Kviteseid kommune Møteprotokoll Utval: Formannskapet Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: 16.02.2017 Tidspunkt: 09:00 11:15 Fylgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerar Solveig Nekstad Grave Medlem AP Tore Åsland Medlem AP Anne Birgit Sollid Medlem SP Tarjei Gjelstad Ordførar AP Fylgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Representerar Bjørn Nordskog MEDL SP Tarjei Andreas Draugedal VORDF KRF Elsa Ann Grave Hauglid MEDL H Fylgjande varamedlemmer møtte: Namn Møtte for Representerar Jon Ingebretsen Elsa Ann Grave Hauglid MDG Lars Håkon Didriksen Bjørn Nordskog SP Jonn Foldøy Tarjei Andreas Draugedal KRF Fylgjande frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Øystein Tveit Rådmann Elisabeth Lid Næringssjef tilstades i sak 23 Olav O. Kaasa Kommunalsjef tilstades i sak 25 Berit Lundeberg Sekretær Referatsak 9/17 vart teke ut av sakslista. Merknaden om at sak 22/17 er lukka er feil og teke bort.
Saksliste Utvalssaksnr. PS 12/17 PS 13/17 PS 14/17 PS 15/17 PS 16/17 PS 17/17 PS 18/17 Innhald Godkjenning av protokoll Referatsaker Politisk behandling - Stilling som kommunalsjef for skule og barnehage Vurdering av stilling som kokk på kjøkenet Vikariat i stilling som fagarbeider teknisk drift K - 9/8 - Heistykket - Bygning for overnatting - dispensasjon K - 15/43 - Straumsnesvegen 46 - Bygging av brygge/flytebrygge og båthus - dispensasjon PS 19/17 K - 38/104 - Omsorgsbustader Midtsundåsen - mønehøgde - dispensasjon - klage PS 20/17 K - 14/82 - Vråliosvegen 120 - Søknad om utviding av brygge - dispensasjon PS 21/17 K - 13/3 - Søknad om massetak - dispensasjon - avslag - klager PS 22/17 Skisseprosjekt - Husstøyl - 40/18 PS 23/17 PS 24/17 Anmodning om økonomisk støtte i samband med anke til Høgsterett i sak om eigedomsskatt på nettanlegg Sal av aksjer i Vegfinans Rv36 Telemark AS PS 25/17 Ny avtale med Notodden legevakt f.o.m. 01.07.2017 PS 26/17 Telemarkskanalen regionalpark - Vedtektsendringer Lukka PS 12/17 Godkjenning av protokoll Protokollen vart samrøystes vedteken. PS 13/17 Referatsaker Det var ingen referatsaker til handsaming i møtet.
PS 14/17 Politisk behandling - Stilling som kommunalsjef for skule og barnehage Stillinga som kommunalsjef for Skule og barnehage vert lyst ut frå 01.08.2017. Saksprotokoll i Administrasjonsutvalet - 16.02.2017 Stillinga som kommunalsjef for Skule og barnehage vert lyst ut frå 01.08.2017. Administrasjonsutvalet si tilråding vart samrøystes vedteke. Stillinga som kommunalsjef for Skule og barnehage vert lyst ut frå 01.08.2017. PS 15/17 Vurdering av stilling som kokk på kjøkenet Det vert lyst ut inntil 100% fast stilling på eining for kjøken og vaskeri snarast. Saksprotokoll i Administrasjonsutvalet - 16.02.2017 Det vert lyst ut inntil 100% fast stilling på eining for kjøken og vaskeri snarast. Administrasjonsutvalet si tilråding vart samrøystes vedteke. Det vert lyst ut inntil 100% fast stilling på eining for kjøken og vaskeri snarast.
PS 16/17 Vikariat i stilling som fagarbeider teknisk drift Formannskapet vedtek å lyse ut eit vikariat som fagarbeider teknisk drift frå februar/mars 2017 fram til 16.01.18. Saksprotokoll i Administrasjonsutvalet - 16.02.2017 Formannskapet vedtek å lyse ut eit vikariat som fagarbeider teknisk drift frå februar/mars 2017 fram til 16.01.18. Administrasjonsutvalet si tilråding vart samrøystes vedteke. Formannskapet vedtek å lyse ut eit vikariat som fagarbeider teknisk drift frå februar/mars 2017 fram til 16.01.18. PS 17/17 K - 9/8 - Heistykket - Bygning for overnatting - dispensasjon Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon for oppføring av eit bygg, ca 29 m2, til kombinasjonsføremålet driftshusvære/fritidshusvære på eigedomen g/bnr 9/8 slik det er søkt om. Bygget blir matrikkelført med byggkode 529 (annan bygning for overnatting). Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon for oppføring av eit bygg, ca 29 m2, til kombinasjonsføremålet driftshusvære/fritidshusvære på eigedomen g/bnr 9/8 slik det er søkt om. Bygget blir matrikkelført med byggkode 529 (annan bygning for overnatting).
PS 18/17 K - 15/43 - Straumsnesvegen 46 - Bygging av brygge/flytebrygge og båthus - dispensasjon Formannskapet gjev i medhald av pbl 19-2 dispensasjon frå byggeforboda i LNF-sona og i 50-meters beltet langs Nisser for bygging av bod/båthus og permanent brygge på g/bnr 15/43, Bjorbu, og på desse vilkåra: Bod/båthus: - maksimal grunnflate 15 m2. - maksimal mønehøgde 3,00 m, gesimshøgde 2,40 m. - saltak, med mørk/matt farge, eventuelt torvtak. - mørke/jordfarga veggar. - event. vindauge med maks. lysopning 1,1 m2. - skal vere uisolert. Brygga: - Avgrensa til eit overflateareal på maks (4 x5) m2 - Etablering elles i samsvar med vedtekne retningsliner,så langt desse er relevante. Formannskapet gjev i medhald av pbl 19-2 dispensasjon frå byggeforboda i LNF-sona og i 50-meters beltet langs Nisser for bygging av bod/båthus og permanent brygge på g/bnr 15/43, Bjorbu, og på desse vilkåra: Bod/båthus: - maksimal grunnflate 15 m2. - maksimal mønehøgde 3,00 m, gesimshøgde 2,40 m. - saltak, med mørk/matt farge, eventuelt torvtak. - mørke/jordfarga veggar. - event. vindauge med maks. lysopning 1,1 m2. - skal vere uisolert. Brygga: - Avgrensa til eit overflateareal på maks (4 x5) m2 - Etablering elles i samsvar med vedtekne retningsliner,så langt desse er relevante. PS 19/17 K - 38/104 - Omsorgsbustader Midtsundåsen - mønehøgde - dispensasjon - klage Formannskapet opphevar dispensasjonen for auka mønehøgde gitt i sak 010/17. Formannskapet gir i medhald av plan- og bygningslova 19-2 dispensasjon for ein redusert takvinkel på omsorgsbustadene, slik det alternativt er søkt om (ca. 21 grader).
Formannskapet opphevar dispensasjonen for auka mønehøgde gitt i sak 010/17. Formannskapet gir i medhald av plan- og bygningslova 19-2 dispensasjon for ein redusert takvinkel på omsorgsbustadene, slik det alternativt er søkt om (ca. 21 grader). PS 20/17 K - 14/82 - Vråliosvegen 120 - Søknad om utviding av brygge - dispensasjon Formannskapet gjev i medhald av pbl 19-2 dispensasjon frå byggeforboda i LNF-sona og i 50-meters beltet langs Nisser for utviding av brygge/flytebrygge på g/bnr 14/82, Framtun, slik det er søkt om. Det må sendast endringsmelding i samsvar med dette dispensasjonsvedtaket seinast ved søknad om ferdigattest for tiltaket, jf. byggeløyvet gitt i sak 501/15. Formannskapet gjev i medhald av pbl 19-2 dispensasjon frå byggeforboda i LNF-sona og i 50-meters beltet langs Nisser for utviding av brygge/flytebrygge på g/bnr 14/82, Framtun, slik det er søkt om. Det må sendast endringsmelding i samsvar med dette dispensasjonsvedtaket seinast ved søknad om ferdigattest for tiltaket, jf. byggeløyvet gitt i sak 501/15. PS 21/17 K - 13/3 - Søknad om massetak - dispensasjon - avslag - klager Formannskapet tek ikkje klagene til fylgje. Klagene blir sendt til Fylkesmannen for endeleg avgjerd. Dispensasjonsavslaget er grunngjeve med ønskje om å oppretthalde vedteken arealbruk (LNF) for dette området, og at det kan skaffast alternativ fyllmasse frå godkjente massetak. Tore Åsland, AP, kom la fram rådmannen si tilråding frå førre møte.
Denne tilrådinga vart sett opp mot rådmannen si tilråding i denne saka. Rådmannen si tilråding frå førre møte fekk 4 røyster, medan tilrådinga i denne saka fekk 3 røyster. Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon for uttak av inntil 7 000 m3 (5 000m3) fast fjell, utover det eigar av g/bnr 13/3 etter anna lovverk har fått løyve til å ta ut til landbruksføremål (skogsvegar) på eigen eigedom. Dispensasjonen er gitt på fylgjande vilkår: - Uttaket skal skje frå område som alt er massetak for lausmasse, jf. søknaden. - Uttaket skal gå til prosjekt g/s-veg i Vrådal sentrum. - Uttaket skal vere avslutta innan utgangen av 2017. Området skal avplanerast og tilførast vekstmedium for reetablering av skogvegetasjon. - Avslutninga skal godkjennast av kommunen v/skogbruksrådgjevar. Formannskapet ber rådmannen fylgje opp saka ved å varsle partane om mogleg utskriving av lovbrotsgebyr. PS 22/17 Skisseprosjekt - Husstøyl - 40/18 Kviteseid kommunestyre ber rådmannen jobbe vidare med prosjektet. Målet med prosjektet er å bygge utleigebustader i Kviteseid sentrum. Kommunestyret stiller seg positivt til at prosjektet kan gjennomførast av private utbyggarar. Rådmannen kjem tilbake med ei sak, når det er henta inn meir informasjon. Kviteseid kommunestyre ber rådmannen jobbe vidare med prosjektet. Målet med prosjektet er å bygge utleigebustader i Kviteseid sentrum. Kommunestyret stiller seg positivt til at prosjektet kan gjennomførast av private utbyggarar. Rådmannen kjem tilbake med ei sak, når det er henta inn meir informasjon. PS 23/17 Anmodning om økonomisk støtte i samband med anke til Høgsterett i sak om eigedomsskatt på nettanlegg Kviteseid kommune stør LVK og dei 3 saksøkte kommunane med kr 20.000 til saksomkostningar i sak mot Statnett. Inndekning for løyvinga skjer ved bruk av næringsfond (ansvar 4302).
Rådmannen si tilråding Kviteseid kommune stør LVK og dei 3 saksøkte kommunane med kr 20.000 til saksomkostningar i sak mot Statnett. Inndekning for løyvinga skjer ved bruk av næringsfond (ansvar 4302). PS 24/17 Sal av aksjer i Vegfinans Rv36 Telemark AS Kommunestyret i Kviteseid vedtek å avhende sine 10 aksjar i Vegfinans Rv36 Telemark AS til Vegfinans AS, i tråd med tilbod frå Vegfinans AS. Salgssummen for aksjane vert innarbeid i 1. tertial budsjettkontroll. Kommunestyret i Kviteseid vedtek å avhende sine 10 aksjar i Vegfinans Rv36 Telemark AS til Vegfinans AS, i tråd med tilbod frå Vegfinans AS. Salgssummen for aksjane vert innarbeid i 1. tertial budsjettkontroll. PS 25/17 Ny avtale med Notodden legevakt f.o.m. 01.07.2017 Kviteseid kommune inngår ny avtale med Nye Notodden interkommunale legevakt basert på modell 2. Saksprotokoll i Hovudutvalet for oppvekst og omsorg - 02.02.2017 Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. Kviteseid kommune inngår ny avtale med Nye Notodden interkommunale legevakt basert på modell 2. HOO si tilråding vart samrøystes vedteke.
Kviteseid kommune inngår ny avtale med Nye Notodden interkommunale legevakt basert på modell 2. PS 26/17 Telemarkskanalen regionalpark - Vedtektsendringer Formannskapet i Kviteseid stør intensjonen i Telemark fylkeskommune sitt vedtak. Kviteseid kommune meiner at vedtektene må endrast slik at dei gjev høve til å kalle inn til ekstraordinære årsmøte. Formannskapet i Kviteseid stør intensjonen i Telemark fylkeskommune sitt vedtak. Kviteseid kommune meiner at vedtektene må endrast slik at dei gjev høve til å kalle inn til ekstraordinære årsmøte.