Utdrag frå generell del: Fag: kroppsøving 14/15 Trinn: 1 Det samarbeidande mennesket Plikter og ansvar Elevar og lærlingar bør ta del i eit breitt spekter av aktivitetar, der alle får plikter for arbeidsfellesskapet: Øving i å tre fram for andre, presentere eit syn, leggje planar, setje dei i verk og gjennomføre eit opplegg. Det miljømedvitne mennesket Naturglede Samtidig må opplæringa fremje gleda over fysisk aktivitet og naturens stordom, over å leve i eit vakkert land, over linjer i landskap og veksling i årstider. Og ho bør gjere ein audmjuk andsynes det uforklarlege, glad over friluftsliv, nøre hugen til å ferdast utanfor oppstukne vegar, til å bruke kropp og sansar for å oppdage nye stader og til å utforske omverda. Friluftsliv rører både kropp, sinn og tanke. Fostringa må leggje vekt på samanhengen mellom naturforståing og naturoppleving: kunnskapen om elementa og om samspelet i livsmiljøet må gå saman med erkjenninga av at vi er avhengige av andre arter, samkjensla med dei og gleda over naturliv. Det integrerte mennesket Opplæringa har ei rad tilsynelatande motstridande formål: - å utvikle sjølvstendige og uavhengie personlegdommar - og evne til å verke og arbeide i lag. - å framelske særpreget hos den einskilde, dei forskjellar som gjer kvart individ til eit fond for andre - og å formidle dei felles kunnskapar og dugleikar som gjer at vi kan fungere lett med andre og saman medverke til at samfunnet veks. - å skape respekt for andres innsats og audmykt for andres bragder - og tru nok på seg sjølv til å våge å mislukkast. - å lære elevane å bruke naturen og naturkreftene for menneskelege formål - og lære dei å verne miljøet mot menneskeleg dårskap og overgrep.
Grunnleggjande ferdigheiter Munnleg Skrive Lese Rekne IKT Munnleg ferdigheit i kroppsøving inneber å skape meining gjennom å lytte, tale og samtale. Det inneber mellom anna å kunne formidle inntrykk og opplevingar frå ulike aktivitetar. Ein uttrykkjer seg munnleg i utforminga av reglar for leik, ulike typar spel og anna samhandling. Det betyr å kunne lytte til andre og gi respons og vere bevisst på mottakaren når ein snakkar. Evne til munnleg formidling er òg nødvendig når ein skal vere med å organisere aktivitetar. Å kunne skrive i kroppsøving handlar primært om skriftlege framstillingar av aktivitet og vurdering av aktiviteten. Det er mest relevant på høgare årssteg. Å kunne lese i kroppsøving handlar om å kunne hente, tolke og forstå informasjon frå fagspesifikke tekstar. Det gjev grunnlag for å vurdere viktige sider ved arbeidet i faget. Lesing handlar òg om å tolke kart og forstå symbol. Å kunne rekne i kroppsøving inneber mellom anna å kunne måle lengder, tider og krefter. Å forstå tal er nødvendig når ein skal planleggje og gjennomføre treningsarbeid. Digitale ferdigheiter i kroppsøving inneber å kunne bruke digitale verktøy, ulike medium og ressursar føremålstenleg og forsvarleg for å løyse praktiske oppgåver. Det inneber mellom anna å innhente og behandle informasjon, planleggje og gjennomføre aktivitet og trening, og kommunisere og dokumentere dette.
Tid Emne Kompetansemål Mål for opplæringa er at eleven skal kunne Delmål Mål for opplæringa er at eleven skal kunne Arbeidsmåte Vurdering
34-40 Grunnleggjand e rørsler Leike og vere med i aktivitetar i varierte miljø der sansar, motorikk og koordinasjon blir utfordra Utføre grunnleggjande rørsler som å krype, gå, springe, hinke, satse, lande, vende og rulle i fri utfolding og organiserte aktivitetar Bevege seg på ulike måtar på ulikt underlag. Kunne følgje regler og ta instruksjonar I halv klasse i trimrom og på uteområde. Organisert som gruppe og som stasjonsundervisning. Døme på aktiviteter: lærarstyrte rørsleøvingar, leker som haien kjem og tikkenleiker, ringleker, balleker, stafettar. Døme på utstyr: Trampet, tjukkas, matter, rockeringer, hoppetau, tau i taket, benker, ballar. Eigenvurdering ved avkryssing på vekeprøvene etter perioden. bruke småreiskapar og apparat frå tradisjonelle og alternative rørsleaktivitetar Samtale om reglar som gjeld for opphald i naturen og praktisere sporlaus ferdsel Uteskule: samtale med elevar om korleis me ferdast i naturen på ein trygg og funksjonell måte. Uteskulebok, loggføring. Bruke klede, utstyr og enkle bruksreiskapar for å opphalde seg i naturen på ein trygg og funksjonell måte Bli trygg i vatnet 41 Haustferie Blåse ut under vatn. Legge seg på rygg. Legge seg mot brett og sparke med beina. Øve på leiker som epler og pærer. Individuell elevsamtale
42-51 Ballspill Avlevere, ta i mot og leike med ulike balltypar og vere med i enkle ballspel Samhandle med andre i ulike aktivitetar Kunne følgje regler og ta instruksjonar Kunne omgås andre og være på lag i lek-/spelsituasjonar-. I halv klasse i trimrom og på uteområde. Organisert som gruppe og som stasjonsundervisning. Døme på aktiviteter: lærarstyrte balleøvingar, leker som ballstafett og hockeystafett. Spele ulike kanonballtypar, fotball, innebandy.. Kunne gripe, kaste og pakke ulike ballar. Kunne føre ball med føter eller hockeykølle. Bli trygg i vatnet. Kunne ta hovudet under vatn. Kunne legge seg framover utan brett. Legge seg på rygg og sparke med beina. Gjerne ved støtte av brett. Øve på å sparke frå kant. Individuelle elevsamtalar. Lærarført logg. 52 Juleferie
1-9 Vinteraktivitet er bruke ski og skøyter der det ligg til rette for det Kunne ha glede av snø, som til dømes ved aking. Være med å lage løyper og hopp Uteskole: Hele klassen saman, også som halv klasse. Bruke det nære uteområdet. Ved manglande vinter eller ugunstig vær er man inne i trimrom i halv klasse. Repeterer øvingar og aktivitetar frå haustsemesteret. Uteskolebok, loggføring. Bli trygg i vatnet. Øve på symjetak på rygg og bryst. Kunne hente gjenstandar frå botn. Individuelle elevsamtalar. Lærarført logg.
10-13 Rytme og dans Utforske, leike og uttrykkje seg med rørsler til ulike rytmar og musikk Vere med i songleikar og enkle dansar frå ulike kulturar Kunne bevege seg på ulike måtar som passer til musikk og rytme. Kunne samhandle med andre i dans og danseleiker. Øve på rytmeforståing. Kunne vise passande rytme/dans. I halv klasse i trimrom. Spele ulik musikk og rytmar. Elevane øver på rørsler, og har leikeaktiviteter som til dømes dansetikken og kongen befaler. Øve på felles lærarrstyrt dans. Til dømes zumba eller polka. Eigenvurdering. Bli trygg i vatnet. Kunne bevege seg langs kortsida på grunnen enten ved symjing eller med hjelp av brett. Individuelle elevsamtalar. Lærarført logg. 12-13 Påske- og vinterferie
15-16 Rytme og dans Utforske, leike og uttrykkje seg med rørsler til ulike rytmar og musikk Vere med i songleikar og enkle dansar frå ulike kulturar Kunne bevege seg på ulike måtar som passer til musikk og rytme. Kunne samhandle med andre i dans og danseleiker. Øve på rytmeforståing. Kunne vise passande rytme/dans. I halv klasse i trimrom. Spele ulik musikk og rytmar. Elevane øver på rørsler, og har leikeaktiviteter som til dømes dansetikken og kongen befaler. Øve på felles lærarrstyrt dans. Bli trygg i vatnet. Kunne bevege seg langs kortsida på grunnen enten ved symjing eller med hjelp av brett. Individuelle elevsamtalar. Lærarført logg.
17-25 Idrett og orientering Leike og vere med i aktivitetar i varierte miljø der sansar, motorikk og koordinasjon blir utfordra Øve på friidrettsøvingar som løp, lengdehopp, kast og stafett. Uteskule. Tur med kart i nærområde. Organisert som gruppe og som stasjonsundervisning. Døme på aktiviteter: springe, lengde, ballkast, stafett, leikeaktivitetar, gå tur i nærområdet, gå etter kart. Uteskolebok, loggføring. Utføre grunnleggjande rørsler som å krype, gå, springe, hinke, satse, lande, vende og rulle i fri utfolding og organiserte aktivitetar Kunne følgje regler og ta instruksjonar Lage og bruke enkle kart til å orientere seg i nærområdet Lage kart over skuleplassen. Plassere enkelte kjennemerker på kartet. Ha ein førebuingstur. Ta bilete med digitalkamera. Lage postar og kart etter bileta og kartteikninga. Gjennomføre orienteringsløypa. Vere trygg i vatnet. Symje utan hjelp av hjelpemidlar. Plukke opp gjenstandar på djupare vatn. Ballspel i vatn. Individuelle elevsamtalar. Lærarført logg.
Gjennom heile året: Emne: Personlig hygiene Kompetansemål: Forklare kva personleg hygiene har å seie Arbeidsmåte: Samtale Emne: Sosial kompetanse og samhandling Kompetansemål: Anerkjenne kroppslege føresetnader og skilnader mellom seg sjølv og andre Arbeidsmåte: Samtale og spel/leik der føresetnader blir tatt omsyn til. Dette gjeld å tørre å vere med, å anerkjenne andre, ta omsyn og kommunikasjon. Emne: Uteskule. Føremål: Elevane skal utvikle kompetanse gjennom eit breitt utval av leik og aktivitetsformer, utvikle allsidigheit og lære å praktisere og verdsetje ferdsel og opphald i naturen. Aktivitet i ulike rørslemiljø omfattar utvikling og automatisering av naturlege, grunnleggjande rørsler i ulike miljø, både inne og ute. Organiserte aktivitetar og spontan leik i varierte miljø er sentrale element. Emne: Trafikk Kompetansemål: Følgje trafikkreglar for fotgjengarar og syklistar Arbeidsmåte: Førsamtale i klasserommet om trafikkregler og praktisere trygg åtferd i trafikken. Ha gule vestar, bruke fotgjengarfelt og fortau.