Ta kontakt de som ønskjer å ha avisa i papir

Like dokumenter
Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Kontor: Måne: Sol/ Stjerne:

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf / 01/ 02 E-post:

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf / 01/ 02 E-post:

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf. Kontor: Måne: Sol/ Stjerne: E-post:

Månadsbrev for Rosa september 2014

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

HÅ KOMMUNE Nymannsbråtet barnehage

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

DESEMBER Evaluering av november

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

PERIODEPLAN FOR DESEMBER

Plassebakken Barnehage

Halvtårsplan for Enge barnehage hausten Knerten, Marihøno, Askeladden og Natur.

Halvårsrapport lyseblå haust 2017

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Månadsplan for Hare November

Hei alle sjøstjerneforeldre

I november har me arbeida med mattebegrepa: Liten-mellomstor stor. Gjennom eventyrarbeid får barna «leika» inn nye begrep.

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Desember-brev fra Tigergutt

Månedsbrev april 2015

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

Månedsbrev oktober 2015

ADVENTSTIDEN PÅ GRØNN AVDELING 2013

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf / / E-post:

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Månedsbrev For Litlaland Desember:

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Månedsbrev desember 2015

ANSVAR OMSORG - GLEDE

Halvtårsrapport raud gruppe haust 2017

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

Plassebakken Barnehage

Månedsbrev For Gloppå Desember:

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Del 2 Ågotnes barnehage. årstema

MAI. Månadsskriv for Nøtteliten. Tilbakeblikk på april:

Informasjonshefte Tuv barnehage

DESEMBER : ADVENT OG JUL

BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

MÅNEDSBREV DESEMBER Trestubben

Vi kommer til å dele barna i smågrupper når vi har formingsaktiviteter, derfor gjør ikke alle barna det samme hver dag!

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf / / E-post:

Månedsbrev for desember

Då har august månad fyke forbi i stor fart med tilvenning av nye barn, og for dei barna som har gått her før. Etter ein lang sommarferie så treng dei

MÅNEDSBREV FRA ODIN EVALUERING FRA NOVEMBER MÅNEDENS FOKUS

Studentbarnavisa. Nr /2018. (Bilete frå prosjektet om venskap, 3-åringane måla venskapsbilete)

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

Nissefest kl Fellessamling. Grøt, nissen kommer, BARNA KOMMER I BARNEHAGEN I NISSEKLÆR

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 49 1 Adventsstund: Vi tenner det 1. lyset

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

MÅNEDSPLAN FOR DESEMBER 2014 HJØRNETANNA

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Kontor: Måne: Sol/ Stjerne:

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf. Kontor: Måne: Sol/ Stjerne: E-post:

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Jaja, det nærmar seg i alle fall og på Krabben har me førebudd oss så godt me kan på «den søte adventstid».

Gul avdeling desember 2016

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

Plassebakken Barnehage BA

Periodeplan for Solsikkene. August 2014-Februar 2015

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf / / E-post:

MÅNADSPLAN GRANAT- oktober 2019

Juledager egen plan for uken. Juledager egen plan for uken

Veke Fredag Offentleg høgtidsdag. 18 Barnehagen er stengd. Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Månadsbrev for Februar

Gul gruppe månedsbrev for januar og februar

LEIRELVAPOSTEN SEPTEMBER 2014

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Månedsbrev Bikuben oktober 2016

MÅNEDSBREV Natur November og Desember

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 2: desember 2016

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

SMÅPLUKK. Desember 2015

ÅRSPLAN FOR KLARA`s FAMILIEBARNEHAGE 2015

ÅRSPLAN FOR TIRILTOPPEN BARNEHAGE/SFO

PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER

Vi på Morgengry ønsker store og små et godt nytt år! Tema for desember måneden var advent og jul. Barna lærte litt mer om hva jul inneholder og

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Månedsplan for Haukene november 2013

Transkript:

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen 10 6856 SOGNDAL Kontor: 477 08 880 Måne: 480 31 132 Sol/ Stjerne: 480 64 858 Ta kontakt de som ønskjer å ha avisa i papir E-post: karin.uglum@sisof.no

Takk til alle som hadde anledning å møte på foreldremøte og basar. Kjekt at så mange teke seg tid til å vere med på desse møtepunkta. Vi er i god rute med kvardags aktivitetar, med prosjekt og med gruppe aktivitetar. I gjennom leiken, både organiserte og ikkje organisete aktivitetar øver vi oss til og verta betre å betre på alt det livet utfordrar oss på. Vi håpar at de foreldre opplever òg dette, - om de ikkje får all den informasjonen de ønskjer kom å spør oss om kva ditt barn har halde på med, - vi vil gjerne fortelje. Husk i sjekk jamleg i korgene i barnehagen, at borna har byte kleder. Sjekk òg at dei no etter kvart har luve, vottar, skjerf og anna utstyr som denne årstida krev. Det er mykje kjekkare å vere ute dersom ein ikkje frys, eller vert våt. Vi takker for fantastisk oppmøte på FN basaren, vi fekk inn kr. 5 165,-. Takk for givarglede! Fredag 12/12 vil vi markere Lucia - dagen i barnehagen. Denne dagen inviterer vi foreldre og familie på gløgg og lussekattar om morgon, vi startar kl. 08.30 og held på til 9.30/10.00. Det er fint om barna kan ta på kvite klede om dei har. Sjå plakat på døra. Det vil bli nissefest i barnehagen tirsdag 16/12. Dette er for barna og personalet i barnehagen. Då serverer dei store nissekonene nissegraut, - og kanskje kjem nissen på besøk? Det er fint om barna kan ta på raude klede om dei har. Sjå plakat på døra.

Vi opplever kvart år at nokon barn tek tideleg juleferie. Det er fint om vi kan få tilbakemelding om dette, fordi personalet ønskjer å avspasere når det er minst mogleg ungar på avdelinga. Og så kan det hende vi held på med litt hemmelige ting, i denne tida som vi ønskjer og gjere ferdig før barnet reiser på juleferie!! I forbindelse med bringing og henting Husk å ta på lås og henge lenka fast etter at de har gått igjennom porten. Ikkje la bilen stå å gå medan de er inne i barnehagen, - og er det ledig på opp merka parkeringsfelt gjer vel og parker der. Samarbeidsutvalsmøte. Innkalling til møte og referat frå samarbeidsutvalsmøte vert hengt opp på foreldretavla, om det er saker de ønskjer at vi skal ta opp i dette utvalet, kontakt ein av medlemane eller styrar. PLANLEGGINGSDAG Det er planleggingsdag i barnehagen fredag 14. november. Siste dag i barnehagen før jul er tysdag 23. desember. Fyrste dag etter jul er mandag 5. januar. Vi ønskjer alle ei fin førjulstid! Helsing Styrar

I september jobba vi med temaet meg sjølv, det målet var å fokusere på kvart enkelt barn, og framheve barnet på ein positiv måte ovanfor dei andre i gruppa. Vi jobba mykje med å gjere barna trygge og skape ei gruppe-kjensle og samhøyrighet mellom barna. Det er no flott å sjå korleis dei eldste barna viser omsorg for dei minste og spør etter dei, dersom det er nokon som ikkje er tilstade. Det verkar no til at dei alle er godt innkøyrde og trygge i barnehagen. Vi har hatt ein kreativ periode der vi laga hand og fot avtrykk. Noko som var ein spanande prosess då det var det første møtet med maling for fleire. Dagane har blitt prega av mykje song, regler og rim både i formelle og uformelle situasjonar (jmf. Språk, tekst og kommunikasjon). Sjølv om barna på sol og stjerne er små, skal dei likevel bli høyrde og difor er det særs viktig at vi klarar å tolke og forstå kva dei vil gjennom deira verbale og nonvebale språk. (jmf medverknad). I slutten av september avrunda ein temaet og introduserte det neste i ei fellessamling for heile barnehagen. et i oktober var haust, vi måtte tjuvstarte litt i slutten av september med det årlege besøket i hagen til Lene for å plukke eple. Vi laga eplekake og epletrykk, vidare har vi jobba mykje med blader i haust. Vi laga og gevinstar som vart lodda ut på den årlege FN- basaren. Vi har og vore på ulike småturar i nærmiljøet, og halen til Olle Bolle har vi flittig oppsøkt. Oktober var og månaden med mykje regn, til stor stas for dei aller fleste. Leik med vatn er heilt toppers!! I oktober fekk Sol 3BLU student (Ingrid) som var her i 4 veker, der ho hadde ei veke overtaking. Ho har vidareført temaet haust i eit eige utviklingsprosjekt. Vi har og hatt utplasserings elevar frå Sogndal VGS. Ordensvakt: Kvar dag har har vi eit barn som får vere ordensvakt. Det barnet er i samling midtpunktet og bilde av barnet vert hengt opp. Vi trekker kalender, synger om dagen i dag, ser på vær og teller kor mangen som er her. Dette er stor stas, og noko vi fortsetter med i nov og des. Bursdager: I september feira vi Eskil, Gunnar og Jenny Sofie. Emma Sofie feira vi i oktober. Sol ønsker velkommen til Joanna som byrja hos oss i oktober, avdelinga er no fulltallig. Vi har no i byrjinga av november ei litt roligare stund med fokus på leiken og fagområdet kropp, rørsle og helse der vi har prøvd å legge til rette for og inspirere til trygg og utfordrande kroppsleg leik og aktivitetar for alle, uavhengig av kjønn, og kroppslege, psykiske og sosiale føresetnader (jmf. rammeplanen). Nokre ungar tek tidleg juleferie så me startar med juleførebuing allereie i slutten av november, på denne måten sikra vi oss at alle får delta. Vi deler barna i mindre grupper i dei ulike hemmelige juleaktivitetane. Her vil fagområdet Kunst, kultur og kreativitet bli vektlagt Å vere saman om kulturelle opplevingar og gjere eller skape noko felles, bidreg til samhøyrsle (Rammeplanen:42). Barnehagen vår har ein tradisjon med Lucia feiring som har vorte ein fin felles oppleving saman med foreldra. I desember startar me med adventsstund. Me samlar oss i sofakroken på Sol og Stjerne. Der skal me tenne lys, lese adventsdikt, opne kalender og synge mange fine julesongar. I denne adventssamlinga skal me ta i bruk fargane som symboliserer advent og jul. Målet vårt er at barna skal få oppleva denne tida som ein god tradisjon. Gjennom arbeidet med etikk, religion og filosofi seier rammeplanen at barnehagen mellom anna skal bidra til at barna få kjennskap til høgtider og tradisjonar. Desember er og ein månad der vi legg vekt på å ta tida meir roleg, ha god tid til kvarandre og kose oss ilag, slik at vi kan få høve og ro til undring og tenking, samtalar og forteljingar (jf. rammeplanen).

Det er også ei fin tid for å visa at me bryr oss om kvarandre, med fokus på å dela og hjelpa. Noko som er i tråd med vårt fokus på sosial kompetanse LEIK, GLEDE OG HUMOR Leikens betydning Evne til problemløysing Regelforståing Språkstimulering Kreativitet og fantasi Motorisk kontroll og fysiske egenskaper Evne til konsentrasjon Selvtillit og selvbilde Sosialiseringsprosessen (Brattenborg og Engebretsen, 2001:135) Sanger : - Dyrene i afrika - Huttetu så kaldt det er - Fader jakob - Lucia - Musevisa - På låven sitter nissen - Julekveldsvisa - Du og eg og dompappen

November 2014 SOL OG STJERNE Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag 3 4 5 6 7 45 Ped.leiarm:10- Avd.møte Sol 13.15-14 Avd.møter Måne 10- Stjerne 13.15-14 Turdag for deler av gruppa Prosjektdag Siste dag til Ingrid (3BLU student på sol) Mat: Lapskaus 10 12 13 14 46 Ped.leiarm:10- Avd.møte Stjerne 13.15-14 17 Avd.møter: Måne:10- Sol 13.15-14 18 Små leike grupper, inndelt etter alder 19 20 Planleggingsdag Bhg stengt 21 47 Ute/inne leik Ped.leiarm:10- Avd.møte: Sol 13.15-14 Ute/inne leik Avd.møte: Måne:10- Stjerne : 13.15-14 Bake pepperkaker Bake pepperkaker Mat: Pølse m/stappe og grønnsaker 24 25 26 27 28 48 Ped.leiarm:10- Avd.møte: Stjerne: 13.15-14 Avd.møte: Måne:10- Sol:13.15-14 Formingsaktivitet Mat: Graut

Desember 2014 SOL OG STJERNE Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag 1 2 3 4 5 49 Juleaktiviteter Ped.møte 13-14 8 9 10 Mat: Fiskekarbonader m/pasta og grønnsaker 12 Lucia feiring 50 (Sjå eigen plakat på døra) Mat: pølse m/brød/lomper 15 16 Nissefest 17 18 19 51 (sjå eigen plakat på døra) Mat: 52 22 23 Siste dag i barnehagen før jul Første dag etter jul er mand 5.jan 24 GOD JUL 25 26

Ei flott gruppe med barn har no blitt ganske godt kjend med kvarandre på avdeling Måne. I september har vi hatt brannvernveke og epleveke. Det innbefattar turar, samlingar om tema, og aktivitetar knytt til tema. Kjekke veker med stor aktivitet og ivrige barn som blant anna har lært at vi skal ringe 0 om det brenn. Alle var og ein tur oppom brannstasjonen. Og vi var heldige og fekk komme inn og sjå på både bilane og alt utstyret, veldig spennande. I epleveka har barna fått kunnskap om korleis ein kan bruke eple på ulikt vis i matlaging. Vi har blant anna laga eplemos og eplekake. Ellers har vi laga epletrykk og eplekrans. Andre haustaktivitetar vi har gjort er at barna har vore på tur og plukka blader og laga haustlykter. Og vi har hatt om tema «meg sjølv». Mykje relatert til kroppen og sansane våre. Dette jobba vi med gjennom songleikar, rørsleleik, bøker og aktivitetar knytt til tema. Vi teikna omriss kring eit av barna og snakka om augefarge, hårfarge, fingra, tær, ulike kle m.m. Arbeidet med innsamlingsaksjonen til FORUT vart gjennomført i oktober. Gjennom musikk, dans, film og forteljing (saman med apekatten Monkey) har barna blitt kjend med Nepal og to gutar som heiter Biswas og Nischal. Og barna har lært å seia god dag på Nepalsk som er Nemaste. Alltid kjekt å sjå interessa barna har for å lære om, og få vite noko om korleis barn lever andre stader på jorda. Gjennom hausten ar barna produsert gevinstar til basaren, blant anna blåbærsyltetøy og eplemos, Stor oppslutnad på sjølve innsamlingsdagen, gjer at slikt arbeid blir givande for store og små. Blå gruppe har vore i eit prosjekt der dei ein gang i veka har vore ute nesten heile dagen. Her har dei starta dagen med samling i lavoen og så gått på tur. Dei har hatt med seg mat og laga te på primus, laga bål og varma pølse. Dei har snakka om ulike tema. Det blir ein prosjekt dag til i november. Rebecca skal bli barnehagelærar, går siste året sitt på Høgskulen og har vore hos oss i 4 veker. Ho har i overtakingsveka si hatt fokus på hausten og det vi kan sjå og finna i naturen denne årstida. Raud gruppe var med på dette opplegget. Dei gjekk turar, fann naturmateriale og hadde formingsaktivitetar der materiale ble brukt til å laga instrument, og det vart avslutta med ein konset for resten av avdelinga. Stolte barn som song og spelte. I september og oktober har vi feira Theo, Madina, Emil, Enni, Hilde og Kevin Andre, hurra! mangfald er forankra i Sogndal kommune sin Strategiplan (satsingsomåde i fjor) og er noko vi jobbar vidare med. Barnehagen skal formidle grunnleggande verdiar som fellesskap, omsorg og medansvar og representere eit miljø som byggjer opp om respekt for menneskeverd og retten til å vera forskjellige. For oss blir det viktig å jobbe med sosial kompetanse gjennom heile året. (Sjå også under juletid).

I år er det språk som er Sogndal kommune sitt satsingsområde (strategiplan). Vi set fokus på lesestund og at bøkene skal vera tilgjengleg for barna. Og vi har laga eit språkrom (grupperommet), der har vi leik med bokstavar, ulike spel, bøker m.m. Vi vil fortsetje å dele barnegruppa i mindre grupper. Vi deler mykje i blå, raud og gul gruppe, men også på tvers av alder og i enda mindre grupper. Dette vil vi gjere når vi skal på turar, men og generelt i aktivitetar som skjer på huset. I juleaktivitetane meiner vi det er viktig å ha ro rundt desse, slik at dette blir hyggelege og rolege aktivitetar. I desember lagar vi til ein adventskrok med stjernehimmel. Her skal vi ha samling, der vi tenner adventslysa, les Inger Hagerup sitt adventsdikt, syng julesongar og les juleforteljingar. Vi vil og ta fram julekalenderen for å telje ned til julafta. Vi syng tradisjonelle julesongar som På låven sitter nissen, Musevisa og Julekveldsvisa m.m., og kanskje får vi brev frå nissen; ) I denne tida vil vi tenne lys i vindauga, pynte avdelinga til jul, bake peparkaker, lage julepølser og lage julepynt Før Lucia bakar vi lussekattar og øver på luciasangen. Vidare vil vi dele barna i mindre grupper i dei ulike hemmelige juleaktivitetane. I løpet av desember prøver vi og å få til ein liten julekonsert i kantina på Hisf. (Sjå vekeplan). Her vil fagområdet kunst, kultur og kreativitet bli vektlagt; «Å vere saman om kulturelle opplevingar og gjere eller skape noko felles, bidreg til samhøyrsle.» (Rammeplanen:42). Gjennom arbeidet med fagområdet etikk, religion og filosofi seier rammeplanen at barnehagen mellom anna skal bidra til at barna få kjennskap til kristne høgtider og tradisjonar. Noreg er i dag eit multireligiøst og fleirkulturelt samfunn. Barnehagen skal reflektere og respektere det mangfaldet som er representert i barnegruppa, samtidig som den skal ta med seg verdiar og tradisjonar i den kristne kulturarven. På avdelinga har vi foreldre og barn som kjem frå ulike land og kulturar. Vi kan snakke om korleis dei enkelte feirar jul. Snakke om ulike tradisjonar. T.d. «Kva et du på julafta?» Då nærmar vi oss vinteren og det betyr kulde, regn og snø. Sjekk korga med skiftetøy ofte, og sørge for at barna har det dei treng av varmt tøy og skiftetøy kvar dag. Ull og fleece! Direkte tlf. nr på Måne: 480332 Er det noko de lurer på, så er det berre å ta kontakt Helsing personalet på Måne

NOVEMBER Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag 3 4 5 6 7 45 Haust Student har overtakingsveke (sjå eigne planar) Student har overtakingsveke (sjå eigne planar) Prosjekt blå gruppe Fiskekaker 10 12 13 14 46 Haust Lesegruppe Vi feirar Sofie M. 4 år! Hurra! Lesegruppe Prosjekt blå gruppe PLAN- LEGGINGS- DAG Barnehagen er stengt! 47 : Juleførebuing 17 Hemmeleg aktivitet 18 Hemmeleg aktivitet 19 20 Pakke inn julegåver 21 Sjå vekeplan Vi feirar Maria Elisa 5 år! Hurra! 24 25 26 27 28 48 : Juleførebuing Vi bakar peparkaker Vi bakar peparkaker Ei gruppe pyntar peparkaker Ei gruppe pyntar peparkaker Felles samling Sjå vekeplan Vi feirar Rakel 3 år! Hurra! PS: Vi tek spontant turar i små grupper i nærmiljøet. Sjå og på vekeplan

DESEMBER Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag 1 2 3 4 5 49 Jul Vi tenner eitt lys Lesegruppe Frukost på Meny (sjå oppslag) Pakke inn julegåver Lage julepølse Julepølse med potetstappe 50 Jul 8 Vi tenner to lys Lesegruppe 9 10 Bake lussekattar 12 Luciatog og frukost i barnehagen Sjå vekeplan 51 Jul 15 Vi tenner tre lys Lesegruppe 16 NISSEFEST Sjå oppslag 17 18 19 Sjå vekeplan Vi feirar Teodor 4 år! Hurra! 52 Jul 22 Vi tenner fire lys 23 24 Barnehagen er stengt 26 Barnehagen er stengt 27 Barnehagen er stengt PS: Vi tek turar i små grupper i nærmiljøet. For meir informasjon, sjå vekeplan