Plassebakken Barnehage BA



Like dokumenter
Plassebakken Barnehage BA

Plassebakken Barnehage

Plassebakken Barnehage

Plassebakken Barnehage

Månadsbrev for Rosa september 2014

Til deg som bur i fosterheim år

Månadsbrev for ROSA mars 2015

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

6. trinn. Veke 24 Navn:

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Informasjon til foreldre

Plassebakken Barnehage

Velkommen til nytt barnehageår!

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

HÅ KOMMUNE BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Gul gruppe månedsbrev for januar og februar

INFORMASJON om førestellinga:

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Informasjonshefte Tuv barnehage

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Månadsplan for Hare November


Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Månadsbrev for Februar

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

VENNEBUSSEN Vennebussen Skavøypoll barnehage Skavøypoll barnehage

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Hei alle sjøstjerneforeldre

Plan for Liabygda SFO

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

mmm...med SMAK på timeplanen

Informasjon til elevane

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar

Plan for overgangar. for barn og unge

SFO BØ SKULE SKULEÅRET

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Leikande, glade barn og natur hand i hand

Del 2 ÅRSPLAN FOR SKORGEN BARNEHAGE 2012/2013. BARNEHAGENS VISJON: Trygghet og trivsel.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Vi lærer om respekt og likestilling

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Sandeid skule SFO Årsplan

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

MÅNADSBREV FOR OKTOBER AVD GLIMMER

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Respekt på Rommetveit skule

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 2: desember 2016

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Velkommen til Breidablikk kulturbarnehage og til barnehageåret 2014/2015!

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

PRAKSISKONTRAKT. Eg har også jobba eit halvt år som nattevakt og halvannan år på dagtid på avlastningsbolig for barn med ulike behov.

Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Månaden som kjem

SKULEFRITIDSORDNING ÅHEIM SKULE 2016/2017

Tema august: Tilvenning, bli kjent med alle i barnehagen, dagsrytmen og rutinar.

Transkript:

Plassebakken Post AUSTIGARD Januar 2012 www.plassebakken.no

Godt nyttår No har vi starta på eit nytt år, tenk dei er ferdige med det første halve året i barnehagen allereie! I desember har vi gjort fole mykje kjekt og kost oss gløgg i hjel No skal de få sjå kva vi gjorde i desember: Vi har hatt vårt første møte med snøen! Vi tok snøen inn på stellerommet slik at vi fekk gjere oss kjent med den før vi gikk ut, den var kjempe kald å ta på, men gooood å smake på Plutselig var det kjempe mykje snø ute, det var kjekt å leike ute, rart med så mykje kvitt, kaldt og vått! Ikkje alle synes det var like kjekt å vere ute, så vi var ikkje like lenge ute med alle saman. Det var vanskelig å bevege seg og det var veldig glatt.

Vi tente det første lyset, lysa blei tent til kvart måltid og vi song! Vi leika oss i gymsalen og på avdelinga! Vi fekk besøk av luciatog frå Utigard!

Vi laga julegaver og ting å selge på julemessa!

Vi hadde ein suuuper nissefest!!!!!! Sååå mange søte små nissar! Verdens søteste Vi gjekk rundt juletreet og song! Vi åt deilig nissegrøt! Nam nam! Så fekk vi besøk av denne kjekke karen

Vi hadde kino, med Pingu, dei sat faktisk stille i over ein halv time, så kjekt var det! Vi baka, pynta og SMAKA

Januar : Vi vil ønske 3 nye born velkommen til oss, Maria, Filip og Markus. Markus og Filip er godt i gang med tilvenninga. Maria kjem i veke 2. Vi håper og trur at dei vil trivast i lag med oss! No har vi blitt 16 barn på avdelinga og vi ser eit stort behov for å dele barnegruppa i to grupper. Når vi har blitt kjent med dei nye barna vil vi bestemme oss for kven som skal vere i kva gruppe. Dei vaksne vil rullere på gruppene. Frå januar til og med mars vil fokusområdet i barnehagen vere rammeplanens sitt fagområde Kunst, kultur og kreativitet og språk. Vi skal ha mange små prosjekt som for eksempel maling med sansane (føle, høre, sjå), ta naturen med oss inn og pynte med det som vi har laga til eit lite sanserom. Det blir ikkje lagt ved noko vekeplan ved posten denne gangen fordi vi er i ein tilvenningsperiode og vi veit derfor ikkje heilt korleis dagane blir enda. Men det vil bli varmmat/baking kvar torsdag! Vi vil, dersom ver og føre tillet det, ta oss små turar til fjøset sånn at alle kan få bli kjent med dyra våre. Vi vil da ha eit fokus på korleis vi skal oppføre oss mot dyra og dei største skal få øve på å gå heile vegen til fjøset. I januar blir dei to største jentene våre 2 år! Emmalinn har bursdag 11. januar og Janne Sophie har bursdag 25. GRATULERER Austigard har fått to nye assistentar på avdelinga, Lisbeth Farstad som utdannar seg som førskulelærer og Isabelle Hammersland. Vi har allereie blitt glade i dei to! Isabelle skal jobbe med oss ein dag i veka. Lisbeth jobbar 100 % dei vekene ho ikkje er på skule. Når Lisbeth er på skule vil Barbara, som vi kjenner godt i frå før, vere saman med oss! FROKOST: minner om at dei barna som skal ete frokost i barnehagen må vere her 08.30, dei som kjem etter bør ha ete frokost heime, dette er fordi vi startar med påkledning eller andre aktivitetar kl 09.00. HUSK!!! Vi har ein del umerka vottar og huer, så merk alle kle!! Også tjukkesokkar, smekker, flasker, matbokser og koppar!! TAKK HÅPER DE FÅR EIN FIN JANUAR HELSING : ANETT, ISELIN, BEATHE, LYNNA, LISBETH OG ISABELLE!

Informasjon frå dagleg leiar Godt nytt år! Håper juleferien var fin og at de er klare til eit nytt halvår i lag med oss her i Plassebakken Barnehage. Vi har mange planar for første halvdel av 2012, og gler oss til mange kjekke aktivitetar som utfordrar kunnskap og ferdighetsnivå. Personalnytt Inger Lill Dalsbø er tilbake etter svangerskapspermisjon og går inn i att i stilling som pedagogisk leiar ved Sørigard i lag med Ingvild. På Sørigard finn de framleis Gunnlaug og Ann Mari som faste tilsette. Isabelle flyttar over til Austigard og blir der ein dag i veka i tillegg til at ho er fast vikar på andre avdelingar. Lisbeth flyttar også over til Austigard og går inn i stilling som assistent no det siste halvåret av førskulelærarutdanninga. Barbara blir fast vikar på huset og blir i starten å finne mest på Sørigard og Austigard. Jorunn, Chi og Kinga held fram på dei avdelingane dei var før jul ut januar. Branntryggleik Personalet har ved ein gjennomgang av våre prosedyrer på brannvernområdet funne det naudsynt å minne dykk på at vi ønskjer at alle foreldre leverer barna på avdelinga. Nokre lar barnet gå inn åleine, men vi ønskjer ansvaret for barnet overlevert. Vi kan ikkje vite at eit barn er på veg inn/ned trappa inne. Dersom alarmen går, forlet vi avdelingane og har eit antal barn vi skal gjere greie for. Om desse tinga inntreff samstundes, kan vi dessverre unngå å få med oss det barnet som framleis er på veg til si avdeling utan følgje av vaksen medan vi er på veg til avtalt møtestad ved brannalarm. Det same ber vi om på ettermiddag. Gi tydeleg beskjed om at de forlet barnehagen. Miljøretta helsevern i barnehage og skule Dette er ei forskrift som ofte vert kalla barna si arbeidsmiljølov. Denne forskrifta er viktig for oss å etterleve. I 2011 har vi hatt fokus på tidspress, støy og organisering både for barn og tilsette. Vi held fram arbeidet i 2012 med ei støymåling i samarbeid med bedriftshelsetenesten. Denne kartlegginga dannar grunnlag for tilrettelegging av tilbodet på ein måte som ivaretek barn og vaksne sine behov for variasjon mellom aktivitet og kvile/pausar, og vil gi oss kunnskap om korleis vi skal organisere avdelingane/gruppene på best mogleg måte. Har du spørsmål er det berre å ta kontakt. Resultatet av målinga og evt. tiltak blir informert om når dette er klart. Lån gjerne med bøker heim Vi minner om at barnehagen har eigen bibliotekfilial som er eit samarbeid mellom Skodje Folkebibliotek og barnehagen. Her har alle barn høve til å låne med bøker heim. Vi har eit svært enkelt utlånssystem: Barna er nede på biblioteket i barnehagetida og låner bøker som blir sett i garderoba. Boka har då fått ei blå pingvin med barnets namn på. Då er det berre for dykk å skrive boka inn i utlånspermen som også står i garderoba, ta med boka heim og kose dykk med den. I tillegg vil vi veldig gjerne at de tar dykk tid til å gå ned på biblioteket i lag med barna dykkar når de hentar og låner bøker. Vi vil gjerne låne ut så mykje som mogleg. Vi har ca. 400 bøker til utlån både biblioteket sine (merka med eventyrslott) og barnehagen sine (merka med fargekodar). Spør om du er usikker. Julemesse/førjulsfest Vi har fått nokre tilbakemeldingar på arrangementet vi hadde den 15. desember. Dette var eit samarbeid mellom barnehagen og foreldre til barn som går siste året før skulestart. Tilbakemeldingane seier at dette var kjekt, vellykka og kan gjerne gjerast opp att. Har du meiningar om dette, tar eg gjerne i mot dei på sbn@plassebakken.no mvh Sissel Berg Natvik dagleg leiar