Møteprotokoll Arbeidsutvalet Utval: Møtestad: Telefonmøte Dato: 4.2.2015 Tidspunkt: 11.00 11.30 Desse faste medlemmene møtte Namn Funksjon Representerer Jonny Liland Nestleiar Sirdal kommune Torkel Myklebust Medlem Suldal kommune Tarald Myrum Leiar Valle kommune Oddmund Ljosland Medlem Åseral kommune Oddlaug Tjomsland Medlem Vest-Agder fk. Frå administrasjonen møtte Namn Stilling Tarjei Haugen Områdeforvaltar Alf Odden Områdeforvaltar Guro Sødergren Områdeforvaltar Underskrifter Vi stadfester med underskriftene våre at innhaldet i møteprotokollen er i samsvar med vedtaka på møtet. Tarald Myrum (sign.) Oddmund Ljosland (sign.)
Sakliste Utvalssaksnr. AU 6/15 AU 7/15 AU 8/15 AU 9/15 AU 10/15 AU 11/15 AU 12/15 AU 13/15 AU 14/15 AU 15/15 AU 16/15 AU 17/15 Innhald Lukka Arkivsaksnr. Godkjenning av saksliste og innkalling Val av eitt AU-medlem til å skrive under protokollen Orienteringssaker Søknad om dispensasjon til tilbygg til sankehytte og oppføring av utedo i Vormedalsheia landskapsvernområde, gnr/bnr 43/1 i Hjelmeland kommune, Åge Meland Søknad om endring av byggeløyve - renovering og utviding av turisthyttene ved Bossbu Søknad om dispensasjon fra torvtekke på hytte til Kyrkjebygda driftehei Mistanke om ulovleg helikoptertrafikk i verneområdet Søknad om dispensasjon til løypekjøring med snøskuter i Frafjordheiane landskapsvernområde, Gjesdal og Sirdal kommuner, Inge Marton Østebø Tilbud om å overta forvaltningsmyndighet for nærliggende verneområder til SVR Søknad om riving av eksisterande uthus og bygging av ny sikringshytte ved Krossvatn turisthytte i Dyraheio landskapsvernområde, gnr/bnr, 187/1, Suldal kommune, Stavanger turistforening og KV-bygg Søknad om organisert ferdsel, oppsetting av lavo og utsetting av depotkasser i Frafjordheiane landskapsvernområde, Forsand kommune, Outdoorlife Norway Eventuelt 2015/158 2014/792 2013/82 2015/390 2013/1018 2014/5035 2015/160 2014/5268
AU 6/15 Godkjenning av saksliste og innkalling Det var ingen merknader til sakliste og møteinnkalling. Sakliste og møteinnkalling vert godkjende. AU 7/15 Val av eitt AU-medlem til å skrive under protokollen Oddmund Ljosland vart foreslegen til å skrive under protokollen saman med styreleiar. Oddmund Ljosland vert vald til å skrive under protokollen saman med styreleiar. AU 8/15 Orienteringssaker Ingen saker vart tatt opp under dette punktet. AU 9/15 Søknad om dispensasjon til tilbygg til sankehytte og oppføring av utedo i Vormedalsheia landskapsvernområde, gnr/bnr 43/1 i Hjelmeland kommune, Åge Meland I medhald av kapittel III og kapittel IV, punkt 1 og kapittel VI, punkt 2 i Forskrift om vern av Vormedalsheia landskapsvernområde, får Åge Meland løyve til å utvide eksisterande sankehytte ved Kurvavatnet, samt å føre opp ein ny utedo. Det blir gjeve løyve til utviding av eksisterande driftehytte frå om lag 20m 2 (BYA) til 28m 2 (BYA), samt oppføring av ein ny utedo på om lag 3m 2 (BYA) Løyve blir gjeve med desse vilkåra: Det må innhentast naudsynt byggeløyve frå Hjelmeland kommune Det må søkast om eige løyve for eventuell motorferdsle i samband med transport av byggematerialar Tilbygget må skilja seg minst mogleg frå naturomgjevnadane og eksisterande bygningar med omsyn til utforming og overflatebehandling. Byggjearbeida må skje så skånsamt som råd i høve til naturomgjevnadane.
Alt avfall frå bygginga må fjernast og handterast etter gjeldande reglar og standardar. AU 10/15 Søknad om endring av byggeløyve - renovering og utviding av turisthyttene ved Bossbu Forslag til vedtak Arbeidsutvalet gjev løyve til å rive den gamle sikringsbua til DNT Sør ved Bossbu og godkjenner dei justerte byggeplanane lagt fram i søknad datert 16. januar. AU 11/15 Søknad om dispensasjon fra torvtekke på hytte til Kyrkjebygda driftehei I henhold til godkjent byggerettleiar 13.mars 2013 får Kyrkjebygda driftehei dispensasjon til å benytte seg av alternativ taktekke en torv på driftehytten som er under bygging (viser til ST 37/13). Styret drøfta saka og bad om at formuleringa «alternativt taktekke» i forslaget til vedtak vart endra slik at det gjekk tydeleg fram at det vart gjeve løyve til å bruke bølgeblekk i staden for torv på taket.
I henhold til godkjent byggerettleiar 13.mars 2013 får Kyrkjebygda driftehei dispensasjon til å benytte seg av bølgeblikk i stedet for torv til tekking av taket på driftehytten som er under bygging (viser til ST 37/13). AU 12/15 Mistanke om ulovleg helikoptertrafikk i verneområdet Forslag til vedtak Arbeidsutvalet melder opplysningane om ulovleg helikoptertransport til Bossbu under villreinjakta i 2014 til politiet og ber dei etterforske saka. Styret drøfta saka og ynskte at vedtaket fekk denne utforminga: «Arbeidsutvalet melder mogeleg ulovleg helikoptertransport til Bossbu under villreinjakta i 2014 til politiet og ber dei etterforske saka.» Arbeidsutvalet melder mogeleg ulovleg helikoptertransport til Bossbu under villreinjakta i 2014 til politiet og ber dei etterforske saka. AU 13/15 Søknad om dispensasjon til løypekjøring med snøskuter i Frafjordheiane landskapsvernområde, Gjesdal og Sirdal kommuner, Inge Marton Østebø I medhald av 48 i naturmangfaldslova får Inge Marton Østebø løyve til å bruke snøskuter til oppkjøring av skiløype i Frafjordheiane landskapsvernområde i Gjesdal og Sirdal kommunar. Skiløypene går i område mellom Høgaleite i Hunnedalen og sørenden av Øyarvatnet, og skal følgje løypetrasane som er teikna inn på kartet som følgjer saksutgreiinga. Løyve gjeld fram til 30.04.2018, og er avgrensa til tidsrommet 01.01 til 30.04 kvar vinter. Løyvet gjeld og for Sissel Østebø og Per Magne Østebø. Løyvet blir gjeve med desse vilkåra: Talet på turar skal avgrensast til eit naudsynt minimum. Dersom det blir observert villrein langs kjøreruta skal turen avventast til fare for uroing ikkje lenger er tilstades. Om villreinen på nytt tek i bruk områda i Frafjorheiane landskapsvernområde vil verneområdestyret ta løyvet opp til ny vurdering. Ein kort rapport som inneheld opplysningar om talet på turar og tidspunkta for desse, skal sendast inn til forvaltningssekretariatet innan 01.06 kvart år. Andre vilkår går fram av standard løyve.
AU 14/15 Tilbud om å overta forvaltningsmyndighet for nærliggende verneområder til SVR Verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiene og Frafjordheiene tar i mot tilbud fra Klima og miljødepartementet om å overta forvaltningsansvaret for følgende verneområder: Lislevatn naturreservat i Bykle kommune, Hovden landskapsvernområde i Bykle kommune, Vidmyr naturreservat i Bykle kommune, Hisdal naturreservat i Bykle kommune, Ørestø naturreservat i Gjesdal kommune, Migaren naturreservat i Gjesdal kommune, Øyastøl naturreservat i Hjelmeland kommune, Nordstølhei naturreservat i Hjelmeland kommune. AU 15/15 Søknad om riving av eksisterande uthus og bygging av ny sikringshytte ved Krossvatn turisthytte i Dyraheio landskapsvernområde, gnr/bnr, 187/1, Suldal kommune, Stavanger turistforening og KV-bygg I medhald av kapittel III og kapittel IV, punkt 1, bokstav a og kapittel IV, punkt 1.3, bokstav e i Forskrift om vern av Dyraheio landskapsvernområde, får Stavanger turistforening og KV-bygg løyve til å rive eksisterande uthus og oppføre ny sikringshytte på 23m 2 ved Krossvatn turisthytte i Dyraheio landskapsvernområde. Løyve blir gjeve med desse vilkåra: Det må innhentast naudsynt byggeløyve frå Suldal kommune. Det må innhentast naudsynt løyve frå grunneigar.
Det må søkast om eige løyve for eventuell motorferdsle i samband med transport av byggematerialar. Sikringshytta må ikkje innreiast slik at den kan nyttast til overnatting når hovudhytta er i vanleg drift. Tilbygget må skilja seg minst mogleg frå naturomgjevnadane og eksisterande bygningar med omsyn til utforming og overflatebehandling. Byggjearbeida må skje så skånsamt som råd i høve til naturomgjevnadane. Alt avfall frå bygginga må fjernast og handterast etter gjeldande reglar og standardar. AU 16/15 Søknad om organisert ferdsel, oppsetting av lavo og utsetting av depotkasser i Frafjordheiane landskapsvernområde, Forsand kommune, Outdoorlife Norway I medhald av 2, 3, punkt 1.1, og 3, punkt 42 og 3, punkt 1.3, bokstav f i Verneføreskrift for Frafjordheiane landskapsvernområde, får Outdoorlife Norway ved Johannes Apon løyve til å gjennomføre organiserte turar, sette opp lavo og sette ut proviantkasser i Frafjordheiane landskapsvernområde i Forsand kommune. Det blir gjeve løyve til å gjennomføre organiserte turar på strekninga Flørli-Øydegardstøl i tidsrommet 01.06-31.10.2015. Det blir gjeve løyve til å sette opp lavo og sette ut proviantkasser på ein av desse stadene: 1) Vatnet på Skansen, sør for Kobbaskjerjuvet 2) 776-vatnet sør for Hommen 3) 782-vatnet vest for Låtervikjuvet Omtrentlig plassering er og vist på kart som følgjer saksutgreiinga. Løyvet gjeld for tidsrommet 01.06-31.10.2015. Løyvet blir gjeve med desse vilkåra: Det må innhentast naudsynt løyve frå Forsand kommune. Det må innhentast naudsynt løyve frå grunneigar. Det må søkast om eige løyve for eventuell motorferdsel i samband med transport av utstyret. Lavoen må settast opp der kor faren for slitasje på vegetasjonen er så liten som råd. Leirplassen må være ryddig gjennom heile løyveperioden og det må ryddast opp før løyveperioden er over.
AU 17/15 Eventuelt Neste møte i arbeidsutvalet vart fastsett til tysdag 24. 2. kl. 12.00.