Velkomen til Kystpilegrimskonferanse i Selje - 22. 24. april 2010 Pilegrim - over sjø og land SELJE KOMMUNE i samarbeid med: Nidaros pilegrimsgård Påmeldingsfrist: torsdag 4. mars 2010 Foto: Thomas@BickFoto.no MUSEA I SOGN OG FJORDANE Tekn.arr. Selja og Stad «Seglar du frå Ålborg eller Vendsyssel i Danmark, kjem du i løpet av ein dag over til Vika, som er ein by i Noreg. Held du der til venstre og seglar langs kysten av Noreg, når du den femte dagen fram til byen Trondheim.» (Adam av Bremen, kring 1070) Slik var seglingsinstruksen i mellomalderen dersom ein kom frå sør og skulle til Nidaros. Kystleia har til alle tider vore riksveg nummer 1, og midt i leia ligg Selja, det eldste norske pilegrimsmål, som Adam av Bremen også var den første til å skrive om: «både følgjet deira og skipa deira vart gravlagde under eit fjell som rasa saman, og her hender no undergjerningar. På denne staden let Olav (Tryggvason) konge byggje ei kyrkje». Kystpilegrimkonferansen har som målsetjing å vere katalysator for ei samordna og målretta pilegrimssatsing langs heile norskekysten.
Velkomen til Selje! Selja, som var det første bispesete på Vestlandet, var ein viktig stoppestad for pilegrimen på veg til Nidaros. Selja var eit knutepunkt i både handels- og pilegrimsfarten langs kysten og vidare ut i verda. Selja var og er eit pilegrimsmål i seg sjølv, Sta.Sunniva og Sunnivakulten har alltid hatt mange tilhengarar. Utgreiinga Pilegrimsmotivet som nasjonal satsing trekkjer opp linjer for ei nasjonal pilegrimssatsing med utgangspunkt i Nidaros som pilegrimsmål. I samband med høyringa i 2009 påpeikte mange aktørar at kysten som pilegrimsveg har fått lita merksemd i utgreiinga. Foto: Fjordenes Tidende Denne konferansen er eit initiativ til ei målretta og godt samordna satsing, for å auke medvitet kring pilegrimstradisjonar langs heile kysten. På denne måten ynskjer Selje kommune og konferansepartnarane å løfte kystdimensjonen i den nasjonale pilegrimssatsinga. Dette vil styrke alle pilegrimsmiljø i Noreg - både heilagstadar undervegs og hovudmålet Nidaros. Vi ynskjer å føre saman pilegrimsaktørar i Noreg, representantar for den norske kyrkja, den katolske kyrkja og andre kyrkjesamfunn, aktuelle departement, politiske parti, fylkeskommunar, kommunar, reiselivsoperatørar langs kysten, historiske og kulturelle fagmiljø med relevans til kystpilegrimstradisjonane. Konferansen skal fungere som ein katalysator for ei samordna og målretta kystpilegrimssatsing. Samtidig ynskjer vi å vidareføre samarbeidet etablert i Trondheim hausten 2009 og bidra til samhandlinga internt i pilegrimsnettverket og mellom nettverket og andre aktørar. Foto: Bård Fløde Eg håpar du vil engasjere deg i kystpilegrimssatsinga, verte inspirert, besøke kloster- og helgenanlegget på Selja for stilla og ettertanken og oppleve Selje med vårmjuk kystlynghei under føtene, Venleg helsing Gunn V. Helgesen - Ordførar
Torsdag 22. april Frå 12.00 Innsjekking og registrering til arrangementa 1400 Kystpilegrimssuppe og Sunnivabrød 1500 Non Opning v/ordførar Gunn Helgesen, Selje kommune og leiar Sissel Loen, Hovudutval for kultur, Sogn og Fjordane fylkeskommune 1530 Den katolske pilegrimstradisjonen i Noreg - Olavskulten og Sunnivakulten v/alf Tore Hommedal, Oslo katolske bispedømme Pilegrimsmotivet langs kysten i dagens perspektiv v/stiftsdirektør Helge Taranrød, Bjørgvin bispedømme Kystpilegrimen og Kystkulturen v/musea i Sogn og Fjordane 1700 Pause 1715 Dialog med noko attåt - Kvifor og korleis revitalisere kystpilegrimstradisjonen? - Kystleia som ein del av Olavsleia? - St. Olav og Sta. Sunniva synergiske effektar av å løfte fram begge helgenar? - Kva rolle kan kystkulturen spele i pilegrimssatsinga? 1830 Felles vandring til Selje kyrkje og framsyninga Matias Orheim v/sogn og Fjordane teater Ca. 2045 Felles vandring tilbake til Selje hotell 2100 Kveldsbuffet med ein smak av kysten og Selje 2300 Kompletorium Fredag 23. april 0845 Introduksjon til Selje kloster- og helgenanlegg v/prosjektleiar Bjørn Jensen, Selje kommune 0900 Ters Verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet - pilotar for utvikling av lokalsamfunn og næringsliv v/seniorrådgjevar Kari Vartdal Opsvik, Riksantikvaren Riksantikvarens ruinprosjekt - vern gjennom bruk v/førstekonsulent Inger-Marie Aicher Olsrud, Riksantikvaren Arkeologiske kulturminne på Selja v/rådgjevar Berit Gjerland, Sogn og Fjordane fylkeskommune 1000 Selja og Bergen som pilegrimsmål Leiar Torkjell Djupedal, Venner av Selja og 1. amanuensis Alf Tore Hommedal, Universitetet i Bergen Pilegrimsvandring på Selja 1200 Sext Lunsj (på Selja) 1415 Arbeid med pilegrimsleier til Selja og langs kysten v/sokneprest Kari Leine Balog og sentrale aktørar Nidaros Pilegrimsgård og Pilegrimsnettverket i Noreg Status og tiltak v/berit Lånke, Nidaros pilegrimsgård Pilotprosjektet Pilegrimsleden - 2010 og vegen vidare v/prosjektleiar Knut Lillealtern 1545 Pause 1615 Pilegrimsvandring i eit helseperspektiv Dei sjøfarande munkar. Keltiske pilegrimstradisjonar og det nordatlantiske kulturfellesskapet v/forskar Harald Olsen, Universitetet i Agder Børs og katedral kultur, reiseliv og småskala pilegrimsindustri v/ dagleg leiar Gerd-Helen Selle, Moster Amfi 1815 Kystpilegrimsvegen vidare 1830 Kvile 1915 Vesper 1930 Festmiddag Pilegrim over sjø og land PilegrimsNoreg om 10 år Kåseri v/biskop em. Ole D. Hagesæther
Laurdag 24. april 0800 Avreise frå Selje hotell 0830 Økumenisk morgonmesse i Leikanger kyrkje v/sokneprest i Selje Kari Leine Balog og Oslo katolske bispedømme 0945 Stadlandet rett vest pilegrimsklasse Natur- og kulturguiding undervegs. 1500 Avreise frå Ervik STADLANDET RETT VEST Noregs vakraste fjelltrim er blitt kallenamnet på Stadlandet Rett Vest som i år vert arrangert for sjette gongen. Løypa startar på Dragseidet, staden der Olav Tryggvason kalla stormenn frå fire fylke til kristningsting i året 997. Her går også den gamle ferdavegen der folket i eldre tider drog båtane over eidet for å sleppe å sigle over Stadhavet. Løypa er 14 km lang. Terrenget er lett å gå i, og ein kan derfor nyte den fantastiske naturen i eit særeige kulturlandskap og med utsikt mot havet så langt auge kan sjå. Stadlandet er ein stad der ein på ingen måte kan garantere for veret. Det er slett ikkje umuleg at kvar enkelt må legge seg på vinden for å kome fram, men det kan bli spennande for nokon kvar å måle krefter med naturen. På Stadlandet kan ein oppleve fire årstider i løpet av ein fjelltur. Røynde natur- og kulturguidar vil følje deg på turen og gje informasjon underveis. Utsikt mot Ervika Foto: Nils Petterson Voss Dragseidet. Start for Stadlandet rett vest og spelestad for det historiske spelet «På Sverdeggja», foto: Bård Fløde
Påmelding Det er ingen konferanseavgift. Konferansefasilitetar en inkludert i pensjonspris på Selje Hotell. Du kan melde deg på konferansen ved å kontakte Turistinformasjonen i Selje, Telefon: 57 85 66 06 Fax: 57 85 85 01 E-post: sunniva1@start.no Påmeldingsfrist: torsdag 4. mars 2010 Har du spørsmål kan du kontakte Turistinformasjonen v/inger Marie Aarsheim, telefon: 57 85 66 06 eller Selja og Stad, v/helga Odden Reksnes, telefon 958 23 080 Du må sjølv bestille overnatting. Oppgjer skjer direkte til overnattingsstad. Vi har reservert rom ved føljande stader: Selje Hotel - telefon 57 85 88 80 www.seljehotel.no Pris: kr. 2.700,- per person for 2 døgn i enkeltrom, full pensjon og konferansefasilitetar kr. 2.200,- per person for 2 døgn i dobbeltrom med 2 personar, full pensjon og konferansefasilitetar Doktorgarden - telefon 909 29 771 www.doktorgarden-selje.no Pris: kr. 990,- per døgn for dobbeltrom (for to personar.) Ingen måltid. kr. 750,- per døgn for enkeltrom. Ingen måltid. Hannebua telefon 951 52 094 Pris: kr. 1000,- per døgn for leilegheit m/tre soverom. Ingen måltid. Andre overnattingstader, sjå www.opplevselje.no Du kan også kontakte Turistinformasjonen i Selje, Kontaktperson: Inger-Marie Aarsheim Telefon: 57 85 66 06 - Fax: 57 85 85 01 - E-post: sunniva1@start.no Dagpakke Selje Hotel (for dei som bur andre stader) Konferanse med frukost, lunsj, kaffipause, middag kr. 650,- per dag Konferanse med lunsj, kaffipause, middag kr. 550,- per dag Konferanse med lunsj og kaffipause kr. 250,- per dag Kontakt Selje Hotel direkte for bestilling, tlf. 57 85 88 80. Arrangement Du kan delta på følgjande arrangement knytt til konferansen - Framsyninga om Matias Orheim i Selje kyrkje. Arr. Sogn og Fjordane teater Torsdag 22. april, kl. 1900 - Billett kr. 120,- - Pilegrimsvandring på Selja. Arr. Venner av Selja Fredag 23. april, kl. 1000-1400 - Gratis - Økumenisk morgonmesse i Leikanger kyrkje. Arr. Soknepresten i Selje og Oslo katolske bispedøme Laurdag 24. april, kl. 0830 - Gratis - Fjelltrimmen Stadlandet Rett Vest. Arr. Stadlandet IL. Laurdag 24. April, kl. 0945 Deltakaravgift: kr. 150,- Opplys kva for arrangement du ynskjer å delta på ved påmelding. Sætren Rorbuer telefon 909 19 202 Pris: kr. 650,- per døgn for leilegheit m/to soverom. Ingen måltid.