Årsplan Askeladden barnehage 2018/ 2019

Like dokumenter
Årsplan 2019/2020, Askeladden barnehage. «Me leiker i lag» Årsplan Askeladden barnehage 2019/ 2020

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

LANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

SAMARBEIDSRUTINER FOR OVERGANG HEIM- BARNEHAGE I SKODJE KOMMUNE

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Å fremje felles interesser til beste for barnet

Barns leik og vennskap. Utviklingsarbeid i Mork barnehage hausten våren 2018

Årsmelding for Urhei barnehage

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

PEDAGOGISK PLAN BARNEHAGANE I LOM. Loar og Garmo barnehage

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Slik vil vi ved Vigra skule skape eit trygt og dynamisk, skulemiljø.

Innhaldsliste. 1. Presentasjon av barnehagen 1.1 Barnehagens visjon 1.2 Eigenart/profil

Informasjonshefte Tuv barnehage

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Utviklingsplan Borsheim barnehage Vi skaper livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn. Tryggleik, respekt og inkludering

Du må tru det for å sjå det

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Årsplan for. barnehagane i Nordsido oppvekstområde. Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy

Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage.

Årsplan Gimsøy barnehage

Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

GJENSIDIG RESPEKT INKLUDERANDRE SKAPANDE KOMMUNIKATIVE ENGASJERTE GISKE BARNEHAGE SAMAN I TRYGGLEIK OG UNDRING

OM ÅRSPLANEN OG KOMMUNENS MÅL FOR BARNEHAGENE OM BARNEHAGEN TILVENNING. Våre tiltak

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

SAMARBEID HEIM OG SKULE

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Innhald. Innleiing s. 4. Formål s. 6. Språk, kultur og natur s. 8. Leik og læring s.10. Barnehagen som lærande organisasjon s.12. Sluttord s.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Det finst ei rettleiing til gjennomføring av Ståstadsanalysen på: D Tilsette vurderer barnehagen opp mot teikn på god praksis

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

Årsplan Ballestad barnehage

Saman om Ørstabarnehagen

Velkomen til Mork barnehage

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

Handlingsplan for eit trygt og godt barnehagemiljø

Årsplan 2018 for Bekkelaget Kirkes barnehage. Versjonsnummer 6 - Fastsatt av Samarbeidsutvalget

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

OM ÅRSPLANEN OG KOMMUNENS MÅL FOR BARNEHAGENE OM BARNEHAGEN TILVENNING. Våre tiltak

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Månadsbrev for Rosa september 2014

Sandeid skule SFO Årsplan

ÅRSPLAN barnehagen for de gode opplevelsene

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Barnehage til beste for barn

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Trivsel og vekstvilkår

Askeladden barnehage

HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Årsplan barnehage. Her kan bilde/logo sette inn. Bærumsbarnehagen

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

OM ÅRSPLANEN OG KOMMUNENS MÅL FOR BARNEHAGENE OM BARNEHAGEN TILVENNING VENNSKAP OG FELLESSKAP. Våre tiltak

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

DETTE SEIER lova og rammeplanen AT VI SKAL : OMSORG OG OPPSEDING:

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Øystese barneskule April - 08

Elevundersøkinga 2016

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

PEDAGOGISK PLAN FOR ALLEN SANSEHAGE

Innhaldsliste. 1. Presentasjon av barnehagen 1.1 Barnehagens visjon 1.2 Eigenart/profil

Klar til skulestart EPHORTE 2011/ PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE/SKULE Kvinnherad kommune

Skjema for eigenvurdering

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Å RSPLÅN. Treungen barnehage RELASJONAR

ÅRSPLAN FOR LØKEN BARNEHAGE 2019

Psykologisk førstehjelp i skulen

Olweusarbeidet i Luster kommune Felles årshjul

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2015/17.

Årsplan Lundedalen barnehage

Transkript:

Årsplan Askeladden barnehage 2018/ 2019

Innhold Innleiing... 3 1. Presentasjon av barnehagen... 3 1. 1 Barnehagens visjon... 3 1.2 Profil/ egenart... 3 2. Barnehagens verdigrunnlag... 5 2. 1 Barnehagen skal ivareta barnas behov for omsorg... 5 2. 2 Barnehagen skal ivareta barnas behov for lek... 5 2. 3 Barnehagen skal fremme danning... 5 2. 4 Barnehagen skal fremme læring... 6 3. Fokusområder frå Kvalitetsplanen for barnehagen... 6 Innleiing... 6 4. Medverknad... 7 4.1 Barn... 7 4.2 Foreldresamarbeid... 7 5. Overgangar... 8 5.1 Når barnet byrjar i barnehagen... 8 5.2 Overgangar innad i barnehagen... 8 5.3 Overgangen mellom barnehage og skule... 8 6. Samarbeid... 9 6.1 Samarbeid internt i barnehagen... 9 6.2 Samarbeid med eksterne instansar... 9 7. Vurdering... 9 Kontaktinformasjon:... 10 2

Innleiing Barnehagens samfunnsmandat er i samarbeid og forståelse med heimen, å ivareta barnas behov for omsorg og leik, og fremma læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Rammeplanen peiker på at me må tydeliggjera progresjon innafor omsorg, leik, danning og læring. 1. Presentasjon av barnehagen 1. 1 Barnehagens visjon Leik og læring saman smeltar, her dannast morgondagens heltar. Barnehagen er ein viktig arena for sosial utvikling, læring og etablering av venskap. Det er i samspel med andre at barna lærer. Barn lærer mykje av jamaldra som dei ikkje kan læra på same måte av vaksne. Barnehagen er, saman med heimen, med på å leggja grunnlaget for vidare utvikling og læring. Barnehagen er den fyrste organisasjonen i barna sitt utdanningsløp, og er med på å byggja grunnmuren for livet til barna i barnehagen. Gjennom omsorg, tryggleik, leik og læring er me med på å leggja dei fyrste steinane i denne grunnmuren. Når me seier at me er med på å danna morgondagens helter, tenker me på at me er med på å leggja grunnlaget for framtidas vaksne. Vaksne som viser omsorg for andre, som ser den enkelte og som gjer av seg sjølv. Morgondagens helter er framtidas snikkar, sjukepleiar, lege, elektrikar, barnehagelærar, omsorgsarbeidar, lærar m.m. Me ynskjer å gje barna det dei treng for å vera eit godt medmenneske og kunne realisera draumane sine. 1.2 Profil/ egenart Askeladden barnehage ligg på Brusand, ei bygd sør i Hå kommune. Brusand er ei lita bygd med ca. 450 innbyggjarar. Barnehagen ligg fint plassert, med kort veg til stranda, leikeplasser og anna flott natur. Askeladden barnehage har vore i drift sidan 1994. Det starta som ein korttidsbarnehage, drive av Saniteten. Etter kvart som behovet auka utvida barnehagen tilbodet. Det vart opna opp for heildagstilbod, og etter nokre år måtte ein og utvida antal avdelingar. Hå kommune overtok som eigar, og frå 2007 har barnehagen brukt heile huset til drifta. Askeladden barnehage legg stor vekt på trygghet, trivsel og vennskap. For oss er det viktig å skapa ein kvardag der me ser den enkelte, at kvar og ein skal ha det trygt og trivast. Me vil ha vaksne som veit verdien at dette, vaksne som ser barna for den dei er og vaksne som legg til rette for leik, læring og utvikling. Viss ikkje barna har det greitt og er trygge, vil dei heller ikkje læra og utvikla seg slik dei skal. Derfor har dette stort fokus når me arbeidar med kvaliteten i barnehagen. Askeladden barnehage er delt inn i tre avdelingar; Askeladdane, Tusseladdane og Småtroll. Småtroll er dei minste barna i barnehagen, dei mellom 1 og 2 år. Dette året går det 10 barn på denne avdelinga, saman med 3 vaksne. 3

Tusseladdane er avdelinga for dei som er 2 og 3 år. Dette året går det 10 barn og 2 vaksne på Tusseladdane. Askeladdane er dei eldste barna, dei som er 4 og 5 år. Det er alltid stas å få koma «på loftet» for barna i barnehagen då føler dei seg store Dette året går det 20 barn og 3-4 vaksne på Askeladdane. Personalet i Askeladden barnehage 2018/ 2019 Stilling Namn Stillingsstorleik Styrar Ann Turid Krag 100% Pedagogisk leiar Karin E. Aniksdal 100% Pedagogisk leiar Elin Heskestad 100% Pedagogisk leiar Kristine Undheim 100% Barnehagelærer på disp. Elise Eide Andreassen 80% Barnehagelærar på disp. Ann Benedikte V. Kleven 20% Barne- og ungd. arb Ann Benedikte V. Kleven 80% Barne- og ungd. arb Helle Renate Mæland 100% Barne- og ungd. arb Lena Ueland 100% Assistent Rita Karina Borlaug 100% Assistent Bean 40% Fagstilling Anette Rugland 95% Spesialpedagog Beathe Hobberstad 40% Sekretær Kjellaug Stokkeland 20% Vaktmeister Marte Fjellheim Svihus 12% Reinhaldar Buaphan Trøite 26,66% Våre verdiar Hå kommune har sin eigen visjon; «Me løfter i lag». I samband med visjonen har kommunen utarbeida tre verdiar. Me i Askeladden har dette som verdiar i kvardagen vår òg, og har saman funne ut kva dei betyr for personalet. Ved å arbeida etter desse tre verdiane håpar me det gjennomsyrer arbeidet med barna og foreldra, og kjem på den måten alle til gode. Open Me er imøtekomande Me framsnakkar kvarandre Me er rause overfor kvarandre Me er opne for forandringar, endringar og nye ting Me er opne overfor foreldre og kollegaer Me er serviseinnstilt og ynskjer å gje ein god kvardag til det enkelte barn Me er opne for innspel Me gjer tydelege og direkte tilbakemeldingar Driftig Me tek ansvar Me er fleksible Me samarbeider til beste for barnet Me har fokus på å gjera ein god jobb Me er pliktoppfyllande Me oppdaterer oss fagleg 4

Stolt Me er stolte over arbeidet me gjer i Askeladden barnehage Me er stolte over arbeidsplassen vår Me er stolte over barna Me har fagleg bevissthet Me har fokus på å yta Me er flinke til å gje små og store ros slik at alle kan føla seg stolte. «Me er Askeladden!» 2. Barnehagens verdigrunnlag 2. 1 Barnehagen skal ivareta barnas behov for omsorg I barnehagen skal alle barn oppleva å bli sett, forstått, respektert og få den hjelp og støtte dei har behov for. Barnehagen skal aktivt leggja til rette for omsorgsfulle relasjonar mellom barna og personalet og mellom barna, som grunnlag for trivsel, glede og mestring. (Rammeplanen 2017, s. 19) For å oppnå god omsorg i barnehagen treng ein sensitive vaksne som ser det enkelte barn, og sørgjer for at alle barn opplever trygghet, tilhørighet og trivsel i barnehagen. Me må møta alle barn med openheit, varme og interesse og visa omsorg for det enkelte barn. Når me snakkar om sensitive vaksne meiner me vaksne som er lydhøre for barnas uttrykk og klarer å imøtekoma deira behov for omsorg uansett kva «språk» barna har til å uttrykkja seg med. 2. 2 Barnehagen skal ivareta barnas behov for lek Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, og leikens eigenverdi skal anerkjennast. Barnehagen skal gje gode vilkår for leik, venskap og barnas eigen kultur. Leiken skal vera ein arena for barnas utvikling og læring, og for sosial og språkleg samhandling. (Rammeplanen 2017, s. 20) For å oppnå eit godt leikemiljø, der barna får utvikla leikekompetansen sin, treng me vaksne som bidreg til at barna får felles erfaringar som grunnlag for leik. Dei vaksne må arbeida for eit inkluderande miljø der alle barn kan delta i leik og erfara glede i leik. Det er viktig at dei vaksne veileder barna i leiken dersom ein ser uheldige leikesituasjonar. Dei vaksne må ta initiativ til leik og aktivt bidra slik at alle kjem inn i leiken. 2. 3 Barnehagen skal fremme danning Barnehagen skal støtta barna i å forholda seg prøvande og nysgjerrig til omverda og bidra til å leggja grunnlag for modig, sjølvstendig og ansvarleg deltaking i demokratiske fellesskap. Barnehagen skal fremja samhald og solidaritet samtidig som individuelle uttrykk og handlingar verdsettast og følgjast opp. Barnehagen skal bidra til at barna kan forstå felles verdiar og normer som er viktige for fellesskapet. Barna skal støttes i å uttrykka synspunkt og skapa meining i den verda dei er ein del av. (Rammeplanen 2017, s. 21) For å fremma danning må me legga til rette for meiningsfulle opplevingar og støtte barna si utvikling av eigen identitet og sjølvforståelse. Me må gje dei gode verktøy, slik at dei vert sett i stand til å handtera livet og at dei ser på seg sjølv som eit verdifullt medlem av eit større fellesskap. Me må synleggjera og verdsetta mangfald og ulikheter som grunnlag for oppleveringar, utforsking og læring. 5

2. 4 Barnehagen skal fremme læring I barnehagen skal barna få oppleve eit stimulerande miljø som støtter opp om deira lyst til å leike, utforske, lære og mestre. Barnas nysgjerrighet, kreativitet og vitebegjær skal anerkjennas, stimuleras og leggas til grunn for deira læringsprosesser. Barna skal få undersøke, oppdage og forstå samanhengar, utvide perspektiv og få ny innsikt. (Rammeplanen 2017, s. 22) Barn lærer gjennom erfaring og leik, og må derfor få tid til å leika. Barna er forskjellige og lærer på ulike måtar. Me tenkjer det er viktig at me tek barna si lærelyst på alvor og legg til rette for læring i dagleg leik og samtale. Me tenkjer at det å vera opptekne av det som barna er opptekne av skaper eit godt læremiljø. Barn lærer mykje gjennom samtalar med vaksne og andre barn, derfor er kvardagssamtalane viktig for oss. Me trur me kan auke barna si lærelyst med å vera nysgjerrig som vaksen og på den måten fanga barna si interesse. 3. Fokusområder frå Kvalitetsplanen for barnehagen Innleiing Gjennomgåande for kvalitetsplanen er fokuset på dei vaksne. Kompetanse, haldningar og verdiar må visa igjen i dei vaksne sine handlingar i møte med barn. «Leiing i alle ledd» er fokusområde for 2018-19. Med «leiing i alle ledd» meinar me fra styrar til pedagogiske leiarar, fra pedagogiske leiarar til assistentane, fra pedagogisk leiarar og assistenter til barna. Me vil i pedagog-teamet arbeida med leiing og veiledning av assistenter, med referanser til kompetanse, haldningar og verdiar. Rammeplanen seier: «Pedagogisk leder er gitt ansvaret for å iverksette og lede det pedagogiske arbeidet, i tråd med godt faglig skjønn. Den pedagogiske lederen skal veilede og sørge for at barnehageloven og rammeplanen oppfylles gjennom det pedagogiske arbeidet». (Rammeplanen 2017, s.16) «Leken skal ha en sentral plass i barnehagen, og lekens egenverdi skal anerkjennes. Barnehagen skal gi gode vilkår for lek, vennskap og barnas egen kultur.» (Rammeplanen 2017, s. 20) Ut frå sitatet valgte me å ha fokus på leik og det å støtte barna i dette På personalmøtene vil me har fokus på barnas leik. Her vil me benytta teori fra Terje Melaas og Kari Pape. Teorien me har valgt vil me anvenda ved å reflektera og bruka caser for diskusjon. Målet vårt for temaet er å gje tryggheit på den faglighet som dei ansatte utøver, og større faglig grunnlag, og at personalet leiar barna og støttar dei i samspel med kvarandre. For barna blir det ein støtte i de situasjoner kor dei kan trenga det. Me vil være tilstade i leiken saman med barna, og vera tilgjengelige når barna treng det. Me vil som gode leiarar saman med barna ha fokus på omsorg, leik, læring og venskap. Element som høyrer tett saman. Me ønsker at barna skal få trygge og forutsigbare dager i barnehagen. Personalet er ansvarlige for å legge til rette for struktur og tydelige rammer. Barna treng gode vaksne, som er større og sterkare enn barna. 6

Målet for temaet «Leiing i alle ledd» er å ha ein barnehage der barna: Har tid og rom for leik Har tilgjengelege og engasjerte vaksne Vert anerkjent av andre Blir sett for den dei er Opplever at dei har vener Inkluderer andre barn i leik Møter vaksne som er på jakt etter positiv atferd Vert organisert i små grupper 4. Medverknad 4.1 Barn Me ynskjer å etablera eit verdisyn og ein væremåte for vaksne i Askeladden der barnas perspektiv og deira syn er viktig. Me må aktivt prøva å forstå kva barn uttrykkjer på ulikt vis. Barn er forskjellige og spelar inn på ulikt vis. Nokre ved å vera verbale, nokre er tause, andre viser sinne, nokre avviser, nokre viser glede, nokre peikar osv. Det handlar mykje om å ta kvart enkelt barn på alvor; lytta aktivt og tolka deira språk. Me kan sei JA meir, og i alle fall dersom me ikkje har ein god grunn for å sei NEI. Det kan vera at me av og til må endre på noko av det me gjer i barnehagen fordi barna uttrykkjer det. Me tenkjer at det er når barneinnspel fører til endringar og utgjer ein forskjell at me kan snakke om medverknad. Å ta medverknad på alvor krev både fleksibilitet og spontanitet hjå vaksne. Kvardagssamtalane vert viktige for å la barna medverka i det daglege. Me har også samtalar med dei største barna enkeltvis frå tid til anna. 4.2 Foreldresamarbeid Vårt felles mål er ein barnehage til barna sitt beste. Me ynskjer å møta kvarandre med forståing og gjensidig respekt. Me håpar den daglege kontakten, med dykk foreldre, kan nyttast til samtalar til beste for barnet. Det er alltid lov å ta kontakt med barnehagen eller FAU dersom det er noko du/ de lurer på, eller vil drøfte. Me har foreldresamtaler kvar haust og vår, og elles ved behov. Me set pris på om alle nyttar seg av tilbodet. Då får ein snakka om barnet si trivsel og utvikling, og det er ein fin måte for dykk som foreldre å koma med innspel. Me har foreldremøte to gonger i året, eit på hausten og eit på våren. Det som er på våren er det FAU som har ansvar for. Elles har me samarbeidsorgana FAU og SU. FAU står for foreldra sitt arbeidsutval. Foreldrerådet er samlinga av alle foreldre/ føresette i barnehagen. Dei kan kalla inn til eigne møter. Foreldrerådet vel sjølv representantar til FAU. Når ein vert valt inn i FAU sit ein for to år. Leiaren vert valt inn for eitt år om gongen. I tillegg har me SU, Samarbeidsutvalet. SU skal vera eit rådgivande, kontaktskapande og samordna organ. SU består av 2 representantar frå foreldra og 2 representantar frå personalet. Styrar er sekretær for SU, og har møte- tale og forslagsrett. Me har utarbeida eit forventningsdokument. Dokumentet inneheld forventningar frå foreldre til personal, frå personal til foreldre og frå personal til barna. Dokumentet skal godkjennast av SU kvart år, og vert levert heim for lesing og signering om hausten. 7

5. Overgangar 5.1 Når barnet byrjar i barnehagen For å gje barn og foreldre ein best mogleg start i barnehagen inviterer me til foreldremøte eller samtale i slutten av mai. Då får foreldra informasjon om barnehagen og nyttig informasjon om tilvenninga. Dei får og tilsendt/ utlevert diverse informasjonsskriv om tilvenning og barnehagen i forkant av oppstarten. Etter første foreldremøte/ samtale blir dei minste, nye barna invitert til å koma på besøk 1 time i veka i heile juni. Elles oppmodar me dei som er heime på dagtid til å koma innom på besøk når me er ute. På den måten kan me gradvis byrja tilvenninga allereie i juni, og me håpar og trur det har positiv effekt for barnet som skal byrja i august. Me har henta element frå «Jåttå»- modellen i tilvenninga vår. Det betyr f. eks at me oppmodar foreldra til å bruka god tid på tilvenninga, at barna får kortare dagar den første tida og at foreldra er aktivt deltakande når barna er på tilvenning. Det er viktig for barna at foreldra er den trygge basen, og at dei kan koma å få påfyll når dei ynskjer det. For oss er det viktig at tilvenningsperioden blir så bra som mogleg, slik at barna blir trygge på personalet og trivst hjå oss. Utan tryggleik og trivsel er det er det heller ikkje rom for vekst og utvikling. Personalet bruker trygghetssirkelen i arbeidet sitt, og denne er ekstra viktig å ta med seg i tilvenningstida. Då skal personalet «overta» rolla til mor/ far på dagtid, og då er det viktig at personalet blir den trygge vaksne. Då kan barnet koma til den vaksne i barnehagen og få påfyll av trygghet og kos. Det er òg viktig at den vaksne lærar barnet å kjenna så godt at han/ ho kan lesa kva barnet vil formidla, sjølv om barnet ikkje har verbalt språk. Det krev sensitive, varme vaksne og det er eit mål me arbeidar mot heile tida! Når det gjeld barn som kjem frå andre barnehagar oppmodar me og desse foreldra til å bruka litt tid på tilvenning, gjerne la barna ha kortare dagar den fyrste tida. Her må ein sjå an kvart enkelt barn og vurdera, saman med mor/ far, korleis dagane bør vera. 5.2 Overgangar innad i barnehagen I Askeladden barnehage er me inndelt i tre avdelingar; Småtroll, Tusseladdane og Askeladdane. Når barna skal over frå ei avdeling til ei anna byrjar me å førebu dei om våren. Me samtalar med barna om kva som skal skje, går på besøk, og ordnar gjerne faste besøksdagar den siste tida før sommaren. 5.3 Overgangen mellom barnehage og skule Samarbeidet mellom Askeladden barnehage, Måken barnehage, Stokkalandsmarka barnehage og Ogna skule byrjar i januar. Då inviterer Ogna skule dei komande elevane, frå dei tre barnehagane, til å bli kjende med kvarandre og skulen. Barna vert invitert til skulen på «skuleklubb» ca. 5 gonger frå januar juni. Målet for dette arbeidet er å leggja til rette for best mogleg overgang til skulen for det enkelte barn. Alle foreldre får tilbod om ein overføringssamtale, ein trekantsamtale mellom foreldre, pedagogen i barnehagen og lærar før barnet skal byrja på skulen. Samtalen tek utgangspunkt i eit skjema som heiter «Saman om oppvekst robust og lærande». Skjemaet blir fylt ut av barnehagen og foreldra i forkant av samtalen, og læraren noterar viktige punkt skulen vil ta med seg ang. barnet. Skulen kallar 8

inn til samtalen, som finn stad på skulen. Barnehagen har ikkje lov å gje noko informasjon om barn til skulen utan at foreldra har gitt samtykke. 6. Samarbeid 6.1 Samarbeid internt i barnehagen I Askeladden barnehage er me flinke til å samarbeida på tvers av avdelingane. Me er ein såpass liten barnehage at det er heilt naudsynt med godt samarbeid for å få kvardagen til å fungera. Me samarbeider om praktiske gjeremål, men me er og flinke til å samarbeida når det gjeld barna. Me bruker kvarandre for råd og rettleiing, og er dermed med på å gjera kvarandre gode. Mange av dei som arbeidar her har lang erfaring innan barnehage, og me er flinke til å bruka kunnskapen den enkelte sit inne med. 6.2 Samarbeid med eksterne instansar Me samarbeider med PPT, barnevern og helsesøster. Me har vår eigen kontaktperson i alle desse intansane. Me har møte 4 gonger i året; møta kallar me ressursteam. I tillegg til kontaktpersonane i dei ulike instansane deltek styrar og ped. leiarar på møta. Teamet skal sikra eit tverrfagleg perspektiv på aktuelle problemstillingar innanfor det fysiske, psykiske, språklege og sosiale område. Dette er eit godt forum for ped. leiarane å ta opp saker der dei er i tvil korleis dei skal arbeida vidare med enkelte barn/ barnegruppa. Dersom me ynskjer å ta opp eit barn med namn skal foreldra ha informasjon, og signera, i forkant av møtet. 7. Vurdering Det pedagogiske arbeidet skal beskrivas, analyseras, og fortolkas ut frå barnehagens planer, barnehageloven og rammeplanen. (Rammeplanen 2017, s. 38) Etter kvar månad evaluerer me månaden som er gått. Då får kvar avdeling utdelt eit skjema med «Kvalitetskrysset», der dei ser på kva som har vore bra, kva som kunne vore betre og korleis det har vore bra/ kunne vore betre. Personalet på kvar avdeling er med på prosessen, slik at me kan erfara og læra av kvarandre. Det kan vera ulike oppfatningar innad på avdelinga over korleis månaden har vore, og då får ein gjerne ein diskusjon over kva som var bra/ burde vore betre. Personalet kan då læra av andre sine erfaringar og sjølv få bruk for kunnskapen ei anna gong. Ved å evaluera oss sjølve for kvar månad dreg me med oss erfaringar og kunnskap som me kan ha nytte av seinare. Me kan òg finna fram skjema frå andre år å sjå tilbake på; kva fungerte bra når me hadde om brann i fjor vil me gjera det same i år? Me evaluerer òg årsplanen for kvart år. Det er ikkje berre månaden som skal evaluerast. Me skal og vurdera barnets trivsel og utvikling. Dette er tema me tek opp på avdelingsmøta og personalmøta. Me tek òg opp faglege og etiske problemstillingar på personalmøta, gjerne som ei case, for å diskutera det saman. Foreldra vert og brukt i vurderinga av barnehagen. Dei svarer på ei elektronisk undersøking kvart år. Svara frå foreldreundersøkinga er god å ha med seg når me arbeidar med kvaliteten i barnehagen. 9

Kontaktinformasjon: Stokkalandsvegen 2, 4363 Brusand tlf: 51 43 94 80 tlf styrar: 997 74 073 Småtroll: 992 14 881 Tusseladdane: 992 14 879 Askeladdane:992 14 897 epost: post.askeladden.barnehage@ha.kommune.no Heimeside: www.ha.no/askeladden-barnehage 10