Regionalt planforum Hyllestad kommune, 13.12.2017 Tid: 09.00-11.23 Til stades: Oddgeir Aardal (deltekarnummer 10, Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen), Mari Johannesen Aune (deltakarnummer 2, FK), Mie Dahl Pind (deltakarnummer 3, FK), Sondre Bjelle (deltakarnummer 4, Fylkesmannen), Stig Morten Tengesdal (deltakarnummer 5, Fylkemannen), Frida Halland (deltakarnummer 6, Fylkesmannen), Carlo Aall (deltakarnummer 7, Vestlandsforsking), Halvor Stensvand (deltakarnummer 8, Fylkesberedsskapssjef, Fylkesmannen), Svein Arne Skuggen Hoff (deltakarnummer 9, prosjektleiar), Idar Førde Blom (deltakarnummer 11, Hyllestad kommune), Stine Mari Nytun Leirdal (deltakarnummer 1, FK referent). Klokka 10.12: Elisabeth Aune kom inn i møtet på video (får deltakarnummer 12) Presentasjon av kommuneplan for Hyllestad, 2018-2030 Hyllestad kommune var i planforum i vår i forbindelse med planprogrammet til samfunnsdelen. No er dei tilbake med utkast til plandel til kommuneplanens samfunnsdel. Eit hovudgrep med kommuneplanen er å gjere Hyllestad til eit sentraliseringspunkt i kommunen. Ein stad som kan bidra til å auke bustadattraktiviteten til Hyllestad. I dag er kommunen ein av dei svakaste på bustadattraktivitet, samtidig som det er ein netto innpendlingskommune. Våren 2018: prosess for medverknad frå lag og organisasjonar, med eigne opplegg for ungdom og eldre. Kommunen ønskjer velkommen innspel frå regionale myndigheter og kan gjerne vere med på møter om det er interesse for det inviter eller ev. bli invitert. I forkant av planforum har kommunen meldt inn fleire spørsmål til plangrep som dei har nytta seg av i prosessen. I planforum innleia dei om kvart grep og opna for innspel knytt til kvart tema. Tema 1: overordna plangrep Kommunen sitt mål er at alle temaplanar skal inn i kommuneplanen og at ein ikkje skal ha strategiske planar i tillegg til kommuneplanen. Dette for å samordne planprosessane, sikre betre styring gjennom eit felles strategisk dokument og betre kopling mellom strategi og oppfølging. Kommunen legg opp til ei todeling av plandokumentet: Bolk 1: «samfunnstema» Bustadbygging Natur og miljø Kultur Klima, risiko og sårbarheit Infrastruktur Verdiskaping/næringsutvikling Bolk 2: «Kommunal tenesteproduksjon» Oppvekst Vaksenopplæring og integrering Helse og omsorg Tekniske tenester Innspel frå etatane på dette plangrepet: - 6: Kan vere lurt med eit dokument i og med at det er liten kommune, men kan vere utfordrande å få med alle felt og alle (einingsleiarar). Kommunen må jobbe med å sikre god forankring internt i kommunen.
- (8) Interessant måte å løyse det på. Dette kan sikre at dokumentet blir eit betre styringsdokument for kommunen. Vil vere ein krevjande revideringsprosess. Denne måten å utforme kommuneplan kan kanskje ha læringspotensial for andre kommunar. - (2) betyr det at når samfunnsdelen bli vedtatt så utgår dagens sektorplanar? o Ja. Med unntak av annleggsdelen til plan for friluftsliv som er lovpålagt å ha som eige dokument. - (9) Bustadattraktivitet er viktig poeng. Nettoinnpendling frå kommunane rundt. - (7) Korleis jobbar ein med pendling når ein er i ein liten kommune? o Diskuterer planen med nabokommunane (HAFS). - (3) Senterstruktur og tettstad korleis stiller FK sin plan seg til spørsmål og tettstad? o Folk ønsker å bu meir sentralt og derfor kan tettstadutvikling føre til auka attraktivitet (9) o Kommuegrensene kan vere kunstige, så er ikkje nødvendigvis at kvar kommune må ha ein tettstad. Dale og Høyanger ligg relativt nærme (2) Oppfølging: - SFFk bør i strategi for senter og tettstad ta stilling til tettstadutvikling i små kommunar. Ok kva rolle desse bør ha sett i relasjon til nabokommunar som geografisk kan ligge tett på. I kva grad skal ein legge meir til rette for pendling? Tema 2: integrering av handlingsdel i Samfunnsdelen Kommunen skal integrere handlingsplan i dokumentet. Har med prioriterte tiltak. Handlingsplan skal rullerast årleg. Dette skal vere eit aktivt strategisk dokument som skal bidra til å føre kommunen dit ein vil. Målet er at måla skal stå over ein periode, men gir moglegheit til å velje nye mål og strategiar kvart år fordi utfordringsbilete kan endre seg, ev. valde strategiane kan ha behov for å endrast. Kommunen vil prøve å kombinere langsiktig tenking med kortsiktige + langsiktige handlingar. Kommunen har ikkje sett døme på dette frå andre kommunar, men vil prøve noko nytt. Innspel frå etatane på dette: - (8) Om eg var lokalpolitikar i Hyllestad vil eg oppleve det som positivt at ein hadde moglegheit til å ta diskusjonane + endre retning + handling etter kvart. - (2) Om ein opnar heile dokumentet for revisjon kvart år kan det verte veldig omfattande og lite føreseieleg. - (8) Ein bør ikkje endre føringane for arealbruk kvart år, det vert lite føreseieleg. - (6) Høyringsfristar vil gje ein utfordring for kommunen ved årleg rullering. Ved rullering av kommuneplan må dette høyrast etter plan og bygningslova. Dette betyr at økonomi og kommuneplanen bør tidlig opp til diskusjon for å rekke fristane. - (2) Arealdelen ein må passe på at det blir føreseieleg. Føringar for arealdelen bør ikkje oppdaterast kvart år, fordi arealdelen er gyldig for lengre enn eit år. Ein del mål har behov for å stå lenger enn eit år før ein ser og det er rett mål eller ikkje. - (4) samfunnssikkerheit legg vekt på heilskapleg og langsiktig. Behov for konkretisering. Positivt å kunne gå gjennom kvart år for å bestemme kva ein vil prioritere. Ved årleg revisjon vil ein skape betre samanheng mellom ROS og samfunnsdel. - Konklusjonar: - omfattande med høyringsprosess kvart år
- måla i samfunnsdelen bør vere føreseieleg - Føringane for arealdelen bør være føreseielege Tema 3: Føringar for arealdelen: Kommunen legg opp til at samfunnsdelen har konkrete føringar for arealdelen og at desse er samla i eit eige kapittel i staden for å ligge spreidd rundt om på dei ulike tema. Ønsker gjerne konkrete tilbakemeldingar når dei har kome litt lengre (i høyringsperioden). Kommunen vil i løpet av prosessen med samfunnsdelen få innspel på kva som er dei viktige føringane å ta med vidare til arealdelen. Kommunen forventar at etatane kan komme med innspel på dette allereie i arbeidet med samfunnsdelen. - (6) Dei føringane som ikkje kjem inn som del av samfunnsdelen gjeld ikkje for arealdelen? T.d. statlege føringar. o (9) I statlege føringar er ordet vurdering mykje brukt. Mykje me kan vurdere, men som er uaktuelt for kommunen. - (8) Kommunen har også ansvar å lese nasjonale føringar sjølv. Vi kan komme tilbake med innspel, men kjem ikkje med ei utfyllande liste. Staten seier sitt gjennom allereie gjeldande dokument. Kommunen må sjølv sjekke opp i dette. Nokon innspel er umogleg å gi før ein ser arealdelen. - (3) Føringar for parkering, pendling, sykkel og gå bør inn i arealdelen. Korleis bruke arealet meir klimavennleg? - (2) Kan komme til nye tema til planprogram for arealdelen, men denne forma betyr altså at hovedutfordringsbilete/føringane vert definert av samfunnsdelen. At ein på basis av dei utfordringar og framtidsvisjonar som vert definert i samfunnsdelen gjer føringar for korleis dette skal påverke arealdelen. God idé å ha tydeleg føringar for arealdelen i samfunnsdelen. Tips å sjå på korleis Luster har løyst dette i sin nye samfunnsdel. Føringane bør vere meir konkrete slik at det kan er lettare å gje innspel i høyringsrunden og også enklare å vite korleis dei skal følgast opp. Fleire tema som kan inn. Bør vere tydeligare på at ein ikkje ynskjer å bygge på jordbruksareal. Næringsareal kan ein sei noko om i føringane. Friluftsliv er ikkje med i føringane. - (7) På seminar som del av samhandling for grønt skifte i januar tek ein opp samanheng mellom arealdel og klima. Dette kan gje gode innspel knytt til føringar for arealdelen på dette temaet. - (10) kommunen bør vurdere kartlegging av kjerneområder for jordbruksareal (altså i drift). - (6) stadbunden næring er det andre ting enn landbruk? Og kunne det vore fordel å tenke samanheng med flytting. o (9) Folk ynskjer tilhøyrighet og sjølv om ein ynskjer å utvikle tettstad, så kan ein ikkje stenge døra for at folk skal bu der dei har lyst (for eksempel på grunn av slekt og slik). Kommunen ønskjer difor å opne for spreitt bustadbygging i grendene. (6) Tek kanskje ikkje innover seg målet med tettstad? (10) Viktig at ein opnar for at det skal bu andre enn bønder i grendene. o (9) Kommunen har ein del dispensasjonar frå LNF til bustad i året. Å legge til rette for spreitt bustadbygging kan vere ein måte å redusere tal dispensasjonar. (6) Desse må sendast inn til Fylkesmannen. - (9) Oppdrettsanlegg har brukt opp tilgjengeleg areal. Kjem ikkje til å komme konsesjonssøknad i kommunen. Avventar strategisk plan for kysten med tanke på hamner og
liknande. Strategisk plan for kysten vil gje mange føringar for arbeidet i Hyllestad ventar spent på denne. - (6) Natur må generelt tydeligare fram. Meir med bustadsosiale føringar. - (9) Samlokalisering av tenestetilbod i Sørbøvåg. Ynskjer å bygge eldrevenlege bustadar i nærleiken til dette senteret. Ynskjer å få eldre til å bu tettare. Vil peike ut kva områder som er godt eigna. - (3) Mål, strategiar og handlingsplan bør henge betre saman med utfordringsbilete. Eksempel tekniske tenester - (2) Føring å opne elv i sentrum. Kanskje langsiktig, men bør ikkje no bygge ting som hindrar dette målet i framtida. - (9) Kan ta dette inn i driftsavtale t.d. senka vasstand i vatn som elv går ut frå. Gir betre klaring ved mykje nedbør. - (6) Må tenke på vassforureining og liknande. Oppsummering/ punkt til oppfølging: - Samfunnsdelen må gjerne ha tydelege føringar for arealdelen. Desse kan godt vere meir konkrete enn i utkastet som er lagt fram i møtet. - Det må likevel vere mogleg for andre styresmakter å kome med tillegg når planprogrammet for arealdelen er på høyring. Og statlege føringar og krav til planlegginga gjeld sjølv om desse ikkje er presiserte i samfunnsdelen. - Når kommunen har komme lengre i prosessen kan i ha eit Eiget Planforum på Føringane for arealdelen. - I arbeidet med arealdelen bør kommunen kartlegging kjerneområde landbruk. - Bustadsosiale føringar bør med i føringane for arealdelen. - Arealdelen bør legge føringar for tiltak langs vassdrag og knytt til måloppnåing av miljømåla i regional plan for vassforvaltning. - Arealdelen bør sikre kulturminne ut over det som er knytt til Kvernsteinsenteret Nytt tema: Klima/det grønne skiftet (kl. 10.24). Hyllestad deltek i prosjekt «samhandling for grønt skifte». Hyllestad deltek i prosjektet med sin kommuneplan. Dette gjer at dei i planprosessen får ekstra fagleg oppfølging knytt til korleis kommunen kan ta omsyn til klimaendringar og det å klimaomstille seg. Kommunen forpliktar seg til å delta på samlingar og bruke arbeidet inn i samfunnsdelen og arealdelen. Det er elles ikkje noko krav om korleis kommunen skal implementere spørsmåla i sin plan, men det er ein føresetnad at kommunen i planen gjer greie for korleis klimaomstilling er teke inn i planen. Hyllestad har gjort ei foreløpig analyse av korleis endringar i klima og endringar i samfunnet påverkar klimasårbarheit i Hyllestad. Må også sjå kommunen i ein større samanheng nasjonalt og globalt o o Endringar i naturen: Oftare og sterkare ekstremnedbør, regflaumar, jord-flaumsørpeskred, høgare havnivå og stormflo, meir ekstremver + ein til. Hyllestad kan og verte påverka av klimatiske endringar globalt, til dømes kan fiskeopprett vere sårbart for ekstremver andre stader dersom det gjer at ein ikkje får importert for. Samfunnshøve som vert påverka av klimaendringane: gardsbruk, flatehogst, akvakulturanlegg, vasskantnær bygningsmasse/anlegg, vedlikehald av infrastruktur,
o turisme/reiseliv, kostander ved og val av energi til transport. «Dårligare hus, ikkje dårligare klima er den største utfordringa for hus i klima». Politiske føringar: Sårbarheit for klimapolitikk Det er forskjell på å analysere utslepp geografisk og basert på forbruksprinsipp. Om ein ser på dei utsleppa som er generert frå produksjon av varer som Hyllestad importerer er dei utsleppa mykje høgre enn utsleppa som gjerast i Hyllestad kommune. Potensialet for utsleppsreduksjon vert mykje høgre om ein reknar med utslepp generert gjennom forbruk. - (7) Spill på noko som er positivt. Viktig å ta det kommunale forbruket først, så forsøke å påverke det private forbruket. - (8)Bra med grøne skriftet og klima som tema. Men arbeidet med ROS og sårbarheit er ikkje det same som grøne skiftet og klimaomstilling. Må sjå breiare på ROS og sårbarheit. Kunnskap frå heilskapleg ROS for kommunen vil vere nyttig for samfunnsdel og spesielt arealdelen. Fylkesmannen har på tilsyn vore ærlige med Hyllestad om at dei har problem med å løyse lovpålagde oppgåver. De må velje kor mykje kapasitet de har å bruke på dette. Godt initiativ, men eit kapasitetsspørsmål for kommunen. Kommunen må bevare administrativ kapasitet til å løyse pålagde oppgåver. o (9) usikker på om du har rett. Einig i at vi skal gjere ROS også, vil bli ferdig ila våren og den vil vere god nok for Hyllestad. - (2) Stort potensial i små kommunar lettare å få til samarbeid på ters av sektorar for å klare klimaomstilling. - (9) Kan ein bli eining om ein måte å tenke på regionalt nivå (FK + FM). Bli einige om mål. - (3) Klima er ikkje noko som kjem i tillegg, men nokon som er integrert i alt vi har som mål og som del av alt. Klima er viktig for ros, klima er viktig for reiseliv. Klima er to ting: tilpassing og reduksjon. Kor store ambisjonar har ein for klimaomstilling og kva skal være Hyllestad sin del? Lurt å sette seg ambisjonar for kva som skal vere Hyllestad sitt bidrag. o (9) Usikker på kva som er Hyllestad si rolle. Kommunen skal arrangere temamøte for politikarane for å få fram ambisjonar. - (2) Om det å sjå klima i samanheng med andre satsingar: Ved å legge til rette for friluftsliv kan ein kanskje hindre ein del helgeutflukter frå kommunen., og samtidig trekke andre til i helgene. Kanskje reiser folk mindre vekk i helgane om dei er bevisste dei kvalitetane dei har heime. - (7) Spelte inn KS sin regnmodell. Bereknar vedlikehald versus oppgradering. - (9) Korleis tek vi dette vidare? Er det mogleg å ta eit møte til om dette rett før eller etter påske saman med dei regionale aktørane. Dei regionale aktørane blir invitert med på møte i prosjektet. o (3) I dag testa vi om dette var ein god måte å gjere det på. Å sitte rundt eit bord å diskutere o (9) God måte! Men må sikre oss breiare deltaking, eksempel frå kultur, opplæring, samferdsel, næring. Hadde vore nyttig for å diskutere dei ulike tema meir inngåande. Oppsummering og oppfølging: - Samhandling for grønt skifte: ei føresetnad at kommunen i planen gjer greie for korleis klimaomstilling er teke inn i planen.
- Samfunnsdelen: utslepp i eit forbruksperspektiv bør takast inn i samfunnsdelen. Ein kan til dømes ha mål knyt til forbruk, reiser. Kommunalt forbruk er enklare å begynne med. Næringer. Privat forbruk. - Heilskapleg ROS må på plass for Hyllestad. Dette skal vere fundament for arealdelen og samfunnsdelen. Kommunen jobbar med dette, den skal etter planen vere ferdig vår 2018. - To samlingar i samhandling for grønt skifte vår 2018. - Kan vere aktuelt å ha nytt planforum etter kommuneplan er klar, men før høyring. FÅ med fleire aktørar på dette møtet. - Klimaomstilling i plan kan spelast inn som tema på planleggarnettverk. - (9+3) Fiskeridirektoratet kjem med eigne innspel skrifteleg eller så tek Hyllestad eige møte med Fiskeridirektoratet. Innspel frå andre etatar som ikkje deltok på møtet: Innspel frå Kultur hjå Fylkeskommunen: Det er positivt at kommunen vil legge vekt på kulturminneverdiane i sentrumsplanlegginga. Kvernsteinsparken er kommunens største aktiva i så måte. Vi vil oppmode om at kulturminneplanen sin handlingsdel er konkret på kva for tiltak ein ynskjer å prioritere, både i forhold til kvernsteinsparken, men også i forhold til andre utvalde kulturminne. I kvernsteinslandskapet ligg det også eit stort potensiale for å legge til rette for turopplevingar. Vi vurderer kvernsteinslandskapet i Hyllestad til å vere et kulturhistorisk landskap av nasjonal interesse og ynskjer dialog med kommunen i forhold til å implementere dette i det nasjonale KULAregisteret.