Senterkvinnene sitt manifest



Like dokumenter
Senterkvinnenes manifest

Senterkvinnene vil at miljø og bærekraftig utvikling av naturressursene skal settes foran kortsiktige økonomiske hensyn.

OVERORDNA MÅL: LIKESTILLING UTDANNING BARN OG UNGE

Midt-Telemark SV VALPROGRAM 2019

11 Eg i arbeidslivet

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Du må tru det for å sjå det

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

Kommunedelplan for oppvekst

System og forvaltning

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Hemsedal KRF Program

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

Sandeid skule SFO Årsplan

Til deg som bur i fosterheim år

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

2 Familiemønster og samlivsformer, livsfaseseremoniar. 5 Barns rettar og foreldrerolla. 8 Demokrati og verdiar

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

HORNINDAL KOMMUNE. Tilsynsplan. Plan for tilsyn i saker etter plan- og bygningslova. Hornindal kommune 2011

Menneskerettar og diskriminering. Del 1: Menneskerettar

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Partiprogram for Osterøy Sosialistisk Venstreparti

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

FASTSATT LÆREPLAN JUNI 2013, Kompetansemål etter Vg1/ Vg2

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

Eit viktig vegval Bruk stemmeretten ved valet 2019

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

Valprogram Sel SV

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

For å nå dette må tiltak, verkemedel og tenester organiserast slik at dei fremmer dette og motverkar segregering og stigmatisering.

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

Program for. Årdal Venstre

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

Ål Venstre. Ål Venstre

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.

Retningsliner for tilskot til samlivstiltak 2009 (Q-7/09)

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

Informasjonshefte Tuv barnehage

Styresak. Forslag til vedtak. Føretak: Helse Vest RHF Dato: Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Samansetting av regionalt brukarutval

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Internasjonal vidaregåande skule

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Læreplan i felles programfag i Vg1 restaurant- og matfag

Program OSTERØY HØGRE

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Av Linda Jakobsen Daglig leder Drammensregionenens interkommunale krisesenter BETZY

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

Verksemdsplan 2014 for Vest-Telemark PP-teneste

Tiltaksplan

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Uformell analyse av læreplan i mat og helse innenfor Kunnskapsløftet Naturfag som innfallsvinkel til undervisning i faget mat og helse.

Alversund skule 5911 Alversund Tlf

Program for. Sykkylven Venstre

Resept for eit sunnare FørdeF

Barnekonvensjonen til beste for barn - med rett til å bli høyrt. Fylkesmannen, Bodhild Therese Cirotzki

Lågterskeltilbod til ungdom mellom år

Melding om behov for representant

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

Transkript:

NYNORSK Senterkvinnene sitt manifest 2010 2014 Vedteke av Senterkvinnene sitt Landsmøte mars 2010 (Rullerast neste gong i 2012) 1

Senterkvinnene sitt manifest 2010-2014 OVERORDNA MÅL. Senterkvinnene har som overordna mål full likestilling og likeverd mellom kvinner og menn, og vi byggjer arbeidet vårt på den internasjonale konvensjonen om å avskaffe alle former for diskriminering av kvinner. Senterkvinnene meiner at miljø og bærekraftig utvikling av naturressursane skal settast føre kortsiktige økonomiske omsyn. Difor vil vi at: kvinner og menn skal ha felles ansvar for familien, og same høve til å vere med i utviklinga av demokrati, samfunns og næringsliv. kvinner skal mobiliserast til auka medverking i samfunnsdebatten ved å styrke deira representasjon i folkevalde organ. rettferdig, sosial og geografisk fordeling må vere rettesnor for politiske vedtak. makt, kapital, oppgåver, ansvar og busetnadsmønster skal desentraliserast, slik at vedtak vert fatta gjennom opne prosessar i demokratisk valde organ. Noreg skal føre ein internasjonal politikk som bygger på solidaritet, med særleg vekt på å betre kvinner si stilling. 1. LIKESTILLING. Senterkvinnene har som overordna mål full likestilling mellom kvinner og menn. Difor vil vi at: likelønnsprinsippet må gjennomførast. Løn og status til typiske kvinneyrke må hevast slik at likelønsprinsippet vert gjennomført i praksis. det må leggast til rette for utradisjonelle utdannings og yrkesval for både jenter og gutar. det må innførast ordningar med dekking av utgifter til barnepass ved møte i offentlege organ. menn må få sjølvstendig oppteningsrett til farspermisjon og adopsjonspermisjon. det må leggast til rette for at far kan utvide farspermisjonen, dersom det er familien sitt ynskje. Innovasjon Noreg sin kvinnedatabase, med CV-register for kvinner som ynskjer seg inn i styreverv, må marknadsførast og brukast aktivt. 2. BARN OG UNGE. Senterkvinnene vil at barn og ungdom i heile landet skal ha ein trygg og god oppvekst. Difor vil vi at: samarbeid mellom heim, skule, helseteneste og politi / lensmannsetat skal styrkast for å førebygge rus, vold og mobbing. skulane skal ansvarleggjerast i arbeidet mot mobbing, og dei skal følgje ein fagleg tiltaksretta plan i dette arbeidet. 16 år skal framleis vere seksuell lågalder. 2

helsetenesta bør styrkast med miljøarbeidarar, og helsetenesta bør marknadsførast som ein stad å vende seg til for barn og unge når dei har trong for å snakke med ein vaksen. skulehelsetenesta skal søkje samarbeid både med foreldre og det offentlege når det gjeld oppfølging av barna. lovverket blir endra så det gjev heimel for å gripe inn overfor helseskadeleg, kroppsfiksert og seksualisert reklame retta mot barn og unge. Det kommersielle presset mot denne gruppa må reduserast. friviljuge organisasjonar som arbeider med barn og unge skal gjevast eit betre økonomisk grunnlag for arbeidet sitt. det skal leggast til rette for at barn og ungdom sin fysiske aktivitet vert styrka. kommunane vert stimulert til å skape tiltak retta mot barn og ungdom i alderen 13-18 år, for eksempel eit aktivitetshus, der ungdom aktivt vert inkludert i utviklinga av prosjekta. det vert innført eit gratis, sunt skulemåltid i grunnskulen, og måltider til sjølvkost i vidaregåande skule. det psykososiale helsearbeidet overfor flyktningbarn som treng hjelp til å bearbeide opplevingar frå heimlandet eller flukta, vert styrka. FN sin Barnekonvensjon vert implementert i norsk lovgjeving. barn og unge i omsorgsplassering skal ha krav på å få vite noko om si historie, uansett alder. barn og unge i omsorgsplassering skal ha krav på ein plan for plasseringa, for å sikre ein tryggast mogeleg oppvekst. barn og unge i omsorgsplassering skal ha like økonomiske vilkår, uavhengig av om dei er plasserte i statlege, kommunale eller private omsorgsheimar. Barnevernet skal ha krav om å følgje opp alle barn i omsorgsfamiliar både biologiske barn og fosterbarn. 3. INTERNASJONALT OG FORSVAR. Senterkvinnene ynskjer at Noreg skal spele ei aktiv rolle for å sikre kvinner sine rettar og velferd i ein stadig meir globalisert verden. Senterkvinnene vil: gå imot norsk medlemskap i EU. at Noreg skal legge ned veto i forhold til EUdirektiv når desse truar omsynet til folk si helse, miljø eller tryggleik. arbeide for at Noreg melder seg ut av EØS. arbeide for at kvinner over heile verda får rett til å ta eigne val og bestemme over sine eigne liv. gje asyl til kvinner som blir forfølgde på grunn av kjønnsdiskriminering. føre ein offensiv velferds- og sysselsettingspolitikk. arbeide globalt for kvinner sin grunnleggande rett til mat, matproduksjon og jordeigedom. arbeide for fred, og kjempe mot at øydeleggingsvåpen blir brukt mot sivile i krig og konfliktar. arbeide for eit internasjonalt regelverk som motverkar prostitusjon og trafficking. arbeide for eit regelverk som pålegg norske selskap å overhalde norske arbeidsrettar også ved etablering i utlandet, når dette ikkje er sikra gjennom etableringslandet sitt eige lovverk. gå i mot euratomdirektivet, dvs ikkje tillate å tilføre radioaktivt avfall i produkt. arbeide for å redusere bruken av atomkraft i verda, og ha ei langsiktig målsetting om å forby all bruk av atomkraft. støtte opp om ordninga med nettverkskreditt for kvinner både nasjonalt og internasjonalt. 3

at Noreg skal ha eit sterkt forsvar basert på verneplikt og framleis medlemskap i NATO. at det skal leggast til rette for at fleire kvinner går inn i Forsvaret. Verneplikta skal oppretthaldast og vidareutviklast. Den allmenne verneplikta skal gjelde menn. føre ein internasjonal politikk som bygger på solidaritet med dei svake, betre fordeling mellom fattig og rik, og bevaring av FN sine tusenårsmål. følgje opp FN sin resolusjon nr 1325 frå 2000 om kvinner, fred og tryggleik som stadfestar kvinner si viktige rolle i førebygging og løysing av konfliktar. Ein må og følgje opp resolusjon 1829 frå 2008 om vold mot kvinner, som definerer vold og seksuelle overgrep mot kvinner i krigsområde som eit krigsbrotsverk. 4. KLIMA. Senterkvinnene innser at globale miljøproblem er ein følgje av menneskeskapte klimaendringar. Vi må vise politisk vilje og medverke til ei kursendring raskt ved å: auke støtta til fornybare energikjelder brukt til oppvarming. opprette statleg klimafond som kan støtte tiltak i kommunane. forplikte oss til å gjere Noreg karbonnøytralt innan 2030. auke forskinga på fornybare energikjelder, karbonfangst og lagring. satse sterkt på jernbane og anna kollektivtrafikk. auke satsinga på forsking innan biogass og andre alternative energiformer. innføre forbod mot oljefyring i alle nye offentlege bygg, og utfasing av oljefyring i gamle bygg innan 2020. auke satsinga på beredskapslager av mat, og sikring av andre viktige samfunnsfaktorar slik at sårbarheita minkast. 5. UTDANNING. Senterkvinnene meiner at kunnskap og kompetansebygging blir stadig viktigare, og dette må være eit politisk satsingsområde i tida framover. Difor vil vi: sikre nok ressursar til å oppretthalde ein offentleg skule med høg kvalitet og godt kvalifiserte lærarar. at lærlingar sikrast rett til læreplass, og at lærlingtilskotet til verksemder må aukast. oppretthalde ei restriktiv haldning til privatskular som ikkje bygger på alternativ pedagogikk eller livssyn. oppretthalde eit desentralisert skuletilbod. styrke rådgjevingstenesta i ungdoms- og vidaregåande skule, slik at ein førebygger dropouts. at læreplanane vert endra på yrkesfagleg studieretning, og at ein opprettheld behovet for teoretisk basiskunnskap. legge til rette for deltidsstudiar og fjernundervisning. legge til rette for auka samarbeid mellom skule og næringsliv. at studielån skal være rentefrie (lånet skal indeksregulerast, og ingen skal betale tilbake meir enn dei har lånt). at studiestøtta skal indeksregulerast årleg. stimulere kvinner til forsking, mellom anna gjennom mentorordningar. 4

at jenter får same status som gutar i typiske mannsdominerte yrker (t.d. bilmekanikar) ved gjennomføring av læretid i bedrift. legge til rette for eittårig kurs i landbruksfag for dei som skal ta over gardsbruk i vaksen alder. 6. FAMILIEPOLITIKK. Kvinner sine mogelegheiter i samfunnet er sterkt knytt til den familiepolitikken som vert ført. Ei betring av småbarnsfamiliane sine rammevilkår vil etter Senterkvinnenes si meining være ei god investering. Dette vil vi gjere ved å: betre økonomien for familiar som treng det m.a. ved å betre bustønaden, forlenge stønadstida for overgangsstønad for einslege forsørgjarar, og halde barnetrygda utanom ved utrekning av sosialhjelp. gje eit barnehage og SFO tilbod som er fleksibelt, brukartilpassa, rimeleg og med kvalifisert personale. arbeide for at kommunane yter nok midlar til omsorgslønn og avlastningstiltak som gjev pårørande eit reelt alternativ. styrke foreldrerolla m.a. gjennom å tilby kurs for foreldre, samt styrke familievernkontora og helsestasjonane. på sikt innføre gratis kjernetid i barnehagar. gje kontantstøtte der ein forelder er heime med barn under tre år. gå imot behovsprøving eller skattlegging av barnetrygda. legge til rette slik at småbarnsforeldre kan delta som folkevalde. Dette må gjerast ved å sjå på tidspunkt for møta, og det må være ordningar som dekker kostnader til barnepass m.v. gje homofile høve til å bli vurdert som adoptivforeldre på same vilkår som heterofile. legge tilrette for gode, delte omsorgsløysingar ved samlivsbrot ut frå omsynet til barnet sitt beste. sikre at kommunale omsorgsfamiliar (fosterfamiliar) får stabil oppfølging frå barnevernsetaten. Dette kan m.a. sikrast ved at alle barn og ungdommar får en sakshandsamar 2. 7. ARBEIDSLIV. Reell likestilling krev ein arbeidsmarknad på kvinner sine vilkår. Noreg har eit av verdas mest kjønnsdelte arbeidsmarknader. Lik lønn for likt arbeid har lenge vore eit grunnleggjande prinsipp, og det må snarast verte gjennomførd i praksis. Senterkvinnene vil at: det vert innført betre sjukelønsordningar og pensjonsordningar for deltidsarbeidande og sjølvstendig næringsdrivande. satsinga på kvinnelege nyetablerarar vert vidareført. tredelt turnus i helsesektoren vert likestilt med skiftarbeid i industrien. samfunnet prioriterer tilrettelegging for eit variert statlig arbeidstilbod over heile landet. det vert lagt til rette for arbeidstidsreformer for kvinner og menn som gjev moglegheit til å utføre omsorgsarbeid. Døme på dette er tidskontoordning for småbarnsforeldre, og forsøk med 6-timarsdag. deltidstilsette som ynskjer det, skal ha rett til heiltidsarbeid. regelverket blir endra slik at yrkesskadeerstatninga vert tilpassa alle yrker. løna og statusen til typiske kvinneyrke vert heva monaleg, for å sikre rekruttering. 5

kvinners erfaring og kompetanse i større grad må bli rekna inn i realkompetansen til utdanning og arbeidsliv. det blir oppretthalde eigne næringsfond for kvinner, der tilbod om god og konkret rådgjeving inngår. offentlege tilskotsordningar også må verte tilpassa kvinner, og at ein del av midlane vert øyremerka for kvinner. mediebedrifter vert gjort merksame på at dei i større grad skal bruke kvinnelege debattantar. det skal vere kvotering ved innkalling til intervju, slik at ein forpliktar seg til også å kalle inn personar med framandkulturell bakgrunn ved elles like kvalifikasjonar. omsorgsfamiliar skal ha like vilkår uavhengig av kva slags kommune omsorgsbarna kjem frå, samt krav på pensjonspoeng, sjukepengar og feriepengar. offentlege og private bedrifter som får ned sjukefråværet, skal verte løna økonomisk. 8. HELSE- OG SOSIALTJENESTER. Senterkvinnene meiner at satsing på førebyggjande arbeid er den beste måten å møte utfordringane innan helse- og sosialsektoren. Senterkvinnene ynskjer å: intensivere forsking på kroniske lidingar og sjukdommar som rammer kvinner. opprette krise og incestsenter i alle fylke, og gje desse ein økonomi som sikrar ei forsvarleg drift. gjennomgå behandling av pasientar med dobbeltdiagnose rus / psykiatri med tanke på å avklare kva slags tilbod som må finnast i kommunane, og kva som må vere regionale og at tilbod og ettervern innan psykiatri og rus generelt vert styrka. utvide tilbodet til foreldre og barn ved helsestasjonane. kjempe mot vald av kvinner ved å innføre sinne- / valdsmeistringsbehandling, strengare straffar og auka oppklaringsressursar, slik at valdsutøvarane vert stoppa. gå imot bruk av, og forsking på befrukta egg, fostervev og aborterte fostre hos menneske. tilføre friske midlar frå staten slik at det kan opprettast eigne donorteam ved alle helseregionane. ha tannhelsetilbodet inn under folketrygdsystemet med eigendel og frikort. sikre rett til sjukeheimsplass til eldre, som etter medisinskfagleg vurdering, har vedtak på plass. arbeide for at kvinner får kvalitativt like god medisinsk behandling som menn uansett kor dei bur i landet. sjå på ordningar som sikrar einslege forsørgjarar naudsynt hjelp når forsørgjer vert sjuk for eksempel som den gamle husmorvikarordninga. at sosionomar og barnevernspedagogar skal ha autorisasjon. Dette sikrar at brukarar innanfor sosial og helsetenestene får nok rettstryggleik i møte med desse profesjonane. sikre at kommunale omsorgsfamiliar skal ha krav på eit profesjonelt nettverk som kan bistå i akutte situasjonar. innføre lovbestemt rett til omsorgsløn i einskildhøve med sterkt behov for pleie / pass når familien ynskjer ei slik ordning. 6

9. VELFERDSTILBODET. Senterkvinnene vil oppretthalde det kommunale og regionale velferdstilbodet, og eit samfunn med nærhet og omsorg for kvarandre. Senterkvinnene ynskjer å: gjennomføre ein sosial bustadspolitikk som gjev alle høve til å eige eigen bustad, eller leige bustad til ein overkommeleg pris, ved å utvide råmene i Husbanken og etableringslånereglane. gje permisjon med løn under etter og vidareutdanning for kvinner i lavtlønsyrke. heve taket på BSU-ordninga til kroner 300 000 og heve aldersgrensa til 35 år. gå imot privatisering og konkurranseutsetting av helse og omsorgstjenester. sikre økonomisk tryggleik for alle gjennom allmenngjering av tariffavtalar. heve inntektsgrensa for å få etableringslån i Husbanken til innslaget for toppskatt. gå inn for kjønnsnøytral premiebetaling i privat sektor for å få ein meir rettferdig pensjon. gå inn for ei frivillig deling av pensjonsinntektene for ektefellar i felles verksemd for perioden 1967 1986, slik at også desse kvinnene kan sikre sin sosiale situasjon som individ og sjølvstendig næringsdrivande. gje betre opplysning til kvinner om pensjonsordningar og rettar. innføre eit særskilt skattefrådrag for einslege. i verksette eit omfattande program for bygging av ikkje-kommersielle utleigebustadar og studentbustadar. auke trygdesatsane slik at ingen vert sosialklientar når dei mottek uføretrygd, rehabilitering eller attføring. 10. TRYGG MAT. Senterkvinnene er opptekne av førebyggjande arbeid når det gjeld helse og velvære. Her er eit sunt kosthald vesentleg. Derfor vil Senterkvinnene: gå i mot genmodifisert mat (GMO). vektleggje bevisstgjering rundt miljømessig matproduksjon med satsing på kortreist mat. sikre forbrukarane rein og trygg mat ved strenge reglar for tilsettingsstoff, antibiotikarestar og smittestoff i maten. framleis ha eit frittståande og uavhengig Mattilsyn som vaktar over rein og trygg mat. arbeide for å redusere dei negative konsekvensane av Barnematdirektivet gjennom tydeleg merking av varer. halde fram arbeidet med matmerking, både når det gjeld opphav, innhald og miljø / klima. Dokumenterte positive eigenskapar må kunne framhevast. leggje til rette for auka satsing på økologisk matproduksjon. styrke kosthaldsundervisninga i skulen både praktisk og teoretisk. arbeide for å redusere forbruket av usunn fastfood og forbruk av raffinert sukker. 7

11. INTEGRERING. Senterkvinnene vil arbeide for likeverd mellom menneske uansett etnisitet, kjønn, språk, religion, politisk oppfatning, nasjonalt eller sosialt opphav, eigedom, eller anna forhold. Senterkvinnene vil kjempe for å avskaffe alle formar for diskriminering av kvinner uansett nasjonalitet. Senterkvinnene vil: gje obligatorisk opplæring i norsk språk, kultur og samfunnsforhold for alle familiemedlemmar, uansett alder og kjønn. integrere kjønnsperspektivet i fredsbyggjande arbeid. gje opphaldsløyve til dei kvinnene som søkjer asyl på grunnlag av kjønnsbasert forfølging. leggje til rette for at kvinner av ulik etnisk bakgrunn får naturlege treffstader. tilføre ekstra ressursar til skulane for å fremje integrering av framandspråklege elevar. utvikle eit kvalitativt godt tilbod i morsmålsundervisning for elevar i grunnskulen. etablere fadderordning i tilknytning til asylmottak, for å betre asylmottakarane sine høve til integrering. gje økonomisk stønad til friviljuge organisasjonar som engasjerer seg i arbeidet med integrering. få innvandrarkvinner aktivt med i nærmiljø og lokalsamfunn, til dømes ved å etablere fadderordningar for kvinner. gå imot tvangsgifte, og arbeide for at kvinner får betre rettsvern ved tvangsgifting. gjennomføre forsøk med anonymisert søknadshandsaming. at Introduksjonslova og Opplæringslova må sjåast i samanheng. Innvandrarar må i større grad få lære norsk på same tid som dei får praksisplass i arbeidslivet. arbeide for å innføre maksimaltid for opphald i asylmottak. MANIFEST SLUTT. heimeside: www.senterpartiet.no/senterkvinnene_2 bli venn med oss på facebook søk etter senterkvinnene. 8