Årsmøtet 2015 Ålesund, 3. desember Styreleiar Paul Harald Leinebøs tale



Like dokumenter
Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1



Teknikk og konsentrasjon viktigast

Pelagisk sektor sett frå fiskarsida. Tore Roaldsnes, styreleiar i Fiskebåt

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Til deg som bur i fosterheim år

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Kystfiskarane si rolle for auka verdiskaping i fiskeindustrien med fokus på tradisjonsfisk. Bergen 10.juni-2005 Knut Arne Høyvik

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

ehandel og lokalt næringsliv

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

mmm...med SMAK på timeplanen

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 9

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst


Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Høring - finansiering av private barnehager

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

Månadsbrev for Rosa september 2014

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Psykologisk førstehjelp i skulen

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Om å høyre meir enn dei fleste

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

«Ny Giv» med gjetarhund

Tale Gjestar, kollegaer, vener. Vel møtt til denne 107. Generalforsamlinga i Aalesunds Rederiforening.

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Fiskarane sine ordningar no og i framtida. Statssekretær Vidar Ulriksen Fiskerikonferanse Norsk Sjømannsforbund 17. april 2008

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Ny strategiplan for Høgskulen

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Status akvakulturforvalting og fiskeri per september 2015

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

Nyheitsbrev frå Havfront AS

Lotteri- og stiftingstilsynet

Forum Reiseliv arrangerast om lag 6 gongar i året. Synest du dette er

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Jon Fosse. For seint. Libretto

Plassebakken Barnehage

Ordførar, statsråd, stortingsrepresentantar, delegatar, medlemmer og gjester.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Metodiske verktøy ved kursleiing

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Velkomen til Mork barnehage

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Frå novelle til teikneserie

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Gjestar, kollegaer, vener og konkurentar. Vel møtt til Loen og det fyrste ordinære årsmøtet til Fiskebåt Vest. Fyrst vil eg be forsamlinga om å reise

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

FINANSFORVALTNINGA I 2011

Vestlandet ein stor matprodusent

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Transkript:

Årsmøtet 2015 Ålesund, 3. desember Styreleiar Paul Harald Leinebøs tale

Gjester, kolleger, vener og konkurrentar. Vel møtt til Fiskebåt Vest sitt andre ordinære årsmøte. Fyrst vil eg be forsamlinga om å reise seg for å hedre dei av våre kollegaer som har døydd i løpet av året med 1 min stillheit..takk. Det er ofte slik at delar av fiskerinæringa kan gå godt, mens andre delar går dårlegare. Men i år trur eg at heile villfisknæringa har hatt eit godt år, mange av oss eit rekordår. Ikkje fyrst og fremst som fylgje av høge kvoter, men på grunn av god pris, samt moderate prisar på bunkers. I lag med brukande kvitfiskprisar har vi fått ei gledelig prisutvikling på reke, og på tampen av året svinga prisane i sildesektoren seg skikkeleg opp. Ikkje minst gjeld dette nettopp på sild. Det kompenserer til ei viss grad for lave kvoter på dette fiskeslaget. Gunstig kronekurs er ein viktig faktor. God marknadsføring. Smaken av norsk fisk fell i smak hos kundane. Vi har til ei viss grad lukkast med å finne nye kundar for norsk fisk. Fresh frozen products, og særleg frozen at sea, er populære. Dette skjer med eit bakteppe der AS Norge og særleg oljenæringa har fått eit kraftig tilbakeslag, gjennom nettopp lavare oljeprisar. Ting svingar, no er fisk og fiskeri inn. Vi skal «redde» Norge. Fiskeflåten har over lengere tid slåst om å få kvalifisert arbeidskraft, no er køen etter jobb på fiskebåtane rekordstor. Eg synes slett ikkje det er kjekt at det buttar så sterkt i mot i oljenæringa som det gjer no, og det er ikkje kjekt at folk vert utan arbeid, mange med topp kompetanse. Det er umåteleg trist å sjå at supplyfartøy vert lagt til kai og mannskapet går på land og ei uviss framtid i møte. Vi har mange nye fartøy og topp attraktive fartøy, men vi kan ikkje ta om bord meir folk enn vi har bruk for. Dei som kjem må nok også tilpasse seg våre arbeidsplassar og rammevilkår om dei skal ha ei framtid i vår næring. I denne situasjonen må vi heller ikkje gløyme at det over tid er viktig at vi tek om bord lærlingar som skal bli spesialistar i vår næring om nokre

år. Offiserskandidatar eller kadettar må vi også sjølsagt ta om bord i den grad det er bruk for nyrekruttering på desse plassane om bord etterkvart. Apropos svingingar. Vårt reiarlag har nettopp fått på havet ein ny topp moderne line/garnbåt. Når den skulle finansierast var det ikkje mange bankar som hadde trua, og i alle fall ikkje nybygging i den gruppa. EBITDA en var ikkje god nok, for ikkje å snakke om 10% avkastning på innskoten egenkapital. På fartøysida var det nesten berre i oljenæringa «finansmodellane» var gode nok. Det kunne synest enklare å gå til banken å kjøpe ein supplybåt, enn å gå i butikken å kjøpe smør. Eg trudde vi nesten var ei utdøyande rase, men då nybåten kom til Fosnavåg, Ålesund og Averøya kom folk nærmast «mann av huse» for å sjå nybåten. Det same opplevde dei på «Smaragd», med fullt oppmøte på kaia. I løpet av nokre månader snudde interessa hos folk flest seg totalt, så fort kan svingningar skje i dette landet. Skal ein ha eit variert næringsliv så må også banknæringa sjå meir enn det som er på topp akkurat i nuet. Dei må sjå langsiktig på næringslivet i distriktsnorge. Direktør i NHO,Kristin Skogen Lund, sa for ei tid tilbake at sjømatnæringa måtte unngå å falle inn i den kostnadspiralen oljenæringa dessverre hadde sett seg i. Heile den næringa har vore svært kostnadsdrivande for oss alle. Eg er sjølsagt einig. Mykje av dette er, slik eg har forstått det, skapt av eit konsulentkorps i oljeselskapa og i det øvrige konsulentmiljøet i denne bransja.

Dei har skapt eit regelmonster som driv kostnadene til vers på alt so heiter drift. Inntektene og politiske rammevilkår har vore så gode at ingen har trengt å tenkje på kostnadane- før no. Men, mykje er også skapt av myndigheitene som i liten grad har tenkt over kostnadene med stadig nye påbod og rutiner. Fiskerinæringa har hatt få av dei økonomiske rammevilkåra oljenæringa har hatt, men den har samtidig blitt påført mykje av dei same kostnadane både generelt og i form av reglar. Fiskebåtrederia har løyst dette med aukande effektivisering og struktur-tiltak. Fiskeflåten får i stadig aukande grad dokumentasjonskrav og rapportering tredd over seg. Dette blant anna som fylgje av utviklinga i offshore-næringa på dette området. Fiskeflåten har dessuten fleire etatar enn den øvrige flåten å forhalde seg til. Dette gjer informasjonsbunken desto større. Sentrale myndigheiter må no gjere noko med å få koordinert informasjonen dei vil ha frå flåten. I dag brukar skipperane og reiarlaga meir og meir tid på å fore ulike mottakarar med til dels dei same opplysningane og på ulike typer mottaksplattformer. Fiskebåt har i fleire år teke opp og bedt om at sentrale myndigheiter får koordinert denne informasjonsstraumen til ein felles portal der kvar etat kan hente ut det den treng. Det er muleg at nokon jobbar med dette, men det går svært tregt, og i mellomtida byggjer kvar etat opp sitt informasjonsbehov ytterlegare. Teknisk sett er samordning fullt mogleg. Sentrale myndigheiter må no i langt sterkare grad instruere om at dette må kome på plass før det eser endå meir ut. Det manglar ikkje på resolusjonar frå politisk hald. Ei regjering, og ei til, som har proklamert forenkling av regelverket, bør legge sterkare vekt på å få gjort noko med dette.

Tveterås-utvalget si innstilling om korleis ein skal forbetre seg i sjømatnæringa har gitt grobotn til ein skikkeleg gjennomgripande debatt. Det har vore ein stor debatt der etablerte standpunkt og nye forslag har blitt testa og gjennomdrøfta. Det har vore ein nyttig, engasjerande og god debatt. Høyringa har resultert i blant anna Sjømatindustrimeldinga til Stortinget. Eg konstaterer at regjeringa har valt å behalde deltakarlova og valt å ikkje la fiskeindustrien få innpass i fiskeflåten utover den adgangen dei allereie har i dag. Eit godt valg. Regjeringa vil også behalde Fiskesalgslagslova. Nesten. Dei har slengt på ein hale til sistnemnde lov der eit ekspertutval skal sjå på modellar for ein nøytral instans som skal fastsetje minstepris om partane ikkje blir einige. Fisk er ferskvare på mange vis. Det trengs rammer for beslutning om salg og kjøp. Lova gir rom for dynamikk om ein vil og der det passar. Her trur eg politikarane skal tenkje seg nøye om før dei, med sikkert gode intensjonar, produserer fleire problem enn dei løyser. Departementet har også kome med eit høyringsnotat om auka kvotetak i kystflåten, samt eventuell oppheving av fylkesbindingane i denne flåtegruppa og konvensjonell havfiskeflåte. Dei har også bedt om synspunkt på om dei regionale bindingane i ringnotflåten skal opphevast. Når det gjeld kvotetaka i kyst, skal eg være forsiktig med å meine for mykje,- men eg er ialle fall overbevist om at fylkesbindingar og regionale bindingar no må leggast vekk for alle grupper. Det eine er at rettigheitene er så ulikt fordelt mellom fylka at dei med færrast løyve knapt kan nytte seg av ordningane. Det andre er at dette skapar ulike kredittvilkår for reiarlaga. Det tredje er at ein på ulike måtar kan omgå krava, berre ein brukar nok ressursar til det. Antall einingar i alle flåtegrupper er dessutan etterkvart så lite at samarbeid på tvers av fylka blir stadig viktigare for å kunne fornye flåten.

Viktigast er likevel det prinsipielle. Det er på tide at vi får like reglar for heile Norge på dette området. Fylkesgrenser og regionale bindingar må bort både i kyst og havfiskeflåten. Dette regelverket er bygd på gamle forestillingar om at nokre område har det så mykje verre enn andre som har det for godt. Det er ikkje sant. Dei aller fleste av oss driv i lokalsamfunn i distriktsnorge der forholda i dag er rimelig like. Eg ser difor med forventning på at også desse spørsmåla snarast mogleg kjem på bordet, også når det gjeld torsketrål. Styret har slik det framgår av årsmeldinga hatt ei foreløpig behandling av desse sakene. Men, vi fann det rett å ta dette inn som ei ekstrasak i årsmøtet slik at medlemmane kan få gitt sitt syn. Audun Maråk vil innlede og også informere om status i internasjonale forhandlinger. Styret håper at medlemmane seinare i dag vil ta ordet og kome med sine synspunkt på desse viktige spørsmåla. Det er viktig for organisasjonen. Og medan me er i gang med kvotespørsmål: Eg håpar sterkt at vi snart ser slutten på alle forsøka med politisk korrekte ekstrakvotar, desse vert belasta fellesskapet, men tilgodeser berre eit fåtall. Enten det gjeld distriktskvoter, levendelagring eller kva det måtte vere. Når ekstrakvoten er nødvendig for at ting skal stå seg også over tid, fortel det at det ikkje er berekraftig. Myndigheitene skaper stort sett berre ein større kostnad som felleskapet må betale. Sist, men ikkje minst hadde eg håpa på at myndigheitene hadde avklara dette med varigheit på strukturordningane før enn det no ligg an til. Vi har fått endra kvotetaka men manglar denne viktige ramma. No ligg det meste fortsatt på vent.

Første debattsak i dag handler om behovet for forsking, og korleis den kan innrettast best mogleg. Stine Hammer frå Nærings- og fiskeridepartementet, og Geir Huse frå HI, vil innleie. Vi har dei siste åra konstatert at kvaliteten på kunnskapane om mange av dei viktigaste kommersielle fiskebestandane ikkje er god nok. Tidlegare år førte ofte dette til overfiske og nedbryting av bestandane. Dei siste åra har dette oftare enn eg likar å tenkje på ført til for lave kvoter for Norge. Andre land har utnytta sitasjonen til sin fordel. Dette fordi Norge tilnærma uansett har lent seg tungt til ICES sine råd. Det relevant å spørje om konflikten vi har hatt i Nordaustatlanteren hadde vore den same om vi dei siste 10-15 åra hadde vore meir oppdaterte på statusen til eksempelvis makrell. Vi skal også huske på at desse konfliktane ikkje berre går ut over flåtegruppene som fiskar fiskeslaga, men også andre grupper som er avhengig av den veven internasjonale fiskeriavtaler er. Fiskeflåten betalar no inn aukande avgifter til forsking. Det heiter seg at dette i all hovedsak skal gå til bestandsforsking. Dette seier i alle fall dokumentet departementet har publisert som heiter Marin Masterplan. Eit rådgivande utvalg, FUR, har kome i arbeid for å foreslå prioriteringar på dette området. Får det reell innverknad? Då spør vi i endå større grad: Vil ein framover bruke midlane smartare enn til no? Vårt krav er i alle fall å få reell innverkand på kva midlane vert nytta til, og at forskinga vert effektiv. Like viktig som å fiske fisken er prisen vi får pr. kg levert kvote og annen fisk i løpet av året. I den enden av verdikjeda er marknadene som avgjer.

Eg synes det var skikkeleg kjekt då vi fekk statsråd/europaminister Vidar Helgesen hit i august for å fortelje om det som skjer i verdsmarknadene på avtalesida. Ikkje berre kva som skjer der Norge er direkte involvert, men også der avtalar mellom for eksempel EU og USA kan få stor innverknad på våre handelsbetingelsar, eller Island/EU. Vi vart bevisstgjorde på fortsatt utfordringer med eksport til Kina, til USA, handelshindringar og ikkje minst tollbarierer. Eg trur faktisk også at han hadde utbyte både av medlemsmøtet, og før det samtalane med reiarar og skiprar frå ulike flåtegrupper ombord i ringnotbåten Havfisk. Påverknaden frå næringa på desse områda bør prioriterast og trappast opp. Det er viktig at vi som næringsutøvarar stiller aktivt opp og møter slike folk, slik vi også har gjort med fylkesting og stortingsrepresentantar. Vi må ta debatten om rammevilkåra for eksport og markedstilgang for sjømatnæringa. Lik det eller ikkje, men det er ein samanheng mellom markedsadgangen for våre produkt og importvernet som skal beskytte landbruksnæringa i Norge. Personleg trur eg at for eksempel «oste-tollen» vi har i Norge kostar oss fiskarar dyrt. Marknadene handlar også om kva næringa og bedriftene gjer for å fremje produkta. Korleis vi lyttar til folk som et fisken vår i utlandet, om nye produkt vi kanskje ikkje har tenkt på før. Samarbeid med Sjømatrådet, osv. Vi skal seinare i dag høyre på Rune Stokvold, Lofoten Fisk A/S, som jobbar med landets absolutt eldste eksportvare: tørrfisken. Skulle tru det var etablerte saker. Men nei: Nye generasjonar forbrukarar krev nye tilnærmingar. Lofoten Fisk AS synes å ha lukkast med sitt arbeid.

Personleg datt eg nesten ut av stolen i stova då eg høyrde på nyheitene at tørrfisk frå Lofoten hadde fått pris i Europa og var no likestillt med champagne. Ein imponerande og sikkert smakfull kombinasjon. Og la meg då i enden av dette føye til at dette med dokumentasjon og sertifisering av fiskeprodukt er kome for å bli. MSC-sertifisering har vorte avgjerande, andre sertifiseringar til spesifikke marked, likeså skreimerkinga, osv. Eg vil difor gi ros til Fiskebåt-administrasjonen som blant ei av deira mange oppgaver også no jobbar med sertifisering av lange og brosme, begge kjempegode fiskeslag som er sterkt undervurderte. Personleg ser eg for meg behov for egne «merker» som t.d. trålfisk, linefisk, snurrevadfisk, garnfisk, etc. Då veit kundane kva dei kjøper. Og det finst kundar for alle desse fiskesortane. Og slik det også er sagt : Vår visjon i Fiskebåt er: «En miljøvennlig og lønnsom fiskeflåte som leverer sunn mat fra godt forvaltede bestander i verdens reneste havområder. Reint hav er noko av det vi reklamerer med ute. Då må vi også plukke opp det som forureinar, ikkje minst plast som ligg i årevis og driv og langsomt løyser seg opp. Hilde Rødås Johansen fra «SALT», vil fortelje oss om dette i ei sak seinare i dag. Eg skal avrunde med å takke for godt samarbeid med styret og administrasjonen for vel utført jobb også i dette året som har gått, og ynskje lykke til med møtedagen i dag og på festen i kveld. Då skal vi kose oss. Vi treng fortsatt ein slagkraftig havfiskeorganisasjon. Det er vi sjølve som aktive medlemmer som er med på forme organisasjonen. Gjennom positiv omtale av kvarandre betrar vi

omdømet vårt i samfunnet. Så kan vi heller konkurrere når vi er på havet.