Fylkesting for ungdom Fråsegner

Like dokumenter
Fylkesting for ungdom 2018

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Ungdommens planprogram Vedteke av Ungdommens fylkesting

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

Forslag til Ungdommens fylkesting februar 2016

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

Ungdommens planprogram 2015 Vedteke av Ungdommens fylkesting

Del 1: Satsingsområde

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Kommunedelplan for oppvekst

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

Forslag til Ungdommens planprogram Frå Ungdommens fylkesutval

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring

Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland - høyring

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Politisk program for Jølster KrF

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2015

Ungdommens planprogram 2017 Vedteke 12. februar 2017

Regionreform status. Trond Nerdal fylkesrådmann. Fellesmøte 28. september

Område Mål Tiltak Ferdig Pågåande Ikkje byrja Kommentar Frist

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

Ungdommens fylkesutval si innstilling til. Ungdommens planprogram 2019

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Referat frå «debattkurset» RESULTAT AV GRUPPEDISKISJON RUNDT TEMA

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

Rådgjevarkonferansen november

av pilotprosjektet Psykologteamet «Bedre balanse mellom tilbud og etterspørsel av Regionalt utviklingsprosjekt

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Vår ref: Dykkar ref. Dato: 16/ / FE-026 ÅKR

Finnøy og Rennesøy kommunar

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Kollektivstrategi for Hordaland - Årsrapport 2016

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Vågsøy kommune Rådmann

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

«Nye Vestland fylkeskommune» i endring og utvikling

Ungdommens planprogram - framdrift Per Område Mål Tiltak Ferdig Pågåande Ikkje byrja Kommentar Frist

UFU skal ved trong ta kontakt med politikarar for å ta sakene vidare i Opplæring- og helseutvalet.

Ungdommens planprogram - framdrift Per Område Mål Tiltak Ferdig Pågåande Ikkje byrja Kommentar Frist

Ungdommens planprogram Vedteke 14. februar 2016

Overordna strategiplan for Hardangerrådet

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

Følgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerer Agnes H. Bernes

Politisk Måldokument for Ungdommens Bystyre i Flora Kommune, Vedteke i møte 3 mai Revidert i møte 8 mars 2012.

Reise: Møtes på rutebilstasjonen på Sjøholt måndag kl Alle må kome seg til Sjøholt på eige hand, og så køyrer vi i privatbilar derifrå.

Årsmelding Fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne.

Nye innbyggjarar nye utfordringar?

Høyringsrapport Planprogram for Regional plan for kompetanse og arbeidskraft

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune

Presentasjon av resultat frå Ungdataundersøkinga

Program for. Årdal Venstre

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

Odda kommune sin uttale til Intensjonsavtale for etablering av Vestlandsregionen

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Møteprotokoll Utval: Ungdommens fylkesutval Møtestad: Dato: Tidspunkt: Følgjande faste medlemmer møtte Følgjande medlemmer hadde meldt forfall

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Lågterskeltilbod til ungdom mellom år

Tilbakemelding på FT-sak 7/14 Tryggleik og beredskap - Rapport

Oppsummering frå verkstad på Hardanger Ungdomsting 2015

Ungdommens planprogram 2019

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

Handlingsplan for førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Nasjonal dugnad. Alle gode krefter lokalt og nasjonalt dreg i same retning for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring

Nasjonal dugnad. Prosjektleiar overgangsprosjektet Sissel Espe

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

Namn Funksjon Representerer. Følgjande medlemmer hadde meldt forfall: Namn Funksjon Representerer. Namn Møtte for Representerer

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Elev- og lærlingombod i HFK

Rådgjevarkonferansen 2014 Gjennomføring i vidaregåande opplæring.

Helsestasjons- og skulehelsetenesta og tannhelsetensta. Tenner for livet.

Oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring utanfor arbeid og opplæring

Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og NAV Hordaland om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring

Ungdataundersøkinga. Skuleleiarkonferansen Kva kan rektor/skuleeigar gjere med desse dataa? Loen, 4.oktober

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Inntak til vidaregåande skule for søkjarar med fortrinnsrett, søkjarar med rett til individuell handsaming og minoritetsspråklege søkjarar.

Ål Venstre. Ål Venstre

Transkript:

Fylkesting for ungdom 2017 Fråsegner 1

Politisk program for ungdom 2017/2018 I dette heftet kan de som er politikarar og byråkratar lese om politikken som vart vedtatt på fylkesting for ungdom 2017. Fylkesting for ungdom arbeider for interessene til ungdom i fylket og er det øvste talerøyret til ungdomen i Sogn og Fjordane. Sakene til dagsorden ved fylkesting for ungdom skal være regional- og/eller lokalpolitiske saker som fremjar interessene til ungdom. På fylkesting for ungdom vart det vedtatt heile 31 fråsegner, noko som er meir enn nokon gong før! Dette meiner vi lovar bra og viser at dagens ungdom bryr seg om kva som skjer i Sogn og Fjordane. Ungdomspolitisk utval har tatt med dei mest essensielle fråsegnene i dette heftet. Vi håpar på at de vil dra nytte av dette heftet i dykkar viktige arbeid! Ungdomspolitisk utval 2017/2018 2

Vedtekne fråsegner fylkesting for ungdom 2017 Betre tiltak for betre psykisk helse blant ungdom Fylkesting for ungdom oppmoda alle kommunar i Sogn og Fjordane til å satse i endå større grad på tiltak for betre psykisk helse. Tiltak kan til dømes vere større satsing på skulehelsetenesta, større stillingar for helsesøstrer, fleire helsesøstrer, eigne fag om psykisk helse og livsmestring i skulen og eigne kommunale planer for å handtere psykisk helse blant ungdom. Betre kvardagsintegrering! Ungdomspolitisk utval skal arbeide for ei betre kvardagsintegrering i fylket. For å betre kvardagsintegreringa i Sogn og fjordane har UPU klare tiltak: Opprette lokale ungdomsgrupper som besøker asylmottaka i fylket i regi av fylkestinget. Støtte til fritidsaktivitetar for ungdommar med innvandringsbakgrunn. Meir norskopplæring Betre tilrettelegging for entreprenørskap UPU ønskjer betre tilrettelegging for entreprenørskap i ungdomsskulen, vidaregåande skule og etter ferdig utdanning. I dag er det for lite fokus på entreprenørskap. Det er spesielt relevant for elever på praktisk retta linjer å få tilbod om god opplæring og rettleiing, som dei kan ta med seg vidare i livet. Ønskjer at også yrkesfag får tilbod om faget entreprenørskap. Tilby enkel opplæring om entreprenørskap i faget UTV (Utdanningsval) på ungdomsskulen. Legge meir til rette for at ein klasse kan opprette elevbedrift, for eksempel som del av inntening til ein skuletur. Synleggjere kva Ungt Entreprenørskap (UE) er og kva dei kan hjelpe til med. UE bør tilby obligatoriske kurs som gir grunnleggande kunnskap om entreprenørskap for elev og ungdomsbedrifter. Desse bør også vere opne for andre unge som er interessert. Sjukemelding frå tilsette i skulehelsetenesta UPU skal jobbe for at alle som er tilsett i skulehelsetenesta som er tilsett på VGS i Sogn og Fjordane skal ha fullmakt til å skrive sjukemelding til elever på skolen. Mange elever i fylket bor langt fra næraste legesenter, og det er tidkrev- 3

jande, slitsamt og til tider kostbart å skaffe sjukemelding fra en fastlege. I tillegg er legestanden under stort arbeidspress. Ved å gi fullmakt til tilsette i skulehelsetenesta vil det bli enklare for mange elever å få gyldig fråvær. For å oppnå dette skal UPU systematisk jobbe mot og ta kontakt med kommuneoverlegar i fylket, og forsøke å få legene til å gi denne fullmakta til de tilsette i skulehelsetenesta ved skulen. (Liknande modell som Flora kommune, v/kommuneoverlege Jan Helge Dale) Tryggare skulevegar Ungdomspolitisk utval skal jobbe for tryggare skulevegar for elevar i Sogn og Fjordane. Ja til fritt skuleval Fritt skuleval sikrar at elever får velje kvar dei ønskjer å gå på skule Utan fritt skuleval vil ingen kunne velje om de vil gå på skule utenfor fylkesgrensene. Fritt skuleval vil bidra til tilflytting fra andre fylker, grunna Sogn og Fjordane sine kvalitetsrike skoler. Fritt skuleval hindrar samfunnsmessige overgrep fra fylket, og sikrar at det er elevene sitt val kvar dei vil gå på skule. 1. Ungdomspolitisk utval støttar ordninga med fritt skuleval, og sikrar at det er elevenes val kvar dei får gå på skule, og ikkje fylkets. Talerett i fylkestinget er ei sjølvfølgje I Sogn og Fjordane er det nødvendig å forbetre talerøyret for ungdom. Sogn og Fjordane sin ungdom vert ikkje høyrd, og har heller ingen reell direkte påverknadskraft mot fylkeskommunen og/ eller nasjonale organisasjonar. UPU skal i perioden 17-19 arbeide med å få vedtatt lovfesta talerett i fylkestinget. Ei betre kvardagsintegrering Kontantstøtte er ordninga som seier at du får eit visst tal kr om du ikkje har barnet ditt i barnehage. Kontantstøtta er ei utdatert ordning, som i følgje ulike rapportar hovudsakleg vert brukt av innvandrar og familiar med dårleg råd. Dei bruker altså denne ordninga for å ha meir å rutte med i kvardagen. Dette er ikkje god integreringspolitikk. For at innvandrarar og deira born skal kunne integrerast i det norske samfunnet, så burde dette begynne allereie i barnehagen. Om vi skal minske sosiale forskjellar, så må vi fjerne kontantstøtta. I barnehagen lærer både barnet og foreldra seg det norske samfunnet å kjenne. Kontantstøtta hemmar kvardagsintegreringa, både mellom nordmenn og innvandrarar og mellom andre ulike sosiale klassar. Ungdomspolitisk utval meiner at kontantstøtta skal avviklast. 4

Utdanning tilpassa arbeidsmarknaden Ungdomspolitisk utval meiner at fylkeskommunen skal samarbeide med dei ulike partane i næringslivet for å finne ut kva for studielinjer som treng fleire plassar. I dag er det mange sektorar som slit med nok folk, mens andre flyter over av arbeidskraft. Kan partane i næringslivet spele ei viktigare rolle når det gjeld tilbode av utdannings- og lærlingplassar. I dag har vi mange ulike utdanningsval i Sogn og Fjordane. Mange elevar vel derimot ikkje ei utdanning som matchar med dei arbeidsplassane som er tilgjengelige på arbeidsmarknaden her i fylket. Vi kan ikkje gje ungdommen falske forhåpningar. For å motverke fråflytting frå Sogn og Fjordane, så er eit av dei viktigaste verkemiddela å tilrettelegge utdanninga meir. Om næringslivet sine krav på arbeidskraft kan kombinerast med kor mange plassar som er på kvar utdanningslinje, så kan vi få fleire unge ut i arbeid og lære/ praksis her i fylket. Vi kan ikkje utdanne folk til arbeidsløyse. 5 UPU skal bidra til å informere ungdom i debatten om kommunereforma UPU skal vise til objektiv informasjon som skal bidra til å gi ungdommen i Sogn og Fjordane ein betre innsikt i kommunereforma. UPU skal i perioden fram til 1. Januar 2017 arbeide med å informere ungdom om kommunereforma, og kva den har å seie for individet.

La ungdomskortet inkludere alle ungdommar! Ungdomskortet er eit tilbod til ungdommar som er mellom 16 og 19 år, og er gyldig for eit uavgrensa tal reiser i 30 dagar frå kjøpsdato. Kortet gjeld på alle kollektivreiser innanfor Sogn og Fjordane sine fylkesgrenser. Fylkesting for ungdom meiner at fylkeskommunen burde utvide dette tilbodet til å både gjelde dei under 16 år og alle elevar ved ein vidaregåande skule (dvs. dei som er eldre enn 19 år). Vi ser det som positivt at ungdommar frå ein tidleg alder av kan få moglegheita til å reise fritt i fylket, fordi det vil medføre at ungdommane i større grad vil utvikle eit godt forhold til kollektivtransport, og derfor også bruke kollektivtransporten oftare enn andre. I tillegg til dette er det av miljøomsyn positivt at ein utvidar eit slikt tilbod. Andre grunnar til at ein burde utvide aldersgrensa for ungdomskortet er at dei føresette som resultat av dette vil få meir fritid, men ikkje minst vil utvidinga skape større fridom for det enkelte individet, altså ungdommen. Det at ungdommar kan reise kvar dei vil i fylket vil gjere det lettare for dei å besøke venar og slektningar. Ungdomspolitisk utval skal jobbe for ei generell utviding av aldersgrensa til ungdomskortet. Ja til hydrogenferjesamband i Sogn og Fjordane Næringslivet og fylkeskommunen jobbar i dag for eit miljøvenleg ferjesamband. Som Norges leiande fylke innan hydrogenutvikling må UPU støtte dette. UPU skal vere ein aktiv pådrivar for å få hydrogenferjer i Sogn og Fjordane. Betre tilbod til vegetar-, vegan- og allergivenleg mat i skulekantiner Det har blitt meir og meir populært å bli vegetarianar og veganar den siste tida, og menneske med allergi er ikkje noko nytt. Det er derfor viktig å sikre eit godt tilbod til dei med andre diettar, livsstil og allergen. Vi ynskjer derfor at det skal vere sikra eit betre tilbod opp mot elevar med alternative matvaner i skulekantinene. Ungdomspolitisk utval skal jobbe med å få betre tilbod til elevar med diettar, livsstilar og allergen i skulekantinene i den neste perioden. UPU stiller seg positiv til regionsreforma Fylkeskommunane i Sogn og Fjordane og Hordaland har gått inn for ei samanslåing innan 1. januar 2020. UPU må difor bearbeide sin posisjon som eit talerøyr for ungdommen i den nye fylkeskommunen. UPU må difor samarbeide med UFU Hordaland om ei felles ordning for dei to utvala. 6

UPU skal i perioden 17-18 starte og utvikle eit godt samarbeid med UFU Hordaland. Betre seksualundervisning UPU ynskjer ei betre seksualundervisning, med økt fokus på opplysning om kjønn og identitet. Fylkesting for ungdom er positive til Vestlandsregionen, men setter eit tydeleg krav om at det skal bli eit ungdomskort som gjelder for heile regionen for dei som er mellom 16 og 20 år og at intensjonsavtalen skal verte følgt. Fråsegn og entreprenørskap Fylkesting for ungdom skal jobbe aktivt for å få entreprenørskap inn i skulen. Ein vil behalde det ein alle reie har, men auke fokuset på faget entreprenørskap samt skape meir kunnskap blant elevane. Entreprenørskap er viktig med tanke på at det er ei usikker tid vi har i vente når det kjem til næringar som olje og gass, og dette medfører eit skifte i landet. Vi trur dette skiftet treng entreprenørskap! Entreprenørskap skal verte eit valfag på ungdomsskulen, samt verte styrka i den vidaregåande opplæringa. Ja til Vestlandet! I fjor vedtok fylkesting for ungdom at vi ville ha eit fylke her i framtida, nemleg Sogn og Fjordane. Fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane har begge vedteke ein intensjonsplan om at dei skal slå seg saman til den nye regionen Vestlandet. UPU kan ikkje stå på sidelinja av denne debatten. UPU og FFU må derfor stille seg bak intensjonsplanen om ei samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane, slik at UPU kan ta ein aktiv del i dette arbeidet. Betre kollektiv transport i Sogn og Fjordane Me vil at UPU skal jobbe med å betre kollektivtransporten i Sogn og Fjordane. Kollektivtransporten her i fylket er veldig dårleg, spesielt i små bygder. Me vil at UPU skal jobbe for at det skal bli betre kollektivtransport i fylket, for at ungdommar kan vere med på ulike fritidstilbod. Ungdomspolitisk utval skal jobbe med: - Betre kollektivtransporten i Sogn og Fjordane. 7

Fylkesrådmannen Fylkeshuset Askedalen 2, 6863 Leikanger Telefon: 57 65 61 00 Telefaks: 57 65 30 20 E-post: postmottak.sentraladm@sfj.no www.sfj.no 8