SAK 71-11 TILSKOT TIL YRKESMESSA 2012

Like dokumenter
YRKESMESSA 2018, TILSKOT

Til deg som bur i fosterheim år

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

YRKESMESSA 2013, TILSKOT

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Prosjektplan for Inn på tunet-løftet for Hallingdal

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

TILSKOT/SPONSING AV REGIONALT IDRETS/KULTURARBEID

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Miljøsertifisering av offentlige og private verksemder i Gol kommune Bruk av Miljøfyrtårn som sertifiseringsordning

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Teknikk og konsentrasjon viktigast

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

SØKNAD OM STØTTE TIL PROSJEKT AUDIOGUIDING, NESBYEN TURIST- OG NÆRINGSSERVICE OG HALLINGDAL MUSEUM

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.


Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Programkategori Distrikts- og regionalpolitikk

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Strategisk plan - eit vik0g verktøy for regionalt samarbeid? Knut Arne Gurigard Dagleg leiar Regionrådet for Hallingdal

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Med god informasjon i bagasjen

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Knut Arne Gurigard Dagleg leiar. Vedlegg: Drøftingsnotat; Tilflytting til Hallingdal, rekruttering av arbeidskraft.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

HORDALANDD. Utarbeidd av

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

SØKNAD OM STØTTE TIL MUSIKALEN OLIVER

ÅRSRAPPORT FRÅ KREFTOMSORG. Årdal kommune

Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Gulen. 26.september 2013

SAK 07/13 SØKNAD OM TILSKOT TIL FÅREFESTIVALEN 2013

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

INN PÅ TUNET TILBOD TIL HEIMEBUANDE DEMENTE I TIDLEG FASE,

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Plankonferansen i Hordaland Attraktivitet og stadinnovasjon i Hordaland. Solveig Svardal. Forståingsramme

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

SAK 49/15 ÅRSBUDSJETT 2016 OG ØKONOMIPLAN

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

«Ny Giv» med gjetarhund

Sak ÅRSBUDSJETT 2016 OG ØKONOMIPLAN

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Med tre spesialitetar i kofferten

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

UTTALE TIL HØYRINGSDOKUMENT NORSK FJELLPOLITIKK 2009

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

SØKNAD OM TILSKOT HALLINGDAL OPPLÆRINGSKONTOR

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

SAK ØKONOMIPLAN OG ÅRSBUDSJETT 2013

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Brødsbrytelsen - Nattverden

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Dobbelt så mange moglegheiter

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Informasjon til elevane

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

Transkript:

SAK 71-11 TILSKOT TIL YRKESMESSA 2012 Saksopplysning Hallingdal har arrangerte yrkesmesse sidan 2000, stort sett annan kvart år. Siste yrkesmessa var i 2010 (vedlegg 2), og yrkesmesse for 2012 er no under planlegging. For Hallingdal er eit av måla med yrkesmessa å synleggjera kvalitetane og mogelegheitene betre. Yrkesmessa er ein av innfallsvinklane som regionen går saman om og skal vera med å gje ei samla oversikt over utdannings-, fagopplærings- og yrkestilbod i Hallingdal. Messa skal hjelpe til med å informere og bevisstgjere elevane om dei val dei kan, eller må gjere i forhold til sine interesser og ynskjer. Yrkesmesse skal vere næringslivet/bedrifter/skular sin presentasjon av sine yrker og utdanningar. Bransjane inviterast til å vise sitt mangfald, og i samarbeid med utdanningsinstitusjonar og enkeltbedrifter kan dei og vise utdanningsveg gjennom utdanning og lærlingordningar. I Strategisk plan for Hallingdal og handlingsprogrammet for 2012 er yrkesmessa eit konkret tiltak. Yrkesmessa 2012 er planlagt til 26 27. januar 2012, sjå vedlegg 1. Yrkesmessa går over to dagar med ca. 500 elevar kvar dag. Budsjett yrkesmessa Kostnadar Prosjektleiar, eigeninnsats kr. 70.000 Transport kr. 55.000 Informasjon, marknadsføring kr. 5.000 Leige av lokalar, inkl. mat kr. 230.000 Leige av utstyr, deleveggar kr. 50.000 Div. kr. 10.000 SUM kr. 420.000 Finansiering Regionrådet kr. 40.000 Partnarskapsavtale Regionrådet - fylkeskommune kr. 210.000 Norsk Industri kr. 100.000 Eigeninnsats kr. 70.000 SUM kr. 420.000 Det som m.a. er spesielt for yrkesmessa i Hallingdal er at næringslivet ikkje betalar for standplass. Men for 2012 går Norsk Industri inn med kr. 100.000 i støtte. I tillegg yter Storefjell Høyfjellshotell ein stor innsats med tilrettelegging, og der yrkesmessa disponera heile utstillingshallen. Godgjeringa er i hovudsak betaling av lunsj til ungdommen. Vurdering Ungdommen er den viktigaste ressursen i det framtidige Hallingdal. Me treng ungdom som kan og vil omstille og nyskape ut frå eigen kompetanse og ut frå lokale ressursar og behov. Samstundes blir Hallingdal tappa ikkje berre for akademiske ressursar, men òg for fagutdanna arbeidskraft. 1

I alt 0-5 6-15 16-19 20-29 30-39 40-49 50-59 60-66 67 og eldre Innanlandske flyttingar til Hallingdal 605 67 69 28 180 123 53 41 24 20 Innanlandske flyttingar frå Hallingdal 688 43 57 55 265 121 83 40 12 12 Nettoinnflytting Hallingdal -83 24 12-27 -85 2-30 1 12 8 Innenlandske flyttinger til/frå Hallingdal fordelt på aldersgrupper, 2010 Hallingdal har til dels store utfordingar i forhold til å sikre stabil arbeidskraft og er ein av regionane landet som har lågast arbeidsløyse. Det kan vera vanskar med å rekruttere arbeidskraft med fagutdanning og utdanning på høgare nivå. Dette er ein trussel i forhold til både dei offentlege tenestene og utviklinga av næringslivet. For Hallingdal er eit av måla å synleggjera kvalitetane og mogelegheitene betre. Yrkesmessa er ein av innfallsvinklane som regionen går saman om. Felles innsats frå næringslivet, ressurs- /kompetansesenter og det offentlege er avgjerande for å lykkast. Me veit at mange unge ofte har liten kjennskap til dei mogelegheitene dei har for arbeid i lokal arbeidsmarknad. For seint blir ungdommen klar over at dei utdanningsval dei har teke, gjer det vanskeleg å busetja seg i regionen. Paradokset er at det finns bedrifter som ikkje får rekruttert arbeidskraft, samtidig som ungdommen ikkje er klar over kva behov næringslivet har. Med eit auka samarbeid mellom ungdom, skule og næringsliv vil ungdommen og skula få auka kjennskap til næringslivet og utdanningsmogelegheiter vil kunne bli tydelegare. Samspelet mellom utdanningssystemet og næringslivet blir stadig viktigare for nyskaping og innovasjon. Det er derfor viktig at det blir utvikla tettare koplingar mellom utdanningsinstitusjonar og næringsliv på alle nivå. Det er eit mål at skula må bli endå meir fokusert på lokalt næringsliv, slik at rådgjeving og opplæring i sterkare grad kan tilpassast og samarbeidast opp mot det lokale næringsliv. Med bakgrunn i drøftingar som har vore mellom ungdomsskulane, dei vidaregåande skulane i Hallingdal, Regionrådet for Hallingdal, næringslivet og opplæringskontora er det ikkje tvil om at dette er eit prioritert og positivt tiltak. Forslag til vedtak 1. Regionrådet for Hallingdal løyver kr. 40.000 til gjennomføring av yrkesmessa 2012 2. Regionrådet for Hallingdal rår til at det blir løyvd kr. 210.000 til gjennomføring av yrkesmessa 2012, med finansiering frå partnarskapsavtala med Buskerud fylkeskommune for 2011. Ål 13.12.2011 Knut Arne Gurigard Dagleg leiar Vedlegg 1: Invitasjon og program for yrkesmessa 2012 Vedlegg 2: Yrkesmessa 2010, artikkel Hallingdølen 2

YRKESMESSE 2012 -eit steg nærare draumen Invitasjon til deltaking på YRKESMESSE i Hallingdal 26.-27. januar 2012 på Storefjell Høyfjellshotell No er det snart tid for ny yrkesmesse i Hallingdal. Målet med yrkesmessa er å gje ei samla oversikt over utdannings-, fagopplærings- og yrkestilbod i og utanfor Hallingdal, og til å informere og bevisstgjere elevane om dei val dei kan, eller må gjere i forhold til sine interesser og ynskjer. For å få til ei god yrkesmesse er me avhengig av eit positivt næringsliv, opplæringskontor og høgskuler/fagskuler. Yrkesmesse 2012 skal vere næringslivet/bedrifter/skuler sin presentasjon av sine yrker og utdanningar. Bransjane inviterast til å vise sitt mangfald, og i samarbeid med utdanningsinstitusjonar og enkeltbedrifter kan dei og vise utdanningsveg gjennom utdanning og lærlingordningar. Det er eit mål at Yrkesmesse 2012 skal vere ei aktiv messe. Dei besøkjande skal ikkje berre møte skriftleg og munnleg informasjon, men sjå og kanskje prøve, nokon av dei arbeidsoperasjonane og det utstyr som finst innanfor kvar bransje. Dato for yrkesmessa er 26. og 27.januar 2012 på Storefjell Høyfjellshotell, Golsfjellet. Håpar dette er noko de vil prioritere og vere med på? Sender med påmeldingsskjema og praktisk informasjon om messedagane. Eg må ha tilbakemelding om de blir med innan 15.12.11 Er det spørsmål kan de nå meg på: Tlf: 32 08 54 33 Mob.tlf: 90 54 77 30 E-post: eli.torpe@c2i.net Mvh Prosjektleiar for Yrkesmesse2012 Eli Torpe-Rullestad

10 NYHEITER SAK 71-11, VEDLEGG 2 LAURDAG 23. JANUAR 2010 Halvsunt: Malene Johansen (t.v.) kunne by på flambert frukt. Helene Øynebråten (f.v.) Siri Vestenfor, Frida Grønseth og Victoria Follesø følgde nøye med. Politimenn: Dei tre unge holingane kan godt tenkje seg å bli politi. Frå venstre: Knut Almås Anfinset, Arnstein Skår, Abdi Isak, Sondre Tragethon og Gaute Drange. Høgdeskrekk: Niandeklassingen Anette Flaget frå Hemsedal klatra høgt i stolpen på Hallingdal Kraftnett sin overdådige stand, trass høgdeskrekken sin. Ivrig ungdom på y Tusenelevarvarpåg g elevar utdanningsmessa på Storefjell. 31 standar lokka med godbitar. Blodsukkeret vart farleg høgt. Embrik Rudningen er@hallingdolen.no Torsdag og fredag var sjette gongen kommunane i Hallingdal, gjennom regionrådet, heldt utdanningsmesse på Storefjell. Ho har vore halde annakvart år sidan oppstarten. Åttande- og niandeklasse frå heile dalen var der torsdag. Fyrste- og andreklassingar frå vidaregåande fredag. 1000 elevar til saman, pluss rundt 200 andre interesserte på kveldstid torsdag. Bortimot 40 bedrifter, opplæringskontor og skular, lokka ungdommane til seg. Med sukkertøy, konkurransar med gjæve premiar, gromt utstyr og spektakulære aktivitetar. Sjukebil, brannbil, politibil, kranbil, lastebil, snøskuter, lasergevær, motorsag og luftputebåt. Så forskjellige bransjar som rekneskapskontor, bilverkstad, industri og skogbruk var representerte. Det er gratis å ha stand der. Men prosjektleiar Eli Torpe Rullestad sakna byggebransjen, bank og mediebedrifter. p y Blodsukkertopp No har blodsukkerverdien gått ned til 6,1. I stad var han på 7,2. Det normale er mellom fire og sju, seier Mai Åse Nestegard. Ho målar blodsukkerverdien til niandeklassingen Sindre Rotegård frå Nes. Blodsukkermåling var blant fleire ting helsesektoren baud ungdommen på. Nestegard stadfesta at det var særs høgt sukkerinntak blant dei håpefulle. Me går rundt og ser på alt, og har nok ete ein del godteri òg, seier Nils Olav Smestad. Ingen av dei tre unge nesningane planlegg ein karriere innan helsevesenet. Høge verdiar: Mai Åse Nestegard (t.h.) seier ho har målt høge blodsukkerverdiar etter sukkerfesten blant ungdommen. Her er det nesningane Tony Lastebil Ved sida av stod ein diger lastebil. Fire ålingsjenter tykte det var gjævt å koma inn i førarhuset. Ingen av dei såg for seg nokon karriere som yrkessjåfør, men var interesserte: Kan ein bli lei av å køyre lastebil? spør Helga Myhr. Høyrer sjåførar mest på lydbok eller radio? spør Hanna Therese Bekkestad. Ein kan bli lei dette som alt anna, men det er eit fritt og fint yrke. Og eg trur det går mest i P1, svarar Jack Johansen frå sideglaset, han er opplæringskonsulent. Me har vore og sett på frisørutdanninga, sjukepleiar og kokkeavdelinga. Det har vorte ganske mykje drops òg, seier Stine Medgard. Ei tid etter besøket i kokkeavdelinga vart blodsukkeret hennar målt til 8,1. Det normale er altså 4-7. Seriøs ungdom Fire hotell og Gol vidaregåande skule representerte hotell-, service- og næringsmiddelfaga. Dei slo på stortromma og ville gjerne informere om det nye fireårige løpet som Hallingdølen har skrive om tidlegare. Sjokoladefontene, wok og flambert frukt var berre noko av det dei serverte. Men ungdommen var ikkje berre ute etter gratissaker og konkurransar. Dei spurde og 307355 - Halbjørhus Ragnhild, Knut Arne Gurigard, Granv. 7, 3560 Hemsedal

LAURDAG 23. JANUAR 2010 SAK 71-11, VEDLEGG 2 NYHEITER 11 Seriøs: Eivind Reime (t.v.) «intervjua» energimontør Ståle Berg på Hallingdal Kraftnett sin stand. Lastebil: Erik Lysenstøen (t.v.) leiar sjå før utdan n inga på Hønefoss. Her med ålingsjentene Stine Med gard (f.v.), Saredo Farah, Helga Myhr og Hanna Therese Bekke stad. rkesmesse Får behandling: Me sparar sjukehusa for liggedøgn, seier lege Ståle O. Sagabråten mens Halvor Rotegård får den hjelpa han treng. Bioingeniør Ellen Marie Tørrisplass overvaker blodtappinga. - Sjå til Hallingdal Han får sjukehusbehandling på legekontoret. Eg føler meg like trygg her, seier Halvor Rotegård. Arne O. Lindahl aol@hallingdolen.no Bioingeniør Ellen Marie Tørrisplass har funne blodåra. Eg blir tappa for blod fordi jernlageret er for høgt, forklarar Rotegård. Hadde han vore knytt til eit legekontor i ei bynært område måtte han på eit sjukehus for å få den same behandlinga. No sparar han i staden ein heil dag med å reise til og frå sjukehuset. Det er veldig kjekt for meg, seier Rotegård. Dette er samfunnsøkonomisk veldig gunstig. Og så er det krydder i kvardagen for oss, seier kommunelege Ståle O. Sagabråten. Langt framme Behandlinga som Rotegård får på legekontoret i Nesbyen, er eitt eksempel på at Hallingdal ligg langt framme. I tillegg har hallingane sjukestugu på Ål der dei kan få spesial behandling. Direktør Unn Teslo ved Ringerike sjukehus omtalar Hallingdal som eit nasjonalt fyrtårn i omstillingsarbeidet som no foregår i samband med samhandlings reforma. Ståle O. Sagabråten seier at legekontora i heile Halling dal lenge har drive med behandling som ein vanlegvis ville ha tilvist til sjuke hus. Lange avstandar Me har eit større «repertoar» enn vanleg ved behandling og utgreiing av skade. Det må ikkje gløymast midt i arbeidet med eit lokalmedisinsk senter i Hallingdal, seier han. Det er den lange avstanden til sjukehus som gjer at dei lokale legekontora gir eit breiare tilbod. Sagabråten nemner to eksempel; behandling av handleddsbrot og at pasientar på sjukeheimen kan få intravenøs behandling ved infeksjonar og dehydrering. Me kan ta røntgen, me har ultralyd og EKG. Me kan utgreie pasienten meir før han blir sendt til sjukehus, seier Sagabråten. Han understrekar at det også er eit tett samarbeid med helse- og omsorgstenesta i kommunen. Sparar liggedøgn Føremålet med samhandlingsreforma er at pasientane skal få betre behandling der dei bur. Målet er at meir av behandlinga skal flyttast ut til kommunane. Hallingdal ligg allereie langt framme. Pasientane får fullgod behandling nær heimstaden her. Me brukar sjukehusa på ein annan måte, og sparer dei for liggedøgn. Eg synest det er merkeleg at ikkje sentrale helsebyråkratar og politikarar dreg til Hallingdal for å hente erfaring. Eg vil seie det slik: Sjå til Hallingdal, seier Ståle O. Sagabråten. Goling råkøyrde Hammer (f.v.), Nils Olav Smestad og Sindre Rotegård som er innom. grov rundt om kring. Over 100 personar var til dømes innom Mattilsynet sin stand, som ville ha folk til å studere til veterinær eller ingeniør. Eivind Reime frå Nes gjorde regelrette intervju med representantar frå yrke han var interessert i. Energimontør Ståle Berg i Hallingdal Kraftnett svara villig. Dei hadde den mest overdådige standen. Stolpeklatring og tonnevis av materiell. Me er glade for at folk kjem og spør. Det blir eit stort behov for folk hjå oss framover, seier Ståle Berg. Sjef: Eli Torpe Rullestad sakna byggebransjen, media og bankane. Ein goling vart teken i 124 km i timen. Det skjedde på den nye vegparsellen på E134 ved Skui i Bærum før jul der fartsgrensa er 80 km i timen. Han forklarte i retten at han vart pressa til å auke farten då han skulle køyre forbi ein bil i venstre fil. Han erkjende å ha køyrt så fort som politiet si måling viste, men fordi han følte seg dårleg behandla av politimannen som stoppa han, vedtok han ikkje føre legget. Hallingdal tingrett dømde mannen, som er yrkessjåfør, til å betale ei bot på 10.000 kroner, i tillegg mista han førarretten i seks månader. Påtalemakta kravde at han mista førarretten i ni månader. 307355 - Halbjørhus Ragnhild, Knut Arne Gurigard, Granv. 7, 3560 Hemsedal