Rapport frå Vevring grendalag si deltaking i Bygdeutviklingsprogrammet 2006-2008



Like dokumenter
Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Årsrapport. Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen. Årsrapport bygdeutvikling 2012

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

«Ny Giv» med gjetarhund

Årsmelding for O-gruppa 2015

5 stk flotte bustadtomter til sals

Stemnehandboka for NKSF

Finansiering av søknaden

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Til deg som bur i fosterheim år

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 31/10 10/596 PROTOKOLL: SØKNAD OM KUTURMIDLAR - BALESTRAND FOLKEAKADEMI

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Styremøte i Sogn og Fjordane Sau og geit april på Quality Hotell Sogndal

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Saksnr.: 036/08-048/08. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Nils P. Støyva Gunn Helgesen Bjørn Lødemel

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2015/2016

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet. Møtestad: Rådhuset Møtedato: Kl:

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Referat. frå styremøte 6. og 7. desember 2012 på Hotell Norge Bergen.

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013

Inn på tunet. Utvikling av dagtilbod for heimebuande personar med demens i Gloppen v/prosjektleiar Merete Knoff

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Styremøte Sogn og Fjordane Sau og Geit på Reset

Skifjorden på langs- eit streif av ro. Tre begivenheitsrike år under bygdeutviklingsprogrammet er omme. Korleis gjekk det?

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

EIDFJORD KOMMUNE Arkiv: K1-, K2-L00. Godkjenning av sti- og løypeplan for Sysendalen. Arkivsak ID: 11/ Journalpost ID: 13/2948 Saksh.

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Friluftslivets år 2015

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Inn på tunet. Utvikling av dagtilbod for heimebuande personar med demens i Gloppen v/prosjektleiar Merete Knoff

Styringsgruppa har hatt 10 medlemmar i 2007, og dei har hatt ni møte. Arbeidsgrupper har hatt ansvaret for å gjennomføre følgjande tiltak:

Stryn kommune 1

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

HDBUL. Haugen og Dalen Bygdeutviklingslag. Referat frå Årsmøte Saksliste:

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2018/2019

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Søknad om stønad til etablering og drift av nærmiljøanlegg for skiaktivitet

Månadsbrev for Rosa september 2014

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

Oslo, 7. april møte i gjetarhundnemnda måndag den 6. april kl på lagskontoret i Parkveien 71.

Kommunen sin rolle i bygde- og næringsutvikling

Årsmelding Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane. Foto: Oskar Andersen

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Styremøte 8-9. februar i Bergen

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Skule i samarbeid med private gjev leksehjelp slik at leksene delvis vert gjort på skulen

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2010 Invitasjon til å søke om prosjektmidlar

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Kulturhistoriske registreringar

Brukarrettleiing E-post lesar

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

Transkript:

Rapport frå Vevring grendalag si deltaking i Bygdeutviklingsprogrammet 2006-2008 Samandrag 2008 Vevring grendalag har gjennom året hatt 17 styremøte med 103 bokførde saker. Dei aller fleste av desse sakene har gått på bygdeutviklingsprogrammet. Laget har vore representert på Bygdeforum i Davik og Grendesamling på Skei. Av opne arrangement gjennom året har ein hatt Skjeltefest i januar og Sommarfest i juni. I september hadde vi kart og kalenderslepp på butikken. Ein har hatt møte med lag og organisasjonar i bygda og eigne møter med arbeidsgruppene i laget, i tillegg til møte med styret for Fjordbutikken A/S Gjennomføring i forhold til arbeidsplanen i søknaden. For 2008, og heile 3-års perioden samla Badestranda Fekk opprusta badestranda med skjelsand og godt dugnadsarbeid, høgtideleg opning i 2007. I vinter har vi rusta opp stranda mot butikken med ny mur. Ein ny og lun badeplass som er blitt svært populær, eit ekstra billass med sand må til. Kunstgalleri og internettkafe I 2006 arrangerte ein sommarutstilling på skulen I 2007 var ein med og arrangerte Slettemark-utstilling i bygda. I 2008 vedtok ein å støtte kunst i butikk: Kunstgalleri som tilbygg til butikken, kombinert med internettkafe og utvida kaffikrok. Grunnmur for tilbygget komt opp. 50000 av bumidlane går til dette tiltaket. Kunstvinklinga var truleg avgjerande for at SFE støttar prosjektet økonomisk. Vi trur at tiltaket vil styrke butikken sitt næringsgrunnlag, styrke staden som sosial møteplass, og styrke kunstryet til bygda.

Gjestebrygge Ein fekk tilbod på opparbeiding av båtopptrekk, der fastbuande og folk frå innlandet kunne sjøsetje og dra på land småbåtane sine. Av prisomsyn gjekk vi frå dette og tenkjer no ein eigen kran for same formål. Arbeidet er utsett då kaiområdet skal ombyggast først Marknadsføring Vi har fått utarbeida eit godt turkart, som også er blitt lagt merke til utom lokalområdet. Kartet inneheld også informasjon om kultur og natur. For fastbuande og turistar, fleire språk. Kunstkalenderen, som kunstgruppa i laget fekk laga, gjev god marknadsføring av bygda. Sommarfesten og presentasjon av kart og kalender, gav oss også merksemd i media. I tillegg til å vere god marknadsføring, gav også tiltaka salsinntekter til laget. Vi fekk ein del sponsormidlar og tilskot til kartet. Vi har vore i kontakt med NAF si vegbok, for å få fyldigare dekning der. Vegen til Vevring er dårleg skilta, Vegvesenet er kontakta om dette Logokonkurranse Denne var sett opp i arbeidsplanen, men gjekk ut, då einskildpersonar i bygda fekk laga ein Vevringlogo. Logoen prydar med anna ein eigen Vevring-bærepose. Merking av tursti Eit større arbeid har vore i sving med rydding og merking av turstiar. Innsatsen her har nok vore størst og best i Seljevollområdet. Ein del står nok att før kart (med oppteikna stiar) og terreng stemmer heilt. Parkering Vassbotten Parkeringsplass for turgåarar er opparbeidd. Vi har og bygd tilsvarande plass på Seljevollen. Gode utgangspunkt for turar både sommar og vinter. 17.mai-tog på nyopprusta bygdeveg Kunst og natur i Vevring

Gammal bygdeveg Bru og ein del av vegen blei høgtideleg opna i 2007. Nytt byggesteg blei ferdig i 2008. Opninga her var endå meir høgtideleg: Først med 17. mai tog. Seinare med assistanse av Fylkesordførar, og symbolsk kystvegoppstart med representantar frå kommunane Flora, Askvoll og Naustdal. Ein populær og sjarmerande skule og turveg på om lag 700 meter, finansiert av bu-midlar, smil-midlar og grunneigar Heimeside www.vevring.no Vi har ei fin heimeside, med mykje nyttig informasjon. Ny programvare er innkjøpt Vevringutstillinga Vi trur at både arbeidet med permanent kunstgalleri og ein årleg kunstkalender vil vere med og styrke den tradisjonrike og unike Vevringutstillinga, som har 30-års jubileum i år. Tilflytting Grendalaget fekk kommunen (næringsfondet) til å finansiere medlemskap i eit eige tilflyttingsprosjekt. Ei gruppe i laget har jobba med prosjektet. 3 familiar frå Nederland og Tyskland er komt til bygda desse åra. Det er fint å sjå at tilfyttarane tek del i bygdelivet: gjennom arbeid, som musikarar, som dyktig fotograf til kunstkalender, og i kulturlivet ellers. Fleire utflytte bygdefolk har også komt attende, og bygt nytt eller restaurert eldre hus. Ledige bustadtomtar i bygda er viste på heimesida. Dalåsen Redal Eiga arbeidsgruppe var nedsett for å jobbe med denne utsikts/rasteplassen. Redal grendalag har sagt ja til å fullføre prosjektet, og vert tildelt dei budsjetterte midlane om arbeidet vert utført i år. Avkøyrinsløyve frå Vegvesenet er innvilga. Grendahuset Redal Vi har løyvd midlar til eit triveleg og popuært forsamlingslokale Kvellestad I bu-søknaden er det budsjettert med kunstskulptur på Kvellestad. Bygdefolket ynskte å prioritere ballbinge Grendalaget har gjeve tilsagn om støtte. Det vert lagt ned eit imponerande arbeid med ballbingen,-ein håpa på endeleg klarsignal i 2008, men må prøve på nytt i 2009, Eit svært godt tiltak for born og ungdom i distriktet. Rasteplassen på Dalåsen får fin utsikt Badestrand, butikk og utsikt frå volleyballbane

Næringsutvikling Ein har løyvd midlar til vidare utvikling av Fjordbutikken, og til ny danseutstyrsbutikk Laget var representert på seminar om eventuell mineralutvinning i Engebøfjellet Ein ynskjer å vere med og arrangere seminar om konsekvensanalysen for fjellet, når denne er klar. Næringsutvikling har utover dette ikkje vore fokusert særleg på. Grunnen er uvissa kring mineralutvinning, der ein ikkje enno veit om bygda blir ei industribygd, eller held fram som før. Veglys Ei arbeidsgruppe var nedsett for å få veglys langs riksvegen gjennom Vevring. Arbeidet er ikkje fullført Utførde oppgåver i tillegg til arbeidsplanen Tall Ship Race Å få vitjing av Tall Ship Race er nemt i søknaden. Russiske Mir la til kaia på Engebø, og fleire hundre personar var med skipet til Naustdal. Laget var engasjert med vakter i Naustdal, så vi kom frå Tall Ship Race med overskot! Sommarfest Både i 2007 og 2008 var det sommarfest på Myraløa. Dagen starta med ungdomseminar, der alle ungdomane frå bygda, under 35 år var inviterte, til å seie noko om framtida for bygda, og kva som må til for at dei utflytta kjem attende. Dei fekk og sei si meining til dei inviterte gjestane: I 2007 Ordførar Jan Herstad, og leiar for bu-prosjektet i fylket, Oddveig Birkeland. I 2008 hadde ein besøk av fylkesordførar Nils R. Sandal og varaordførar i Naustdal, Harald Kvame Seinare på dag var det bruopning, badestrandopning og vegopning, der gjestane fekk æra av å vere snorklipparar. Vegar var litt av fokuset i 2008: bygdeveg, kystveg og riksveg. Med fylkesordførar, og leiar i Sogn og Fjordane Ap, som lokale vegopnarar, var kanskje vårt vesle stunt med og gjorde litt til at fylkestinget før jul løyvde 50 millionar til utviding av Rv 611, dei første kilometerane frå Naustdal sentrum. Sommarfesten heldt fram med bygdefest på kvelden. Partytelt er innkjøpte, til eigne festlege arrangement, og utleige til andre.

Sandvolleyballbane Under sommarfestane fekk ungdomane kome med ynskje om aktivitetar og tilbod. Ei ungdomsgruppe har vore samla for å prioritere tiltak og ynskjer å ta til med ei sandvolleyballbane. Ein var og på synfaring for å sjå på aktuell plassering. Arbeidet med innhenting av pristilbod og søknad om tippemidlar er i gang. Måloppnåing På bu-samlingar har ein lært at klarer ein å innfri halvparten av tiltaka i bu-søknaden, har ein grunn til å vera fornøgd. Det er derfor litt spennande å bla gjennom søknaden, og sjå at dei aller fleste tiltaka er gjennomførde, eller er i ferd med å bli det. Fleire tiltak er også komne til under vegs. Viktige erfaringar Tida i bu-prosjektet går svært fort. I tillegg er perioden i praksis berre to og eit halv år, då søknaden er innvilga tidleg på sommaren første året. Kanskje ein skulle utvide perioden til 4 år, der fjerde året var eit ferdigstillingsår, utan ekstra løyvingar, men med rapporteringsplikt og invitasjon til deltaking i samlingane på fylkesplan Det har vore interressant å vere med i bu-prosjektet, med spennande samlingar på fylkesnivå, der mange dyktige innleiarar og deltakarar har vore med. Enkelte kunne nok vore meir konkrete i bodskapen sin. Bygdene har sendt avgarde mange taleføre folk, så tidsskjema og tema har gjerne sprukke når desse har slept til. Kanskje ein skal vere tydelegare på om det er årsrapport som skal leggast fram, eller det er ei framsyning av alt bygda har å by på. Ein detalj i lagsarbeidet, i desse datatider er å slå eit slag for den gamle gode handskrivne møteboka, der lause ark ikkje vert tatt ut, eller gløymd å setje på plass. Eit viktig grunnlag når ein diskuterer kva vedtak som verkeleg blei gjort, og ikkje minst eit viktig hjelpemiddel når årsrapport skal skrivast. Kvar går vegen vidare Arbeidsplanen viser at det meste av arbeidet er utført, og at det vert arbeidd vidare med det som enno ikkje er ferdig. Grendalaget er alt i sving med nye arbeidsoppgåver. Vi håpar at dei tiltaka som er sette i verk og som er i ferd med å bli sette ut i livet, vil gjere Vevringområdet til ein god plass å bu, i tida som kjem. Takk for innsatsen til bygdefolket. Takk for støtte frå Naustdal kommune Takk for tilliten til Bygdeuviklingsprogrammet til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, som let oss vera med i eit spennande og nyttig bygdeuviklingsprosjekt.