INDUSTRIKONSULENTEN PÅ OSTERØY



Like dokumenter
INDUSTRIKONSULENTEN PÅ OSTERØY

INDUSTRIKONSULENTEN PÅ OSTERØY

INDUSTRIKONSULENTEN PÅ OSTERØY

INDUSTRIKONSULENTEN PÅ OSTERØY

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Til deg som bur i fosterheim år

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Innhald Pålogging... 2 Viktige knappar... 3 Fronter som rom... 3 Leggje inn ei oppgåve i Fronter... 4 Litt om nokre ulike format for tekstbehandling

Finansiering av søknaden

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

Brukarrettleiing. epolitiker

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Årsrapport Årsrapporten er utarbeidd m.a. med bakgrunn i rammeavtale med Hordaland fylkeskommune.

Støtteordningar og søknader

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Gulen. 26.september 2013

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Styremøte mai i Bergen

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Universell utforming i anskaffingar. Innkjøpsrådgivar Torgeir Riksfjord

Bruk av reiserekning i Agresso

Ny utdanning i Norge! ARBORIST. Fagskulane i Hordaland. avdeling Hjeltnes

Brukarrettleiing E-post lesar

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Miljøsertifisering av offentlige og private verksemder i Gol kommune Bruk av Miljøfyrtårn som sertifiseringsordning

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Etablering og drift av kraftselskap

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Personalportalen. Brukarmanual for medarbeidarar i Hordaland fylkeskommune. Til innhaldsregister

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Førespurnad om deltaking i forskingsprosjekt. Kontrollgruppe til forskingsprosjekt for behandling av sjukleg overvektige personar

VEDTEKT av februar 2007

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Søking til skuleåret

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Lønnsundersøkinga for 2014

Rådgjevarkonferanse 2009

Kjøp av sekretariatsfunksjon for kontrollutvalet

BUDSJETT KONTROLLORGAN

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

STRATEGISK VIKTIG PROSJEKT FOR REGIONAL UTVIKLING OPPSUMMERT PROSJEKTINFO

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Innkalling av Kraftfondsstyret

Tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket - 2. utlysing 2015

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Onsdag kl i kommunestyresalen

FINANSFORVALTNINGA I 2011

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 51/08 08/1214 NESSANE VASSVERK - SØKNAD OM KOMMUNAL GARANTI

IKT-kompetanse for øvingsskular

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Forslag frå fylkesrådmannen

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Informasjon til pasientar og pårørande

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Kvalitetsplan mot mobbing

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

Tevling i Bygdekjennskap. Heftet er revidert av Norges Bygdeungdomslag.

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Informasjon til elevane

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2014.

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Møteprotokoll for møte i

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

LUK- slik vi forstår intensjonane frå KRD

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland

Transkript:

INDUSTRIKONSULENTEN PÅ OSTERØY Årsmelding 2014 Forutan direkte oppdrag for etablerarar og bedrifter og sekretærfunksjonen for Osterøy Industrilag, har følgjande oppgåver prega arbeidet i 2014: sekretariat for Osterfjord Næringssamarbeid, arbeid for etablering og utvikling av fleire lokalsamfunnsutviklingsprosjekt i Osterfjordregionen, sekretær for Hordaland Bioenergiforum, arbeid for etablering av Espevoll næringsområde, prosjektansvarleg for "Flettverk" som rettar seg mot design, tekstilindustri og handverk i Osterfjordregionen, og for «Kompetanseutvikling i CNC og robotnæringsmiljøet i Hordaland», sekretær for kompensasjons-styret og medlem i rådet for Kompetansesenteret for CNC og robot ved Osterøy vidaregåande skule. Industrikonsulenten har bistått ved oppfølging av 4 skattefunnprosjekt i 2 Osterøy-bedrifter. Ei bedrift som har produksjon i ein distriktskommune, har fått hjelp til å søke Innovasjon Norge og har fått 3 mill kr i tilskott. Talet på nye oppdrag, 17, var på nivå med føregåande år. Talet på etablerings-oppdrag, 12, var og på nivå ned året før. Ca halvparten av desse nye etablerings-oppdraga har allereie resultert i nye verksemder. I dette talet er ikkje rekna med nyetableringar i 2014 i samband med oppdrag som er registrerte året før/ tidlegare år. I 2014 arbeidde industrikonsulenten 50% stilling grunna kronisk sjukdom. Industrikonsulenten er sekretær for Osterøy Industrilag. Industrilaget har hatt mykje fokus på samferdsle og i 2014 starta arbeidet med omlegging av fylkesvegen gjennom Hosanger. Industrilaget arbeider for eit større næringsareal på Espevoll og for utbetring av fylkesvegen gjennom Vesetgjelet. Kommunen har gitt tilskott til Industrikonsulentverksemda også for 2015. Dette ligg inne i kommunen sitt langtidsbudsjett. Kommunen held kontor til Industrikonsulenten. Me får tilskott på kr 18.000 frå Hordaland fylkeskommune via Osterfjord Næringssamarbeid til næringsutviklingsarbeid (året før kr 35.000). Osterfjord Næringssamarbeid har godtgjort arbeidet som sekretær for næringssamarbeidet med kr 70.000. OPPDRAG Godkjend i styringsutvalet 11.5.2015 Forutan ein del oppdrag frå året før som det har vore arbeidd vidare med, har Industrikonsulenten altså fått 17 nye oppdrag i 2014. Dette er både reine kontaktog informasjonsformidlingsoppdrag og oppdrag der konsulenten har gjort ein "jobb" for verksemda. Omfanget av oppdraga varierer frå oppdrag som vert løyste pr telefon til det største oppdraget som var på 28 timar. Oppdraga var fordelte slik: 2010 2011 2012 2013 2014 Nye etableringsoppdrag 16 22 19 14 12 Nye oppdrag for 13 9 14 4 5 etablerte verksemder SUM 29 31 33 18 17 I tillegg til det som er registrert som oppdrag, kjem ei rekkje kontaktar med verksemdene gjennom sekretærfunksjonen for Industrilaget og gjennom prosjektarbeid. I Flettverk-prosjektet «Made in Osterøy» deltek t.d. ca 10 verksemder og ca 10 lokale verksemder vil vere med i prosjektet «Kompetanseutvikling i CNC og robotnæringsmiljøet i Hordaland». For mange av etableringsoppdraga var ønsket om å ha ein samtalepartner utgangspunktet for kontakten. Von om gunstig finansiering/tilskott var utgangspunkt for nokre. Nokre personar tok kontakt for å få utarbeidd "næringsfagleg vurdering" som grunnlag for støtte gjennom NAV. Mellom etablerings-oppdraga var det 6 oppdrag for personar med utanlandsk statsborgarskap. Det at det finst tilskotts-ordningar, er eit hjelpemiddel til å kome i kontakt med oppdragsgjevarane. Men det er svært få som oppnår å få tilskott. Skattefunnordninga med skattefrådrag for utviklingsarbeid er ei bra ordning for veletablerte bedrifter, men det er no relativt få som nyttar seg av ordninga. Følgjande oppstilling syner korleis oppdraga er fordelte med omsyn til storleik på verksemdene: 1

Tilsette Tal oppdrag Nyetablering 12 1-4 2 5-9 2 10-19 1 20-49 0 50-100 1 SUM 17 Dei fleste av oppdraga er komne i stand etter initiativ frå kunden, eventuelt etter tips frå andre som t.d. NAV. Kva oppdrag Industrikonsulenten arbeider med, vert i stor grad styrt av dei som er initiativrike. Ved 71% av oppdraga var første kontakt pr telefon og resten ved personleg møte eller epost. Oppdraga har vore frå 16 ulike etablerarar / verksemder. Oppdraga for eksisterande verksemder bransjefordelt: Mekanisk industri 2 Anna industri 2 Tenester, anna 1 SUM 5 I desse tala kjem ikkje med oppdrag for eksisterande verksemder som har gått over fleire år. Etableringsoppdraga bransjefordelte: Ulike former for tenester 7 Industri 0 Bygg og anlegg 1 Handel 3 Anna 1 SUM 12 Det er vanskeleg å seie kor mange verksemder det vert av desse etablerings-sakene, mange etableringar skjer over tid, men heile ca halvparten har starta ny verksemd i løpet av året. NYREGISTRERINGAR I FORETAKS- REGISTERET For å gje eit bilete av nyetableringsaktiviteten på Osterøy, tek me med informasjon som byggjer på kunngjorde nyregistreringar i Foretaksregisteret i 2013. Dette dekkjer ikkje dei som berre er registrerte i Einingsregisteret (t.d. enkeltpersonforetak som ikkje driv handel). Selskapsform Tal registrerte Aksjeselskap, AS 22 Enkeltpersonforetak, DA 12 NUF 1 Sum 35 Bransjar Fleire foretak opererer i fleire bransjar. Her er berre teke med den bransjen som truleg er viktigast: Bransjar Tal registrerte Eigedom, investeringsselskap 4 Bygg og anlegg 7 Tenester (elles) 6 Handel 7 Transport 6 Industri 0 Anna 5 Sum 35 ANDRE SAKER INDUSTRIKONSULENTEN HAR ARBEIDD MED Forutan å vera sekretær for Osterøy Industrilag (sjå eiga årsmelding) har Industrikonsulenten arbeidd med mellom anna følgjande oppgåver av meir generell karakter for Osterøy-næringslivet; * Osterøy-næringslivet fekk kompensasjon for auken i arbeidsgjevaravgifta frå 1.1.2000 t.o.m. 2003. Industrikonsulenten er sekretær for kompensasjonsstyret. * Industrikonsulenten representerer Osterøy Industrilag i rådet for Kompetansesenteret for CNC og robot ved Osterøy vidaregåande skule. * Industrikonsulenten har for 2005-14 hatt sekretariatsfunksjonen for Osterfjord Næringssamarbeid. Osterfjord Næringssamarbeid vert finansiert m.a. med tilskott frå Hordaland fylkeskommune. Osterfjordregionen får også midlar via Hordaland fylkeskommune til Regionalt næringsfond for Osterfjord (i 2014 kr 456.000, året før kr 954.000). Regjeringa og dermed fylket har redusert kraftig i slike regionale utviklingsmidlar. Frå 2013 er Åse Nilssen engasjert som prosjektleiar for stimulering og etablering av fleire lokalsamfunnsutviklings-prosjekt i Osterfjordregionen. Sjå eiga årsmelding. * Industrikonsulenten har vore med å starte Hordaland bioenergiforum og deltek i arbeidsutvalet. På vegne av forumet har Osterfjord Næringssamarbeid med Industrikonsulenten som sekretariat fått RUP-midlar hjå Hordaland fylkeskommune til forumsaktivitetar i 3 år. Aktiviteten var låg i 2014. * Industrikonsulenten har vore pådrivar for å få i stand ein samarbeidsavtale mellom Osterfjordregionen og Høgskulen i Bergen. Avtale vart inngått 15.3.2007 og fornya avtale vart signert 11.10.2014 i det nye høgskolebygget på Kronstad.. Industrikonsulenten er gjennom Osterfjord Næringssamarbeid medlem av samarbeidsutvalet som er oppretta. Det vert samarbeidd på fleire område, m.a. teknologileiing og Flettverkprosjektet. 2

* Industrikonsulenten arbeider for realisering av eit større næringsområde på ca 550 da på Espevoll; "Stort og Bergensnært", www.espevoll.no. Det hadde vore ønskjeleg med større framdrift i kommunen sin del av prosjektet. * Som sekretariat i Osterfjord Næringssamarbeid har Industrikonsulenten vore prosjektansvarleg for forprosjektet "Flettverk" for kopling tekstilindustri, design, kultur og handverk. Eit 3-årig hovudprosjekt vart starta mot sluten av 2012. Prosjektet er finansiert gjennom Regionalt næringsfond for Osterfjord, midlar frå Hordaland fylkeskommune og eigeninnsats. Prosjektleiarar er Tone Boska og Siv Støldal. * Prosjektet «Kompetanseutvikling i CNC og robot-næringsmiljøet i Hordaland» vart starta opp i 2014 m.a. med 3 mill kr frå Innovasjon Norge og kr 250.000 frå kvar av fylkeskommunen og Regionalt næringsfond for Osterfjord. Høgskolen i Bergen vil no utvikle ein bachlor og master og Bergen tekniske fagskole eit fagteknikartilbod innan fagfeltet. Og dette vil skje i samarbeid med Kompetansesenteret for CNC og robot som vil utvikle etter- og vidareutdanningstilbod. Industrikonsulenten er som sekretariat i Osterfjord Næringssamarbeid prosjektleiar. MØTE, KURS, FOREDRAG Forutan møteverksemd mm. i samband med ovannemnde kan nemnast: Vore med å skipe til 50 år jubileumsfest for Osterøy Industrilag med 100 deltakarar. Lars Mjøs fekk under jubileumsfesten utdelt Norges Vels medalje for lang og tru teneste i Osterøy Industrilag. Lagt opp besøksprogram på Osterøy for Regionalt næringsforum i Hordaland. Delteke ved dialogsamling i regi av Hordaland fylkeskommune. Orientert om «Kompetanseutvikling i CNC og robotnæringsmiljøet i Hordaland» på orienteringsmøte på Gardermoen i regi av Inovasjon Norge. Delteke ved møte for regionale tiltakskontor, m.a. på samling i Norheimsund. Delteke ved prosjektleiarsamling i Ålesund for prosjekt i Innovasjon Norge sitt program «Kompetanseutvikling i regionale næringsmiljøer». Delteke ved strategisamling for Mjøs Metallvarefabrikk AS på Lofthus. Delteke ved nyopning av Omsorgsteknologilaben ved Høgskolen i Bergen. Lagt opp besøksporgram på Osterøy for leiinga i Business Region Bergen. Delteke ved møte i Bergen Næringsråd om produktivitet. DØME PÅ SPØRSMÅL SOM INDUSTRI- KONSULENTEN HAR HANDSAMA I 2014 Kan du hjelpe meg med ein søknad til næringsfondet? Me lurer på å starte mobilt gatekjøkken. Kva reglar gjeld? Eg planlegg eit næringsområde og vil gjerne diskutere aktuelle oppvarmingsmetodar. Korleis kan me CE-merke eigne produkt som byggevarer? Kan du hjelpe meg med ei næringsfagleg vurdering slik at eg kan behalde støtta frå NAV? Eg vil starte eige firma. Finst det noko tilbod om etablerarkurs? Me vil søke Innovasjon Norge om investeringstilskott i ein distriktskommune. Kan du hjelpe til som sist? STYRINGSUTVAL Styringsutvalet har hatt følgjande samansetjing: Formann : Lars Magne Bysheim Sigbjørn Reigstad, vara Vivian Jacobsen Arne Hansen, vara Stig Eknes Ordførar Kari Foseid Aakre. 3

REKNESKAP 2014 Kasserar: Lars Mjøs. Revisor: Norodd Helle I 2014 vart det nytta vel kr 100.000 til ekstraordinære tiltak, m.a. utarbeiding og trykking av 50-årssoga for Osterøy Industrilag som også dekkjer over 30 år med Industrikonsulenten på Osterøy. Industrikonsulenten sette og inn annonsar for ny prosjektleiar ved Kompetansesenteret for CNC og robot med godt resultat; ei svært viktig stilling for prosjektet «Kompetanseutvikling i CNC og robotnæringsmiljøet i Hordaland». 3100 Konsulenthonorar 3110 Sekretær Osterøy Industrilag 3121 Prosjektinntekter 3440 Tilskott frå Osterøy kommune 3441 Tilskott frå Osterfjord Næringssamarbeid 3441 Tilskott frå andre 8297 Renteinntekter Sum inntekter 5000 Løn inkl sos utgifter netto 6700 Revisjon Industrilagssoga (forfattar og trykking) Annonsar prosjektleiar Kompetansesenter 6800 Kontorkostnader 6900 Telekostnader 7165 Reise/diett 7185 Km godtgjersle 7770 Gebyr Sum utgifter Overskott/underskott 1500 Kundefordringar 1900 Bankkonti Sum eiga 39 400,00 40 000,00 39 900,00 150 000,00 88 000,00 33 233,13 390 533,13 397 199,00 1 500,00 77 845,00 26 616,10 10 254,05 7 206,40 3 474,00 3 872,00 1 629,54 529 596,09-139 062,96 79 900,00 1 221 406,37 1 301 306,37 2410 Leverandørgjeld 0,00 2430 Innskott frå Industrilaget 2600 Skuldig skattetrekk 2700 Skuldig mva 2770 Skuldig arbeidsgjevaravgift Eigenkapital Sum gjeld og eigenkapital 200 000,00 18 195,00 5 210,00 9 466,00 1 068 435,37 1 301 306,37 Eigenkapital 1.1.2014 Overskott/underskott 2014 Eigenkapital 31.12.2014 1 207 498,25-139 062,96 1 068 435,29 4

INDUSTRIKONSULENTEN PÅ OSTERØY TIL DI TENESTE FOR KVEN? Alle som driv eller har lyst til å driva næringsverksemd på Osterøy, har høve til å nytta Industrikonsulenten. Verksemda di eller planane dine kan vera frå dei minste til dei største og i alle bransjar. KVA SLAG SPØRSMÅL? Alle typar spørsmål som har med næringsverksemd å gjera, kan rettast til Industrikonsulenten. Me vil anten kunne svara på dei sjølve eller finna fram til stader der du kan få svar. Alle opplysningar vert handsama fortruleg. KVA KOSTAR DET? Tenestene til Industrikonsulenten er gratis dersom du er nyetablerar eller me treng kort tid for å finna svar på spørsmålet ditt. Dersom spørsmålet ditt krev meir arbeid, må du etter avtale betale ein timepris frå kr 450 til kr 550. KVEN STÅR BAK? Det er Osterøy Industrilag som har teke initiativ til stillinga og tilsett Industrikonsulenten. Osterøy kommune støttar stillinga økonomisk og held kontor, telefon og breiband. Industrilaget betaler sekretærgodtgjersle og ein del inntekter kjem frå oppdrag me utfører for næringslivet og for Hordaland fylke. Ordføraren er representert i styringsutvalet for verksemda. KVEN ER ME? Lars Mjøs har vore tilsett som Industrikonsulent sidan 1982. Han er utdanna sivilingeniør, maskinlina, ved Norges Tekniske Høgskule, no NTNU. Han har vidareutdanning innan undervisning, miljøvern, mellom anna arbeidsmiljøspørsmål og innan etablerarrettleiing. Han har vore med å skrive boka "Fem små mekaniske verksteder" og boka "Grunnbok i bedriftslære". Han har 1 års verkstadpraksis frå Nylands Mekaniske Verksted i Oslo før han tok til med utdanninga og han har arbeidd 2 år som skipsvinsjkonstruktør ved BMV, Hordvikneset. KORLEIS FÅ TAK I INDUSTRIKONSULENTEN? Ring direktenummer 56 19 22 70, mobil 416 28 531. E-postadressa er; lars.mjos@osteroyindustrilag.no. Du kan og vitje Industrikonsulenten i bustaden ved rådhuset på Hatland. Send eller legg att ei melding om du ikkje treff nokon på kontoret. Nærare informasjon finn du på www.osteroyindustrilag.no/indkons og på www.kom-an.no 5