Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2014/2322-1 Linda Øen Saksgang Saksnr Utval Møtedato Komite for oppvekst, kultur, idret Formannskapet Kommunestyret Rullering av kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2015-2019 Innstilling frå rådmannen: styre vedtar rullert handlingsprogram for Kommunedelplan for idret, fysisk aktivitet og friluftsliv som ligg ved denne saka. Søknad om spelemidlar vert prioritert som oppset i rullert handlingsprogram 2015-2019 Ved avsetjing av investeringstilskot til utbygging av nærmiljøanlegg i offentleg/privat samarbeid skal vedteke handlingsprogram følgjast. Saksutgreiing: styre vedtok 25.09.2014 kommunedelplan for idret, fysisk aktivitet og friluftsliv. For å kunna søkja om spelemidlar frå må handlingsdelen i planen rullerast årleg. Rulleringa har følgjande føremål: 1. Prioritere søknader om spelemidlar 2. Prioritere mellom anlegg som søkjer om kommunal investering til å byggje anlegg i offentleg/privat samarbeid. 3. Innarbeide nye anlegg på lista over prioriterte og uprioriterte anlegg. side 1
Utlysing av spelemidlar: Anlegg som det skal søkjast om spelemidlar til må vere ein del av kommunen sin handlingsplan for idret, fysisk aktivitet og friluftsliv. Søknadsfrist for innspel til rullering av handlingsplan vart annonsert i lokalavisa, si heimeside og på facebook med søknadsfrist 15.09 Idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning Planane for anlegg som det vert søkt om tilskot til, må på førehand vere idretsfunksjonelt godkjende. Idretsfunksjonell førehandsgodkjenning skal sikra behovsreta og gode idretsfunksjonelle løysingar og sikre at dei estetiske og miljømesige tilhøva vert varetekne på ein god måte. Det er tekniske tenester som gjennomfører idretsfunksjonell førehandsgodkjenning. Ved nokre høve må planane sendast til departementet. Prioritering av spelemidlar Spelemidelprioriteringa som er set opp er ei vidareføring av prioriteringa som Kvinnherad kommune gjorde for søknader 2014, med desse endringane. Ordinære anlegg: 4 anlegg går ut av lista over ordinære anlegg då desse har fåt løyving i 2014: Halsnøy kunstgrasbane Risnesløo - lagerbygg Husnes idretspark treningsløype Husnes idretspark lys til treningsløype Nye anlegg har fåt idretsfunksjonell førehandsgodkjenning og er kome inn på lista: Valeparken 7`ar kunstgrasbane Uskedal nærmiljøanlegg kunstgrasbane Nærmiljøanlegg: 1 anlegg går ut av lista over nærmiljøanlegg då dete anlegget fekk løyving i 2014: Hatlestrand ballbinge Nye anlegg har fåt idretsfunksjonell førehandsgodkjenning og er komen inn på lista: Sunde nærmiljøanlegg kunstgrasbane Hatlestrand nærmiljøanlegg multianlegg Hatlestrand nærmiljøanlegg BMX bane Berhaug og Tveito utmark Tur og ridesti Uskedal nærmiljøanlegg - Turstiar Uskedal nærmiljøanlegg klatrepark Uskedal nærmiljøanlegg Skatepark/BMX Uskedal nærmiljøanlegg Sandvolleyball og boccia Anlegg som står på prioritert liste vil ikkje automatisk søkje om spelemidlar for 2015. Ein del av desse anlegga må det arbeidast vidare med for å få ein godkjend spelemiddelsøknad. side 2 Til grunn for prioriteringa ligg desse kriteria: Vidareføring av prioriteringa frå 2014 KØ prinsipp Kor langt søkjar er komen i prosessen med å få ein godkjend spelemiddelsøknad Anlegget set opp mot plan for idret, fysisk aktivitet og friluftsliv Behov for anlegget
Ferdige anlegg vert prioritert Påbegynte nærmiljøanlegg vert prioritert Hordaland fylkeskommune set krav om at alle tildelingar til ordinære anlegg skal ha ein godkjent spelemiddelsøknad i minst 3 år, før dei får løyving. Det er viktig å sjå til at anlegga som prioriterer øvst på lista fyller dete kravet. Prioritering av anlegg der det vert søkt om kommunal investering til utbygging av anlegg i privat/offentleg samarbeid. For private anlegg kan lag og organisasjonar søkje om byggetilskot som vert løyvd over driftsbudsjetet til Kultur og fritid. Kommunedelplan for idret, fysisk aktivitet og friluftsliv skil på private anlegg og anlegg som bør byggjast ut i privat/offentleg samarbeid. Planen fastslår at nærmiljøanlegg i tilknyting til skule bør byggjast ut i slikt samarbeid og at vil setja av midlar til dete i investeringsbudsjet og økonomiplan. Dersom set av midlar til føremålet bør utbetaling skje på bakgrunn av søknad. Rulleringa legg opp til ei prioritering av anlegg i dei tilfelle søkjar ynskjer å søkje om slikt tilskot. Dete gjeld følgjande anlegg: Uskedal nærmiljøanlegg fordelt på 5 søknader Sunde nærmiljøanlegg fordelt på 1 søknad Rulleringa syner størrelsen på eit eventuelt kommunalt tilskot, rekna ut eter tidlegare vedteken modell: Godkjend kostnad - minus moms minus forventa spelemidlar delt på 2. Tala er eit overslag og kan endra seg då søkjar er tideleg i planleggingsfasen for ein del av anlegga. Tala synleggjer behov for kommunal medfinansiering. Nye anlegg presentasjon og vurdering Uskedal nærmiljøanlegg Uskedalen IL ynskjer å oppgradera grusbana ved Uskedalen skule til kunstgrasbane for 9 ar fotball og utvikle området vidare med følgjande anlegg: Turstiar med meir Klatrepark og BMX bane Skatepark Sandvolleyball og Boccia Dei planlegg utbygginga stegvis. Kunstgrasbana vil vere eit godt alternativ for dei aldersbestemte årsklassane til å trene fotball. I dag nytar Uskedalen IL fotballbane på Heio til dete. Heio ligg «avsides» til og dei fleste borna som skal trene her er avhengig av å bli køyrd i bil. Vegen til Heio er lite eigna til å gå/sykkle til trening og bana kan bare nytast delar av året. Bana i sentrum vil vere betre tilgjengeleg for born også utanom ordinære treningar. Ulike typar aktivitetsanlegg i same området vil gjera dete området til ein flot møteplass for ulike aldersgrupper. For skulen vil det bety ei stor oppgradering av uteområdet. Sunde nærmiljøanlegg Sunde bygdalag planlegg eit nærmiljøanlegg på og rundt skuleplassen. Nærmiljøanlegget skal byggast ut i følgjande byggesteg: Kunstgrasbane på Sunde oppvekstsenter Klatrestativ 7 meter, på sunde oppvekstsenter Skileikanlegg som og kan nytast til sommaraktivitet side 3
Parkouranlegg Aktivitetsområde for alle aldrar med sjakk, bordtennis, kvilebygg og Boccia Førebels er det kunstgrasbana som har fåt idretsfunksjonell førehandsgodkjenning. Vi ventar søknad om fleire anlegg ved neste rullering. Anlegget rundt skulen på Sunde vil fungera som godt uteområde for skulen og ein sentral møteplass som inviterer til fysisk aktivitet. Kunstgrasbana som Sunde skule planlegg er på 30x40 meter. Dete er mindre skala en banar planlagd for 7 ar fotball og 9 ar fotball. Bana er tenkt som ein fleirbruksbane som egnar seg til fleire typar ballspel. Rundt bana planlegg dei asfaltveg som kan nytast til sykkel og rulleskøyter. Hatlestrand nærmiljøanlegg Hatlestrand nærmiljøpark under Hatlestrand bygdalag arbeider med å etablera Hatlestrand nærmiljøanlegg på skuleområdet rundt Norddida oppvekstsenter. Fleire anlegg er etablert, mellom anna ballbinge, freesbeegolf, utebordtennis og hinderløype. Hatlestrand nærmiljøanlegg Følgjande anlegg har fåt idretsfunksjonell førehandsgodkjenning: Multianlegg med 100 m. løpebane med fast dekke, 200 m ekstra joggebane med fast dekke 2 felt, lengdegrop, kastsektor, sirkelforma flate med fast dekke med ulike bruksområder BMX sykkelløype som kan nytast til ski ved snø Saman med allereie etablerte anlegg vil Hatlestrand nærmiljøanlegg framstå som eit anlegg med mange aktivitetsmoglegheiter og godt eigna som ein møtestad. Tur og rideveg i Berhaug og Tveito utmark Høylandsbygd bygdalag planlegg å rusta opp gamal postveg frå parkeringsplass ved radiohola, fram til kanneflåto og vegarm ned til kommunal veg langs stranda til Melkevik. Vegen vil bli rusta opp slik at den kan nytast til transport av ved med traktor, rideveg for hest og tilretelagt for handikappa som nytar rullestol. Anlegget vil gje gode moglegheiter for rekreasjon og friluftsliv, samstundes vil det gje ein positiv effekt på etablerte besøksmål i området. Valeparken Valeparken har etablert kunstgrasbane for 7 ar fotball på grusbana ved Valen skule. Bana er ferdig og dei søkjer om spelemidlar for 2015. har løyvd 500 000,- til denne bana i 2014. Bana inngår i ein heilheitleg park med ballbinge og andre aktivitetsanlegg. Orienteringskart i Sundal Mauranger bygdalag har meldt inn at dei ynskjer å arbeida med orienteringskart i Sundal. Dei har ikkje søkt om idretsfunksjonell førehandsgodkjenning og anlegget vert ført opp under langsiktig del. Stemmastølen rastehytte Valestiftinga arbeider med oppsetjing av rastehyte på Stemmastølen på Valen. Søknaden har tidlegare vore inne på ein annan spelemidelordning og fåt løyving der. Prosjektet vart utset då Hordaland fylkeskommune selde grunnen som rastehyta skulle stå på. Ny avtale med grunneigar måte inngås og i samråd med Hordaland fylkeskommune vert søknaden flyta over på denne ordninga. Kvinnherad idrettsråd Kvinnherad idretsråd er Kommunen sit rådgjevande organ innan saker som gjeld idreten. Idretsrådet hadde utkast til rullert handlingsplan til drøfting i møte 30.10.2014. Idretsrådet gjer si tilslutning til rullert handlingsprogram 2015-2019 og har elles følgjande merknader, synt under med sakshandsamars vurdering side 4
Uskedal nærmiljøanlegg bør liggja inne i langsiktig del av handlingsprogrammet, ikkje berre i prioritert program Sakshandsamars vurdering: Handlingsprogrammet er bygd opp slik at dei anlegga som har fått idrettsfunksjonell godkjenning vert flytta opp på prioritert liste. Det betyr at anlegga bør realiserast innan dei neste 4 åra. Anlegga i langsikig del er dei anlegga ein bør arbeida med å få opp på prioritert liste i løpet av planperioden. Sakshandsamar ser ingen grunn til å føre opp dette anlegget begge stader. Handballhall på Husnes bør byte namn til fleirbrukshall med storleik tilsvarande minst to handballflater. Sakshandsamars vurdering: Handballhall på Husnes står oppført i handlingsprogram langsiktig del. Det er anlegg som ikkje har fått ein idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning. I den idrettsfunksjonelle førehandsgodkjenninga vert det mellom gjort ei behovsvurdering. Det vert på dette tidspunktet feil å leggje for sterke føringar på korleis ein hall på Husnes skal utformast. I forslag til rulleringa som ligg føre er handballhall skifta ut med fleirbrukshall. Symje- og stupeanlegg med fulle mål (50 m) bør komma inn i handlingsprogrammet Sakshandsamars vurdering: Plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv viser til at det i regional plan for idrett, friluftsliv og kulturanlegg er peika på at det er behov for 50 m. symjebasseng og fotballhall i regionen, og at begge desse anlegga er aktuelle å plassera i Kvinnherad. Det vert og sagt at behov bør vurderast i samband med vidare planlegging av Husnes idrettssenter. Det er eit handlingsmål at Husnes idrettssenter vert vidareutvikla i planperioden. Sakshandsamar har ikkje sett opp symje-og stupeanlegg som eige punkt i handlingsprogrammet sin langsiktige del, men rår til at det vert starta eit arbeid med siktemål om å vidareutvikla Husnes idrettssenter. Idretsrådet er også oppteken av at skiidreten skal ha tilbod om snøsikre anlegg Sakshandsamars vurdering: Meir konkrete planar for dette bør spelast inn på dette området, gjerne i samarbeid med Fjellhaugen skisenter før det vert teke med i handlingsprogrammet. Målet om idretsfagleg kompetanse i må løftast fram og tydeleggjerast i form av ei målsetjing om ei stilling som idretskonsulent. Sakshandamars vurdering: Handlingsprogrammet i kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv har eit eige punkt der det står at det skal opprettast ei stilling med idrettsfagleg utdanning. Økonomisk konsekvens: Saka utløyser ingen direkte økonomisk konsekvens. Miljømessig konsekvens: Vedlegg: Kommunedelplan for idret, fysisk aktivitet og friluftsliv: Forslag til rullert handlingsprogram 2015-2019 side 5