Sakshandsamar: Grete Hamre Vår dato Vår referanse Telefon: 57643141 14.12.2017 2017/3921-461.5 E-post: fmsfgrh@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse 07.11.2017 Larsen Eigedom Florø AS Postboks 598 6903 FLORØ Att. Lars Eirik Larsen Larsen Eigedom Florø AS - løyve til utfylling i sjøen i Klubbevika Fylkesmannen gir Larsen Eigedom Florø AS løyve etter ureiningslova til utfylling i sjøen ved småbåthamna i Klubbevika i Flora kommune. Løyvet er gitt på nærare vilkår, og tiltaket må gjennomførast innan to år. For arbeidet Fylkesmannen har hatt med handsaming av søknaden, må det betalast eit gebyr til staten. Vi viser til søknad 07.11.2017 om behov for løyve etter ureiningsregelverket til utfylling i sjø ved den eksisterande småbåthamna i Klubbevika. Larsen Eigedom Florø AS ynskjer å fylle ut i sjøen inne i småbåthamna for å bygge ny molo. Føremålet med tiltaket er å sikre småbåthamna mot bølgjer, særleg ved uvêr frå nordvest. Sedimentgransking i tiltaksområdet viser at sjøbotnen er ureina med TBT og PAH-stoff,og at konsentrasjonane ligg over gjeldande grenseverdiar. Fylkesmannen har difor vurdert saka slik at tiltaket krev løyve etter ureiningslova. Med heimel i 11, jf. 16 i lov om forurensninger og om avfall (ureiningslova), gir Fylkesmannen i Sogn og Fjordane med dette Larsen Eigedom Florø AS løyve til utfylling over eit areal på vel 4500 m 2 i sjøen ved småbåthamna i Klubbevika i Flora kommune. Løyvet er gitt med vilkår. Løyvet gjeld i to år. Dersom tiltaket ikkje vert gjennomført innan denne fristen, fell løyvet bort. Alternativt må det i god tid søkjast om forlenging av løyveperioden. Vilkår for løyvet 1. Tiltaket skal utførast innanfor området det er søkt om. 2. Fylkesmannen skal varslast når arbeidet vert sett i gong. 3. Det skal nyttast metodar for utfylling som minimerer faren for spreiing av ureining. Metodane må vere slik at eit minimum av vatn vert blanda saman med massane under utfyllinga. 4. Det skal nyttast reine, naturlege massar ved utfyllinga. 5. Tiltaket skal utførast under rolege vind- og bølgjetilhøve slik at uønskt partikkelspreiing som følgje av dette, vert unngått. 6. Dersom det oppstår unormale tilhøve som har, eller kan få, ureiningsmessige konsekvensar, skal tiltakshavar straks melde frå til Fylkesmannen. Telefon 57 64 30 00 Organisasjonsnummer N-974 763 907 Nettstad fylkesmannen.no/sfj E-post fmsfpost@fylkesmannen.no Besøksadresse Hovudkontor: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Landbruksavdelinga: Fjellvegen 11, 6800 Førde Postadresse Hovudkontor: Njøsavegen, 2 6863 Leikanger Landbruksavdelinga: Postboks 14, 6801 Førde
2/5 7. Det skal utarbeidast ein sluttrapport der resultata av arbeidet vert presenterte og vurderte i tråd med vilkåra som er sette i løyvet. Rapporten skal sendast til Fylkesmannen innan seks veker etter at tiltaket er gjennomført og skal m.a. innehalde: Opplysningar om kor store mengder masse som faktisk har vorte nytta til utfyllinga (rekna i m 3 eller tonn). Plassering av massane (kart med posisjon og UTM-koordinatar) Omtale av korleis arbeidet er utført (metodar). Oversikt over eventuelle avvik frå løyvet og kva korrigerande tiltak som er sette i verk. Vurdering av kva miljøpåverknad tiltaket har ført med seg. Omtale av tiltaket Ved den eksisterande småbåthamna i Klubbevika er det planlagt å bygge ein ny molo som skal kunne ta av for verknad av bølgjer inn til området. Etter at eksisterande småbåtanlegg vart teke i bruk hausten 2016, har det vist seg at den etablerte bølgjebrytaren ikkje gir nok demping i hamneområdet innanfor. Dette gjeld særleg ved sterke kastevindar frå vest og sørvest. Moloen er planlagd med tre meter breidde i toppen og med plastring på utsida til kote -3. På innsida er det planlagt mur ned til kote -3. Resten av moloen vil vere vanleg fylling. Arealet på fyllingsfoten er rekna til ca. 4500 m 2. Det skal nyttast om lag 25 000 m 3 reine steinmassar til tiltaket. Småbåthamna i Klubbevika ligg i eit område som i dag har god vassutskifting. Ved etablering av molo, vert ein del av området stengt av, noko som kan føre til noko mindre utskifting av vatnet i områda innanfor. For å sikre god vassutskifting, vert det difor tilrådd å etablere røyr i botnen av fyllingsfoten. I følgje Miljødirektoratet sin rettleiar for handtering av sediment (M-350/2015), er dette tiltaket klassifisert som eit mellomstort tiltak. For slike utfyllingstiltak er det naudsynt med sedimentundersøking, og det kan vere trong for naturkartlegging. Det er teke sedimentprøvar frå tre stasjonar i det planlagde utfyllingsområdet. Prøvane er analyserte for tungmetall og organiske miljøgifter. Analyseresultata viser at sjøbotnen er ureina med tributyltinn (TBT) og polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH). Høyring Fylkesmannen ser på saka som så godt opplyst på førehand i samband Flora kommune si handsaming av reguleringsplanen, at vi vurderer at det ikkje er naudsynt med førehandsvarsling av dette tiltaket. Fylkesmannen sine vurderingar I følgje ureiningslova 7 er det forbode å setje i verk noko som kan føre til fare for ureining. Fylkesmannen kan, med heimel i av 11 jf. 16 i lova, etter søknad gi løyve til slik aktivitet. Utfylling i ureina sediment kan føre til spreiing av ureining. Tiltaket krev difor løyve etter ureiningslova. Ved avgjerda om det skal gjevast løyve, har vi lagt vekt på dei ureiningsmessige ulempene ved tiltaket sett opp mot dei fordelar og ulemper som tiltaket elles vil føre med seg. Ureiningssituasjonen i utfyllingsområdet Tiltaksområdet ligg i nærleiken av eit område der det tidlegare har vore industriverksemd. I tillegg har det føregått spyling og anna vedlikehald av båtskrog i båthamna. Dette er aktivitetar som vil kunne føre til ureining av sjøbotnen i området. Fylkesmannen meinte difor at det burde takast ut prøvar frå sedimenta på sjøbotnen og analysere desse for tungmetall og organiske miljøgifter.
3/5 30.08.2017 utførte ein dykkar sedimentundersøking med prøvetaking under rettleiing frå Fishguard Florø. Resultata er gitt i rapporten «Rapport - miljøgransking» utarbeidd av Fishguard Florø 04.10.2017. Det vart teke sedimentprøvar, som kvar var samansette av fleire delprøvar, frå til saman tre stasjonar I tiltaksområdet. Stasjon 1 låg lengst nord. Prøvane vart analyserte for tungmetall, organiske miljøgifter (PAH og PCB) og TBT. I tillegg vart det målt tørrstoffinnhald, totalt organisk karbon (TOC), som er eit mål på innhald av organisk stoff, og kornfordeling. Undersøkinga vart utførd med utgangspunkt i Tabell 3 «Anbefalt minimumsliste for å karakterisere sedimentprøver i forundersøkelser til trinn 1 i risikovurderingen» i Miljødirektoratet sin rettleiar «Risikovurdering av forurenset sediment» (M-409/2015), Dei tre prøvane viste varierande botntilhøve i tiltaksområdet. Det vart observert ein del sjøstjerner og nokre få krabbar på botnen. Det var også ein del fisk i området. Sanden på sjøbotnen var generelt lys og bar preg av å vere hard og kompakt. Ved stasjon 1 vart det observert sand, stein og tang. Sand dekka ca. 40 % av botnen. Ved stasjon 2 vart det observert meir fjellformasjonar, og her dekka sand berre 20-30 % av arealet. Stasjon 3 låg på eit grunnare parti, og her var berre ca. 5 % av botnen dekka med sand. Resten var bart fjell. Miljødirektoratet har utarbeidd eit klassifiseringssystem for ureina sediment, som er basert på at sedimenta er delt inn i fem tilstandsklassar (I-V) ut frå innhald av miljøgifter og kor giftige dei er for organismane i sedimenta. Overgangen mellom klasse II (god, ingen toksiske effektar) og klasse III (moderat, kroniske effektar ved langtidseksponering), er sett som grense for når ei risikovurdering trinn 1, som gjeld økologisk risiko, må vurderast eller gjennomførast. Resultata frå sedimentanalysane er vurderte opp mot grenseverdiane i dette klassifiseringssystemet. Dei viser at prøven frå stasjon 1 ikkje inneheldt miljøgifter over grensa mellom tilstandsklasse II og III. Prøven frå stasjon 2 inneheldt PAH-stoffa naftalen (34 µg/kg), antracen (22 µg/kg) og pyren (86 µg/kg) over grenseverdi, som alle svarar til tilstandsklasse III. Prøven frå stasjon 3 inneheldt ureining med TBT (44 µg/kg). I klassifiseringssystemet er grenseverdien som skal nyttast for å avgjere trong forrisikovurdering for TBT, sett til 35 µg/kg. Ut frå analyseresultata utgjer sedimentet difor ein miljørisiko. Dei andre miljøparametrane det er analysert for, viser verdiar under grensene som er sette for krav til risikovurdering Trinn 1. I prøve 1 vart det funne mykje finstoff <63 µm (95 %), medan det i prøve 2 og 3 vart funne høvesvis 37 % og 21. Innhaldet av totalt organisk karbon (TOC) var <8820 mg/kg (lite) i prøve 1, 49 300 mg/kg (mykje) i prøve 2 og 26 000 mg/kg (middels i prøve 3). TBT har tidlegare vore brukt som groehindrande middel i botnstoff til båtar. Båttrafikk og vedlikehald (spyling) av båtar i småbåthamna og hamneområdet elles, er difor truleg hovudårsak til ureininga. PAH-stoff vert danna m.a. ved ufullstendig forbrenning av oljeprodukt, noko som også kan komme frå båttrafikk. Vurdering av avbøtande tiltak Vi vurderer at vanlege avbøtande tiltak som utlegging av geotekstilduk eller siltgardin, vil ha liten verknad på spreiing av ureining sidan så liten del av sjøbotnen er dekka med sediment. Slike tiltak vil tvert imot kunne vere med på å virvle opp sedimentet og med det spreie ureininga. Utfyllinga kan difor utførast utan særlege avbøtande tiltak utover normal aktsemd, men dersom det er praktisk mogleg, bør utfyllinga i størst mogleg grad utførast slik at ureininga i størst mogleg grad vert «stengd inne». Fylling med stein på ein skånsam måte, vil kunne vere med på å stabilisere ureininga i sjøbotnen.
4/5 Vurdering etter vassforskrifta Tiltaket er vurdert etter Forskrift om rammer for vannforvaltningen (vassforskrifta). Området det er søkt om for utfylling høyrer inn under vassførekomsten 0281011100-2-C Gunhildvågen Klubbevika (www.vann-nett.no).vassførekomsten er karakterisert som «beskytta kyst/fjord». Det økologiske potensialet er omtalt som «antatt moderat». Kjemisk tilstand er definert som «udefinert». Fylkesmannen kan ikkje sjå at tiltaket vil kunne føre til forringing av vassførekomsten jf. føringar som ligg i vassforskrifta. Tiltaket vil tvert imot føre til ei lita betring av tilstanden sidan ureina sediment vert dekka til med reine massar. Vurdering etter naturmangfaldlova Tiltaket er vurdert etter dei miljørettslege prinsippa Lov om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfaldlova) 8-12.. Fylkesmannen er ikkje kjend med at det finst viktige naturtypar eller sårbare dyre- eller planteartar i tiltaksområdet jf. Naturbase. Vi finn difor at tiltaket ikkje vil vere til vesentleg skade eller ulempe for miljøet i høve til føringane som ligg i naturmangfaldlova. Konklusjon Fylkesmannen gir løyve etter ureiningslova 11 jf. 16 til utfylling med reine massar etter fastsette vilkår, noko som vil gjere sitt til at utfyllinga ikkje vil føre til nemneverdig ureining eller forringing av dei biologiske og økologiske tilhøva i tiltaksområdet. Vedtak om gebyr for sakshandsaming Vi viser til e-post med varsel om gebyr datert 14.11.2017. Vi har ikkje motteke merknader til varselet og vedtek at Larsen Eigedom Florø AS skal betale gebyr for sakshandsaminga, jf. 39-3. i ureiningsforskrifta. For løyve til utfylling i sjøen i Klubbevika skal det betalast gebyr som svarar til gebyrsats 7, jf. 39-4, dvs. kr. 9 300,-. Ressursbruk knytt til sakshandsaminga er lagd til grunn ved fastsetjing av gebyret. Faktura for innbetaling til statskassa vert send frå Miljødirektoratet. Gebyret forfell til betaling 30 dagar etter fakturadato. Vedtaket om gebyrsats kan klagast på til Miljødirektoratet jf. ureiningsforskrifta 41-5. Ein eventuell klage bør grunngjevast, og han skal sendast til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Klagen vil ikkje få oppsetjande verknad, og gebyret som er fastsett må betalast inn. Dersom Miljødirektoratet tek klagen til følgje, vil for mykje innbetalt gebyr bli refundert. Endring eller tilbakekalling av løyvet Fylkesmannen kan gjere om eller setje nye vilkår for løyvet og ev. trekkje løyvet attende etter reglane i ureiningslova 18. Ansvar Sjølv om det er gitt løyve, pliktar den ansvarlege å svare erstatning som måtte følgje av ureiningslova og av vanlege erstatningsreglar jf. kapittel 8 og 10 i ureiningslova.
5/5 Dette løyvet fritek ikkje søkjaren frå å hente inn naudsynte løyve eller samtykkje frå andre styresmakter eller privatpersonar. Offentleggjering av løyvet Vedtaket skal kunngjerast for ålmenta gjennom annonse i lokalavisa, og annonseringa skal betalast av løyvehavar, jf. ureiningsforskrifta kap. 36 «behandling av tillatelser etter forurensningsloven» 36-11. Kunngjeringa må innehalde ei kort orientering om løyvet, kvar ein kan vende seg for å få innsyn i saksdokumenta og opplysningar om klageinstans og frist for ev. klage på vedtaket. Vedtaket vert også kunngjort på Fylkesmannen si heimeside www.fylkesmannen.no/sogn-og-fjordane. Klagerett Partane og andre med klagerett etter forvaltningslova kan klage over avgjerda innan tre veker etter at avgjerda er motteken jf. forvaltningslova 29. Klageretten gjeld også vedtak om gebyr for sakshandsaminga. Jf. 41-5 i ureiningsforskrifta. Eventuell klage bør grunngjevast skriftleg og skal rettast til Miljødirektoratet. Klagen skal sendast til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Med helsing Eline Orheim ass. Fylkesmiljøvernsjef Grete Hamre overingeniør Brevet er godkjent elektronisk og har difor ikkje underskrift. Kopi på e-post til: Flora kommune Sogn og Fjordane fylkeskommune Fiskeridirektoratet region Vest Flora Hamn KF Kystverket Vest