og økonomiske vurderingar Tiltaket inneber ei forsterking av dagens luftleidning og mindre tiltak i Øksenelvane koplingsanlegg i medhald av gjeldane konsesjon. Nullalternativet er vidare drift av dagens leidning. Dette vil gje tilstrekkeleg overføringskapasitet for Øksenelvane kraftverk, men det vil ikkje vere mogleg å nytte dagens 66 kv leidning Sandane - Øksenelvane til å ta ut kraftoverskot frå Sandane sekundærstasjon. Det vil heller ikkje vere mogleg å tilknytte konsesjonsgjeven ny produksjon før 420 kv Ålfoten Moskog er i drift. Tabell 1 syner ei oversikt over SFE Netts estimerte investeringskostnadar. Etter NVE si vurdering er dette er eit realistisk anslag.
Side 4 Tiltak Kostnad (MNOK) Reinvestering og oppgradering av line Tiltak i koplingsanlegg, Øksenelvane 1 0,3 SUM 1,3 Tabell 1: Estimerte investeringskostnadar. Kjelde: Konsesjonssøknad, SFE Nett 2015. SFE Nett har gjennomført ein analyse for å finne det økonomisk beste tverrsnittet. LAHF 167 (tilsvarande FeAl 95) og LAHF 263 (tilsvarande FeAl 150) kjem tilnærma likt ut i denne analysen. SFE Nett har difor valt å søke om LAHF 263, noko som vil gje om lag 25 MVA meir overføringskapasitet enn LAHF 167. NVE er einig i at det er fornuftig å velje større tverrsnitt der dette ikkje gjev auka kostnadar. Dette vil gje meir fleksibilitet i periodar då det er naudsynt med større overføringskapasitet. Tabell 2 syner ein samanstilling av den økonomiske vurderinga mellom 0-alternativet og den omsøkte løysinga med line med tverrsnitt LAHF 263: Nullalternativ Omsøkt alternativ Investeringskostnad 0 1,3 Tapskostnad 1,0-1,6 0,3 0,6 Sum talfesta kostnader 1,0 1,6 1,6 1,9 Ny produksjon 0 + Muligheit til å utsette 132 kv Sandane Lunden 1år 0 + Tabell 2: Samanstilling av økonomisk vurdering. Kjelde: Konsesjonssøknad, SFE Nett 2015. Dei talfesta kostnadane blir noko høgare i det omsøkte alternativet enn i nullalternativet. Kostnadane i nullalternativet er noko usikre då det ikkje er sikkert når det vil vere naudsynt med ein reinvestering av dei to attverande betongmastene. Det omsøkte alternativet vil òg kunne utsetja den planlagde spenningsoppgraderinga av Sandane Lunden til 132 kv til slutten av perioden 2020-2025. Dette vil være ein liten positiv nytteverdi. Tapskostnadane er henta direkte frå søknaden, og NVE har ikkje etterprøvd dei ved eigne analysar, men vurderer reduksjonen som realistisk. Det er liten kostnadsmessig skilnad mellom nullalternativet og det omsøkte alternativet. Dei ikkjeprissette verknadene med moglegheit for tilknyting av ny produksjon, samt ein moglegheit til å utsetje spenningsoppgraderinga Sandane Lunden, gjer at NVE vurderer det omsøkte tiltaket til å vere tekniskøkonomisk fornuftig. Visuelle verknader, og verknader for naturmangfald og kulturminner Ny line vert bygd med større linetverrsnitt, som inneber at den vil ha noko større diameter og dermed bli noko meir synleg. Vidare vil endringa frå dagens tilstand innebere at det vert skifta ut to
Side 5 betongmastar, og den eine vil verte flytta om lag 10 meter. NVE si vurdering er at dette ikkje vil føre til store endringar i visuell oppleving av leidningen. Det er ingen bustadar i området, og Sogn og Fjordane turlag si høyringsfråsegn tydar på at det heller ikkje vil gje verknader for friluftslivet. Søk i Riksantikvarens database «Askeladden», syner at det ikkje er nokon automatisk freda kulturminner i området, og Sogn og Fjordane fylkeskommune har heller ikkje kommentert dette. NVE legg vidare til grunn at det ikkje er kjende førekomstar av spesielle artar og naturtypar som kan ta skade av tiltaket, jf. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sitt høyringsfråsegn. Søk i Miljødirektoratets naturbase stadfestar òg dette. NVE vurderer det difor til at tiltaket ikkje vil ha særskilde verknader for allmenne interesser i form av visuell oppleving, eller for naturmangfaldet eller kulturminner. Konklusjon NVE gjev på bakgrunn av vurderingane ovanfor SFE Nett løyve til å oppgradere og framleis drifte 66 kv leidningen Øksenelvane -Lunden. NVE si vurdering av søknad om oreigningsløyve og førehandstiltreding Oreigning inneber at ein grunneigar/rettshavar må gje frå seg eigedomsrettar eller andre rettar utan å godta dette frivillig, mot at det i ein etterfølgjande skjønssak fastsettast erstatning. Dette vil kunne skje dersom grunneiger/rettshavar og søker ikkje lykkast i å forhandle seg fram til minnelege avtalar. NVE føreset at tiltakshavar freistar å komme fram til minneleg ordningar med kvar ein som inngrepet råkar, jf. oreigningslova 12. Heimel SFE Nett AS har i medhald av oreigningslova 2 nr. 19 søkt om løyve til å foreta oreigning av naudsynt grunn og rettar for å byggje og drive dei omsøkte elektriske anlegga, irekna rettar for lagring, tilkomst og transport. Oreigningslova 2. nr 19 gjev heimel til å setje i verk oreigningsinngrep «så langt det trengst til eller for ( ) varmekraftverk, vindkraftverk, kraftliner, transformatorstasjonar og andre elektriske anlegg». Føresegna gjev NVE heimel til å samtykkje til oreigning av eigedomsrett eller bruksrettar av dei omsøkte anlegga. Tre grunneigarar blir råka av inngrepet som NVE gjev konsesjon til, og ein grunneiger blir råka av trasejusteringa. Omfang av ekspropriasjon Søknaden gjeld oreigning til naudsynte grunn og rettar for bygging og drift/vedlikehald, irekna rettar for tilkomst, ferdsel og transport i samband med bygging og drift/vedlikehald av dei omsøkte anlegga. SFE søkjer om oreigning til bruksrett for følgjande areal: Kraftleidningstraséen. Dette omfattar retten til å flytte traseen for 66 kv-leidningen Øksenelvane Lunden over ei lengd på om lag 10 meter. Byggjeforbodsbeltet for leidningen er på om lag 26 meter. Ferdsle og transport. Dette omfattar naudsynte rettar til ferdsle og transport av utstyr og materiell på eksisterande privat veg mellom offentleg veg og leidningsanlegg, i terrenget mellom offentleg eller privat veg frem til leidningsanlegget eller terrengtransport i leidningstraseen. Bruksretten gjeld òg for uttransportering av tømmer som vert hogd i tilknyting til anlegget.
Side 6 Interesseavveging Samtykke til oreigning kan berre gjevast etter at det er gjort ein avveging av interesser etter oreigningslova 2 andre ledd: «Vedtak eller samtykke kan ikkje gjerast eller gjevast utan det må reknast med at inngrepet tvillaust er meir til gang enn skade». Dette inneber at alle skadar og ulemper dei omsøkte anlegga fører med seg, skal avvegast mot den nytten ein oppnår med oreigninga. NVE syner til våre vurderingar av søknaden ovanfor. NVE vurderer at verknadane av den omsøkte endringa vil ha avgrensa verknadar for grunneigarane. NVE meiner at dei samfunnsmessige fordelane ved tiltaket veg tyngre enn omsynet til den enkelte grunneigar. NVE har etter ei samla vurdering funne at dei samfunnsmessige fordelane som vert vunne av anlegga tvillaust er større i høve til skader og ulemper som vert påført andre. Vilkåret i oreigningslova 2 andre ledd er difor oppfylt. Det er difor grunnlag etter oreigningslova 2 andre ledd, jf. 2 nr. 19 til å gje samtykke til oreigning for anlegga SFE Nett har søkt om. Det vert synt til samtykke til oreigning, ref. NVE 201504940-14. NVE gjer samstundes merksam på at oreigningsløyvet fell vekk dersom det ikkje er sett fram krav om skjøn innan eitt år frå endeleg vedtak, jf. oreigningslova 16. NVE føreset at SFE Nett freistar å kome fram til minnelege avtalar med grunneigarar/rettshavarar som vert råka. Dersom dette ikkje er mogleg skal den enkelte grunneigar kompenserast gjennom skjøn. Førehandstiltreding SFE Nett søkjer òg om førehandstiltreding etter oreigningslova 25. Førehandstiltreding inneber at tiltakshavar kan setje i verk anleggsarbeid før det ligg føre rettskraftig skjøn. Normalt føreset samtykke til førehandstiltreding at skjøn er kravd. NVE har foreløpig ikkje realitetsbehandla denne delen av søknaden, og vil avgjere søknaden om førehandstiltreding når skjøn eventuelt er kravd. Orientering av systemansvarleg NVE syner til forskrift om systemansvaret i kraftforsyninga. Konsesjonæren pliktar å informere systemansvarleg i tråd med krava i gjeldande forskrift. Nye anlegg eller endringar i eksisterande anlegg kan ikkje setjast i drift utan etter vedtak frå systemansvarleg. Plikta til å informere systemansvarleg gjeld òg ved seinare endringar av anlegget som ikkje utløyser krav om ny anleggskonsesjon. Med helsing Siv Sannem Inderberg seksjonssjef Anine Mølmen Andresen førstekonsulent Dokumentet vert sendt utan underskrift. Det er godkjent etter interne rutinar.
Side 7 Vedlegg: Anleggskonsesjon (NVE 201504940-13) Ekspropriasjonsløyve (NVE 201504940-14) Kopi til: Asbjørn Vik Bremanger kommune Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) - Region Vest Firdakraft AS Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Kristin Vik Magne Midthjell Sogn og Fjordane fylkeskommune Sogn og Fjordane Turlag Statnett SF