FYLKESMANNEN I ROGALAND Miljøvernavdelinga Vår ref.: 2009/5491 Dykkar ref: Arkivnr.: 443.2 Vår dato: 01.12.2009 Sjå adresseliste Høyringsframlegg: Forskrift om fiske i vassdrag med laks og sjøaure i Rogaland 2010-2014 Framlegg til ny forskrift om fiske i vassdrag med laks og sjøaure i Rogaland for 2010 2014 er lagt ved. Uttale til framlegget kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland innan 15. januar 2010. Fangst av laks og sjøaure i vassdrag blir regulert gjennom forskrift fastsett av fylkesmannen. I Rogaland er desse fiskereglane gitt i Forskrift om fiske i vassdrag med laks og sjøaure i Rogaland sist fastsett av Fylkesmannen i Rogaland 22. februar 2008. Denne forskrifta blir revidert kvart femte år. Bestandsutviklinga dei seinare år, auka kunnskap om bestandane og ny vitskapleg rådgjeving gjer det naudsynt å regulere fiske før sesongen 2010. Ny forskrift skal gjelde for sesongane 2010 2014. Rettsleg grunnlag og retningslinjer Fiskereglar og fisketider for fangst av anadrome laksefisk blir fastsett med heimel i lakse- og innlandsfisklova etter retningsliner frå Direktoratet for naturforvaltning (DN). Forskrift om fiske i sjøen blir fastsett av direktoratet, medan fylkesmannen har hovudansvaret for å utarbeide reglar for fiske i vassdrag. Lakse- og innlandsfiskelova har som formål å sikre at naturlige bestandar av anadrom laksefisk, innlandsfisk og deira leveområdar forvaltast slik at mangfalde og produksjonstilhøva i naturen vert bevart. Innan for desse ramane skal loven gi grunnlag for utvikling av bestandane med sikte på auka avkastning, til beste for rettshavarar og fritidsfiskarar. 4 i lakse- og innlandsfiskelova slår fast at: Anadrome laksefisk er fredet med mindre annet følger av bestemmelser gitt i eller i medhold av denne lov. Det samme gjelder annen fisk i vassdrag og deler av vassdrag hvor det går anadrome laksefisk. Dette inneber at det ikkje er tillate å fiske etter laks, sjøaure eller innlandsfisk på strekningar kor det går anadrom laksefisk dersom det ikkje er opna for fiske. Mynde til å opne for fiske i vassdrag med anadrom laksefisk er delegert til fylkesmannen i brev frå Miljøverndepartementet av 24. februar 1993. Nasjonale føringar for regulering av fiske i vassdrag Nasjonale føringar og retningslinjer for regulering av fiske i vassdrag er gitt i brev frå Direktoratet for naturforvaltning datert 25. september 2009. Retningslinjene er i stor grad basert på St.prp.nr 32(2006-2007) om vern av villaksen og ferdigstilling av nasjonale laksevassdrag og laksefjordar. Nytt av året er at det er oppretta eit breitt samansett vitskapleg råd for lakseforvaltning. Dette rådet har som oppgåve å vurdere status for norske laksebestandar, utarbeide prognosar for innsig, komme med råd om utnytting og gi råd om Postadresse: Besøksadresse: Telefon: 51568700 e-post: postmottak@fmro.no Landbruksavd. Lagårdsv. 80 Postboks 59 Lagårdsv. 78 Telefaks: Hjemmeside: Postboks 59 4001 Stavanger Stavanger 51568811 www.fylkesmannen.no/rogaland 4001 Stavanger Telefon: 51568700 Telefaks: 51568811
Side 2 av 7 andre spesifikke tema. Nedanfor fylgjer dei viktigaste retningslinjene for regulering av fiske i elv. Rammer for regulering av fiske i vassdrag: Den ytre ramma for fisketid i vassdrag er i regelen f.o.m. 1. juni t.o.m. 31. august. Det kan unntaksvis fastsettast ein tidlegare startdato for sesongen, dersom bestanden tåler det, og det er forsvarlig og sterkt ønskjeleg ut frå lokale forhold. Det kan òg fastsettast ein seinare sluttdato for sesongen dersom bestanden tåler det. Det er likevel ein føresetnad at fisket vert avslutta før fisken endrar åtferd før gytinga. Fisketida og reglar for utøving av fisket skal lagast slik at skeiv utnytting av bestanden (stort uttak av visse grupper) ikkje skjer. I vassdrag med mykje rømt oppdrettslaks skal fisket regulerast slik at det vert meir villaks i gytebestanden. I vassdrag der rettshavarane ikkje er godt organiserte, og i vassdrag der det ikkje er etablert god oppfølging av alternative tiltak, skal fylkesmannen bruke fisketid som verkemiddel for å nå gytebestandsmålet. Dersom fiskekvoter vert nytta, må desse vere så små at dei reelt kan føre til auke i gytebestanden. Gytebestandsmål og gytebestandsmåloppnåing Gytebestandsmål definerast som storleiken på gytebestanden som må til for at bestanden skal overleve på lang sikt. Det er utrekna gytebestandsmål for til saman 380 vassdrag. I rapporten Status for norske laksebestander i 2009 og råd om beskatning har vitskapeleg råd for lakseforvaltning utrekna korleis gytebestandsmålet er oppnådd for 180 vassdrag. Gytebestandsmål, og vurdering av korleis gytebestandsmålet er oppnådd, skal leggjast til grunn ved regulering av fiske. Råd om utnytting gitt av vitskapeleg råd for lakseforvaltning skal leggjast til grunn med mindre det kan godtgjerast at rådane byggjer på feil grunnlag og at dette medfører at rådet bør endrast. I slike tilfelle skal rådet konsulterast. Reguleringane som innførast skal spegle avstanden mellom gytebestandsmålet og utrekna gytebestand. Føre-var-prinsippet Forvaltninga av fiskeressursane skal vere mest mogleg bestandsretta og kunnskapsbasert. Når kunnskapsgrunnlaget er mangelfullt, skal ein nytte føre-var-prinsippet aktivt i reguleringar av fisket, vernevedtak og tiltak. Gjennom naturmangfoldloven fastsett den 19. juni 2009 er førevar-prinsippet lovfesta. I 9 i naturmangfoldlova står det: Når det treffes en beslutning uten at det foreligger tilstrekkelig kunnskap om hvilke virkninger den kan ha for naturmiljøet, skal det tas sikte på å unngå mulig vesentlig skade på naturmangfoldet. Foreligger en risiko for alvorlig eller irreversibel skade på naturmangfoldet, skal ikke mangel på kunnskap brukes som begrunnelse for å utsette eller unnlate å treffe forvaltningstiltak. Lokal forvaltning I vassdrag med tilfredsstillande lokal organisering kan framlegg til fiskereglar lagast lokalt. Fylkesmannen skal berre gripe inn med endringar i rettshavarane sitt framlegg til fiskereglar dersom dei er i strid med målsetjingar eller retningslinjer gitt av DN. Sjøaure På bakgrunn av bestandssituasjonen for sjøaure skal grunnlaget for å opne for sjøaurefiske vurderast spesielt. Hovudmålet med sjøaure reguleringane i 2010 er at fisket på sjøaure skal reduserast i både sjø og elv.
Side 3 av 7 Endringar undervegs i reguleringsperioden Dei nye fiskereglane skal som nemnt gjelde fram til og med 2014. I denne perioden kan det likevel oppstå situasjonar kor reguleringar må vurderast på nytt, og eventuelt endrast innanfor ein reguleringsperiode. Alvorlege endringar i menneskeskapte påverknader, eller uventa kraftige svingingar i lakseproduksjon og innsig, kan gjere det naudsynt å gjere endringar i fiskereguleringane.dersom det blir etablert tilfredstillande lokal organisering i eit vassdrag i denne perioden, skal reguleringsregimet vurderast på nytt etter retningslinjer for regulering av fiske (DN). Lakselus truar ville bestandar av laks og sjøaure i Ryfylkefjordane Lakselussituasjonen i Ryfylkefjorane er i dag dramatisk og prekær. I Ryfylke har det i fleire år vore unaturleg høge påslag av lakselus. Lakselus hemmar veksten og gir auka dødelegheit på utvandrande smolt. Mengden lus har ein direkte samanheng med mengde laksefisk i fjordsystemet. Oppdrett av laksefisk i sjø fører til ein sterk auke i talet på tilgjengelege vertar. Sjølv om talet på lakselus per oppdrettsfisk er lågt, vil store mengder oppdrettslaks generere store mengder lus. I Rogaland er produksjonen av oppdrettslaks omtrent femdobla sida 1994. Tal frå lakselusovervakinga viser at ein i år har særs mykje lakselus i oppdrettsanlegga. Samtidig ser ein at lusa blir meir resistent mot behandling. I 2009 viser foreløpige resultat frå lakselusovervakinga tidlege påslag med høg intensitet i heile denne regionen. I brev til Fiskeridirektoratet datert 8. juli 2009 skriv Havforskningsinstituttet at det er sannsyneleg at lakselussituasjonen i Noreg vil komme ut av kontroll om ein får spreiing av multiresistent lakselus. Vidare skriv dei at infeksjonspresset mot utvandrande vill laksesmolt kan bli mangedobla neste år. Slik Fylkesmannen ser det er lakselussituasjonen nå ute av kontroll. Vi fryktar at dei ville bestandane av laks og sjøaure i Ryfylkefjordane vil gå tapt dersom ein ikkje får kontroll med lakselusa. Framlegg til endringar Gjeldande forskrift om fisketider og fiskereglar i vassdrag blei revidert i 2008 (forskrifta er lagt ved). Endringane som er foreslått i den nye forskrifta er basert på retningslinjene frå DN. Regulering av fiske i sjø og elv blei diskutert i Regionalt fagråd for forvaltning av anadrome laksefisk i Rogaland den 5. november 2009. Suldalslågen forvaltningslag og Bjerkreims- og Tengselva fellesforvaltning har eige framlegg til fiskereglar. Suldalslågen og Bjerkreimselva er vassdrag med god organisering. Fylkesmannen har i dette framlegget innarbeida deira framlegg i forskrifta utan å ta stilling til om dei følgjer retningslinjene som er gitt av DN. Til 2. Fisketider Berre vassdrag med endra fisketid blir nemnt i det følgjande. For Sira kjem Fylkesmannen i Vest-Agder med framlegg om ny fisketid. Ål Ål er lista som ein sterkt trua art i Norsk Raudliste 2006 og er ikkje anset å produsere eit haustbart overskot. Gjennom revisjon av innlandsfiskforskrifta blei all fangst av denne arten i vassdrag forbode frå 1. juli 2009. Fylkesmannen har derfor i 2 presisert at det ikkje er opna for fiske etter ål. Sjøaure Fangstane av sjøaure har dei siste par åra vore dei lågaste sidan sjøaure blei inkludert som eigen parameter tideleg på 90-tallet. Særleg har fangstane vore dårlege i Ryfylke og på
Side 4 av 7 Haugalandet. Overvaking i elva Imsa (Sandnes kommune) viser at sjøoverlevinga for sjøaure er redusert til ein fjerdedel av kva den var på 70-talet. Fylkesmannen venter auka dødelegheit og ytterlegare redusert vekst for sjøauren som følgje av aukande problem med lakseus i Ryfylke og på Haugalandet. Medan laksen blir eksponert for smitte i ein avgrensa periode på veg ut mot havet, blir sjøauren verande inne i fjordsystemet. Sjøauren er slik utsett for høgt smittepress gjennom heile vekstsesongen. Jf. Retningslinjene frå DN skal grunnlaget for å opne for sjøaurefiske vurderast spesielt. Fylkesmannen vil på bakgrunn av bestandssituasjonen for sjøaure og problemet med lakselus gjere framlegg om ikkje å opne for sjøaurefiske i dei fleste vassdraga i Ryfylke og på Haugalandet (unntatt Suldalslågen (lokalt framlegg) og Lyseelva). Vassdrag som ikkje er nemnde i forskrifta Vassdrag med laks og sjøaure som ikkje er nemnde i forskrifta har i dag fisketid frå 1. juli til 31. august. Små vassdrag med små bestandar er særleg utsett for overutnytting. Status for bestandane i dei fleste av desse vassdraga er ukjent. Truleg har ein her den same negative utviklinga som vi har sett for dei meir kjente laks og sjøaurebestandane i fylket. Med mindre ein kan dokumentere at det er eit haustbart overskot, vil Fylkesmannen foreslå å ikkje opne for fiske i mindre vassdrag som ikkje er nemnde i forskrifta. Vikedalselva Vikedalselva har i dag fisketid frå 15. juni til 31. august, torsdag til og med søndag. Grunna auka dødelegheit i sjøen, har laksebestanden i Vikedalselva hatt ei svært negativ utvikling dei siste fem åra. For å få betre kjennskap til den faktiske gytebestanden i elva, er det gjennomført gytefiskteljingar i vassdraget sidan 2007. Teljingane viser at det er for lite gytefisk i vassdraget. NINA har rekna ut eit gytebestandsmål i vassdraget på 245 holaks (730 kg). I år var gytefiskbestanden på berre 92 villaks totalt. Dette viser at ein er svært langt unna å nå gytebestandsmålet for Vikedalselva. Fangstane i Vikedalselva var i 2009 på berre 528 kg. Sjølv om ein ikkje hadde opna for fiske, hadde det likevel vore for lite gytefisk i vassdraget. I Vindafjord har det i fleire år vore unaturleg høge påslag av lakselus. Grunna problema med lakselus ventar vi høg dødelegheit i sjøen i åra framover. Vi meiner derfor at det ikkje er forsvarleg å opne for fiske i Vikedalselva. Fylkesmannen fikk støtte i denne vurderinga frå Vikedal elveeigarlag på møte den 4. november 2009. Rødneelva Fisketida i Rødne er i dag 15. juli til 31. august, torsdag til og med søndag. Gytebestandsmålet for vassdraget er på 123 kg holaks. For å få betre kjennskap til den faktiske gytebestanden i elva er det gjennomført gytefiskteljingar i vassdraget dei to siste år. I 2008 viste teljingane svært bra med gytefisk, medan resultata frå i år viser at det er alt for lite gytefisk. Fangstane har i likskap med fangstane i Vikedalselva hatt ein markert nedgang dei siste åra. Vikedalselva og Rødneelva er nabovassdrag som møter dei same utfordringane i sjøen. Førevar-prinsippet tilseier derfor at ein også i Rødneelva må redusere fangstuttaket. Fylkesmannen foreslår derfor at ny fisketid i Rødneelva blir frå 15. juli til 15. august, torsdag til og med søndag. Med ei slik regulering vil ein redusere fisket med om lag 8 fiskedøgn. Nordelva og Storelva i Sauda Fisketida i desse vassdraga er i dag 1. juli til 31. august. Gytefiskteljingar i Storelva viser at det er svært lite laks og sjøaure i dette vassdraget. Fangstrapportane frå Nord- og Storelva tyder også på at det er lite fisk. Laksebestandane i desse vassdraga vert i dag rekna som tapt. I forbindelse med at ein arbeider med å etablere ein ny laksebestand i Storelva, er det viktig å sikre nok gytefisk. I Storelva er det laga ein tiltaksplan tilpassa den nye vassføringa i
Side 5 av 7 vassdraget etter regulering. Det er forventning om auka produksjon av laks og aure når dette vert ferdigstilt. Desse bestandane er under oppbygging og det er ikkje eit haustbart overskot. Fylkesmannen vil derfor foreslå å ikkje opne for fiske i desse vassdraga. Hjelmelandselva Hjelmelandselva har i dag fisketid frå 15. juni til 31.august. NINA har utarbeida gytebestandsmål for vassdraget på 97 kg holaks. Gitt eit fangstuttak på 50 % har vassdraget truleg vore betydeleg under gytebestandsmålet dei siste fire åra. I 2009 vart det til dømes meldt om fangst på berre 20 kg laks totalt. Fylkesmannen vil på bakgrunn av dette foreslå å ikkje opne for fiske i dette vassdraget. Nordre og Søndre Varhaugselv Fisketida i desse vassdraga er i dag 1. juni til 20. september. Vitskapeleg råd for lakseforvaltning har vurdert at det er fare for at desse bestandane er utanfor berekraftige rammer og uttaket i desse bestandane bør reduserast moderat for å sikre at gytebestandsmåla nås. Jf. Retningslinjer frå DN skal råda frå vitskapeleg råd for lakseforvaltning leggjast til grunn med mindre det kan godtgjerast at råda byggjer på feilaktig grunnlag, og at dette medfører at rådet bør endrast. Fylkesmannen vil på bakgrunn av dette foreslå ny fisketid frå 1. juni til 31. august. Kvassheimselva Kvassheimselva har i dag fisketid frå 1. juni til 20. september. Før 2008 sesongen var fangstrapporteringa i dette vassdraget svært mangelfull. Fangstane i 2008 og 2009 tyder likevel på at det er for lite gytefisk i dette vassdraget. Vitskapeleg råd for lakseforvaltning har vurdert at uttaket for denne bestanden sannsynligvis er utanfor berekraftige rammer, og at uttaket bør reduserast betydeleg for å sikre oppnåing av gytebestandsmålet. Råda frå vitskapeleg råd for lakseforvaltning skal leggjast til grunn med mindre det kan godtgjerast at råda byggjer på feilaktig grunnlag, og at dette medfører at rådet bør endrast. Fylkesmannen vil derfor foreslå ny fisketid i Kvassheimselva frå 1. juli til 31. august. Ogna Ogna har i dag fisketid frå 1.juni til 20. september. Vitskapeleg råd for lakseforvalning har vurdert at det er fare for at denne bestanden er utanfor berekraftige rammer og at uttaket bør reduserast moderat. Ogna er eit nasjonalt laksevassdrag kor laksen skal gis eit særleg vern. Fylkesmannen har ikkje data som tilseier at råda frå vitskapeleg råd for lakseforvaltning er feil. Til dømes viser ungfiskundersøkingar i vassdraget at det har vore ein nedgang i yngeltettleiken i vassdraget. Fylkesmannen vil derfor foreslå ny fisketid i Ogna frå 1. juni til 31. august. Åmselva Åmselva har i dag fisketid frå 15. juni til 31. august. I dette vassdraget har ein hatt ein særs dårleg fangstutvikling. I 2009 vart det fanga 71 kg laks og sjøaure mot over 600 kg laks og sjøaure i 2003. Ut i frå fangstane er det truleg ikkje nok gytefisk i dette vassdraget. Fylkesmannen vil derfor foreslå å ikkje opne for fiske i dette vassdraget. Svendsbøelva Svendsbøelva har i dag fisketid frå 1. juli til 31. august. Det er i dag svært låge fangstar i vassdraget. Ut i frå fangstane er det truleg ikkje nok gytefisk i dette vassdraget. Fylkesmannen vil derfor foreslå å ikkje opne for fiske i dette vassdraget.
Side 6 av 7 Vågselva Vågselva har i dag fisketid frå 1. august til 31. august. Det er i dag svært låge fangstar i dette vassdraget. Ein har ikkje kjennskap til faktisk gytebestand i vassdraget. Tar ein utgangspunkt i fangstane er det truleg ikkje nok gytefisk. Fylkesmannen vil derfor foreslå å ikkje opne for fiske i dette vassdraget. Generelt om fisketider Fisketidene kan bli revidert dersom det skjer større endringar i bestandssituasjonen i løpet av reguleringsperioden. Til 3. Døgnkvote Retningslinjene til DN seier at dersom ein skal ha fiskekvoter, skal desse være reelt avgrensande for fisket. Grunna dårleg innsig dei siste åra, og forventingar om fortsett dårleg innsig av laks i åra som kjem, foreslår vi ei kvote på 3 laks og/eller sjøaure (totalt 3) per fiskar per døgn for alle vassdrag i Rogaland. I framlegget til ny forskrift har vi presisert at rettshavarane står fritt til redusere denne kvoten. For Bjerkreimselva og Suldalslågen gjeld eigne kvoter som vert fastsett lokalt, sjå 7a) og 7c). Til 7a. Særlege reglar for Bjerkreimselva Bjerkreims- og Tengsvassdraget fellesforvaltning (BTF) tilfredsstiller kravet i retningslinjene frå DN, og kan derfor innanfor gitte rammer utarbeide fiskereglane lokalt. Før reglane vert vedtatt, skal dei godkjennast av fylkesmannen. BTF sitt framlegg (heile framlegget ligg på vår heimeside): "I Bjerkreimselva er det ein døgnkvote på 2 laks og/eller sjøaure i juni. I resten av sesongen er det ein døgnkvote på 3 laks og/eller sjøaure." Til 7c. Særlege reglar for Suldalslågen Suldalslågens forvaltningslag tilfredsstillar kravet i retningslinjene frå DN til å kunne utarbeide fiskereglane lokalt. Før reglane vert vedtatt, skal dei godkjennast av fylkesmannen. Suldallågens forvaltningslag sitt framlegg (heile framlegget ligg på vår heimeside): "Fisketiden er normalt 1. juli til 20. september nedenfor Sandsfossen og 10. juli til 30. september ovenfor Sandsfossen. For 2010 er fisketiden 5. Juli til 20.september nedenfor Sandsfossen og 15. juli til 30. september ovenfor Sandsfossen. Kvoter: 2 laks per døgn per fisker og 2 aurer per døgn per fisker. Kvoter for laks og aure skal vurderes separat mot den enkelte bestands utvikling. Tillatte redskaper er sluk, flue og mark." Ny 10 Spesielle reglar i ein fiskesesong I dei siste åra har det vore store endringar i bestandane av laks og sjøaure. Stadig aukande dødelegheit i sjø gjer det naudsynt å kunne reagere raskt om nødvendig. Fylkesmannen vil
Side 7 av 7 derfor å synleggjere dette i forskrifta ved å innføre ein paragraf kor Fylkesmannen straks kan stoppe fisket når vassføring, fangstrapportering eller andre særlege forhold tilseier det. Generelt Vi minner om at lov om laks- og innlandsfisk med tilhøyrande sentrale og lokale forskrifter set dei ytre rammene for utøving av fisket, og at rettshavarane står fritt til å fastsette eigne fiskereglar innanfor desse rammene. Fylkesmannen vil oppmode elveigarlaga om å følgje bestandsutviklinga tett og kvart år vurdera behov for regulering av fiske. Aktuelle tiltak for å redusere uttaket kan være å avgrense fisketida, strengare kvoter eller avgrense reiskapsbruk. Innspel og høyringsfrist Kommentarar til forskrifta må sendast til Fylkesmannen i Rogaland innan 15. januar 2010. Eventuelle framlegg til endring av fisketid må vera grunngjevne og ta utgangspunkt i retningslinjene frå Direktoratet for naturforvaltning. Vi ber om at adressatane vidaresender høyringsbrevet til personar eller organisasjonar som kan tenkast å ha innspel til forskrifta. Framlegg til forskrift og meir bakgrunnsinformasjon finst på fylkesmannen sine heimesider: www.fylkesmannen.no/rogaland under menyvalet miljøvern -> fiskeforvaltning. Med helsing Per Terje Haaland ass. fylkesmiljøvernsjef Trond Erik Børresen fiskeforvaltar Saksbehandlar: Trond Erik Børresen Saksbehandlars telefon: 51 56 89 07 E-post: trond.erik.borresen@fmro.no Vedlegg: Framlegg til ny forskrift om fiske i vassdrag med laks og sjøaure i Rogaland 2010-2014