Ivar Aasen 1
www.stavanger-kulturhus.no 10 tips for å skrive betre nynorsk Tips til eksamen i norsk. Marita Aksnes og Åsmund Ådnøy, mai 2015
www.stavanger-kulturhus.no «Eg skriv betre på eit språk som ligg så tett på talemålet mitt.» Jan Zahl, journalist i Stavanger Aftenblad
1 IKKJE BRUK FANTASIEN. BRUK ORDBOKA.
10 ordklasser Substantiv (s.) Verb (v.) Adjektiv (a.) Pronomen (pron.) Determinativ (det.) Adverb (adv.) Preposisjon (prep.) Konjunksjon (konj.) Subjunksjon (sub.) Interjeksjon (interj.) elev (m), jente (f), hus (n) gå, vere, skrive, lese sint, glad, raud, gul eg, du, han, ho min, vår, denne, ingen, alle gjerne, veldig, ikkje i, på, over, under og, men, eller, for, så at, om, viss, derfor hurra, ja, nei
2 UNNGÅ HYPERNYNORSK
Sensor blir litt oppgitt når du legg til bokstavar som i eller a der du føler dei passar inn fordi du føler det blir meir nynorsk Desse orda finst IKKJE i nynorsk: kvisleis, kvaleis, meist, fleist, beitre, detta, denna, dessa, honom, hu, kvem, noken, meinar 7
3 SUBSTANTIV: TRE KJØNN TRE BØYINGSMØNSTER
Eintal Ubunden form Eintal Bunden form Fleirtal Ubunden form (mange) Fleirtal Bunden form (alle) Hankjønn ein gut ein roman NB! ein politikar NB! ein son guten romanen politikaren sonen gutar romanar politikarar søner gutane romanane politikarane sønene Hokjønn ei jente ei novelle NB! ei setning jenta novella setninga jenter noveller setningar jentene novellene setningane Inkjekjønn eit eple eit verkemiddel eit menneske eplet verkemiddelet mennesket eple verkemiddel menneske epla verkemidla menneska Sei høgt i kor: ADLRI -r i fleirtal i inkjekjønnsord 9
4 VERB: STOR OG VIKTIG ORDKLASSE. DU MÅ BRUKE ORDBOKA.
I infinitiv kan du bruke endinga -a eller -e: å lese å lesa Vel éi form og ver konsekvent i ein og same tekst! Ikkje bland saman endinga du vel i infinitiv, med det neste punktet: e-verb og a-verb. 11
Svake verb a-verb: å kalle kallar kalla har kalla e-verb: å meine meiner meinte har meint a-verb og e-verb: å bruke bruker brukte har brukt å bruke brukar bruka har bruka 12
Hugs å velje riktig ordklasse e-verb: å tenke tenker tenkte har tenkt substantiv: ein tenkar = ein person som tenker, ein filosof Ein tenkar som tenker. 13
Pass på at du bruker riktig verb e-verb: å føle føler følte har følt Eg føler at dette er riktig. a-verb: å føle følar føla har føla Merra har føla. 14
Sterke verb Mange endrar vokal Ikkje ending i presens og preteritum INFINITIV PRESENS PRETERITUM PRESENS PERFEKTUM å vere er var har vore å skrive skriv skreiv har skrive å lese les las har lese å bli blir blei har blitt å verte vert vart har vorte 15
st-verb Verb som sluttar på -st i infinitiv: å finnast finst fanst har funnest å synast synest syntest har synst Ofte har ein bruk for presens- eller preteritumsforma av -st-verb: Eg synest is er godt, men det finst dei som ikkje liker is. 16
5 SAMSVARSBØYING: ADJEKTIV OG PARTISIPP GRADBØYING: ADJEKTIV
Samsvarsbøying av adjektiv Adjektiv står gjerne til eit substantiv. Du må bøye adjektivet i samsvar med kjønn og tal hos substantivet: ein raud strek ei raud lue eit raudt hus mange raude hus ein god roman ei god novelle eit godt dikt mange gode tekstar 18
Samsvarsbøying av partisipp Partisippforma av verbet (forma etter har har skrive) er som eit adjektiv, og må bøyast etter substantivet det står til: Romanen er skriven av Knut Hamsun. Novella er skriven av Knut Hamsun. Diktet er skrive av Knut Hamsun. Romanane er skrivne av Knut Hamsun. NB! Etter ha alltid inkjekjønnsform: Hamsun har skrive dette diktet. 19
Gradbøying av adjektiv Skal du gradbøye, bruker du i hovudsak endingane -are og -ast: Eksamen i sidemål er lettare enn eksamen i hovudmål. Mitt hus er raudare enn naboen sitt hus. Dette er den lettaste oppgåva eg har skrive. 20
6 PRONOMEN OG DETERMINATIV
Personleg pronomen Eintal Subjektsform Objektsform 1. person eg meg 2. person du deg 3. person han ho det han henne/ho det NB! Hugs at den ikkje er pronomen i nynorsk: Eg har kjøpt ny bil. Han er blå. 22
Fleirtal Subjektsform Objektsform 1. person vi/me oss 2. person de/dokker dykk/dokker 3. person dei dei BM: Dere må lære dere pronomen! NN: De må lære dykk pronomen! NN: Dokker må lære dokker pronomen! Vanskeleg? Test med 1. person eintal: Eg må lære meg pronomen. 23
Ubunden pronomen - ein Hugs at det heiter ein, ikkje man. Ein kan meine at dette er viktig. Det ein kan tolke ut frå dette, er at novella handlar om kjærleik. 24
Lær deg spørjepronomen Kva: Kva heiter du? Kven: Kven er du? Kvar/kor: Kvar bor du? Kor bor du? (stad) Kor: Kor gammal er du? (grad) Korleis: Korleis veit du det? Kvifor/korfor: Kvifor/korfor veit du det? Kva for ein/kva slags/kven av: Kva for ein is vil du ha? 25
Determinativ nokon viktige ord å lære seg Sjølv kan du bruke i eintal og fleirtal: Du må sjølv ta ansvar for å pugge dette. De må sjølv/sjølve ta ansvar for å pugge dette. 26
annan, ingen, nokon Hankjønn Hokjønn Inkjekjønn Fleirtal ein annan tekst ingen forfattar ei anna novelle inga novelle eit anna dikt ikkje noko dikt andre verkemiddel ingen verkemiddel nokon tekst noka novelle noko dikt nokon/nokre verkemiddel 27
Nokon eller nokre i fleirtal? Enkelt: Bruk alltid nokon. Eg kjenner nokon elevar som kan hjelpe deg. Det er ikkje nokon som kan hjelpe meg. Vanskeleg: Du kan forskjellen på nokon og nokre. Nokre i forteljande setningar. Eg kjenner nokre elevar som kan hjelpe deg. Nokon i nektande og spørjande setningar. Det er ikkje nokon som kan hjelpe meg. 28
7 AKTIV OG PASSIV
Aktive setningar gir betre språk Aktiv: Eg leverte boka. Eg skal levere boka. Passiv: Boka blir levert i morgon. Passiv Hjelpeverbet bli/verte: Boka blir levert i morgon. Gi verbstammen endinga - ast etter dei modale hjelpeverba: Boka må leverast i dag. 30
Ikkje bland st-verb med passiv på -ast: Han synest at huset kan seljast i morgon. å synast synest syntest har synst å selje sel selde har selt 31
8 FIRE GREP FOR GODE SETNINGAR
Etterstilt eigedomspronomen Mor mi har bedt meg om å vaske opp. I analysen min har eg fokusert på tre moment. I oppgåva mi vil eg sjå nærmare på novella «Karen» av Alexander Kielland. Men: Mi mor, ikkje di mor, har bedt meg om å vaske opp. 33
Dobbel bestemming Bunden artikkel + bunden form av substantivet: Nasjonaldagen er viktig for det norske folket. Den norske regjeringa drog frå hovudstaden då andre verdskrig braut ut. Ikkje: det norske folk, den norske regjering 34
Genitiv Genitiv-s kun ved særnamn og tid: Noregs land, Ibsens skodespel, ei vekes tid Skriv om med preposisjon eller pronomen: fars bil novellens tema forfatterens språk bilen til far/far sin bil temaet i novella forfattaren sitt språk språket til forfattaren forfattaren skriv/bruker 35
Unngå substantivsjuke skriv om med verb Dårleg setning: For mange menneske er det knytta store vanskelegheitar til ei gjennomføring av dette. God setning: For mange menneske vil det vere vanskeleg å gjennomføre dette. ei forklaring å forklare ei gjennomføring å gjennomføre gjere ei vurdering å vurdere 36
9 VEL NYNORSKE ORD
Vel nynorske ord Ord som byrjar med an-, be, hen- og sluttar på -het og -else er mindre vanleg i nynorsk. BM: antall begrep budskap gjentakelse opplevelse virkelighet NN: talet på omgrep bodskap gjentaking oppleving verkelegheit 38
10 VER KONSEKVENT
To viktige prinsipp når du skriv Valfridom: Du kan velje ei form av ordet som ligg nært talemålet ditt. Ver konsekvent: Hald deg til éi form. vi da nå skole først for eksempel me då no skule fyrst til dømes 40
Kjelder Fridtun, Kristin (2013): Nynorsk for dumskallar, Samlaget Språkrådet.no: «Minigrammatikk» http://elevrom.sprakradet.no/skolen/minigram matikk Wikipedia: «Hest» https://no.wikipedia.org/wiki/hest 41