Uttale til reguleringsplan E134, Vågsli Seljestad

Like dokumenter
Uttale: Forslag til forvaltningsplan for Hovden landskapsvernomra de, Vidmyr naturreservat og Lislevatn naturreservat i Bykle kommune

Møtebok. Arbeidsutvalet i Villreinnemda for Setesdalområdet. Telefonmøte 17. oktober 2017, kl

Møtebok. Arbeidutvalet i Villreinnemda for Setesdalområdet. Telefonmøte 06. mars 2017, kl

Møtebok. Arbeidutvalet i Villreinnemda for Setesdalområdet. Telefonmøte 05. januar 2017, kl

Uttale Søknad om løyve til å byggje 4 småkraftverk, og opprusting og utviding av eit kraftverk i Fyresdal kommune i Telemark

Uttale: Søknad om overføring av Vestre Melraktjødn til Heimre Flogvatn, Sirdal kommune

KOMMUNEDELPLAN FOR VÅGSLID, VINJE KOMMUNE. UTTALE

Høyring av forslag til endring i motorferdsellova med forskrift - opning for catskiing. Merknad frå villreinnemnda for Setesdalsområdet

Villreinen, villreinfjellet og vilkårsrevisjonane korleis sikre ein heilskapleg tilnærming?

Uttale til søknad: Eivindsvatn kraftverk og ombygging av inntak Eivindsvatn i Kvinesdal kommune, Vest-Agder

Høyringuttale - Søknad om løyve til bygging av Borsæ kraftverk i Tokke kommune i Telemark

Forslag til forvaltningsplan for verneområda i Setesdal vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane. Uttale frå villreinnemnda

Møtebok. Arbeidsutvalet i Villreinnemda for Setesdalområdet. Telefonmøte 24. august 2017, kl

Vinteråpen fylkesvei 124 over Imingfjell Villreinfaglig vurdering

Sak 7/16 Høyring av revisjonsdokument for Sira-Kvina reguleringa i Sirdal og Kvinesdal kommunar

Villreinnemnda for Hardangerviddaområdet

Møtebok. Arbeidsutvalet i Villreinnemda for Setesdalområdet. Telefonmøte 21. september 2017, kl Faste medlemmar til stades: Tommy Vatslid

Møtebok. Arbeidutvalet i Villreinnemda for Setesdalområdet. Telefonmøte 07. februar 2017, kl

Me som skal flytta fjedl

Vinje kommune. Økonomi, plan og utvikling. Framlegg til detaljregulering for Botn Aust 100/1 endring -1. gongs handsaming

Nytt villreinprosjekt i Setesdal Ryfylke

Vinje kommune. Økonomi, plan og utvikling. Framlegg til detaljregulering for Botn Aust 100/1 endring -1. gongs handsaming

Spesielle forhold Hardangervidda Songavatnet

Nytt villreinprosjekt i Setesdal Ryfylke v/ viltforvalter Tor Punsvik Fylkesmannen i Vest-Agder

Villreinen i Setesdalsheiane Norsk villreinsenter Sør

Søknad om bygging av Bjørnevatn kraftverk i Valle kommune og Veringsåne kraftverk i Bykle kommune - uttale frå villreinnemnda for Setesdalsområdet

ARKIVKODE: SAKSNR.: SAKSHANDSAMAR: SIGN.: S /658 Jørn Trygve Haug. UTV.SAKSNR.: UTVAL: MØTEDATO: 14/2 Arbeidsutvalet i villreinnemnda

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /102 Kommunestyret /86

7. Tiltakshavar si tilråding og vidare arbeid

ARBEIDSUTVALET I VILLREINNEMNDA Mo laksegård, Suldal. Margit Smeland Leder ÅMLI Oddmund Ljosland Medlem ÅSERAL Leif Roholdt Olav Tveita

Villreinnemnda for Hardangviddaområdet

2.9 Retningslinjer for hensynsonene

FYLKESMANNEN I AUST-AGDER Miljøvernavdelingen

Melding om vedtak - Bestandsplan og avskytingsplan 2015 for Setesdal Austhei villreinområde

Villreinens bruk av heiområdene hva forteller GPSdataene

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /114

REGIONAL PLAN FOR SETESDAL VESTHEI, RYFYLKEHEIANE OG SETESDAL AUSTHEI.

REGIONALPLAN FOR SETESDAL VESTHEI RYFYLKEHEIANE OG SETESDAL AUSTHEI HEIPLANEN

Omgjøringsvedtak: Løyve til bruk av snøskuter i utmarksnæring

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 058/16 Formannskapet PS

Melding om vedtak - kommunal vurdering av lokale innspel til fylkesdelplan for HArdangervidda

Plankontoret Hallvard Homme AS. Per Kåre Kvålen [PLANPROGRAM] Planprogram for detaljreguleringsplanarbeid på Vadnuten

ARBEIDSUTVALET I VILLREINNEMNDA Telefonmøte

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /55 Kommunestyret /45

Tilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /100 Plan- og miljøutvalet /27 Kommunestyret

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /61 Plan- og miljøutvalet /85

REFERAT MEKLINGSMØTE

SAKSFRAMLEGG. Utv.saksnr Utvalg Møtedato 101/19 Planutval Detaljregulering Øvre Geiskelid 1. gongs høyring (planid )

SAKSGANG. 2. gongs handsaming av reguleringsplan for Stekka hyttefelt, gnr 32 bnr 176 mfl Sætveithagen, Jondal kommune

Bram Van Moorter, Manuela Panzacchi

HARAM KOMMUNE Sakspapir

SVVs tilnærming til reduksjon av barriereeffekter Samferdsel og barriereeffekter. Pål Rosland, Vegdirektoratet

GPS-prosjektet - bakgrunn og status høsten 2004 v/kjetil Bevanger og Olav Strand

Protokoll frå møte i Ottadalen Villreinnemnd

EIDFJORD KOMMUNE Arkiv: K1-, K2-L00. Godkjenning av sti- og løypeplan for Sysendalen. Arkivsak ID: 11/ Journalpost ID: 13/2948 Saksh.

Villrein og fragmentering Utfordringer og muligheter forbundet med vannkraft og infrastruktur

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

Villreinnemnda for Hardangerviddaområdet

SETESDAL AUSTHEI VILLREINOMRÅDE

Villreinnemnda for Hardangerviddaområdet

Vår saksbehandlar: Direkte telefonnr.: Dykkar dato: Dykkar referanse: Aud Gunn Løklingholm

Møteinnkalling. Utval: AU i verneområdestyret for SVR Møtestad: Møterom i Hovdetun, Hovden Dato: Tidspunkt: 10:00

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

Etter innlegget håpar villreinen at de reflekterer over:

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /19. PlanID Kommunedelplan Vågsli - offentleg ettersyn

1. Samandrag I sak 13/12 vedtok hovudutval for samferdsle m.a. at strekninga Ånneland - Skipavika vert omklassifiserte frå fylkesveg til kommunal veg.

MØTE I ARBEIDSUTVALGET FOR HEIPLANEN

Omklassifisering av eksisterande strekningar på E134 i samband med bygging av Stordalstunnelen i Etne kommune - ny høyring

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 47/2016 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2016 Kommunestyret PS

Villrein og effekter av forstyrrelser; en oppsummering av de lokale GPS- prosjektene

Riksveg 52 Hemsedalsfjellet. Den nordlege hovudvegen aust - vest

Fastsetting av planprogram til kommuneplan for Valle kommune

Handsaming: Saka vart drøfta Ragnhild Bjåen sa seg ugild i saka då delar av tiltaka som er skissert berører henne som gruneigar.

Utvalgssak Møtedato Verneområdestyret for SVR - delegert utvalg 7/18 Verneområdestyret for SVR

SULDAL KOMMUNE Møtebok

VEDTAK AV REGIONAL PLAN FOR SETESDAL VESTHEI, RYFYLKEHEIANE OG SETESDAL AUSTHEI. HEIPLANEN.

REGIONAL PLAN FOR DOVREFJELLOMRÅDET

Etne kommune SAKSUTGREIING

Høyring av planforslag Regional plan for Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane Setesdal Austhei

Fylkesmannens rolle og oppgaver overfor villreinnemndene

Stølsheimen landskapsvernområde - melding om vedtak - motorferdsel i samband med kvisting av skiløype

KOMMUNEDELPLAN FOR FRILUFTSLIV BORTELID LJOSLAND , ÅSERAL KOMMUNE PLANPROGRAM

Hvordan få til god samhandling mellom fylkesmannen og fylkeskommunen?

2.10. Felles retningslinjer for alle hensynssonene

Foto: Sindre Skrede / NRK

Fylkesdelplan for Hardangervidda bakgrunn, status og videre arbeid

Samordna uttale til detaljregulering for Uggdal bustadområde - gnr. 66, bnr. 4, 6, 101 mfl.

Sakspapir. SAKSGANG Utval Møtedato Saknr Utval for Drift og Samfunnsutvikling (UDS) /19

Fjellheimen Villreinkonferanse Myrkdalen hotell fredag 3 nov 2017

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /156 Kommunestyret /67

SVAR PÅ SØKNAD OM OPPSTART AV REGULERINGSPLAN NAUSTOMRÅDE FLATEVIK 117/31 M.FL. TORMODSÆTRE PLANID

Reguleringsplan for gang- og sykkelveg. Mastrevik Kilstraumen med friområde på Ulvøy. Folkemøte

ARBEIDSUTVALET I VILLREINNEMNDA Telefonmøte

Fylkesdelplaner for bruk og vern av prioriterte fjellområder ivaretakelse av villreininteressene

PLANSKILDRING. REGULERINGSPLAN FOR VOMBEVIKA GNR.70 BNR.48,49,50 og 51

Villreinen, kulturarv og verdiskaping

Radøy kommune Saksframlegg

Transkript:

Villreinnemnda for Setesdalsområdet Til Statens vegvesen Vinje kommune Odda kommune 29.06.2018 Sakshandsamar: Martine Hamnes og Jarle Lunde Uttale til reguleringsplan E134, Vågsli Seljestad Villreinnemnda for Setesdalområdet og Villreinnemda for Hardangervidda har mottatt høyring av detaljregulering frå Vinje kommune med høyringsfrist 1.juni. Frå Odda kommune blei reguleringsplan sendt på offentleg ettersyn 14.juni med uttalefrist 20. august For villreininteressene er det vesentleg å sjå på heile vegstrekninga og samla belastning for villreinen. Me har difor bede om, og fått, utsett frist frå Vinje kommune. Villreinnemda for Setesdalsområdet og Villreinnemda for Hardangervidda har utarbeida ein felles uttale. Saka Plan- og miljøutvalet i Vinje kommune vedtok i møte 11.04.18, sak 18/60, å leggje framlegg til detaljregulering for E134 Vågslid fylkesgrensa ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova 12 10. Utviklingskomiteen i Odda kommune vedtok 02.05.18 å leggje reguleringsplanane for ny E134 mellom Fylkesgrensa og Seljestad ut på offentleg ettersyn i 10 veker. Føremålet med reguleringsplanen er å legge til rette for utbygging av ny stamveg E134 Vågsli Seljestad med betre vegstandard og vinterregularitet, samt å ivareta den historiske vegen som eit samferdselsminne. Tiltakshavar er Statens vegvesen og planmyndigheit er Vinje kommune og Odda kommune Sekretariat: Villreinnemda for Setesdalsområdet v/ Jarle Lunde, Suldal kommune Sandsvegen 122, 4230 SAND jarle.lunde@suldal.kommune.no Tlf. 52792435 / 40418967 Villreinnemda for Hardangerviddaområdet v/martine Hamnes, Nore og Uvdal kommune Sentrum 16, 3630 Rødberg. martine.hamnes@noreuvdal.no Tlf: 92036184

Bakgrunn Villreinnemnda uttalar seg i forhold til villreininteresser. Jfr 21 i Forskrift om forvaltning av hjortevilt skal nemnda arbeida for ei langsiktig berekraftig forvaltning av villreinen og villreinen sine leveområde. Internasjonalt ansvar Villrein er ein ansvarsart for Norge. Gjennom Bern-konvensjonen har me teke på oss ei plikt til å ta vare på villreinen. I Norge forvaltar me dei siste livskraftige bestandene av den opphavelege ville fjellreinen i Europa. Den generelle samfunnsutviklinga har ført til ein fragmentering av villreinen sine leveområde. Det er no auka fokus på arealforvaltning som ein viktig strategi for å ta vare på villreinen som art på lang sikt. I St.meld. nr.26 (2006 2007) blir det slått fast at sikring av villreinens leveområder er eit nasjonalt mål. Planområdet ligg i nasjonalt villreinområde. I denne omsynsona skal villreinen sine interesser tilleggas stor vekt i all arealforvaltning og saksbehandling. I regional plan for Hardangervidda og i Heiplanen (Regional plan for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei) er det angitt trekkområde over E134. Det er eit ønskje å auke utvekslinga mellom dei tre populasjonane. Formålet er sikring av beitetilgang, men og genetisk utveksling. Når det gjeld Hensynssone trekkområder står det å lesa i Heiplanen: Ved evt. planer om utviding, opprusting, omlegging eller endring av åpningstider mm av eksisterende veganlegg, skal det legges vekt på å bedre situasjonen for villreinens trekk gjennom tunnelløsninger, andre tekniske løsninger, merking, informasjon, brøyterutiner og andre tiltak. Tiltak som kan forverre villreinens trekk tillates ikke. Status for trekk og utveksling Forsking med hjelp av GPS-data frå heile Norge har vist tydelege resultat som viser at villrein unngår veg og vegen sitt nærområde. Dette gjeld mellom anna E134 over Haukelifjell. Sjølv sporadiske utvekslingar av dyr kan i eit lengre tidsperspektiv vere svært viktig. Korridorane er svært viktige dersom utveksling skal kunne finne sted i framtida. Det er lite kunnskap om korleis trekkmønsteret var her i tidligare tider, men det finst dokumentasjon på to dyregraver og ledegjerde ved Ståvatn om lag ein km vest for Haukeliseter. Desse er neddemt og ligg i same området som Heiplanen har angitt som ein trekkorridor. NINA rapport «Veger og villrein» (Strand m.fl. 2015. Rapp. 1121) beskriv i hovudsak overvakinga ved RV7 over Hardangervidda, men og generelle forhold omkring problemstillinga med døme frå andre stadar i landet. 2

GPS-data fra radiomerka reinsdyr vise at både veger og større turisthytter og hoteller reduserer sannsynligheten for at reinsdyr bruker de gamle trekkrutene. I følge disse beregningene vil en turisthytte innenfor en radius på en kilometer fra en gammel trekkorridor medføre at denne går helt ut av bruk. Mens en veg innenfor samme avstand medfører en reduksjon i sannsynligheten for at reinsdyra bruker denne trekkorridoren med 46 %. I modeller som omfatter alle villreinområder hvor det har vært samlet inn GPS-data var offentlig veg den mest dominerende antropogene faktoren i samtlige modeller (Panzacchi Van Moorter 2015). Den negative effekten av offentlig veg var signifikant innenfor en radius på 10 kilometer under kalvinga og om sommeren og 15 kilometer om vinteren. I Vågsli har det vore ei storstilt utbygging av hyttefelt og alpinanlegg som medfører stor aktivitet. Med det regulerte Kjelavatnet i tillegg framstår området i dag som «sterkt verdiforringa trekkområde for villrein. Mulighetene for eventuelt å lette reinens trekkmuligheter mellom Hardangervidda og Setesdalsheiene synes i dag å være størst lenger vest og i områdene rundt og vest for Haukeliseter» (NINA Rapp. 1121, 2015). I Haukeliseterområdet er det fleire trekkvegar, og som nemnt over er det og registrert dyregraver som indikerer eit gamalt trekkmønster. Alt i dag er det imidlertid vanskeleg for villreinen å krysse området. Dette fordi det er samla mykje ferdsel i særs rundt Haukeliseter fjellstue. Dette er blant anna i samband med tur- og skiløyper, kiting og toppturskiløping. Kombinasjonen av den heilårsopne vegen og ferdsla medfører altså til ein sterk barriere for villreinen. Ein ser likevel at det til ein viss grad skjer framstøyt opp mot vegen og enkelte bukkeflokkar kryssar ei og anna gong. Over Haukelitunnelen og vest for denne er det området der det er minst aktivitet knyt til menneskeleg ferdsel. Jfr GPS kartet er det dokumentert at tunnelltaket har vore nytta som trekkveg. Strand m.fl. (NINA Rapp. 1121, 2015) meinar likevel at «Landskapsmessig og topografisk sett er dette framfor alt eit område som er aktuelt som utviklingsområde for bukk sommerstid». Vinterstid kan det observerast mindre flokkar. Pga av store snømengder, topografi og lite beite er det her eit fåtal dyr. Totalt sett er difor dette eit langt mindre viktig område for trekk for villreinen enn nokre kilometer lenger aust. Vurdering av nye planlagde trasèar og tunnelar Statens vegvesen sine reguleringsplanar (og video 1 ) synliggjør planane på ein god måte. Generelt snakkar me om eit veganlegg som er fysisk langt større enn i dag og med eit langt 1 https://www.youtube.com/watch?time_continue=319&v=cn6myqfl78q 3

større trafikktal. Kunnskapen me i dag har om villrein og barrierar tilseier at kryssing over vegbane der den går i dagen vil bli meir eller mindre umogleg i framtida. Der Haukelisetertunnelen vil liggje går eit gamalt trekkområde som og er kartfesta i den regionale Heiplanen. Tunnelen er på ca. 3 km, altså med minste avstand til portal / veg på ca. 1,5 km. Ut i frå den auka trafikken, saman med ferdsla ut i frå veg og Haukelister Turisthytte, tilseier dagens fagkunnskap om villreinen at tunnellen blir for liten for at reinen vil nytte tunnelltaket som trekkområde. Me foreslår difor å auke lengda på tunnellen monaleg. Dersom Haukeilisetertunnelen blir bygd er det viktig med avbøtande tiltak for å auke moglegheitene for trekk. Dette vil kunne vere å vinterstengje gamlevegen og fjerne lysstolpar og autovern i tilknyting til denne. Eit anna tiltak vil vere å ikkje leggje til rette for vinterparkering mellom Haukelisetertunnelen og Dyrskartunnelen for å minimalisere ferdsel vest for Haukeliseter. Dyrskartunnelen vil vinterstid gi større moglegheit for villreinen å beite i det vestlege område, samt å vandre mellom Setesdal Ryfylke og Hardangervidda. Dette krev at noverande veg ikkje blir brøyta og at vegstasjonen på Midtlæger ikkje blir nytta/lagt ned. Som nemnt ovanfor er det pga av beite- og snøforhold lite dyr i dette området. Frå naturen si side er områda rundt Ståvatn/Ulevå betre eigna for villrein. Her på austsida av vasskille er det mindre snø og betre beiteforhold. Konklusjon Norge har eit særlig ansvar for bevaring av den ville europeiske villreinen. Ei aukande fragmentering av villreinen sine leveområde har blant anna medført etablering av barrierar som hindrar villreinen sine naturlege vandringar mellom viktige funksjonsområder. E134 og aktivitet nær vegen utgjer i dag ein betydeleg barriere for villreinen sitt trekk mellom Setesdal-Ryfylke og Hardangervidda. Bygging av ny E134 gir ein moglegheit for defragmentering, den gir opning for å gi betre moglegheit for beite og trekk mellom dei to største villreinområda i landet. Slik villreinnemdene ser det tek planane ikkje denne historiske moglegheita for å betra forholda til villreinen. Rett nok vil forholda betrast vest for Haukelitunnelen, men den bli forverra i dei noverande mest egna områda for villreinen rundt og vest for Haukeliseter. Villreinnemnda i Setesdalsområdet og Villreinnemnda for Hardangervidda vil ikkje tilrå at ein byggjer E134 etter framlagt reguleringsplan. For å ta større omsyn til villreinen må ein leggje betre til rette for trekk ved å legge ein større del av vegstrekninga i tunnel. Slik villreinnemnda ser det vil det beste vere ein lang tunnel mellom Valldalen til Vågsli, sekundært å slå saman Dyrskartunnelen og Haukelisetertunnelen. Uansett kva løysinga blir vil me rå til at ein nyttar villreinfagleg kompetanse for å finne dei riktige avbøtande tiltaka som kan minimere dei negative konsekvensane for villreinen. 4

Med vennleg helsing Margit Smeland Leiar Villreinnemnda for Setesdalområdet Endre Lægreid Leiar Villreinnemda for Hardangerviddaområdet Kopi Miljødirektoratet Fylkesmannen i Buskerud Fylkesmannen i Agder Fylkesmannen i Telemark Fylkesmannen i Hordaland Telemark fylkeskommune Hordaland fylkeskommune Setesdal Ryfylke villreinlag Setesdal Austhei villreinlag Villreinutvalget for Hardangervidda FNF Telemark FNF Hordaland 5